I følgje forbruksforskar Ingun Klepp, er folk villige til å betale meir for kleda dersom dei veit at dei vil vare. Men korleis veit vi at det er god kvalitet, og korleis kan vi vedlikehalde kleda? Enkle tips kan forlenge levetida på kleda dine.
Prisen på plagga vi kjøper har også stupt dei siste 20 åra. Dette har gjort kle til ein forbruksvare i større grad en vi har sett tidlegare. Vårt forbruk av klede blitt firedobla sidan 80-tallet og kvar femte plagg blir aldri brukt. Dei mest miljøvennlege kleda er ofte dei du allereie har. Enkle tips og triks kan gje kleda lengre liv og halde seg fine lengre.
Visste du forresten at kle ikkje skal i bosset? Sjå tidlegare post om korleis du kan resirkulere kleda dine.
Reparer kleda dine
Det å sette seg ned for å reparere ein øydelagt knapp eller sy et hol kan vere vanskeleg. Dersom du synst det er vanskeleg å komme i gang, finnast det arrangement rundt om der folk samlast for å reparere ulike ting. Naturvernforbundet har eksempelvis ei oversikt over stader og arrangement rundt om i landet. Makerspace er og noko som byrjar å bli meir vanleg rundt om i landet. Sjå om det er noko slikt i ditt område. Kanskje du har nokon vener eller familiemedlem som kan tenke seg å reparere saman med deg?
Sjå kva som må reparerast: Stryking plagget først
Eg jobba tidlegare på eit asylmottak for einslege mindreårige, og var overraska over kor fine kle dei hadde, sjølv om dei hadde stramt budsjett. Dei fortalde meg at hemmelegheita var å stryke kleda. Det har eg tatt med meg vidare og ser den same forskjellen når eg finn noko på Fretex som ved ein rask tur med strykejernet, (og tipsa under) ser heilt nytt ut. Det er også lettare å sjå hol, lause trådar, ein knapp som manglar, nuppar eller flekkar når ein stryk over kleda først.

Hol
Det er typisk at dei kleda du lika best er dei som fortast får hol. Den feilen mange gjer då, er at ein ikkje fiksa hòlet med ein gong, og det blir difor unødvendig stort og vanskeleg å reparere. Små hol eller rifter i klesplagg, kan ein enkelt fikse ved hjelp av nål og tråd. Du treng då ein tråd i same farge og ei lita nål. Merk at dersom du vel bomullstråd vil tråden krympe i vask. Dette betyr ikkje noko om du skal sy ein knapp eller eit lite hol, men dersom du skal sy ei flenge eller eit større hol bør du velje nylon slik at du unngår at tråden snurpa seg etter vask.
Sjå video om korleis du kan fikse hol i dongeribukse her (symaskin). Her finn du video som viser korleis du kan reparere hol i genseren (for hand).
Lause trådar
Fjern lause trådar som heng frå saumen. Plagget ser med ein gong mykje finare ut og dette krev lite innsats. Dersom du har ein sprettekniv er det supert, men det går heilt fint å bruke ei saks også. Det blir ofte lause trådar på knappar. Det kan då vere lurt å gå over med ny tråd dersom knappen begynne å bli laus. Klipp først opp saumen som knappen er festa med, og sy på ny saum. Då blir resultatet mykje finare.

Kasjmirkam
Kle i ull får ofte nuppar. Plagget ser då med ein gong meir slitt ut. Det ein kan gjere då er å gå over plagget med ein kasjmirkam. Den fungera litt som ein børste, og børsta vekk nuppane. Plagget vil sjå nytt ut etterpå. Dersom det er rein ull som ikkje er behandla med polyester, kan nuppane komposterast. Nokon sverja også til barberhøvelen for å fjerne nuppar, medan andre meina at dette slit unødvendig på ulla og føre til hol. Kasjmirkam får ein ofte kjøpt hos aktørar som sel kle i kasjmir. Eventuelt kan du finne dei på nett. Om du slit med å finne på noko å gjere (eller treng å finne ein aktivitet til borna) kan ein også plukke nuppane for hand.
Elektrisk nuppefjernar
Syntetiske material som eksempelvis bukser i polyester, får ofte nuppar. Det gjer at plagget ser unødvendig slitt ut. Ved å gå over plagget med elektrisk nuppefjernar blir plagget som nytt. Nuppefjernar får ein kjøpt hos fleire av aktørane som sel ull (sjølv om det ikkje er anbefalt å bruke dette på ull) og hos aktørar som Clas Ohlson.
Flekkfjerning
Dersom du har fått ein flekk er det mest effektivt å skylje flekken i kaldt vatn med ein gong. I nokre tilfelle kan det vere nødvendig å legge plagget i kaldt vatn i 30 min for so å vaske plagget. Det finnast mange ulike kjerringråd for korleis ein kan fjerne flekkar, men det som går att i desse råda er at ein må ta det med ein gong. Dersom du ynskjer eit heilt naturleg flekkfjerningsmiddel, er det fleire som sverja til sommiere clay som er ei leire som er effektiv på å løyse opp flekkar av olje, smør og sminke. Eg har ikkje funne denne i Norge, so del gjerne om du kjenner til ein norsk butikk eller forhandlar som føre dette. Zero Waste-butikkar sel flekkfjernar og vaskemiddel i gjenbruksemballasje eller i lausvekt.

