Kategoriarkiv: emballasjefri mat

Zero Waste-vennleg snop

I motsetning til det mange trur, er faktisk emballasjefri snop noko av det lettaste du kan få tak i når du ynskjer å kjøpe emballasjefritt. Vi snakkar sjølvsagt om smågodt! Heldigvis er det også meir sukkerfrie alternativ. Sjå enkle tips og oppskrifter som kan gjere helga ekstra hyggeleg.

Tørk sesongvarer

Du kan bruke tørrluftsfunksjonen på steikeovnen eller frukttørkar (du kan leige frukttørkar på hygglo) til å lage dei mest smakfulle ting. Tørka epler eller bananer er kjente klassikarar. Skjer frukta i jamne skiver slik at dei tørka so likt som mogeleg. Grønnkålchips er også veldig godt og enkelt å lage.

Både eple, banan og anna frukt får du kjøpt utan emballasje i din lokale nærbutikk. Du kan kjøpe dei utan medbrakt pose eller med medbrakt pose. Tørka eple kan lagrast på tett glas, men grønnkålchips er best å ete same dag.

Sjå oppskrift på eplechips her, og oppskrift på grønnkålchips finn du her.

Foto: Ronit Shaked / Tørka grønnkål

Kjenner du ikkje på motivasjonen til å tørke frukt, finn du også ofte tørka frukt og nøtter i lausvekt i butikk. Sjå etter dispenserar frå Den Lille Nøttefabrikken. Sjølv om det står boksar til å fylle nøtter i, kan du heilt fint bruke din eigen, medbrakte pose. Det er også ganske vanleg at butikkar tilbyr mandlar og dadlar i lausvekt, men min personlege erfaring er at desse ofte er ganske tørre, fordi dei ofte har lav rotasjon og ikkje blir oppbevart lufttett.

Som nevnt i introduksjonen, er smågodt noko av det enklaste å kjøpe i lausvekt. Det er også lågare kilopris på smågodt enn tilsvarande godteri pakka i emballasje. På same måte som med kjøp av nøtter i din daglegvarebutikk, kan du heilt fint bruke din eigen pose til å handle smågodt. Mest truleg vil dei i kassa reagere positivt og spør kvar du har fått tak i den fine posen din.

Ynskjer du å lage din eigen emballasje?

Det er enkelt å lage eigen emballasje som du kan bruke når du handlar mat. Alt du treng er tekstil du kan avsjå og ei symaskin. For mål og framgangsmåte, sjå tidlegare publisert oppskrift på dette her.

Popkorn

Den beste snopen eg veit er heimelaga popkorn. Det får du i lausvekt om du har ein lokal Zero Waste-butikk, alternativ får du den i kilopakke hos din lokale internasjonale matforhandlar, eller i ein mindre pakke hos din lokale daglegvarebutikk. Popkorn kan steikast i både smør, olje eller kokosolje, alt etter dine preferansar. Er det lenge sidan du har stekt popkorn sjølv, hugs å ta fire popkorn i gryta og vent til dei poppar, ta dei ut, og tøm resten av popkornet i gryta. Då veit du at gryta er varm nok til at popkornet kan begynne å poppe. Det mest vanlege er å salte popkornet, men noko som er utruleg godt er å mikse paprikapulver med litt kvitløkspulver og raust med næringsgjer (alt får du på din lokale Zero Waste-butikk, alternativt på butikk for internasjonal mat i større kvantum pakka i rein plast, eller glas med plast fra vanleg daglegvarebutikk). Er din livrett taco, kan du eksperimentere med spisskummen, paprika og salt. Kanskje det berre er meg men eg synst popkorn kler det meste! Best nystekt, men kan oppbevarast på tett glas.

Foto: Eduardo Casajús Gorostiaga

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Lumitar

Om mat og emballasje

Eg står med bror min i åkeren på garden og grev so fort eg kan med hendene. Den brune, moldrike jorda klemmer seg inn mellom neglene mine i det eg jobbar med å dra opp poteter. Vi knisar og ser lurt rundt oss. Eg er kanskje åtte-ni år, og bror min er sju. Vi tørkar jorda frå potetene på genseren, og tek ein bit. Poteta er sprø og knasande, og eg kan kjenne stein frå jorda gnissande mellom tennene. Vi veit vi ikkje har lov – og medan vi sitt på huk og et på rå poteter er det ikkje so viktig at det ikkje smakar godt. Adrenalinet som pumpar i kroppen i spenning over å bli oppdaga er belønning nok.

Vi dyrka poteter til eige bruk på garden då eg vaks opp, og då vi skulle hente opp potetene fekk vi også køyre traktor. Den hadde to nivå for fart – skjelpadde eller kanin. Kanin gjekk veldig fort. Skilpadde derimot, gjekk svært sakte. Men kven brydde seg om at vi måtte køyre i skilpaddegir. Når vi plukka poteter fekk vi køyre traktor. Potetene vart oppbevart i råkjellaren til besta og bestefar min, som også budde på garden. Nypoteter var det beste, medan dei siste potetene, som blei kokt på våren var skrukkete med tjukt skal.

markus-spiske-h-CGKH94oIs-unsplash

Det er mange år sidan eg har sett skrukkete poteter. Potetene blei hausta på hausten og varte ideelt sett heilt til våren. Dei var ikkje pakka i plast for å bevare haldbarheita, men blei oppbevart uvaska i eit mørkt og kjølig rom – ein jordkjellar. Eg skulle gjerne sett meir skitten mat i butikkhyllene. Og då meina eg ikkje urein, men uvaska med inntørka jord. For eksempel får mange av rotgrønsakene våre kortare levetid når dei blir skrubba og vaska for å klargjere dei sal. Dette fordi jorda beskytta overflata mot for eksempel lys og hjelpe rotgrønsaka med å halde på fukt. Har du sett grøne poteter i hylla på butikken? Dette er ein skade på potetene som kjem på grunn av lys, som kan gje mageknip. Vasking av desse grønsakene før dei faktisk skal etast, kan bidra til kortare haldbarheit.

