Kategoriarkiv: DIY

Ei grønare jul

Jula nærmar seg med stormskritt, men korleis forene årstida som trona forbruksstatistikken med din berekraftige livsstil? Få tips til korleis du kan feire meir i tråd med Zero Waste, med desse enkle tipsa.

I år er nok mange meir svoltne enn nokon gong på å kunne feire med familie og vener, etter to år med pandemi. Og etter eit eller to år der ein kanskje ikkje har kunne feira som før, gir det jo opning til å kunne etablere nye vaner, som kan bidra til mindre søppel i høgtida. Det er nemleg forska ein del på dette med endring av vaner. I følgje boka «How to Change» av Kathy Milkman (2021) kan ein ny start vere ein katapult for endring. Det kan vere små eller store ting, som for eksempel starten på eit nytt semester, eit nytt år, ei ny veke, ein ny bolig og so vidare. So med andre ord, i år er ein gyllen anledning å få med deg familievener og andre du feirar med, til å gjere små eller større endringar i ein grønare retning. Vel ut ein eller fleire av tipsa under, og hugs at progresjon er viktigare enn perfeksjon!

Berekraftig julepynt

Led-lys som julebelysning

Dersom du har gamle julelys, kan det vere på tide å skifte til led-lys. Desse brukar i snitt 75% mindre energi. Det anbefalast også å bruke ein timer på julelysa, slik at dei ikkje står på meir enn nødvendig. Dette er også i tråd med anbefalingane frå brannvesenet for å førebygge brann. Du får no tak i veldig gode og brukarvennlege timerar, som du kan styre med telefonen. Når du ikkje lenger treng timeren til julepynten, kan du flytte den over til andre gjeremål som er nyttige andre deler av året. Kanskje du vil at kaffetraktaren skal starte å trakte kaffi når du vaknar, eller at ladaren på mobilen skal skru seg av etter 2 timar. Personleg har eg timer knytta til alt av elektrisk utstyr som eg brukar på jobb, for å unngå å sitte lengre enn eg skal. Slit du med det same? Då kan dette vere ei god løysing for deg også.

Heimelaga pynt til treet og anna juledekorasjon

Å samle fleire for å lage julepynt kan vere ein koselig aktivitet, og det er mykje fint ein kan lage av ting ein enten har heime eller har i naturen rundt seg. Har du tatt vare på julepapiret frå i fjor? Lag fin dekorasjon av den!

Andre idear til heimelaga julepynt er julestjerner til tre av pinnar, tørka frukt til treet, pynta pepperkaker med snor i, og kongler. Det er ingen ting i vegen med å kjøpe julepynt, men tenk langsiktig og vel noko du vil bruke over lengre tid. Det er også veldig mykje fint på bruktmarkedet, so sjekk for eksempel ut Finn.no for ditt favorittmerke eller stil.

Innpakning av julegåver

Eg har tidlegare laga fleire postar om kva du kan gje i staden for fysiske gåver, men dersom du skal gje fysiske gåver i år, kan du pakke dei inn gamle sjal, tøyposer og du kan gjenbruke julepapir frå gåver du har fått sjølv. Dersom du skal gje gåver til nokon der det ikkje passar med tøy som emballasje, kan du bruke gråpapir. Aviser kan også fungere som emballasje, og det er mogeleg å gjere det fint og koseleg, sjølv om du kanskje rynkar litt på nasa når du les dette. Eg lovar!

Er du ein som samlar på esker, som du kanskje eigentleg ikkje treng? Då kan dette også fungere som ein fin innpakning. Den japanske innpakningsteknikken furoshiki er populær blant mange som engasjera seg i Zero Waste. Det er ein måte å bruke sjal til å pakke inn gåver, og du kan bruke eit heilt enkelt, vanleg sjal, eller ein formsydd pose. Kanskje gåva kan pakkast inn i seg sjølv? Eg er skamlaus, og ikkje framand for å be om emballasjen tilbake, dersom eg ynskjer det, men det er lettast med personar som du feirar saman med eller når du gjev ein fødselsgåve, barselsgåve etc. og er der når pakken blir pakka opp. Dersom du likar å sy, kan du sy ein tøypose til å bruke for emballasjefri handel og pakke inn gåva med den. Du finn oppskrift på slike posar her.

Det er også lov å stille spørsmål om gåva treng innpakning.

Unngå å gje gåve som blir returnert

Det kan opplevast som litt direkte å be eller gje ei ynskjeliste til dei du skal utveksle gåver med, men det er faktisk eit aukande problem med retur av varer, då spesielt varer som er kjøpt på nett. Ein måte å unngå å gje ei gåve som vil bli bytta er rett og slett å få direkte beskjed kva folk ynskjer seg til jul, og gjerne so spesifikt som mogeleg. Eksempel på det er farge, fasong, merke eller anna er viktig. Er ynskje «ein rød sokk» eller eit spesifikt par røde sokkar frå ein spesifikk butikk? Klesbransjen er av dei bransjane som sel mest før jul, etter daglegvarebutikk, og det er venta at dei får ein del returar etter jul, sjølv om vi dessverre ikkje har spesifikke tal. Er du sikker på størrelsen du skal kjøpe? Slike ting kan vere lurt å dobbeltsjekke.

Foto: Getty Image. Det kan fort bli gåvebonanza når ein skal gje gåver til born. Tenk langsiktig når du kjøper noko. Er du på budsjett kan du framleis tenke langsiktig. Er det dyrare gåver som står på ynskjelista, kanskje fleire kan slå seg saman om gåva?

Juletre – plast eller ekte? Kva er mest berekraftig?

Då vi var små og henta juletre i skogen, blei det henta nokre dagar før det skulle i hus, slik at snøen fekk tid til å smelte av før vi tok det inn. Når det først kom inn på lillejulafta for pynting, var det berre å passe på at det fekk nok vatn, slik at det ville vare til over nyttår. I dag begynne folk å pynte juletre tidleg i desember, og nokon allereie i november. Med mindre du har treet ditt i potte, vil ikkje ekte tre klare seg like lenge utan å drysse, samanlikna med eit plasttre. Plasttre har blitt meir og meir natturtru og det er ikkje alltid like lett å sjå om treet er ekte eller ikkje.

Forsking peikar litt i ulik retning når ein samanlikna ekte juletre mot plasttre, men i følgje The American Christmas Tree Association (2010)  tek det minst 10 år med bruk av eit plasttre før det er eit betre val enn eit ekte juletre. Nokre hevdar at treet må brukast i so mykje som 20 år, før det er eit betre val. Dersom du tenker at juletre i plast kan resirkulerast, må eg dessverre skuffe deg. Dei er oftast laga av PVC og kan ikkje bli resirkulert og vil bli restavfall den dagen treet kastast.

Ekte tre er heller ikkje heilt problemfrie. Det blir ofte argumentert for at ekte tre er eit godt val fordi tre tek opp carbon. Det er ueningheiter om tre faktisk tek opp meir karbondioksid enn dei slepp ut dei første 20 åra. Juletre blir kutta tidlegare enn dette, for å unngå at dei blir for store. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, sjekk ut denne rapporten; «The comparative Life Cycle Assesment (LCA) of Artificial vs. Natural Christmas Tree».

Foto: Osman Rana. Fun fact: Grantre får først kongler når den er 20-40 år.

For nokre er ikkje juletre so viktig, så då kan det vere eit alternativ å erstatte det med eit alternativt tree eller eliminere juletre som konsept.

