Lure du på kvar du kan kjøpe matvarer, vaskemiddel, hudpleieprodukt eller te i lausvekt? Få ein oversikt over ei knippe butikkar i Trondheim som tilbyr emballasjefrie forbruksvarer.
Korleis gå fram? For å handle emballasjefritt må ein først ha behaldarar til det du har tenkt å kjøpe. Til tørre varer kan du bruke tøyposar. Desse kan du enten lage sjølv av gamle laken eller kjøpe dei i butikk. For flytande eller våte varer kan du bruke boksar eller glas med lokk.
Det som er so flott med emballasjefri handel er at du ikkje treng å kjøpe meir enn du treng. Dette sparar miljøet, lommeboka di og helsa di. Ved å ta avstand frå unødvendig emballasje unngår du for eksempel emballasje som i fleire testar viser førekomst av miljøgifter. Som forbrukar kan ein ikkje halde tritt med produsentane. Det enkle er ofte det beste. Kjøp utan emballasje i den grad du kan.
Trondheim er ein by med mykje nytenking, og kanskje dette er noko av grunnen til at det var den første staden eg fann hudpleieprodukt i lausvekt? Vanskeleg å sei, men det er fleire spennande butikkar i Trondheim for dei som ynskjer å redusere emballasje og forbruksvarer. Om du bur i byen eller er ein tur innom, kan desse butikkane vere vel verdt eit besøk.
Etikken
Olav Tryggvasons Gate 20, 7011 Trondheim
Etikken er den første Zero Waste-butikken i Trondheim og var ein av dei første i landet til å legge om til emballasjefrie produkt. I følge ein av dei tilsette var dette også noko dei merka stadig større etterspurnad av frå kundane. Butikken er ein frittståande butikk som originalt starta som ein økologisk butikk. Det er difor også stort fokus på økologiske varer. Her finn du eit variert utval av ulike tørrvarer. Det gjeld alt frå tørka morbær, gummibjørnar, diverse korn, til krydder, te og kaffi. Du finn også alt du måtte trenge av vaskemiddel her, enten det er til kroppen, håret eller golvet.



Thomas Angells gate 13, 7011 Trondheim
Miss Organic er ein hud og velværebutikk der ein kan kjøpe reine oljer, ulike leirer, emballasjefrie såper eller kosmetikk som med refill. Det som er mest spennande med Miss Organic er at dei lagar hudoljer, massasjeoljer, skrubbar og badesalt til deg, spesialtilpassa di hud medan du er i butikken. Desse fyllast i glaskrukker. Når du har brukt opp produktet, kan du reingjere behaldaren godt, og ta den med deg tilbake til butikken for refill. Dei vurdera å utvide oljebaren, som dei kallar den, til Bystasjonen i Bergen. Dei har også ein nettbutikk dersom du ikkje har eit slikt tilbod i ditt område. Butikken har laga ei oversikt over kjemikalier du ikkje finn i deira produkt, og det inkludera parabena, SLS (Sodium Laureth Sulfate), Mineralolje (frå råolje/ petroleum), siloksan, PEG, Carbomer, Isopropyl Myristate, Isoprpoyl alcohol, Propyleneglycol og silikon.
Miss Organic har fokus på kvalitetsoljer til hud og hår, og laga hudprodukt til deg medan du ventar. Her kan ein også kjøpe ulike typar leire til for eksempel ansiktsmaske.

Dei tilsette hos Miss Organic har mykje kunnskap om oljene dei sel og kva dei kan brukast til. Spørr gjerne. Arganolje er god til hud og hår. Alle oljene er økologiske.

Dronningens gate 14, 7011 Trondheim
LUSH er ein butikk som sel hygiene og venleiksprodukt, og har butikkar rundt om i landet. Dette er eit alternativ for deg som ynskjer å redusere emballasje, men som set pris på parfymerte produkt og såper som gjev mykje skum. LUSH har fått kritikk for sin bruk av blant anna parfyme og SLS (Sodium Laureth Sulfate), som er kjemikaliet som bidreg til at hygieneprodukta dine skummar. Dei jobba no med å fjerne SLS frå sine produkt. Sjå LUSH sine eigen kommentarar om dette her. Dersom du ynskjer meir tekst om dette, er denne bloggposten fin (frå jan 2018).
Fleire av produkta blir kutta opp etter kva du treng, f.eks såpe til hud, hår og hender. Dei sel også deodorantar, lotion, ansiktsmasker og liknande i lausvekt. Dette er stort sett i fast form (ikkje flytande). Dei sel i tillegg produkt i flytande form, der du kan levere tilbake behaldaren når den er tom. Desse er laga av resirkulert plast, i staden for jomfruelege råvarer som er det mest vanlege. Dei oppfordra også kundane til å pakke inn gåver i sjal, i staden for tradisjonell gåveinnpakning.
Lush sel boksar i metall til oppbevaring av såpe. Praktisk på reise eller til oppbevaring i dusjen.



Dronningsgate 28, 7011 Trondheim
Eg hugsa første gong eg besøkte Te og kaffehuset i Trondheim. Eg fortalde dei i butikken om Zero Waste og at eg hadde lyst til å lage ein post om butikken på Grønare kvardag. Dette var kanskje i 2015-2016. Då sa dama i kassen at det var veldig artig at eg kom i nett no, fordi ho hadde nett tenkt på korleis dei kunne bidra til å redusere emballasje og oppmuntre kundane til å ta med eigen emballasje. Kjekt!
For kaffi og te-drankarar er dette butikken som gjev deg nett det du måtte ynskje i lausvekt. Du kan nytte din eigen emballasje og fylle på med det som måtte freiste. Personleg er eg stor fan av å ha ein grøn te, ein svart te og ein frukt-te om gongen, for so å kjøpe nytt når det er tomt. Te er i likskap med kaffi, ferskvare.
Prisane kan vere noko dyrare enn det du er vand med etter kva kvalitet du kjøper, men når ein kjøper te i god kvalitet treng ein mindre mengder, og teen blir difor dryg i bruk. Det beste er å bruke tette behaldarar når du handlar te og spesielt kaffi. Dersom du har ein boks du brukar til kaffien heime, kan du bruke den til å kjøpe kaffi i også.

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!
Alle foto: Kristine Ullaland
You must be logged in to post a comment.