I dag diskuterast det stort om kva som er mest miljøvennleg – matvarer med eller utan emballasje? Premissane for diskusjonen er i seg sjølv avgrensa, og NRK hadde blant anna ein reportasje der forskarar hadde sett på kva som haldt seg lengst av matvarer med og utan emballasje. Dette testa dei både på kjøkkenbenken og når maten var i kjøleskapet. Dei aller fleste matvarene hadde i følge testen betre haldbarheit med emballasje. Eg sakna fokus på korleis uvaska grønsaker ville gjort det i ein slik test, men uansett er problemstillinga i seg sjølv feil. Vi kan sjølvsagt prøve å tvinge matens haldbarheit inn i våre rammer, eller vi kan lære oss korleis mat held seg best. Og dersom nokre matvarer har høgt svinn, kanskje vi burde la vere å ete desse matvarene? Den norske emballasjenæringa argumentera for at vi treng emballasje, og at vi treng meir forskning som kan gjere emballasjen meir effektiv. Men, dersom vi zoomar ut og ser det større bilde ser vi ingen samanheng mellom nedgang i matsvinn og bruk av emballasje. Faktisk har bruken av plastemballasje auka i takt med mengda matavfall sidan 50-tallet,  I følgje ein forskningsrapport frå Insitute for European Environmental Policy.

shutterstock_99385886-800x450
Foto: Everett Collection/ Shutterstock

Emballasjebransjen har ikkje uventa, hatt stor vekst. Då eg var foredragshaldar for plast og emballasjeindustrien for nokre år sidan, kunne dei fortelje meg at dei var den raskaste veksande bransjen i verda.

Eg vil tørre å påstå at kunnskap om korleis vi skal oppbevare mat riktig, er avgrensa i dagens samfunn, og dersom vi held fram med å lene oss på at emballasje skal ordne opp, blir vi berre meir og meir avhengig av eit forsøplande materiale.

*Utdrag frå lydboka Søppelfri: Mat som blir tilgjengeleg på lydbokappen Fabel i slutten av juni.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, drifte meir berekraftig eller treng de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Toppfoto: Jan Colario.

Unwrapped – Zero Waste-butikk i Kristiansand

Zero Waste-butikken Unwrapped har på få år etablert seg i Arendal og i Kristiansand. Butikken tilbyr eit rikt utval av gjenbruksartiklar, forbruksvarer og tørrvarer. Både i Kristiansand og Arendal gar Unwrapped gått saman med andre aktørar, og tilbyr difor meir enn dei tradisjonelle Zero Waste-butikkane. Eit samarbeid med Kollektivet, ein bruktbutikk med røter i Kristiansand, har ført til at du også har moglegheit til å finne deg eit klesplagg som allereie er i produksjonssirkelen. Dette er meir berekraftig val en å kjøpe eit nytt plagg. Kollektivet formidlar også handverk av lokale kunstnarar og handtverkarar.

Kvinna bak dei to Unwrapped-butikkane er Megan Strand, som for 12 år sidan flytta til Norge frå oljehovudstaden Houston i Texas. Ho er no busett i Arendal. Eg deltok som foredragshaldar på TEDx Arendal i 2016, og fekk i etterkant ei hyggeleg melding av Megan, der ho fortalde at ho var ein av publikummet då eg tala om korleis vi som enkeltmenneskjer kan gjere verda meir berekraftig. Ho fortalde vidare at foredraget hadde vore med på å inspirert ho til å ta steget til å starte den første Zero Waste-butikken på Sørlandet, Unwrapped i Arendal. Det er viktig å hugse på at vi alle kan vere til inspirasjon for kvarandre. Eg er imponert over kva Megan har fått til og blir sjølv inspirert av henna arbeid og kva ho har fått til på kort tid.

Zero Waste – frå grasrotrørsle til dei store linjene

Då eg starta med å fremje Zero Waste på fulltid i april 2015, var det ingen Zero Waste-butikkar, og eg var usikker på kor mange som tenkte i same baner som Zero Waste. I dag finn ein slike butikkar i omlag alle dei største byane og fleire er under planlegging.

Grasrot-rørsla har vore i vekst over tid, og det gler meg å sjå at også næringslivet byrja å sjå verdien av å tenke Zero Waste i alle ledd. Eg møtte nyleg den leiande Zero Waste-akademikaren, Paul Connett, som so godt oppsummera Zero Waste som noko som angår alt frå våre eigne hender til dei store linjene som blir dradd av aktørar på kommunalt og nasjonalt plan.

Har du besøkt Unwrapped?

Bur du i Kristiansand eller Arendal, og ynskjer å redusere forbruk og handle berekraftig – då er Unwrapped staden å gå. Hugs å ta med din eigen emballasje. Sjølv om Unwrapped som andre Zero Waste-butikkar tilbyr papirposar, er det best å ta med eigne tøyposar og tom emballasje du har heime. Då spara du deg turar ut med resirkuleringa (og bosset). Papir blir i snitt resirkulert 8-10 gonger før det blir permanent avfall.

