Om Grønare Kvardag

 

Grønare kvardag ynskjer å bringe Zero Waste-bevegelsen til Norge og gjere folk bevisste på korleis våre konsumvaner påverkar våre omgjevnadar.

Søppel er utruleg ubehagelig. Det luktar, er lite estetisk og tek alt for mykje plass. Og vi får stadig meir. Vi kastar i dag om lag dobbelt so mykje som vi kaste på 90-tallet, og i følgje ein FN-rapport kasta vi i snitt 28,4 kilo elektrisk avfall per person i 2012. Samstundes linkast vårt høge nivå med kunstige kjemikaliar i blodet med vårt høge konsum. Kva framtid er det vi bygger?

Eg ynskte ikkje å ta del i denne trenden og bestemte meg for å utfordre meg sjølv som konsumer. Kva treng eg eigentleg? Kva er viktig for meg og kva er eigentleg ikkje so viktig. Eg lev tilnærma søppelfritt og det har vore ei revolusjonerande og utfordrande reise. Likevel har eg lært at små grep kan ha store innverknader.

Grønare kvardag blei oppretta etter at eg arrangerte eit møte gjennom mitt engasjement i Studentersamfunnet med Zero Waste pioneren Bea Johnson i februar 2015. I etterkant av møte fekk eg mange spørsmål om kvar ein kan finne informasjon om Zero Waste-livsstilen på norsk, tilpassa det norske samfunnet. Sjølv om det er mykje bra nettstader som tek føre seg miljø. var det ingen som tok føre seg Zero Waste livsstilen. Difor starta eg Grønare kvardag.

For å hjelpe lesaren på veg mot ein meir søppelfri kvardag skriv eg denne bloggen som om den var til meg sjølv for 5 år sidan. Start reisa di her!

 

Lukke til!

Kristine Ullaland

Sosialantropolog og gründer bak Norges første Zero Waste-blogg, Grønare kvardag

Støtt arbeidet gjennom folkefinansieringsportalen Patreon. 

Creative Commons License
Alle foto på Grønare kvardag er lisensiert under Creative Commons/ All photos at Grønare kvardag is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 International License.

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.