Bivokspapir/ Beeswrap

Nb. Det er mangel på norsk bivoks og birøktaren som tidlegare var referert til i denne posten sel ikkje lenger bivoks.

Mykje av søppelet vi genererar i løp av ein dag er knytt til matoppbevaring. Lær korleis du kan kutte plastfolien og lage din eigen emballasje i staden.

Grønare kvardag var i haust på besøk til Bergen sine urbane bier på Hotell Terminus, og det er umogleg å ikkje bli begeistra for desse flittige insekta. Ikkje berre pollinera dei blomster, dei gjev oss nydelig honning, bivoks, pollen, den næringsrike dronninggeleen, samt det naturlige antibiotikum Propolis, som også drep sopp og virus.

I ein søppelfri kvardag er bivoksen spesielt nyttig. Når ein kuttar plastemballasjen er bomull voksa med bivoks ein god erstattar, og gjer det lett å slenge over salaten du ikkje rakk å ete opp til lunsj. Maten held på fuktigheta, bivokspapiret kan brukast omatt mange gonger, og er naturleg antiseptisk. Når bivokspapiret har gjort si teneste, kan det komposterast, i motsetning til sin konkurrent, plastemballasjen.

Plastemballasje kan dessverre berre resirkulerast nokre få gonger før det blir permanent avfall. I tillegg inneheld mjukplast ftalater DINP, som blir tilsett for å gjere plasten mjuk. Dette ftalatet blir lenka til blant anna hormonforstyrring, særskild hos menn. Det same gjeld DINP’s forgjengar DEPH, som no er forboden. Norge ventar på vurdering frå EU før dei eventuelt forbyr ftalatet DINP. Sjå Fremtiden i våre hender sin informasjon om ftalater.

Som forbrukar er det omlag umogleg å halde seg oppdatert med kunstige kjemikaliar i slike produkt. Det lettaste er difor å eliminere dei frå dine forbruksvanar. Lag ditt eige bivokspapir, samla av naturens hjelparar.

birøkt_pollen_bivoks_beewrap_Grønare kvardag_Zero Waste home_Kristine Ullaland
Foto: Kristine Ullaland

Bivokspapir

Du treng:

Eit stykke 100% bomull i fin kvalitet i ein passande størrelse

  • For brød, innpakking av større matpakke eller liknande: ca. 35-40 cm * 60 cm
  • For innpakking av matpakker type 2-3 brødskiver, ost eller liknande: ca. 25 cm * 40 cm

Saks

Bivoks (seljast på helsekost, hobbyforretningar).

Bakeunderlag i silikon eller liknande til å ha under tøystykket når det skal i omnen (ver obs på at det er vanskleg å fjerne voksen etter bruk)

  • Eventuelt eit steikebrett du ikkje er så redd for.

Ein kniv

Ei skjerefjøl

Ein kleshengar til å tørke bivokspapiret på (vil komme voks på)

Ein steikeomn

Førebuing:

Tenk ut kva du vil bruke bivokspapiret til og kva størrelse du treng. Du veit sjølv best kva matvanar (og emballasjevanar) du har og kva bivokspapir du har mest behov for.

Vel ut eit tøystykke i 100% bomull i fin kvalitet. Vel gjerne eit med mønster slik at eventuelle voksujevnheter ikkje blir synlege. Hugs at det ferdige produktet vil bli litt mørkare. Vask gjerne stoffet før du sett det inn med bivoks, om du vel å kjøpe noko nytt. Dette fordi nye stoff gjerne kan innehalde uheldige biprodukt frå produksjonen og/eller sprøytemiddel.

Framgangsmåte:
Bivoks klar til bruk. Om du ynskjer å kjøpe bivoks utan emballasje, ta kontakt med din lokale birøkter.
Bivoks klar til bruk. Om du ynskjer å kjøpe bivoks utan emballasje, ta kontakt med din lokale birøkter. Foto: Kristine Ullaland

Sørg for at bivoksen er oppbevart kaldt før bruk. Det gjer den mykje lettare å arbeide med. Om du har noko å raspe med, er dette det beste, men bivoks er vanskelig å vaske av etter bruk, så da må det vere ei rasp du berre vil bruke til bivoks. Det du eventuelt kan gjere er å skjere bivoksen opp i små bitar. Dette er mykje lettare å reingjere etter bruk.

Legg silikonbakepapiret i botnen av steikebrettet og tøystykket over. Om det er for stort for steikebrettet kan du brette det i to. Det kan vere lurt å velje eit mindre tøystykke første gang du lagar bivokspapir.

Kutt opp bivoksen i små bitar og fordel jamt utover. Pass på at du ikkje har for mykje voks på. Då vil papiret bli for stivt og flasse. Det er betre å ta litt for lite for så å ta ein ny omgang med voks. Pass godt på å få voks i endane og hjørna av stoffet. Eg eksprimentara no med kor mykje voks eg treng på dei ulike stoffstykka og har ikkje endå noko fasit. På dei minste stykka 25 cm*40 cm har eg brukt ca. 45-55 gram voks, men om du ynskjer eit stivare, eventuelt eit mindre stivt papir kan du regulere mengda voks.

Sett steikeomnen på 180 grader og plasser steikebrettet med bivokspapiret midt i omnen. Det vil, avhengig av størrelsen på voksbitane, ta rundt 5-10 min å smelte voksen. Når alle bitane er smelta tek du voksen ut. Sjå over om det er nokre områder som det ikkje har kome voks på. Om nokon områder ikkje har voks, legg du på litt voks på desse områda og tek papiret inn att i omnen til dei er smelta.

Heng so opp papiret og la det tørke. Etter 5-10 min kan du brette saman ditt heimelaga bivokspapir.

Bivokspapiret blir fort tørt. Det kan vere lurt å ta papiret av hengaren før det er heilt tørt for å unngå at voksen sett seg fast i hengaren.
Bivokspapiret blir fort tørt. Det kan vere lurt å ta papiret av hengaren før det er heilt tørt for å unngå at voksen sett seg fast i hengaren. Foto: Kristine Ullaland
Bruk og vedlikehald

Papiret må berre vaskast i kaldt vatn, då varmt vatn vil løyse opp voksen. Bivoks er naturleg antiseptisk. Du treng difor ikkje å bruke såpe. Reint vatn er nok.

Papiret kan ikkje brukast til kjøtt og fisk.

Papiret er diskre i lukt, samanlikna med fleire kommersielle produkt, men har til gjengjeld kortare levetid. Personleg synst eg ikkje dette gjer so mykje, då papira etter mange månadars bruk ofte byrjar å få ein del flekkar og er klar for ein vask og ny runde med voks. Eventuelt komposten.

Om du ynskjer å kjøpe bivokspapir er desse til sal i mange av dei lokale helsekostbutikkane, som til dømes Reindyrka i Bergen. Bergen sin lokale nettbutikk Agent M fører også desse.

Har du lyst å lære meir om birøkting? Grønare kvardag vil publisere ein artikkel om dette til våren. Du kan eventuelt sjekke ut Bier og birøkting i by og bygd, av Ragna Ribe Jørgensen.

Lukke til!

Headerfoto: Kristine Ullaland

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.