Kategoriarkiv: zero waste

Zero Waste-nyttårsfeiring

Skal du halde nyttårsfest i år, og ynskjer nokre tips til korleis du kan feire meir Zero Waste-vennleg? Her finn du sju tips til korleis du kan oppnå nettopp det.

Førebu deg

Tenk gjennom på førehand kva du treng til festen, og legg ein plan. Når ein tyr til for eksempel ein-gongs-emballasje eller kjøpe pynt som ein veit berre blir brukt ein gong, er det gjerne fordi ein ikkje har hatt tid til å planlegge på førehand og må ta kortsiktige val. Sjølv om det kanskje kan virke litt mykje, får du igjen for å sette deg ned med penn og papir, mobilen eller PCen og lage ei liste over kva du har, kva du treng og kva berekraftige produkt eller løysingar du kan gå for ved eventuelle nye innkjøp.

Dekor til festen

For mange er det å pynte til fest noko som gir mykje glede, og det kan vere lett å hive seg på nyttårspynt som ikkje vil bli brukt til neste år fordi det gjerne står 2022 på eller fordi pynten er av lav kvalitet. Sjå rundt deg heime, og tenk på korleis du kan gjenbruke pynt du allereie har på ein passande måte. LED-lyslenke er eit godt eksempel på noko som kan bidra til å skape fin stemning under nyttårsfeiringa. Putt det gjerne i ei flaske, ei korg eller ein vase du har heime.

Er du fan av vimplar, lag eller kjøp ein vimpel utan tekst, som du kan bruke i fleire anledningar. Dersom du vel å lage vimpel sjølv  av tekstil, kan du for eksempel ha eine sida i fargar som passar til nyttårsfeiring, og andre sida til bursdagsfest, sommarfest eller kva fargespekter du måtte føretrekke. Ved å henge vimpelen inntil ein vegg, vil det ikkje vere synleg at vimpelen er i «to stilar». Lyslenker er også fint å bruke som pynt i taket. Har du kanskje ei utdanka diskokule liggande på loftet? Dersom ikkje nyttårsafta er dagen for å ta den fram, når då?

Tekstilserviettar er både mogeleg å bruke på ny mange gonger, men gjer også ekstra stas på middagsbordet. Dersom du ynskjer å bruke serviettringar, men ikkje har noko liggande, kan du bruke silkeband eller ein fin hyssing, og pynte serviettane med ein kvist gran, fersk rosmarin, thuja eller anna grønt du har rundt deg.

Har de so mange gjestar at de treng bordnummer, kan de bruke ei tom saftflaske med dekor eller lys i, og klippe ut papirbitar som de limer/ teipar rundt glaset.

Lån det du manglar av vener eller familie

Ein utfordring dersom du skal ha mange gjestar, er gjerne å ha nok bestikk, service, koppar, glas med stett, stolar, langbord, gitar, eller kva du måtte trenge til nyttårsfesten din. Spør familie eller vener om du kan låne det du treng av dei. Dersom dei for eksempel sjølv skal vere med på festen din, passar det ekstra fint, for då veit du garantert at dei ikkje brukar det sjølv under nyttårsfesten. Dersom du bur i by, kan du og sjekke hygglo – som er ein slags finn.no for utleige i staden for sal. Her kan du kanskje finne langbord, stolar eller anna du måtte trenge til festen.

Grønne kvistar gjer seg fint som dekorasjon på bordet. Foto: Caroline Hernandez.

Gje gjestane moglegheit til å forsyne seg sjølv

Ved å gje gjestane moglegheit til å forsyne seg sjølv, kan ein redusere matsvinn. Det er ein fordel å servere på mindre middagstallerkenar dersom dette er eit alternativ. Dette er eit vanleg triks blant anna i hotellbransjen, som bidrar til at gjestane heller går fleire gongar å forsyner seg av maten heller enn å ta for mykje mat. Dette handlar ikkje om at gjesten ikkje skal få ete alt ein har lyst på, men at det er lett å overvurdere eigen evne til å ete alt ein tek på tallerkenen når ein ser mykje forskjellig mat ein har lyst på på ein gong. Det er heilt ok å oppfordre gjestane til å forsyne seg over fleire omgangar når ein starta måltidet, med det formålet å hindre matsvinn.

Gjer det enkelt for gjestane å handtere avfall riktig

Har du kompost heime? Ha klar ei skål eller tilsvarande i passe størrelse i vasken på kjøkkenet eller andre stadar du tenker det kan vere passande, slik at det er lett for gjestane å sortere matavfallet riktig. Det er dessverre framleis store forskjellar mellom ulike stadar om det er mogeleg å sortere ut matavfallet, so sjølv om det kan vere sjølvsagt for deg er det ikkje sikkert det er sjølvsagt for gjestane dine. Dersom det er anna sortering eller avfall som vil bli kasta, tilrettelegg for gjestane slik at dei enkelt forstår kva som skal sorterast kor.

Tøyserviettane du brukar heile året, kan «fargars raude» med tørka bær eller eit silkeband. Foto: Getty Image

Pynting av deg sjølv

Vi har i snitt 350 plagg i klesskapet, men føler gjerne at vi ikkje har noko å ha på oss når vi ser i skapet. Dersom dette er noko du kjenner deg att i, vil eg anbefale at du bygge opp ein kapselgarderobe der plagga er gjennomtenkte og tilpassa snitt, stil og fargar som du føretrekke. Det mest miljøvennlege er å bruke festplagg du allereie har i skapet heime. Dersom du ved første tanke avkreftar at du har noko du kan bruke, vil eg oppfordre deg til:

  • Ta ut alle plagg i skapet som er festplagg og legg dei utover senga slik at dei er synlege.
  • Prøv eit og eit antrekk/ kjole/ dress etc. Kanskje ser du noko du hadde gløymt eller plutseleg føler deg vel i kjolen du kjøpte på salg i 2014, men aldri brukt.
  • Finn du eit basisplagg, sjå på tilbehør som kan passe til og prøv det på. Dette er ein fin måte å sjå tinga dine i eit nytt lys.
  • Dersom du ikkje finn noko i skapet – sjekk om du finn noko brukt eller spør ein ven som har eit plagg du likar og er i ca. same størrelse.

Matrestar etter festen

Vi har alle vore der, med matrestar som tek dagevis å fortære. Sjølv din favorittrett kan bli litt i meste laget om du et den ein til to gongar dagleg over fleire dagar. Det er derfor lurt å fryse so mykje av matrestane som du kan, og hugs å merk maten godt slik at det ikkje ender opp som ein U.F.O. i frysaren (Uidentifisert Fryst Objekt). Er det mat som ikkje kan frysast, eller kanskje du er ein svært sosial type, inviter på restefest etter nyttårsfesten og få eit bonus-kalas, som det kallast på fint.

Eg håpa du fant noko inspirasjon her. Hugs å tenk progresjon heller enn perfeksjon. Blir du overvelda av alt du må tenke på, velg deg ut 1-3 ting du vil fokusere på. Som the Zero Waste-chef har sagt so fint, so treng vi ikkje eit knippe mennesker i verda som lev perfekte Zero Waste-liv, men ein haug av folk som lev uperfekte Zero Waste-liv. Eg håpa du får ei riktig fin feiring i år. Takk for året som gjekk og so sjåast vi til neste år!

Alt godt,

Kristine

Toppfoto: Ian Schneider

Ei grønare jul

Jula nærmar seg med stormskritt, men korleis forene årstida som trona forbruksstatistikken med din berekraftige livsstil? Få tips til korleis du kan feire meir i tråd med Zero Waste, med desse enkle tipsa.

I år er nok mange meir svoltne enn nokon gong på å kunne feire med familie og vener, etter to år med pandemi. Og etter eit eller to år der ein kanskje ikkje har kunne feira som før, gir det jo opning til å kunne etablere nye vaner, som kan bidra til mindre søppel i høgtida. Det er nemleg forska ein del på dette med endring av vaner. I følgje boka «How to Change» av Kathy Milkman (2021) kan ein ny start vere ein katapult for endring. Det kan vere små eller store ting, som for eksempel starten på eit nytt semester, eit nytt år, ei ny veke, ein ny bolig og so vidare. So med andre ord, i år er ein gyllen anledning å få med deg familievener og andre du feirar med, til å gjere små eller større endringar i ein grønare retning. Vel ut ein eller fleire av tipsa under, og hugs at progresjon er viktigare enn perfeksjon!