Veiledningsliste for deg som står mellom plast og ekte tre:

  1. Er det viktig for deg å ha juletreet ståande framme i heile desember? – Ja/ Nei
  2. Dersom du kjøper eit juletre i plast, vil du bruke det i mist 10 år før du kastar det? – Ja/ Nei
  3. Har du oppbevaringsplass til eit nedpakka juletre i plast? – Ja/ Nei
  4. Går det fint å ha produkt i heimen som kan bidra til mikroplast? – Ja/ Nei

Dersom du fekk flest ja – passar juletre i plast best for deg. Fekk du flest nei passar ekte juletre best for deg. Dersom du går for ekte tre, kan du vurdere om du skal gå for ei i potte. Det er per i dag berre i mindre størrelsar, og fåast kjøpt hos aktørar som har større utval av planter. Spør gjerne om råd om korleis du best kan ta vare på treet om du får for potte, og hugs å venne treet til utetemperaturer gradvis når du sette det ut etter jul.

Les tidlegare post om juletre her.

Ynskjer deg ei riktig fin og litt meir berekraftig jul!

Alt godt,

Kristine

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og har blitt støtta gjennom Patreon til og med hausten 2022. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Mange av dykk har bidratt over lengre tid og gjort det mogeleg og Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Desse postane blir blant anna brukt i undervisning i skular, både i inn og utland. Takk!

Patreon er ikkje aktiv fra og med desember 2022, på grunn av andre prosjekt.

Toppfoto: Isabelle Kramer

[DIY] Søppelfri salve for klatrehender

Klatring er ein aktivitet som tære på handflata, og du får gjerne raskt ru og tørr hud. Ein feit salve med bivoks kan vere ein god redning, og dersom du har laga nokre av dei andre oppskriftene her på Grønare kvardag, har du kanskje allereie alle ingrediensane i skapet heime. Oppskrifta er grunnleggande, og du kan gjerne prøve deg fram med andre oljer om du ynskjer å bruke det i staden for olivenolje. Jojobaolje, avokadoolje og kokosolje kan vere gode alternativ. Hvetekimsolje, som er rik på E-vitamin, er også eit godt alternativ. Oppskrifta er antiseptisk og held lenge.

Fordelen med å lage sin eigen salve

Det er fleire fordelar med å lage sin eigen salve. Du har full kontroll på kva ingrediensar salven inneheld og kan velge ingrediensar basert på dine haldningar og verdiar. Du kan etter kvar som du blir meir erfaring, justere oppskriftene slik at dei passar dine behov og preferansar. Mange av oppskriftene du finn på Grønare kvardag består av dei same ingrediensane, men med ulike blandingsforhold. Det betyr at du får mange ulike produkt av dei same ingrediensane, noko som også er økonomisk gunstig.

Foto: Kristine Ullaland. Salven blir kvit og er har ein hard konsistens. Den egnar seg derfor også som fuktbar (som eit såpestykke), dersom du føretrekke det.

For å lage din eigen klatresalve treng du:

Shea-smør (shea butter) – 20 gram

Kan kjøpast hos din lokale Zero Waste-butikk eller helsekostbutikk. Kjem vanlegvis i glas med lokk i metall. Kjøp rå og uraffinert sheasmør, dersom du har dette tilgjengeleg. Alternativ to er å bruke raffinert sheasmør.

Olivenolje – 20 gram

Olivenolje (ekstra jomfruolje/ extra virgin oil) får du stort sett i glas eller metall hos din lokale daglegvarebutikk. Hugs at olivenolje bør oppbevarast i farga glas eller lystett behaldar (som tildømes metall). Står valet mellom ei blank flaske og ei brun flaske jomfruolje, velg alltid den brune flaska. Den vil ha betre haldbarheit og innhaldet er stort sett av høgare kvalitet. Nokre Zero Waste-butikkar sel også olivenolje i lausvekt, dersom du ynskjer å kjøpe oljen i eigen behaldar. Internasjonale matbutikkar sel gjerne olivenolje i større dunkar. Dette er kostnadseffektivt dersom du brukar mykje olivenolje. Dunkane er i metall og er lystette. Du kan sortere dei som metall etter bruk eller bruke ein boksopnar til å opne toppen, og bruke behaldaren til ein plante.

Bivoks – 20 gram

Bivoksen eg har brukt (som du ser på bilde) kjøpte eg før det blei kjent at det er mangel på norsk bivoks. Du vil derfor ikkje få tak i bivoks som ser lik ut (med mindre den er importert frå utlandet), ettersom den per i dag er forbeholdt norske birøktarar. Det er likevel mykje god bivoks å få tak i. Dette kan du finne på lokale Zero Waste-butikkar, kosthaldsbutikkar og hobbybutikkar (digitalt alternativ). Kjøper du bivoks fra din lokale hobbybutikk, sjekk at bivoksen kan brukast til kosmetikk.

Foto: Kristine Ullaland. Bivoks før smelting.

Tetreolje (tea tree oil) 1 dråpe

Tetreolje seiast å vere antiseptisk, og har røter til den australske urbefolkninga, Aboriginane. Tetreolje får du kjøpt fleire stadar, frå kosthaldsbutikkar til butikkar som The Body Shop. Merk at tetreoljen er svært sterk og må blandast ut etter anbefalinga på flaska til oljen. Nokre aktørar har allereie blanda ut olja, so sjå på etiketten på flaska før du brukar den, slik at du ikkje risikera at du får for høg konsentrasjon av tretreolje i kremen. Kjøper du den rein, ver merksam på at den er giftig ved små mengder og må derfor handterast med forsiktigheit. Er du ikkje so erfaren med heimelaga oppskrifter til hud og hår, anbefalast det at du kjøper ferdigutblanda løysing først. Eg meina å hugse at The Body Shop sin versjon er ferdigutblanda, men sjekk dette direkte ved eventuelt kjøp. Behaldaren kjem i glas med plastskrukork.

Sitrongras (Lemon gras) – 1 -3 dråpar (kan sløyfast)

Sitrongras blir ofte brukt saman med tetreolje, for å bidra til at den luktar godt. Sitrongras har ein frisk duft og blir brukt i produkt til velvære og vasking. Du treng ikkje sitrongras for denne oppskrifta, men personleg synast eg at den blir endå betre. No er dog sitrongras ein av mine favorittlukter. Behaldaren kjem i glas med plastskrukork, og du får stort sett kjøpt dette på din lokale helsekost.

Slik går du fram

For å smelte bivoksen, treng du eit dampbad – also ei skål som toler varme, som du kan sette i ein kjele med oppvarma vatn. Det er ein fordel å varme opp bivoksen sakte, gjerne på halv varme, saman med sheasmøret. Rør inn olivenoljen, eller den oljen du har valgt, når bivoksen og sheasmøret er smelta. Tilsett so tetreoljen og eventuelt sitrongrasoljen. Rør blandinga godt saman og hell den over i eit glas med tett lokk og sett det kjølig/ i kjøleskapet.

Foto: Kristine Ullaland. Slik vil fuktbar-versjonen sjå ut, dersom du vel å lage salven slik. Oppbevar i ein tett boks for lengre haldbarheit.

Dersom du føretrekke fuktbar – kan du helle blandinga over i ei såpeform i silikon, isbitform i silikon eller eventuell ein tom melkekartong. Dersom du vel sistnevnte, kan du med fordel tredoble oppskrifta, slik at såpebaren får litt fylde og ikkje blir for tynn og brekk med ein gong. Personleg likar eg å prøve produkt før eg lagar større mengder, men dersom du føler deg sikker på at dette er ei oppskrift som passar dine behov kan du fint lage ein større mengde.

Ettersom salven inneheld bivoks og tetreolje, har den vanlegvis svært god haldbarheit og kan fort halde eit år. Men som med alle heimelaga produkt, bruk skjønn. Dersom produktet endra lukt eller farge, kan det bety at den har blitt dårleg.

