Om penicillin, kjøtt og pris

Samanlikna med andre Europeiske land, er Norge det landet som brukar minst antibiotika i matproduksjonen (3,7 milligram antibiotika per kilo kjøt) i følgje Nationen. Forbruket av antibiotika er 50 gangar høgare i Tyskland, noko som er ein tankevekkjar for norske forbrukarar. Kjeder som til dømes Kiwi, tek hovudsakleg inn storfekjøt frå Tyskland, som dei sel til forlokkande prisar. Kiwi reklamerar no for å ha kutta salt og vatn i deira kjøttdeigprodukt, men alle produkta er importert frå Tyskland, noko som betyr at dei også inneheld nærare 200 milligram antibiotika per kilo kjøt. I kva grad gjer den billige prisen opp for innhaldet?

Dei siste månadane har det også vore mykje fokus på bruk av narasin. Dette er eit fôrtilsetningsstoff for slaktekyllingar som skal motverke parasittar som kan føre til alvorleg tarmsjukdom hos kylling.

Europa anerkjenn ikkje narasin som eit legemiddel, medan blant anna USA klassifisera det som antibiotika. EU har hatt ein intensjon om å forby blant anna narasin i fôr, men har hatt vanskar med å finne eit godt alternativ som kan gje same effekt. Norge fører i dag ein meir restriktiv bruk av koksidiostatika (narasin), og tillèt berre bruk av fem preparat, mot 11 i EU (Mattilsynet). Etter mykje fokus på narasin i media, har no fleire kjeder stadfesta at dei ynskjer å fase ut narasin frå sine produktet. I følje Animalia er dette uhelding og kan i verste fall føre til auke av penicillinbruken i konvensjonell kyllingproduksjon med heile 150 gangar (NRK).

Kanskje det er på tide å stille spørsmål til måten vi driv jordbruk på? Hadde det vore like stort behov for narasin og andre typar antibiotika som fôrtilskot, dersom dyra levde i mindre anlegg? Kva kan du som forbrukar gjere for å endre dette? Det finst fleire gode alternativ for økologisk kjøtt og egg hos Kinsarvik Fruktutsal og Reindyrka i Bergen. Mange daglegvarer sel no også egg frå frittgåande økologiske høns.

Foto: Karen Jackson
Foto: Karen Jackson

Oppdaginga av antibiotika er noko av det største som har skjedd innan medisinsk forskning i vårt århundre. Diverre er overforbruk, feilmedisinering, for å ikkje snakke om bruk at antibiotika i jordbruket med på å utfordre antibiotikaens effektivitet som medisin mot bakterielle infeksjonar. Resistance (2014) er ein dokumentar av Michael Graziano, som tek føre seg antibiotikaens stadig svekka effekt. Sjå filmen her (Netflix lenke).

Lat oss ikkje tumle vekk ein slik ressurs som antibiotika, med det formål om å få lave prisar på matvarer. Det er ein alt for høg pris å betale for billige matvarer.

Kommenter innlegget