Husvask

I følgje Sosialantropologen Mary Douglas, er avfall noko som er nødvendig for å kunne skape orden. Det same kan ein sei om skitt, og det er mange måtar å fjerne den på. Det finst eit hav av ulike oppvaskmiddel, som lovar både det eine og det andre. Men kva treng vi eigentleg (og endå viktigare, kva treng vi ikkje)? Denne veka tek Grønare kvardag føre seg korleis du kan gjere husvasken grønare.

I følgje Forskning.no er barn i familiar som tar oppvasken for hand mindre utsatt for allergiar. Dersom kosthaldet til barna i tillegg besto av ferske matvarer frå gard, som har høgre bakterinnhold, var sjansens desto mindre. Bakteriar er faktisk viktige for oss, spesielt i våre barneår. Dei bakteriane vi får i oss som barn og spedbarn er med på å forme immunforsvaret vårt. Dersom det var intendert at vi skulle vere bakteriefrie hadde vi blitt skapt på ein heilt anna måte. Det har blitt forska på kor vidt ein bakteriefri tilværelse vil styrke immunforsvaret (på mus). Konklusjonen er at mus som ikkje blir utsatt for bakteriar har svekka immunforsvar.

Det betyr sjølvsagt ikkje at vi skal slutte å vaske heimen vår, men at vi kanskje må tenke litt annleis rundt kva vi ser på som reint og ureint. Til dømes er ikkje lukta av grønsåpe einstydande med ein rein heim.

Mikrofiberklutar

Mikrofiberklutar har det siste tiåra fått sterkt rotfeste. Dei krev ingen vaskemiddel og er svært effektive. Materiale er ofte ein miks av polyester og polyamid, som er eit syntetisk stoff. Utfordringa med dette er at alt vi vaskar i vaskemaskinar avgjer små partiklar som ender i havet. Mikroorganismar som til dømes plankton, et desse partiklane. Det problematiske med dette er at syntetiske stoff, i motsetning til ull, silke og bomull ikkje blir nedbrote. Syntetiske stoff hopar seg difor opp i næringskjeda og ender til slutt opp på matfatet vårt. Naturlege klutar av bomull er difor å føretrekke, men ein kan sjølvsagt diskutere kor vidt dette har ein miljøgevinst om klutane blir brukt saman med sterke vaskemiddel og skurekremar. «Miljøkakalkulatoren» er eit evig reknestykke, og kvar forbrukar må tilpasse sine forbruksvarer etter sin individuelle livsstil. Dersom ein likevell vel å bruke mikrofiberklutar bør ein styre unda klutar med innvevd nanosølv, som ofte blir brukt for sin antibakterielle eigenskap. Nanosølv er små partiklar og det spekulerast i korvidt nanosølv kan forandre cellene våre. Nanosølv finn du blant anna i vaskeklutar, treningskle, deodorant, drikkeflasker og matemballasje.

Reingjer heimen med med gamle klassikarar

Du kan lage det meste av det du treng til reingjering med gamle klassikarar som Castilla såpe, natron, krystallsoda, kvit eddik, bakepulver, kaustisk soda og sitron. Dei same ingrediensane kan du også bruke til å lageblant anna vaskemiddel, tannkrem og såpe.

Castilla såpe kan lagast heime (engelsk oppskrift på flytande såpe) eller det kan kjøpast hos din lokale helsekost. Agent M, blant andre norske nettbutikkar, fører såpa i flytande og fast form. Såpa er kraftig og passar got til å bruke på kjøkkenet, badet, på hunden,hender, hår, klede, for å nemne nokre bruksområder.

Zero Waste pioneren Bea Johnson svergar til kvit eddik og vatn for å reingjere heimen. Eddik sin stramme lukt kan kamuflerast med duftolje, eller du kan blande den med for eksempel appelsinskal og la stå nokre dagar.

Foto: Susy Morris
Foto: Susy Morris
Multireingjerar:

5-10 dråpar duftolje / 1 ½ ss Castilla såpe med lukt (alternativt)

3 ss. Kvit eddik

4 koppar vatn

Denne passar godt til å den vekentlege husreingjeringa. Du kan velje om du vil ha den på sprayflaske eller bruke den som den rett på kluten.