Berekraftig julepynt

Led-lys som julebelysning

Dersom du har gamle julelys, kan det vere på tide å skifte til led-lys. Desse brukar i snitt 75% mindre energi. Det anbefalast også å bruke ein timer på julelysa, slik at dei ikkje står på meir enn nødvendig. Dette er også i tråd med anbefalingane frå brannvesenet for å førebygge brann. Du får no tak i veldig gode og brukarvennlege timerar, som du kan styre med telefonen. Når du ikkje lenger treng timeren til julepynten, kan du flytte den over til andre gjeremål som er nyttige andre deler av året. Kanskje du vil at kaffetraktaren skal starte å trakte kaffi når du vaknar, eller at ladaren på mobilen skal skru seg av etter 2 timar. Personleg har eg timer knytta til alt av elektrisk utstyr som eg brukar på jobb, for å unngå å sitte lengre enn eg skal. Slit du med det same? Då kan dette vere ei god løysing for deg også.

Heimelaga pynt til treet og anna juledekorasjon

Å samle fleire for å lage julepynt kan vere ein koselig aktivitet, og det er mykje fint ein kan lage av ting ein enten har heime eller har i naturen rundt seg. Har du tatt vare på julepapiret frå i fjor? Lag fin dekorasjon av den!

Andre idear til heimelaga julepynt er julestjerner til tre av pinnar, tørka frukt til treet, pynta pepperkaker med snor i, og kongler. Det er ingen ting i vegen med å kjøpe julepynt, men tenk langsiktig og vel noko du vil bruke over lengre tid. Det er også veldig mykje fint på bruktmarkedet, so sjekk for eksempel ut Finn.no for ditt favorittmerke eller stil.

Innpakning av julegåver

Eg har tidlegare laga fleire postar om kva du kan gje i staden for fysiske gåver, men dersom du skal gje fysiske gåver i år, kan du pakke dei inn gamle sjal, tøyposer og du kan gjenbruke julepapir frå gåver du har fått sjølv. Dersom du skal gje gåver til nokon der det ikkje passar med tøy som emballasje, kan du bruke gråpapir. Aviser kan også fungere som emballasje, og det er mogeleg å gjere det fint og koseleg, sjølv om du kanskje rynkar litt på nasa når du les dette. Eg lovar!

Er du ein som samlar på esker, som du kanskje eigentleg ikkje treng? Då kan dette også fungere som ein fin innpakning. Den japanske innpakningsteknikken furoshiki er populær blant mange som engasjera seg i Zero Waste. Det er ein måte å bruke sjal til å pakke inn gåver, og du kan bruke eit heilt enkelt, vanleg sjal, eller ein formsydd pose. Kanskje gåva kan pakkast inn i seg sjølv? Eg er skamlaus, og ikkje framand for å be om emballasjen tilbake, dersom eg ynskjer det, men det er lettast med personar som du feirar saman med eller når du gjev ein fødselsgåve, barselsgåve etc. og er der når pakken blir pakka opp. Dersom du likar å sy, kan du sy ein tøypose til å bruke for emballasjefri handel og pakke inn gåva med den. Du finn oppskrift på slike posar her.

Det er også lov å stille spørsmål om gåva treng innpakning.

Unngå å gje gåve som blir returnert

Det kan opplevast som litt direkte å be eller gje ei ynskjeliste til dei du skal utveksle gåver med, men det er faktisk eit aukande problem med retur av varer, då spesielt varer som er kjøpt på nett. Ein måte å unngå å gje ei gåve som vil bli bytta er rett og slett å få direkte beskjed kva folk ynskjer seg til jul, og gjerne so spesifikt som mogeleg. Eksempel på det er farge, fasong, merke eller anna er viktig. Er ynskje «ein rød sokk» eller eit spesifikt par røde sokkar frå ein spesifikk butikk? Klesbransjen er av dei bransjane som sel mest før jul, etter daglegvarebutikk, og det er venta at dei får ein del returar etter jul, sjølv om vi dessverre ikkje har spesifikke tal. Er du sikker på størrelsen du skal kjøpe? Slike ting kan vere lurt å dobbeltsjekke.

Foto: Getty Image. Det kan fort bli gåvebonanza når ein skal gje gåver til born. Tenk langsiktig når du kjøper noko. Er du på budsjett kan du framleis tenke langsiktig. Er det dyrare gåver som står på ynskjelista, kanskje fleire kan slå seg saman om gåva?

Juletre – plast eller ekte? Kva er mest berekraftig?

Då vi var små og henta juletre i skogen, blei det henta nokre dagar før det skulle i hus, slik at snøen fekk tid til å smelte av før vi tok det inn. Når det først kom inn på lillejulafta for pynting, var det berre å passe på at det fekk nok vatn, slik at det ville vare til over nyttår. I dag begynne folk å pynte juletre tidleg i desember, og nokon allereie i november. Med mindre du har treet ditt i potte, vil ikkje ekte tre klare seg like lenge utan å drysse, samanlikna med eit plasttre. Plasttre har blitt meir og meir natturtru og det er ikkje alltid like lett å sjå om treet er ekte eller ikkje.

Forsking peikar litt i ulik retning når ein samanlikna ekte juletre mot plasttre, men i følgje The American Christmas Tree Association (2010)  tek det minst 10 år med bruk av eit plasttre før det er eit betre val enn eit ekte juletre. Nokre hevdar at treet må brukast i so mykje som 20 år, før det er eit betre val. Dersom du tenker at juletre i plast kan resirkulerast, må eg dessverre skuffe deg. Dei er oftast laga av PVC og kan ikkje bli resirkulert og vil bli restavfall den dagen treet kastast.

Ekte tre er heller ikkje heilt problemfrie. Det blir ofte argumentert for at ekte tre er eit godt val fordi tre tek opp carbon. Det er ueningheiter om tre faktisk tek opp meir karbondioksid enn dei slepp ut dei første 20 åra. Juletre blir kutta tidlegare enn dette, for å unngå at dei blir for store. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, sjekk ut denne rapporten; «The comparative Life Cycle Assesment (LCA) of Artificial vs. Natural Christmas Tree».

Foto: Osman Rana. Fun fact: Grantre får først kongler når den er 20-40 år.

For nokre er ikkje juletre so viktig, så då kan det vere eit alternativ å erstatte det med eit alternativt tree eller eliminere juletre som konsept.

Veiledningsliste for deg som står mellom plast og ekte tre:

  1. Er det viktig for deg å ha juletreet ståande framme i heile desember? – Ja/ Nei
  2. Dersom du kjøper eit juletre i plast, vil du bruke det i mist 10 år før du kastar det? – Ja/ Nei
  3. Har du oppbevaringsplass til eit nedpakka juletre i plast? – Ja/ Nei
  4. Går det fint å ha produkt i heimen som kan bidra til mikroplast? – Ja/ Nei

Dersom du fekk flest ja – passar juletre i plast best for deg. Fekk du flest nei passar ekte juletre best for deg. Dersom du går for ekte tre, kan du vurdere om du skal gå for ei i potte. Det er per i dag berre i mindre størrelsar, og fåast kjøpt hos aktørar som har større utval av planter. Spør gjerne om råd om korleis du best kan ta vare på treet om du får for potte, og hugs å venne treet til utetemperaturer gradvis når du sette det ut etter jul.

Les tidlegare post om juletre her.

Ynskjer deg ei riktig fin og litt meir berekraftig jul!

Alt godt,

Kristine

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og har blitt støtta gjennom Patreon til og med hausten 2022. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Mange av dykk har bidratt over lengre tid og gjort det mogeleg og Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Desse postane blir blant anna brukt i undervisning i skular, både i inn og utland. Takk!

Patreon er ikkje aktiv fra og med desember 2022, på grunn av andre prosjekt.

Toppfoto: Isabelle Kramer

[DIY] Søppelfri salve for klatrehender

Klatring er ein aktivitet som tære på handflata, og du får gjerne raskt ru og tørr hud. Ein feit salve med bivoks kan vere ein god redning, og dersom du har laga nokre av dei andre oppskriftene her på Grønare kvardag, har du kanskje allereie alle ingrediensane i skapet heime. Oppskrifta er grunnleggande, og du kan gjerne prøve deg fram med andre oljer om du ynskjer å bruke det i staden for olivenolje. Jojobaolje, avokadoolje og kokosolje kan vere gode alternativ. Hvetekimsolje, som er rik på E-vitamin, er også eit godt alternativ. Oppskrifta er antiseptisk og held lenge.

Fordelen med å lage sin eigen salve

Det er fleire fordelar med å lage sin eigen salve. Du har full kontroll på kva ingrediensar salven inneheld og kan velge ingrediensar basert på dine haldningar og verdiar. Du kan etter kvar som du blir meir erfaring, justere oppskriftene slik at dei passar dine behov og preferansar. Mange av oppskriftene du finn på Grønare kvardag består av dei same ingrediensane, men med ulike blandingsforhold. Det betyr at du får mange ulike produkt av dei same ingrediensane, noko som også er økonomisk gunstig.

