Zero Waste kjøkken

Visste du at du både kan få romsleg plass på kjøkkenet, gode råvarer og spare lommeboka? Sjå Grønare kvardag’s tips og transformer kjøkkenet ditt om til eit søppelfritt kjøkken.

Mange blir forundra når dei høyrer om Zero Waste og tenker at dette må ta alt for mykje tid, og i likskap med andre livsstilsendringar tek det sjølvsagt tid å legge om vaner. Det blir litt som når ein flyttar til ein ny stad og på nytt må finne ein god matbutikk ein likar, eit treningssenter, sitt favoritt bibliotek og plassen med dei beste drinkane. Slik er det også når ein skal oppdage sin eigen heimstad på ny med ein visjon om ein søppelfri kvardag. Bruk kreativiteten og tenk nytt, inkluder vener og familie og finn gode vaner som passar for dykkar livsstil og behov.

Den lettaste endringa du kan gjere for å minske søppel er å tenke nye over kva  du tek med seg inn i heimen. Vi treng ofte mindre en det vi trur og det dei kommersielle makter fortel oss at vi treng.

Planlegg måltida for den kommande veka

Då far min var born hadde dei faste måltid alle dagar i veka, og dei fleste i bygda hadde den same rutinen, ettersom dette var styrt av årstida og kva ein fekk tak i i butikken. I dag handlar vi mykje på impuls, og vi veit gjerne ikkje kva vi skal ha til middag før vi står i butikken. Impulsive innkjøp fører fort til svinn. Den lettaste måten å endre dette på er å lage ein vekeplan for måltida. Fleire matbloggar som til dømes Veganmisjonen tilbyr ferdige vekemenyar. Matkjedene byrjar no også å henge seg på trendane med middagsplanlegging, då det sjølvsagt og er av deira interesse at vi som forbrukarar er meir føreseieleg. Ironisk nok kan ein hevde at vårt handlemønster til dels er eit resultat av det einsidige fokuset matvarekjedene har køyrt på pris, i staden for til dømes kvalitet. Rema 1000 tilbyr ein middagsapp der du enkelt kan planlegge måltida dine. Mindre matsvinn sparar både lommeboka di og søppelspannet.

Du kan og lage dine eigne vekeplaner og sjonglere dine favorittrettar.

8477474033_d9a783bc84_h
Gode system gjer det lett å halde oversikten over kva ein har. Foto: Bryan Lee
Eliminer unødige gjenstandar frå kjøkkenet

Kva treng du eigentleg på kjøkkenet? Mange ender opp med fulle hyller av ting ein eigentleg ikkje treng. Gå igjennom skuffer og skap og fjern dublettar og ting du ikkje brukar. Doner vekk tinga til ein samfunnsgagnleg organisasjon som Fretex. Kanskje noko kan seljast på Finn.no, eller kanskje nokon naboar eller familiemedlemmar har bruk for det. Ver streng med kva du tek inn i kjøkkenet, og lag eit system som gjer at det er lett å sjå kva du har i skuffer og skap. Tenk fleirbruk rundt tinga du har.

Det kan høyres litt rart ut men noko av det mest tilfredstillande ved Zero Waste-livsstilen er for mange nettopp det å finne ut korleis ein kan minke eigendelar. Sjølv om det i utgangspunktet kan vere litt vanskeleg å gje i frå seg ting, er det mykje meir verdifult å kunne bruke kjøkkenet lett og effektivt. Mindre ting fører ofte også til mindre tid til oppvask og rydding.

Bytt ut eingongsprodukt med fleirgongsprodukt

Plast bør ein unngå i den grad ein kan. Det kan berre resirkulerast nokre få gonger før det blir permanent avfall. Det plastmjukgjerande stoffet DINP som brukast i Norge er kontroversielt. Danske myndigheiter er klare i si tale om at ftalatet DINP, i likskap med sin forgjengar DEHP, er hormonforstyrrande. Kjøper du bakepapir utan svanemerke er det godt mogleg at det inneheld fluor. Dette blir brukt for å unngå at feittet festar seg til papiret. Fluor blir i likskap med DINP knytt til hormonforstyrringar, samt nedsett sædproduksjon. Sjå forbrukerrådet sin hormonsjekk for rettleiing.

10292821883_8f8ac3465e_z
Bruk smør eller olje i staden for bakepapir. Foto: Yelp Inc.

Smør eller olje egna seg godt til å smøre former med for å unngå at mat sett seg fast. Du kan eventuelt investere i ei silikonmatte. I staden for plastfilm og aluminiumsfolie kan ein bruke boksar eller bivokspapir (sjå oppskrift). I staden for tørkepapir kan ein bruke kjøkkenhandkle eller sy eigne kjøkkenhandkle på rull. Det same gjeld for papirserviettar. Bytt dei ut med noko i ty. Sjølv eingongsprodukt som serviettar er billige, blir mange bekkar små ein stor å. Det er økonomisk å heller tenke gjenbruk.

Sjå på kjøkkenet ditt som din eigen vesle butikk

For nokre år sidan møtte eg ein matantropolog. For han var det å studere korleis folk laga mat noko av det mest spennande han kunne tenke seg. Der eg såg curry og raspeballa, såg han kulturarv, tradisjon og samspel mellom menneskjer. Det tok meg nokre år før eg forstod kva han eigentleg snakka om.

