Såpebar har fått eit unødig dårleg rykte. Dersom ein tenker miljø er såpebar ein klar vinnar. Den er kompakt og lett å transportere. Den har ofte emballasje i papir, og er også lett å finne utan emballasje hos til dømes Reindyrka. Flytande såpe er mykje tyngre å frakte, noko som krev meir energi. Innpakninga til flytande såpe er også stort sett plast, som berre kan resirkulerast nokre få gonger (sjå tidlegare innlegg om plast).
Vi ser ut til å lide av bakteriefrykt, og det er ikkje uvanleg at ein har ein antibac i veska. Men kva er reelle «farar» og kva er skapt av samfunnet? Mary Douglas si bok Purity and Danger tek føre seg korleis samfunnet skapar idear om kva som er reint og ureint, og kva som blir oppfatta som farleg. På mange måtar kan ein sei at bakteriar blir oppfatta som ein «fare» i dagens samfunn. Det finnast ikkje berre dårlege bakteriar, men også gode. Når ein måler bakterienivået på til dømes ein kjøkkenbenk, seier det ingen ting om kva typar bakteriar det er. Alt ein har informasjon om er tal, ikkje typar.
Er det verkleg sant at såpebarar er ei baktereibombe? I følgje ein artikkel i The New York Times, kan såpa vere ein samlingsstad for bakteriar, men sjølv om såpebaren har bakteriar på seg, vil ikkje desse bli spreidd vidare. Dette fordi handvask er ein to-stegsprosess. Når du vaskar hendene med handsåpa, vil såpa løyse opp oljer og skitt frå hendene dine. Når du vaskar vekk såpa, forsvinn såpa, samt bakteriane. Dersom du i tillegg har ein såpehaldar, vil vatnet renne av såpa slik at den ikkje ligg i vatn. Det førebyggjer bakterievekst i såpa.
Noko av argumentasjonen for å bruke flytande såpe er at den kan ha ein større mengder fuktigheitsgivande ingrediensar. Dette stemmer ikkje, då ein kan få kjøpt mange ulike variantar av såpebarar som inneheld fuktigheitsgivande oljer. Det er også lettare å overforbruke flytande såpe, fordi mange ikkje veit kor mykje ein treng og ender opp med å bruke dobbelt så mykje en det som er anbefalt dosering.
Slå eit slag for miljøet. Lag din eigen såpebar.
Kokossåpe
Denne såpe er enkel å lage og mild for huda. Den sparar miljøet for søppel, lommeboka di for pengar, samt havet for unødige såperestar.
Oppskrift:
500 g Delfiafett
150 g Vatn
73 g Kaustisk soda
5-10 ml Luktolje (alternativt)
Klargjer:
Sidan kaustisk soda er etsande og skapar varme i møte med vatn, treng du eit syltetøyglas eller liknande som toler varme. Det beste er å bruke ein glasbehaldar.
Du treng noko å røre med som ikkje er av tre eller aluminium.
Du treng kjøkkenvekt, hanskar og briller.
Stavmiksar.
Klargjer ei form. Du kan bruke ei brødform eller ei silikonform. Nokre har også brukt ein mjelkekartong.
Framgangsmåte:
Hell vatnet i ein glasbehaldar som toler varme. Mål opp nøyaktig med kaustisk soda, og hell litt og litt kaustisk soda i vatnet medan du rører med noko som ikkje er av aluminium eller tre. Viktig at du tek kaustisk soda i vatn og ikkje omvendt!
Ta denne prosessen roleg og gjer det gjerne utandørs. Du bør ikkje puste inn gassen som utviklar seg eller få lut på huda. Om du er inne er det lurt å stå under kjøkkenvifta. Blandinga vil etter kvart bli varm.
Smelt kokosfeitt i ei kjele av rustfritt stål. Når du skal blande saman kokosfeittet med vatn og kaustisk soda blandinga, er det viktig at desse har same temepratur. Eventuelt kan du la blandingane stå til dei begge har kjølna for so å blande dei saman.
Miks saman med stavmiksar. Tilsett luktolje om du ynskjer dette.
Hell så blandinga over i forma og la den stå eit døgn i romtemperatur. Kutt såpa deretter opp i passande bitar og plasser såpene på ein luftig plass der dei kan modnast. Dette tek to veker, men såpene kan fint stå lenger. Modning er ein viktig prosess fordi såpa framleis inneheld lut.
Forhandlarar av ingrediensar:
Delfiafett får du på dei fleste daglegvareforhandlarane. Det er plassert i smørhyllene.
Kaustisk soda får du kjøpt på malingsbutikkar.
Luktolje får du kjøpt på helsekostbutikkar.
Foto: Illustrasjonbilete. Såpa vil få ein kvit farge.