Foto: Kristine Ullaland. Salven blir kvit og er har ein hard konsistens. Den egnar seg derfor også som fuktbar (som eit såpestykke), dersom du føretrekke det.

For å lage din eigen klatresalve treng du:

Shea-smør (shea butter) – 20 gram

Kan kjøpast hos din lokale Zero Waste-butikk eller helsekostbutikk. Kjem vanlegvis i glas med lokk i metall. Kjøp rå og uraffinert sheasmør, dersom du har dette tilgjengeleg. Alternativ to er å bruke raffinert sheasmør.

Olivenolje – 20 gram

Olivenolje (ekstra jomfruolje/ extra virgin oil) får du stort sett i glas eller metall hos din lokale daglegvarebutikk. Hugs at olivenolje bør oppbevarast i farga glas eller lystett behaldar (som tildømes metall). Står valet mellom ei blank flaske og ei brun flaske jomfruolje, velg alltid den brune flaska. Den vil ha betre haldbarheit og innhaldet er stort sett av høgare kvalitet. Nokre Zero Waste-butikkar sel også olivenolje i lausvekt, dersom du ynskjer å kjøpe oljen i eigen behaldar. Internasjonale matbutikkar sel gjerne olivenolje i større dunkar. Dette er kostnadseffektivt dersom du brukar mykje olivenolje. Dunkane er i metall og er lystette. Du kan sortere dei som metall etter bruk eller bruke ein boksopnar til å opne toppen, og bruke behaldaren til ein plante.

Bivoks – 20 gram

Bivoksen eg har brukt (som du ser på bilde) kjøpte eg før det blei kjent at det er mangel på norsk bivoks. Du vil derfor ikkje få tak i bivoks som ser lik ut (med mindre den er importert frå utlandet), ettersom den per i dag er forbeholdt norske birøktarar. Det er likevel mykje god bivoks å få tak i. Dette kan du finne på lokale Zero Waste-butikkar, kosthaldsbutikkar og hobbybutikkar (digitalt alternativ). Kjøper du bivoks fra din lokale hobbybutikk, sjekk at bivoksen kan brukast til kosmetikk.

Foto: Kristine Ullaland. Bivoks før smelting.

Tetreolje (tea tree oil) 1 dråpe

Tetreolje seiast å vere antiseptisk, og har røter til den australske urbefolkninga, Aboriginane. Tetreolje får du kjøpt fleire stadar, frå kosthaldsbutikkar til butikkar som The Body Shop. Merk at tetreoljen er svært sterk og må blandast ut etter anbefalinga på flaska til oljen. Nokre aktørar har allereie blanda ut olja, so sjå på etiketten på flaska før du brukar den, slik at du ikkje risikera at du får for høg konsentrasjon av tretreolje i kremen. Kjøper du den rein, ver merksam på at den er giftig ved små mengder og må derfor handterast med forsiktigheit. Er du ikkje so erfaren med heimelaga oppskrifter til hud og hår, anbefalast det at du kjøper ferdigutblanda løysing først. Eg meina å hugse at The Body Shop sin versjon er ferdigutblanda, men sjekk dette direkte ved eventuelt kjøp. Behaldaren kjem i glas med plastskrukork.

Sitrongras (Lemon gras) – 1 -3 dråpar (kan sløyfast)

Sitrongras blir ofte brukt saman med tetreolje, for å bidra til at den luktar godt. Sitrongras har ein frisk duft og blir brukt i produkt til velvære og vasking. Du treng ikkje sitrongras for denne oppskrifta, men personleg synast eg at den blir endå betre. No er dog sitrongras ein av mine favorittlukter. Behaldaren kjem i glas med plastskrukork, og du får stort sett kjøpt dette på din lokale helsekost.

Slik går du fram

For å smelte bivoksen, treng du eit dampbad – also ei skål som toler varme, som du kan sette i ein kjele med oppvarma vatn. Det er ein fordel å varme opp bivoksen sakte, gjerne på halv varme, saman med sheasmøret. Rør inn olivenoljen, eller den oljen du har valgt, når bivoksen og sheasmøret er smelta. Tilsett so tetreoljen og eventuelt sitrongrasoljen. Rør blandinga godt saman og hell den over i eit glas med tett lokk og sett det kjølig/ i kjøleskapet.

Foto: Kristine Ullaland. Slik vil fuktbar-versjonen sjå ut, dersom du vel å lage salven slik. Oppbevar i ein tett boks for lengre haldbarheit.

Dersom du føretrekke fuktbar – kan du helle blandinga over i ei såpeform i silikon, isbitform i silikon eller eventuell ein tom melkekartong. Dersom du vel sistnevnte, kan du med fordel tredoble oppskrifta, slik at såpebaren får litt fylde og ikkje blir for tynn og brekk med ein gong. Personleg likar eg å prøve produkt før eg lagar større mengder, men dersom du føler deg sikker på at dette er ei oppskrift som passar dine behov kan du fint lage ein større mengde.

Ettersom salven inneheld bivoks og tetreolje, har den vanlegvis svært god haldbarheit og kan fort halde eit år. Men som med alle heimelaga produkt, bruk skjønn. Dersom produktet endra lukt eller farge, kan det bety at den har blitt dårleg.

Bruk

Dersom du lagar denne som fuktbar, kan du gni den i hendene og gje gjerne salva nokre minutt å trekke inn i huda. Har du salven i eit glas, kan du skrape av ein bit og gni i handflata. Salven smeltar når den blir oppvarma av hudflata.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Gregory Hayes

Zero Waste-linfrøgelé for krøllar

Har du krøllar og engasjera deg for enkle produkt laga av kjente råvarer, er det ikkje utenkeleg at linfrøgelé er din nye favoritt. Til denne oppskrifta på linfrø-gelé treng du berre to ingrediensar – ein favoritt blant tilhengarar av Curly Girl-metoden.

Du har kanskje allereie sett video eller bilde av at nokon lagar linfrøgelé? Den ser ikkje veldig appetittvekkande ut, men det treng den heldigvis ikkje heller for den er jo for håret. Og når du ser kva påverknad den har på å samle fall og krøllar, so er det fort gløymd.

Eg har sjølv eit hår som skiftar mellom krøllar og fall, og eg har etterkvart også fått mykje grått hår. Denne linfrøgeléen har verkeleg hjelpt meg å gjere håret meir samarbeidsvillig utan at eg treng å bruke meir tid. Slit du med å finne naturlege ingrediensar til å temme ditt hår so kanskje linfrøgelé kan vere tingen for deg også.

Foto: Annie Stratt. Linfrø er noko du gjerne allereie har i skapet heime.

Dette treng du

Ein kjele

Linfrø

Vatn

Sil med tette masker

Liten boks/ glas med tett lokk

Noko å fryse geléen i – ideelt sett form til isbitar/ såpeform (alternativt)

Syltetøyglas eller liknande til å oppbevare dei fryste isbitane med gelé (alternativt)

Oppskrift

0,5 dl linfrø

5 dl vatn

Gjev ca. 2,5 dl gelé. Doble gjerne oppskrifta om du har mykje hår.

Slik gjer du

  1. Mål opp dei to ingrediensane og hell dei i ein kjele.
  2. Kok opp på middels varme.
  3. Rør jevnlig til den har fått gelé-konsistens.
  4. Sett kjelen til sides og la geléen kjølne
  5. Sil ut frøa
Foto: Kristine Ullaland. Ved å helle geléen over i ei isbitform og fryse den, er det enkelt å ta opp gelé etter kvart som det passar.

Korleis bruke geléen?

Det er litt forskjellig veiledning til korleis ein får best resultat av linfrøgeléen, og eg trur dette har med at ulike hårtypar kan reagere litt ulikt.

Geléen brukast på nyvaska hår, og fordelast jamnt over heile hovudet. Håret kan følast stivt og flatt til det er tørt, og då klappar ein forsiktig over det til krøllane kjem fram. Dersom du har meir fall og tynt skandinavisk hår, kan det vere nok at du berre dyppar nyvaska fingrar i geléen for so å fordele det utover håret. Du vil då ikkje få stivt hår på same måt, men kan likevel få ein fin effekt av geléen. Prøv deg fram!

Haldbarheit

Som mange heimelaga produkt utan konserveringsmiddel har linfrøgeléen også noko kort haldbarheitstid – nemleg 1 – 2 veker i kjøleskap. Dette løyser du ved å lage meir enn du vil bruke dei neste 1 – 2 vekene, og fryser det i små silikonformer, isbitformer eller tilsvarande som du har heime. Når geléen er fryst kan du ta dei ut av forma og ta dei på eit syltetøyglas og putte dei tilbake i frysen. På den måten kan du hente ut ein eller fleire bitar ved behov.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Paul Siewert

Er fossilkle framtida?