Unwrapped i Kristiansand (google maps)

Unwrapped, Kristiansand er ein oversiktleg butikk med eit godt utval av tørrvarer, refill av oljer til matlaging, godt utval av krydder i lausvekt og diverse gjenbruksartiklar til matlaging. I tillegg finn du ei mengde hygieneartiklar, fleire relativt lokale. Det er også noko artiklar til små born, som for eksempel tyggeleige i bomull og tre. Dei har ein avdeling bak i butikken med vintage kle i god stand. Eg fann sjølv eit fint blyantskjørt i rein ull til 300 kr, som eg allereie har brukt mykje. Mange vintagebutikkar har omlag utelukkande kle til kvinner, men her er det også ein grei størrelse på herreavdelinga.

Butikken ligg i eit koseleg området der det er mogeleg å setje seg ned og ta ein kaffi, om ein skulle ha lyst til det. Butikken føre vintage sjal i ulike kvalitetar, som passar ypparleg til å pakke inn gåver dersom du finn noko fint du vil gje vekk til bursdagar eller jul. Sjå Furoshiki for inspirasjon til innpakning ved bruk av sjal.  Om du ikkje allereie har tatt turen, håpa eg denne posten kan inspirere deg til å gjere nettopp det.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Alle foto, inkludert toppfoto: Kristine Ullaland

DIY: Posar til mat i lausvekt

Lei av unødvendig søppel når du handlar mat? Grav fram gamle gardiner, kjøkkenhandkle og dukar du ikkje lenger brukar og lag posar til matvarer i lausvekt.

Ting vi ikkje kan eller har prøvd før virka ofte litt vanskelegare en det er. Lette syprosjekt som til dømes stoffposar er ein av dei. Bruk nokre minuttar med symaskina og bli overraska over kor lett det er å sy sine eigne posar.

Kva pose treng du?

Før ein byrjar å sy kan det vere lurt å tenkte på kva ein har tenkt å bruke posane til, og tilpasse dei litt etter ditt behov. Dersom du skal kjøpe mat med høg pris per hekto, kan ein florlett bomullspose vere tingen. Skal du kjøpe tunge matvarer bør du bruke eit litt meir slitesterkt materiale. Skal du kjøpe mjøl og nymala kaffi, og ikkje ynskjer å bruke glas, kan du bruke eit ubleikt lerret.

Hugs at seljaren må sjå varen i posen når du skal i kassa. Dersom du brukar nokre gamle hekla gardiner eller florlett bomull til å lage posar av, vil matvarene vise gjennom stoffet. Dersom du vel stoff med mykje mønster eller som er vanskelege å sjå igjennom må du opne posane når du skal i kassa.

3952929387_1ca175272b_o.jpg
Foto: Kira Steward-Watkins

Gjenbruk

Finn fram ein gamal duk eller ei gardin du ikkje lenger brukar. Har du noko du har hatt liggande i fleire år utan å ha brukt det, men likevel kvir deg for å lage pose av det? Tenk over kvifor du føler det slik. Om du ikkje vil bruke noko du har liggande, er Fretex ein fin plass å gå.

Val av materiale

Alt vi vaskar i vaskemaskina avgjer små fibrar som er for små for at reinseanlegget kan ta det opp. Samtidig er mykje av det vi vaskar i maskina i dag syntetisk. Desse kunstige fibrane hamnar i havet og blir etne av til dømes plankton, og hopar seg opp i næringskjeda. I følgje ei undersøking gjort av Universitetet i Plymouth i 2014 står Rayon (tidlegare merka bambus) for 56.9% av den totale mengda fibrar funne i og ved havet. Dersom ein ikkje ynskjer å ta del i dette, kan ein velje eit naturleg materiale til posane, spesielt dersom du kjem til å vaske dei ofte. Dette kan sjølvsagt vere lurt å tenke på i forhold til andre tekstilar ein har i heimen.

Reine fibrar som bomull er bra, og i motsetning til polyester og semi-syntetiske stoff som Rayon, kan reine fibrar raskt komposterast når den ikkje lenger kan brukast. Mange tek likevel avstand til bomull blant anna på grunn av forureininga produksjonen medfører. Produksjonen krev også mykje vatn. For å produsere ei t-skjorte brukast det 2700 liter vatn.  Dersom du ynskjer å kjøpe nytt stoff til posane i staden for sy om noko du har frå før, anbefalast det å kjøpe i økologisk bomull. Lin og hamp er også gode alternativ.

6288743600_2664637436_b
Foto: Kimberly Vardeman

Oppskrift
Du treng:

Symaskin

Bomullstråd

Saks

Strykejern/ knappenåler

Snor til å snurpe posen

Rettleiande mal til pose

Måla er medrekna 1 cm på kvar side av posen til saum og 3 cm på toppen av posen til snøre.

Liten pose til nøtter, smågodt

42 cm * 17 cm (eventuelt 2 stk. 28*17 cm)

Medium pose til eple, appelsin, liten potetpose

56 cm * 22 cm (eventuelt 2 stk. 28*22 cm)

Stor pose til poteter, sesongsalat, kål ++

73 cm* 28 cm (eventuelt 2 stk. 36’28 cm

Framgangsmåte:

Typosar framgang_Zero Waste_DIY_Grønare kvardag_Kristine Ullaland
Brett først 1 cm kant som vist øvst. Stryk over for å få det til å ligge. Brett so over enden av posen slik at du får fin kant med snora. Brett til slutt kanten ned ein gong til slik at du har ca. 2 cm kant. Sy fast kanten med rett saum. Foto: Kristine Ullaland

Klipp ut stoffet og brett over slik at stoffet ligg dobbelt. Dersom du har knappenåler, bruk desse til å halde stoffet på plass.

