Vaskemiddel for kle

Heimelaga vaskemiddel til kle er overraskande effektivt. Den er i tillegg dryg i bruk og mykje rimelegare en noko du får kjøpt i butikken. I tillegg kan du sjølv velje kva du ynskjer av parfyme i oppskrifta, eller om du ynskjer å ha den nøytral.

Du treng:

Natron. Kan kjøpast på Iherb eller din lokale helsekostbutikk.

Krystallsoda (må ikkje forvekslast med kaustisk soda!). Kjøpast på større matforretningar. Står plassert ved plumbo.

Såpebar. Bruk gjerne noko du har hatt liggande ei stund, type pyntesåpe frå du var liten, eller kjøp ein velluktande variant på din helsekost.

Framgangsmåte:

Rasp såpebaren. Finn ein stor bolle og miks 2 delar natron, 2 delar krystallsoda og 1 del raspa såpe.

Oppbevaring:

Eg har mi blanding i ei glaskrukke frå Ikea, men andre boksar fungera også godt.

Dosering:

Bruk 1-2 ss. Doser ekstra ved behov.

Bør ikkje brukast på ull og silke.

Følg Grønare kvardag på Facebook

5 tankar på “Vaskemiddel for kle”

  1. Hei!
    Jeg bor i utlandet, og lurer på om krystallsoda er det samme som soda crystals? Og vet du om natron det samme som baking soda? Har veldig lyst til å prøve å lage eget vaskepulver! Kan det samme brukes istedenfor zalo til håndvasken? Eller blir det for sterkt? Også i forhold til zero waste.. hvordan får man tak i disse tingene uten avfall? Har veldig lyst til å leve grønnere, men nesten alle butikkene er fulle av emballasjer, så er veldig vanskelig! Spesielt med tanke på rengjøringsmidler og sminke, etc. Handler hovedsaklig på lush, de har mye som er zero waste, og et bra resirkuleringssystem på plastboksene sine, så det har vært en fin start for meg hvertfall!

    Likar

    1. Hei Elisabeth! Litt usikker på soda crystal er det same. Eg veit i vertfall at washing soda er det same som krystallsoda og baking soda er det same som natron (må ikkje forvekslast med baking powder som er bakepulver). Eg brukar no flytande castillasåpe til oppvasken, men ser etter gode oppskrifter til det, så del gjerne om du kjem over noko. Dei eg har laga til no ser ut til å klumpe seg etter kvart. Mogeleg eg gjer noko feil. Får ta meg ei ny runde. Fleire som etterlyse dette. No veit eg ikkje heilt kvar du held til, men kanskje det kan vere lurt å kjøpe ingrediensane i større kvantum først slik at du kjem i gang, å så kan du finne levrandørar i lausvekt etter kvart. Det er lett å gape for høgt og miste motet. Du kan jo eventuelt google Zero Waste shop i din region. Godt mogeleg det også er ei lokal Zero Waste facebookgruppe som kan vere til god hjelp!

      Lush er super på lausvektsvarer men sjølv er produkta litt for sterke for huda mi og eg lagar difor såpa mi sjølv. Såpebar i lausvekt er også ofte å finne på helsekostbutikkar. MAC har eit program der du kan returnere sminkeemballasjen og så resirkulerar dei det. Det er også masse du kan lage sjølv. Sjekk gjerne ut Pinterestsida til Grønare kvardag for inspirasjon til oppskrifter. Nokre er Zero Waste og nokre er semi-Zero Waste/ for inspirasjon: https://no.pinterest.com/gronarekvardag/gr%C3%B8nare-sminke-og-ansiktspleie-zero-waste-makeup-a/

      Ynskjer deg lukke til! Hald oss gjere oppdatert :). Beste helsing Kristine

      Likar

  2. Hei Kristine! Jeg har laget dette og er veldig fornøyd med det. Men jeg lurer på om du bruker det på ull? Jeg har ikke prøvd enda, men så at det sto på Krystallsoda-boksen at det egnet seg til ull. Er det noen grunn til at man bør holde seg til ullvaskemiddel eller vil dette være godt nok tror du? 🙂

    Likar

    1. Hei Britt Kari! So kjekt at du likar oppskrifta! For å vere heilt ærleg så er eg ikkje sikker. Eg har ein stor dunk med castillasåpe som eg har brukt på ull til no, men om oppskrifta over fungerar til ull også er det jo heilt supert! Eg kan forhøyre meg litt rundt, og gje gjerne ein lyd om du finn ut av det:). Beste helsing Kristine

      Likar

      1. Jeg regner med at den kan brukes, da jeg tror grunnen til at man ikke skal bruke vanlig vaskemiddel er enzymer som ødelegger ullfibrene. Men jeg kan ikke nok om det. Takk for svar og at du hører litt rundt 🙂

        Likar

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.