Makkompost

Kvar fjerde pose med mat vi kjøper, hamna i søppelet. Kva med å kaste det i komposten i staden? Kompost frå makk har fått ord på seg for å vere svart gull, dette på grunn av den høge næringsverdien i jorda dei etterlet seg. Jord frå markkompost er så næringsrik, at nokre statar i USA har merka det som gjødsel. På trass av dette, kan du faktisk bruke komposten til å plante i, utan å blande inn anna jord.

Vi har lenge vore uvisse om at mykje at jorda vi kjøper er utvunne frå myrer. I tillegg til at denne jorda er næringslaus og krev mykje gjødsling, fører fjerning av myra til auka utslepp av CO2. Myra er eit viktig karbonlager, og når torva gravast ut, blir karbonet i form av klimagassen CO2 frigjort. Nokre typar jord inneheld opp til 100% torv, sjølv om det står jord på emballasjen (sjå oversikt over ulike produkt her). Kva med å lage din eigen kompost i staden?

Om du ikkje har anledning til å ha ein tradisjonell kompost i hagen eller bakgården, er makkompost eit godt alternativ. Den er luktfri og lett å lage sjølv. Komposten er fin å ha inne, enten i leiligheta eller i vaskekjellaren.

Du treng:

2 behaldarar med same størrelse på karmen, som kan stå oppi kvarandre (eks. bøtter, oppbevaringsboksar, isboksar).

Drill, eventuelt spikar og hammar til å lage hol med

Papir og papp

Jord

Makk

Korleis gå fram:

Makkompost

Vel to behaldarar som kan stå oppi kvarandre. Desse på bilete er kjøpt på Clas Ohlson for 55 kr stykket, pluss 29 for lokket. Det er viktig at du vel ein behaldar som er lystett for at makken skal trivast. Det er ikkje utenkeleg at du allereie har noko heime du kan bruke. Du kan og spør den lokale bakaren til dømes, om du kan få nokre bøtter frå dei.Mange matprodusentar får basisvarene levert i store bøtter som fungera fint til å bruke til makkfarm.

Det viktigaste er at du vel ein behaldar som har ein kant slik som denne på bilete, som gjer at det er litt luft mellom behaldarane. Om behaldaren du vel ikkje har det, kan du legge noko i botnen slik at det blir plass til overflødig veske, også kjent som makk-te.

Lag hol til drenering og ventilasjon

Drill hol i toppbehaldaren til drenering. Ca eit hol per 2 cm. Om du har ein veldig tynn drill, kan du lage fleire hol. Om du drillen er meir en 3,5 mm, kan du vurdere om du vil ha færre hol. Det viktigaste er at overflødig veske kjem igjennom.

Drill hol rundt toppen av den øvste behaldaren. Desse hola tilføre luft til makkomposten. Jo fleire hol, jo betre. Dersom makken ikkje er fornøgd med komposten, vil den rømme uansett. Å la vere å lage nok luftehol for å unngå dette, kan virke mot sin hensikt. God lufting er viktig for ein sunn kompost.

Lag base til makken
3606251960_6fa71943d4_z
Foto: Kisforkate

Klipp opp pappbitar og papir i små remser og legg det i vatn i ca. 15 min. Det kan med fordel ligge lenger. Om du har eggekartongar og tomme toalettpapir-hylser er desse kjempebra å bruke, og makken ser ut til å like desse betre en vanleg papp.

Klipp ut ein pappbit som dekker botnen av toppbehaldaren. Du kan eventuelt bruke ei heil halv avis og klippe den til. Legg den i vatn for ca. 15 min. Klem so ut vatnet frå pappen og papiret og legg dekk bunnen av toppkassa med det utklipte biten av papp eller papir. Den skal dekke heile botnen.

Legg so over strimlene med papp og papir.

Bland inn jord, slik at det er 50/50 jord og papir/ papp.

Tøm makken i behaldaren og legg i matrestar. Det er ulike meiningar om kva som er mest effektivt. Nokon grev matrestane ned i behaldaren, medan andre legg det i ein haug på toppen eller fordelar det utover på toppen. Eg pleier å gjere det sistnemnte, fordi det gjev meg lett oversikt over kor mykje makken et og kor aktive dei er, utan å forstyrre dei for mykje.

DSC_0911

Fukt ei avis og bruk den som lokk over makken. Den hjelp komposten å halde på fuktigheta og gjer det mørkt slik at makken kan arbeide i ro. Makken likar ikkje lys og vil ikkje vere særlig aktive dersom du ikkje har noko å dekke over med. Du kan eventuelt ha noko mørkt over toppen av behaldaren om du føretrekk dette.

Som lokk over sjølve behaldaren kan du bruke lokket som føljer med behaldaren. Hugs å også lag luftehol på lokket om det er tett. Du kan eventuelt bruke ein papirpose eller eit handkle som lokk.

Mat for makken

Makken er som oss, og trivast best med eit variert kosthold. Den er mest effektiv når maten er i små betar, så dess mindre du kuttar opp maten du skal kompostere, dess raskare vil makken ete det.

Det er viktig å ikkje gje makken meir mat en den klarer å ete. Då vil maten begynne å rotne. Dette skapar det varme, og kan i verste fall drepe makken. Dersom du har ein stor makkfarm, vil bestanden tole meir en om du har ein liten bestand. Eg har ca. 1400 makk og dei variera inntak etter temperatur og sjølvsagt kor godt dei likar maten. Komposteringa skjer betrakteleg raskare om ein brukar ei smoothiemaskin eller liknande for å kutte opp maten.

Mange vel å lagre restemat i ein behaldar i kjøpeskapet eller frysen, for so å mate dei ein gong i veka. Du kan eventuelt mate dei annakvar dag, men følg med på at dei et opp det du gjev dei, før du fyller på med meir mat.

