Kategoriarkiv: såpe

[Oppskrift] Flekkfri med mild kjemi

Kommersielle flekkfjernarar er nokre av verstingane når det kjem til bruk av sterke kjemikaliar. Her finn du gjerne sterke og det som har blitt uønska kjemikaliar for mange. Det er fleire moglegheiter når du skal lage eigen flekkfjernar, so tilpass gjerne til kva ingrediensar du har tilgjengeleg heime eller i ditt nærområde. Som du sikkert allereie veit, er det viktigaste trikset for å bli kvitt flekkar på tekstil nemleg å behandle flekken so fort som mogeleg. Ein god nummer to er å ha ein god flekkfjernar for hand!

Eg er ein søler. I mange år var det eit mysterium kvifor eg søler so mykje, men ein vennleg sjel informerte meg om grunnen til dette. Eg likar nemleg å ete bakoverlent. Difor får gjerne ikkje tallerkenen den funksjonen den har for andre. Eg har blitt bedre til å lene meg framover når eg et, men eg definera meg framleis som ein søler. Når uhellet er ute er det heldigvis mogeleg å gjere noko (som i dag, då eg søla olje på mi favorittbukse!). Har du ein flekk du må fjerne? Her finn du oppskrift til flekkfjernar.

Slik lagar du din eigen flekkfjernar

Flekkfjernar med glyserin

2 ss. flytande castilsåpe (castilsåpe kan lagast frå grunnen om du ynskjer)

2 ss. flytande plantebasert glyserin

3/4 kopp vatn

5 dråpa eterisk olje av sitron

Foto: Anshu A – Gjenbruk gjerne ei rein flaske med pipette til eterisk olje, dersom de vel å lage den sjølv.

Bland saman ingrediensane godt og hell over i ei sprayflaske av glas.

Bruk direkte på flekk (gjerne på undersida av flekken om det er mogeleg) og la det stå ein time, før du vaskar tekstilen.

Kvar kjøpe ingrediensane og kva emballasje kjem dei i?

Castilsåpe kan i nokre tilfelle kjøpast i medbrakt emballasje på Zero Waste-butikkar, men selgast oftast i resirkulerbar plastemballasje. Dersom du ikkje har Zero Waste-butikk, eller semi-Zero Waste-butikk i ditt nærområde er din lokale helsekost ein stad du mest truleg finn castilsåpe. Dette er ei mild såpe som ofte blir brukt som base i heimelaga reingjeringsprodukt og personleg hygieneprodukt. Eg vil anbefale at du kjøper utan parfyme dersom du har moglegheitene, for eksempel Dr. Bronner’s Baby Unscented Liquid Soap (kjem i plastflaske). Då kan du heller parfymere dei ulike produkta du lagar som du vil, dersom du vil ha lukt.

Plantebasert glyserin

Plantebasert glyserin er også noko du vil få kjøpt hos fleire Zero Waste-butikkar og semi-Zero Waste-butikkar, ettersom dette også er ein ingrediens ein ofte finn i heimelaga produkt. Glyserin er mjukgjerande og fuktigheitsbevarande, og mykje brukt i kosmetikk. Du kan også finne denne ingrediensen i mat og drikke. Har du ikkje eit lokalt Zero Waste-tilbud, sjekk ut din lokale helsekostbutikk, eller butikkar som spesialiserer seg på hobby (for eksempel heimelaga kremar etc.). Glyserin er drøy i bruk, so du kan gjerne begynne med ei mindre mengde og heller kjøpe meir når du er tom. Om du ikkje finn plantebasert glyserin emballasjefri, kan du kjøpe det i emballasje frå SunVita (plast med metallkork) (Kinsarvik helsekost) eller i glas frå Rømer (merk – ikkje spesifisert at dette er plantebasert – so sjekk det ut før kjøp).

