Zero Waste Taco

Noko av det mange spør seg når dei høyre om Zero Waste er ikkje relatert til miljø eller tidsbruk, men taco. Den folkekjære norskvarianten av taco har kome for å bli. Og ja, du kan leve Zero Waste og ete taco.

Mange av tinga vi kjøper, enten det er ingrediensar til taco eller andre ting er overraskande lette å lage sjølv. Det smakar faktisk betre også. I tillegg har du full kontroll over kva råvarer og smakstilsetningar som er i maten du og familien din et. Guacamole, salsa, tacokrydder og lefser kan enkelt lagast heime, kanskje det til og med kan vere ein kjekk aktivitet de kan gjere saman?

Dersom du ynskjer å prøve deg på ein søppelfri taco, ikkje strev etter perfeksjon ved første prøving. Det å tillegga seg ein ny livsstil er litt som å flytte til ein ny stad. Du veit ikkje kvar den beste daglegvarebutikken er, den beste kafeen eller den finaste turløypa er den første dagen, det er kunnskap ein tillegg seg etterkvart. Og ein treng ikkje å gjere alt, få, små ting kan gjere ein stor endring totalt. Kanskje du kan prøve å bruke eigne handleposar til det du uansett hadde kjøpt i lausvekt? Eller ta ei oppskrift om gangen? Målet er ikkje nødvendigvis å bli søppelfri, men å bruke forbrukarmakta si til å sei i frå kva verdiar som er viktige for deg, enten om det er kortreist mat, økologisk mat, dyrehald, forsøpling og/ eller kunstige kjemikaliar. Lommeboka er mektigare en du trur.

Lukke til!

Oppskrift på ein søppelfri tacofredag:

Start med å klargjere deiga til tacolefsene, som treng 20 min kvile før den skal steikast i steikepanna.

Tacolefser:

Tacolefser passar ypparleg å fryse ned. Dersom du har litt ekstra tid kan du med fordel lage ekstra lefser som du kan fryse ned. Lefsa passar også godt som brød til indisk mat, eller som pizzabunn.

Oppskrift til ca. 8 lefser

300-350 g mjøl

2 ts bakepulver

2 ts matolje

2 dl vatn

1 ts salt

Bland dei tørre og dei våte ingrediensane for seg sjølv før du blandar dei saman. Kna deiga i 2-5 min. og la den kvile i 20 min. Oppskrifta kan eventuelt lagast utan bakepulver, men då blir lefsene litt mindre luftige. Papirposen mjølet kjem i kan resirkulerast eller komposterast. Matolje og bakepulver blir seld i metall og glas som begge kan resirkulerast. Nokre butikkar sel også dette i lausvekt som til dømes Mølleren Sylvia i Oslo.

Lefsene steikast i steikepanna i ca. 30 sekundar på kvar side. Du treng ikkje bruke noko olje eller smør i panna. Legg dei ferdigstekte lefsene inn i eit kjøkkenhandkle for å halde på varmen.

Grønare kvardag_Zero Waste Taco_Kristine Ullaland_Søppelfri.JPG
Dersom du ikkje orkar å lage lefser, eller ikkje toler mjøl, er salatblad eit godt alternativ. Foto: David Yttervik Seetiangtham

Alternativt kan du bruke salatblad i staden for lefse. Eg rynka sjølv på nasa første gong eg såg det, men det er faktisk overraskande godt. Med mindre salat er i sesong, er dette vanskeleg å få tak i utan emballasje med unntak av innvandrarbutikkar.

Tacokrydder:

1 ts oregano

2 ts spisskummin

2 ts paprikapulver

2 ts kajennepepar

2 ts havsalt

Bland alt godt saman og bland ut med eit lite glas vatn og hell over farsen. Tilsett fersk chili og kvitlauk. Hugs at krydder kan ha ulik styrke, bruk difor oppskrifta som rettleiande. Dersom du likar sterk mat kan du auke kajennepepar og chilipulver, eventuelt også bruke knuste chiliflak.

Krydder kan kjøpast i glas eller metall. Dersom du held til i Oslo kan du kjøpe krydder i lausvekt hos Holisten i Mathallen. Chili og kvitlauk får du i lausvekt hos din lokale innvandrarbutikk.

Ta over litt lime når farsen er ferdig.