Sy enkelt søm på kvar side, men berre sy heilt opp til kanten på den eine sida. Den andre sida stoppar du sømmen slik at det er 6 cm att. Denne kanten skal brukast til snøret.

Brett ein liten kant på toppen av posen og stryk kanten med strykejern, som på toppen av bilete over. Fold deretter hjørnet på kvar side av posen og stryk over for å få den til å ligge, som på det midtarste bilete. Brett kanten over ein gong til og stryk over. Legg so inn snora, og bruk knappenåler om ynskjeleg for å få saumen til å ligge. Sy enkelsøm langs den nedste kanten på bretten, slik at snora får god plass. Knyt att snora.

Lag di eiga snor

Snor kan syas av tystoffet du lagar pose av, eventuelt kan du strikke eller hekle ei snor. Mange har også silkeband, hyssing eller liknande liggande heime som er kjempefine å bruke.

Alt er kjekkare å gjere saman. Allier deg med ein god ven og lag flotte gjenbruksnett, nett slik du vil ha dei. Posane egnar seg også godt som gåver til den miljøbevisste.

For meir inspirasjon, sjekk ut Grønare kvardag si Pinterestside; DIY Handlenett og posar.

Lukke til!

Toppfoto: Kristine Ullaland (pose laga av ei blondegardin)

 

Zero Waste Taco

Noko av det mange spør seg når dei høyre om Zero Waste er ikkje relatert til miljø eller tidsbruk, men taco. Den folkekjære norskvarianten av taco har kome for å bli. Og ja, du kan leve Zero Waste og ete taco.

Mange av tinga vi kjøper, enten det er ingrediensar til taco eller andre ting er overraskande lette å lage sjølv. Det smakar faktisk betre også. I tillegg har du full kontroll over kva råvarer og smakstilsetningar som er i maten du og familien din et. Guacamole, salsa, tacokrydder og lefser kan enkelt lagast heime, kanskje det til og med kan vere ein kjekk aktivitet de kan gjere saman?

Dersom du ynskjer å prøve deg på ein søppelfri taco, ikkje strev etter perfeksjon ved første prøving. Det å tillegga seg ein ny livsstil er litt som å flytte til ein ny stad. Du veit ikkje kvar den beste daglegvarebutikken er, den beste kafeen eller den finaste turløypa er den første dagen, det er kunnskap ein tillegg seg etterkvart. Og ein treng ikkje å gjere alt, få, små ting kan gjere ein stor endring totalt. Kanskje du kan prøve å bruke eigne handleposar til det du uansett hadde kjøpt i lausvekt? Eller ta ei oppskrift om gangen? Målet er ikkje nødvendigvis å bli søppelfri, men å bruke forbrukarmakta si til å sei i frå kva verdiar som er viktige for deg, enten om det er kortreist mat, økologisk mat, dyrehald, forsøpling og/ eller kunstige kjemikaliar. Lommeboka er mektigare en du trur.

Lukke til!

Oppskrift på ein søppelfri tacolaurdag:

Start med å klargjere deiga til tacolefsene, som treng 20 min kvile før den skal steikast i steikepanna.

Tacolefser:

Tacolefser passar ypparleg å fryse ned. Dersom du har litt ekstra tid kan du med fordel lage ekstra lefser som du kan fryse ned. Lefsa passar også godt som brød til indisk mat, eller som pizzabunn.

Oppskrift til ca. 8 lefser

300-350 g mjøl

2 ts bakepulver

2 ts matolje

2 dl vatn

1 ts salt

Bland dei tørre og dei våte ingrediensane for seg sjølv før du blandar dei saman. Kna deiga i 2-5 min. og la den kvile i 20 min. Oppskrifta kan eventuelt lagast utan bakepulver, men då blir lefsene litt mindre luftige. Papirposen mjølet kjem i kan resirkulerast eller komposterast. Matolje og bakepulver blir seld i metall og glas som begge kan resirkulerast. Nokre butikkar sel også dette i lausvekt som til dømes Mølleren Sylvia i Oslo.

Lefsene steikast i steikepanna i ca. 30 sekundar på kvar side. Du treng ikkje bruke noko olje eller smør i panna. Legg dei ferdigstekte lefsene inn i eit kjøkkenhandkle for å halde på varmen.

Grønare kvardag_Zero Waste Taco_Kristine Ullaland_Søppelfri.JPG
Dersom du ikkje orkar å lage lefser, eller ikkje toler mjøl, er salatblat eit godt alternativ. Foto: David Yttervik Seetiangtham

Alternativt kan du bruke salatblad i staden for lefse. Eg rynka sjølv på nasa første gong eg såg det, men det er faktisk overraskande godt. Med mindre salat er i sesong, er dette vanskeleg å få tak i utan emballasje med unntak av innvandrarbutikkar.

Tacokrydder:

1 ts oregano

2 ts spisskummin

2 ts paprikapulver

2 ts kajennepepar

2 ts havsalt

Bland alt godt saman og bland ut med eit lite glas vatn og hell over farsen. Tilsett fersk chili og kvitlauk. Hugs at krydder kan ha ulik styrke, bruk difor oppskrifta som rettleiande. Dersom du likar sterk mat kan du auke kajennepepar og chilipulver, eventuelt også bruke knuste chiliflak.

Krydder kan kjøpast i glas eller metall. Dersom du held til i Oslo kan du kjøpe krydder i lausvekt hos Holisten i Mathallen. Chili og kvitlauk får du i lausvekt hos din lokale innvandrarbutikk.

Ta over litt lime når farsen er ferdig.

Tacokrydder_Zero Waste_Kristine Ullaland.JPG
Det er kjapt og enkelt å lage tacokrydder sjølv. Foto: Kristine Ullaland

Salsa

4 tomatar

1 rødløk

1 gul løk

½ chili

Koriander

½-1 lime

1 ss olivenolje

Salt og pepar

Kutt tomatane i små bitar og legg i ei sil slik at dei får rent av seg. Om du ikkje har sil kan du bruke eit kjøkkenhandkle. Kutt so opp resten av ingrediensane og bland saman. Tilsett tomatane til slutt. Smak til med salt og pepar. Ikkje rør meir en nødvendig, då dette kan gjere salsaen vassen.

Lime og tomatar får du i lausvekt alle stadar, likeins med gul lauk. Koriander og chili får du i lausvekt hos din lokale innvandrarbutikk, samt rødløk.

Guacamole

2 modne avokadoar

1-2 fedd kvitlauk

½ Rødlauk, alternativt vanleg lauk

1 tomat

Koriander

Lime

2 ss olivenolje

Smak til med salt og pepar

Hakk alle ingrediensane godt saman. Dersom du ikkje ynskjer bitar i guacamolen, bruk ein handmiksar.

Dei fleste matvarebutikkar sel avokado i lausvekt. Olivenolje kan du få kjøpt i metall eller glass, eventuelt i lausvekt hos Mølleren Sylvia i Oslo.

Zero Waste_Grønare kvardag_Kristine Ullaland.JPG
Kutt plastposen når du kjøper mat i lausvekt med å ta med dine eigne i ty. Nokre matvarer har tjukt skal. Kankje dei ikkje treng pose? Foto: Kristine Ullaland

Vegetarfarse
Bønnestuing for 2 personar:

1,5 dl tørre bønner (må bløytast over natta og kokast til dei er møre)

½ dl vatn

1 ss spisskummin

1 ss paprikapulver

¼ gul løk

1-2 fedd kvitløk

Fersk koriander

1 klype salt

1 ts kajennepepar (kan kuttast om du ikkje likar sterk mat)

Limesaft

Hell bønnene i ei kjele med ½ dl vatn og smak til med krydderet. Mos ca. halvparten av bønnene med ei sleiv og la stuinga putre nokre minuttar på lav varme. Rør om slik at maten ikkje brenn seg fast. Tilsett meir vatn om det trengst.

Oppskrifta på bønnestuing er inspirert av Veganmisjonen. Sjekk ut sida for fleire oppskrifter.

Zero Waste Taco_Grønare kvardag_Kristine Ullaland_Søppelfri.JPG
Dersom du ynskjer rømme til tacoen, kjem du nok ikkje utanom plastemballasje. Foto: Kristine Ullaland

Bønner fås kjøpt i papiremballasje dei fleste stader, samt på boks. Sistnevte er  ein slager blant studenter på grunn av den lave prisen. Det er ueinigheiter angåande kor vidt det er bra å ete boksemat, då boksen gjerne er lakka med epoxilakk for å hindre rust. Denne inneheld Bisfenol A, og kjend som BPA. BPA har ein svak østrogeneffekt og før den blei tatt i bruk av plastindustrien på 50-tallet, blei den brukt som veksthormon for storfe og for å behandle kvinner i overgangsalderen. Myndighetene referera til BPA som eit verstingstoff og ynskjer å stoppe bruken av det innan 2020.

Kjøttfarse

Dersom du brukar kjøttfarse, får du tak i dette hos din lokale kjøttforhandlar. I Bergen har vi til dømes R. Birkeland på Bystasjonen. Hugs å ta med eit glas eller anna egna behaldar til å ha kjøttet i. Slaktaren veg først emballasjen og trekk so i frå vekta av behaldaren frå totalvekta. Kjøttet er lokalt, så du støttar samstundes det norske landbruket. Dersom du byrjar å sjå kvar kjøttet er frå når du handlar i kommersielle daglegvarebutikkar, vil du sjå at det er mykje tysk kjøtt, som inneheld mykje antibiotika samanikna med norsk kjøtt. Den norske bonden er viktig, og skal vi behalde bonden må vi også støtte dei ved å støtte oppunder gode, kortreiste råvarer, enten det gjeld kjøtt, melkeprodukt eller grønsaker. Hugs også at maten vi et er drivstoffet vårt! Ja til bra drivstoff, både for oss og miljøet.

Håpar du blei inspirert til å prøve deg på ein Zero Waste taco!

Toppfoto: James

Zero Waste kjøkken

Visste du at du både kan få romsleg plass på kjøkkenet, gode råvarer og spare lommeboka? Sjå Grønare kvardag’s tips og transformer kjøkkenet ditt om til eit søppelfritt kjøkken.

Mange blir forundra når dei høyrer om Zero Waste og tenker at dette må ta alt for mykje tid, og i likskap med andre livsstilsendringar tek det sjølvsagt tid å legge om vaner. Det blir litt som når ein flyttar til ein ny stad og på nytt må finne ein god matbutikk ein likar, eit treningssenter, sitt favoritt bibliotek og plassen med dei beste drinkane. Slik er det også når ein skal oppdage sin eigen heimstad på ny med ein visjon om ein søppelfri kvardag. Bruk kreativiteten og tenk nytt, inkluder vener og familie og finn gode vaner som passar for dykkar livsstil og behov.

Den lettaste endringa du kan gjere for å minske søppel er å tenke nye over kva  du tek med seg inn i heimen. Vi treng ofte mindre en det vi trur og det dei kommersielle makter fortel oss at vi treng.

Planlegg måltida for den kommande veka

Då far min var born hadde dei faste måltid alle dagar i veka, og dei fleste i bygda hadde den same rutinen, ettersom dette var styrt av årstida og kva ein fekk tak i i butikken. I dag handlar vi mykje på impuls, og vi veit gjerne ikkje kva vi skal ha til middag før vi står i butikken. Impulsive innkjøp fører fort til svinn. Den lettaste måten å endre dette på er å lage ein vekeplan for måltida. Fleire matbloggar som til dømes Veganmisjonen tilbyr ferdige vekemenyar. Matkjedene byrjar no også å henge seg på trendane med middagsplanlegging, då det sjølvsagt og er av deira interesse at vi som forbrukarar er meir føreseieleg. Ironisk nok kan ein hevde at vårt handlemønster til dels er eit resultat av det einsidige fokuset matvarekjedene har køyrt på pris, i staden for til dømes kvalitet. Rema 1000 tilbyr ein middagsapp der du enkelt kan planlegge måltida dine. Mindre matsvinn sparar både lommeboka di og søppelspannet.

Du kan og lage dine eigne vekeplaner og sjonglere dine favorittrettar.

8477474033_d9a783bc84_h
Gode system gjer det lett å halde oversikten over kva ein har. Foto: Bryan Lee

Eliminer unødige gjenstandar frå kjøkkenet

Kva treng du eigentleg på kjøkkenet? Mange ender opp med fulle hyller av ting ein eigentleg ikkje treng. Gå igjennom skuffer og skap og fjern dublettar og ting du ikkje brukar. Doner vekk tinga til ein samfunnsgagnleg organisasjon som Fretex. Kanskje noko kan seljast på Finn.no, eller kanskje nokon naboar eller familiemedlemmar har bruk for det. Ver streng med kva du tek inn i kjøkkenet, og lag eit system som gjer at det er lett å sjå kva du har i skuffer og skap. Tenk fleirbruk rundt tinga du har.

Det kan høyres litt rart ut men noko av det mest tilfredstillande ved Zero Waste-livsstilen er for mange nettopp det å finne ut korleis ein kan minke eigendelar. Sjølv om det i utgangspunktet kan vere litt vanskeleg å gje i frå seg ting, er det mykje meir verdifult å kunne bruke kjøkkenet lett og effektivt. Mindre ting fører ofte også til mindre tid til oppvask og rydding.

Bytt ut eingongsprodukt med fleirgongsprodukt

Plast bør ein unngå i den grad ein kan. Det kan berre resirkulerast nokre få gonger før det blir permanent avfall. Det plastmjukgjerande stoffet DINP som brukast i Norge er kontroversielt. Danske myndigheiter er klare i si tale om at ftalatet DINP, i likskap med sin forgjengar DEHP, er hormonforstyrrande. Kjøper du bakepapir utan svanemerke er det godt mogleg at det inneheld fluor. Dette blir brukt for å unngå at feittet festar seg til papiret. Fluor blir i likskap med DINP knytt til hormonforstyrringar, samt nedsett sædproduksjon. Sjå forbrukerrådet sin hormonsjekk for rettleiing.

10292821883_8f8ac3465e_z
Bruk smør eller olje i staden for bakepapir. Foto: Yelp Inc.

Smør eller olje egna seg godt til å smøre former med for å unngå at mat sett seg fast. Du kan eventuelt investere i ei silikonmatte. I staden for plastfilm og aluminiumsfolie kan ein bruke boksar eller bivokspapir (sjå oppskrift). I staden for tørkepapir kan ein bruke kjøkkenhandkle eller sy eigne kjøkkenhandkle på rull. Det same gjeld for papirserviettar. Bytt dei ut med noko i ty. Sjølv eingongsprodukt som serviettar er billige, blir mange bekkar små ein stor å. Det er økonomisk å heller tenke gjenbruk.

Sjå på kjøkkenet ditt som din eigen vesle butikk

For nokre år sidan møtte eg ein matantropolog. For han var det å studere korleis folk laga mat noko av det mest spennande han kunne tenke seg. Der eg såg curry og raspeballa, såg han kulturarv, tradisjon og samspel mellom menneskjer. Det tok meg nokre år før eg forstod kva han eigentleg snakka om.

Det er lettvint å kjøpe prosesserte varer der jobben er gjort for oss, men dette går på bekostning av vår personlege tilknyting til matlaging. Vi mistar kunnskap og erfaring vi har nedarva frå familie og vener i generasjonar og det gjer oss også svært avhengig av produsentane. Vi ender opp med lite kunnskap om kva ingrediensar som er naudsynte for å lage dei ulike varene, noko som både gjer det vanskeleg å stille spørsmål ved innhaldslista til matvarene vi kjøper. I ein hektisk kvardag er det heller ikkje alltid ein har overskot til å saumfare innhaldslistene til alle produkta ein ynskjer å kjøpe. Stussa du også over at du først fant ut at det var sukker i ketsjupen då dei først fekk ein sukkerfri variant? Det enkle er ofte det beste. Gjer det sjølv.

Sjå på kjøkkenet ditt som din eigen vesle butikk. Det er overraskande mykje du enkelt kan lage sjølv. Og det gjeld ikkje berre mat. Få ingrediensar som natron, krystallsoda, kokosolje og kaustisk soda kan til og med halde deg med alle hygieneprodukta du treng.

