Kategoriarkiv: søppelfri

Kutt plasten, lag bivokspapir

Nb. Det er mangel på norsk bivoks og birøktaren som tidlegare var referert til i denne posten sel ikkje lenger bivoks.

Mykje av søppelet vi genererar i løp av ein dag er knytt til matoppbevaring. Lær korleis du kan kutte plastfolien og lage din eigen emballasje i staden.

Grønare kvardag var i haust på besøk til Bergen sine urbane bier på Hotell Terminus, og det er umogleg å ikkje bli begeistra for desse flittige insekta. Ikkje berre pollinera dei blomster, dei gjev oss nydelig honning, bivoks, pollen, den næringsrike dronninggeleen, samt det naturlige antibiotikum Propolis, som også drep sopp og virus.

I ein søppelfri kvardag er bivoksen spesielt nyttig. Når ein kuttar plastemballasjen er bomull voksa med bivoks ein god erstattar, og gjer det lett å slenge over salaten du ikkje rakk å ete opp til lunsj. Maten held på fuktigheta, bivokspapiret kan brukast omatt mange gonger, og er naturleg antiseptisk. Når bivokspapiret har gjort si teneste, kan det komposterast, i motsetning til sin konkurrent, plastemballasjen.

Plastemballasje kan dessverre berre resirkulerast nokre få gonger før det blir permanent avfall. I tillegg inneheld mjukplast ftalater DINP, som blir tilsett for å gjere plasten mjuk. Dette ftalatet blir lenka til blant anna hormonforstyrring, særskild hos menn. Det same gjeld DINP’s forgjengar DEPH, som no er forboden. Norge ventar på vurdering frå EU før dei eventuelt forbyr ftalatet DINP. Sjå Fremtiden i våre hender sitt informasjon om ftalater.

Som forbrukar er det omlag umogleg å halde seg oppdatert med kunstige kjemikaliar i slike produkt. Det lettaste er difor å eliminere dei frå dine forbruksvanar. Lag ditt eige bivokspapir, samla av naturens hjelparar.

birøkt_pollen_bivoks_beewrap_Grønare kvardag_Zero Waste home_Kristine Ullaland
Foto: Kristine Ullaland

Bivokspapir

Du treng:

Eit stykke 100% bomull i fin kvalitet i ein passande størrelse

  • For brød, innpakking av større matpakke eller liknande: ca. 35-40 cm * 60 cm
  • For innpakking av matpakker type 2-3 brødskiver, ost eller liknande: ca. 25 cm * 40 cm

Saks

Bivoks (seljast på helsekost, hobbyforretningar).

Bakeunderlag i silikon eller liknande til å ha under tøystykket når det skal i omnen (ver obs på at det er vanskleg å fjerne voksen etter bruk)

  • Eventuelt eit steikebrett du ikkje er så redd for.

Ein kniv

Ei skjerefjøl

Ein kleshengar til å tørke bivokspapiret på (vil komme voks på)

Ein steikeomn

Førebuing:

Tenk ut kva du vil bruke bivokspapiret til og kva størrelse du treng. Du veit sjølv best kva matvanar (og emballasjevanar) du har og kva bivokspapir du har mest behov for.

Vel ut eit tøystykke i 100% bomull i fin kvalitet. Vel gjerne eit med mønster slik at eventuelle voksujevnheter ikkje blir synlege. Hugs at det ferdige produktet vil bli litt mørkare. Vask gjerne stoffet før du sett det inn med bivoks, om du vel å kjøpe noko nytt. Dette fordi nye stoff gjerne kan innehalde uheldige biprodukt frå produksjonen og/eller sprøytemiddel.

Framgangsmåte:
Bivoks klar til bruk. Om du ynskjer å kjøpe bivoks utan emballasje, ta kontakt med din lokale birøkter.
Bivoks klar til bruk. Om du ynskjer å kjøpe bivoks utan emballasje, ta kontakt med din lokale birøkter. Foto: Kristine Ullaland

Sørg for at bivoksen er oppbevart kaldt før bruk. Det gjer den mykje lettare å arbeide med. Om du har noko å raspe med, er dette det beste, men bivoks er vanskelig å vaske av etter bruk, så da må det vere ei rasp du berre vil bruke til bivoks. Det du eventuelt kan gjere er å skjere bivoksen opp i små bitar. Dette er mykje lettare å reingjere etter bruk.

