Kategoriarkiv: kortreist mat

Frå søppel til mat – Spiring av matavfall

Det er lett å drøyme seg vekk i vakre science fiction forteljingar, men få ting er so flott som å følgje naturen tett på, og det treng slett ikkje koste noko tid eller pengar. Lær deg korleis du enkelt kan spire ny mat av ting du tidlegare kasta i søppelet eller som du allereie har på kjøkkenet. Kanskje du ikkje ein gong treng å bruke jord?

Mykje av maten vi et til dagen kan faktisk spirast om att og plantast. Gulrøter, løk, purre, poteter, tomatar og chili er berre nokre av alternativa. Har du ein hjertesalat der du berre har att botnen/ rota? Sett den i vatn i vindauge. Skift vatn kvar dag, og sjå kor røtene spring ut samstundes som nye salatblad veks fram. Dersom du etter kvart vel å plante den om i jord, vil den kunne fôre deg med salat i lang tid. Tenk nytt om maten du tek i huset. Korleis kan du nytte den best mogeleg? Kva er kjekt å prøve ut? Kva kan du få til å vekse og kva får du ikkje til?

ZERO WASTE_Grønare kvardag_Kristine Ullaland_DIY_Paprika.JPG
Foto: Kristine Ullaland. Paprikaplante dyrka fram frå frø fra ein butikk-paprika. Alle dei 16 frøa som blei planta blei flotte plantar. Avokado er også ein fin plante å prøve seg fram med.
Løk

Visste du at spire av gul løk, rød løk og kvitløk kan etast? Det smakar ganske likt vårløk, og dersom du lar spirene vekse så vil det komme ein liten blome med masse frø. Løk kan plantast rett i potter, men kvitløken deler du opp slik at du plantar eit og eit fedd.  er også mulig å sette løken i vatn slik at røtene får vatn. Sjølv om det ikkje er noko røter når du byrjar, vil desse raskt vekse, og innan nokre dagar vil du sjå røtene og toppen av løken strekke seg. Purreløken kan behandlast på same måte. Kutt gjerne av 2/3 av toppen og sett botnen i vatn og la den slå røter. Plant den deretter botnen ut i jord. Hugs at plantane må ha dagslys. Du kan og sette purren i litt vatn og la den stå i kjøkkenvindauget, og forsyn deg med purreløk etter kvart, men purra vil etter kvart døy om den ikkje får jord. Den kan likevel halde det gåande ganske mange veker i vatn, om ein er flink å skifte vatnet dagleg. Løk er ein relativt enkel plante å eksperimentere med, og prøv deg litt fram. Involver gjerne vener, born eller naboar i prosjektet.

Salathovud kan og settast i vatn, same gjeld fennikel, selleri og liknande vekstar. Det fine med å gro ny mat av «gamal» mat, er at den held seg fersk lenge og når maten er i augesyn, er det ikkje so lett å gløyme den. Visste du forresten at asparges held seg lenger om du sett den i vatn? Tenk på den som ein bukett tulipan. Kutt av enden slik at røtene er friske og sett den i vatn, gjerne kjøleg. Kanskje den veks litt også? Sitrongras kan og spirast.

8387289496_0843774286_z
Foto: Jessica Merz. Den grøne spiren på løken kan du fint ete. Kva med å bruke det i ein salat, pai eller omelett?
Spiring

Tørre linser og bønner er frø som du kan spire. Kikerten får ein nøtteliknande smak ved spiring, og kan etast rå etter nokre dagar med spiring. Det seljast mange ulike spireglas, men du treng eigentleg ikkje noko anna en ein heilt vanleg behaldar. Eit syltetøyglas, til dømes, er heilt perfekt. Berekn litt ekstra plass slik at ertene har romsleg plass til å spire. Skyl morgon og kveld, og hell av vatnet. Dette vatnet kan med fordel brukast til å vatne plantane dine med. La kikertane stå i romtemperatur til dei har nådd ynskja størrelse, og sett dei so i kjøleskapet for å bremse prosessen. For å spire raudbetar og gulrot, legg toppen litt vant og skift ut vatnet ein gong for dagen. Du kan ete spiren. Om du har ein makkompost eller liknande, kan du legge toppen av raudbeten på jorda, kanskje det veks fram ein ny raudbete? Sjølv har eg hausta små poteter og raudbetar frå makkomposten, som eg har oppdaga ved ein tilfeldighet.

