Deodorant

Å lage deodorant heime er utruleg enkelt. Dei fleste som går over til heimelaga deodorant går sjeldan tilbake til kommersiell deodorant. Dette fordi den er effektiv mot lukt, enkel å lage, samstundes som den ikkje inneheld til dømes aluminium. Aluminium er stoffet som forhindra svette. Baksida er at du som forbrukar får dette stoffet i kroppen. Det er til no ikkje mykje kunnskap om korleis aluminium verkar på kroppen, men dyreforsøk viser at høge doser med aluminium kan gje skadar på nervesystemet hos vaksne mus og rotter, samt deira avkom (Vitenskapskomiteen for mattrygghet). Vi lev i ei tid med mange kunstige kjemiske stoffer rundt oss og vi har dessverre lite kunnskap om korleis alle desse stoffa verkar saman, kjend som cocktaileffekten .

Mange deodorantar inneheld også triklosan, som kan gjere bakteriar immune mot antibiotika (Framtiden i våre hender). Ynskjer du å lære meir om dette? Sjå innlegget: Om penicillin, kjøtt og pris, som tek føre seg overforbruk av antibiotika.

Korleis lage deodorant sjølv

Du kan sjølv velje om du vil ha det i ei glaskrukke eller bruke ein deodorantbehaldar. Du kan bruke ein tom du har heime, eventuelt kjøpe ein på til dømes Amazon.

Oppskrift:

Natron  3 ss

Kokosolje  2 ss

Framgangsmåte

Smelt kokosoljen i ein kjele og rør inn natron. Om du vil kan du tilsette duftoljer som til dømes rose eller appelsin. Om du har glasbehaldar kan du tømme blandinga rett i behaldaren etter du er ferdig å blande. Dersom du veljer ein plastbehaldar, anbefalar eg å vente til blandinga er lunka. Tøm så over i behaldaren og la det stå til det stivnar.

Påføring

Om du har i glasskrukke skrapar du berre av litt blanding med fingrane og smører i armhola. Om du har ein deodorantbehaldar er det berre å smøre rett på.

Forhandlarar av ingrediensar

Natron får du kjøpt på daglegvarehandelen og i helsekostbutikkar. Eg valde å kjøpe eit større parti på Iherb. Kokosolje og duftoljer får du kjøpt på helsekostbutikkar. I Bergen er det Kinsarvik Fruktutsal og Reindyrka som har det beste utvalet.

Kjøpedeodorant

Om du likevel ynskjer å kjøpe deodorant er Sebamed sin deodorant ok. Du får kjøpt den på Boots apotek.

Følg Grønare kvardag på Facebook

Foto: Sherrie Graham, Bloggaren bak Wellington Farm

One thought on “Deodorant”

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.