Hadde det ikkje vore til god hjelp om nokon gjorde jobben for deg når du skal vurdere nye ting til garderoben din, slik at du ikkje sjølv trong å gjere mykje research for å finne ut nettopp kva tekstil og klesplagg som var mest berekraftig? EU har starta arbeidet med å lage ei miljømerking til nettopp tekstil. I arbeidet med å utarbeide kriteria for denne miljømerkinga har dei invitert inn bransjen sjølv. Når ein no ser på det foreløpige arbeidet ser det ut til at mektige aktørar innan tekstilbransjen har satt narrative i sin favør. Forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp held ikkje tilbake når ho seier at dersom dette miljømerket blir lansert slik som det ser ut i dag vil det vere verdas største grønvaskingsprosjekt (sjå hennar innlegg nederst i saka).

Kva er det EU planlegg?

EU-kommisjonen har lag fram eit forslag om å bruke metoden Product Environmental Footprint (PEF) som grunnlag for rangering av miljø- og klimafotavtrykk til sko og kle. Arbeidet med PEF for bruk i denne samanhengen var til høyring i haust, og er i stor grad klar til bruk. Formålet er å gjere det lett for blant anna forbrukaren å velje produkt med lavt fotavtrykk.

Det rammeverket for utrekning av miljø og klimafotavtrykk som ligg til grunne per no, vil føre til at syntetiske material vil bli framheva som gode miljøval. Naturlege material vil på den andre sida komme på andre sida av skalaen, nemleg dårleg ut.

Kort forklaring på kva Make The Label Count-kampanjen jobbar for.

Forslaget frå EU-kommisjonen har møtt sterk motstand, blant anna frå ein internasjonal koalisjon av organisasjonar som står  bak kampanjen; Make the Label Count fordi metoden PEF blir ansett som ein ufullstendig metode i arbeidet med å rekne ut påverknaden kle og sko har på miljøet. Grunnen til det er for eksempel at PEF ikkje tek i mente viktige faktorar som påverkar berekraft. Dette kan bidra til å villeie forbrukaren til å tru at klesplagg er meir miljøvennleg enn det som faktisk er tilfelle, men kva kan gjerast for å gjere denne utrekninga meir representativ?

Kva kan bidra til å gje eit meir reelt bilde av klesplagg sitt klimaavtrykk?

I følgje Make the Label Count er det fleire tiltak ein kan gjere for å få eit betre bilde av miljøpåverknaden til kle (besøk deira nettside for å få direkte oversetting):

Inkluder mikroplastforureining

Det er etterkvart velkjent at kle avgjer fiber både i bruk og ved vask. Når desse kleda er laga av tekstil som ikkje er naturleg, vil det bety at plagga avgjer mikroplast som vil ende i naturen. For å gje eit reelt bilde av kor berekraftig eit plagg er, er det viktig å ta i berekninga om plagget bidrar til mikroplastforureining.

Foto: Daniel Spase

– Kan plagget gå tilbake til jorda eller tilbake til produksjonssirkelen?

Den sirkulere naturen til naturfiber er ikkje tatt med i betraktning PEF. Tekstilar som består av reine naturmaterial (100% ull, silke, bomull, lin. hamp etc.) kan i teorien komposterast og bli til jord. Syntetiske, fossilbasert tekstil vil aldri gå tilbake til jorda og kan bidra til mikroplastforureining til jord, luft og vatn.

– Inkluder kor lenge er plagget i bruk

Å ha med plaggets brukstid i rekneskapen når ein skal rangere kor miljøvennlege kleda våre faktisk er, er ein viktig faktor som per i dag ikkje ser ut til å vere ein del av EU-kommisjonen sin plan. Plagg som har lang brukstid er meir berekraftige enn kle som har kort brukstid. Kle av reine material blir ofte brukt over lengre tid enn kle som er laga av syntetiske material. Les meir om teori tilknytta forbruk frå tidlegare blogginnlegg.

Foto: Frantisek Duris

– Inkluder alle utslepp relatert fossile kjelder

Medan naturfiber si utrekning inkludera alt frå drivhusgass, land og vassforbruk, blir ikkje miljø- og klimafotavtrykket til fossilbasert tekstil utrekna på same måte. Utrekninga av klimafotavtrykket til fossilbasert tekstil inkludera ikkje «raw material formation», noko som føre til at fossilbasert tekstil kjem urettmessig ut som eit meir berekraftig val enn naturleg tekstil. Fossilbasert tekstil er definitivt vinnaren dersom EU-kommisjonen får gjennom bruken av PEF slik den står i dag. Det er viktig at dei tek med heile produksjonslinja i utrekninga av miljø og klimafotavtrykket til fossilbasert tekstil.

– Inkluder produksjonspraksis

Vurdering av fiberproduksjonen skjer utan at det blir tatt inn i berekninga om det har blitt brukt berekraftige landbruksmetodar. Her går det tapt ein viktig moglegheit til å stimulere til berekraftig landbrukspraksis, og EU legg ikkje til rette for oppnåing av sitt eige mål om å beskytte og oppattrette naturlege økosystem.

– Sosial påverknad

Den sosioøkonomiske påverknaden av fiber og tekstilproduksjon er ikkje tatt i betraktning i PEF-metoden. For å få eit berekraftig samfunn må vi vi også ta den sosioøkonomiske påverknaden i betraktning.

Makethelabelcount.org

Sterkt innlegg frå professor Ingun G. Klepp, OsloMET.

Fossilkle er ikkje framtida

Det er viktig å bruke på ny resursar vi allereie har i forbruksloopen, men som Make the Label Count-kampanjen viser, gjev ikkje EU-kommisjonen sitt arbeid det heilskaplege bilete av klimaavtrykket til tekstil slik det står skissert no. Dersom EU-kommisjonen går vidare med dette arbeidet utan å gjere endringar kan det få store følger for naturleg tekstil, som risikera å bli utkonkurrert av fossilbasert tekstil, på tross av dei nevnte negaitve konsekvensane over, som til dømes opphavet til fossiltekstil og at det avgjer mikroplast. Dersom det ikkje blir gjort endringar risikera vi at tradisjonsplagg som bunad vil bli merka som miljøversting, sjølv om dette er eit antrekk i naturtekstil som vi brukar over mange år, og som gjerne går i arv. Følg gjerne arbeidet til denne kampanjen og vis ditt engasjement, dersom dette er noko som er viktig for deg. 

Svolten på meir?

Har du lyst til å nerde deg i forbruksforsking? Sjekk ut nettstaden Klesforskning for meir info.

Les Tone Skårdal Tobiasson og Ingun Grimstad Klepp sin kronikk i tekstilforum: EU truer bunaden.

Ynskjer du informasjon og inspirasjon til korleis du kan få ein meir berekraftig, lettstelt garderobe? Sjekk ut boka Lettstelt her.

Sjekk ut intervjuet eg gjorde for ZERO WASTE NORGE med berekraftskonsulenten Anne Blirup, som står bak Sustainaware. Intervjuet har tittelen; A circular approach to textiles.

For eit meir historisk perspektiv rundt forbruk kan intervjuet eg gjorde for ZERO WASTE NORGE med historikaren Susan Strasser vere spennande for deg; What can we learn from our history.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Hanna Morgan

Zero Waste body butter

Hyppig bruk av antibac og handvask kan føre til tørre hender. Då kan ein god, feit krem være til hjelp. Med fire enkle ingrediensar kan du enkelt lage dette heime.

Dette treng du:

Kokosolje, helst uraffinert.

Du får kjøpt kokosolje på store daglegvarebutikkar, Zero Waste-butikkar, helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Flott om den er uraffinert, men om du har raffinert i skapet heime kan du heilt fint bruke den.

Mandelolje

Helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Nokre Zero Waste-butikkar kan ha dette. Eg har kjøpt min på Kinsarvik i Bergen.

Sheasmør

Helsekostbutikkar, nokre internasjonal matbutikk og Zero Waste-butikkar kan ha dette.

Kakaosmør

Helsekostbutikk og nokre Zero Waste-butikkar.

Stavmiksar eller handmiksar

Eit tett glas til å ha kremen på, fortrinnsvis i glas. Små marmeladeglas passa ofte fint, dersom du har noko slikt liggande.

Kokossmør er hardt, i motsetning til sheasmør og kokosolje, men smelta raskt under oppvarming. Foto: Kristine Ullaland

Oppskrift

Oppskrifta er svært enkel. Du treng:

1 del kokosolje

1 del mandelolje

1 del sheasmør

1 del kakaosmør

Korleis gå fram?