Bruk

Dersom du lagar denne som fuktbar, kan du gni den i hendene og gje gjerne salva nokre minutt å trekke inn i huda. Har du salven i eit glas, kan du skrape av ein bit og gni i handflata. Salven smeltar når den blir oppvarma av hudflata.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Gregory Hayes

[Oppskrift] Flekkfri med mild kjemi

Kommersielle flekkfjernarar er nokre av verstingane når det kjem til bruk av sterke kjemikaliar. Her finn du gjerne sterke og det som har blitt uønska kjemikaliar for mange. Det er fleire moglegheiter når du skal lage eigen flekkfjernar, so tilpass gjerne til kva ingrediensar du har tilgjengeleg heime eller i ditt nærområde. Som du sikkert allereie veit, er det viktigaste trikset for å bli kvitt flekkar på tekstil nemleg å behandle flekken so fort som mogeleg. Ein god nummer to er å ha ein god flekkfjernar for hand!

Eg er ein søler. I mange år var det eit mysterium kvifor eg søler so mykje, men ein vennleg sjel informerte meg om grunnen til dette. Eg likar nemleg å ete bakoverlent. Difor får gjerne ikkje tallerkenen den funksjonen den har for andre. Eg har blitt bedre til å lene meg framover når eg et, men eg definera meg framleis som ein søler. Når uhellet er ute er det heldigvis mogeleg å gjere noko (som i dag, då eg søla olje på mi favorittbukse!). Har du ein flekk du må fjerne? Her finn du oppskrift til flekkfjernar.

Slik lagar du din eigen flekkfjernar

Flekkfjernar med glyserin

2 ss. flytande castilsåpe (castilsåpe kan lagast frå grunnen om du ynskjer)

2 ss. flytande plantebasert glyserin

3/4 kopp vatn

5 dråpa eterisk olje av sitron

Foto: Anshu A – Gjenbruk gjerne ei rein flaske med pipette til eterisk olje, dersom de vel å lage den sjølv.

Bland saman ingrediensane godt og hell over i ei sprayflaske av glas.

Bruk direkte på flekk (gjerne på undersida av flekken om det er mogeleg) og la det stå ein time, før du vaskar tekstilen.

Kvar kjøpe ingrediensane og kva emballasje kjem dei i?

Castilsåpe kan i nokre tilfelle kjøpast i medbrakt emballasje på Zero Waste-butikkar, men selgast oftast i resirkulerbar plastemballasje. Dersom du ikkje har Zero Waste-butikk, eller semi-Zero Waste-butikk i ditt nærområde er din lokale helsekost ein stad du mest truleg finn castilsåpe. Dette er ei mild såpe som ofte blir brukt som base i heimelaga reingjeringsprodukt og personleg hygieneprodukt. Eg vil anbefale at du kjøper utan parfyme dersom du har moglegheitene, for eksempel Dr. Bronner’s Baby Unscented Liquid Soap (kjem i plastflaske). Då kan du heller parfymere dei ulike produkta du lagar som du vil, dersom du vil ha lukt.

Plantebasert glyserin

Plantebasert glyserin er også noko du vil få kjøpt hos fleire Zero Waste-butikkar og semi-Zero Waste-butikkar, ettersom dette også er ein ingrediens ein ofte finn i heimelaga produkt. Glyserin er mjukgjerande og fuktigheitsbevarande, og mykje brukt i kosmetikk. Du kan også finne denne ingrediensen i mat og drikke. Har du ikkje eit lokalt Zero Waste-tilbud, sjekk ut din lokale helsekostbutikk, eller butikkar som spesialiserer seg på hobby (for eksempel heimelaga kremar etc.). Glyserin er drøy i bruk, so du kan gjerne begynne med ei mindre mengde og heller kjøpe meir når du er tom. Om du ikkje finn plantebasert glyserin emballasjefri, kan du kjøpe det i emballasje frå SunVita (plast med metallkork) (Kinsarvik helsekost) eller i glas frå Rømer (merk – ikkje spesifisert at dette er plantebasert – so sjekk det ut før kjøp).

Eterisk olje av sitron

Har du laga litt oppskrifter før, kan du kanskje føle inspirasjon til å lage eterisk olje av sitron frå grunnen(anbefaler at du brukar økologisk). Er du ny på å lage eigne produkt anbefala eg at du heller kjøpe eterisk olje av sitron på din lokale helsekostbutikk. Dei kjem vanlegvis pakka i glasbehaldar med plastkork. Sjå video under for inspirasjon til heimelaga eterisk olje av sitron.

Flekkfjernar med hydrogenperoksid

Oppskrifta til denne flekkfjernaren er ganske lik den over, men i staden for plantebasert glyserin, er stjerna her hydrogenperoksid (hydrogen peroxide). Hydrogenperoksid blir brukt til å bleike ull, hår og tenner (for å nemne noko), er antiseptisk og skal vatnast ut. Var du ein av dei som var til tannlegen under pandemien, måtte du truleg skylje munnen i hydrogenperoksid.

1/4 kopp hydrogenperoksid

2 ss. flytande castilsåpe

20 dråpa eterisk olje av sitron

Bland ingrediensane godt saman og hell over på flaske. Bruk behandlinga til flekk, vent ein time og vask tekstilen.

OBS – hugs at sarte tekstil kan vere ømfintlege for flekkfjernar. Hydrogenperoksid blir som nevnt over brukt til å bleike. Bruk skjønn!

Oppbevar flekkfjernaren i ei brun eller blå sprayflaske av glas (viktig for å unngå at hydrogenperoksida oksiderer).

Kvar kjøpe ingrediensane og kva emballasje kjem dei i?

Hydrogenperoksid kjøpast på apoteket, og kjem i glasbehaldar.

Merk flaskene godt!

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Charlotte Harrison

Zero Waste-linfrøgelé for krøllar

Har du krøllar og engasjera deg for enkle produkt laga av kjente råvarer, er det ikkje utenkeleg at linfrøgelé er din nye favoritt. Til denne oppskrifta på linfrø-gelé treng du berre to ingrediensar – ein favoritt blant tilhengarar av Curly Girl-metoden.

Du har kanskje allereie sett video eller bilde av at nokon lagar linfrøgelé? Den ser ikkje veldig appetittvekkande ut, men det treng den heldigvis ikkje heller for den er jo for håret. Og når du ser kva påverknad den har på å samle fall og krøllar, so er det fort gløymd.

Eg har sjølv eit hår som skiftar mellom krøllar og fall, og eg har etterkvart også fått mykje grått hår. Denne linfrøgeléen har verkeleg hjelpt meg å gjere håret meir samarbeidsvillig utan at eg treng å bruke meir tid. Slit du med å finne naturlege ingrediensar til å temme ditt hår so kanskje linfrøgelé kan vere tingen for deg også.

Foto: Annie Stratt. Linfrø er noko du gjerne allereie har i skapet heime.

Dette treng du

Ein kjele

Linfrø

Vatn

Sil med tette masker

Liten boks/ glas med tett lokk

Noko å fryse geléen i – ideelt sett form til isbitar/ såpeform (alternativt)

Syltetøyglas eller liknande til å oppbevare dei fryste isbitane med gelé (alternativt)

Oppskrift

0,5 dl linfrø

5 dl vatn

Gjev ca. 2,5 dl gelé. Doble gjerne oppskrifta om du har mykje hår.

Slik gjer du

  1. Mål opp dei to ingrediensane og hell dei i ein kjele.
  2. Kok opp på middels varme.
  3. Rør jevnlig til den har fått gelé-konsistens.
  4. Sett kjelen til sides og la geléen kjølne
  5. Sil ut frøa
Foto: Kristine Ullaland. Ved å helle geléen over i ei isbitform og fryse den, er det enkelt å ta opp gelé etter kvart som det passar.

Korleis bruke geléen?