Frø

Vi hastar gjerne til gartnaren for å kjøpe frø på våren, men vi har faktisk allereie masse frø heile, det er berre det at vi ikkje tenker over det. Å sette ein avokadostein i vatn for å sjå om ein fekk den til å spire, var stor stas når eg var born. Eg hugsar det var veldig spennande å følgje med dag for dag, om det var skjedd noko nytt. Steinen blei etter kvart til eit lite tre med store mørke blader. Du kan og bruke frø frå til dømes paprika. Då tek du ut frøa og legg dei nokre dagar til tørk. Flytt litt på dei medan dei tørkar slik at dei tørkar under og. Det same gjeld tomatar. Tomat har ein slags gele rundt frøa, difor skjer mange tomaten i skiver og plantar dei slik, for so å flytte plantane/ luke vekk plantar etter kvart. Du kan eventuelt la tomatfrøa ligge i vatn ei vekes tid.  Andre frø som kan brukast frå kjøkkenet er til dømes squash, sitron, melon, kiwi, klementin, appelsin og graskar. Det kan og vere lurt å sjå i krydderhylla etter frø.

3966038306_126ef8c6cf_z
Foto: Michael Beart. Koriander kan dyrkast med frø frå krydderhylla. Planten treng gode lysforhald.
Knollar

Knollar som kan plantast er potet, søtpotet, ingefær og jordskokk. Du har kanskje sett poteta spire i kjøleskapet før. Kva med å plante den i ei potte? Søtpotet kan du spire på same måte som avokadoen. Du sett nåler eller tannstikker i sida på poteta slik at enden stikk ned i vatn og resten er over vatn. Poteta vil etter kvart byrje å spire. Plant den då om i jord. Ver obs på at det kan vere reglar mot å plante potet ute. Dette fordi poteta til dømes kan vere berar av sjukdom. Sjekk ut regelverket rundt dette før du plantar ute. Dette kan og gjelde andre plantar.

Butikkurter

Krydderurtene vi kjøper frå butikken har ein tendens til å døy raskt etter dei har kome i hus. Før desse plantane hamnar i butikken, har dei truleg fått mykje lys og liten plass, og akkurat nok næring til å klare seg ei lita stund. Difor har mange av desse plantane vanskeleg for å leve når vi tek dei med oss heim. Det skadar likevel ikkje å prøve å plante dei om i næringsrik jord (gjerne i «svart gull» frå makkompost) og gje dei meir plass. Basilikum til dømes, kan delast slik at kvar stengsel får sin eigen potte. Kvar stengsel er faktisk ein eigen plante som vil vekse seg stor. Når ein tek av urtene, er det viktig å plukke dei underste, nyare blada. Dei store blada er solpanelet til planten.

DSC_0141.JPG
Foto: Kristine Ullaland. Avokadosteinen blir til eit flott lite tre. Til høgre ser du basilikum, der kvar stengsel er planta i si eiga potte, som etterkvart vil vekse seg store.
 Jord

Ein god tommelfingerregel er at næringsrik jord gjev næringsrike plantar. Mykje av jorda vi får kjøpt på butikken i dag er laga av torv. Ikkje berre er dette ein dårleg deal for miljøet, det er og svært lite næring i jorda. Det beste er å kompostere si eiga jord, og kor kult er ikkje det å plante mat av og i matavfall? Alt rett frå kjøkkenet. Gode luktfrie alternativ for leilegheiter utan hage er makkompost og den japanske fermenteringskomposten Bokashi. Det skadar heller ikkje å ta ein kompostmakk eller to i pottene. Planten matar makken og makken matar planten. Vinn-vinn for dei og deg. Sjekk gjerne ut posten om urban dyrking for meir inpirasjon.

Lukke til!

Toppfoto: Kristine Ullaland

Fem grøne TV-tips

Føler du at du kastar vekk alt for mykje tid på å sjå film og TV-seriar? Ikkje har dårleg samvit. Film og tv-seriar er eit av vår tids viktigaste kulturutrykk og kan tilby ein sentral innsikt i dei ynskjer, idear og ideal som er i samfunnet. Sjå Grønare kvardag sine tips til filmar og seriar, og bli utfordra til nye tankar rundt klima, miljø og samfunn.