Legg silikonbakepapiret i botnen av steikebrettet og tøystykket over. Om det er for stort for steikebrettet kan du brette det i to. Det kan vere lurt å velje eit mindre tøystykke første gang du lagar bivokspapir.

Kutt opp bivoksen i små bitar og fordel jamt utover. Pass på at du ikkje har for mykje voks på. Då vil papiret bli for stivt og flasse. Det er betre å ta litt for lite for så å ta ein ny omgang med voks. Pass godt på å få voks i endane og hjørna av stoffet. Eg eksprimentara no med kor mykje voks eg treng på dei ulike stoffstykka og har ikkje endå noko fasit. På dei minste stykka 25 cm*40 cm har eg brukt ca. 45-55 gram voks, men om du ynskjer eit stivare, eventuelt eit mindre stivt papir kan du regulere mengda voks.

Sett steikeomnen på 180 grader og plasser steikebrettet med bivokspapiret midt i omnen. Det vil, avhengig av størrelsen på voksbitane, ta rundt 5-10 min å smelte voksen. Når alle bitane er smelta tek du voksen ut. Sjå over om det er nokre områder som det ikkje har kome voks på. Om nokon områder ikkje har voks, legg du på litt voks på desse områda og tek papiret inn att i omnen til dei er smelta.

Heng so opp papiret og la det tørke. Etter 5-10 min kan du brette saman ditt heimelaga bivokspapir.

Bivokspapiret blir fort tørt. Det kan vere lurt å ta papiret av hengaren før det er heilt tørt for å unngå at voksen sett seg fast i hengaren.
Bivokspapiret blir fort tørt. Det kan vere lurt å ta papiret av hengaren før det er heilt tørt for å unngå at voksen sett seg fast i hengaren. Foto: Kristine Ullaland
Bruk og vedlikehald

Papiret må berre vaskast i kaldt vatn, då varmt vatn vil løyse opp voksen. Bivoks er naturleg antiseptisk. Du treng difor ikkje å bruke såpe. Reint vatn er nok.

Papiret kan ikkje brukast til kjøtt og fisk.

Papiret er diskre i lukt, samanlikna med fleire kommersielle produkt, men har til gjengjeld kortare levetid. Personleg synst eg ikkje dette gjer so mykje, då papira etter mange månadars bruk ofte byrjar å få ein del flekkar og er klar for ein vask og ny runde med voks. Eventuelt komposten.

Om du ynskjer å kjøpe bivokspapir er desse til sal i mange av dei lokale helsekostbutikkane, som til dømes Reindyrka i Bergen. Bergen sin lokale nettbutikk Agent M fører også desse.

Har du lyst å lære meir om birøkting? Grønare kvardag vil publisere ein artikkel om dette til våren. Du kan eventuelt sjekke ut Bier og birøkting i by og bygd, av Ragna Ribe Jørgensen.

Lukke til!

Headerfoto: Kristine Ullaland

Bokashikompost

I Japan har dei lange tradisjonar med å effektivisere komposten ved å tilføre mikroorganismar. No byrja teknikken å bli meir og meir vanleg i vesten. Lær korleis du kan omdanne matavfalle ditt til næringsrik jord.

Kompost under kjøkkenvasken

Bokashi er ein kompost du har i ein lufttett behaldar, gjerne under kjøkkenvasken. Vanlegvis vil matavfall som blir oppbevart i lufttette boksar lukte. Grunnen til at bokashi ikkje luktar er at komposten blir tilført mikroorganismar i form av bokashistrø eller bokashipapir som fermenterar komposten. Komposten din blir på ein måte sylta på same måte som sylteagurken du har i kjøpelskapet. Sjølv har eg bokashikomposten under vasken, og tek oppi matavfallet mitt etter kvart. Det som er flott med bokashi er at alt av matavfall kan komposterast. Du treng difor ikkje å overvåke komposten for å forsikre deg om at dei andre medlemmane i husstanden din brukar den riktig. På kvelden tek du eit lag bokashistrø over matavfallet for å halde i gang bokashien. Om du skal kompostere reker eller bein kan du bruke litt ekstra strø.

