Bokashi: Serum og strø

Nei dette er ikkje ein lekker limonade. Det er melkesyrebakterien Lactobacillus (IMO), bokashien sin gode hjelpar. Lær korleis du kan lage den sjølv, samt ditt eige bokashistrø.

Lurer du på korleis ein bokashikompost fungerar? Les meir her.

Lactobacillus er ein type bakterie som finnast i mange ulike former. Dette er ein «vennleg» melkesyrebakterie som blant anna lev i vårt fordøyelsesystem i følgje U.S. National Library of Medicine.

Du kan kultivere mikrobar sjølv, enten frå lufta, frå jord eller lauv. Denne oppskrifta kultivera bakteriar frå lufta. Om du ikkje ynskjer å dyrke bakteriekulturen sjølv kan du enten kjøpe effektive mikroorganismar til bokashi, kalla EM1 eller kjøpe ferdig bokashistrø. EM1 er ein mykje meir effektiv bakteriekultur beståande av fleire typar bakteriar som forsterkar kvarandre. Dyrking av bokashiserum og å lage strø frå grunnen er tidkrevjande og for spesielt interesserte.

Å dyrke fram den ynskja bakteriekulturen kan ta nokre veke, avhengig av temperatur. Dersom du er ivrig etter å komme i gang med komposten rådast det at du kjøper første pose bokashistrø for so og eventuelt lage ditt eige.

Bokashi og drivhusgassar

I likskap med makkompost, som også er kjent som Vermikompost, produsera ikkje bokashien drivhusgassar slik som tradisjonell kompost gjer. Dette fordi komposten blir fermentert for so å bli nedbrote, og gjennomgår ikkje rotning som tradisjonell kompost gjer. Det er denne prosessen som skapar drivhusgassar. På ein måte kan ein sei at bokashi ikkje er ein komposteringsprosess men ein anaerob fermenteringsprosess, som gjer det enkelt for jordas levande organismar å fordøye bokashikomposten. Drivhusgassar eller ei, kompost er ein fin måte å kutte søppelet på og gjev næringsrik jord.

Ingen lukt eller problem med skadedyr

Sidan komposten er lukka treng du ikkje uroe deg for skadedyr eller insekt. Komposten er luktfri og kan fint oppbevarast inne. Det er allsidig og kan brukast til å fjerne lukt og opne tilstoppa rør, i tillegg til kompostering. Den blir til dømes brukt til å fjerne lukt i grisebingar og likande.

Lag ditt eige serum (Lactobacillus) og bokashistrø/ papir

Oppskrifta er delt opp i to fasar sidan du først må dyrke fram den ønska bakteriekulturen, før du kan sette det inn i aviser eller liknande som du brukar på komposten.

Kanskje du har nokre aviser liggande heime som du kan bruke? Visste du at papir berre kan resirkulerast 6-7 gonger før det blir permanent avfall? Kompostering er eit godt alternativ til forbrenningshallar. Foto: Svein Halvor Halvorsen
Kanskje du har nokre aviser liggande heime som du kan bruke? Visste du at papir berre kan resirkulerast 6-7 gonger før det blir permanent avfall? Kompostering er eit godt alternativ til forbrenningshallar. Foto: Svein Halvor Halvorsen
Lactobacillus
Du treng:

Ris (eventuelt ein anna kjelde til karbohydrata som til dømes quinoa)

To behaldarar til å dyrke bokashien i (ein liten og ein som rommar 10 gonger so mykje)

Ein kjøkkenhandduk eller liknande til å dekke over behaldarane

Flasker til å oppbevare serumet i (plast)

Oppskrift:

1 del risvatn

10 delar mjølk

10 delar sukker eller melasse

Framgangsmåte:

Ta ris i ein behaldar og fyll det med dobbelt so mykje vatn. Rist vatnet og risen godt, og skyl av vatnet i ein behaldar. Dette blir din base for bakterieveksten, og den vil tiltrekke seg mikrobar du har i lufta heime, blant dei bakterien Lactobacillus.

Legg ein kjøkkenhandduk eller noko liknande lett over basen slik at ikkje insekt eller rusk kan komme nedi. Hugs at det ikkje kan vere for tett. Vi ynskjer tross alt å trekke til oss bakteriar.

I løp av 2-8 dagar vil det danne seg ei kvit hinne på basen og lukte syrleg. Du vil sjå at basen har delt seg i tre lag. Topplaget har ei kvitleg hinne. Det midtarste laget er gråleg/ kvitt, medan botnen har kvitt botnslam. Vi er interessert i det midtarste laget og silar derfor basen, eventuelt bruk eit tøystykke som sil og press vatnet gjennom for hand.

Mål blandinga i eit desilitermål og hell so blandinga i ein større emballasje. Bland inn 10 delar mjølk. Økologisk heilmjølk er det beste, men all mjølk vil virke. Ved å tilsette mjølk lagar vi ein god vekstbase for Lactobacillus. La blandinga stå til det har danna seg eit kvitt skum på toppen. Det tek vanlegvis 1-3 veker, avhengig av temperatur.

Sjå video for illustrasjon av konsistens.