Eg har brukt 1 spiseskei av kvar ingrediens, men om du ynskjer mindre mengde krem kan du gå ned til spiseskje.

Ta alle ingrediensane i ein bolle som toler varme, og sett bollen i vannbad. Sett komfyren på lav varme slik at ingrediensane begynne å smelte. Rør til alle ingrediensane har løyst seg opp og sett bollen i kjøleskapet. La den stå ca. ein time.

Når blandinga er smelta og heilt blank, sett den i kjøleskapet i ca. ein time. Dekk gjerne over med noko, som for eksempel ein tallerken eller eit tefat. Foto: Kristine Ullaland

Etter ein time bør ingrediensane vere stivna. Dersom dei ikkje er det, la bollen stå litt lenger.

Etter ein time i kjøleskapet vil blandinga vere stiv. Bruk handmiksar eller stavmiksar for å oppnå krema konsistens. Foto: Kristine Ullaland

Når blandinga er stivna, bruk handmiksar i blandinga (eventuelt stavmiksar om du ikkje har handmiksar). Denne delen kan ta nokre minuttar, men du vil etter kvart sjå at blandinga begynne å bli kvit og får ein kremette konsistens. Når heile blandinga er krema er du ferdig!

Hell blandinga over på glas og voilà – kremen din er klar!

NB – ikkje la kremen stå i sol eller utsett den for varme. Den vil då smelte og den krema konsistensen vil forsvinne. Ver obs dersom kremen skiftar lukt, farge eller konsistens. Sjølv om ingrediensane er naturlege, kan ein likevel reagere. Prøv gjerne ut kremen på ein liten plass, for eksempel på handleddet, før du smøre heile kroppen. Er du i tvil, forhøyr deg med din lege.

Kremen held seg fint i 6 mnd. i romtemperatur.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ting du ikkje visste bidrar til plastforureining

Mange av tinga vi tenke på som ein del av kvardagen kan bidra til unødvendig forsøpling. Sjå om nokon av tinga på lista under er nokre av dine favorittar.

Tyggis!

Mange er nok ikkje klar over at tyggis er plast. Litt meir forklart er det laga av syntetisk gummi som er laga av råolje (same som gummistøvlane dine). Det er derfor du kan tygge den same tyggisen i timesvis. Når du spytta tyggisten på bakken, blir det derfor slike kvite tyggismerker fordi det er eit syntetisk produkt og vil ikkje bryte ned slik vanleg mat gjer. Det er anslått 100.000 tonn tyggis kjem på avveie årleg, og dette bidreg til plastforureining, i følgje Just One Ocean.

Tyggis er ikkje noko nytt – berre innhaldet

Menneske har tygd tyggis-liknande ting i tusenvis av år, i følgje Just One Ocean, som viser til grekarane brukte resin frå mastick treet, medan aztekarane og mayafolket brukte ein type tresevje. Det same gjorde indianarane, som tygde harpiks, ei vane som også nybyggarane tok til seg.

Chicle, som er eit gummiliknande stoff som er utvunne av sapodilletreet, var fram til 1950-åra den føretrekte ingrediensen. Den store etterspørselen etter tyggis gjorde det vanskeleg å finne nok råvarer og blei etterkvart erstatta med syntetiske produkt.

Det er framleis mogeleg i dag å få tak i tyggis laga av naturlege råvarer, som sapodilletreet. True Gum er ein slik forhandlar, som du finn i fleire helsekostbutikkar og nokre Zero Waste/bærekraftsfokuserte butikkar.

Eg er ikkje kjend med kva emballasje True Gum er kjem med, og korvidt den kan resirkulerast.

Te-pose

Visste du at ein tepose kan gje teen din meir enn berre god smak? Kanadiske forskarar har funne at nokre plast-teposar avgir høge nivå av mikroplast i vatn. Medan dei fleste teposar er laga av papir, plast er brukt til å forsegle posen har premium te i postar i stor grad gått over til pyramideforma posar. Denne formen skal i følgje produsentane gje teen betre mogelegheit til å trekke. I forsøket fant forskarane at ein einsleg tepose avga 11.6 bn mikroplast og 3.1. bn nanoplast til vatnet. Menga partiklar desse posane avga er mykje høgare enn tidlegare rapportert i forbindelse med plastforureining og mat.

Kva kan du gjere?

Kjøp te i lausvekt eller utan te-pose. Kva som er tilgjengeleg og riktig løysing for deg vil vere avhengig av kvar du bur og om du har veldig spesifikke preferansar når det kjem til smak. Det finnast jo ei mengde av ulike te-typar og smakar, so det kan jo vere ein fin anledning til å prøve litt nye ting. Kanskje du finne ein ny favoritt? Dersom du bur i ein by har du mest truleg ein eller fleire butikkar som sel te i lausvekt. Dersom du ikkje har det, kan du kjøpe te utan te-posar, som selgast f.eks. på Kremmerhuset eller tilsvarande butikkar. Emballasjen kan dessverre ikkje resirkulerast frå Kremmerhuset. Dersom du har ein innvandrersjappe kan du finne større kvantum med te, men ver obs på at te i blanke posar gjerne har lågare kvalitet. Te er ferskvare og skal oppbevarast mørkt.

Kvalitet på te

Dersom du går på ein butikk som Reindyrka, vil du sjå at det er ulike kvalitetar på teen. Det påverka pris og påverka også kompleksitet på smak. Dersom du berre vil ha ein enkel, vanleg te, gå for noko Earl Gray. Om du likar å smake på ulik mat og drikke, kan dette vere ei spennande reise. Sjå etter lange teblad og lite «rusk». Dette er høgkvalitets-te og er gjerne litt dyrare. Du kan gjerne kjøpe ein av kvar og samanlikne. Kanskje den rimelegare er kvardags-te og den dyrare til helgekos?

Kjøpe du ein god kvalitets-te kan du og trekke teen fleire gongar utan at den blir kjip. Hugs å gje teen god nok plass til å trekke.

Eingongsvaskeklutar

Eingongsklut til ansikt, hender er stort sett laga av plastmaterial. Ein stor utfordring med desse klutane er at dei er laga av plastmaterial og har gått frå å vere noko ein bruker no og då, til å vere sminkefjernar, ansiktsvask, desinfisering av overflate, vask av golv. Det mange gjer når dei er ferdig med klutane er å kaste den i toalettet. Kluten løyse seg aldri opp, og hopa seg saman med andre klutar som er kasta i toalettet. Det er forsøplande i seg sjølv, men er også med på å øydelegge avløpspumper. Det er lett å tenke at det er berre noko ein gjer av og til, men i sum blir det faktisk ganske mange klutar. Skal du bruke slike klutar, ikkje kast dei i toalettet. Den forsvinn ikkje sjølv om du ikkje lenger ser den.

Kva kan du gjere i staden?

Ihuga Zero Waste-entusiastar, lagar gjerne sine eigne gjenbruksklutar. Det er tøyklutar som blir oppbevart i ein lufttett behaldar, satt inn med vaskemiddel etter ynskje. Når klutane er brukte, blir dei vaska og satt inn i ein ny behaldar. Alternativ er vanlege tøyfiller og vanleg vaskevatn.

Snus og røyk

Snus blir sett på som eit naturmiddel, og mange kastar dessverre snut i naturen. Snus inneheld, om berre ein liten del, plast, so sjølv om du kastar snusen i naturen vil den ikkje kunne gå heilt tilbake til naturen. Tobakk har også ein historie bak seg der den blei brukt som plantevernmiddel. Det er nikotinen som skal vere det viktige verkemiddelet her. Ein ekstra god grunn til å kaste snus og røyk i søppla.

Røyksneipar kastast gjerne i vannlåsen, i buskene eller ut av vindauget. Ein tenke gjerne ikkje so mykje over det, men det er plastforsøling. I følgje Nicolas Mallos, direktør for Free Seas Program, består filteret i sigarettar av tusenvis av små plastpartiklar. Det er derfor svært uheldig at desse kjem ut i naturen.

Håpa du fant litt inspirasjon og nye tankar! Eg heiar på deg!

Har du sjølv tips som du vil dele? Del gjerne her eller på Grønare kvardag si facebook-side.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Melissa Askew

Er vi infertile innan 2045?