Filmfortellingane har overtatt mange av dei klassiske mytenes funksjonar, som nettopp var å gje oss ein felles grunn for å forstå og tolke verda vi lev i. Sett i eit miljøperspektiv; Kva utfordringar står vi ovanfor? Kva er verdifult for oss? Kva vegar kan vi (og bør vi) velje? Og kva framtid ynskjer vi?

Battlestar Galactica (IMdb)
Tv-serie frå 2004-2009

Battlestar Galactica stiller spørsmål til om vi bør finne ei løysing på klimautfordringane vi står ovanfor, eller om vi heller bør fokusere på å finne andre planetar vi kan leve på. Dette høyres svært science fiction ut men det er folk som jobbar med dette. Den 22. desember, 2015 kunne grunnleggaren av Tesla, Paypal og romfartsselskapet SpaceX, Elon Musk, melde at dei har fått til å lande ein rakett ved hjelp av rakettens eigen motorkraft. I følge Musk er dette det første skritt på vegen mot kolonisering av Mars.

I TV-serien Battlestar Galactica er koloniar i verdsrommet blitt kvardagsleg og menneska er godt etablerte. Jorda er uleveleg og menneska er på jakt etter ein ny planet å busette seg på. TV-serien er relevant som aldri før, og tek føre seg ulike utfordringar vi står ovanfor i dagens samfunn i tillegg til klima. Serien belyser til dømes utfordring med og behovet med å definere eit «oss» og «dei», filosofiske tankar rundt utvikling av kunstig intelligens og komplekse relasjonar blant menneskjer under særs prøva situasjonar.

Bør vi fokusere på å redde jorda eller bør vi heller fokusere på å bygge ein battlestar?

The Truman Show (IMdb)
Spelefilm frå 1998

I følgje Kirkegaards tenking blir vi frå tidleg alder vant med at andre tar avgjersler for oss, slik at vi sjølv ikkje treng å ta stilling til vanskelege val. Både dei arva eigenskapane og det miljøet og samfunnet vi er ein del av, blir i stor grad regna som dei faktorane som bestemmer verdiar og val. Vi oppføre oss slik det blir forventa at ein oppfører seg i miljøet og samfunnet vi er ein del av. Truman sitt liv er eit realityshow, alt er arrangert, og han veit ikkje sjølv.

Filmen tar for seg det grunnleggande filosofiske spørsmålet; Korleis kan eg stole på at den verda eg har rundt meg, er verkeleg og ikkje ei kulisse? Mange av miljøutfordringane vi står ovanfor er ikkje synlege for oss med mindre vi aktivt oppsøker dei. Bli inspirert av Truman til å utfordre deg sjølv til å søke etter løysingar og gode tilnærmingar til dine hjartesaker.

Avatar (IMdb)
Spelefilm frå 2009

We’re here, we’re big, we’ve got the guns, we’ve got the technology, we’ve got the brains, we therefore are entitled to every damn thing on this planet.

Alt kan kjøpast for pengar og kapitalismen rår. I likskap med aktuelle saker vi har i Norge i dag, som til dømes sjødeponiet i Førdefjorden, er naturen trua av menneska i Avatar. Filmen er estetisk laga med vakker natur, og sjølv om filmen ikkje viser til harde fakta, er bodskapen klart. Vi må ta vare på naturen.

Filmen stiller spørsmål til kva kunnskap vi har i ryggen når vi gjer store og komplekse inngrep i naturen. Det er lett å vifte med peikefingeren mot industrien, men som konsumentar må vi minne oss på at vi og er med på å skape ein etterspørsel. Kva rolle har vi sjølv i dette?

Filmen er inspirert av den tida Amerika blei invadert og fråteke frå dei innfødde.

Nausicaä (IMdb)
Spelefilm frå 1984

2016 byrja med giftlokk over Bergen by. Det består av svevestøv, nitrogendioksid og svoveldioksid. Det er ikkje første gong og Norge er tidlegare dømt for dårleg luftkvalitet av EFTA-domstolen. I Kina er ansiktsmasker so vanleg at dei no er å sjå på catwalken. Er dette noko vi må bli vande med?

I filmen Nausicaä blir vi ført til framtida der verda er øydelagd av menneskja og det er berre små lommer med menneskjer som har overlevd. Ein av desse er prinsessa Nausicaä  som bur i vindens dal. I staden for å prøve å øydelegge den giftige jungelen som gjer det umogleg for menneskja å puste utan masker, prøver ho å forstå den.

Screen-Shot-2013-04-27-at-12.03.11-PM.png

Om du får meirsmak, sjekk også ut Prinsesse Mononoke (1997).

Trashed (IMdb)
Dokumentar frå 2012

Forbruket vårt har aldri vore større, og med eit høgt konsum kjem store mengder avfall. Trashed tek føre seg den store søppelproblematikken i dagens samfunn, og utfordringar det medføre, som til dømes i form av svært høge verdiar kunstige kjemikaliar både i jord, menneske og dyr.

Denne britiske dokumentaren er  eit godt stykke forskningsjournalistikk som ser problemet frå fleire sider. Sjølv om utviklinga er dyster, viser dokumentaren til sterke positive krefter i grasrotbevegelsen. Som den kjende antropologen Margaret Mead sa det; Never doubt that a small group of thoughtful, committed citizens can change the world; indeed, it’s the only thing that ever has. Alt vi gjer i vår kvadag, små eller store ting er med på å støtte opp om, eller bryte ned etablerte rammer i samfunnet vi lev i. Bruk forbrukarmakta di og sei di meining.

Zero Waste kjøkken

Visste du at du både kan få romsleg plass på kjøkkenet, gode råvarer og spare lommeboka? Sjå Grønare kvardag’s tips og transformer kjøkkenet ditt om til eit søppelfritt kjøkken.

Mange blir forundra når dei høyrer om Zero Waste og tenker at dette må ta alt for mykje tid, og i likskap med andre livsstilsendringar tek det sjølvsagt tid å legge om vaner. Det blir litt som når ein flyttar til ein ny stad og på nytt må finne ein god matbutikk ein likar, eit treningssenter, sitt favoritt bibliotek og plassen med dei beste drinkane. Slik er det også når ein skal oppdage sin eigen heimstad på ny med ein visjon om ein søppelfri kvardag. Bruk kreativiteten og tenk nytt, inkluder vener og familie og finn gode vaner som passar for dykkar livsstil og behov.

Den lettaste endringa du kan gjere for å minske søppel er å tenke nye over kva  du tek med seg inn i heimen. Vi treng ofte mindre en det vi trur og det dei kommersielle makter fortel oss at vi treng.

Planlegg måltida for den kommande veka

Då far min var born hadde dei faste måltid alle dagar i veka, og dei fleste i bygda hadde den same rutinen, ettersom dette var styrt av årstida og kva ein fekk tak i i butikken. I dag handlar vi mykje på impuls, og vi veit gjerne ikkje kva vi skal ha til middag før vi står i butikken. Impulsive innkjøp fører fort til svinn. Den lettaste måten å endre dette på er å lage ein vekeplan for måltida. Fleire matbloggar som til dømes Veganmisjonen tilbyr ferdige vekemenyar. Matkjedene byrjar no også å henge seg på trendane med middagsplanlegging, då det sjølvsagt og er av deira interesse at vi som forbrukarar er meir føreseieleg. Ironisk nok kan ein hevde at vårt handlemønster til dels er eit resultat av det einsidige fokuset matvarekjedene har køyrt på pris, i staden for til dømes kvalitet. Rema 1000 tilbyr ein middagsapp der du enkelt kan planlegge måltida dine. Mindre matsvinn sparar både lommeboka di og søppelspannet.

Du kan og lage dine eigne vekeplaner og sjonglere dine favorittrettar.

8477474033_d9a783bc84_h
Gode system gjer det lett å halde oversikten over kva ein har. Foto: Bryan Lee
Eliminer unødige gjenstandar frå kjøkkenet

Kva treng du eigentleg på kjøkkenet? Mange ender opp med fulle hyller av ting ein eigentleg ikkje treng. Gå igjennom skuffer og skap og fjern dublettar og ting du ikkje brukar. Doner vekk tinga til ein samfunnsgagnleg organisasjon som Fretex. Kanskje noko kan seljast på Finn.no, eller kanskje nokon naboar eller familiemedlemmar har bruk for det. Ver streng med kva du tek inn i kjøkkenet, og lag eit system som gjer at det er lett å sjå kva du har i skuffer og skap. Tenk fleirbruk rundt tinga du har.

Det kan høyres litt rart ut men noko av det mest tilfredstillande ved Zero Waste-livsstilen er for mange nettopp det å finne ut korleis ein kan minke eigendelar. Sjølv om det i utgangspunktet kan vere litt vanskeleg å gje i frå seg ting, er det mykje meir verdifult å kunne bruke kjøkkenet lett og effektivt. Mindre ting fører ofte også til mindre tid til oppvask og rydding.

Bytt ut eingongsprodukt med fleirgongsprodukt

Plast bør ein unngå i den grad ein kan. Det kan berre resirkulerast nokre få gonger før det blir permanent avfall. Det plastmjukgjerande stoffet DINP som brukast i Norge er kontroversielt. Danske myndigheiter er klare i si tale om at ftalatet DINP, i likskap med sin forgjengar DEHP, er hormonforstyrrande. Kjøper du bakepapir utan svanemerke er det godt mogleg at det inneheld fluor. Dette blir brukt for å unngå at feittet festar seg til papiret. Fluor blir i likskap med DINP knytt til hormonforstyrringar, samt nedsett sædproduksjon. Sjå forbrukerrådet sin hormonsjekk for rettleiing.

10292821883_8f8ac3465e_z
Bruk smør eller olje i staden for bakepapir. Foto: Yelp Inc.

Smør eller olje egna seg godt til å smøre former med for å unngå at mat sett seg fast. Du kan eventuelt investere i ei silikonmatte. I staden for plastfilm og aluminiumsfolie kan ein bruke boksar eller bivokspapir (sjå oppskrift). I staden for tørkepapir kan ein bruke kjøkkenhandkle eller sy eigne kjøkkenhandkle på rull. Det same gjeld for papirserviettar. Bytt dei ut med noko i ty. Sjølv eingongsprodukt som serviettar er billige, blir mange bekkar små ein stor å. Det er økonomisk å heller tenke gjenbruk.

Sjå på kjøkkenet ditt som din eigen vesle butikk

For nokre år sidan møtte eg ein matantropolog. For han var det å studere korleis folk laga mat noko av det mest spennande han kunne tenke seg. Der eg såg curry og raspeballa, såg han kulturarv, tradisjon og samspel mellom menneskjer. Det tok meg nokre år før eg forstod kva han eigentleg snakka om.

Det er lettvint å kjøpe prosesserte varer der jobben er gjort for oss, men dette går på bekostning av vår personlege tilknyting til matlaging. Vi mistar kunnskap og erfaring vi har nedarva frå familie og vener i generasjonar og det gjer oss også svært avhengig av produsentane. Vi ender opp med lite kunnskap om kva ingrediensar som er naudsynte for å lage dei ulike varene, noko som både gjer det vanskeleg å stille spørsmål ved innhaldslista til matvarene vi kjøper. I ein hektisk kvardag er det heller ikkje alltid ein har overskot til å saumfare innhaldslistene til alle produkta ein ynskjer å kjøpe. Stussa du også over at du først fant ut at det var sukker i ketsjupen då dei først fekk ein sukkerfri variant? Det enkle er ofte det beste. Gjer det sjølv.

Sjå på kjøkkenet ditt som din eigen vesle butikk. Det er overraskande mykje du enkelt kan lage sjølv. Og det gjeld ikkje berre mat. Få ingrediensar som natron, krystallsoda, kokosolje og kaustisk soda kan til og med halde deg med alle hygieneprodukta du treng.

Utfordr deg sjølv til å prøve å lage ting frå grunnen av. Spør familie og vener om råd. Kanskje de til og med kan inspirere kvarandre?

4072623022_81f39be720_z
Heimelaga sitronost. Foto: Chiot’s Run
Sylting, safting, forvelling, hermetisering, tørking og fermentering

Er du tilhengar av kortreist, emballasjefri mat? Då er du avhengig av å kjøpe sesongbetonte varer. Konservering av gode råvarer er i vinden som aldri før, og det er både mykje kurs og informasjon på nettet. Kanskje har du har ein slektning eller venn som meir en gjerne deler av sin kunnskap? Det er også få ting som smakar so godt som til dømes heimelaga hermetiserte pærer eller heimelaga leverpostei på nybaka brød.

Tips til bloggar: Fermentering,  Sylting, safting og konservering 

Kutt emballasjen

Sesongens frukt og grønt er lett å få tak i emballasjefritt i konvensjonelle butikkar, men om du ynskjer kjøtt og fisk må du til din lokale slaktar, fiskeforhandlar eller kolonial (Bergen). Kjøp kjøtt og fisk frå og frys ned i porsjonar slik at du enkelt kan ta opp det du treng etter kvart. Dersom du kjøper i større kvantum en det du et for veka, treng du berre å supplere med friske grønsaker dei neste vekene. Mindre tid på butikken, og meir tid til det du vil bruke den til. Samtidig sparar du miljøet for unødig søppel, resirkulering og traving fram og tilbake til bosspannet. Sjå Grønare kvardag si liste over emballasjefrie matvarer i Bergen.

Resirkuler

Finn ut kva din kommune resirkulera og lag eit enkelt sorteringssystem på kjøkkenet som gjer det enkelt å resirkulere. Hugs at sorteringssystemet vil endre seg etter kvar som du legg om til ein søppelfri livsstil, det kan difor vere lurt å lage eit fleksibelt sorteringssystem. Du vil fort sjå at det ikkje lenger er bruk for den vanlege bossbøtta. Det er også mogleg å sende søppelet til TerraCycle som nyttar søppelet til å lage nye ting. Brukar de eingongsty eller plasthanskar på jobben? Kanskje de kan resirkulere dette gjennom TerraCycle?

Komposter
Grønare kvardag november 214.JPG
Få kompostmakken til å lage næringsrik jord av matavfallet ditt. Foto: Kristine Ullaland

For å finne ut korleis ein kan redusere mengda søppel ein generera i løp av ein dag, må ein først sjå kva ein faktisk har i søppla. Mange vil bli overraska over kor mykje av dette som faktisk er nedbrytbart materiale. I motsetning til andre lister relatert til avfall, toppar vi forbrukarane lista med 231 000 tonn matsvinn i 2013, samanlikna med 68 000 tonn matsvinn i butikkledda, 2000 tonn matsvinn i grossistledda og 60 000 tonn i matindustrien.

I Bergen tilbyr ikkje renovasjonsverket kompost, og gjev difor støtte til etablering av kompost med intill 1000 kr. For folk i små leilegheiter i byen kan det vere umogleg å starte ein varmkompost eller ein kaldkompost, enten på grunn av manglande hage eller på grunn av skadedyr. Makkompost eller den Japanske fermenteringskomposten, Bokashi er gode luktfrie alternativ. Bokashikomposten kan du ha rett under vasken og består av ein lufttett behaldar der ein tilsett melkesyrebakteriar eller EM1. Makkompost er også luktfritt og det anbefalast at ein startar med 1000 makk for ein vanleg husstand. Jord frå Makkompost, ogso kalla det svarte gullet, er så næringsrik at fleire statar i USA har merka det som gjødsel. Makken må vere inne når det er minusgrader, og jobbar best rundt 20 grader og oppover. Hugs, næringsrik jord gjev næringsrike plantar.

Dersom du har spørsmål send gjerne ein mail til post@gronarekvardag.no.

Lukke til!

Toppfoto: Miss Yas

Urban dyrking

Over 80% av oss nordmenn bur i byar (SSB). Forureining, både i luft, vatn og jord er aukande ettersom vi lev tettare og tettare på kvarandre. Tanken på at urban dyrking av frukt og grønt faktisk kan vere eit alternativ for meg og deg, fell oss gjerne ikkje inn. Men det kan vi. Bli med å dyrk byen!