Dette må eg prøve! So kjekt at du lagar bruksanvisning og informerar om såpe, bakteriar og kva som er best for miljøet 🙂
LikarLikar
So kjekt å høyre at du likar innlegget og ynskjer å lage såpe sjølv! Det er faktisk overraskande enkelt:)
Håpar du har ein fin dag.
Beste helsing Kristine
LikarLikar
De har begynt å selge en såpe noen steder som er laget med kaffegrut fra Oslos kaféer. Tror du det er mulig å bruke denne fremgangsmåten og tilsette kaffegrut?
LikarLikar
Hei! Eg har ikkje prøvd med kaffi sjølv, men dersom du blandar inn 2-3 ss kaffi eller kaffigrut i såpeblandinga før du tek den over i forma skal det fungere fint. Du kan eventuelt bytte vatnet i oppskrifta med kaffi.
LikarLikar
Har dere en oppskrift som ikke inneholder kokos?
LikarLikar
Hei Louie! Er det noko spesiell grunn til at du ikkje ynskjer å bruke kokosfett? Dette er ikkje det same som kokosolje og luktar ikkje. Om du ynskjer å tilsette til dømes kaffigrut, kan du gjere dette etter at du har blanda vatn og kaustisk soda. Om du ynskjer å prøve ei såpe av andre ingredienser kan du sjekke ut Grønne hensikter si olivensåpe: https://gronnehensikter.wordpress.com/2015/02/04/hjemmelaget-sape/
LikarLikar
Er så rar at jeg reagerer på kokos
skal se på linken om det er noe der som jeg kan bruke 🙂
LikarLikar
So leit å høyre. Det er heilt sikkert ei oppskrift som passar deg. Trudde kanskje det var lukta du reagerte på. Mange som ikkje er så glad i kokoslukt. Eg håpar du likar olivensåpa! Beste helsing Kristine
LikarLikar
Eg derimot elsker kokoslukt, og har kokosdilla akkurat no. Er det mogleg å bruke kaldpressa kokosolje eller tilsette lukt? Vil denne såpen kunne brukast som shampoo, håndsåpe óg kroppssåpe? 🙂
LikarLikar
Hei! Ja det kan du gjere! Merk at duftoljene vil endre lukt under modningstida. Det er ofte veldig sterk lukt i begynnelsen og personlig synst eg det kan vere vanskeleg å kjenne kva som er kva duftolje tidleg i modningsprosessen, men det kjem seg etter kvart. Eg bruka kun denne såpa. Dersom du treng balsam kan du bruke eplecidereddik. Du kan og raspe såpa og bruke den i ditt heimelaga vaskemiddel. Sjekk ut oppskrift i menyen :). Beste helsing Kristine
LikarLikar
Takk for enkel forklaring på noko eg har følt var litt skummelt å laga. Men no har eg gjort det 🙂 Det einaste som var litt trøblete var når eg skulle hella oppi forma. Eg let nemleg den perfekte «vaffelrøre»-blandinga stå og venta på meg medan eg vaska stavmiksaren, og då eg skulle hella var det blitt meir som ei bolledeig, haha! Men det kom oppi, altså 😀 No gler eg meg til å prøva om nokre veker 🙂
LikarLikar
So kjekt å høyre Elin! Eg håpar du blir nøgd med såpa :). Beste helsing Kristine
LikarLikar
No har eg begynt å bruka såpa – og diggar den! Den skummar så bra og er særs behageleg å bruka. Yes!! 🙂
LikarLikar
So kjekt å høyre Elin! 🙂
LikarLikar
Hei, hvor fast blir denne såpen? Har laget såpe to ganger før med en blanding av delfia og olivenolje.
LikarLikar
Relativt fast vil eg sei. Eg bruka den til hår og kropp og den helde forma til den er oppbrukt :). Beste helsing Kristine
LikarLikt av 1 person
Hei. Lurer på om man kan bruke kokosfet i stedet for delfiafett? Takk, Caroline
LikarLikar
Hei! Delfiafett er herda fett, så det er eg litt usikker på. Vil anbefale deg å sjekke ut med facebook-gruppa Såpe og miljø. https://www.facebook.com/groups/1637264453153668/ .
Beste helsing Kristine
LikarLikar
Hei igjen. Og jeg har bicarbonate soda. Er den samme som kaustisk soda?
LikarLikar
Hei Caroline, nei det er ikkje det same. Kaustisk soda er lut medan bicarbonate soda er bakepulver. Masse lukke til med såpelaging :).
Beste helsing Kristine
LikarLikar
SÅPE-OPPSKRIFTEN; Akkurat det jeg var på leting etter, en enkel og grei oppskrift, testet den i dag; Kokte opp løv fra rogn, brukte dette avkoket istedet for rent vann, silte det selvsagt. Fargen ble nydelig. Skal plukke gulaks gress («parfymegress») , bruke avkok av vannet, så får vi se om ikke jeg greie rå få naturlig godlukt i såpene. Hilsen Randi
LikarLikar