Når bokashibøtta er full må den stå i minst to veker i romtemperatur. Dette for at bokashikulturen skal få tid til å fermentere komposten.

Lag Bokashi av kebabemballasje_Grønare kvardag_Zero Waste_
Som kompostbehaldar kan du bruke kebabemballasje. Det kan du få ta i hos din lokale kebabsjappe. Dei blir kvitt søppelet sitt og du får ein bokashibehaldar. Vinn-vinn for begge.
Når er komposten klar?

Når komposten er klar skal det lukte litt søtleg. Då kan du velje om du vil grave den ned i bakken, i plantekassen din, eller i ein jordfabrikk. For at bokashien skal bli ferdig må den blandast med jord, og det er viktig at topplaget består av jord. Sjølv har eg ein plantekasse som eg kun brukar til kompostjord, samt ein kasse i kjellaren som eg brukar som jordfabrikk på vinterstider. Så lenge det er meir en 15 grader vil komposten arbeide, men er mest effektiv når det er over 20 grader.

Frå du blandar ut bokashien med jord, tek det 3-6 veker før komposten er klar til bruk. Du vil då ikkje lenger sjå særleg spor etter avfallet du har kompostert. Den ferdige jorda er svært næringsrik og passar godt til dyrking. Hugs at næringrik jord blir til næringsrik planter. Mykje av jorda vi kjøper i butikk er utvunne av myrer. Ikkje berre er det uhendig for det store co2-utsleppet dette medfører, jorda er også tilnærma næringsfattig.

Sjølv om det er fristande å bruke jorda frå komposten med ein gong, er det lurt å vente minst 3 veker. Dette fordi jorda har ein syrleg ph-verdi. Nokre brukar også komposten til i makkomposten. Utfordringa med dette er at komposten er for sur for makken, noko som vil slite på makken og mest truleg minke bestanden.

Kva treng du?
Ein lufttett behaldar i passande størrelse
  • Mine behaldarar har eg fått gratis av den lokale kebabshappa. Plastikkbehaldarane til kebab er super størrelse som passar utmerka under kjøkkenvasken. Dei er også lette å stable under lagring både med og uten innhald. I tillegg er det gjennbruk av ein ressurss som ellers ville gått i søppelet. Om du ynskjer å kjøpe bøtter kan du gjere det her. Hugs at du treng fleire en ei bøtte sidan komposten må stå i 2 veker før den kan gravast ned.
Bokashistrø
  • Bokashistrø kan du lage sjølv. Alt du treng er risvatn, melk, sukker og litt tid. Oppskrift finn du her. Eventuelt kan du kjøpe det her (plastikkemballert).
Ein plass å grave ned komposten

Om du ikkje har ein hage har du gjerne ein ven med ein hage. For urbane forhold er eg mest tilhengar av makkompost, då jorda kan brukast utan noko utblanding slik som med bokashikomposten. Det er også mange som ynskjer å kjøpe jorda, så det er ikkje noko problem å bli kvitt jord. Grunnen til at mange likevel brukar bokashikompost, er at den tek alt som makkomposten ikkje tek; sitrus, bein og kjøttrestar, samt mjelkeprodukt. Mange finn dette skremmande og lurer på om bokashimikroben kan fortære andre ting. Bokashimikroben er ikkje særleg motstandsdyktig i miljø med mykje oksygentilførsel. Det er difor den må dyrkast i ein lufttett behaldar.