Spesielt i starten er det veldig viktig å ikkje fore makken med sitrusfrukt eller noko frå løkfamilien i makkfarmen. Desse irritera huda til makken og er med på å forsure komposten. Dersom makken ikkje er nøgd vil dei forlate komposten.

DSC_0926

LIKAR
MISLIKAR
Det meste av frukt og grønt Sitrusfrukt, syrleg frukt
Avfall frå juicemaskin Sterkt krydra mat, løk, kvitløk
Kokt mat Kjøtt og mjølkeprodukt
Te og te-posar (minus syntetiske teposar). Fjern stiften i posen. Kaffigrut Brød, pasta og prosesserte kveiteprodukt
Knust eggeskal skal hjelpe makken å formeire seg Glinsande papir
Hår, avfall frå støvsugar, serviettar og papirtørkle, eggekartongar, toalettrull-hylser, papir Fett og olje
Fuktig papir og papp i bitar/ strimler
Kjemikaliefritt hageavfall (viktig å ikkje ta for mykje av gangen. Gras skapar varme og kan lage dårleg stemning i markkomposten.
Sagflis og oske
Kvar får du kompostmakk?

Den mest effektive kompostmakken vi har i Norge heiter tigermark. Den er likevell ikkje den mest vanlege, sidan den er sensitiv for temperaturendring. Dei fleste som driv med makkompost i Norge har stort sett kjøpt desse på sportsbutikkar som driv med fiske. Eg bestillte mine gjennom G-Sport ved Bergen Bystasjon. Den er ikkje like effektiv, men er meir harfør. Dei kostar ca 1 kr stykket. Dei fleste sporstbutikkar kan bestille makk, ta kontakt med din lokale forhandlar.

Du kan og grave makk sjølv. Den makken du er ute etter er den som lev i hestemøkk eller i kaldkompost. Dersom du har tilgang til dette kan du grave opp makk sjølv. Ny makk vil komme av seg sjølv til kaldkomposten.

Dersom du startar komposten no i sommar og har anledning til å ha komposten ute, vil sansynlegvis bestanden auke relativt fort. Det er viktig å hugse på å plassere komposten i le for sola slik at dei ikkje blir kokt. God temperatur gjev godt arbeidstempo. Makken er ekstra aktiv i sommartempratur.

Kvar du vel å plassere komposten i leiligheta di er opp til deg. Så lenge dei ikkje står nær ein lufttørkar er dei relativt nøgde.

Makk-te
5650455438_b51b01a77d_z
Foto: Farourflora

Safta som ender opp i den nederste behaldaren er kjent som makk-te og er kjempegod gjødsel. Om du synst du får for lite makk-te, kan du helle vatn over komposten din. Vatnet vil renne igjennom komposten og ende opp i den nederste behaldaren. Dersom du heller vatn gjennom komposten blir ikkje teen like sterk, og kan blandast ut med 1/5 vatn. Dersom du ikkje heller vatn over komposten, og kun brukar det som kjem naturleg blandar du det ut med 1/20 vatn.

Næring i jorda blir til næring i maten

Både det svarte gullet, kompostjorda, og makk-teen er svært næringsrikt. Det er flott i bruk, enten til grønsakshagen din, bedet til naboen eller til blomsten i vinduet. Sidan plantane tek opp næring fra jorda, vil næringsrik jord føre til næringsrik mat, så jorda passar godt til å dyrke urter, salat og grønnsaker i. I tillegg veit du nøyaktig kva jorda inneheld. Ingen torv, ingen kjemikalier. Berre sunn, god jord, rett fra leiligheta di midt i byen.

4589558988_3c78af529c_z
Foto: Elisabeth S.

Ynskjer deg lykke til med komposten!

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål:

post@gronarekvardag.no

Toppbilete: CAFNR

8 thoughts on “Makkompost”

  1. Jeg har seriøse ambisjoner om å få på plass en varmkompost i løpet av sommeren, men hvis ikke er dette et godt forslag! Kan jeg komme med et ønskeinnlegg? Jeg har lenge hatt lyst til å gå igjennom vaskemidlene og vakseredskapene mine med tanke på å kaste og erstatte med mer miljøvennlige alternativ. Kunne du laget en slags «guide» for dette – typ: dette er det du trenger, dette kan du kaste?

    Likar

  2. Når kan ein byrje å bruke jorda til plantene sine? Må den luftast fyrst? Og kva er enklaste måten å ta i bruk jorda på utan å få med mykje mark?

    Likar

    1. Hei Kjersti! Du kan bruke komposten med ein gong. Den treng ikkje lufting. Du kan velge om du vil blande den ut med vanleg jord, eller bruke den som den er. Komposten tømmer eg ved å ta av lokket og la boksen stå i sterkt lys/ dagslys. Makken likar ikkje lys og trekk seg so ned i boksen. Etter kvart som makken bevegar seg nedover, tek eg vekk eit nytt lag med jord/ legg det i ein haug i komposten. Eg skal lage ein post om korleis ein kan tømme komposten ila sommaren. Lykke til med komposten! 🙂

      Likar

  3. Takk for oppskrift, jeg har hatt lyst til å kompostere lenge men trodde det ikke lot seg gjøre uten hage. 🙂
    Hvor mange makk trenger man for å starte dette prosjektet? Jeg har en enmannshusholdning.

    Likar

    1. Hei Kaja! Det er litt inviduelt alt etter kor mykje mat du kastar. Nokre har nesten ingen ting og kan starte med ein mindre mengde makk, medan andre kastar mykje og treng difor meir. 1000 makk er ein god start.

      Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s