Sjå på vaskerettleiinga
Som born var eg utruleg stolt av mi nye lue. Det var den same som Sporty Spice hadde. Eller ganske lik. Det var godt nok. Den hadde eg fått mykje glede av om eg hadde lest på vaskerettleiinga før eg kasta den i vaskemaskina. Når den kom ut var den so liten at den ville passa eit prematurt barn i bestefall. Det er ein grunn til at kleda kjem med vaskerettleiing, og det er lurt å sjå kva det står på desse. Det er ein praktisk påminning om korleis kleda skal behandlast. Dersom plagget er av ull treng er det ofte nok å lufte plagget for å fjerne lukt.
Vel eit mildt vaskemiddel
Det er lett å velje det vaskemiddelet som dominera butikkhyllene, men det er ikkje nødvendigvis det beste. TV2 hjelper deg testa i 2014 om ull hadde det best med Milo, og kunne ikkje finne noko forskjell på ulla som var vaska med Milo, og ulla som var vaska utan Milo. Det å gå for mindre kommersielle aktørar, krev gjerne litt meir arbeid i starten, men det kan vere verdt å bruke litt tid på. Kleda ligg på huda, og restar frå vaskemiddelet kan vere att i plagget etter vask og gje allergiske reaksjonar. Mange vaskemiddel inneheld for eksempel mykje parfyme. Det er også heldig å ha val av vaskemiddel i bakhovudet dersom ein er opptatt av at vaskevatnet skal ha minst mogeleg miljøpåverknad. Sjå etter miljøsertifiseringar. Eco-cert sertifiseringa betyr at produksjonen er kontrollert frå innhausting til det er nedbrote. Du kan og lage ditt eige vaskemiddel av to ingrediensar. Sjå oppskrift her.
Vask av kle
I følgje forskning vaskar nordmenn med varmare vatn en våre europeiske naboar. Vi vaskar og stadig oftare. Noko av dette kan ha samanheng med at kleda våre i stor grad består av syntetiske materialar. Mange av desse materiala, som eksempelvis polyester, blir raskare lukt av en naturlege material som lin, bomull, ull og silke. Dei moderne vaskemaskinene brukar mindre vatn en dei meir tradisjonelle vaskemaskinene. Det er bra at maskinene bruka mindre vatn, men det føre også til meir slitasje på kleda under vask. Det er difor lurt å unngå unødvendig vask av kleda.

Oppbevaring av kle
Oppbevaring av kle er ein kunst, og ikkje ein eigenskap vi naturlegvis er født med. Ein spara seg mykje arbeid om ein heng opp kleda til å tørke på kleshengarar, eller brettar dei saman so snart dei er tørka. Då slepp ein rukkete klede med sur lukt. Ideelt sett bør det vere litt luft I klesskapet, slik at det er lett å ta ut det du skal ha på deg, so vel som å henge på plass det du tek av deg. Korleis kleda dine ser ut gjev utanforståande eit innblikk i korleis du organisera deg heime. Eit organisert klesskap spara deg for tid.
Les rapporten om forbruk av klede i Norge.
Toppfoto: Davod Lezcano
Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag.
Ynskjer du å støtte Grønare kvardag, som er fri for betalt reklame? Snart vil dette bli mogeleg gjennom Patreon.com.
You must be logged in to post a comment.