Alle innlegg av Kristine Ullaland

Kristine Ullaland er CEO for Zero Waste Norge og driv Zero Waste-nettstaden Grønare kvardag.

Slik reingjer du huda med leire

Då eg var hestejente ergra eg meg stort over hesten min Ludvik, som alltid skulle rulle seg i den mest grisete leirepølen. Det irriterte meg ganske mykje faktisk, skal eg vere heilt ærleg. Eg var ikkje klar over dei positive effektane dette kunne ha på blant anna hud, hår og helse. Det eg tenkte på var kor lang tid eg måtte bruke på å børste Ludvik. Men etter å ha lært meir om reine naturprodukt har eg fått større forståing for hesten min Ludvik sin dragning mot leirepølen. No nyttar eg sjølv leire gonger for veka.

Det er ikkje berre dyr som har lang tradisjon med å bruke leire for å pleie hud og hår. Det er indikatorar på at homo erectus og homo neandertalarar blanda saman oker, eit jordaktig mineral med vatn og ulike typar leire for å kurere sår, dempe irritasjon og som ein metode for å reinse huda. Det er mogeleg dette var ein mimikk av dyr, som i likskap med hesten min Ludvik, instinktivt nytta mineral for slikt bruk.

Kommersielle hudpleieprodukt vs. DIY-hudpleie

Mange er av den oppfatning om at ein må kjøpe produkt med uleselege ingrediensar, flott emballasje og eksotiske luktar for at produktet skulle kunne hjelpe. Ein har gjerne over fleire år knytta til seg favorittar, som ein kvir seg på å fase ut. Sjølv brukte eg stadig større summar på hudpleie, medan huda mi blei meir og meir irritert. Kommersielle hudpleieprodukt vs. DIY-hudpleie er sjølvsagt samansett og ein kan ha gode og dårlege erfaringar med begge deler. Personleg har eg hatt god erfaring med å lese meg opp på min eigen hudtilstand og leite fram gode råvarer som kan bidra til ei god og sunn hud. Eg nyttar jamleg fleire typar leirer, og favorittane er rasoul- og kaolin-leira.

Leire er eit produkt av forvitra vulkansk oske. Foto: Yosh Ginsu

Men først, kva er eigentleg leire?

Mange typar leire er eit produkt av forvitra vulkansk oske, men dette gjeld ikkje alle typar leire. Leire er ei ganske stor gruppe og mange av dei blir forma av forvitring av stein. Eksepmelvis kjem bentonitt frå vulkansk oske, medan kaolin ikkje gjer det. Den vulkanske oska blir påverka av miljøet den er i over tid og dette dannar leiar. Det vil vere ulik i samansetning og struktur på leira etter kva unik mineralsamansetning det er på den aktuelle staden leira er henta frå. Det er difor viktig å vite kjelda til leira du nyttar for å kunne nytte leira til det fulle, og sjølvsagt unngå å bruke leira feil. Denne informasjonen får du av forhandlaren av leira du kjøper. Eksempelvis kan nokre leirer drikkast, medan andre ikkje bør drikkast. Denne posten har fokus på ekstern bruk. Dersom du ynskjer å lære meir om dette kan du lese om det i e-boka; How Clay Work (2015).

Leire er ein fornybar resurs i den forstand at den er eit resultat av forvitra vulkans oske. Utfordringa er at denne prosessen tek tid og kan slite med å halde tritt med dagens konsum. Minerala er ein ikkje-fornybar resurs, og ein viktig del av leira.

Dersom vi ikkje hadde hatt sluk i dusjen og i vasken som førte alt vatnet til kloakken, hadde mineralane mest truleg blitt tømt i området nært bustaden din og dermed hadde vatnet vi brukar til å vaske av leira tilført minerala til jorda. I staden blir mineralane ført ut med kloakken og hamna i havet eller i slammet frå kloakken. Dette gjeld også edelt metall. Tokyo fann dei 1,8290 gram gull kvar tonn oske etter brenning av kloakkslam (ps. i Norge blir ikkje dette brent men brukt som gjødsel). Til samanlikning henta ein ut 20 til 40 gram gull per tonn malm i dei store gullgruvene.

Rasoul-leire (Rhassoul clay)

Kjært born har mange namn, og denne leira blir kalla raud-leire, Marokkansk-leire eller Ghassoul-leire. Det er ei leire av høg kvalitet som er til ekstern bruk. Den er ubehandla og naturleg tørka, og gjev ei mjuk hud, og hevda å redusere kviser. Dersom du er sensitiv til ansiktsvask og ikkje likar å bruke olje (les tidlegare post om olje som hudvask) til ansiktsvask, kan rasoul-leira nyttast til nettopp dette. Den kjenst litt som ein lett skrubb med litt såpe i. Rasoul-leira er rik på silica, potassium, magnesium og kalsium. Fleire nettstader hevdar at kliniske studiar har funne at leira kan auke elastisiteten i huda, jamne ut hudtonen og redusere hudormar og kviser. Eg har ikkje funne referansen, so eg kan ikkje sei noko om kor vidt dette stemmer. Personleg har eg gode erfaringar med denne leira til hud og hår.

Rasoul-leira er brun på farge, og er fint til hud og hår. Den kan også nyttast som ansiktsvask. Foto: Isabell Winter

Bruksområde: Hår, ansiktsmaske, ansiktsvask

Grøn-leire (Fransk grøn leire)

Dette er ei leire som egnar seg for  normal til feit hud. Den skal hjelpe med å redusere hudormar og redusere akne. Sjølv om maska ikkje er av dei sterkaste, er ei maske ein bør vere litt forsiktig med dersom ein har sensitiv hud. Nokre nyttar også grøn leire som ingrediens i deodorant, tannpulver og tannkrem.

Bruksområde: Ansiktsmaske, deodorant, tannpulver, tannkrem

Ekstra fin bentonitt-leire

Zero Waste-entusiastar er ofte kjend med Bentonitt-leira og nyttar den blant anna som deodorant og tannpulver. I motsetning til natron som er salt på smak og som mange reagera på når dei smøre den over armhola, er bentonitt smaklaust og mildare for huda.

Bentonitt kan innehalde bly, det er difor svært viktig å kjøpe det frå ein truverdig kjelde. Dette gjeld spesielt om du kjøper leira frå utlandet. Styr vekk frå merke «Beste bentonitte clay».

Bruksområde: Ansiktsmaske, tannpulver, munnskyl, deodorant

Dette er kaolin-leire som er mild for huda. Leira blandast saman med flytande ingrediensar med skei i tre. Foto: Kristine Ullaland.

Kaolin-leire

Denne leira kjem i rosa, gul, raud og kvit. Fargen kjem av dei ulike mineralane leira består av. Dersom du har sensitiv hud er den kvite den mildaste av desse, og skal dempe raudfarge i huda, jamne ut hudtonen og mjukgjere huda. Mange fortel også at dei brukar denne til ung hud og barnerumper. I likskap med Rasoul-leira han også kaolin-leira nyttast som hårkur, og kan hjelpe ved problem i hovudbotn. I likskap med bentonitt-leira kan kaolin også nyttast til deodorant. Den er igjen mildare for huda enn bentonitt-leira og fjerna lukt.

Bruksområde: Hår, ansiktsmaske, ung hud, deodorant.

Oppskrift på deodorant

Kvar får eg kjøpt leire?

Spør din lokale Zero Waste-butikk eller helsekost. Dersom du må bestille, sel Teleurt, BeeOrganic og Be Eco dette. Då kjem leira i plast, pakka i papir. Teleurt pakkar om leira i butikken so spør gjerne om plastfritt alternativ.

Slik får du best resultat av maska

Ikkje la den tørke ut.

Maska er klar til å vaskast av når den byrjar å kjennast stram, sjølv om den er fuktig når du tek på den. Mange gjer den feilen at dei ventar til maska er heilt tørr. Då vil maska ha ein uttørrande effekt fordi den trekk ut for mykje fukt av huda di. La gjerne maska ligge litt kortare første gong du prøvar den, og prøv gjerne på handleddet før du tek det på ansiktet. Leire er naturleg, men det betyr ikkje at du ikkje kan få ein reaksjon.  

Kamille-uttrekk er mild og fint til bruk i ansiktsmaske. Passar for normal til tørr/ sensitiv hud. Foto: Ornella Binni

Unngå metall når du blandar saman maska

Metall reagera med mineralane i leira, unngå difor metall når du blandar saman maska og bruk ei skei i tre eller keramikk.

OPPSKRIFT

REINGJERANDE ANSIKTSMASKE AV LEIRE

1 ss. Pulver med leire

1 ts. Honning (alternativt)

1 ts. Næringsgjevande olje (eksempelvis kaldpressa oliven olje, mandelolje, avokado-olje, kokosolje, arganolje, hvetekimsolje)

½ ts. Uttrekk av urter (urte-te). Bland inn meir ved behov. Drikk resten.

Framgangsmåte

Bland saman ingrediensane i ein bolle i keramikk, glas eller tre og bruk ei skei i same material. Unngå å bruk metall. La det stå i ca. 10 minutt. Då skal leira ha absorbert vatnet. Rør om til alt er god samanblanda, og tilsett meir urte-te dersom blandinga er for fast. Når blandinga er klar skal den vere som ein vanleg ansiktsmaske i konsistens, og vere lett å ta på. Dersom den er for rennande kan du tilsette meir leire.

La maska sitte:

Rasoul-leire og bentonitt-leire: 8 – 10 minuttar

Kaolin leire og grøn leire: 15 minuttar

Kaolin for feit hud: 20 minuttar

Vask ansiktsmaska forsiktig av med vatn.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

Søppelfri

I den Emmy-nominerte Futurama-episoden «A Big Piece of Garbage», som tek stad i år 3000, oppdaga dei plutseleg noko med uvanleg sterk lukt som kjem som ein komet rett mot jorda. Lukta er motbydeleg og oppdagarane har vanskeleg for å førestille seg kva dette kan vere for noko. Kometen viser seg å vere ein gigantisk, stinkande og slimete søppelball. Det har seg nemleg slik at søppelproblematikken berre eskalerte frå år 2000, utan at noko tok skikkeleg tak i problemet. Det førte til at Bystyret i New York i 2052 følte seg pressa til å skyte avfallsballen ut i verdsrommet, i mangel på betre løysingar.

The Planet Express, Fry og Leela, som er hovudpersonane i serien, blir sendt ut for å plante ei bombe på ballen for å få den til å endre kurs. Det hadde jo vore svært utriveleg om denne søppelballen kolliderte med jorda. Når dei landar ser Fry, som kjem frå fortida, nemleg år 2000, at søppelballen er fylt med  tinga frå vårt århundre. Det gjer han nostalgisk og han ynskjer å ta med seg ting heim.

Leela, som er frå 3000-talet forstår ikkje korleis dette søppelberget har blitt til i det heile, og Fry som kjem frå 2000-talet prøvar å forklare at det var ting dei ikkje lengre trengte og at dei derfor kasta det. «Men kva meina du med å kaste?» seier Leela. «Kva betyr det?» (fritt referert frå hukommelsen). Omgrepet boss og avfall er ikkje lenger ein del av vokabularet i år 3000 og Leela har ikkje referanserammer til å forstå avfall, fordi det finst ikkje avfall i år 3000.

I år 3000 går alt i sirkel, og til og med roboten Bender kan referere til at han er bygd av resirkulert metall. Å reflektere over levemåte, avfallsgenerering og resurshandtering er ofte lettare når ein sonar ut og ser ting utanfrå. Historia om den store søppelballen reflektera over avfallsproblematikken vi har i vårt moderne samfunn, og viser også kva løysingar det er – nemleg Zero Waste og sirkulær-økonomi. Alt går tilbake til jorda eller tilbake til produksjonssirkelen, som til dømes med roboten Bender, som er bygd av resirkulert metall.

Plastkvalen og strandrydding

Då det stranda ein kval på Sotra, med magen full av plast, fekk vi ei påminning at forureining og forsøpling ikkje kjenner landegrenser, og det angår oss alle. Det blei gjort fleire forsøk på å få den stranda kvalen ut på havet, men kvalen sto ikkje til å redde, av grunnar som var openbart når kvalen vart avliva. Gåsenebbkvalen som fekk namnet Plastkvalen, hadde ikkje mindre enn 40 plastposar, plastsekkar og plastflak i magen. Den svelt i hel, med full mage, rett i vår eiga bakgard. Det skapte engasjement.

Bilde av alle plastposane og plastbitane som var dandert utover. Det gjorde noko med oss. Vi satt ikkje berre heime på sofaen og tenkte at dette var leit. Vi gjekk ut for å ordne opp. Ein fjerdedel av oss gjekk ut for å plukke plast. Vi reduserte også bruk av plastposar, noko som vart merkbart hos dei store kjedene som Coop og Rema 1000. Også i utlandet vekte plastkvalen merksemd. Over 50 land dekka saka. Det var fantastisk å sjå alt engasjementet plastkvalen medførte, og den entusiasmen folk følte når dei bidrog til å fjerne plast frå strender, vegar, stiar, i skogar og byar.

Foto: Sylwia Bartyzel

Det kjenst godt å bidra med noko so konkret som å plukke avfall, men det er og viktig at vi jobbar for å endre at avfallet hamnar i naturen i utgangspunktet. Kvart minutt blir ein lastebil med plast tømd i havet.

Historisk sett har vi tre måtar å hanskast med avfallet vårt på; deponi, brenning av avfall eller sende det til havs. Ingen av desse er eigentleg noko løysing på problemet. Zero Waste tilbyr ei løysing.

Plastrydding er ikkje tilstrekkeleg – vi må tenke nytt

I dag har vi alt generasjonane føre oss berre drøymde om, unntatt berekraft. Uavhengig av korleis vi ser føre oss framtida, er det ein ting som er sikkert. Vi kan ikkje fortsette generere avfall slik vi gjer i dag. Vi lev på jorda som om vi har ein anna plass å reise etterpå. Kvar gong vi kastar, er vi ein del av forbrukssirkelen som ikkje er berekraftig. Slik treng det ikkje å vere. Som innbyggar kan ein stille krav til staden ein bur og politikarane som styrer, og som forbrukar kan ein ta bevisste forbruksval for å motvirke dette, og stille krav til produsentane.

Vi må ikkje la oss fange av dagens diskurs og ordskifte som hevda at endring er umogeleg. Berre sjå på engasjementet Greta Thunberg har skapt på kort tid. Samfunnet vi lev i er skapt av oss, og då kan det også endrast av oss. Zero Waste utfordra til refleksjon rundt forbruk og levesett og stimulera til nye løysingar. Mange stiller spørsmål til kor vidt små endringar, som å kutte plastposen eller drikke vatn frå springen i staden for å kjøpe flaske, faktisk gjer noko forskjell. Då er det viktig å minne kvarandre på at det er dei små tinga som gjer kvardagen vår.

Dei små tinga betyr noko

Det er dei små tinga vi gjer som føre til at vi årleg kastar 417 kilo per person. Du skal ikkje kimse av effekten dine tiltak har.  Berre det å bidra til bevisstgjering er verdifullt. Forskning viser også at vi ofte gjer som naboen, so små tiltak som å bruke handlenett i tøy kan gjere at dine tiltak får ringverknadar.

Foto: Matt Lamers

Kva bygder og byar vil morgondagen bringe? Uansett kva framtida bringer er det klart at den vil bygge på sirkulær økonomi og Zero Waste. Dette fordi vi vil komme til eit tidspunkt der vi rett og slett ikkje har meir råvarer å utvinne, noko som vil tvinge oss mot sirkulær økonomi og ein Zero Waste-metode.

Det har blitt sagt at ein enkelt kan sjå kva verdiar og moral eit samfunn har etter korleis ein behandlar sine minoritetar. Det er ikkje utenkeleg at våre etterkommarar også kjem til å reflektere over vårt samfunn basert på avfallet vi etterlet oss.

Kjelde: Søppel (2012) av Thomas Hylland Erikssen.

Sjå Futurama-episoden: «A Big Piece of Garbage» her.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

Toppfoto: Aron Visuals

Zero Waste-påsketips

Påska er ei fin høgtid der ein gjerne samlar vener og familie til gode måltid. Kanskje dette kan vere ein god anledning til å prøve ut nokre nye Zero Waste-vaner? Plukk deg ut eit eller fleire tiltak du ynskjer å prøve, og hugs at det er viktigare med progresjon enn perfeksjon.

Kutt emballert godteri – Fyll opp med påskegodt i lausvekt

Som med høgtider elles finnast det mykje varer som er laga spesielt for høgtida. Det er gjerne ikkje anna som skilje varene frå dei tradisjonelle varene enn fargen på emballasjen dei er pakka inn i. Alle daglegvarebutikkar har stort sett eit godt utval av godteri i lausvekt, og mange har også eit utval av nøtter frå Nøttefabrikken. Større matvarebutikkar har også mandlar og dadlar i lausvekt, som du finn ved fruktavdelinga. Ved å ta med din eigen tøypose eliminera du unødvendig emballasje, og spara deg for å gå med resirkuleringa når du kjem heim. Ynskjer du å redusere emballasje i forbindelse med chips er popkorn eit godt alternativ. Dersom du ikkje skulle ha tilgang på ein Zero Waste-butikk som sel dette i lausvekt vil du redusere emballasje ved å kjøpe upopt popkorn frå din lokale daglegvarebutikk (ikkje mikropopp, det blir noko anna).

Foto: Jenn Kosar

Påskeegg

Det mest miljøvennlege påskeegget det du allereie har. Dersom du ser etter eit nytt, og ikkje er klar til å gje slepp på tradisjonen kan du finne fine påskeegg brukt eller sjå etter påskeegg i papir, tre eller metall. Alternativt kan du fylle innhaldet i ei skål og binde eit sjal rundt.

Gåver i påskeegget

For nokre er det vanleg å gje gåver i påskeegget eller godteskåla. Eit alternativ til ei fysisk gåve kan vere eit gåvekort på ei oppleving eller ei teneste. Kanskje eit gåvekort på kino, eit museumsbesøk eller liknande kan vere ein ide?

Reduser emballasje – kjøp heller noko godt frå ditt lokale konditori og bakeri

Konditori passar fint å besøke før påske for å kjøpe med noko ekstra godt til dessert eller til kaffien. Ta med ein behaldar som passa til det du har tenkt å kjøpe. Dersom det er vått eller klissete må du bruke eit glas eller liknande. Dersom det er tørt kan ein pose eller eit bivokspapir vere nok. For brød og bakverk er tøyspose supert.

Foto: Louis Hansel

Påskepynt

For nokre er det viktig å pynte til høgtid, medan for andre er det nok at det er reint og ryddig. Dersom du planlegge å kjøpe ny påskepynt vil eg oppfordre deg til å ta ein dags tenkepause før du kjøper den aktuelle pynten. Vi handlar ofte på impuls, og  då ender vi opp med ting vi ikkje treng. Ofte er vi også prega av forbigåande trendar, som gjer at vi igjen ynskjer noko nytt året etter. Dersom du svært gjerne ynskjer å kjøpe noko nytt, kan det vere nyttig å stille seg spørsmålet; Kvar kjem denne tingen frå, kva er den laga av, kva vil den vere for meg og kvar vil den ende når eg ikkje lenger treng den. Du kan også pynte med greiner eller blomstre utanfrå, dersom du svært gjerne ynskjer å ha påskepynt.

Kjøp egg i lausvekt

Bondens marknad, Zero Waste-butikkar og gardsutsal sel stort sett egg i lausvekt. Ta med deg ei korg eller emballasjen du sist kjøpte egg i, og fyll på. Dersom du kjenner nokon som har høner eller har ein bonde i nærleiken som du veit har høner, kan du ta kontakt med dei direkte. Egg har svært lang haldbarheitstid, og held seg også på disken.

Påskepynt? Gjer det sjølv

Det er relativt enkelt å farge eggeskal med matrestar frå for eksempel rødkål eller løk. Du kan også bruke krydder som gurkemeie til å sette gulfarge på egga. Kanskje du har fleire ting i kjøkkenskapet som kan brukast til farging, som kaffi eller te? Dette kan vere ei kjekk aktivitet å gjere med vener eller familie i påska.

Det er lett å gløyme det viktige når ein skal samle familie og vener i ferie og høgtid. Det viktigaste er ikkje kva ting ein har eller om ein har «det siste» men at ein har det fint saman. Eg ynskjer deg ei riktig fin påske og håpa du blei inspirert til å gjere eit eller fleire tiltak.

God påske!

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.

Toppfoto: Victor Larracuente

Zero Waste-støvlar

Det å kjøpe forbruksvarer kan vere komplisert greier. Kva skal ein velje når det kjem til varer som ikkje so lett fell tilbake til produksjonssirkelen eller tilbake til jorda på ein berekraftig, forsvarleg måte? Gummistøvlar er dårleg merka, og det er uklart kva materialar mange av støvlane faktisk består av. Dersom du ser etter nye gummistøvlar har du tre alternativ. Sjå kva som passar deg best.

Eg var lenge i fornekting over at eg var plaga med våte sko. Eg budde i mine brune converse-sko, og kunne ikkje førestille meg noko anna på føtene mine. Mor mi prata i fleire år om at eg måtte få meg nokre støvlar. Det var ikkje før ho kjøpte dei til meg og dei hadde stått og godgjort seg i gangen nokre månadar, at eg forstod det uunngåelege, at ho hadde hatt rett heile tida. Eg var so vand med å vere kald og våt på beina at eg ikkje ein gong hadde lagt merke til det. Då eg begynte å bruke støvlar varte også converse-skoa mine lengre. Vinn-vinn.

Men korleis velje berekraftige støvlar? Men dersom ein er opptatt av å velje produkt av kvalitet, som er laga på ein berekraftig måte, aller helst i materialar som kan gå tilbake til jorda eller tilbake til produksjonssirkelen på ein god måte, må ein ofte inngå nokre kompromiss.

Foto: Nqobile Vundla

Dei mest berekraftige støvlane er dei du allereie har

Når ein skal legge om til ein berekraftig livsstil køyre ein ofte automatisk etter det same mønsteret som ein er vand med – ein tenker gjerne at ein treng «noko nytt» for å «komme i gang». Du må sjølvsagt vurdere dette sjølv, men det mest miljøvennlege er ofte det du allereie har heime. Dersom du ikkje bruka støvlane dine, er det kanskje fordi dei ikkje passa skikkeleg eller at det er hol i dei. Dersom dei ikkje passa skikkeleg, kan ein god såle hjelpe deg, eller du kan selje/ gje vekk støvlane slik at dei kan få nytt liv hos nokon andre. Er dei for dårlege til å reparerast, må dei kastast som restavfall.

Hol i støvlane

Har du hol i støvlane dine? Du kan du bruke same lappeutstyr som du brukar til sykkeldekket ditt. Dersom det estetiske er viktig kan du forhøyre deg med din lokale skomakar for råd. Skomakarane kan fikse meir enn du kanskje trur. Har foret i joggeskoa dine blitt slitt vekk? Ta dei med i same slengen, for dette kan skomakaren også fikse.

Korleis få støvlane til å vare

For å forlenge haldbarheita til støvlane er det viktig å halde dei reine. Skitt kan tørke ut gummien og bidra til hol og sprekker. Dette er spesielt viktig dersom du ikkje bruka støvlane so ofte. Då kan dei gjerne sprekke når du begynne å bruke dei att. Det er tilstrekkeleg å vaske dei med vatn. Er dei vansklege å reingjere med reint vatn, kan du bruke ei mild såpe. La skoa tørke av seg sjølv, og halde dei vekke frå varme.

Foto: James Coleman

Unngå varme i golvet dersom du har støvlane rett på golvet. Sjølv om det ikkje er veldig vanleg, kan det bidra til at limen til sålen losnar. Dette er noko som er meir aktuelt for dine andre sko. Er det ikkje er eit alternativ å skru av varmen i golvet, eller flytte skoa til eit rom utan varme i golvet, kan du bruke ei skohylle.

For kjøp av nye støvlar:

Kamik tek i mot brukte støvlar som blir til nye støvlar

Det Kanadiske selskapet Kamik har ein Zero Waste-visjon for produksjon og tek i mot utslitne støvlar frå kundar, som blir til nye sko. Dei brukar resirkulert plast i produkta sine, heller enn jomfruelege råvarer. Deira svarte støvlar består av 98-100% resirkulert plast. Dette er eit stort steg frå 30-35% som er den vanlege resirkuleringsgrada for støvlar i syntetisk gummi (TPR), i følge Kamik. Det er ikkje alle støvlar dei produserast som kan resirkulerast, men dette finn ein oversikt over på deira nettstad, der dei også tilbyr veganske produkt. På eit år resirkulera Kamik gummi tilsvarande 150.000 gummistøvlar. Støvlane lagast i Nord-Amerika og emballasjen er laga av 100% resirkulerte og attvinnbare produkt, utan at det er spesifisert kva material dette er.

Kamik er ikkje veldig store i Norge, men har fleire utsalsstader, som XXL. Det er også fleire brukte alternativ på f.eks. Finn.no. Personleg føretrekke eg å kjøpe brukt i den grad ein kan, for då brukar ein resursar som allereie er i «loopen».

Utfordringa med støvlar i plastmaterial

Kamik har patentert sin syntetiske gummiblanding og gitt den namnet; RubberHe. Dette består av ein syntetisk gummi ved namn Thermoplast elastomer (TPR). Det er deira patente løysing som gjer at dei kan ha so høg resirkuleringsgrad. Ting TPR brukast til i dag er for eksempel mjuke delar på verktøy, tannbørste i plast og barberhøvel i plast, sportsutstyr, leikar og bilmatter. TPR går ikkje tilbake til jorda, og er avhengig av å komme tilbake til produksjonssirkelen når produktet er øydelagt, for å framleis vere eit berekraftig alternativ til tradisjonelle gummistøvlar. Tradisjonelle gummistøvlar som ofte består av ein miks av naturgummi og
syntetisk gummi og ender per dags dato i restavfallet.

Dårleg merking av støvlar i butikken

I forkant av denne posten, tok eg kontakt med fleire av dei store gummistøvelmerkene i Norge (august-okt 2018), fordi eg oppdaga at støvlane etter mi meining var svært dårleg merka. For eksempel fekk eg først inntrykk av at fleire støvlar, blant anna støvlane til Ilse Jacobsen, var av rein naturgummi/ naturkautsjuk, som er utvunne frå gummitre. Dette gjaldt fleire aktørar. Etter gjentatte forsøk på kontakt har eg ikkje fått svar av nokon, utanom Viking. Dei har ein miks på rundt 50% naturgummi og syntetisk gummi. Deira mest slitesterke støvel er jaktstøvlane til Viking (unisex. Nb. Desse er også merka som naturgummi, sjølv om dei også inneheld syntetisk gummi).

Nokre aktørar sletta mine førespurnadar utan å gje meg svar. Den manglande responsen var overraskande og skuffande. Dersom dette er slik dei hanskast med bevisste forbrukarar er det svært uheldig. Takk til Viking som var den einaste bedrifta som tok seg tid til å svare.

Foto: Christin Hume

Viking har ikkje ein miljøprofil som utmerka seg frå dei andre store aktørane i Norge, men fortel at dei jobbar med å bli betre på dette. Dersom ferdigproduserte støvlar ikkje held god nok kvalitet, blir dei nytta i anna produksjon som er hensiktsmessig for dette, som eksempelvis underlag og matter til bruk under leikestativ.

Støvlar med høg grad av naturgummi

For mange vil ein støvel av naturgummi vere å føretrekke, fordi ein gjerne ynskjer å ta avstand frå olje og petroleumsprodukt. Det er dessverre vanskeleg å finne ut i kva grad naturgummi er brukt. Når ein ser på ingrediensane til gummistøvlane, ser det ofte ut som dei består av rein naturgummi, men etter det eg forstår er det uvanleg med støvlar av rein naturgummi, fordi sluttproduktet blir tungt og får dårlegare eigenskapar enn dei meir moderne støvlane. Ein av aktørane eg har prøvd å kontakte er Aigle. Eg har funne ei side der det blir hevda at deira støvel består av 100% naturgummi, utan at eg har fått dette bekrefta av produsenten.

Etter å gjentatt forsøkt å få kontakt med Ilse Jacobsen, der det først såg ut som om støvelen var av rein naturgummi, ser eg no at dei har endra tekst på nettsida si. Der står det at det er 80% naturgummi og 20% hemmeleg oppskrift. Dette er mest truleg ein syntetisk gummi. Støvlane inneheld ingen animalske produkt og er fri for PVC. Per dags dato kjenner eg ikkje til andre aktørar som resirkulera gummistøvlar enn Kamik.

Oppsummering: Kva støvel skal eg velje?

Det mest miljøvennlege er det du allereie har. Dersom du ikkje bruka støvlane dine, finn ut kva som er grunnen og gjer noko med det. Dersom du skal kjøpe nye støvlar er Kamik det beste alternativet dersom resirkulering av støvlane er viktig for deg. Dersom du føretrekke produkt som ikkje kjem frå olje og petroleumsnæringa er støvlar med høg grad av naturgummi å føretrekke, som f.eks. Ilse Jacobsen. Sjekk først bruktmarknaden om det er nokre alternativ for deg der. Hugs å be om kvittering dersom skoa er under to år. I følge forbrukerkjøpslova har to to år reklamasjon. Alternativ to er å kjøpe nytt. Ta gjerne kontakt med produsent for å få konkret svar på blandingsforhalda dei nyttar til støvlane sine. Dette burde vere enkel informasjon å få inn på nettsidene deira.

Takk for at du les Grønare kvardag.

Toppfoto: Zach Reiner

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Zero Waste-Trondheim

Lure du på kvar du kan kjøpe matvarer, vaskemiddel, hudpleieprodukt eller te i lausvekt? Få ein oversikt over ei knippe butikkar i Trondheim som tilbyr emballasjefrie forbruksvarer.

Korleis gå fram? For å handle emballasjefritt må ein først ha behaldarar til det du har tenkt å kjøpe. Til tørre varer kan du bruke tøyposar. Desse kan du enten lage sjølv av gamle laken eller kjøpe dei i butikk. For flytande eller våte varer kan du bruke boksar eller glas med lokk.

Det som er so flott med emballasjefri handel er at du ikkje treng å kjøpe meir enn du treng. Dette sparar miljøet, lommeboka di og helsa di. Ved å ta avstand frå unødvendig emballasje unngår du for eksempel emballasje som i fleire testar viser førekomst av miljøgifter. Som forbrukar kan ein ikkje halde tritt med produsentane. Det enkle er ofte det beste. Kjøp utan emballasje i den grad du kan.

Trondheim er ein by med mykje nytenking, og kanskje dette er noko av grunnen til at det var den første staden eg fann hudpleieprodukt i lausvekt? Vanskeleg å sei, men det er fleire spennande butikkar i Trondheim for dei som ynskjer å redusere emballasje og forbruksvarer. Om du bur i byen eller er ein tur innom, kan desse butikkane vere vel verdt eit besøk.

Etikken
Olav Tryggvasons Gate 20, 7011 Trondheim

Etikken er den første Zero Waste-butikken i Trondheim og var ein av dei første i landet til å legge om til emballasjefrie produkt. I følge ein av dei tilsette var dette også noko dei merka stadig større etterspurnad av frå kundane. Butikken er ein frittståande butikk som originalt starta som ein økologisk butikk. Det er difor også stort fokus på økologiske varer. Her finn du eit variert utval av ulike tørrvarer. Det gjeld alt frå tørka morbær, gummibjørnar, diverse korn, til krydder, te og kaffi. Du finn også alt du måtte trenge av vaskemiddel her, enten det er til kroppen, håret eller golvet.

Etikken har eit stort utval av varer i lausvekt, og tilbyr alt frå frukostblandingar, frø og nøtter, ulike mjøltypar, sjokoladar og anna søtt, til krydder. Vaskemiddel og ulike type såpe fåast kjøpt i lausvekt også.
Hos Etikken, som hos fleire Zero Waste-butikkar i Norge, kan du male opp ditt eige mjøl.

Miss Organic

Thomas Angells gate 13, 7011 Trondheim

Miss Organic er ein hud og velværebutikk der ein kan kjøpe reine oljer, ulike leirer, emballasjefrie såper eller kosmetikk som med refill. Det som er mest spennande med Miss Organic er at dei lagar hudoljer, massasjeoljer, skrubbar og badesalt til deg, spesialtilpassa di hud medan du er i butikken. Desse fyllast i glaskrukker. Når du har brukt opp produktet, kan du reingjere behaldaren godt, og ta den med deg tilbake til butikken for refill. Dei vurdera å utvide oljebaren, som dei kallar den, til Bystasjonen i Bergen. Dei har også ein nettbutikk dersom du ikkje har eit slikt tilbod i ditt område. Butikken har laga ei oversikt over kjemikalier du ikkje finn i deira produkt, og det inkludera parabena, SLS (Sodium Laureth Sulfate), Mineralolje (frå råolje/ petroleum), siloksan, PEG, Carbomer, Isopropyl Myristate, Isoprpoyl alcohol, Propyleneglycol og silikon.

Dersom du bruka sminke kan Baims vere noko for deg. Der kan du kjøpe refill og sminka er økologisk og vegansk.

LUSH

Dronningens gate 14, 7011 Trondheim

LUSH er ein butikk som sel hygiene og venleiksprodukt, og har butikkar rundt om i landet. Dette er eit alternativ for deg som ynskjer å redusere emballasje, men som set pris på parfymerte produkt og såper som gjev mykje skum. LUSH har fått kritikk for sin bruk av blant anna parfyme og SLS (Sodium Laureth Sulfate), som er kjemikaliet som bidreg til at hygieneprodukta dine skummar. Dei jobba no med å fjerne SLS frå sine produkt. Sjå LUSH sine eigen kommentarar om dette her. Dersom du ynskjer meir tekst om dette, er denne bloggposten fin (frå jan 2018).

Fleire av produkta blir kutta opp etter kva du treng, f.eks såpe til hud, hår og hender. Dei sel også deodorantar, lotion, ansiktsmasker og liknande i lausvekt. Dette er stort sett i fast form (ikkje flytande). Dei sel i tillegg produkt i flytande form, der du kan levere tilbake behaldaren når den er tom. Desse er laga av resirkulert plast, i staden for jomfruelege råvarer som er det mest vanlege. Dei oppfordra også kundane til å pakke inn gåver i sjal, i staden for tradisjonell gåveinnpakning.

Lush sel hennafarge, som du kan bruke til å farge håret. Produktet inneheld fleire ingrediensar i tillegg til henna, blant anna parfyme som kan innehalde pftalatar dersom ikkje anna er spesifisert av forhandlar (les meir om dette her). Dette er einaste emballasjefrie hennaproduktet eg har sett i butikkar i Norge. For informasjon om farging av hår med henna, kan denne posten vere noko for deg.

Te og kaffehuset

Dronningsgate 28, 7011 Trondheim

Eg hugsa første gong eg besøkte Te og kaffehuset i Trondheim. Eg fortalde dei i butikken om Zero Waste og at eg hadde lyst til å lage ein post om butikken på Grønare kvardag. Dette var kanskje i 2015-2016. Då sa dama i kassen at det var veldig artig at eg kom i nett no, fordi ho hadde nett tenkt på korleis dei kunne bidra til å redusere emballasje og oppmuntre kundane til å ta med eigen emballasje. Kjekt!

For kaffi og te-drankarar er dette butikken som gjev deg nett det du måtte ynskje i lausvekt. Du kan nytte din eigen emballasje og fylle på med det som måtte freiste. Personleg er eg stor fan av å ha ein grøn te, ein svart te og ein frukt-te om gongen, for so å kjøpe nytt når det er tomt. Te er i likskap med kaffi, ferskvare.

Prisane kan vere noko dyrare enn det du er vand med etter kva kvalitet du kjøper, men når ein kjøper te i god kvalitet treng ein mindre mengder, og teen blir difor dryg i bruk. Det beste er å bruke tette behaldarar når du handlar te og spesielt kaffi. Dersom du har ein boks du brukar til kaffien heime, kan du bruke den til å kjøpe kaffi i også.

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Alle foto: Kristine Ullaland

Zero Waste-penn

Pennar er fort noko vi tek med oss frå konferansar, studiepakkar, reklamemateriell utdelt på gata, for å nemne noko. Men kor mange pennar treng vi eigentleg? I følgje China Daily produsera Kina om lag 38 milliardar pennar årleg. Dette utgjer 80% av kulepennane som blir produsert i verda. Vi er i skrivande stund 7,5 milliardar menneskjer på jorda, og berre Kinas årlege produksjon gjev oss i snitt 5 pennar kvar. Årleg.

Dei fleste pennar er ikkje mogeleg å resirkulere, og dei ender i restavfallet. Nokre pennar kan du resirkulere delar av pennen eller du kan nytte TerraCycle sine tenester.  Det beste er å unngå forbrukspennar og gå over til ein gjenbrukspenn. Fyllepennen er både fin og sjå på, og ved å velje den riktige pennen kan den også overgå dine gamle pennar i bruk.

Utfordringar med å velje penn når den skal passe til «alt»

Eg brukte om lag eit år på å bestemme kva penn eg skulle kjøpe, og eg kunne høyre mor mi si stemme i bakhovudet; «Hugs, det er ikkje eit livsval.» Til slutt bestemte eg meg, og trykte «kjøp» på ein vintage Watermarks fyllepenn, som ironisk nok var ein spesialpenn produsert i forbindelse med det franske flyselskapet Air France sitt jubileum på 70-tallet. Høgrehendt, med medium hand og ei uvane med å skrive litt for hardt, kalkulerte eg meg fram til at dette var pennen for meg.

Pennen har dei siste åra vore min faste følgesvein og eg har ikkje fått blekk på kleda mine, vore uheldig å mista pennen eller hatt problem med bruk. Eg opplev det ikkje lenger som eit problem at eg gløyme pennen fordi sidan eg berre har ein penn, veit eg alltid kvar den er. Kanskje fyllepenn er noko for deg også? Men korleis finne den riktige pennen?

Kva penn passar deg?

Dei aller færraste av oss har tilgang på masse fyllepennar som vi kan prøve, noko som er synd, for den beste måten å finne den perfekte pennen er å prøve. Det kan vere lurt å tenke over kva du skal bruke pennen til. Er det raske notat på ark som for eksempel er resirkulert, kan det vere lurt med ein stivare nib, som er tuppen på pennen. Ekstra fine nibs passar for dei med liten skrift eller til presist arbeid som krev rask tørketid. Dersom du er vand med 0.5 mm gel-penn kan dette vere noko for deg, men vil passe dårleg til dei med stor handskrift.

Medium-nib er den vanlegaste størrelsen. Den gjev meir blekk når du skriv, men dette kan justerast ved å lette trykket på pennen medan du skriv. Brei nib krev ofte eige papir, og er ikkje passande for folk som brukar resirkulert papir eller papir av tynn kvalitet. Brei nib passa for folk med stor handskrift som treng ein penn til notata, signaturar etc. Dersom du er usikker på kva nib som passa deg, kan ein pin penn med medium-nib kan vere ein god start. Spør gjerne seljaren om råd. Svært mange av dei som sel brukte pennar har mykje engasjement og kunnskap om pennane dei sel. Nibben kan også ofte bytast ut (video).

Nibben på fyllepennen kan byttast ut. Foto: Mik Izi

Spør ein (familie)ven

Dersom du tek deg ein ringerunde til familiemedlemmar er det ikkje utenkeleg at dei allereie har ein eller fleire fyllepennar liggande heime. Dersom du finn ein slik, vil du oppleve at den ikkje fungera spesielt godt. Det uttørka blekket er mest truleg mange år gammalt og pennen vil trenge ein vask for å kunne fungere godt. Vask då pennen med reint vatn. Ikkje bruk aceton eller anna reingjeringsmiddel med mindre det er høgst nødvendig.

Kva type fyllepenn skal eg velje?

Det finnast fleire ulike system. Her er nokre av dei:

  1. Cartridge – ferdigkapsla blekkpatronar som du puttar rett i fyllepennen. Ikkje eit godt Zero Waste-alternativ. Mange pennar som nyttar «cartridge»-systemet kan bli konvertert til refill-penn ved å sette inn ein «converter». Då kan du fylle på blekk sjølv. Systemet nyttar vakum. Sjå om det finnast ein «converter» som passa den modellen du ser på. Dersom du kjøper brukt kan du høyre med seljar om dette kan inkluderast i handelen. Sjå video først i teksten for å sjå korleis du fylle pennar med slikt syste.
  2. Piston – eit system som også bruka vakum, og har større kapasitet enn «converter». Ein favoritt blant mange, blant anna Zero Waste-pioneren Bea Johnson.
  3. Pump – som namnet tilseie, pumpar ein opp pennen med blekk, ved hjelp av vakum. Dette systemet har også større kapasitet enn «converter».

Kvar kan ein kjøpe fyllepenn?

Fann du ingen fyllepenn heime? Då er det nest beste alternativet å kjøpe brukt lokalt. Dersom det ikkje er mogeleg å finne noko i nærmiljøet er Finn.no og internasjonale sider som eBay sider som har større utval. Sjølv gjekk eg for ein brukt penn som eg kjøpte frå Tyskland, om eg ikkje hugsa heilt feil. Det er fordi eg meina at det er betre å kjøpe noko brukt og heller sende det, enn å kjøpe noko nytt i lokalområdet. Det er fordi eg då nyttar resursar som allereie er i omløp og som får eit nytt liv.

Dersom du ynskjer å kjøpe ein ny penn sel Norli ofte fyllepenn av merket Parker. Dei ligg på under 1000 kr noko avhengig av modell. Det beste er sjølvsagt om du får kjøpt brukt lokalt.

Pris og kvalitet

Sjå etter kvalitet – Pris og kvalitet heng ikkje alltid saman, men ofte, og då kan det vere dyrt å velje billig. Dersom du vel ein penn av dårleg kvalitet auka sjansen for blekksøl, eksempelvis. Mont Blanc, Waterman og Parker er alle i ulike prisklassar, men ligg ikkje på botn av prislista og har relativt god kvalitet. Merk at nokon modellar kan vere av ringare kvalitet, so søk gjerne opp modellen du vurdera på google. Det kan vere lurt å velje ein penn med gjennomsiktig blekkvindu, slik at du kan sjå når pennen bør fyllast på ny.

Vask fyllepennen i reint vatn for å fjerne gammalt blekk. Foto: Jibunkaiwai

Kva blekk kan ein kjøpe og kvar kan ein kjøpe det?

Det finnast forskjellige kvalitetar på blekk, som med alt anna, og det er difor viktig å kjøpe blekk som er laga for fyllepennar og som er av god kvalitet. Blekk som er laga for kalligrafi for eksempel, er ikkje egna fordi det vil tørke for fort og klogge opp pennen din. Blekk produsert av produsentar som Parker og Mount Blanc. Ei flaske blekk vil vare i fleire år, og du kan med fordel dele den med ein eller fleire vener. Personleg har eg hatt mi flaske i over 3 år og den er framleis full. Dersom du brukar blekk av høg kvalitet treng du kanskje sjeldan å vaske pennen din, men dersom du brukar billig blekk vil du mest truleg oftare oppleve at pennen tørkar ut. Vask då pennen med vatn.  Aktørar som sel fyllepenn sel blekk. Eg kjøpte mi flaske hos bokforhandlaren Norli.

Lykke til!

Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin og Ida. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Toppfoto: Alvaro Serrano

Grønare kvardag ute med lydbok

Reklame for eige arbeid i samarbeid med Fabel.

Interessert i å lære meir om Zero Waste? Start helga med lydboka «Søppelfri».

Kort introduksjon til lydboka:

Sist Kristine gjekk ut med restavfallet heime var i 2015. Ho lev ein Zero Waste-livsstil som fokusera på å skape so lite avfall som mogeleg. I lydboka «Søppelfri» får du høyre korleis hennar reise mot ein søppelfri livsstil starta, og korleis ho avgrensa forbruket sitt med å ta avstand frå det ho ikkje treng, redusere det ho treng, bruke om att det ho kan, resirkulere og kompostere det som er att. Alt ho etterlet seg av søppel får plass i eit syltetøyglas. Teksten er basert på Kristine Ullalands TEDx-talk Cut the crap: Waste is history frå 2016.

Høyr lydboka «Søppelfri» gratis her. Merk at gratisperioden er avgrensa, so sett gjerne ei påminning i kalenderen din dersom du ikkje planlegg å fortsette abonnementet etter utgått prøveperiode.

Ynskjer du fleire slike lydbøker? Send meg gjerne ein mail med tips om tema du kunne tenke deg på post@gronarekvardag.no, eller legg att ein kommentar.

Toppfoto: Lydbokforlaget

Derfor forenklar Zero Waste-livsstilen nyttårsforsetta dine

I desse dagar er det mange som sette seg forskjellige mål for det nye året. Er du i ein prosess der du vurdera kva endringar du ynskjer i kvardagen din i det kommande året? Sjå korleis ein søppelfri livsstil og dine nyttårsforsett kan forsterke kvarandre.

Drikke og ete sunt

Sjølv om filmen etter kongens nyttårstale gjev viser bilde av vakre naturlandskap og folk som står på ski i bratte fjellskråningar, er det gjerne ikkje i fjella vi oppheld oss i jula, men inne i varmen med god tilgang på det ein måtte ynskje av mat og drikke. Norske juletradisjonar består av feit mat og sukkerhaldig drikke, noko som kan vere med på å bidra til at sunt kosthald står på lista til mange nordmenn, når ein set seg mål for det nye året.

Ein Zero Waste-livsstil vil hjelpe deg å ete sunt fordi du i større grad vil ete meir fersk og «heil» mat. Dette fordi emballasjefri mat trumfar den emballerte maten, som oftare er prosessert.  Ved å velje mat i lausvekt vil kosten bestå meir av ferske råvarer som frukt, grønsaker, som du finn i alle daglegvarebutikkar, og lausvektsvarer som bønner og linser som du finn i lausvekt hos fleire innvandrarbutkkar eller Zero Waste-butikkar. Som ein sideeffekt vil du også ete meir sesongbasert, då sesongvarene ofte er fri for emballasje. Begynn i det små med å velje ein eller to lausvektsvarer neste gong du går i butikken. Etter kvart vil dei emballasjefrie alternativa bli meir synlege for deg når du går i butikken.

Når du laga maten du et frå grunnen av, veit du i mykje større grad kva du et, enn når du kjøper prosesserte matvarer. Personleg har eg også funne stor glede i vente på vårsalaten, bærsesongen eller eplesesongen. I ei tid der ein ikkje må vente på noko, er det faktisk litt fint å vente på noko ein kan glede seg over.

elliot-banks-1178856-unsplash.jpg
Foto: Elliot Banks. Dei ulike eplesortane har noko ulik sesong. Sjå oversikt her.

Ta med eiga flaske

Grønare kvardag oppfordra i juli 2017 lesarane til å kutte plastflaska, og det blei oppmuntra til å bytte ut kjøpevatn med ei gjenbruksflaske som ein fylle på vatn med sjølv. I følgje The Guardian kjøpast det kvart minutt ein million plastflasker globalt. I Norge har dei fleste av oss godt vatn i springen. Ved å ta med eiga flaske drikk du når du er tørst, og blir mindre freista til å kjøpe usunne leskedrikkar.  Det er økonomisk, bra for helsa og bra for miljøet.

Få orden

Forbruk er i stor grad ein del av liva våre, men mykje av det vi kjøper og tek med oss inn i heimen vår er meir i vegen enn til nytte. Ved å bli bevisst på forbruksvanar og gå gjennom heimen din, kan du få eit ordenssystem som du klare å følgje.

Du har kanskje allereie høyrt om KonMari  som er eit konsept utvikla av «rydde-eksperten» Marie Kondo, no aktuell med ny serie på Netflix. KonMari handla om å forenkle og organisere heimen din, slik at du aldri treng å gjere det igjen. Tankesettet har fleire parallellar til Zero Waste-livsstilen, der ein for eksempel reflektera over livsløpet til alt ein tek med seg inn i heimen. Ved å organisere og redusere forbruksmateriell i heimen, bruka ein mindre tid på å rydde, ein har oversikt over kvar ting er. Det er økonomisk fordi ein kjøper mindre og kanskje det også kan gje deg inntekter ved å selje ting du ikkje treng, eller leige ut ting du brukar sjeldan på f.eks. leieting.no.

For inspirasjon kan du lese meir om korleis du kan redusere forbruksartiklar og spare pengar ved å følgje desse postane; Korleis få eit Zero Waste-kjøkken , Zero Waste-bad   og ein artikkel om dei fem R’ane som Zero Waste bygge på.

Lat deg inspirere av dokumentaren – Minimalism: A Documentary About the Important Things

Få betre økonomi/ spare pengar

Mange trur at det å legge om til ein Zero Waste-livsstil er kostbart, men dette stemmer ikkje. Det å ta avstand frå ting ein ikkje treng er punkt 1 når ein snakka om Zero Waste. Det å for eksempel la vere å kjøpe take-away kaffi, for å heller å drikke ein kopp på jobb. Det å heller kjøpe brukt enn å kjøpe nytt, eller å bytte ut forbruksartiklar med gjenbruksartiklar, vil over tid spare deg for mykje pengar. Nokre kafear gjev også rabatt dersom du tek med eigen emballasje, som for eksempel Godt Brød, Nord Bakeri, Stockfleths, Starbucks og Dromedar Kaffebar.

På same måte som at det er dei små tinga i kvardagen som gjer at kvar og ein av oss i snitt kastar 433 kilo avfall i året, er mykje av det vi bruka pengar på også små ting som vi i liten grad vil sakne om vi reduserte eller kutta det ut.

Fem enkle tips for å spare pengar

  1. Kjøp brukt – Psykologisk forelding føre til at nye varer fell i pris om lag det sekundet du tek det med deg inn i heime din. Det betyr at kjøpar nr. 2 kan gjere eit godt kjøp. Prisen frå kjøpar 2 til kjøpar 3 er relativt lik, for eksempel på Finn.no.
  2. Et opp maten – Mykje av pengane våre kastar vi rett i søppla, i form av mat. Til og med Opra Winfrey har uttalt seg om dette. I Norge har vi fleire flinke folk og organisasjonar som frontar dette, som Spis Opp Maten drifta av Mette Havre.
  3. Kjøpestopp – Mange av tinga vi har i heimen har vi for mykje av. Ha kjøpestopp på det du har for mykje av, til du har brukt opp det du har. Allier deg gjerne med ein venn, kollega eller familie og gjer det til ein konkurranse.
  4. Kjøp nytt når du har seld noko av tilsvarande verdi – Psykologisk sett er det vanskeleg for oss menneske å gje slepp på noko vi allereie har, i bytte med noko nytt. Det kan gje deg ein ekstra tenkepause, og spare deg for spontankjøp.
  5. Lag dine eigne hygieneprodukt – Enkle ingrediensar som natron, kokosolje, olivenolje og bivoks kan bli med å erstatte om lag alle dine vanlege hygieneprodukt. Det er utruleg økonomisk og du har full kontroll på kva du puttar i og på kroppen din. Her finn du oppskrifter på skrubb, såpe til hud og hår, fuktbardeodorantansiktsolje, leppepomade, skjegg og hårpommade og tannkrem. Fleire av desse oppskriftene tek under fem minuttar å lage, og f.eks såpeoppskrifta held deg med såpe opp mot eit år.

Hugs at det er viktigare med progresjon enn perfeksjon! Sett heller små, realistiske mål enn store, ambisiøse mål. Då er det lettare å lykkast. Ynskjer deg eit riktig godt nytt år!Takk for at du les Grønare kvardag.

Foto: Sharon Christina Rørvik.

Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin og Ida. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Toppfoto: Mi Pham

Kristines grøne julegåvetips

Personleg er eg stor fan av å kjøpe opplevingar som gåver, men det er ikkje alltid det passar. Her er seks enkle tips til julegåver i Zero Waste-ånd.

Tøyposar til lausvektsvarer

Små tøyposar kan brukast til lausvektsvarer når ein for eksempel skal kjøpe mat. Dei fleste daglegvarebutikk har meir lausvektsvarer enn ein skulle tru, og då passar desse posane fint. Dei er med på å eliminere bruken av unødvendig emballasje, samtidig som dei er med på å spare plass i søppla eller resirkuleringa. Du kan også enkelt lage dei sjølv, om du føretrekk det.

Ein god start til nokon som er ferske på Zero Waste er ein liten, tett pose som kan brukast til nøtter, dadlar, løk, ingæfer, godteri eller liknande. Og ein stor pose som kan brukast til frukt og grønt som ein gjerne kjøper større kvantum av, som appelsin eller eple.

Kvifor kjøpe tøypose?

Vi nordmenn kastar i snitt 433 kilo avfall i året. Det er dei små tinga i kvardagens som til saman utgjer dette talet. Det å bruke eigne posar er difor ein av fleire gode tiltak for å redusere sitt eige avfall. Kanskje du eller mottakaren av gåva igjen inspirera andre?

Pris: 35-95 per stk.

Kvar:  Zero Waste-butikkar, utvalde Bunnpris-butikkar, utvalde helsekostbutikkar.

Dersom du ynskjer å kjøpe dei på nett finn du det her.

Dersom du bur i Bergen anbefala eg posane til Reindyrka. Dei er sydd av attføringsbedrifta ALF og posane er laga av resirkulert tekstil. Då støttar du to gode saker i ein.

DSCF1635
Foto: Kristine Ullaland. Tøyposar som dette passa fint til frukt og råvarer som ein kjøper i større kvantum. For eksempel eple og appelsin.

Bakematte i silikon

Bakematte i silikon passar for dei som ynskjer å redusere forbruksartiklar på kjøkkenet. Bakematta kan brukast opp til 220 grader og ned mot -20 grader.

Kvifor bruke bakematte i silikon i staden for bakepapir?

Mat og bakepapir er ofte satt inn med fluorkarbon fordi det fråstøytte veske frå maten. Fluor er giftig både for oss og naturen vi omgjev oss med (sjå svanemerka bakepapir her). I følgje testar gjort av Nordisk råd kan fluoren smitte over frå papiret til maten den er i kontakt med. Myndigheitene kan per dags dato krevje å få sjå bevis på at kjemikaliane dei nyttar i bakepapir og andre forbruksartiklar som take-away-emballasje ikkje inneheld helseskadelege kjemikaliar. Dessverre gjeld denne ordninga berre for europeiske produsentar, og ikkje produsentar utanfor Europa.

Pris: 120,- (Jernia)

Kvar: Butikkar som sel kjøkkenartiklar.

NB. Sjå at matta er laga av silikon før du kjøper den.

Det er per dags dato ingen i Norge som resirkulera silikon. Nokre aktørar, som Agent M, tek i mot retur av silikon og sende det til USA når dei har samla opp stort nok volum. Les meir om korleis aktørar i USA resirkulera silikon her.

Jul_Jernia_Beeorganic.jpg
Foto: Produktillustrasjon frå leverandørane. Til venstre: drikkeflaske til småborn frå Bee Eco. Til høgre: Bakematte frå Jernia.

Drikkeflaske til born

Har du born på gåvelista di kan ei drikkeflaske i stål vere tingen. Clean Kanteen sine to flasker i størrelsar. 148 ml og 266 ml er fine flasker med tut i medisinsk silikon og er fri for uønska kjemikalier som BPA. Denne kan byttast ut etter kvart som barnet veks. Flaska er lett å halde og toler å bli kasta i bakken. Spesielt den minste flaska er lett å halde for små born og den er lett å reingjere.

Pris: Frå 209

Kvar: Bee Organic (nett). Fat og Fe i Oslo (Sagene) føre også denne. Tips gjerne om du veit om andre butikkar som sel denne.

Barberhøvel

I følgje EPA (Environmental Protection Agency) blir det kasta amerikanarane 2 milliardar barberhøvlar kvart år. USA har eit høgare forbruk en oss i Norge, men vi ligg ikkje langt bak, og det er naturleg å forvente at talet barberhøvlar som blir kasta årleg i Norge også er høgt. Ved å gå over til ein Safety Razor redusera du avfallet og dersom du kjøper ein høvel i metall, kan heile barberhøvelen resirkulerast når den ein gong ikkje lenger kan brukast. Barberblada er også svært rimelege samanlikna med vanlege barberblad. Du kan lese meir om Safety Razor her.

Pris: Brukt frå 150. Ny: Rundt 380 og oppover. Pris per blad 5-10 kr.

Kvar: Dei fleste barbersjappene sel barberhøvlar. Fleire butikkar med miljøfokus sel også dette. Om du vil kjøpe det på nett finn du det her.

NB. Hugs å gje beskjed om kva hud mottakaren av gåva har. Det er stor forskjell på blader til ein kvinnelegg, ein ung man som nett har begynt å barbere seg, og ein eldre mann som har barbert seg heile livet.

HFM
Safety Razor til høgre og barberkniv for dei meir avanserte til høgre. Bilde tatt på Bergen Barberstue som føre både Safety Razor og barberblad. Foto: Kristine Ullaland

Emballasjefri sjampo/ dusjsåpe og deodorant

Forbruksartiklar som sjampo, balsam, dusjsåpe og deodorant er klassikarar til folk ein er litt usikker på kva ein skal kjøpe til. Dette kan kjøpast emballasjefritt på fleire kosthaldsbutikkar, Zero Waste-butikkar og butikkar som Lush. Lush finn du i dei fleste storbyar. Dei tilbyr det meste av hygieneartiklar i lausvekt. Dette er produkt som passar personar som i dag brukar vanlege hygieneprodukt og er vande med parfymerte produkt, men ynskjer å redusere emballasje. Dei produkta som kjem i emballasje kan ein ta med tilbake til butikken, og så resirkulera Lush emballasjen. Lush er også ein aktør som er flinke på å bruke resirkulert plast i sin emballasje.

Pris: Frå 50 kr og oppover. Mange av produkta seljast i lausvekt og du kan då få mengde etter budsjett.

matthew-tkocz-422655-unsplash
Foto: Matthew Tkocz.

Kvar: Lush finn du i Oslo, Trondheim og Bergen. Dei har og utsal på nett.

Dersom du uansett må bestille på nett anbefala eg å sjekke ut Margrete. Ho føre milde produkt med fokus på miljø og emballasje.

Bokashikompost

Den urbane fermenteringskomposten bokashi har tatt Norge med storm. Grunnen til det er at den er billig samanlikna med dei tradisjonelle varm- og kaldkompostane vi har hatt i Norge, og fordi dei er lette å bruke. Bokashikompost treng liten plass og luktar lite. Du kan lese meir om kompostmetoden her.

Pris: Frå 999

Kvar: Her får du kjøpt bokashi i ditt nærområde.

Dersom du må kjøpe på nett finn du det her.

NB. Fleire kommunar tilbakebetalar utlegg for kompost med opp til 1000 kr. Dersom du gjev kvitteringa med gåva, kan mottakaren sjølv søke om å få tilbakebetalt for utlegget. 1000 kr og ein ny kompost er jo ei råflott gåve.

Lag Bokashi av kebabemballasje_Grønare kvardag_Zero Waste_
Dersom du ynskjer å gje nokon ein bokashikompost i gåve, men ikkje har budsjett til å kjøpe den, kan du lage det sjølv. Bøttene på bilde har eg fått gratis frå ein kebab-butikk. Dei passar fint under vasken.

Hugs at det mest miljøvennlege er å støtte din lokale butikk heller enn å handle på nett.

Har venene dine alt? Støtt gjerne Grønare kvardag på Vipps nr. 541618 eller folkefinansieringskanalen Patreon. For å få tilsendt ein pdf som du kan sende til den du har donert for, skriv inn mailen din i kommentarfeltet med merknad JULEGÅVE og namn på mottakaren av gåva. Ditt bidrag er viktig for at Grønare kvardag kan vekse i tråd med verdiane sida er bygd på. Grønare kvardag er fri for betalt reklame.

Toppfoto: Monika Stawowy

Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag, og Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Silje, Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin og Ida. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse.

Ynskjer deg og dine ei riktig god førjulstid!

Les også: Emballasjefrie julegåver og opplevingar som gåve.

 

Å skape ein god forbrukar – historia om oss

Av og til føle eg på eit behov for å «fornye meg» utan at eg eigentleg har nokon grunn til det. Det fekk meg til å undre meg over kva dette kjem av. Blitt sånn eller født sånn, ville kanskje Harald Eia spurd. Kva er det som gjer at eg har eit behov for å kjøpe nye ting, sjølv om det eg har er i god stand? Då kom eg over omgrep som psykologisk forelding.

Det er ingen tvil om at dersom ein ynskjer å redusere avfall og svinn, er det å kjøpe mindre noko av det viktigaste ein kan gjere. Å velje brukt over nytt. Kvalitet over kvantitet. I følgje forsking.no kjem heile 60 til 80 prosent av miljøpåverkingane på planeten frå hushaldets forbruk. 80 prosent av dette er indirekte påverking, i forbindelse med produksjon av varene vi kjøper.

Det er litt rart å tenke på at når besteforeldra mine var unge, var det utenkeleg å kjøpe noko ein ikkje trong. Slik er det ikkje lenger. Ut i frå forbruket vi har i dag, vil vi som enkeltpersonar bruke 1,2 tonn kle, 5,5 tonn møblar, 890 kilo hud- og hårprodukt, 280 kilo sko og støvlar. 114 kilo vesker og koffertar, 69 jakker, 42 mobiltelefonar og 17 TV-ar i følgje tal frå FIVH (2017).

ivana-cajina-398574-unsplash-2073716556-1542900961565.jpg
Mobiltelefonen har blitt ein stor del av kvardagen til mange av oss. I følge FIVH vil vi i snitt bruke 42 mobiltelefonar i løp av ei livstid. Foto: Ivana Cajina

Om lysta til å kjøpe

Å skape ein god forbrukar – historia om oss

Det var uro i etterkrigstida for økonomien som låg brakk. Korleis skape økonomisk vekst? Samfunnsøkonomen Victor Lebow visste råd! Nemleg ved å gjere forbruk til ein livsstil, det å kjøpe til eit ritual, noko vi gjorde, ikkje fordi vi måtte men fordi vi hadde lyst.