Det er lettvint å kjøpe prosesserte varer der jobben er gjort for oss, men dette går på bekostning av vår personlege tilknyting til matlaging. Vi mistar kunnskap og erfaring vi har nedarva frå familie og vener i generasjonar og det gjer oss også svært avhengig av produsentane. Vi ender opp med lite kunnskap om kva ingrediensar som er naudsynte for å lage dei ulike varene, noko som både gjer det vanskeleg å stille spørsmål ved innhaldslista til matvarene vi kjøper. I ein hektisk kvardag er det heller ikkje alltid ein har overskot til å saumfare innhaldslistene til alle produkta ein ynskjer å kjøpe. Stussa du også over at du først fant ut at det var sukker i ketsjupen då dei først fekk ein sukkerfri variant? Det enkle er ofte det beste. Gjer det sjølv.

Sjå på kjøkkenet ditt som din eigen vesle butikk. Det er overraskande mykje du enkelt kan lage sjølv. Og det gjeld ikkje berre mat. Få ingrediensar som natron, krystallsoda, kokosolje og kaustisk soda kan til og med halde deg med alle hygieneprodukta du treng.

Utfordr deg sjølv til å prøve å lage ting frå grunnen av. Spør familie og vener om råd. Kanskje de til og med kan inspirere kvarandre?

4072623022_81f39be720_z
Heimelaga sitronost. Foto: Chiot’s Run
Sylting, safting, forvelling, hermetisering, tørking og fermentering

Er du tilhengar av kortreist, emballasjefri mat? Då er du avhengig av å kjøpe sesongbetonte varer. Konservering av gode råvarer er i vinden som aldri før, og det er både mykje kurs og informasjon på nettet. Kanskje har du har ein slektning eller venn som meir en gjerne deler av sin kunnskap? Det er også få ting som smakar so godt som til dømes heimelaga hermetiserte pærer eller heimelaga leverpostei på nybaka brød.

Tips til bloggar: Fermentering,  Sylting, safting og konservering 

Kutt emballasjen

Sesongens frukt og grønt er lett å få tak i emballasjefritt i konvensjonelle butikkar, men om du ynskjer kjøtt og fisk må du til din lokale slaktar, fiskeforhandlar eller kolonial (Bergen). Kjøp kjøtt og fisk frå og frys ned i porsjonar slik at du enkelt kan ta opp det du treng etter kvart. Dersom du kjøper i større kvantum en det du et for veka, treng du berre å supplere med friske grønsaker dei neste vekene. Mindre tid på butikken, og meir tid til det du vil bruke den til. Samtidig sparar du miljøet for unødig søppel, resirkulering og traving fram og tilbake til bosspannet. Sjå Grønare kvardag si liste over emballasjefrie matvarer i Bergen.

Resirkuler

Finn ut kva din kommune resirkulera og lag eit enkelt sorteringssystem på kjøkkenet som gjer det enkelt å resirkulere. Hugs at sorteringssystemet vil endre seg etter kvar som du legg om til ein søppelfri livsstil, det kan difor vere lurt å lage eit fleksibelt sorteringssystem. Du vil fort sjå at det ikkje lenger er bruk for den vanlege bossbøtta. Det er også mogleg å sende søppelet til TerraCycle som nyttar søppelet til å lage nye ting. Brukar de eingongsty eller plasthanskar på jobben? Kanskje de kan resirkulere dette gjennom TerraCycle?

Komposter
Grønare kvardag november 214.JPG
Få kompostmakken til å lage næringsrik jord av matavfallet ditt. Foto: Kristine Ullaland

For å finne ut korleis ein kan redusere mengda søppel ein generera i løp av ein dag, må ein først sjå kva ein faktisk har i søppla. Mange vil bli overraska over kor mykje av dette som faktisk er nedbrytbart materiale. I motsetning til andre lister relatert til avfall, toppar vi forbrukarane lista med 231 000 tonn matsvinn i 2013, samanlikna med 68 000 tonn matsvinn i butikkledda, 2000 tonn matsvinn i grossistledda og 60 000 tonn i matindustrien.

I Bergen tilbyr ikkje renovasjonsverket kompost, og gjev difor støtte til etablering av kompost med intill 1000 kr. For folk i små leilegheiter i byen kan det vere umogleg å starte ein varmkompost eller ein kaldkompost, enten på grunn av manglande hage eller på grunn av skadedyr. Makkompost eller den Japanske fermenteringskomposten, Bokashi er gode luktfrie alternativ. Bokashikomposten kan du ha rett under vasken og består av ein lufttett behaldar der ein tilsett melkesyrebakteriar eller EM1. Makkompost er også luktfritt og det anbefalast at ein startar med 1000 makk for ein vanleg husstand. Jord frå Makkompost, ogso kalla det svarte gullet, er så næringsrik at fleire statar i USA har merka det som gjødsel. Makken må vere inne når det er minusgrader, og jobbar best rundt 20 grader og oppover. Hugs, næringsrik jord gjev næringsrike plantar.

Dersom du har spørsmål send gjerne ein mail til post@gronarekvardag.no.

Lukke til!

Toppfoto: Miss Yasmin

Toppfoto: Miss Yasmin

 

 

2 thoughts on “Zero Waste kjøkken”

    1. Hei! So kjekt å høyre! Dersom du lagar såpe kan du bruke dei som såpeform, men det er mange ting du kan lage dersom du ynskjer det. Sjekk gjerne ut pinterest for inspirasjon. Ellers så kan dei jo resirkulerast, sjekk sortere.no for å finne din nærmaste stasjon dersom du ikkje har papiravfall heime. Beste helsing Kristine

      Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.

%d bloggarar likar dette: