Kategoriarkiv: Fest og feiring

Ei grønare jul

Jula nærmar seg med stormskritt, men korleis forene årstida som trona forbruksstatistikken med din berekraftige livsstil? Få tips til korleis du kan feire meir i tråd med Zero Waste, med desse enkle tipsa.

I år er nok mange meir svoltne enn nokon gong på å kunne feire med familie og vener, etter to år med pandemi. Og etter eit eller to år der ein kanskje ikkje har kunne feira som før, gir det jo opning til å kunne etablere nye vaner, som kan bidra til mindre søppel i høgtida. Det er nemleg forska ein del på dette med endring av vaner. I følgje boka «How to Change» av Kathy Milkman (2021) kan ein ny start vere ein katapult for endring. Det kan vere små eller store ting, som for eksempel starten på eit nytt semester, eit nytt år, ei ny veke, ein ny bolig og so vidare. So med andre ord, i år er ein gyllen anledning å få med deg familievener og andre du feirar med, til å gjere små eller større endringar i ein grønare retning. Vel ut ein eller fleire av tipsa under, og hugs at progresjon er viktigare enn perfeksjon!

Berekraftig julepynt

Led-lys som julebelysning

Dersom du har gamle julelys, kan det vere på tide å skifte til led-lys. Desse brukar i snitt 75% mindre energi. Det anbefalast også å bruke ein timer på julelysa, slik at dei ikkje står på meir enn nødvendig. Dette er også i tråd med anbefalingane frå brannvesenet for å førebygge brann. Du får no tak i veldig gode og brukarvennlege timerar, som du kan styre med telefonen. Når du ikkje lenger treng timeren til julepynten, kan du flytte den over til andre gjeremål som er nyttige andre deler av året. Kanskje du vil at kaffetraktaren skal starte å trakte kaffi når du vaknar, eller at ladaren på mobilen skal skru seg av etter 2 timar. Personleg har eg timer knytta til alt av elektrisk utstyr som eg brukar på jobb, for å unngå å sitte lengre enn eg skal. Slit du med det same? Då kan dette vere ei god løysing for deg også.

Heimelaga pynt til treet og anna juledekorasjon

Å samle fleire for å lage julepynt kan vere ein koselig aktivitet, og det er mykje fint ein kan lage av ting ein enten har heime eller har i naturen rundt seg. Har du tatt vare på julepapiret frå i fjor? Lag fin dekorasjon av den!

Andre idear til heimelaga julepynt er julestjerner til tre av pinnar, tørka frukt til treet, pynta pepperkaker med snor i, og kongler. Det er ingen ting i vegen med å kjøpe julepynt, men tenk langsiktig og vel noko du vil bruke over lengre tid. Det er også veldig mykje fint på bruktmarkedet, so sjekk for eksempel ut Finn.no for ditt favorittmerke eller stil.

Innpakning av julegåver

Eg har tidlegare laga fleire postar om kva du kan gje i staden for fysiske gåver, men dersom du skal gje fysiske gåver i år, kan du pakke dei inn gamle sjal, tøyposer og du kan gjenbruke julepapir frå gåver du har fått sjølv. Dersom du skal gje gåver til nokon der det ikkje passar med tøy som emballasje, kan du bruke gråpapir. Aviser kan også fungere som emballasje, og det er mogeleg å gjere det fint og koseleg, sjølv om du kanskje rynkar litt på nasa når du les dette. Eg lovar!

Er du ein som samlar på esker, som du kanskje eigentleg ikkje treng? Då kan dette også fungere som ein fin innpakning. Den japanske innpakningsteknikken furoshiki er populær blant mange som engasjera seg i Zero Waste. Det er ein måte å bruke sjal til å pakke inn gåver, og du kan bruke eit heilt enkelt, vanleg sjal, eller ein formsydd pose. Kanskje gåva kan pakkast inn i seg sjølv? Eg er skamlaus, og ikkje framand for å be om emballasjen tilbake, dersom eg ynskjer det, men det er lettast med personar som du feirar saman med eller når du gjev ein fødselsgåve, barselsgåve etc. og er der når pakken blir pakka opp. Dersom du likar å sy, kan du sy ein tøypose til å bruke for emballasjefri handel og pakke inn gåva med den. Du finn oppskrift på slike posar her.

Det er også lov å stille spørsmål om gåva treng innpakning.

Unngå å gje gåve som blir returnert

Det kan opplevast som litt direkte å be eller gje ei ynskjeliste til dei du skal utveksle gåver med, men det er faktisk eit aukande problem med retur av varer, då spesielt varer som er kjøpt på nett. Ein måte å unngå å gje ei gåve som vil bli bytta er rett og slett å få direkte beskjed kva folk ynskjer seg til jul, og gjerne so spesifikt som mogeleg. Eksempel på det er farge, fasong, merke eller anna er viktig. Er ynskje «ein rød sokk» eller eit spesifikt par røde sokkar frå ein spesifikk butikk? Klesbransjen er av dei bransjane som sel mest før jul, etter daglegvarebutikk, og det er venta at dei får ein del returar etter jul, sjølv om vi dessverre ikkje har spesifikke tal. Er du sikker på størrelsen du skal kjøpe? Slike ting kan vere lurt å dobbeltsjekke.

