Zero Waste – Gjenbruk av tekstilar

Ynskjer du ein enklare livsstil med mindre ting, men er usikker på korleis du kan gjere det utan at alle tinga du ikkje lenger treng hamnar i søppelet? Bli inspirert til å kvitte deg med kle, tekstilar og nips som du ikkje treng. Dei treng på ingen måte å havne i søppelet.

Mor mi, som er lærar, tok opp temaet resirkulering av slitte kle med sin klasse. «Er det nokon som veit kva ein kan levere til for eksempel Fretex», spurte ho, og ein ivrig elev spratt opp handa si. «Ja! Den vesten du har på deg». Mor mi hadde ikkje tenkt på vesten som noko spesielt slitt, men det slo ho brått at dagens unge ikkje lenger er vande med å sjå slitte klede. Kle er billig og forbruket er stort, og vi kjøper gjerne nye kle lenge før dei gamle er utslitt.

16407326690_75f814b16a_z
Foto: Thomas Hassel

Den store mengda kle i skapet gjer det vanskeleg å få oversikt, og det hender gjerne at ein kan oppdage kle i klesskapet ein hadde heilt gløymt at ein hadde. Kor mykje kle treng vi? Sjølv har eg halvert garderoben min det siste året, og eg opplev at eg brukar mindre tid på å vaske kle, eg har meir oversikt over kva eg har og kleda held seg finare fordi dei får meir plass. I følgje The Wall Street Journal brukar vi vanlegvis berre 20% av kleda vi eig til kvardags.

Vi kastar i snitt 10 kilo kle rett i  søppla kvart år, som heller kunne gått til gjenbruk. Vi har gjerne ein tanke om korleis tøyet skal vere for at det skal egne seg på ein hengar på Fretex. Kanskje tenker vi at genseren vi står med i handa er so stygg at ingen nokon gong kjem til å kjøpe den uansett. Ikkje ta den avgjersla sjølv. Doner vekk kleda og ting du ikkje brukar til organisasjonar som kan dra nytte av dei. Dersom genseren din verkeleg ikkje kan brukast som tøy, kanskje den kan få eit nytt liv som ei vaskefille eller som fyll i eit bilsete, fyll til madrass, som tråd eller til ei dyne. Einslege sokkar, utgått undertøy og tøy du ikkje ein gong er heilt sikker på kva er, kan også donerast til Fretex eller UFF.

14566319613_55b01eb647_z
Foto: Julien Belli

Før du vel å gje frå deg tinga, tenk over kva det er som gjer at du ikkje brukar det. Dersom det er ting som kan fiksast, som til dømes passform, kan det lønne seg å ta kontakt med ein skreddar eller nokon du kjenner som kan hjelpe deg. Det kan høyres dyrt ut, og du tenker gjerne at det er billigare å kjøpe nytt, men saken er kleda ofte er produsert etter ein mal berre eit fåtal av oss passar. Ved å få kleda tilpassa din kropp kan gamle uvenar frå skapet bli attfødd i ny drakt, som du faktisk trivast i og kjem til å bruke.  Framtida i våre hender arrangera redesignkurs med jamne mellomrom dersom du ynskjer å prøve deg sjølv. Kanskje noko av tekstilen du ikkje lenger brukar kan passe seg som tøyposar til mat i lausvekt?

Her kan du donere vekk tinga dine:
Fretex

Tekstilar, tilbehør og sko kan leverast i Fretex-boksane. Sjå kvar din nærmaste boks er her. Ver nøye med at tekstilane er tørre. Dersom det er fukt i tinga du leverar, kan tinga bli øydelagde og fukta spreie seg til resten av tinga som ligg i Fretex-boksen. Det same gjeld om du leverar i ein UFF-boks. Fretex er Norges største attføringsbedrift. Større Fretexbutikkar tek og i mot lamper og diverse elektriske artiklar, møblar, kjøkkenutstyr, tepper, CD, DVD, LP-plater og liknande. Høyr med din lokale butikk.

UFF

UFF tek i mot kle, tilbehør, sko og hushaldningstekstilar som til dømes dukar, gardiner, mjuke leikar, sengetøy og filler. Dei tek i mot tøy av all kvalitet, i likskap med Fretex. Du finn oversikt over UFF-boksar her. Kleda blir sendt til Øst-Europa og sortert der, før dei blir distribuert til 46 land. Det kan kritiserast at frakt i dette miljøreknestykket ikkje er lønnsamt, men dersom ein tek produksjon av tekstil, farging, produksjon av produkt og frakt av produkt til butikk, inkludert emballasje, vil regneskapet ofte komme betre ut i favør til UFF og andre som driv med liknande organisering. Likevel er sjølvsagt kort/ ingen transport å føretrekke.