Eterisk olje av sitron

Har du laga litt oppskrifter før, kan du kanskje føle inspirasjon til å lage eterisk olje av sitron frå grunnen(anbefaler at du brukar økologisk). Er du ny på å lage eigne produkt anbefala eg at du heller kjøpe eterisk olje av sitron på din lokale helsekostbutikk. Dei kjem vanlegvis pakka i glasbehaldar med plastkork. Sjå video under for inspirasjon til heimelaga eterisk olje av sitron.

Flekkfjernar med hydrogenperoksid

Oppskrifta til denne flekkfjernaren er ganske lik den over, men i staden for plantebasert glyserin, er stjerna her hydrogenperoksid (hydrogen peroxide). Hydrogenperoksid blir brukt til å bleike ull, hår og tenner (for å nemne noko), er antiseptisk og skal vatnast ut. Var du ein av dei som var til tannlegen under pandemien, måtte du truleg skylje munnen i hydrogenperoksid.

1/4 kopp hydrogenperoksid

2 ss. flytande castilsåpe

20 dråpa eterisk olje av sitron

Bland ingrediensane godt saman og hell over på flaske. Bruk behandlinga til flekk, vent ein time og vask tekstilen.

OBS – hugs at sarte tekstil kan vere ømfintlege for flekkfjernar. Hydrogenperoksid blir som nevnt over brukt til å bleike. Bruk skjønn!

Oppbevar flekkfjernaren i ei brun eller blå sprayflaske av glas (viktig for å unngå at hydrogenperoksida oksiderer).

Kvar kjøpe ingrediensane og kva emballasje kjem dei i?

Hydrogenperoksid kjøpast på apoteket, og kjem i glasbehaldar.

Merk flaskene godt!

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Charlotte Harrison

Top fem leste saker om korleis du kan få ein Grønare Kvardag

Er du nysgjerrig på kva hygieneprodukt du kan lage sjølv? Kva matavfall du har, som kanskje kan spire til ny mat? Eller kanskje du har lyst til å kutte plastfilmen og bytte den ut med bivokspapir? Bli inspirert av Grønare kvardag sine fem mest leste saker frå det siste året, og prøv noko nytt!

1. Lag di eiga såpe

Du er kanskje ein av dei som tenker at såpebar er mindre hygienisk? Men det er ikkje noko gode bevis som tilseie at dette stemmer, so lenge ein brukar såpa slik den skal – nemleg vask i min. 20 sekund, for so å skylje vekk såpa. På miljøsida er såpebar ein vinnar, fordi den er kompakt og konsentrert. I motsetning til flytande såpe er den svært vanskeleg å overdosere, og varer difor også mykje lengre. Du kan enkelt lage di eiga såpe som skummar mykje, med ingrediensar du lett får tak i, i ditt nærområde. Les meir om såpebar og korleis du kan lage di eiga her.

2. Spiring av matavfall

Mykje av plantevekstane vi et kan faktisk spirast! Kor kult er ikkje det? Purre og hjartesalat er eit av eksempla. Dersom du set rota i vatn og skiftar vatn kvar dag, og sjå korleis røtene spring fram. Då kan du plante den i jord om du vil, eller halde fram med å ha den i vatn. Mange vekstar har også frø som du kan plante på ny, slik at du får nye plantar heilt gratis. Dersom du tek deg ein runde på kjøkkenet finn du sikkert fleire alternativ, som for eksempel chili og paprika. Få fleire tips og inspirasjon ved å opne saka med den passande tittelen «Frå søppel til mat – spiring av matavfall».

Foto: Kristine Ullaland

3. Kutt plastfilmen og bruk bivokspapir i staden

For mange er plastfilm eit viktig hjelpemiddel på kjøkkenet. I mange tilfelle kan ein eigentleg kutte plastfilmen og i staden for eksempel legge ein tallerken over matrestane før ein sette det i kjøleskapet. Det er likevel mange som ikkje føle at dette er tilstrekkeleg og ynskjer ei tilsvarande forbruksvare som plastfilm. Då kan bivokspapir vere eit godt alternativ, og for å lage det sjølv treng du bivoks, eit tøystykke (helst med mønster) og ei varmekjelde. Tenke du dette er noko du ynskjer å lære meir om, kan du lese om bivokspapir og sjå oppskrift her.

