Fuktbar

Jaget etter å halde seg oppdatert på kva kunstige kjemikaliar ein bør halde seg vekke i frå kan følast overveldande. Hopp av køyret og lag dine eigne produkt i staden. Lær korleis du enkelt kan lage din eigen fuktbombe til tørr vinterhud.

Fuktbar er kjapt og lett å lage, og du treng få ingrediensar. Den er fri for kunstige konserveringsmiddel og uønska kunstige kjemikaliar, og smeltar når du tek den på huda. Fuktbaren passar godt som gåve, så lag gjerne fleire når du først er i gang.

Når ein operera med få ingrediensar, ender ein ofte opp med ein fuktighetskrem som er veldig ulik i tekstur avhengig av temperatur og ein risikera emulsjon med vatn, noko som dessverre ikkje er heilt uvaneleg. Fuktbaren er difor eit enkelt og godt alternativ. Den er solid i romtemperatur, og smeltar ved høgre temperatur en dei kremane eg har prøvd hittil. Sidan den smelta når du gnir den på huda, er det vanskeleg overdosere bruken, samanlikna med fuktighetskrem på flaske. Fuktbaren er difor dryg i bruk og varer lenge.

Oppskrift:

1 del bivoks

1 del kokosolje

1 del kokossmør, eventuelt sheasmør

Etserisk olje (alternativt)

Framgangsmåte:

Bland saman alle ingrediensane i ei skål og sett i dampbad. Når ingrediensane er smelta saman, rør godt om og ta dei ut av dampbadet.

Tilsett eteriske oljer om ynskjeleg, som til dømes rose, lavendel eller epleblom. Bland godt saman og hell over i form.

Om du ikkje har silikonform kan du bruke ein mjølkekartong eller liknande. Alternativt, om du ikkje har noko form i det heile, kan du bruke ein tynn bomullsklut i ein liten kopp og helle blandinga over. Fuktbaren vil då feste seg i kluten og når fuktbaren er klar til bruk drar du den opp av forma. Kluten fungera også som innpakning til fuktbaren.

Vask bollar som har vore i kontakt med dei smelta ingrediensane med ein gong etter bruk for å unngå at det stivnar fast. Bivoksen sett seg fort, så det kan spare deg for arbeid om du tek det med ein gong.

La blandinga kjøle seg ned i forma, enten i romtemperatur eller i kjøleskapet. Det tek eit par timar. Når blandinga er stivna, ta den forsiktig ut av forma. Den er då klar til bruk.

Kvar kan ein kjøpe ingrediensane?

Bivoks (seljast på helsekost, hobbyforretningar. Kontakt eventuelt ditt lokale birøktarlag). Om du bur i Bergen kan du kontakte Søylands Biegard, som sel bivoks for 100 kr kiloen.

Kokosolje og kokossmør får du kjøpt i glas hos din lokale helsekostbutikk. Nokre av dei store matbutikkane sel også dette.

Tilpass ditt bruk

Fuktbaren kan lagast i alle mogelege variantar. For eksempel kan den brukast til bleieutslett ved å tilsette sink i oppskrifta. Det fine med å lage sine eigne hygieneprodukt er at du kan lage dei slik du ynskjer. Det gjeld både lukt, ingrediensar og konsistens.

Oppskrifta er fleksibel og du kan sjølv variere kor hard/ mjuk du ynskjer baren ved å tilsette meir bivoks for å gjere den hardare dersom du oppheld deg i varmt klima, eventuelt mindre bivoks om du ynskjer ein mjukare bar. Dersom du kuttar ned på mengda bivoks vil fuktbaren lettare smelte, då kokosolje er svært temperatursensitivt.

Oppskrifta er frå Wellness Mama. Sjekk gjerne ut sida hennar for inspirasjon og oppskrifter.

Lukke til!

Toppfoto: Kristine Ullaland

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.