Foto: Getty Image. Det kan fort bli gåvebonanza når ein skal gje gåver til born. Tenk langsiktig når du kjøper noko. Er du på budsjett kan du framleis tenke langsiktig. Er det dyrare gåver som står på ynskjelista, kanskje fleire kan slå seg saman om gåva?

Juletre – plast eller ekte? Kva er mest berekraftig?

Då vi var små og henta juletre i skogen, blei det henta nokre dagar før det skulle i hus, slik at snøen fekk tid til å smelte av før vi tok det inn. Når det først kom inn på lillejulafta for pynting, var det berre å passe på at det fekk nok vatn, slik at det ville vare til over nyttår. I dag begynne folk å pynte juletre tidleg i desember, og nokon allereie i november. Med mindre du har treet ditt i potte, vil ikkje ekte tre klare seg like lenge utan å drysse, samanlikna med eit plasttre. Plasttre har blitt meir og meir natturtru og det er ikkje alltid like lett å sjå om treet er ekte eller ikkje.

Forsking peikar litt i ulik retning når ein samanlikna ekte juletre mot plasttre, men i følgje The American Christmas Tree Association (2010)  tek det minst 10 år med bruk av eit plasttre før det er eit betre val enn eit ekte juletre. Nokre hevdar at treet må brukast i so mykje som 20 år, før det er eit betre val. Dersom du tenker at juletre i plast kan resirkulerast, må eg dessverre skuffe deg. Dei er oftast laga av PVC og kan ikkje bli resirkulert og vil bli restavfall den dagen treet kastast.

Ekte tre er heller ikkje heilt problemfrie. Det blir ofte argumentert for at ekte tre er eit godt val fordi tre tek opp carbon. Det er ueningheiter om tre faktisk tek opp meir karbondioksid enn dei slepp ut dei første 20 åra. Juletre blir kutta tidlegare enn dette, for å unngå at dei blir for store. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, sjekk ut denne rapporten; «The comparative Life Cycle Assesment (LCA) of Artificial vs. Natural Christmas Tree».

Foto: Osman Rana. Fun fact: Grantre får først kongler når den er 20-40 år.

For nokre er ikkje juletre so viktig, så då kan det vere eit alternativ å erstatte det med eit alternativt tree eller eliminere juletre som konsept.

Veiledningsliste for deg som står mellom plast og ekte tre:

  1. Er det viktig for deg å ha juletreet ståande framme i heile desember? – Ja/ Nei
  2. Dersom du kjøper eit juletre i plast, vil du bruke det i mist 10 år før du kastar det? – Ja/ Nei
  3. Har du oppbevaringsplass til eit nedpakka juletre i plast? – Ja/ Nei
  4. Går det fint å ha produkt i heimen som kan bidra til mikroplast? – Ja/ Nei

Dersom du fekk flest ja – passar juletre i plast best for deg. Fekk du flest nei passar ekte juletre best for deg. Dersom du går for ekte tre, kan du vurdere om du skal gå for ei i potte. Det er per i dag berre i mindre størrelsar, og fåast kjøpt hos aktørar som har større utval av planter. Spør gjerne om råd om korleis du best kan ta vare på treet om du får for potte, og hugs å venne treet til utetemperaturer gradvis når du sette det ut etter jul.

Les tidlegare post om juletre her.

Ynskjer deg ei riktig fin og litt meir berekraftig jul!

Alt godt,

Kristine

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og har blitt støtta gjennom Patreon til og med hausten 2022. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Mange av dykk har bidratt over lengre tid og gjort det mogeleg og Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Desse postane blir blant anna brukt i undervisning i skular, både i inn og utland. Takk!

Patreon er ikkje aktiv fra og med desember 2022, på grunn av andre prosjekt.

Toppfoto: Isabelle Kramer

Tips til eit berekraftig utdrikkingslag

Eg fekk æra av å vere forlover for ei tid tilbake, og det å forene brudas ynskjer for dagen, samt alle som skal vere med på utdrikkingslaget, OG Zero Waste, var ei lita nøtt å knekke. – Likevel, på ingen måte umogeleg. Kanskje dette kan inspirere deg til å ta liknande grep? Eg går rett på.