Bokashi_Grønare kvardag_Zero Waste_ Kristine Ullaland_Kompost inne_Urban kompost
Foto: Kristine Ullaland. Denne jorda er blitt til på totalt 5 veker. Det var opprinneleg sitrus og ananasskal. Denne lille fliken med ukompostert ananas med ein klisterlapp er alt som avsløre dets fortid. Bokashikompost er svært effektivt.
Lag ein jordfabrikk

Dersom du har ei bod eller ein kjellar kan du lage det ein kalla ein jordfabrikk. Det er ein behaldar der du kan blande kompsten din med jord slik at bokashien blir til jord. Etter 3-6 veker er komposten klar til bruk og kan brukast som den er. Du kan sjølvsagt også lage jordfabrikken ute, men du vil ikkje ha mulighet til å blande inn komposten når det er frost ute. Komposten kan fint stå lagra over lengre tid utan at det gjer noko, men det er litt kjedelig å fylle boda med kompost dersom det er andre alternativ.

Kompost uten forråtning

Makkompost og bokashi produserar ikkje co2, då desse ikkje bryt ned maten med forråtning slik som tradisjonell varmkompost til dømes. I makkomposten et makken komposten før den byrjar å rotne og er difor luktfri. Bokashikomposten blir som sagt til ved fermentering og blir så brutt ned.

Støtte til kompost

Dersom du bur i Bergen støttar BIR med opptill 1000 kr i oppstart av kompost. Dette kan du søke om her.

Grønare kvardag_Bokashi kompost_Lag Bokashikompost_Zero Waste Norge
Kompostjord gjev næringsrik jord som er flott å plante i. Hugs at næringsrik jord gjev næringsrike plantar. Foto: Kristine Ullaland

Toppfoto: David Yttervik Seetiangtham/ Grønare kvardag

Prøv deg som søppeldykkar

Daglegvarehandlar med eit godt utval frukt, grønt og ferske brød til stengetid er noko vi no anser som normalen. Likevel skal vi ikkje lenger tilbake en til 80-tallet før utvalet av ferske matvarer var mykje meir sesongbetont. Heile daglegvarekonseptet slik vi har i dag er eit relativt nytt tilbod, og er ein vidareutvikling av landhandelen og kolonialhandelen.

Ordet kolonial kjem frå ordet koloni, og kolonialen var ein butikk for varer som kom frå dei ulike koloniane. I dag har kolonialen ikkje lenger krydder frå India, men geitost frå Voss. Varene er framleis eksklusive, men kva vi ser som eksklusivt har endra seg. I daglegvarebutikkane er det ikkje eksklusivt. Det er billig. Og vi vel gjerne butikk etter kva som er på tilbod.

Den faste handlelista er ikkje lenger norma. Vi veit gjerne ikkje kva vi skal ha i til middag i dag før vi står i butikken. Sjølv om butikkane til ein viss grad kan stimulere oss til å velje visse varer, er eit uberekneleg handlemønster med på å auke matsvinn. Vekas innlegg tek føre seg søppeldykking og matsvinn i norske matbutikkar.

Kven eig søppelet?

Søppelet vårt er ikkje lenger vårt eige eller ansvar når vi legg det i søppelspannet utanfor huset eller butikken. Det er i ein mellomfase mellom deg, avsendar, og renovasjonsanlegga, mottakarane. Søppelet blir på mange måtar allemannseige. Det fekk Bob Dylan smerteleg erfare då eit av hans fan byrja å gå systematisk igjennom Dylan’s søppel. Søppelsøkaren, A. J. Weberman blei til slutt saksøkt av Dylan, men Dylan tapte saken. Søppelet var jo ikkje lenger hans.

Søppeldykking, også kalla dumpster diving og skralling, har for mange blitt ein politisk handling. Søppeldykking er ikkje ei løysing for å bli kvitt matsvinn, men det er ein fin måte å få ein personleg relasjon til den norske kastekulturen. Dei mest dristige søppeldykkarane dykkar også i søppelet til private hushald. I følgje Forskning.no kastar vi i Norge i snitt ¼ av all maten vi kjøper.

Foto: Coupesetique
Alle søppelspann utan hengelås kan dykkast i. Foto: Coupesetique

Prøv deg på Søppeldykking

Ynskjer du å få litt spenning i kvardagen? Er du nyfiken på kva din lokale matbutikk kastar? Er du student på budsjett? Prøv deg som søppeldykkar!