Bergen er til tider den mest forureina byen i Europa, men forureining treng ikkje påverke maten du dyrkar, om du gjer det riktig, i følge Helene Gallis, MDG politikar og forfattaren bak boka; Dyrk byen!. Urbant jorbruk og urban dyrking er eit relativ nytt fenomen i Norge og Herligheten i Bjørvika var det første store dyrkeprosjektet og kom i gang i 2012. Sidan den gong har interessa for urban dyrking auka raskt. Insirasjonen til dei  norske prosjekta kjem frå storbyar som New York og Boston.

Inhabitant blog
Foto: Riverside Park
Dyrk byen!

Forureining er ikkje einaste tanken som slår folk, når dei vurderar å dyrke urbant. Vil folk gjere hærverk? Helene Gallies har besøkt fleire ulike parsell og hageprosjekt i Skandinavia, og gjennom intervju får vi eit innblikk i historiene bak engasjementet til personane bak desse hagane. Fleire fortel at dei i starten var uroa for hærverk, eller at nokon skulle stjele plantar. Erfaringa har omlag utelukkande vore positiv, og fleire fortel at folk er svært respektfulle rundt hagane, på trass av at dei gjerne befinn seg midt i opne, urbane omgivelsar. Kanskje du har ein forlatt hage i nærleiken av der du bur der du kan dyrke? Det er også mange parsellhagar i Bergen, sjølv om nokre av desse har lang ventetid, kan du vere heldig. Om du ikkje føler det er så veldig realistisk å gjere noko ute, er det mange spennande alternativ til innehagar, blant anna er vindaugefarmar eit godt alternativ. Desse kan du enten lage sjølv eller kjøpe ferdige.

Foto: Avanderplujim
Foto: Avanderplujim

Sidan urban jord ofte er nær ulike kjelder til forureining, er det lurt å benytte plantekassar. Desse kan du enten lage frå grunnen av sjølv, eller du kan bruke paller og pallekasser. Du kan velje kva høgde du vil ha på kassane, ettersom pallekassane kan stablast oppå kvarandre. Kva du ynskjer å dyrke, avgjer kor djup kassen må vere.

Kva jord skal eg velje?

Jord er ikkje alltid jord, og mykje av den billigaste jorda vi kjøper, er utvunne av myrer og er lite næringsrik. Jorda er kanskje billig, men du treng mykje gjødsel for å få gode vekstforhald til plantane dine. Sjå her for Fremtiden i våre hender si oversikt over kva produkt dette gjeld. Kompostjord er flott å bruke til dyrkejord, og dersom du har tilgang til jord frå markkompost, vil plantane få ein god start. Jorda frå markkompost er nemling så næringsrik at nokre statar i USA merka det som gjødsel. På trass av det høge næringsinnhaldet, kan du likevell bruke komposten direkte på plantane dine, utan lufting eller behov for å blande det ut med anna jord. Ynskjer du å prøve deg på markkompost? Sjekk ut tidlegare innlegg. Hugs at næringrik jord gjev næringsrike vekster. Om du ikkje har tilgang på kompostjord, bør du blande in ca. 25 liter kjøpt kompost per pallekarm.

Illustrasjonfoto fra Spirea Hageblogg

Eit godt tips i frå, Helene Gallis, er at dersom du skal ha tre-fire høgder pallekarmar, kan du fylle botnen av kassen med større steinar, for so å blande jorda lagvis med hageavfall som kvistar og gras eller liknande. Dette gjev kjøpejorda organisk mareriale og gjev deg bedre jord, samstudens som du blir kvitt litt hageavfall. Du bør rekne 190 liter jord per kasse.

Kvar får eg tak i pallar og pallekarmar?

Pallekarmane har ei levetid på 3-5 år og kan i Bergen kjøpast hos Pallehåntering AS, som held til på Mølhlenpriskaien under Puddefjordsbrua. Karmane kostar mellom 150-200 kr per stykk og europallar ligg på 50 kr stykket. Dersom ein kjøper eit større parti, til dømes slår seg saman med venner eller naboar, kan ein få ein rimlegare pris. Dersom du veljer å bygge plantekasse sjølv, er det lurt å velge ubehandla tre. Kassar som er laga av til dømes impregnert tre kan innehalde CCA, som står for kobber, krom og arsen. Desse stoffa blei til 2002 brukt i treimpregnering for å forsinke rotning av treverket. Jorda som er i kontakt med eller har vore i kontakt med slikt treverk, er ofte forureina. Sjølv om CCA blei forbode i 2002, er det ingen lov som pålegg fjerning av tre med denne impregneringa, og ein bør difor vere litt obs på impregnert matriale.