Steg 1 – Planlegg so godt du kan

Lag eit skjema i Excel, der du samla all relevant informasjon om deltakarane. For eksempel namn, kvar dei bur, om dei må reise til staden der utdrikkingslaget skal vere, om dei har matallergi eller spesielle diettar, deltakarane sine ide og bidrag til utdrikkingslaget, om dei har bekrefta at dei kan komme og ikkje minst om dei har betalt. Sett ein siste frist for innbetaling slik at du unngår å måtte endre på programmet i siste liten. Det spara deg for unødvendig arbeid.

Ring alle I forkant, introduser deg om de ikkje har møttest før. Spør om vedkommande har tips eller spesielle avtalar som kan komme utdrikkingslaget til gode. For eksempel vil kanskje ein tilsett ved eit kjøkkenhotell kunne fikse ein god frukost til ein redusert pris, eller ein yogainstruktør vise til gode pakkeprisar til privattime som ein elles ikkje hadde hatt kjennskap til.

Arbeidet du gjer i forkant kan virke mykje, men det vil bidra til at det blir mindre overraskingar undervegs. Ein typisk «felle» er at ein eller fleire i utdrikkingslaget har gløymt å gje beskjed om matallergiar eller mat dei av ulike grunnar ikkje et. Sist eg var på middag var vi fem personar, der tre hadde matdiettar som skilte seg ut frå det majoriteten et. Ver pro-aktiv.

megumi-nachev-SUjRarYKGP4-unsplash
Eit vegetar, glutenfritt alternativ er bakt gresskar med fyll laga av kashew-nøtter, ost, sopp og koriander. Kan også lagast vegansk. Foto: M. Nachev.

Samle alle i ei Facebook-gruppe, og post gjerne regelmessig for å skape samhald i gruppa. Det gjer det også lettare å identifisere kven som kan bidra med planlegginga. Det er ikkje til å skubbe under ein stol at det er mykje forventningar rundt eit utdrikkingslag, og dersom ein i tillegg er pressa på pris, krev det ein del planlegging. Då er ekstra hjelp ekstra verdifullt.

Steg 2 – Utrikkingslag-merch

Kva type utdrikkingslag ein planlegge vil sjølvsagt variere etter kven den de skal drikke ut er, men ein ting som ofte går att er at ein har noko som binde saman gruppa, enten i form av kle, hattar, briller eller liknande. Dersom du ikkje ynskjer å kjøpe noko nytt, kan ein tur på ein bruktbutikk gje deg billige og gode rekvisittar som deltakarane kan ta med seg heim etter bruk, eller du kan donere etter bruk.

Ein liten fare kan vere å sette lista for høgt. Eg hadde sjølv tenkt at eg skulle kjøpe t-skjorter fra Fretex til alle, og handbrodere namna deira på skjorta. Eg hugsa endå blikket til sambuaren min då eg entusiastisk delte ideen min. Eg kan avsløre at det blei ikkje gjennomført, men at eg framleis synst at det ein god ide om eg hadde hatt mykje tid. Om du skulle ha mykje tid, eller er rask på handa, so er det kanskje noko for deg.

Det finnast mykje «utstyr» for utdrikkingslag, i form av rosa band, kroner og anna som bruda kan bruke på festen. Dersom du ynskjer slikt, vil eg først anbefale deg til å kontakte folk i nettverket ditt som nyleg har gifta seg, eller vore forlovarar, og høyre om du kan låne eller kjøpe det dei brukte. Det ligg også noko for sal på for eksempel finn. Desse artiklane er stort sett laga av ulike plastmaterial og kan ikkje gjenvinnast etter bruk. Det er difor fint om ein i vertfall kan bruke dei fleire gonger når det først er kjøpt. Dersom du har noko slikt liggande og ikkje skal bruke det, legg det gjerne ut for sal eller gje det vekk.

Steg 3 – Dersom du må kjøpe kjole, ver tidleg ute.

Det er ofte vanskeleg å finne det du ser etter når ei stor gruppe mennesker ser etter det same. Er bryllaupet på våren eller sommaren er det lurt å planlegge antrekk tidleg. I mitt høve trong eg ein lang kjole i pastellfarge, og kom over ein kjole på finn som passa kriteria. I etterklokskapens tid skulle eg ynskje at eg hadde leigd ein kjole, då eg ser at eg ikkje kjem til å bruke kjolen nok til at den er verd plassen i skapet (eg har ein minimalistisk garderobe). Du kan leige kjole på finn, av ein ven eller på Fjong, som sender til heile landet. Dersom du brukar dress eller kle til unge born, tilbyr mange av brudekjolebutikkane av dette. Kontakt din lokale aktør for meir informasjon. Sko kan du også finne brukt, eventuelt finne nokon som du kan bruke til fleire antrekk. 