5261984124_7d574edc23_z.jpg
Foto: Eleni Preza
Stormberg

Stormberg innførte i 2007 ein panteordning på kleda deira. Når ein pantar kle hos stormberg blir kleda vidare tatt hand av Røde kors. Kle som går på reklamasjon og feilproduksjon kjem også innunder denne ordninga. Pant kan vere ei god løysing for å forsikre seg at ressursar ender opp der dei skal. I København  ynskjer dei no å innføre pant på sneipar og emballasje til take-away for å spare utgifter på å rydde gatene, samt forsikre seg at søppel ikkje havnar plassar det ikkje høyre heime. Ein slik avgift kan stimulere til at folk vel å til dømes ta med sine eigne behaldarar når dei handlar take-away.

H&M

H&M har også pant på kle. Dei leverar du i butikken. Ein får då tilbod om reduksjon på pris dersom ein ynskjer å kjøpe noko nytt. Dei tek i mot alt av tekstilar. H&M har møtt kritikk for denne ordninga, då det kan seiast at tiltaket om lag berre blir symbolsk, særskild fordi ein blir oppmuntra til å kjøpe noko rett etter ein har levert i frå seg klede. H&M er klare på at det er viktig for dei å fokusere på miljø og bærekraft, men spørsmålet er om «fast fashion» kan bli berekraftig. Sosialantropolog ved UiT, Tommy Ose, jobbar med matsvinn og ser ein klar samanheng mellom kva vi betalar for matvaren og kor sannsynleg det er at matvaren ender i søppelet. Det kan tenkast at billige kle kan ha litt den same tendensen, ein kan jo alltids berre «kjøpe ein ny». Vi må tenke nytt rundt måten vi konsumerar, og når vi vel å kvitte oss med ting for å få ein enklare kvardag, er det også lurt å vere obs på kva ein tek med seg tilbake til heimen. Nokre butikkar byrjar so smått no med «brukthjørne», som til dømes Babel i Oslo. Kanskje det er dette som er framtida?

7817738408_19ab7cd891_z.jpg
One man’s trash is another man’s treasure. Foto: Sharin Morrow
Loppemarknad og garasjesal

Dersom du sel varene dine sjølv, er både loppemarknad og garasjesal ein flott måte å kvitte seg med ting ein ikkje treng. Kanskje du også blir betre kjend med naboane dine og? Dersom du vel å donere vekk kleda dine til nokon som skal selje dei for deg, blir ofte tinga som ikkje blir seld kasta. Dette er dårleg ressursutnytting. Vår, sommar og haust er ein fin tid for loppemarknad. Mange byar har faste dagar med loppemarknad, der ein kan selje eigne ting. Sjekk ut kva tilbod som er i ditt nærområde.

Vintagebutikkar og bruktbutikkar

Vintagebutikkar og finare bruktbutikkar kjøper ofte brukte kle som dei tenker kan vere aktuelle for sine kundar. Dersom du har ein butikk i ditt nærområde som du trur ville likt noko av det du ikkje lenger treng, ta deg ein tur innom. Det er ikkje uvanleg at ein avtalar at ein får ein viss prosent av prisen varen blir seld for. Dette ligg på rundt 20-35% av salspris.

Kva skal du levere tinga i?

Dersom du skal levere kle og ting i boksane til UFF og Fretex krev dei at du har tinga i ein pose som kan knytast. Kanskje nokon av kleda eller tekstilane kan fungere som pose? Bli inspirert av den japanske knyteteknikken Furoshiki. Emballasje som tidlegare har gått i søppla kan også brukast. Til dømes posen til hundemat kan vaskast over med ein klut, eller nettet du fekk ved i, eller andre ting du har rundt deg. Utfordr deg sjølv til å tenke over nye bruksområder til ting du vanlegvis ville kasta i boss, og bruk dei om att.

10150555796_d655784910_z
Foto: Vasile Cotovanu
Be the change you wish to see in the world

Når du først har kutta ned på ting du ikkje treng, tenk også på kva du tek med deg inn i heimen. Kanskje du kan kjøpe meir brukte ting, i staden for å kjøpe nytt, samt tenke kvalitet over kvantitet. Ved å ta bevisste val som konsument viser vi forbruksmakt og tvingar bedriftene til å ta stilling til våre tankar, visjonar og meiningar om korleis vi ynskjer framtida skal vere. Det aller lettaste trikset for å spare miljøet er å konsumere mindre. Spar heller pengane og inviter vener og familie med på opplevingar. Det er trass alt dei som gjer livet so fint.

 

Lukke til!

Toppfoto: Bethan Phillips

 

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.