Foto: Suzie's Farm
Foto: Suzie’s Farm
Kor mange høgder treng eg?

Ei høgd: Ei høgd pallekassar passar godt til dyrking av salat, jordbær, reddik, urter og andre vekster som ikkje har djupe røtter. Desse vekstene passar også til å dyrke i potter eller balkongkasse, inne så vel som ute, så lenge dei får dagslys og helst solrike forhald.

To høgder: To høgder er det vanlegaste å bruke, då dei fleste plantar får nok plass.

Tre høgder: For rotgrønsaker med djupe røtter.

For å skjerme plantane mot kulde og vind, kan du sette opp ein ekstra karm.

Oppsett

Dersom du plantar på jord som truleg er forureina, eller på asfalt eller grus, bør du fore kassen. Til foring kan du bruke geotekstil eller markduk. Markduk får du i mindre parti hos Clas Ohlson. Dersom du treng eit større parti, kan du forhøyre deg med din lokale byggevarehandel eller hagesenter. Markduken hindrar røtene til plantane i å gå ned til den forureina bakken, samstundes som den hindrar at jorda fell gjennom sprinklane på pallen. Det skal også hjelpe med å halde brunsneglen vekke. Dersom du har fleire høgder med pallar, er det ikkje fare for at røtene trekk mot grunnen.  Då kan du i bruke jutesekkar i staden. Kaffibrenneriet i Bergen sel/ gjev vekk jutesekkar. Dei har sjølv parsellhage og fleire sittegrupper som er laga av pallar og jutesekkar, og sel svært god kaffi. Om du er i nærleiken er dette ein fin plass for inspirasjon. Her er det også loppemarked kvar søndag frå 12-16.

Foto: Egoist.Blogg
Foto: Egoist.Blogg

Følg Grønare kvardag på Facebook

Toppfoto: Chiot’s Run

Ein grønare kvardag

Vi blir oppfordra til å «stemme med lommeboka» i kampen mot kunstige kjemikaliar. Aktivt ta avtand frå innpakning av kle og leikar som kan innehalde gifter, samt å tenke over forbruket vårt generelt. Nordmenn hadde mellom 4-6 ulike kunstige kjemikaliar i blodet for 60 år sidan. I dag er talet oppe i 200-400 hos ein gjennomsnittleg nordmann, noko som gjev oss ein plassering i verdstoppen. Vår velstand har fått noko av skulda (NRK).Som forbrukar kan det følast nærmast uoverkomeleg å få oversikta over dei siste «do-and-dont’s», og kva bør ein verkeleg prioritere?På denne heimesida ynskjer eg å dele mi erfaring og tankar rundt dette feltet. Som ei gardsjente som vaks opp med sjølvmelka melk, viltkjøt og heimedyrka grønsaker, til eit meir urbant liv i Bergen og London, følte eg at eg mista kontrollen over kva matvarene eg kjøpte innehaldt. Mykje at maten vi no får kjøpe, er ikkje lenger mat, men eit produkt. Samstundes ser vi ut til å nærmast ukritisk smøre oss med kremar og parfyme, som inneheld ingrediensar som vi gjerne veit svært lite om.I ein travel kvardag kan det verke overveldande å gjere sjølv mindre endringar i kvardagen, i frykt for at det tek lengre tid. Ynskje om å leve ein grønare livstil er noko mange har, og dersom ein tek det i sitt eige tempo, treng det slett ikkje å vere avskrekkande. Å søke mot ein grønare livsstil har fått litt «flinkisstempel», men det er det ingen grunn til. Planen med denne sida er å lage ein hub der eg samlar informasjon, videoar og bloggar som kan vere nyttig for deg. Kom gjerne med tilbakemeldingar og innspel.

Ser fram til å høyre frå deg.

Beste helsing Kristine