Planen var å stimulere oss til å bli gode forbrukarar. Grunnen til at han såg behov for dette var at den enormt produktive produksjonen frå amerikanske fabrikkar, ville krevje at vi kjøpte meir en vi trengte for at desse fabrikkane skulle oppnå vekst. For å få dette til måtte forbruk bli ein livsstil. Men korleis få folk til å bruke pengar og tid på å kjøpe nye ting ein eigentleg ikkje treng?

Lebow meinte at dette kunne ein få til ved å gjere konsum til eit mål for sosial status, sosial aksept og prestisje. I følgje Lebow ville eit sterkare press på individet, altså oss, til å søke tryggheit og komfort i sosiale standarar, framkalle eit sterkare ynskje hos oss til å uttrykke individualitet i kva mat vi et, kva bil vi køyrer, kva og korleis heim vi har, hobbyar, klede osv.

Hans formål var at vi skulle ete, drikke, kle, køyre, generelt leve meir komplisert, og på den måten bevege oss mot ein kostbar forbrukslivsstil. Dersom du tek eit blikk utover der du måtte sitte nett no, vil du mest truleg sjå resultatet av nettopp dette Lebow snakka om. Dette er realiteten i dagens samfunn.

Fleire trudde berre for nokre år sidan at for eksempel marknaden for mobiltelefonar var metta. Dei fleste i den globale middelklassen hadde jo tross alt allereie kjøpt telefon, og desse mobiltelefonane varte jo i ein evigheit. Korleis få folk til å kjøpe ny mobil da?

clem-onojeghuo-289491-unsplash
Foto: Clem Unejego

Planlagt forelding – Det er ikkje berre noko du føler, ting var betre før

Då eg var lita var det mykje snakk om ei lyspære som hadde vore over låven heime. Den var etter det som er opplyst svært gammal, før den til slutt ikkje lyste meir. Kjeldene hevda ulike tal, men alle var einige om at denne lyspæra hadde vart i vertfall femti år, kanskje til og med hundre. Kven veit. I dag er det få ting som vare 50 år. Eller take-away-emballasje blir ironisk nok ganske gamal, sjølv om den er laga for å brukast berre nokre få minuttar, i beste fall timar.

Det blei oppfatta som eit problem at tinga våre varte for lenge, for då kjøpte vi ikkje nye ting. Planlagt forelding gjorde noko med dette. Ved å bygge inn eigenskapar og mekanismar i produktet som med hensikt skulle forkorte produktet sitt livsløp. På den måten blei vi tvungne til å kjøpe nye produkt. Det finst mange døme på dette. Gjenstandar og idear som vare lenge er uheldig for dagens økonomiske modell, for det er ingen ting som bidrar til rask økonomisk vekst som høgt, og helst aukande forbruk.

Å kjøpe nok varer – den skapte etterspørselen

Alt var ikkje betre før, men tinga våre varte utvilsamt lengre. I følgje magasinet «Good housewife» (1950) kunne ein for eksempel taue fly med gamle nylonstrømper  eller beundre lyspære som hadde virka i 50, 80 eller 100 år. Slikt er sjeldan i dag.

Det finst fleire former for planlagt forelding; Teknisk forelding, systemisk forelding, opplyst forelding, forelding ved uttømming og stilforelding (psykologisk forelding). Mannen som først brukte omgrepet, Bernhard London, hadde eit liknande utgangspunkt som Victor Lebow, nemleg «halde økonomien i gang. Vi klarte nemleg ikkje å kjøpe nok varer, samanlikna med produksjonen til dei nye fabrikkane.

Den naturlege løysinga til London var då ikkje å sjå dette som eit teikn på at det ikkje var ein marknad for desse nye produkta, men gjekk heller for alternativ to: å skape ein marknad.

anna-utochkina-672220-unsplash.jpg
Foto: Anna Utochkina

Psykologisk forelding var spesielt interessant, for korleis skulle dei få oss til å kjøpe varer som vi eigentleg ikkje trong? I følgje den kanadiske forfattaren Giles Slade, fann dei løysinga på problemet ved å fokusere på eit vidt spekter av produksjon-strategiar. Dette inkluderte alt frå merkevarebygging, til emballasje og utvikling av bruk-og-kast-produkt, for kontinuerleg å endre stilen av gjenbruksartiklar slik at dei til slutt blei psykologisk forelda. Trendar innan kle, sminke og sko er eit godt døme på dette. Vi nordmenn har i snitt 359 plagg kvar, og er stadig ute etter å «fornye oss».

Etter å ha lest meg opp på planlagt forelding og stilforelding er det lett å dra tankane mot omgrepet eg høyrer frå ei tid til ein anna – om å føle seg «utdatert». Avfall og forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp, har sett på kva som er bakgrunnen for at kvinner kvittar seg med kle. Kleda forvandlast til søppel ca. tre år etter siste gang det blei brukt. Kvifor kleda ende opp som søppel, eller filler, har ikkje kvinnene Klepp intervjua noko godt svar på.

Argument: Forbrukaren er smarte og tek difor smarte forbruksval

Når nokon, frå ei til anna vågar å røyse seg og protestere mot marknadskreftene får dei ofte til motsvar at seljarane har tillit til at forbrukarane er smarte nok til å velje riktig. Med det meinast det for eksempel at vi er salige og har sjølvkontroll og dermed ikkje badar i sjokolade eller fråtsar i kva no som måtte vere vanskeleg å stå i mot (som ikkje er bra for oss). Problemet er berre at vi ofte slit med å ta gode forbruksval.

Ein av grunnane til at det er vanskeleg for oss å ta gode forbruksval er at produkta vi kjøper er blitt so avansert at til og med personar med relevant utdanning slit med å velje riktig. Vi blir presentert ulike differensieringar for produkt, merkevare, pris og modellar. Etter ein samanlikning av alle desse står vi gjerne som nokre store spørsmålsteikn og lure på kva differensiering eigentleg er for noko, og sidan vi har litt dårleg tid vel vi gjerne den med fin farge.

Dei ulike forbruksvala tilbyr gjerne ulike avslag eller spesielle tilbod, og det er vanskeleg å skilje forskjellige produkt frå kvarandre. Det gjer gjerne til at overflatiske ting som farge og fasong blir avgjerande for vala vi tek.

christian-fregnan-592945-unsplash
Foto: Christian Fregnan.

Som born hugsa eg godt når foreldra mine kjøpe meg ein sykkel, og eg fekk velje sjølv. Det var stort! Eg gjekk for den billigaste av dei alle, som i dette tilfellet også var av låg kvalitet. Dette fordi sykkelen nettopp var fin i fargen, mørk raud, og fordi naboen min som eg såg opp til, hadde ein sykkel i ein slik farge. Eg var riktig nok eit born, men valet kunne like gjerne ha blitt tatt av ein vaksen. Eg blei svært god på å reparere sykkel i den perioden.

Vi er avhengige av å bli fortald eller lese oss opp på kva som er det riktige valet når vi skal kjøpe noko nytt. Kven som er avsendar og formidlar av informasjonen vi vurdera, vil påverke kva informasjon vi får og kva informasjon vi ikkje får. Det føre ofte til at vi kjøper det dyraste alternativet, sånn for å vere sikker. Vi har jo råd.

Forbruk er kort sagt samansatt, og du står ikkje aleine med «skulda» om du kjem ut frå ein butikk med ting du ikkje ein gang hadde tenkt å kjøpe, eller føle på kroppen at du treng å kjøpe deg noko nytt. Det er jo ikkje so veldig rart eigentleg, for vi blir jo stadig fortalt at vi ikkje er gode nok som vi er. Og det er nokon som tener gode penger på vår usikkerheit og ynskje om å passe inn.

Dersom du skal på sal vil eg anbefale deg å skrive ned det du skal kjøpe på førehand. Det er lett å la seg rive med av «gode tilbod», men dersom du ender opp med kle som ikkje passar skikkeleg, eller ein automatisk visp som du aldri kjem til å bruke, er det ikkje billig eller miljøvennleg, og det tek opp unødvendig plass i heimen din.

Sjå gjerne «Story of Stuff» sin video om endring, som tek føre seg oss som innbyggarar og korleis vi kan påverke og utfordre etablerte rammer i samfunnet vi er ein del av.

Toppfoto: Pier Francesco

Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag, og Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Silje, Synnøve. Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel og Kristin. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse.

Ynskjer du å støtte Grønare kvardag, som er fri for betalt reklame? Støtt eller bli medlem gjennom folkefinansieringsportalen Patreon.