Grønare kvardag_Zero Waste bryllup_Kristine Ullaland_Forlover (2)
Som forlovar er du gjerne med på å finne kjolen til bruda, og få den tilpassa hos skreddar. Det er ein fin anledning til å tilpasse din eigen kjole. Kanskje det kan gjere det mogeleg for deg å bruke ein du allereie har? Det er ikkje so dyrt å bruke skreddar som ein gjerne trur. Foto: Kristine Ullaland.

Steg 4 – Mat og drikke

Mat og drikke på utdrikkingslaget er noko som ofte generera mykje avfall, og ein ting som er vanleg, er at forlovar ofte kjøper inn litt ekstra poser med nøtter og små drikkeflasker for påfyll av veske og energi utover dagen. Plastflasker kan resirkulerast, men fusjonsmaterial som ein ofte finn på nøtter er restavfall. Oppmuntr gjerne deltakarane til å ta med drikkeflaske, og ta med laustvektsnøtter i små glas eller pose for ekstra energi undervegs.

Dersom de skal ete ute, vel gjerne ein restaurant eller kafé med gjenbruksbestikk, tallerkenar og glas, og dersom dei har ein miljøprofil – endå betre! Eg vil anbefale å styre unna restaurantar som har ein «street-food» profil, fordi dette ofte inkludera mykje unødvendig emballasje. Dersom det er viktig å gå på ein slik stad, gje beskjed i forkant at de ynskjer at maten serverast rett på tallerkenen, utan ekstra emballasje. Det same gjeld sugerøyr, som ofte kjem med drikka om du ikkje gjev beskjed ved bestilling. Ta med ekstra sugerøyr i glas eller metall om du trur nokon vil sakne sugerør, sjølv om min erfaring er at folk sjeldan merkar at sugerøret er vekke.

Skal de feire heime? Då er popcorn du poppar sjølv ein måte å drastisk redusere emballasje på. Du får kjøpt popcorn i lausvekt hos din lokale Zero Waste-butikk, alternativ to er å kjøpe upoppa popcorn hos din lokale matvarebutikk. Den kjem i rein plast som kan resirkulerast og treng mykje mindre emballasje en chips og ferdigpoppa popcorn (mange chipsposar kan heller ikkje resirkulerast).

Sprudlevin – Det er noko med vin som poppar når du opnar dei. Det gjer ting litt ekstra festleg. Det er ikkje veldig mange lokale alternativ, men ein god nr. to dersom ein likar cider er Balholm sin cider. Det som er fint med den er at den er frå Vestlandet og emballasjen består av glas og metall. Ein liten detalj er at dei har kutta aluminiumsemballasjen som er rundt korken, noko som redusera avfall. Ein får også kjøpt inn alkoholfri sprudlevin på Vinmonopolet, og eg vil anbefale Kiviks Fladerblomstvin frå Sverige. Eit anna godt alkoholfritt alternativ er lokal eplesaft.

DSCF8213
Balholm sin cider er fin til festlege. Den kjem frå vestlandet, er i glasfalske med kork av kork. Den kan komposterast eller gjenbrukast om du er kreativ. Metallbiten som er på toppen av korken kan sorterast som metall. Bilde: Kristine Ullaland.

Dersom de føretrekke øl, kan de kjøpe dette emballasjefritt hos dit lokale mikroøl-bryggeri. Svært mange tilbyr mogelgheit på å fylle øl på 2 liters flasker, også kalla growler. Kanskje du kjenner nokon som er flinke å brygge, som kan lage eit eige brygg til dykk? Eg fekk brygga cider for anledninga, på flasker som bryggar brukar om att (privat). 

Steg 5 – Gåver

I mange av utdrikkingslag blir ein oppmoda til å ta med å tullegåve der bruda må gjette kven som har kjøpt gåva. Ein anna variant er ei gåve som representera eit felles minne. Eit alternativ her kan vere at alle sende inn eit bilde til deg som er forlovar, som representera noko felles minne givaren har med bruda, som ein kan vise på ein pc-skjerm eller ein TV. Det gjev ein fin plattform til å snakke om fine eller morsomme minner, og ein unngår ein unødvendige gåver som ofte ender som skuffefyll. Dersom du ynskjer å gjere litt ekstra ut av blidene kan du legge dei inn i ein quiz.

brooklyn-morgan-vlSyS1VLCoQ-unsplash
Utdrikkingslaget kan vere ein fin anledning å mindre over fine og morsomme opplevingar. Foto: B. Morgan.

Steg 6 – Forslag til program

Ein god hovudregel er tenester over ting. Tenester generera stort sett mindre avfall enn kjøp av ting, sjølv om det sikkert finnast nokre unntak. Hugs at det er vanskeleg å unngå noko søppel på ein slik dag og at det er ok. Det er viktig at de har ein fin dag saman og at de kosar dykk. Berre ved å førebu dagen godt har du allereie unngått mykje avfall, og det er viktig og fint også.

Masse lukke til den store dagen.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Toppfoto: Kelsey Chance