Studiestart

Ein ny haust byr på nye moglegheiter. Kva med å ta fatt på det nye semesteret ved å ty til grønare vanar, som til og med kan spare lommeboka di? Grønare kvardag gjev deg dei beste tipsa for eit grønare (og økonomisk) semester.

Ta avstand frå ting du ikkje treng og erstatt det med berekraftige alternativ (Refuse)
  1. Erstatt kaffipappkrus med termokopp. For 300 kr får du Studentsamskipnaden sin termokopp og fri kaffi og te for semesteret i Bergen.
  2. Smør di eiga matpakke. Ved å ta med di eiga niste har du oversikt over kva du et og du blir ikkje like lett freista til å velje usunne alternativ. Om du et brødmat til niste kan du bruke eit kjøkkenhandkle eller ein duk til emballasje. Om du et salat kan du bruke eit glas eller noko liknande du har heime.
  3. Ta med ein tøypose om du skal handle, og ta gjerne med mindre tøyposar for oppbevaring av tomat, sopp, sitrus eller liknande. Mindre tøyposar kan du lett lage sjølv, eller eventuelt kjøpe. Ynskjer du å prøve deg på emballasjefri handel?  Ta med eigne behaldarar til butikken. For våte matvarer som kjøtt og ost emballasjefritt, kan du for eksempel bruke eit glas frå Ikea som behaldar, alt anna tek du i tøyposar. I Norge har vi eit gjennomsnittleg høgt bruk av plastposer, men du treng ikkje vere ein del av statistikken av den grunn. Om du ynskjer å prøve å kjøpe all mat utan emballasje kan du sjå denne oversikta over Bergen.
  4. Lag di eiga såpe. Det er faktisk utruleg enkelt og ei oppskrift gjev ca. 6-8 såper. Mange trur at ein såpebar ikkje er like hygienisk som flytande såpe. Dette stemmer ikkje. Såpa kan og brukast som sjampo. Sjå oppskrift her.
  5. Lag ditt eige vaskemiddel. Om kollektivet ditt har ei god vaskemaskin, som til dømes Miele, er det faktisk ikkje sikkert at du treng vaskemiddel i det heile. Prøv deg fram. Oppskrift til vaskemiddel finn du her. Om du likevell ynskjer å kjøpe vaskemiddel, kjøp pulver. Den er mykje drygare i bruk og gjev meir valuta for pengane. Det same gjeld oppvaskmiddel.

    11313627_835959583148311_301047609_n
    Følg Klean Kanteene sin Instragramkonto @kleankettle
  6. Kutt flaskevatn. Det er bortkasta pengar og ikkje bra for miljøet. Det er til no ingen kvalitetskontroll på vatnet som blir seld i Norge, og flaskene blir berre resirkulert nokre få gonger. Invester heller i ei flaske i glas eller metall som til dømes Klean Kanteene sine drikkeflasker er i rustfritt stål. Dei førast både med enkle og doble veggar, og kan godt brukast til suppe, varm drikke eller kald drikke. Dei fører også tåteflaske om du har barn. Chillout i Bergen førte tidlegare desse flaskene, men no er det ingen som fører dei lengre. Tips gjerne i kommentarfeltet om du veit om noko. Om du ikkje ynskjer å legge so mykje pengar i flaska er Blafre sine flasker flotte. Dette er ei norsk bedrift med miljø på agendaen. Flaskene deira er også svært rimelege. Dei kan kjøpast på Norli på Galleriet, Bergen. Du kan og sjekke ut S’well. Det kan vere lurt å kjøpe ei flaske som passar for alle dine behov. Unngå å kjøpe fleire eigendelar en du treng. Kanskje du treng mindre eigendelar en du trur?
  7. Om du er kvinne, sei nei til tampongar og bind. Bruk menskopp i staden. Koppen kostar rundt 250-300,. og kan brukast opptil 12 timar. Praktisk, økonomisk og miljøvennleg.
  8. Sei nei til reklame enten det er på mail, i posten, eller i studentpakken. Studentpakken har mykje forbetringspotensial og består i dag av unødig mykje søppel. Posten tilbyr klistermerke du kan ta på postkassa di, om du ikkje ynskjer å lage ein lapp sjølv. På mail vil dei fleste reklamebreva innehalde ei lenke nedst i brevet der du kan avslutte abonnementet.
Reduser det du treng (Reduce):
  1. Kollektiv har ein tendens til å bli ein samlingsstad for ostehøvlar, matboksar utan lokk, hundrevis av halvtomme te-boksar, lamper, sko, jakker. Lista er lang. Kva med å starte semesteret med å engasjere kollektivet til å redusere ting de ikkje treng. Det vil garantert minke frustrasjon over oppvask som hopar seg opp, eller sko som tek opp heile gangen. Kanskje de til og med kan tene litt pengar til fellespotten ved å ha eit loppemarknad? Det er mest truleg nokre nye studentar i nabolaget ditt som treng noko av det du vil kvitte deg med. Ved å kvitte dykk med duplikata på kjøkkenet til dømes, vil det vere lettare å halde orden og de slepp at det hopar seg opp vekegammal oppvask.
  2. Reduser strømforbruket. Strøm er billig i Norge, og vi er godt vant med å ha lyset på i alle rom sjølv om vi ikkje oppheld oss der. Dersom de byrjar å skru av lys og elektroniske artiklar når de går frå rommet er det godt mogleg at de vil sjå ein skilnad på rekningane. Spesielt om du bur i eit større kollektiv.