Golv:

Vask flekkar på golv i staden for å vaske heile golvet. Dersom ein er nøye med å ta av seg skoa før ein går inn, skal støvsuging vere nok. Vask golvet etter behov. Om du allereie har mikrofibermopp er denne fin å bruke med vatn. Dersom du ynskjer eit totalt søppelfritt alternativ kan du bruke tøymopp av bomull som du kan lage sjølv. Om du treng ny vaskebøtte kan du kjøpe ei i metall. Denne kan resirkulerast 100% i motsetning til ei vaskebøtte som går i hushaldningsavfallet. Mange kvittar seg med støvsugaren og brukar i staden en tørrmopp eller ein fuktig bomullsmopp. Finn det alternativet som passar best din livsstil. Hugs at hybelkaniner, lo frå filteret i tørketrommelen, avfall frå støvsugaren og hår frå sluken også kan komposterast.

Foto: Pinterest
Foto: Pinterest

Oppvasksåpe: 

1 1/4 kopp kokande vatn

1/4 kopp samantrykt raspa Castillasåpe

1 ss Krystallsoda

1/4 kopp flytande Castillasåpe

10-30 dråpar duftolje (til dømes 20 dråpar appelsin og 10 dråpar tea tree olje)

Smelt alt saman i ein kjele og tilsett duftolje når blandinga har kjølna. Blandinga vil stivne noko når den byrjar å kjølne, men vil få ein tynnare konsistens en vanleg oppvasksåpe. Oppskrifta er henta frå Naturesnurtureblog.com.

Krystallsoda er alkalisk og kan difor vere litt hardt for hendene.

Dersom du vel å kun bruke castillasåpe kan det vere lurt å vatne den ut slik at den ikkje blir for konsentrert. Dersom den blir liggande på kjøkkenbenken kan den lage flekkar. For dei som har prøvd seg på heimelaga oppvasksåpe, veit kor vanskeleg det er å finne ei oppskrift som virkar. Castillasåpe, vatn og krystallsoda er svært effektivt og du kan eventuelt bytte ut såpebaren med ein heimelaga kokossåpe. Eventuelt kan du prøve deg fram med flytande castillasåpe. Såpa får du kjøpt hos din lokale helsekost eller på nettbutikkar som til dømes Agent M.

Små kvardagstips:

Rens oppvaskmaskina: Fyll to koppar eddik og plasser dei på den øvste hylla i oppvaskmaskina. Køyr maskina som normalt. Fjernar lukt og løyser fett.

Vifta over omnen: Bruk eddik og kokande vatn for å løyse opp fett I viftefilteret.

Reint toalett: Kast ein kopp natron I toalettet og la det virke I ein time. Ta deretter ein kopp med kvit eddik og la det virke i 5 minutt før du skyl ned. Med mindre toalettet er svært skittent, vil løysinga gjere reint utan skrubbing.

Tett sluk: tøm 1/2 kopp med natron i sluket, og følg opp med 1 kopp kvit eddik og 1 kopp kokande vatn. Sett i proppen om du har ein og lat det sitte i 5-10 min. Skyl med kokande vatn.

Ein grønare heim

Bakteriefritt er ikkje vegen å gå. Dei har eksistert mykje lenger en oss og kan lett finte oss ut. Vi må lære oss å spele på lag med dei i staden for å gå mot dei. Vi bør difor ta avstand til antiback og produkt med antibakterielle eigenskapar. Dersom du ynskjer fleire tips om kva oppskrifter du kan lage sjølv, finst det flust i informasjon på nettet. Eigentleg trur eg det handlar mest om å snu tankegangen vår. Vi treng ikkje so mykje ulike produkt som vi trur. Dei gamle klassikarane held i massevis. Du kan til og med forme produkta slik du sjølv ynskjer. Sjå Lauren Singer, den søppelfrie bloggaren bak Trash is for tossers, snakke om kvifor du bør lage eigne produkt og kvifor dette er spesielt viktig for vaskemiddel.

Del gjerne dine tips og meiningar!

Toppfoto: Brooke Raymond

One thought on “Husvask”

  1. Så mange bra tips! Eg bruker óg å infusere eddiken min med sitrusfrukt, men i nokre veker i staden. Appelsinen du har att kan du køyre med stavmiksar, tilsettje natron og ha på eit glas. Det fungerar fint til å skrubbe servantar og badekar med:)! Elles må eg berre seie at om ein har parkettgolv skal det brukast minst mogleg såpe, og aller helst berre litt varmt vatn, da mykje vatn og såpe tærer på golvet!

    Likar

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.