Skrubb

Skrubb for ansikt og kropp er i dag eit vanleg produkt blant den norske forbrukar. Med med namn som ferskenskrubb og aprikosskrubb, er det få som tenker over at desse produkta kanskje er ein miljøversting. Fleire produsentar har dei siste åra erstatta naturlege skrubbingrediensar med mikroplast, som er mykje lettare og billigare å produsere. Mikroplast består ofte av polyetylen (PE), eventuelt polymetylmetakrylat (PMMA), polypropylen (PP), Polyetylen – Tereftalat (PET), og nylon (Beat the microbead). Desse små plastbitane er knapt synleg, og er så små at dei ikkje blir plukka opp av reinseanlegget i kloakksystemet. Dei blir so frakta vidare i havet der dei blir tatt opp i næringskjeda. Når dei først er komen til havet er det om lag umogleg å fjerne dei. Mikroplast blir også brukt i tannkrem.

Allereie i 2004 konkluderte Richard Thompson, University of Plymouth, at mikroplast var tilstade i heile det marine miljøet, ettersom sjødyr absorbera eller et mikropartiklane (les meir her). Forskning tyder på at overflata til mikroplasten inneheld store deler miljøgifter. Havørna som er på toppen av næringskjeda er ein av dei største taparane, ettersom dei får i seg store mengder kunstige kjemikaliar, blant anna frå mikroplast (sjå klipp frå ut i naturen). Illinois i USA har allereie bannlyst mikroplast (CBC News). Forhåpentlegvis føljer andre etter, både i USA og på verdsbasis.

Om du ynskjer å forsikre deg om at din skrubb ikkje inneheld mikroplast har Beat the microbead ein app for dette. Det er også veldig enkelt å lage skrubb sjølv.

Oppskrift:

1 ss sukker

1 ss honning

Framgangsmåte:

Sidan honningen løyser opp sukkeret kan du ikkje lage ein større dose skrubb. I staden lagar du det du treng for kvar gong i ein liten kopp eller skål. Du kan bruker den honningen du har i skapet. Miks blandinga med ei skei. Denne skrubben passar godt til ansiktet, men kan og brukast på heile kroppen. Om du ynskjer ein grovare skrubb kan du tilsette meir sukker.

Alternativt:

Dersom du er ein kaffidrikkar kan du tørke kaffigruten og bruke den som skrubb. Den er super som kroppsskrubb, men kan og brukast i ansiktet om du ynskjer ein grovare skrubb.

Ynskjer du å lære meir om mikroplast? Sjå her.

Følg Grønare kvardag på Facebook

Hovudbilete: Kim Love

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.