Det er litt forskjellig veiledning til korleis ein får best resultat av linfrøgeléen, og eg trur dette har med at ulike hårtypar kan reagere litt ulikt.

Geléen brukast på nyvaska hår, og fordelast jamnt over heile hovudet. Håret kan følast stivt og flatt til det er tørt, og då klappar ein forsiktig over det til krøllane kjem fram. Dersom du har meir fall og tynt skandinavisk hår, kan det vere nok at du berre dyppar nyvaska fingrar i geléen for so å fordele det utover håret. Du vil då ikkje få stivt hår på same måt, men kan likevel få ein fin effekt av geléen. Prøv deg fram!

Haldbarheit

Som mange heimelaga produkt utan konserveringsmiddel har linfrøgeléen også noko kort haldbarheitstid – nemleg 1 – 2 veker i kjøleskap. Dette løyser du ved å lage meir enn du vil bruke dei neste 1 – 2 vekene, og fryser det i små silikonformer, isbitformer eller tilsvarande som du har heime. Når geléen er fryst kan du ta dei ut av forma og ta dei på eit syltetøyglas og putte dei tilbake i frysen. På den måten kan du hente ut ein eller fleire bitar ved behov.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Paul Siewert

ZERO WASTE-HUND: EIN GRØNARE GUIDE

Plastfrie tiltak og Zero Waste-vennlege livsstilsval florerer når det kjem til råd relatert til innkjøp av mat og kle, men korleis gjere tiltak for å også ha ein Zero Waste-tilnærming til hundeholdet?

Det er faktisk fleire ting du kan gjere, basert på ting du allereie har heime. Kva karbonfotavtrykk din hund har er avhengig av deg som eigar. I følgje boka «Greening your Pet Care» av Darcy Matheson (2016), har ein mellomstor hund eit dobbelt so stort karbonavtrykk som ein gassbil som køyre 10,000 km i året.

I hundeverda er det ein del parallellar til småbarnsverda, der forbruksting som våtserviettar og porsjonsmat er normalen for mange. Det er lett å tenke at dette er den beste løysinga, men det er fleire tiltak ein kan gjere for å redusere eller kutte plast og søppel i forbindelse med hundehold. Denne teksten vil gje deg nokre tankar og idear om kva slike tiltak kan vere for din hund.

Zero Waste-hundehald – er det noko for meg?

Ikkje bli skremt av Zero Waste-begrepet og tenk at du faktisk må ha null søppel for å ta tak i dette. Zero Waste er eit tankesett, og små og store tiltak for å redusere avfall og svinn hjelper. Velg dei tiltaka som passar deg og din hund, og velg deg ut 1 – 3 tiltak som du legg til vanene dine over tid. Tenk progresjon heller enn perfeksjon! Er det noko du ikkje finn gode Zero Waste-vennlege løysingar på, fokuser då heller på det du kan gjere og som er gjennomførbart for deg og din hund.

Foto: Wade Austin Ellis

Kjøp brukt eller spør ein ven!

Det ligg per no over 8000 annonser med brukt hundeutstyr på finn.no. Sjå gjerne gjennom bruktmarkedet først, før du kjøper nytt. Det gjer du enkelt ved å for eksempel søke etter merket du leitar etter eller det spesifikke produktet. Det gis også mykje hundeutstyr vekk gratis dersom det ikkje er så viktig at det er fint. I tillegg til å vere meir miljøvennleg, er det også meir økonomisk ettersom det ikkje er uvanleg med halv pris eller mindre for ubrukt eller pent brukt hundeutstyr. Vi har sjølv fått mykje fint på finn til ein god penge. Her finn du alt frå transportbur, selar, dekken og skåler. Er det eit spesielt merke eller produkt du ser etter? Lag ei annonse der du etterspør dette eller lagre søk, slik at du får beskjed når nokon legg ut annonse om nettopp det du ser etter.

Spør ein ven!

Det er også godt mogeleg at du har ein eller fleire vener som har eller har hatt hund. Spør om dei har noko hundeutstyr som du treng. Eg har sjølv fått fleire fine ting til min hund på denne måten, og venane mine blir kvitt ting dei ikkje brukar og frigjer dermed plass. Vinn-vinn! Har du noko hundeutstyr du ikkje brukar? Reverser prosessen – legg det ut på finn eller tilsvarande portal eller gje det til ein venn <3.

Kva skal hunden ete?

Då eg først begynte å gjere research for å finne ut korleis eg kunne ha hund på ein måte som var i tråd med mine verdiar, hadde eg tenkt å lage hunden sin mat sjølv. Det er absolutt mogeleg, og den beste måten å ha eit Zero Waste-hundehald på. Det er også svært tidkrevjande, for ikkje å snakke om å finne ut kva denne maten skal bestå av.

Karnivore eller omnivore?

Det er ei heit potet å diskutere foret til hunden, om den bør ete rått kjøtt, insektsprotein eller om den kan leve godt på restematen din eller plantebasert tørrfor. Personleg enda eg opp med å bli svært forsiktig med foret. Vi kjøpe difor for som vår veterinær anbefalte. Det er ikkje emballasjefritt men det kjem i ein plastpose utan aluminium, som kan resirkulerast. Vi kjøper so stor pose som mogeleg. Posen reingjer vi og brukar som emballasje når vi f.eks. skal sende noko. I Zero Waste-miljøet er det fleire som forar hundane sine matrestar, men les deg opp på kva mat dette kan vere og rådfør deg med veterinær.

Foto: James Lacy

Zero Waste-vennleg hundesnop

I motsetning til hovudforet, som er delte meiningar om, er det atskillig lettare å finne hundesnop som er i tråd med dine avfallsreduserande visjonar og kva ynskjer du har til innhaldet til maten. Dei aller fleste dyrebutikkar som sel hundemat har lausvekt. Dette er alt frå diverse tørka animalske produkt, vegetabilske produkt til kakeliknande snop.

Du kan også lage snop av mat du har heime. Sjå kva matvarer dette gjeld.

Ikkje kjøp råhud

Ein ting du bør styre unna er råhud, ofte referert til som raw hide. Selgarar av produktet framstille ofte dette som eit biprodukt frå slaktebransjen, og frå eit Zero Waste-perspektiv gjer det jo absolutt meining å dra nytte av eit avfallsprodukt på ein slik måte. Men råhud er ikkje eit avfallsprodukt frå slakteribransjen, men frå lærindustrien. Det er lite læreproduksjon i Norge, og mykje av råhuda blir produsert i Kina. Det kan gå lang tid frå dyret blir slakta til læret blir garva, og det blir også brukt sterke kjemikaliar for starte prosessen med å garve lær.

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å anbefale eit alternativ som eg sjølv har kjøpt mykje av, som heiter No hide, som selgast i lausvekt. Dette blir framstilt som eit produkt basert på ris, som er lett fordøyeleg og ikkje inneheldt mykje fett (viktig for kvalp). I forbindelse med research til denne teksten kom eg over ei sak som stiller spørsmål til om selskapet bak No hide verkeleg er «no hide» also ingen råhud. Det pågår no eit klassesøksmål mot bedrifta der det blir hevda at selskapet forleda forbrukarane til å tru at dei kjøper eit produkt fri frå råhud, utan at dette er tilfelle. Eksempelvis har selskapet importert 907 tonn råhud frå Kina i løp av eit år. Det er jo litt rart når selskapet hevda at dei sel produkt fri for råhud. Du kan lese meir om det her.

Dersom du tillet hunden din mjøl/ prosessert mat, er fiskekaker med kveite frå Søstrene Hagelin (Bergen) ein suksess når du treng litt ekstra fokus. Dei kan frysast og tinar raskt.