Utfordr deg sjølv til å prøve å lage ting frå grunnen av. Spør familie og vener om råd. Kanskje de til og med kan inspirere kvarandre?

4072623022_81f39be720_z
Heimelaga sitronost. Foto: Chiot’s Run

Sylting, safting, forvelling, hermetisering, tørking og fermentering

Er du tilhengar av kortreist, emballasjefri mat? Då er du avhengig av å kjøpe sesongbetonte varer. Konservering av gode råvarer er i vinden som aldri før, og det er både mykje kurs og informasjon på nettet. Kanskje har du har ein slektning eller venn som meir en gjerne deler av sin kunnskap? Det er også få ting som smakar so godt som til dømes heimelaga hermetiserte pærer eller heimelaga leverpostei på nybaka brød.

Tips til bloggar: Fermentering,  Sylting, safting og konservering 

Kutt emballasjen

Sesongens frukt og grønt er lett å få tak i emballasjefritt i konvensjonelle butikkar, men om du ynskjer kjøtt og fisk må du til din lokale slaktar, fiskeforhandlar eller kolonial (Bergen). Kjøp kjøtt og fisk frå og frys ned i porsjonar slik at du enkelt kan ta opp det du treng etter kvart. Dersom du kjøper i større kvantum en det du et for veka, treng du berre å supplere med friske grønsaker dei neste vekene. Mindre tid på butikken, og meir tid til det du vil bruke den til. Samtidig sparar du miljøet for unødig søppel, resirkulering og traving fram og tilbake til bosspannet. Sjå Grønare kvardag si liste over emballasjefrie matvarer i Bergen.

Resirkuler

Finn ut kva din kommune resirkulera og lag eit enkelt sorteringssystem på kjøkkenet som gjer det enkelt å resirkulere. Hugs at sorteringssystemet vil endre seg etter kvar som du legg om til ein søppelfri livsstil, det kan difor vere lurt å lage eit fleksibelt sorteringssystem. Du vil fort sjå at det ikkje lenger er bruk for den vanlege bossbøtta. Det er også mogleg å sende søppelet til TerraCycle som nyttar søppelet til å lage nye ting. Brukar de eingongsty eller plasthanskar på jobben? Kanskje de kan resirkulere dette gjennom TerraCycle?

Komposter

Grønare kvardag november 214.JPG
Få kompostmakken til å lage næringsrik jord av matavfallet ditt. Foto: Kristine Ullaland

For å finne ut korleis ein kan redusere mengda søppel ein generera i løp av ein dag, må ein først sjå kva ein faktisk har i søppla. Mange vil bli overraska over kor mykje av dette som faktisk er nedbrytbart materiale. I motsetning til andre lister relatert til avfall, toppar vi forbrukarane lista med 231 000 tonn matsvinn i 2013, samanlikna med 68 000 tonn matsvinn i butikkledda, 2000 tonn matsvinn i grossistledda og 60 000 tonn i matindustrien.

I Bergen tilbyr ikkje renovasjonsverket kompost, og gjev difor støtte til etablering av kompost med intill 1000 kr. For folk i små leilegheiter i byen kan det vere umogleg å starte ein varmkompost eller ein kaldkompost, enten på grunn av manglande hage eller på grunn av skadedyr. Makkompost eller den Japanske fermenteringskomposten, Bokashi er gode luktfrie alternativ. Bokashikomposten kan du ha rett under vasken og består av ein lufttett behaldar der ein tilsett melkesyrebakteriar eller EM1. Makkompost er også luktfritt og det anbefalast at ein startar med 1000 makk for ein vanleg husstand. Jord frå Makkompost, ogso kalla det svarte gullet, er så næringsrik at fleire statar i USA har merka det som gjødsel. Makken må vere inne når det er minusgrader, og jobbar best rundt 20 grader og oppover. Hugs, næringsrik jord gjev næringsrike plantar.

Dersom du har spørsmål send gjerne ein mail til post@gronarekvardag.no.

Lukke til!

Toppfoto: Miss Yas

Kutt plasten, lag bivokspapir

Nb. Det er mangel på norsk bivoks og birøktaren som tidlegare var referert til i denne posten sel ikkje lenger bivoks.

Mykje av søppelet vi genererar i løp av ein dag er knytt til matoppbevaring. Lær korleis du kan kutte plastfolien og lage din eigen emballasje i staden.

Grønare kvardag var i haust på besøk til Bergen sine urbane bier på Hotell Terminus, og det er umogleg å ikkje bli begeistra for desse flittige insekta. Ikkje berre pollinera dei blomster, dei gjev oss nydelig honning, bivoks, pollen, den næringsrike dronninggeleen, samt det naturlige antibiotikum Propolis, som også drep sopp og virus.

I ein søppelfri kvardag er bivoksen spesielt nyttig. Når ein kuttar plastemballasjen er bomull voksa med bivoks ein god erstattar, og gjer det lett å slenge over salaten du ikkje rakk å ete opp til lunsj. Maten held på fuktigheta, bivokspapiret kan brukast omatt mange gonger, og er naturleg antiseptisk. Når bivokspapiret har gjort si teneste, kan det komposterast, i motsetning til sin konkurrent, plastemballasjen.

Plastemballasje kan dessverre berre resirkulerast nokre få gonger før det blir permanent avfall. I tillegg inneheld mjukplast ftalater DINP, som blir tilsett for å gjere plasten mjuk. Dette ftalatet blir lenka til blant anna hormonforstyrring, særskild hos menn. Det same gjeld DINP’s forgjengar DEPH, som no er forboden. Norge ventar på vurdering frå EU før dei eventuelt forbyr ftalatet DINP. Sjå Fremtiden i våre hender sitt informasjon om ftalater.