Fjern toppen av blandinga med ein steikespade eller liknande. Lukta er sursøt og minner om rømmask (rømmekolle). Veska vil være svakt gul. Sil av og hell resten blandinga over i ein ny behaldar der du tilsett sukker eventuelt melasse. Bland godt inn og fyll over på tette flasker. Denne fasen skal ikkje utvikle gass, men det anbefalast likevel å oppbevare serumet på plastflasker. Eg har sjølv serumet på glasflasker men dette krev meir tilsyn for å forsikre at flaskene ikkje sprekk. Hald eit auge med flaskene og opn dei med jevne mellomrom for å sleppe ut eventuell gass.

Legg biprodukta av prosessen i komposten eller grav det ned i bedet. Ver obs på at det vil byrje å lukte når du skil blandinga. Om du gjer det inne, kan det vere lurt å gjere det når du ikkje skal ha gjestar ein time seinare.

Du kan blande sukker/melasse og serum det direkte i flaskene. 1 del sukker og 1 del serum.

Haldbarheit: Serum

Det stridast kor lenge blandinga kan oppbevarast før den blir dårleg. Nokre seier 2 år, medan andre seier 3 månadar. Dersom du blandar serumet med melasse kan du oppbevare det i romtemperatur, om du brukar sukker må du oppbevare blandinga i kjøleskapet.

Grønare kvardag_Bokashi serum1_DIY_Kristine Ullaland
Serumet bør oppbevarast på plastflasker då gassproduksjon kan forekomme, noko som kan føre til at glassflaskene sprekk. Glassflaske krev ekstra arbeid. Foto: Kristine Ullaland
Oppskrift
Bokashistrø/ Bokashiark:

Sett serumet inn i avispapir, kaffi eller kveitekli (kruskakli)

For å bruke serumet til bokashi er det vanleg å blande det inn i avispapir eller ein eller anna type kli. Du kan også bruke kaffi. Nokre brukar serumet som spray direkte på komposten, men eg har ikkje prøvd dette sjølv.

Framgangsmåte:

Bland serumet ut med 20 delar vatn, og sett inn i til dømes avispapir. Serumet blir no «aktivert» og dersom du lat det stå på flaske vil det danne seg gassar i flaska. Serumet har også kortare levetid når det først er aktivert. Opne flaska med nokre dagar mellomrom for å sleppe ut gassen. Det beste er å bruke alt du vatnar til å sette inn i til dømes avispapir. Kveitekli// kruskakli skal vere det mest effektive, men har sjølv berre brukt avispapir.

Ta ut stiftane av avisene. Du kan velje om du vil bruke ein plastpose eller ein tett behaldar. Vakuumpakking er klart det beste. Legg avispapiret i ein tett plastpose og fyll med veske slik at avisene blir fuktige. Det skal vere ca. 50 % luftfuktighet. Om du brukar kli skal du kunne forme ein ball, utan at den fell frå kvarandre når du opnar hendene att. Klem ut so mykje luft du kan av posen og knyt den. La posen ligge 1-2 veker. Det er viktig at prosessen er lufttett og at den har så lite luft som mogeleg.

Når avisene luktar sursøtt, er dei klare til tørking. Du kan også bruke dei slik dei er. Haldbarheita skal faktisk vere betre når dei er fuktige, men dei er mykje meir utsatt mugg og krev difor ein heilt tett behaldar og minimalt med luft. Det er difor lurt å tørke papiret. Det tek ca. 1-2 dagar. Om du vel å bruke kveitekli, er eit leikebasseng ypparleg for tørking. Strøet må vendast under tørking for å få alt tørt, samt unngå mugg. Oppbevar det so i ein plastpose eller ein tett behaldar. Jo mindre luft det er i behaldaren, jo betre. Om du oppbevara det i ein plastpose, klem ut all luft og knyt att posen. Ta ut ark etter bruk.

Grønare kvardag_Bokashi Norge_
Ynskjer du å lære meir om Bokashi. Sjekk gjerne ut den nyoppstarta bedrifta Bokashi Norge. Bilete er hyperlenka.
Kjøpe serum eller bokashistrø?

Om du synst dette høyres vanskeleg ut kan du kjøpe ferdig bokashistrø hos Bokashi Norge. Dei jobbar også med å få til eit effektivt strø basert på byggrestar frå eit lokalt mikrobryggeri. Om du ikkje ynskjer å lage serumet sjølv kan du kjøpe det her. Ynskjer du å lære meir om bokashi, kan boka Bokashi composting: From scraps to soil in weeks anbefalast. Boka er kritisk til sjølvdyrka bokashistrø fordi det ikkje er like effektivt som EM og EM1 som er ei har ein samansetning på minst 3 ulike bakteriekulturar, inkludert ulike former for melkesyrebakterien Lactobacillus, som blir brukt i oppskrifta over. Mi erfaring er at den heimelaga kulturen er god nok og kompostera matavfallet innan 5-6 veker under ideell temperatur (over 18-20 grader). Eg vil likevell mest truleg gå over til å kjøpe strø, eventuelt EM1, då det ikkje passar min livsstil å lage dette sjølv. Har du prøvd dette før og har andre erfaringar? Del gjerne i kommentarfeltet.

Lurer du på korleis ein bokashikompost fungerar? Les meir her.

Lukke til, enten du vel å lage eller kjøpe bokashistrø.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.