Foto: Oscar Sutton

Emballasje til handling av hundemat

Når du handlar hundefor emballasjefritt gjer du det på same måte som når du handlar til deg sjølv. Det kan vere lurt å ha eigne lausvektsposar til hundesnopet. Du kan enkelt lage dine eigne sjølv ved å følge denne oppskrifta. Du kan også bruke syltetøyglas eller boksar i metall. Desse posane i silikon er også fine, og gjer det praktisk å transportere fersk snop i lomma. Tørka hundesnop som blir kjøpt i tøypose kan også oppbevarast i tøyposen om du ynskjer det, eventuelt eit glas med lokk dersom du har kjøpt noko som luktar.

Skåler til mat og drikke

Treng du eigne hundeskåler eller kan du bruke noko du har? Dersom du kjøper ei skål i glas eller porselen som er laga til menneskjer, er sansynligheten mykje mindre for at den inneheld uønska kjemikaliar. Kanskje det er noko fint på Finn.no eller din lokale bruktbutikk? Ved å styre unna plastskåler sikrar du deg også for at skåla kan vaskast i oppvaskmaskin.

Hygiene

Stell av pels

Det du treng av hygieneartiklar til hunden er i stor grad enkelt å lage sjølv. Det gjeld alt frå mild såpe til pelsen, balsam til potesalve. Fleire Zero Waste-butikkar sel også sjampo til hund med lite eller ingen emballasje. Desse er også ofte laga lokalt (lenke til såpebar om du ikkje har noko tilbod i ditt område). Dersom du har ein hund som har krøllar eller har litt matt pels, kan du ta kokosolje og gni mellom hendene og ta over pelsen etter hunden er nyvaska. Kokosolje kan gis oralt til hund, so du treng ikkje uroe deg for at hunden skal reagere når den vaskar seg sjølv seinare. Kokosoljen vil gje fett til pelsen og gjere den blank.

Er du uroa for at hunden skal få i seg uønska kjemikaliar etter husvasken? Sjå korleis du kan få ein grønar husvask her.

Foto: J. Balla Photography

Stell av pels: Børster i naturmaterial

Hugs at det mest naturvennlige du kan bruke, stort sett er det du allereie har. Treng du ein børste, er det no fleire meir miljøvennlege alternativ tilgjengeleg både for deg som med eit raust budsjett og deg som har eit stramt budsjett. Hugs at kva pels hunden din har vil avgjere kva børste som vil fungere for deg. Du treng ikkje nødvendigvis spesifikke hundebørstar, men kan fint bruke børstar som er meint til menneskjer. I budsjettklassen finn du børstar hos Søstrene Grene, som er laga av tre og naturbust. The body shop har også noko utval, i middels prisklasse. Dei er laga av bambus og naturgummi. Vil du gå for kremen har Iris Handtverk fleire fine børstar, som er handlaga av svaksynte personar. Flotte børstar men du klare deg fint med dei andre. Dersom du har ein hund med tett, krøllete pels kan ein kam i metall vere ein langsiktig ven. Når kammen ein gong blir øydelagt og ikkje kan brukast lenger, kan du resirkulere den som metall ved din lokale renovasjonsstasjon.

Styr unna Show Dog Groomin Karde i bambus, som selgast blant anna på Musti. Eg blei sjølv so begeistra då eg såg denne børsten at eg kjøpte den utan å legge merke til at den ikkje har plast på tuppane av karden. Det var først då hunden protesterte under børsting at eg la merke til det. Det er flott at bedriftene ser etter plastfrie alternativ, men det er sjølvsagt viktig at produkta også er funksjonelle (og ikkje vonde som i dette tilfelle).

Innkjøp av utstyr

Dekkenet frå Carhartt er av bomull, med syntetisk fyll.

Det finnast eit hav av utstyr til hund, og det ein finn av sele, halsband, dekken, senger og leikar er stort sett av syntetiske material som til dømes polyester. Dersom du ynskjer å unngå syntetiske material til halsband og sele, er det beste alternativet naturfarga lær eller hamp. Det er dessverre få alternativ på det norske markedet endå, men sjå kva som er tilgjengeleg i ditt nærområde.

På grunn av klimaet her, og mykje nedbør, går mange hundeeigarar til innkjøp av regndekken for å unngå våteksem og andre plager. Det er vanskeleg å få tak i eit godt dekken utan å bruke syntetiske material. Då må det i sofall bli voksa bomull som eksempelvis Carhartt føre (google søk). Polstringa er dog syntetisk og det er krevjande å finne dekken som i sin heilheit er laga av reine material. Det er også ikkje like vanntett når det regnar mykje.

Ein god nr. 2 er dekken som er laga av resirkulert material. Hurtta har til dømes ein eco-serie der dei har fokus på nettopp dette. Eg har ikkje prøvd desse produkta sjølv men dei har fått gode tilbakemeldingar på dekken og er eit merke som generelt sett skal ha god kvalitet. Det kan vere verdt å sjekke ut ditt lokale tilbod. Eit anna alternativ kan vere regndekken av oljehyre. Dette er eit material som er eit plastprodukt, men det toler mykje og du treng ikkje impregnere det.

Finn du ikkje produkt du er fornøgd med, ta gjerne kontakt direkte med produsentane og informer om dette og kva du ynskjer i staden. Eventuelt ta kontakt med din lokale selgar. Slike spørsmål er med på å påverke framtidige produksjonsval og innkjøpsval.

Leikar

Det kjem stadig fleire leikar som i vertfall delvis består av material som kan komposterast og resirkulerast, som til dømes hamp, naturfarga lær, ull og bomull. Slike leikar finn du av og til i din lokale dyrebutikk. Hamp er mindre krevjande å dyrke fram enn bomull og har mange av dei same funksjonane. Du finn dei gjerne som tauleikar. Det er også etterkvart leikar som er laga av resirkulert tekstil av ull eller som består av syntetiske material som er laga av resirkulert plast. Eit selskap som har fokus på dette er Gaia. Dei har fokus på å bruke resirkulert material og naturmaterial. Om du ser etter leikar laga av resirkulert PET (plast) er Resploot eit godt alternativ.

Foto: Caspar Camille Rubin

Brukte bamsar frå Finn eller Fretex, er også eit alternativ. Alternativt kan du lage leikane sjølv. Hundane er ikkje so fine på estetikken, so ein sokk med ein ball i kan vere heilt topp. Om du er fingernæm kan du kanskje sy ein bamse av den gamle dongeribuksa eller lage ein draleike av ei utslitt t-skjorte?

Håpa dette har vore til inspirasjon! Det er mykje meir enn kan gjere for å redusere avfall og svinn i hundehaldet, men bruk gjerne tipsa over som ein start, og bygg vidare på dette. Har du nokre tips du vil dele? Del gjerne i kommentarfeltet under, eller på Grønare kvardag si facebookgruppe.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Tarynn M., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Alvan Nee

Dostovovskis potesalve

Vi har fått hund! Det har vore mykje planlegging for å sjå korleis vi kan ha hund i tråd med våre verdiar. Nokre ting har vore relativt enkelt å finne gode løysingar på, medan andre er litt meir krevjande. Eg kan gjerne snakke litt meir om dette dersom du finn det relevant for deg, men i dag er det potesalve som står på agendaen!

Gjennom litt prøving og feiling har eg funne fram til ei oppskrift på potesalve som eg gjerne vil anbefale deg å prøve. Den er mild på lukt, gjev god fukt og har god konsistens.

Ettersom heimelaga produkt ofte er milde, passa potesalven best til å førebygge heller enn å reparere, rett og slett fordi heimelaga produkt ofte er svært milde og treng lengre tid enn konvensjonelle produkt for å få ein effekt.

Som vanleg har eg tatt utgangspunkt i få, enkle ingrediensar som du ofte finn i skapet, spesielt dersom du har laga nokon av dei andre oppskriftene her på Grønare kvardag.

Kokosolje, mandelolje, sheasmør og bivoks er alt du treng for å lage ein god potesalve til hunden din. Foto: Kristine Ullaland

Oversikt over ingrediensane du treng og kvar du kan kjøpe dei

Mandelolje

Helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Nokre Zero Waste-butikkar kan ha dette. Eg har kjøpt min på Kinsarvik i Bergen.

Alternativt kan du bruke olivenolje eller solsikkeolje.

Kokosolje, helst uraffinert.

Du får kjøpt kokosolje på store daglegvarebutikkar, Zero Waste-butikkar, helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Flott om den er uraffinert, men om du har raffinert i skapet heime kan du heilt fint bruke den.

Sheasmør

Helsekostbutikkar, nokre internasjonal matbutikk og Zero Waste-butikkar kan ha dette.

Bivoks

Bivoks får du kjøpt på helsekostbutikkar og mange Zero Waste-butikkar. Før anbefalte eg at folk kontakta sin lokale birøktar, men det er per no mangel på bivoks i birøktarbransjen. Det er difor betre å kjøpe bivoks frå din lokale butikk eller eventuelt nettbutikk.

Skål til vanndamp

Du kan bruke ei skål du har frå før av, som toler varme.

Behaldar til potesalven

Eit tett glas eller boks til å ha potesalven i. Gjerne noko med brei opning. Nokre av produkta frå bondens marked har ofte brei opning og lav kant. Bruk gjerne eit slikt glas om du har liggande. Dei er lette å ta ut kremen av. Eventuelt finn noko tilsvarande enten nytt eller brukt.

Ingrediensar

1 ss. mandelolje (du kan også bruke olivenolje eller solsikkeolje)

1 ss. kokosolje

1 ss. sheasmør

2 ss. bivoks

*Du kan gjerne doble ingrediensane dersom du har ein større hund eller har eit høgt forbruk av potesalve.

Foto: Marii Siia

Korleis gå fram?

Fyll ein kjele med vatn og legg ein bolle opp i, som toler varme. Dette kallast eit vannbad. Sett komfyren på lav varme og smelt ingrediensane saman. Rør til alt er godt blanda saman.

Hell blandinga over på behaldaren din, og sett den i kjøleskapet til den er stivna.

Sett på merkelapp og gjerne dato, slik at alle rundt hunden din veit kva som er potesalve.

Om bruk av salven

Ta ut ynskja mengde av behaldaren, gni mellom hendene dine og masser det inn i potane. Potesalven kan også brukast til tørre hender. Dersom du likar salven, kan du lage ein eigen til deg sjølv.

Merk at dette produktet inneheld kokosolje og bivoks, og potesalven vil bli ganske hard dersom du oppheld den kaldt, for eksempel med på tur til hytta. Dersom det skjer, ta ei teskjei med potekrem og varm den mellom hendene, og gni på potane.

Potesalven bør brukast innan eit til to år. Vær obs dersom den skiftar lukt eller farge. Dersom du er usikker om dette passar din hund, forhøyr deg gjerne med din dyrlege.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Tarynn M., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Zero Waste body butter

Hyppig bruk av antibac og handvask kan føre til tørre hender. Då kan ein god, feit krem være til hjelp. Med fire enkle ingrediensar kan du enkelt lage dette heime.

Dette treng du:

Kokosolje, helst uraffinert.

Du får kjøpt kokosolje på store daglegvarebutikkar, Zero Waste-butikkar, helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Flott om den er uraffinert, men om du har raffinert i skapet heime kan du heilt fint bruke den.

Mandelolje

Helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Nokre Zero Waste-butikkar kan ha dette. Eg har kjøpt min på Kinsarvik i Bergen.

Sheasmør

Helsekostbutikkar, nokre internasjonal matbutikk og Zero Waste-butikkar kan ha dette.

Kakaosmør

Helsekostbutikk og nokre Zero Waste-butikkar.

Stavmiksar eller handmiksar

Eit tett glas til å ha kremen på, fortrinnsvis i glas. Små marmeladeglas passa ofte fint, dersom du har noko slikt liggande.

Kokossmør er hardt, i motsetning til sheasmør og kokosolje, men smelta raskt under oppvarming. Foto: Kristine Ullaland

Oppskrift

Oppskrifta er svært enkel. Du treng:

1 del kokosolje

1 del mandelolje

1 del sheasmør

1 del kakaosmør

Korleis gå fram?

Eg har brukt 1 spiseskei av kvar ingrediens, men om du ynskjer mindre mengde krem kan du gå ned til spiseskje.

Ta alle ingrediensane i ein bolle som toler varme, og sett bollen i vannbad. Sett komfyren på lav varme slik at ingrediensane begynne å smelte. Rør til alle ingrediensane har løyst seg opp og sett bollen i kjøleskapet. La den stå ca. ein time.

Når blandinga er smelta og heilt blank, sett den i kjøleskapet i ca. ein time. Dekk gjerne over med noko, som for eksempel ein tallerken eller eit tefat. Foto: Kristine Ullaland

Etter ein time bør ingrediensane vere stivna. Dersom dei ikkje er det, la bollen stå litt lenger.

Etter ein time i kjøleskapet vil blandinga vere stiv. Bruk handmiksar eller stavmiksar for å oppnå krema konsistens. Foto: Kristine Ullaland

Når blandinga er stivna, bruk handmiksar i blandinga (eventuelt stavmiksar om du ikkje har handmiksar). Denne delen kan ta nokre minuttar, men du vil etter kvart sjå at blandinga begynne å bli kvit og får ein kremette konsistens. Når heile blandinga er krema er du ferdig!

Hell blandinga over på glas og voilà – kremen din er klar!

NB – ikkje la kremen stå i sol eller utsett den for varme. Den vil då smelte og den krema konsistensen vil forsvinne. Ver obs dersom kremen skiftar lukt, farge eller konsistens. Sjølv om ingrediensane er naturlege, kan ein likevel reagere. Prøv gjerne ut kremen på ein liten plass, for eksempel på handleddet, før du smøre heile kroppen. Er du i tvil, forhøyr deg med din lege.

Kremen held seg fint i 6 mnd. i romtemperatur.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ting du ikkje visste bidrar til plastforureining

Mange av tinga vi tenke på som ein del av kvardagen kan bidra til unødvendig forsøpling. Sjå om nokon av tinga på lista under er nokre av dine favorittar.

Tyggis!

Mange er nok ikkje klar over at tyggis er plast. Litt meir forklart er det laga av syntetisk gummi som er laga av råolje (same som gummistøvlane dine). Det er derfor du kan tygge den same tyggisen i timesvis. Når du spytta tyggisten på bakken, blir det derfor slike kvite tyggismerker fordi det er eit syntetisk produkt og vil ikkje bryte ned slik vanleg mat gjer. Det er anslått 100.000 tonn tyggis kjem på avveie årleg, og dette bidreg til plastforureining, i følgje Just One Ocean.

Tyggis er ikkje noko nytt – berre innhaldet

Menneske har tygd tyggis-liknande ting i tusenvis av år, i følgje Just One Ocean, som viser til grekarane brukte resin frå mastick treet, medan aztekarane og mayafolket brukte ein type tresevje. Det same gjorde indianarane, som tygde harpiks, ei vane som også nybyggarane tok til seg.

Chicle, som er eit gummiliknande stoff som er utvunne av sapodilletreet, var fram til 1950-åra den føretrekte ingrediensen. Den store etterspørselen etter tyggis gjorde det vanskeleg å finne nok råvarer og blei etterkvart erstatta med syntetiske produkt.

Det er framleis mogeleg i dag å få tak i tyggis laga av naturlege råvarer, som sapodilletreet. True Gum er ein slik forhandlar, som du finn i fleire helsekostbutikkar og nokre Zero Waste/bærekraftsfokuserte butikkar.

Eg er ikkje kjend med kva emballasje True Gum er kjem med, og korvidt den kan resirkulerast.

Te-pose

Visste du at ein tepose kan gje teen din meir enn berre god smak? Kanadiske forskarar har funne at nokre plast-teposar avgir høge nivå av mikroplast i vatn. Medan dei fleste teposar er laga av papir, plast er brukt til å forsegle posen har premium te i postar i stor grad gått over til pyramideforma posar. Denne formen skal i følgje produsentane gje teen betre mogelegheit til å trekke. I forsøket fant forskarane at ein einsleg tepose avga 11.6 bn mikroplast og 3.1. bn nanoplast til vatnet. Menga partiklar desse posane avga er mykje høgare enn tidlegare rapportert i forbindelse med plastforureining og mat.

Kva kan du gjere?

Kjøp te i lausvekt eller utan te-pose. Kva som er tilgjengeleg og riktig løysing for deg vil vere avhengig av kvar du bur og om du har veldig spesifikke preferansar når det kjem til smak. Det finnast jo ei mengde av ulike te-typar og smakar, so det kan jo vere ein fin anledning til å prøve litt nye ting. Kanskje du finne ein ny favoritt? Dersom du bur i ein by har du mest truleg ein eller fleire butikkar som sel te i lausvekt. Dersom du ikkje har det, kan du kjøpe te utan te-posar, som selgast f.eks. på Kremmerhuset eller tilsvarande butikkar. Emballasjen kan dessverre ikkje resirkulerast frå Kremmerhuset. Dersom du har ein innvandrersjappe kan du finne større kvantum med te, men ver obs på at te i blanke posar gjerne har lågare kvalitet. Te er ferskvare og skal oppbevarast mørkt.

Kvalitet på te

Dersom du går på ein butikk som Reindyrka, vil du sjå at det er ulike kvalitetar på teen. Det påverka pris og påverka også kompleksitet på smak. Dersom du berre vil ha ein enkel, vanleg te, gå for noko Earl Gray. Om du likar å smake på ulik mat og drikke, kan dette vere ei spennande reise. Sjå etter lange teblad og lite «rusk». Dette er høgkvalitets-te og er gjerne litt dyrare. Du kan gjerne kjøpe ein av kvar og samanlikne. Kanskje den rimelegare er kvardags-te og den dyrare til helgekos?

Kjøpe du ein god kvalitets-te kan du og trekke teen fleire gongar utan at den blir kjip. Hugs å gje teen god nok plass til å trekke.

Eingongsvaskeklutar

Eingongsklut til ansikt, hender er stort sett laga av plastmaterial. Ein stor utfordring med desse klutane er at dei er laga av plastmaterial og har gått frå å vere noko ein bruker no og då, til å vere sminkefjernar, ansiktsvask, desinfisering av overflate, vask av golv. Det mange gjer når dei er ferdig med klutane er å kaste den i toalettet. Kluten løyse seg aldri opp, og hopa seg saman med andre klutar som er kasta i toalettet. Det er forsøplande i seg sjølv, men er også med på å øydelegge avløpspumper. Det er lett å tenke at det er berre noko ein gjer av og til, men i sum blir det faktisk ganske mange klutar. Skal du bruke slike klutar, ikkje kast dei i toalettet. Den forsvinn ikkje sjølv om du ikkje lenger ser den.

Kva kan du gjere i staden?

Ihuga Zero Waste-entusiastar, lagar gjerne sine eigne gjenbruksklutar. Det er tøyklutar som blir oppbevart i ein lufttett behaldar, satt inn med vaskemiddel etter ynskje. Når klutane er brukte, blir dei vaska og satt inn i ein ny behaldar. Alternativ er vanlege tøyfiller og vanleg vaskevatn.

Snus og røyk

Snus blir sett på som eit naturmiddel, og mange kastar dessverre snut i naturen. Snus inneheld, om berre ein liten del, plast, so sjølv om du kastar snusen i naturen vil den ikkje kunne gå heilt tilbake til naturen. Tobakk har også ein historie bak seg der den blei brukt som plantevernmiddel. Det er nikotinen som skal vere det viktige verkemiddelet her. Ein ekstra god grunn til å kaste snus og røyk i søppla.

Røyksneipar kastast gjerne i vannlåsen, i buskene eller ut av vindauget. Ein tenke gjerne ikkje so mykje over det, men det er plastforsøling. I følgje Nicolas Mallos, direktør for Free Seas Program, består filteret i sigarettar av tusenvis av små plastpartiklar. Det er derfor svært uheldig at desse kjem ut i naturen.

Håpa du fant litt inspirasjon og nye tankar! Eg heiar på deg!

Har du sjølv tips som du vil dele? Del gjerne her eller på Grønare kvardag si facebook-side.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Melissa Askew

Jord – kvifor bry seg og korleis gjer kompostering kjekt?

Jord blir ikkje sett på som ein fornybar resurs ettersom vi forbruka jorda raskare enn ny jord kjem til. Men det er noko vi kan gjere for å auke mengda ny jord, nemleg å tilrettelegge for at det vi kastar frå oss som kan komposterast nettopp blir til jord! Det er utruleg nok framleis mange kommunar ikkje tilbyr kompost til sine innbyggara. I Bergen, som er Norges nest største by, går komposterbart avfall framleis i hushaldningsavfallet, som i praksis betyr at det blir brent. Sjølv om kommunen du bur i ikkje har system for å handtere komposterbart avfall frå hushaldninga,  er det heldigvis enklare enn nokon gong å kompostere heime.

«Nye» kompostmetodar gjer kompostering meir tilgjengeleg

Tidlegare var heimekompostering for dei spesielt interesserte med hage og økonomi til å investere 5000 kr eller meir i ein kompostbinge. I tillegg måtte ein gjerne «halde liv i komposten» ved å hive på rekeskal i løp av den kalde vinteren. I dag har vi tilgang på fleire luktfrie, budsjettvennlege og plassbesparande kompostar som i stor grad styre seg sjølv, som for eksempel den japanske fermenteringskomposten, bokashi. Her syltar ein komposten i ein lufttett behaldar, og fjerna difor den tradisjonelle forrotningsprosessen som frigjer blant anna den luktande gassen metan. Teoretisk sett vil denne komposten difor i liten eller ingen grad frigjer drivhusgassar.  Makkompost er også eit alternativ. Her fora ein makk med matrestane sine, slik at dei blir eten opp før dei rotnar. Makkompost seiast å vere «svart gull» ettersom gjødselen er so næringsrik. I motsetning til tradisjonell varmkompost, tiltrekke ikkje bokashi og makkompost seg skadedyr og insekt.

Kompostering av matavfall heime er ikkje lenger noko forbeholden folk med mykje plass, og interessa for dyrking av mat har skutt i veiret. Det å sjå matavfallet vårt bli til svart jord, fult av liv er noko heilt spesielt, og det å dyrke ny mat i det som har vore søppel er utruleg givande. Eg er klart ikkje aleine om å føle det slik. Frøleverandørar fortel at dei slit med å halde tritt med etterspurnaden.

