Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot

Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot. Slik lyder null-søppel pioneren, Bea Johnsons« mantra. Avfall er noko vi anser som naturleg, vi ensar det ikkje. Det har blitt ein del av vår kvardag. Vi knyter den fulle søppelposen og stappar den ned i det fulle bossdunken. Sjølv om det er tre dagar til neste tømming er den allereie så full at vi ikkje får att lokket. Burde eg skaffe ein større dunk tenker vi kanskje?

Kva betyr det å kaste? Kvar havnar det? Og kvifor måtte vi kaste det i utgangspunktet?

Lær korleis du kan minske forbruket ditt.

Steg 1: Sei nei til det du ikkje treng (Refuse)

Det viktigaste punktet i denne lista er dette punktet. Sei nei til det du ikkje treng. Det krev at du blir bevisst på alt du tek med deg inn i heimen din (eventuelt lar andre ta med inn i heimen din). Vi likar godt gratisprodukter, som til dømes studentpakken som blir delt ut kvart semester, såpe og sysett frå hotellrommet eller ein fin penn frå ein konferanse. Konsum er meir en eit resultat av ein varehandel. Det skjer når vi tek i mot flyers på gata, når vi tek i mot eit visittkort og når vi plukkar med oss brosjyrer. Vi konsumerar indirekte. For kvar gjenstand vi tek i mot, skapar vi etterspurnad og signaliserar at vi treng meir av desse varene. Det blir difor produsert meir.

Enkle ting du kan gjere for å få ein meir søppelfri kvardag: Rydd mailen din for abonnement og reklame du ikkje les. Sei nei til reklame i posten ved å henge opp ein lapp (Posten tilbyr dette). Ikkje ta i mot gratisprøver og reklamematriell. Ta avstand frå eingongs-produkter som til dømes plastpose, sugerør og plastglas.

4015200933_21193fb4d8_b
Foto: Thomas Andersson
Steg 2: Reduser det du ikkje treng (Reduce)

Vi nordmenn forbrukar heile 2,7 jordklodar. Reduksjon av vårt forbruk er difor ein viktig post for miljøkrisa vi står ovanfor. I tillegg til å ha eit konsum over evne, som også fører til storproduksjon av søppel, ligg vi og på verdstoppen som eit av verdas mest «giftige» befolkning. Dette på grunn av det høge nivået av kunstige kjemikalier vi har i kroppen vår. Mange av varene vi kjøper, som til dømes gore-tex jakker, er behandla med kunstige kjemiske stoffer for å få visse eigenskapar. Fleire av desse stoffane blir ansett som miljøgifter. Om vi i tillegg droppar å vaske det nyinnkjøpte sengetøyet, eller den nye dongeribuksa, vil stoff som kanskje er meint for å halde vekk insekt eller restar etter produksjon av produktet, komme i direkte kontakt med huda. Når vi konsumerar mykje, er dette prosessar som skjer ofte. Velstanden og forbruket vårt blir difor vår byrde. Dersom vi byrjar å evaluere våre materielle ynskjer og behov, er det godt mogleg vi ikkje treng ei ny jakke. Kanskje vi faktisk allereie har to for mykje? Norske menn slit med reproduksjon, og det spekulerast i om dette har samanheng med miljøgiftene vi omgir oss med.

Steg 3: Gjennbruk (Reuse)

Sidan vi i steg 1 tek avstand frå eingangsprodukt, blir desse bytta ut med produkt som kan brukast omatt, som til dømes ein tøypose i staden for ein plastpose. Å kjøpe matvarer i lausvekt, i medbrakt emballasje som kan brukast omatt, er ein flott måte å unngå å ta med seg unødig plastemballasje heim, unngå kunstige kjemikalier rett på matvarene, samtidig som du kjøper akkurat den mengden du treng av dei ulike matvarene. Om du bur i Bergen kan du sjå oversikt over alternativ til emballasjefri mat og drikke her.

4308274479_583cda9372_b
Foto: Chiot’s Run

Ved behov for nye varer som kle og møblar, er det mykje fine alternativ på bruktmarkedet. På Finn.no har dei ein seksjon for sal, ein for ønskes kjøpt og ein for gis vekk. Loppemarked er også eit god alternativ, samt Fretex og vintage-butikkar. Det kan vere lurt å kjøpe varer som kan brukast på fleire måtar. Til dømes ein kaffikopp som og passar som pennholdar, eller ein dress du både kan bruke på kontoret og i selskap.

Steg 4: Resirkuler (Recycle)

Null-søppel livstilen handlar om meir en resirkulering, det handlar om å ta avstand frå søppel før det kjem inn i huset. Dette eliminerar mykje resirkulering. For kvart kjøp vi gjer, bør heile livssyklusen til varen bli vurdert, også varens mulighet for å bli resirkulert. Plastikk er ikkje berre giftig å produsere, konsumere og resirkulere, kvaliteten blir også forringa for kvar gong varen blir resirkulert og ender til slutt opp på søppelfyllinga. Det er lett å bli forført av ord som «nedbrytbar» eller «komposterbar» plastikk. Sjølv om desse produkta blir presentert som «nedbrytbare» ender dei som oftast i vanleg søppel. Desse produkta skapar også stor forvirring blant miljøbevisste forbrukarar og ansatte i resiruleringsbransjen, og produkte ender dessverre ofte med å forringe resirkuleringsarbeidet.

Steg 5: Komposter (Rot)

Det er fleire ulike måtar å kompostere på. Varmkompost og kaldkompost er det mest vanlege i norge. Dersom du ynskjer å starte ein av desse i Bergen, kan du få støtte frå BIR med inntill 1000 kr. For urbane bergensarar er markkompost og elektrisk kompost også eit godt alternativ fordi det både er luktfritt og innevennlig. Markkompost kan du enkelt lage sjølv, men den elektriske komposten er dessverre berre mulig å bestille frå utlandet, noko som gjer den ganske dyr. Komposteffekten er god, og BIR vurderar å innlemme desse to kompostmetodane i deira støtteordning.

423508812_b3c5f9eaec_b
Foto: Joi

Lyst å lære meir? Les Bea Johnson si bok Zero Waste Home. Denne boka er ein perfekt guide for deg som ynskjer ein oversiktleg mal over korleis du kan leve søppelfritt.

Toppbilde: Bogdan Suditu

2 tankar på “Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot”

    1. Heilt einig. Det er viktig at vi som forbrukarar ikkje gløymer kva makt vi har. Så lenge vi fortsett å ta i mot til dømes reklame, gjev vi signal om at vi sett pris på reklamen (og treng meir). Bortkasta energi, materiale og rydding i heimen. Like greit å ta det ved rota :).

      Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s