Du treng:
  • Eddik – Til å vaske maten i
  • Hanskar
  • Lommelykt – Dersom de tek turen på kvelden
  • Sekk – Eventuelt ein bag som er god å bære
  • Passande kle
Få med deg ein ven

Det er alltid kjekt å gjere ting med ein ven. Søppeldykking er ingen unntak. Men unngå å samle fleire venner. Dette skaper unødig oppsikt. Sjølv om søppeldykking ikkje er ulovleg, er det mange butikkeigarar som irritera seg over at folk fråtsar i uselde varer. De kan heller møtast etter de har henta mat og lage eit festmåltid!

Søppelfangsten kan lett bli eit festmåltid saman med gode vener. Foto: Kristine Ullaland
Søppelfangsten kan lett bli eit festmåltid saman med gode vener. Foto: Kristine Ullaland
Finn eit bosspann

Sjå etter butikkar som har hyller som bognar av ferske matvarer, som til dømes Meny. Butikkar med bognande fersvarehyller, har ofte og søppelspann som bognar av frukt og grønt. Der er ikkje ulovleg å ta mat frå bosspann, med mindre dei er låst att eller låst inne. Sidan eBay er eit eldorado for universellnøkklar til bosspann, vel nokre butikkar å låse med hengelås.

Bergen har matavfalltilbod for bedrifter. Desse bosspanna har brunt lokk. Det er også mange som kastar matavfall i containerar med svart lokk. Det er ofte lettare å finne tilgjengelege søppelspann i utkantstrøk en i byar. Forhøyr deg med venner og søk på nettet etter tips om bra plassar. Eit godt tips er å melde seg inn i facebookgrupper for søppeldykkarar.

Korleis går du fram:

Sjølv om mange matkjeder i Bergen nyttar seg av matavfallsordninga til BIR, er det få som tek vekk emballasjen på maten før dei kastar den i boss. Det er flott for deg når du skal hente ut mat som du vil ta heim, men som kompost eller bioenergi kan dette virke litt upraktisk. BIR gjev ingen informasjon på sine nettsider om kva dei gjer med matavfallet etter innsamling.

Saml maten i ein sekk. Nokre vel å plukke vekk dårleg mat undervegs, medan andre tek alt med heim, for so å ordne det der.

Bruk sunn fornuft dersom de vel å plukke med deg kjøtt og fisk eller andre matvarer som kan gjere deg sjuk. Er maten i emballasje eller ikkje? Korleis kan du reingjere det du tek med deg? Det er viktig å vere bevisst på dette før du tek med deg maten heim. Tenk sikkerhet og sjå kva du tek i før du tek i matavfallet.

Ikkje ta meir en du kan ete

Det er lett å bli overvelda over all den gode maten, men ikkje bli freista til å ta meir en du kan ete. Det er bortkasta å ta med deg mat du ikkje rekk å ete den før den blir dårleg. Då er det betre å la noko ligge att. Det er ikkje utenkeleg at det er fleire som dykkar der du går.

Rydd opp etter deg
Foto: Flickr/ Jes
Rydd opp dykk. Det er viktig at det ryddig ut når de går. Ellers risikerar de at butikkeigaren sett lås på søppelspanna. Foto: Flickr/ Jes

Sørg for at det ser ryddig og fint ut før du går.

Når maten er i hus

Sjølv om maten er innpakka vil eg anbefale at de vaskar maten i eddikvatn. Fyll ein bolle med vatn og bland inn ½ kopp eddik og legg maten i vatnet i ca. 15 min. Fjern deler av maten som ikkje er etande og komposter. Noko av maten du vil finne, må etast eller forvellast raskt for at dei ikkje skal gå til spille. Det er difor lurt å sette av litt tid etterpå til å forvelle maten. Nokre ting er vanskeleg å forvelle, som til dømes salat medan andre ting er berre å fryse ned, som til dømes sjampinjong. Den kan også skrellast. Ring familiemedlem og vener for råd. Tenk kreativt og bruk gjerne maten på ein anna måte en du pleier. Druer, som er ein vanleg fangst, er for eksempel kjempegode å juice.