Det er over ti år sidan boka «Slow death by rubber duck» blei utgitt, ei av fleire bøker som dei siste åra har stillt kritiske spørsmål angåande våre forbruksartiklar og korvidt dei er trygge. Forfattarane Rick Smith og Bruce Lourie tok ikkje lett på oppgåva og utsett til og med seg sjølv for eksperiment for å sjå korleis ting vi føler oss trygge på, som kanskje ein naturgitt del av heimen vår, påverka helsa vår negativt. Tematikken har dessverre ikkje blitt mindre aktuell med tida, og forsking peikar på at dette påverka fertiliteten vår, som i stor grad er det denne artikkelen handlar om.

Shanna Swan, Professor i «Environmetal medicine and publich health” ved Icahn School of Medicine i New York, som forskar på fertilitetstrender, kunne allereie i 2017 vise til at gjennomsnittsmengda sperm hos menn i vesten har blitt meir enn halvert i løp av dei siste 40 åra.

Ho er aktuell med boka «Count Down», der ho hevdar at kjemikaliar spelar ei stor rolle når ein skal sjå på kva grunnen til vår fallande fertilitet. I følgje professoren vil par i den vestlege verda miste evna til å kunne bli gravide naturleg innan 2045, dersom dei same tendensane vi ser i dag vil halde fram. Dette er sjølvsagt eit anslag.

Foto: Camilla Battani

Det kan argumenterast for at vi i Norge ikkje er like råka, men vi har over tid hatt nedgåande fødselsrate. Dette har nok mange årsaker, men i følgje forsking.no rammar infertilitet 10-15 prosent av norske par, og noko av dette kan knyttast opp mot uønska kjemikaliar.

Som miljødirektoratet sjølv skreiv i 2012:

Kjemikaliane omgjev oss – i hybelkaninane i stova og i skapet på badet. Dagleg får vi i oss ein cocktail av kjemikaliar gjennom maten vi et, lufta vi pustar og produkta vi bruka. Vi er bekymra for den samla belastninga av mange kjemikaliar over tid, og risikoen for langtidseffektar som kreft, lærevanskar og reproduksjonsskadar –Ellen Hambro (Klif)

Det er tre situasjonar der vi ser kombinert virkning av kjemikaliar, i følgje European Chemicals Agency (ECHA):

  1. Eit produkt vi brukar kan vere ei blanding av forskjellige kjemikaliar, og det eksponera oss og miljøet på ein gang.
  2. Vi blir eksponert for kjemikaliar frå ulike kjelder, noko som kan medføre større eksponering over tid.
  3. Forskjellige kjemikaliar frå forskjellige kjelder, frigitt på forskjellige tidspunkt og frå forskjellige stadar, kan medføre eksponering for oss eller miljøet. I nokre tilfelle kan eksponering frå forskjellige kjemikaliar medføre verknad som er kraftigare enn eksponering av dei enkelte kjemikaliane. – ECHA
Foto: Juan Saravia

Norge og EU har grenseverdiar for bruk av uønska kjemikalier – men er det nok?

Vi er no fjerde generasjon menneskjer som har blitt utsett for giftige kjemikaliar, frå befrukting til vaksen alder, og statistikkane fortel oss at vi bør ta varselteikna tilknytt nedgåande fertilitet på alvor. Både Norge og EU har grenseverdiar for tillatt mengde kjemikalier i produkta vi brukar, som vi finn i maten vi et og drikka vi drikk. Den store utfordringa er knytt til korleis desse kjemikaliane verkar saman – på kryss og tvers av alt vi konsumera. Dette blir kalla cocktaileffekten, og vi har til no lite kunnskap om kva det betyr for oss og for naturen.

Eit eksempel på cocktaileffekten tilknytt mat frå ein forskingsartikkel om nettopp cocktailmiks av kjemikalier. Der viser dei til utfallet ved å kombinere to plantevernmiddel og stoffet akrylamid, som vi finn i for eksempel potetchips og bakte poteter. I følgje forskingartikkelen blei DNA-et i celler skada av denne cocktailen.

– Dersom man ikkje tek høgde for [cocktaileffekten], undervurdera ein kor giftige nokre stoff er. Det er skremmande, har forskar Kristian Syberg uttalt til forsking.no. Han er ein av forskarane bak forskingsartikkelen.

Når vi snakkar om kjemikaliar er det viktig å presisere at vi også omgjev oss med kjente og ønska kjemikaliar i kvardagen. Kunstige kjemikaliar er ikkje nødvendigvis farleg og «naturlege» kjemikaliar er ikkje nødvendigvis bra. Når vi snakkar om uønska kjemikaliar i denne saka, snakkar vi om den type kjemikaliar vi får i oss av forbruksartiklar, mat og drikke og miljøet vi er i, som blir likna til helserisiko.

Vi fryktar helseskadlege kjemikaliar

Det er kanskje lett å tenke at du er aleine om å uroe deg for uønska kjemikalier i dine forbruksprodukt. Det er du ikkje. I ei undersøking utført av Forbrukerrådet i 2016, svara fleire enn ni av ti at dei fryktar at hygiene og kosmetikkprodukt inneheld helseskadlege kjemikalier. Dåverande direktør for produktsikkerheit, mat og handel i Forbrukerrådet uttalde då at; «[D]et verste er at [frykta for kjemikalier] er begrunna».

Foto: Mert Guller

Kva kan vi gjere sjølv?

Dersom du har tatt til deg ein eller fleire Zero Waste-hacks, har du kanskje allereie redusert mengda uønska kjemikalier i kvardagen din. Det er riktignok ikkje alt vi rår over, men her er nokre tips til ting du kan gjere for å få ned mengda uønska kjemikalier og kanskje også leve litt meir Zero Waste i same slengen.

  • Kjøp brukte møblar

Når du kjøper brukt har produktet fått tid til å lufte seg, som for eksempel om du kjøper nye gardiner, ei seng eller ein sofa på Finn.no eller frå ein bruktbutikk. Ettersom dei aller fleste møblar med tekstil er trekt med syntetiske material, som ofte er lett antenneleg, er dei stort sett behandla med flammehemmande kjemikalier (PFH-ara). Bromerte flammehemmarar finn vi også i elektriske artiklar som TV og datamaskiner. Ved å bruke artiklane over lengre tid, og ikkje stadig bytte dedi ut med nye artiklar, vil ein i teorien utsette seg for mindre mengder brommerte flammehemmarar, som er eit av fleire uønska kjemikalier ein kan utsette seg for ved innkjøp av nye ting. Tenk kvalitet over kvantitet, og invester heller i noko du ynskjer å bruke over tid.

  • Kjøp brukte kle

Når du kjøper brukte kle er dei gjerne vaska fleire gonger allereie før du tek dei i bruk, slik at eventuelle restkjemikaliar som kan komme for eksempel frå fargebehandling eller behandling med insektsmiddel, er vaska ut. Når du kjøpe brukt ser du også ofte lettare kva plagg som held fasong og farge, noko som gjer det lettare å plukke ut plagg som du vil kunne bruke over tid. Vel regnkle som du ikkje treng å impregnere eller som du kan bruke meir miljøvennlege alternativ for å impregnere som for eksempel bivoks eller Nikwax.

  • Ver obs på kva du oppbevara mat i

I staden for å bruke plastfilm over restematen, bruk ein tallerken til å legge over eller putt maten over i ei skål med lokk. Det same gjeld matboksar av hardplast. Mange føler seg trygge når det står at produktet er BPA-fritt, men det betyr ikkje at alternativet til BPA er so mykje betre. Velg porselen og glas når du er heime. Glas og rustfritt stål til oppbevaring av mat på reise. Dersom du brukar plastboksar, bør du vaske dei for hand heller enn å ta dei i oppvaskmaskina. Tenke du no at du må kjøpe ny matoppbevaring? Sjå gjennom kva du har før du eventuelt kjøper noko nytt. Kanskje du blir overraska over kva du finn i skapet?

  • Kjøp emballasjefritt

Ved å kjøpe emballasjefritt unngår du kontakt med emballasje som kan innehalde uønska kjemikaliar. Dersom du også kjøper økologisk redusera du også bruk av sprøytemiddel. Ikkje tenk at du treng å kjøpe alt emballasjefritt. Er dette heilt nytt for det kan du for eksempel velge ein ting til kvar middag utan emballasje. Etter kvart blir det lettare å vite kva du skal sjå etter og kva du kan vente å finne i butikken etter kva sesong vi er i.

  • Velg miljømerka forbruksvarer

Vel det nordiske miljømerket Svanen for å føle deg meir trygg på at forbruksvarene dine ikkje inneheld meir uønska kjemikalier enn høgst «nødvendig». Det same gjeld EU-ecolabel, Oekotex og Ø-merket (debio). Sjå Miljødirektoratet sine sider for meir info.

  • Ver kritisk til kosmetikk, hygiene og reingjeringsprodukt

Gå gjennom produkta du har heime i skapet og fas ut det du ikkje treng. Vurder om du skal gå over til mildare produkt, enten svanemerka eller lokale produkt som du får gjennom din helsekost, Zero Waste-butikk eller liknande. Du kan også i nokre tilfelle lage dine eigne produkt eller bruke for eksempel utblanda eddikvatn som reingjeringsmiddel.

HUGS at du ikkje må gjere alt. Vel deg ut ein eller to ting du ynskjer å endre, dersom du vil ta steg for å redusere uønska kjemikaliar i kvardagen. Det er betre med små steg enn apati 😊. Vi treng ikkje ei verd der eit fåtal menneskjer lev ein Zero Waste-livsstil perfekt, men ei verd der eit stort antall menneskjer lev ein Zero Waste-livsstil uperfekt.

Svolten på meir?

[Podcast – ZERO WASTE NATION] Sjekk ut intervjuet eg gjorde med Dr. Cate Shanahan som handla om mat og miljø. Ho snakkar også om korleis maten vi et påverka fertilitet.

[Podcast – ZERO WASTE NATION] I intervjuet «Have your cake and eat it too», snakkar eigaren av Go Box, Jocelyn G. Quarrell blant anna om evighetskjemikalier vi finn i take-away-emballasje vi gjerne tenker er berekraftige.

[Film] Er du ein person som likar dystopiske bøker og filmar, kan eg anbefale filmen Children of men (Imdb 7,9), som handlar om ei verd ikkje heilt ulik det professor Shanna Swan spår vil skje i 2045, nemleg ei verd der menneskja ikkje klare å formeire seg naturleg.

[Bok – Science fiction]I bokform vil eg anbefale cultklassikaren «A brave new world«, som kanskje er ein av dei sterkaste, dystopiske bøkene eg har lest. Har du tips? Del gjerne!

[Bok – Vitenskap/ populærvitenskap] Sjekk også gjerne ut professor Shanna Swan si bok «Count down» som referert til innledningsvis i denne saka. «Slow death by rubber duck» er også ei god bok, men ver obs på at den blei utgitt i 2009, og difor er noko av informasjonen ikkje lenger like aktuell.

For meir forbrukerinformasjon om kjemikalier og produkt, sjå Miljødirektoratet.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Isaac Del Toro

Top fem leste saker om korleis du kan få ein Grønare Kvardag

Er du nysgjerrig på kva hygieneprodukt du kan lage sjølv? Kva matavfall du har, som kanskje kan spire til ny mat? Eller kanskje du har lyst til å kutte plastfilmen og bytte den ut med bivokspapir? Bli inspirert av Grønare kvardag sine fem mest leste saker frå det siste året, og prøv noko nytt!

1. Lag di eiga såpe

Du er kanskje ein av dei som tenker at såpebar er mindre hygienisk? Men det er ikkje noko gode bevis som tilseie at dette stemmer, so lenge ein brukar såpa slik den skal – nemleg vask i min. 20 sekund, for so å skylje vekk såpa. På miljøsida er såpebar ein vinnar, fordi den er kompakt og konsentrert. I motsetning til flytande såpe er den svært vanskeleg å overdosere, og varer difor også mykje lengre. Du kan enkelt lage di eiga såpe som skummar mykje, med ingrediensar du lett får tak i, i ditt nærområde. Les meir om såpebar og korleis du kan lage di eiga her.

2. Spiring av matavfall

Mykje av plantevekstane vi et kan faktisk spirast! Kor kult er ikkje det? Purre og hjartesalat er eit av eksempla. Dersom du set rota i vatn og skiftar vatn kvar dag, og sjå korleis røtene spring fram. Då kan du plante den i jord om du vil, eller halde fram med å ha den i vatn. Mange vekstar har også frø som du kan plante på ny, slik at du får nye plantar heilt gratis. Dersom du tek deg ein runde på kjøkkenet finn du sikkert fleire alternativ, som for eksempel chili og paprika. Få fleire tips og inspirasjon ved å opne saka med den passande tittelen «Frå søppel til mat – spiring av matavfall».

Foto: Kristine Ullaland

3. Kutt plastfilmen og bruk bivokspapir i staden

For mange er plastfilm eit viktig hjelpemiddel på kjøkkenet. I mange tilfelle kan ein eigentleg kutte plastfilmen og i staden for eksempel legge ein tallerken over matrestane før ein sette det i kjøleskapet. Det er likevel mange som ikkje føle at dette er tilstrekkeleg og ynskjer ei tilsvarande forbruksvare som plastfilm. Då kan bivokspapir vere eit godt alternativ, og for å lage det sjølv treng du bivoks, eit tøystykke (helst med mønster) og ei varmekjelde. Tenke du dette er noko du ynskjer å lære meir om, kan du lese om bivokspapir og sjå oppskrift her.

Bilde av heimelaga bivokspapir. Foto: Kristine Ullaland

4. Lag ditt eige bokashi-strø!

Då denne saka først kom ut, var ikkje bokashistrø so tilgjengeleg som det er i dag (det gjeld forsovidt også bivokspapir), so i dag får du kjøpt bokashistrø på dei fleste butikkar som føre ting til hage. Dersom du høyre om bokashi for første gong nett no, er det ein japansk kompost der du syltar eller fermentera komposten, slik at du slepp lukt og skadedyr som ein ofte forbind med dei meir tradisjonelle kompostane. Du treng berre ein lufttett behaldar og bokashistrø for å komme i gang, og har du lyst til å gjere alt frå grunnen av, kan du faktisk lage ditt eige kompoststrø. Då treng du ris, melk, sukker, noko å sette serumet inn i, som for eksempel papir eller mesk – og så treng du tolmodigheit. Prosessen tek frå 1-3 veker. Men er du tolmodig er det eit artig prosjekt. Du kan lese meir her om korleis du går fram.

Heimelaga bokashistrø – før det er satt inn i papir/ mesk eller andre avfallsprodukt som du ynskjer å bruke. Foto: Kristine Ullaland.

5. Inviter makken inn – og gje den matrestane dine!

Då eg oppdaga kor mykje eg kasta, og såg etter tiltak for å redusere avfallet mitt var faktisk makkompost noko av det første eg begynte med. Det har eg flira litt av i ettertid, for det er mange ting som er mykje enklare å starte med dersom du ynskjer å redusere avfallsmengda (vi har ikkje tilbod om kompost gjennom kommunen). Men kva skal eg sei, eg var svært motivert til å starte med nettopp makkompost og då blei det slik. I dag brukar eg bokashikompost, men det som er veldig positivt med makkomposten er at du ikkje treng hage eller uteområde. Nokre entusiastiske kompostmakk-folk har til og med bygd om møblar til å huse makken. Det er mykje morro ein kan gjere, det er det ingen tvil om. Kanskje det er derfor denne saka er på top-fem lista det siste året. Les meir om makk og makkompost her.

Eit eksempel på korleis ein heimelaga makkompost kan sjå ut. Foto: Kristine Ullaland

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Inspirasjon til lokal julehandel

Det har aldri vore viktigare å støtte dine frittståande lokalbutikkar enn det er no. Kjøp julemat og julegåver frå dine frittståande, favorittbutikkar som bidrar til ei grønare kvardag.

Eg vil absolutt anbefale å ta turen innom din lokale Zero Waste-butikk no før jul, og finne noko godt til julefeiringa og gåver til deg sjølv eller andre. I Bergen anbefalast Råvarene og semi-Zero Waste-butikken Reindyrka.

Råvarene tilbyr mykje mat i lausvekt og har ein heilheitleg tilnærming til Zero Waste, medan Reindyrka fokusera mykje på lokale råvarer og økologisk mat, men tilbyr også noko i lausvekt, både tørrevare og fersk frukt og grønt.

Råvarene og Reindyrka har ting og matvare i ulike prisklassar, slik at du kan finne ein liten oppmerksomhet til ho på jobben, noko godt til å ha i julesokken, fine julegåver som bidrar til mindre søppel, og bidrar til gode råvarer og forbruksartiklar – enten til deg sjølv eller som gåve.

Begge butikkane levera gratis i Bergen, dersom du ikkje har høve til å komme innom butikken sjølv.

Eigar og dagleg leiar Anne-Line Randal delar ansvaret for Reindyrka saman med Anja Eilertsen, som ho starta butikken med i 2010.

REINDYRKA, Strandgaten 21, Bergen

Reindyrka er ein butikk som tilbyr økologiske matvarer, og har fokus på lokale råvarer, og feira i år 10-årsjubileum. Bedrifta blei stifta av Anne-Line Randal og Anja Eilertsen, som begge er kjente fjes og viktige inspiratorar i det «grøne» miljøet i Bergen. Hos Reindyrka finn du både ting du kan ete, drikke og smøre på huda di som er lokale, nokon også i lausvekt. Dei har også eit rikt utval av lausvektsvare i frukt og grønt-avdelinga, og kanskje byens beste eple. Ellers har dei også eit rikt utval av refill av flytande såpe til hud, hår og hender, og alt av flytande vask som du måtte trenge til heimen.

Forslag til gåver til under 100 kr

Det fine med lausvektsvarer er at du kan kjøpe den mengda du treng. Difor kan dei fleste lausvektsvarene komme i denne gåvekategorien. Ta med eit fint glas eller flaske heimanfrå og fyll den med såpe, te eller mat. For eksempel er ei fin gåve å gje ei flaske med velduftande såpe eller saltsåpe til håret. Kanskje du allereie har ein behaldar til dette heime? Såpebar er drygare i bruk, om du vil at såpa skal vare lengre. Ellers kan eg anbefale å fylle eit glas med ein god te, for eksempel kamille. Det kan virke skremmande at det står over 1200 kr kiloen, når du skal helle kamillete over i din eigen behaldar, men hugs at kamille-te er lett. Kamilleteen på bilde kosta 48 kr + glas 16 kr + tesil 29 = 93 kr. Du har kanskje noko hamp eller fine band liggande som du kan bruke til pynt om du vil.

Kamillete pynta med hamp og tørka nype. Du kan også bruke granbar eller andre «julete» vekstar. Foto: Kristine Ullaland. Totalpris for gåva er 93 kr. Dette er den dyraste teen Reindyrka har, so om du vil ha ein rimelegare variant kan du velgje ein anna type te.

Forslag til gåve mellom 300 og 500 kr

Det fine med Reindyrka, er at du kan velgje kvantum etter budsjett og ynskja mengde, so det å kjøpe mat som gåve er supert. Dei sel også yogablokk i kork, frå det norske selskapet The Asanas til 225 kr per stykk. Dette er eit produkt som er utsolgt frå The Asanas sine nettsider. Med so mykje heimekontor som folk har no, kan yogablokker komme god med. Ellers har dei diverse bøker om mat og dyrking, handlaga leikesverd i tre til 499,- og mykje godt å drikke. Dei har diverse fruktdrikke med namnet hyllest, som passa fint å gje som gåve til ein pris frå 140,- og oppover.

Forslag til gåver over 1000 kr

Lag ei digg matkorg som gåve. Du kan bruke ei korg du har, ein ølkasse eller ein pappkasse. Det er heilt ok å sei at du vil ha korga tilbake, og at det berre er innhaldet som er gåva. Fyll det med matvarer som har litt lengde haldbarheit, ettersom ein gjerne har kjøpt inn mykje mat til jula. God drikke er ein slager, og starta på 65 kr og oppover. Reindyrka har ein del eksklusive matvarer som ein gjerne ikkje kjøpe til kvardag, so kvifor ikkje gå for ekstra gode matvarer i jula? For eksempel yoghurt på glas som er so fint at du garantert vil bruke det omatt. Er det ein barnefamilie, so er kanskje ei barnebok om hagen ein fin ting å legge ved, med ein helsing som oppfordra å bruke jula til å planlegge planting til våren. Å smake på gode råvarer samstundes som ein drøyme om kva ein kan plante og hauste i 2021 kan vere ein fin ting å gjere saman. Butikken har mange gode varer, so her er det mange alternativ. Dei tilsette har god kunnskap til å hjelpe deg å sette saman ein matkasse, og denne kan også leverast i Bergen dersom du ikkje kan hente sjølv, eller om mottakaren bur i Bergen og ikkje du.

Korg med innhald av mat og forbruksartiklar til rundt 1000 kr, og består av to typar te, honning, ulike såper, hyllest-drikk, brød, tanntablettar og tannkost, popkorn, kaffi og tøyposar. Denne korga inneheld ein miks frå Råvarene og Reindyrka. Om du ikkje har ei korg, kan du bruke ein kasse eller tøypose. Foto: Kristine Ullaland
Engasjerte Julie byrja som dagleg leiar av Råvarene i år, etter fleire år i servicebransjen. Ho ynskjer gjennom sitt arbeid å gjere det lettare for folk å redusere avfall og leve meir berekraftig.

RÅVARENE, Skostredet 5, 5017 Bergen

Den lille Zero Waste-butikken, Råvarene i Skostredet, er bygd på engasjement for ein meir søppelfri kvardag. Sjølv om den berre er fire år, har den blitt ein viktig inspirasjon for Zero Waste-butikkane som har poppa opp rundt om i landet vårt dei siste åra. Her finn du omlag alt du måtte trenge for å gå frå forbruksartiklar til gjenbruksartiklar. Butikken gjev rabatt til studentar og faste kundar som handlar over ein viss sum, og dei tilsette er alltid klare til å hjelpe om du skulle ha spørsmål.

Forslag til gåver under 100 kr

POPKORN!

Ta med eit fint glas du har heimanfrå og fyll det med popkorn. Dersom du vil gjere ekstra stas på mottakarane av popkornet, kan du lage ei god krydderblanding til popkornet. Min favoritt er 1 del næringsgjer og 1 del paprikakrydder (begge fåast kjøpt på Råvarene). Popkorn kan vere ein fin avveksling til anna julegodt som ofte er ganske mektig. Dersom du ynskjer det, kan du også kjøpe eit glas. Det ligg på rundt 18- 35 kr. Glasa på bilde er eldfaste glas frå Weck, som kostar meir, og er berre brukt til illustrasjon.

Det kan føles rart, men det er faktisk heilt ok å gje ei gåve i ein emballasje som du vil ha tilbake. Sjølv gjev eg sjeldan frå meg emballasjen, men heller innhaldet i gåva. Dersom eg trur mottakaren vil ha glede av emballasjen er sjølvsagt saka noko anna, men som oftast har folk mykje slikt liggande. Glasa over er frå Weck (kjøpt på Råvarene tidlegare) og glaset med gullfarga lokk er eit fetaost-glas. Foto: Kristine Ullaland

Er du ikkje glad i popkorn? Det fine med kjøp i lausvekt er at du kan kjøpe mengda mat du treng, og dermed kjøpe innafor budsjettet. Finn fram eit fint glas og fyll det med gode krydder, te, matvare eller godteri. Spør om hjelp frå dei tilsette om du har eit satt budsjett du skal forhalda deg til.

Forslag til gåver mellom 300 – 500 kr

Råvarene har forskjellige boksar i metall som kan brukast til matboks eller oppbevaring av matrestar. Desse ligg på 250 og oppover, og er av god kvalitet. Dei har også fleire drikkeflasker, med og uten mønster, og sjølv om dei er isolerte vil eg anbefale slike til vatn. Vatnet held seg kaldt i over eit døgn, og om du berre bruka flaska til vatn, vil den trumfe flaskevatn til ein kvar tid.

Er ikkje noko av dette på ynskjelista i år, har Råvarene fine beeswraps i ulike mønster, som du kan bruke f.eks. i staden for matpapir. I øvre sjikte tilbyr dei barberhøvel i metall, som kostar på 400 og opp til 550 dersom du skal ha med stativ. Om du ynskjer ein litt dyrare gåve, kan du slenge med barbersåpe. Den ligg på litt over 100 kr og er dryg i bruk.

Forslag til gåver over 1000 kr

Eit alternativ er sjølvsagt å samle ulike matvarer og gjenbruksartiklar til ein fin gåve. Her kan dei tilsette ved Råvarene hjelpe deg om du treng litt råd til kva som passar til gåvemottakaren. Dersom du ynskjer ein ting, er startpakken til Bokashi-komposten veldig fin. Då får du to boksar til bokashi-kompost og strø. Dersom mottakaren av gåva bur i Bergen, kan dei også søke om å få opp til 50% tilbake av kjøpesummen av komposten frå BIR. Gåvemottakar treng då kvitteringa, so opp til deg om du føler deg komfortabel med det. Uansett ei fin gåve.

Slik ser bokashi-startsettet ut. To bøtter og bokashistrø. Komposten er svært enkel å bruke. Foto: Kristine Ullaland

Hugs at dine handlingar (og handel) betyr noko, og vi gjer gjerne det naboen gjer. Kvifor ikkje vere den naboen som påvirka til eit meir berekraftig samfunn ved å ta små, enkle berekraftige val?

Råvarene og Reindyrka hjelpe deg på vegen.

Bur du ikkje i Bergen? Kva butikkar har du i ditt nærområde som du ynskjer å støtte spesielt i denne perioden?

GOD JULEHANDEL

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y. Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Kristine Ullaland