Få jord av ditt eige matsøppel og spar torva

Du har sikkert fått med deg at mykje av jorda vi kjøper i butikken er eigentleg ikkje jord, men torv. Torv er ein viktig lagrar av CO2, so ved å grave ut torva for å selje den som jord, frigjer vi nettopp CO2. Sjølv om det har vore mykje fokus på at jorda vi kjøper i butikk inneheld torv er det framleis mykje brukt som jordforbetrar. Som hagejord er torv næringsfattig og må gjødslast jamnleg. Desse to typane «jord» er faktisk so forskjellige at du enkelt kan sjå det. Dersom du har tilgang på kompostjord og på torvjord, ta deg gjerne ein pause nett no og samanlikn desse to jordtypane. Du vil sjå at torvjorda er brun og heng lite saman. Den er mest truleg ingen liv i heller. Samanlikna du med jord frå din eigen kompost eller nokon du kjenner, vil du sjå at det myldrar av liv og at jorda er svart som natta.

Foto Neshlina Gunaydin

Korleis gjer kompost kjekt!

Heimekompostering er ein kjekk aktivitet for deg som er interessert i dyrking av mat, ynskjer å redusere avfallsmengda eller rett og slett ynskjer litt meir lågterskelaktivisme i kvardagen. Du kan lage kompost tilnærma gratis ved å spørr restaurantar, kafeear eller bønder om du kan få tette behaldarar i plast som du kan bruke til bokashikompost. Eller du kan kjøpe ein tett behaldar. Du treng ingen spesialbehaldar, men kjøp det om det er det som freistar mest. For å sikre at komposten blir fermentert må du ha bokashistrø. Det finn du hos dei fleste aktørane som sel ting til hage og planting eller Zero Waste-butikkar, du kan prøve å lage det sjølv (det tek fort 10 dagar) eller du kan bestille det frå Bokashi Norge.

Allier deg gjerne med ein ven eller familiemedlem om komposteringa, slik at det kan vere ein sosial aktivitet. Personleg får eg mykje glede over å tenke på kva eg skal plante i jorda, og lage ein planeplan for sesongen. Plantar eg har stor tru på denne sesongen (eg bur på vestlandet) er Lebanese White Bush, brokkoli Rasmus, Bondebønner – Ratio og ikkje minst min favoritt – Vinterportulakk, som er nydeleg i vårsalatar. Denne åt eg om lag til kvar lunsj i fjor vår!

Vinterportulakk er ein generøs plante som kan brukast som salat. Mild på smak. Blomstrene er søtlege. Foto: Kristine Ullaland.

PS. – før du kjøpe kompost, sjekk om din lokale renovasjon gjev økonomisk støtte. Fleire tilbyr opp til 1000 kr i støtte ved kjøp av kompost.

Masse lukke til!

Har du lyst til å nerde deg endå meir anbefala eg:

Les tidlegare innlegg om: bokashikompost og kva det er, makkompost og korleis lage ditt eige bokashistrø.

[Bok] Jordboka – det fantastiske universet under føtene våre, av Dag Jørun Lønning.

[Podcast] Zero Waste Nation; Why a Zero Waste society needs composting. Intervju med Finian Makepeace frå organisasjonen Kiss the ground. *reklame for eigen podcast.

[Bok] Kiss the ground – How the food you eat can reverse climate change, heal your body and ultimately save our world. Josh Tickell.

[Lydbok] Søppelfri: Mat. Kristine Ullaland. *Reklame for eigen lydbok

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Jonatan Adler

Top fem leste saker om korleis du kan få ein Grønare Kvardag

Er du nysgjerrig på kva hygieneprodukt du kan lage sjølv? Kva matavfall du har, som kanskje kan spire til ny mat? Eller kanskje du har lyst til å kutte plastfilmen og bytte den ut med bivokspapir? Bli inspirert av Grønare kvardag sine fem mest leste saker frå det siste året, og prøv noko nytt!

1. Lag di eiga såpe

Du er kanskje ein av dei som tenker at såpebar er mindre hygienisk? Men det er ikkje noko gode bevis som tilseie at dette stemmer, so lenge ein brukar såpa slik den skal – nemleg vask i min. 20 sekund, for so å skylje vekk såpa. På miljøsida er såpebar ein vinnar, fordi den er kompakt og konsentrert. I motsetning til flytande såpe er den svært vanskeleg å overdosere, og varer difor også mykje lengre. Du kan enkelt lage di eiga såpe som skummar mykje, med ingrediensar du lett får tak i, i ditt nærområde. Les meir om såpebar og korleis du kan lage di eiga her.

2. Spiring av matavfall

Mykje av plantevekstane vi et kan faktisk spirast! Kor kult er ikkje det? Purre og hjartesalat er eit av eksempla. Dersom du set rota i vatn og skiftar vatn kvar dag, og sjå korleis røtene spring fram. Då kan du plante den i jord om du vil, eller halde fram med å ha den i vatn. Mange vekstar har også frø som du kan plante på ny, slik at du får nye plantar heilt gratis. Dersom du tek deg ein runde på kjøkkenet finn du sikkert fleire alternativ, som for eksempel chili og paprika. Få fleire tips og inspirasjon ved å opne saka med den passande tittelen «Frå søppel til mat – spiring av matavfall».

Foto: Kristine Ullaland

3. Kutt plastfilmen og bruk bivokspapir i staden

For mange er plastfilm eit viktig hjelpemiddel på kjøkkenet. I mange tilfelle kan ein eigentleg kutte plastfilmen og i staden for eksempel legge ein tallerken over matrestane før ein sette det i kjøleskapet. Det er likevel mange som ikkje føle at dette er tilstrekkeleg og ynskjer ei tilsvarande forbruksvare som plastfilm. Då kan bivokspapir vere eit godt alternativ, og for å lage det sjølv treng du bivoks, eit tøystykke (helst med mønster) og ei varmekjelde. Tenke du dette er noko du ynskjer å lære meir om, kan du lese om bivokspapir og sjå oppskrift her.

Bilde av heimelaga bivokspapir. Foto: Kristine Ullaland

4. Lag ditt eige bokashi-strø!

Då denne saka først kom ut, var ikkje bokashistrø so tilgjengeleg som det er i dag (det gjeld forsovidt også bivokspapir), so i dag får du kjøpt bokashistrø på dei fleste butikkar som føre ting til hage. Dersom du høyre om bokashi for første gong nett no, er det ein japansk kompost der du syltar eller fermentera komposten, slik at du slepp lukt og skadedyr som ein ofte forbind med dei meir tradisjonelle kompostane. Du treng berre ein lufttett behaldar og bokashistrø for å komme i gang, og har du lyst til å gjere alt frå grunnen av, kan du faktisk lage ditt eige kompoststrø. Då treng du ris, melk, sukker, noko å sette serumet inn i, som for eksempel papir eller mesk – og så treng du tolmodigheit. Prosessen tek frå 1-3 veker. Men er du tolmodig er det eit artig prosjekt. Du kan lese meir her om korleis du går fram.

Heimelaga bokashistrø – før det er satt inn i papir/ mesk eller andre avfallsprodukt som du ynskjer å bruke. Foto: Kristine Ullaland.

5. Inviter makken inn – og gje den matrestane dine!

Då eg oppdaga kor mykje eg kasta, og såg etter tiltak for å redusere avfallet mitt var faktisk makkompost noko av det første eg begynte med. Det har eg flira litt av i ettertid, for det er mange ting som er mykje enklare å starte med dersom du ynskjer å redusere avfallsmengda (vi har ikkje tilbod om kompost gjennom kommunen). Men kva skal eg sei, eg var svært motivert til å starte med nettopp makkompost og då blei det slik. I dag brukar eg bokashikompost, men det som er veldig positivt med makkomposten er at du ikkje treng hage eller uteområde. Nokre entusiastiske kompostmakk-folk har til og med bygd om møblar til å huse makken. Det er mykje morro ein kan gjere, det er det ingen tvil om. Kanskje det er derfor denne saka er på top-fem lista det siste året. Les meir om makk og makkompost her.

Eit eksempel på korleis ein heimelaga makkompost kan sjå ut. Foto: Kristine Ullaland

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.