Frys er ein god hjelpar om du finn meir mat en du klarer å ete før den blir dårleg. Å hermetisere er også eit godt alternativ. Tomatar er til dømes ein vanleg fangst som er lett å forvelle. Hugs å koke glaskrukkene før du hermetiserer mat i dei. Dersom dei ikkje er heilt bakteriefrie kan det utvikle seg bakteriar i maten. Lokket må også vere heilt tett.

Siste søppelfangst inkluderte blant anna 10 ananasar.
Siste søppelfangst inkluderte blant anna 10 ananasar.

Del gjerne dine tips og erfaringar i kommentarfeltet.

God matjakt!

Headerfoto: Peiyu Liu

Grønare barbering

Sei hei og velkommen tilbake til det førre århundres helt, Safety Razor. Ikkje berre er den miljøvennleg. Den er også billig i drift.

Safety Razor, som du sikkert kjenne att frå baderomhylla til bestefar din, passar for sart hud, og dersom du tørkar barberbladet mellom kvar barbering kan bladet vare i mange månader. De finst mange ulike barbersåper og etterbarberingsvatn du kan bruke om du ynskjer, men du treng eigentleg ikkje noko anna en olivenolje. Den eliminerer både barbergel og fuktighetskrem.

Kva barberhøvel skal eg velje?

Det beste er om du får tak i ein vintage barberhøvel frå tidleg 60-tallet eller tidlegare. Dei sølvfarga høvlane er mest truleg dei lettaste å finne i god kvalitet. Pris på desse på eBay ligg på rundt 150-900 kr. Sjølv gav eg 180 kr for min Gillette Flare Tip Super Speed 1959 E3, som er avbilda øvst i innlegget. Barberblad kosta 25 kr for 5 barberblad. Med tanke på at ein pakke med 4 kommersielle barberblad ligg på godt over 200 kr er dette verkeleg med på å spare lommeboka, samstundes som du sparar søppelfyllinga. Både barberblada og høvelen kan nemleg resirkulerast.

Barberhøvel open
Nummer på bladet gjer det lett å halde oversikt slik at ein slit bladet likt. Foto: Kristine Ullaland

For å halde barberbladet skarp lengs mogleg, samt unngå rust, må barberbladet tørkast etter kvar barbering. Det er difor lurt å velje ein høvel med ein såkalla sommarfuglklaff. Den gjer det lett å opne og lukke høvelen, og du kan raskt klargjere høvelen til neste gang.

Dei mest vanlege Safety Razor modellane, som tradisjonelt sett er tiltenkt menn, har litt kortare handtak. Det finst eigne Safety Razor høvlar med lengre handtalk dersom du ynskjer dette. Til dømes er Parker 29L eit godt og rimeleg alternativ. Eg har sjølv ein herremodell og er svært nøgd med min Safety Razor. Kva kjønn barberhøvelen er tiltenkt er ikkje avgjerande for resultatet av barberinga. Det er val av barberblad som avgjer dette.

Korleis reingjer av ein vintage høvel

Mange av seljarane vil mest truleg ha reingjort høvelen før sal, men om du kjøper ein høvel der du må gjere dette sjølv, kan du lett gjere det heime med å legge høvelen i varmt vatn blanda med oppvasksåpe (alternativt). La det stå til vatnet byrja å bli lunka. Skrubb med ein gammal tannkost eller liknande og skyl av. Kok deretter opp ei panne med ei toppa teskei natron. Legg høvelen nedi og la det koke eit par minutt. La so høvelen ligge til vatnet byrjar å bli lunkent. Skyl av og poler med ein kjøkkenklut eller ein fin mikrofiberklut.

Korleis brukar eg høvelen?

Barberblad av den gamle sorten er noko mange av oss, inkluder meg sjølv, assosiera med ulike skrekkscenarioer. Eg var difor litt redd for å skade meg sjølv, første gong eg brukte den. Det var det ingen grunn til. Høvelen er utruleg lett å bruke.