Tacokrydder_Zero Waste_Kristine Ullaland.JPG
Det er kjapt og enkelt å lage tacokrydder sjølv. Foto: Kristine Ullaland
Salsa

4 tomatar

1 rødløk

1 gul løk

½ chili

Koriander

½-1 lime

1 ss olivenolje

Salt og pepar

Kutt tomatane i små bitar og legg i ei sil slik at dei får rent av seg. Om du ikkje har sil kan du bruke eit kjøkkenhandkle. Kutt so opp resten av ingrediensane og bland saman. Tilsett tomatane til slutt. Smak til med salt og pepar. Ikkje rør meir en nødvendig, då dette kan gjere salsaen vassen.

Lime og tomatar får du i lausvekt alle stadar, likeins med gul lauk. Koriander og chili får du i lausvekt hos din lokale innvandrarbutikk, samt rødløk.

Guacamole

2 modne avokadoar

1-2 fedd kvitlauk

½ Rødlauk, alternativt vanleg lauk

1 tomat

Koriander

Lime

2 ss olivenolje

Smak til med salt og pepar

Hakk alle ingrediensane godt saman. Dersom du ikkje ynskjer bitar i guacamolen, bruk ein handmiksar.

Dei fleste matvarebutikkar sel avokado i lausvekt. Olivenolje kan du få kjøpt i metall eller glass, eventuelt i lausvekt hos Mølleren Sylvia i Oslo.

Zero Waste_Grønare kvardag_Kristine Ullaland.JPG
Kutt plastposen når du kjøper mat i lausvekt med å ta med dine eigne i ty. Nokre matvarer har tjukt skal. Kankje dei ikkje treng pose? Foto: Kristine Ullaland
Vegetarfarse
Bønnestuing for 2 personar:

1,5 dl tørre bønner (må bløytast over natta og kokast til dei er møre)

½ dl vatn

1 ss spisskummin

1 ss paprikapulver

¼ gul løk

1-2 fedd kvitløk

Fersk koriander

1 klype salt

1 ts kajennepepar (kan kuttast om du ikkje likar sterk mat)

Limesaft

Hell bønnene i ei kjele med ½ dl vatn og smak til med krydderet. Mos ca. halvparten av bønnene med ei sleiv og la stuinga putre nokre minuttar på lav varme. Rør om slik at maten ikkje brenn seg fast. Tilsett meir vatn om det trengst.

Oppskrifta på bønnestuing er inspirert av Veganmisjonen. Sjekk ut sida for fleire oppskrifter.

Zero Waste Taco_Grønare kvardag_Kristine Ullaland_Søppelfri.JPG
Dersom du ynskjer rømme til tacoen, kjem du nok ikkje utanom plastemballasje. Foto: Kristine Ullaland

Bønner fås kjøpt i papiremballasje dei fleste stader, samt på boks. Sistnevte er  ein slager blant studenter på grunn av den lave prisen. Det er ueinigheiter angåande kor vidt det er bra å ete boksemat, då boksen gjerne er lakka med epoxilakk for å hindre rust. Denne inneheld Bisfenol A, og kjend som BPA. BPA har ein svak østrogeneffekt og før den blei tatt i bruk av plastindustrien på 50-tallet, blei den brukt som veksthormon for storfe og for å behandle kvinner i overgangsalderen. Myndighetene referera til BPA som eit verstingstoff og ynskjer å stoppe bruken av det innan 2020.

Kjøttfarse

Dersom du brukar kjøttfarse, får du tak i dette hos din lokale kjøttforhandlar. I Bergen har vi til dømes R. Birkeland på Bystasjonen. Hugs å ta med eit glas eller anna egna behaldar til å ha kjøttet i. Slaktaren veg først emballasjen og trekk so i frå vekta av behaldaren frå totalvekta. Kjøttet er lokalt, så du støttar samstundes det norske landbruket. Dersom du byrjar å sjå kvar kjøttet er frå når du handlar i kommersielle daglegvarebutikkar, vil du sjå at det er mykje tysk kjøtt, som inneheld mykje antibiotika samanikna med norsk kjøtt. Den norske bonden er viktig, og skal vi behalde bonden må vi også støtte dei ved å støtte oppunder gode, kortreiste råvarer, enten det gjeld kjøtt, melkeprodukt eller grønsaker. Hugs også at maten vi et er drivstoffet vårt! Ja til bra drivstoff, både for oss og miljøet.

Håpar du blei inspirert til å prøve deg på ein Zero Waste taco!

Toppfoto: James

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.