    7987926034_eae16c06e2_k
    Foto: Sebastien Wiertz
  3. Brukar du mange skrivebøker i løp av semesteret? Kva med å skrive notater elektronisk? Gratissystem som Evernote let deg lagre filene på nett, og er ein fin måte å samle alle notat og artiklar du treng. Det gjer det også lett å dele notatar med klassekameratar. Nokre pensumbøker er også tilgjengeleg på nett, eventuelt på nettbrett eller Kindle.
  4. Reduser inntaket av rødt kjøtt og sjømat som ikkje er berekraftig. Når du kjøpe kjøtt er det lurt å velje norsk kjøtt, då Norge har eit av dei strengaste reglementet angåande penicillin i jordbruk. Les meir her.
  5. Ta med deg nokre vener å prøv dykk på dumpster diving, som på norsk blir noko slikt som søppeldykking. Dei beste plassane for dette er dessverre matvarebutikkar utanfor sentrum, men sjå gjerne om du ser noko i ditt nærmiljø. Hugs at matbutikkar som har hyller som bognar av frukt og grønt, gjerne har søppelspann som gjer det same. Maten som du finn må ofte forvellast eller etast innan dei neste dagane, så sett gjerne av litt tid etter søppeldykkinga til å vaske og klargjere maten. Bland 1/10 eddik med vatn som vask av maten, og la det ligge i nokre minuttar. Dette kan vere ein spennande, augeopnande ekspedisjon, samtidig som det sparar deg litt å vere politisk rebell. Del gjerne funnet ditt med @gronarekvardag
Bruk om att det du har (Reuse):
  1. Kjøp kle du kan bruke i fleire anledningar. Du treng ikkje å bli sett i nytt antrekk kvar dag. Invester heller i plagg og eigendelar som er meint for å vare og som du likar. I eit kollektiv er det ofte litt trongt om plassen, så mindre eigendelar kan faktisk gjere det mykje koselegare og spare deg for rydding. Om du er kvinne kan du sjå Bea Johnson for inspirasjon.
  2. Kjøp brukt. På Second Love, Kleskapet og Fretex kan du finne mange skattar i Bergen. Det same gjeld Finn.no og sjølvsagt, loppemarknad. Kvitevarer og elektriske artiklar kan du få kjøpt hos blant andre Bergen Brukthandel Boumaza, Sandviken og Brukthandelen i Nygårdsgata, Bergen.

    18015543581_22dd24ea23_k
    Foto: Mike Gifford
Resirkuler (Recycle):
  1. Resirkuler det som kan resirkulerast. Om du byrjar å sjå kva du har i søppla ditt, vil du sikkert bli overraska over at det meste der enten kan resirkulerast eller komposterast. Visste du forresten at dei små aluminiumsarka som er på til dømes mjukost kan resirkulerast som metall? Det same gjeld aluminiumsfolie. Om du bur i Bergen kan du sjekke ut BIR sine sider for å sjå kvar du kan levere avfallet ditt. For deg som ikkje bur i Bergen, sjekk ut ditt lokale avfallsselskap.Usikker på kva som skal sorterast kvar? Sjekk ut Sortere.no
Komposter (Rot):
  1. Visste du at dersom du kompostera kan du få billigare avtale med BIR? I tillegg gjev dei opptil 1000 kr i støtte for etablering av ny kompost. Dei fleste studentar betalar ikkje søppelavgifta sjølv, men om de etablera ein kompost og kan vise til minka avfall, kan de inngå ein avtale med huseigar der de trekk i frå det huseigaren sparar på at de kastar mindre. Kanskje de til og med klarer å bli søppelfrie? Etablering av ny Makkompost vil koste ca. 900-1000,- kr og ein Bokashikompost ligg rundt 300 kr og oppover. Det betyr at de vil få støtta heile beløpet de legg ut for ein ny kompost. Dei tradisjonelle kompostane vi har i Norge ligg på rundt 5000,-. Både  Bokashi og Makkompost er luktfri, krev lite plass og kan oppbevarast inne. Med mindre du har ein plass du kan grave ned Bokashikomposten, som er nødvendig for at jorda skal bli jord, er Makkompost det enklaste alternativet, då komposten er klar til bruk når makken er ferdig med den. Jorda er utruleg næringsrik og passar godt til alle slags vekstar. Kva med å starte ein liten grønsaksage på kjøkkenet, eller kva med å overtale naboen til å bruke den overgrodde hagen? Les korleis du kan etablere ein sunn hage i urbane omgjevnadar.

Hugs at sjølv små endringar kan få store ringverknadar. Dine gode vaner vil påverke og inspirerer dei rundt deg.

Lukke til med det nye semesteret!

Følg Grønare kvardag for nye innlegg og inspirasjon til ein søppelfri kvardag.

Toppfoto: Markus Spiske

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.