Som forbrukar er det omlag umogleg å halde seg oppdatert med kunstige kjemikaliar i slike produkt. Det lettaste er difor å eliminere dei frå dine forbruksvanar. Lag ditt eige bivokspapir, samla av naturens hjelparar.

birøkt_pollen_bivoks_beewrap_Grønare kvardag_Zero Waste home_Kristine Ullaland
Foto: Kristine Ullaland

Bivokspapir

Du treng:

Eit stykke 100% bomull i fin kvalitet i ein passande størrelse

  • For brød, innpakking av større matpakke eller liknande: ca. 35-40 cm * 60 cm
  • For innpakking av matpakker type 2-3 brødskiver, ost eller liknande: ca. 25 cm * 40 cm

Saks

Bivoks (seljast på helsekost, hobbyforretningar).

Bakeunderlag i silikon eller liknande til å ha under tøystykket når det skal i omnen (ver obs på at det er vanskleg å fjerne voksen etter bruk)

  • Eventuelt eit steikebrett du ikkje er så redd for.

Ein kniv

Ei skjerefjøl

Ein kleshengar til å tørke bivokspapiret på (vil komme voks på)

Ein steikeomn

Førebuing:

Tenk ut kva du vil bruke bivokspapiret til og kva størrelse du treng. Du veit sjølv best kva matvanar (og emballasjevanar) du har og kva bivokspapir du har mest behov for.

Vel ut eit tøystykke i 100% bomull i fin kvalitet. Vel gjerne eit med mønster slik at eventuelle voksujevnheter ikkje blir synlege. Hugs at det ferdige produktet vil bli litt mørkare. Vask gjerne stoffet før du sett det inn med bivoks, om du vel å kjøpe noko nytt. Dette fordi nye stoff gjerne kan innehalde uheldige biprodukt frå produksjonen og/eller sprøytemiddel.

Framgangsmåte:

Bivoks klar til bruk. Om du ynskjer å kjøpe bivoks utan emballasje, ta kontakt med din lokale birøkter.
Bivoks klar til bruk. Om du ynskjer å kjøpe bivoks utan emballasje, ta kontakt med din lokale birøkter. Foto: Kristine Ullaland

Sørg for at bivoksen er oppbevart kaldt før bruk. Det gjer den mykje lettare å arbeide med. Om du har noko å raspe med, er dette det beste, men bivoks er vanskelig å vaske av etter bruk, så da må det vere ei rasp du berre vil bruke til bivoks. Det du eventuelt kan gjere er å skjere bivoksen opp i små bitar. Dette er mykje lettare å reingjere etter bruk.

Legg silikonbakepapiret i botnen av steikebrettet og tøystykket over. Om det er for stort for steikebrettet kan du brette det i to. Det kan vere lurt å velje eit mindre tøystykke første gang du lagar bivokspapir.

Kutt opp bivoksen i små bitar og fordel jamt utover. Pass på at du ikkje har for mykje voks på. Då vil papiret bli for stivt og flasse. Det er betre å ta litt for lite for så å ta ein ny omgang med voks. Pass godt på å få voks i endane og hjørna av stoffet. Eg eksprimentara no med kor mykje voks eg treng på dei ulike stoffstykka og har ikkje endå noko fasit. På dei minste stykka 25 cm*40 cm har eg brukt ca. 45-55 gram voks, men om du ynskjer eit stivare, eventuelt eit mindre stivt papir kan du regulere mengda voks.

Sett steikeomnen på 180 grader og plasser steikebrettet med bivokspapiret midt i omnen. Det vil, avhengig av størrelsen på voksbitane, ta rundt 5-10 min å smelte voksen. Når alle bitane er smelta tek du voksen ut. Sjå over om det er nokre områder som det ikkje har kome voks på. Om nokon områder ikkje har voks, legg du på litt voks på desse områda og tek papiret inn att i omnen til dei er smelta.

Heng so opp papiret og la det tørke. Etter 5-10 min kan du brette saman ditt heimelaga bivokspapir.

Bivokspapiret blir fort tørt. Det kan vere lurt å ta papiret av hengaren før det er heilt tørt for å unngå at voksen sett seg fast i hengaren.
Bivokspapiret blir fort tørt. Det kan vere lurt å ta papiret av hengaren før det er heilt tørt for å unngå at voksen sett seg fast i hengaren. Foto: Kristine Ullaland

Bruk og vedlikehald

Papiret må berre vaskast i kaldt vatn, då varmt vatn vil løyse opp voksen. Bivoks er naturleg antiseptisk. Du treng difor ikkje å bruke såpe. Reint vatn er nok.

Papiret kan ikkje brukast til kjøtt og fisk.

Papiret er diskre i lukt, samanlikna med fleire kommersielle produkt, men har til gjengjeld kortare levetid. Personleg synst eg ikkje dette gjer so mykje, då papira etter mange månadars bruk ofte byrjar å få ein del flekkar og er klar for ein vask og ny runde med voks. Eventuelt komposten.

Om du ynskjer å kjøpe bivokspapir er desse til sal i mange av dei lokale helsekostbutikkane, som til dømes Reindyrka i Bergen. Bergen sin lokale nettbutikk Agent M fører også desse.

Har du lyst å lære meir om birøkting? Grønare kvardag vil publisere ein artikkel om dette til våren. Du kan eventuelt sjekke ut Bier og birøkting i by og bygd, av Ragna Ribe Jørgensen.

Lukke til!

Headerfoto: Kristine Ullaland