Barberhøvelen er mykje tyngre en dei konvensjonelle høvlane vi brukar i dag, og tyngda gjer faktisk jobben litt lettare for deg.  Du brukar den som ein konvensjonell høvel i 45 graders vinkel. Det er mange ulike malar på korleis ein skal gå fram, men om du allereie har etablert ei rutine anbefala eg deg å prøve denne først. Om du ikkje synst det fungera, finst det eit hav av videoar på Youtube som viser deg alt i detalj.

Barberskum og etterbarberingsvatn

Dersom du også ynskjer å eliminere barberskum/ såpe og etterbarberingsvatn, er olivenolje god erstatning til barberskum. Som etterbarberingsvatn kan du bruke eplecidereddik, for so å skylje det vekk etterpå. Om du ikkje likar lukta eplecidereddik, kan du tilsette duftoljer som du får kjøpt på din nærmaste helsekost. Hugs å sjekk eigenskapane til oljen før du tilsett den i produkta dine.

Kvar får eg kjøpt høvel og blad?

Ebay har eit rikt utval av brukte barberhøvlar til gode prisar. Er du heldig kan du få ein god vintage høvel for rundt 200 kr. Dersom du vil investere litt meir kan du sjå i dei dyrare prisklassane på eBay, eventuelt ta deg ein tur på HFM i Bergen. HFM er ein relativt nyoppstarta barbersalong som fortel om stor interesse for «old school» barbering, både frå kvinner og menn.

– Vi lev i ein kvardag der lav pris og sjølvbetjening er i fokus. Eg trur det skapar ein motreaksjon som gjer at folk higa mot kvalitet og komfort, seier barberar Kjell Skytterholm når han får spørsmålet om kvifor han trur barbersjapper har auka besøkande.

HFM
Vakre barberhøvlar frå HFM i Bergen. Straight Razor er avbilda til høgre.  Foto: Kristine Ullaland

Barberkniv, også kjend som Straight Razor, er også eit alternativ på søppelfri barbering. Bladet er fast og kan vare ei livstid dersom du er flink til å vedlikehalde kniven. Barberar Kjell Skytterholm legg til at dette er noko tidkrevjande og mest for dei som er spesielt interessert. – Vi tilbyr opplæring for alle som kjøper kniv hos oss, legg barberar Tommy Kronstad til. Prisane for barbersett hos HFM i Bergen ligg på mellom 699-1600,-. Om du ikkje ynskjer å kjøpe brukt, og ikkje held til i Bergen, er nettbutikken Skjegg eit godt alternativ.

Kva barberblad skal eg velje?

Det er eit stort utval barberblad som passar til ulikt bruk. I følgje Tommy Kronstad, vil menn med grov hud trenge eit skarpare blad for ein tett barbering, en ei kvinne som gjerne har sartare hud. Astra Superior Stainless er eit godt nybegynnarblad både for menn og kvinner. Barberbladet kan kjøpast hos HFM for 25 kr for 5 blad. Innpakninga er i papir og kan resirkulerast. Dersom du har grov hud, anbefala Kronstad at du vel eit skarpare blad. For sart hud er barberblad som til dømes Red Persona Blades eit godt alternativ. Dessverre ser det ikkje ut til at det er nokre lokale forhandlarar av dette Red Persona Blades, men barberbladet kan kjøpast via eBay og Amazon.

Resirkulering av barberblad og barberhøvel

Barberblad og høvel i metall kan resirkulerast hos Metallco i Bergen. Om du ikkje bur i Bergen, sjekk din lokale skraphandlar for informasjon om resirkulering. Hugs at barberblada enten må pakkast inn i noko eller kastast i ein container for metallskrap der metallet ikkje behandla manuelt, slik at ingen skadar seg på blada.

Håpar du blei inspirert til å prøve deg på søppelfri barbering!

Sjekk ut Grønare barbering på Pinterest og følg Grønare kvardag på Facebook for oppdatering av ny post.

Toppfoto: Kristine Ullaland