Bilde av heimelaga bivokspapir. Foto: Kristine Ullaland

4. Lag ditt eige bokashi-strø!

Då denne saka først kom ut, var ikkje bokashistrø so tilgjengeleg som det er i dag (det gjeld forsovidt også bivokspapir), so i dag får du kjøpt bokashistrø på dei fleste butikkar som føre ting til hage. Dersom du høyre om bokashi for første gong nett no, er det ein japansk kompost der du syltar eller fermentera komposten, slik at du slepp lukt og skadedyr som ein ofte forbind med dei meir tradisjonelle kompostane. Du treng berre ein lufttett behaldar og bokashistrø for å komme i gang, og har du lyst til å gjere alt frå grunnen av, kan du faktisk lage ditt eige kompoststrø. Då treng du ris, melk, sukker, noko å sette serumet inn i, som for eksempel papir eller mesk – og så treng du tolmodigheit. Prosessen tek frå 1-3 veker. Men er du tolmodig er det eit artig prosjekt. Du kan lese meir her om korleis du går fram.

Heimelaga bokashistrø – før det er satt inn i papir/ mesk eller andre avfallsprodukt som du ynskjer å bruke. Foto: Kristine Ullaland.

5. Inviter makken inn – og gje den matrestane dine!

Då eg oppdaga kor mykje eg kasta, og såg etter tiltak for å redusere avfallet mitt var faktisk makkompost noko av det første eg begynte med. Det har eg flira litt av i ettertid, for det er mange ting som er mykje enklare å starte med dersom du ynskjer å redusere avfallsmengda (vi har ikkje tilbod om kompost gjennom kommunen). Men kva skal eg sei, eg var svært motivert til å starte med nettopp makkompost og då blei det slik. I dag brukar eg bokashikompost, men det som er veldig positivt med makkomposten er at du ikkje treng hage eller uteområde. Nokre entusiastiske kompostmakk-folk har til og med bygd om møblar til å huse makken. Det er mykje morro ein kan gjere, det er det ingen tvil om. Kanskje det er derfor denne saka er på top-fem lista det siste året. Les meir om makk og makkompost her.

Eit eksempel på korleis ein heimelaga makkompost kan sjå ut. Foto: Kristine Ullaland

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Zero Waste-oppskrifter for newbies

I følgje Framtiden i Våre hender vil vi i løp av vår livstid bruke 890 kilo hud- og hårprodukt. Berre på ein vanleg kvardag estimerast det at den gjennomsnittlege kvinna bruka 515 syntetiske kjemikaliar på kroppen, og at 60 prosent av desse blir absorbert av huda og inn i kroppen. Kva kan ein gjere for å redusere forbruket og eksponering av uynskte kjemikaliar?

For over ti år sidan fekk eg elveblest som ikkje gjekk over. Det varte i heile seks månadar. Det var fortvilande, sjølv om borna i barnehagen eg jobba i fant det endrande mønsteret i ansiktet mitt underhaldande. Alt eg ville var at det skulle gå over. Eg hugsa at eg sa dette til legen min, og han svarte meg at det det var berre å kartlegge alt eg putta i og på kroppen. Det var omfattande. Brått satt eg med ei lang liste med rare namn eg ikkje forstod. Det lettaste var faktisk å kutte ut produkt eg ikkje trong. Parfymane var det første eg kutta ut. Mange produkt kunne eg også enkelt lage sjølv, som såpe, og i nokre tilfeller berre bruke produkt som dei er – som kokosolje eller olivenolje til ansiktsvask.

Her får du enkle tips til korleis du kan lage såpe, tannkrem og deodorant av få ingrediensar; Kokosolje, kokosfeitt, kaustisk soda og natron.

Såpebar 

Forventa tidsbruk: 40 min. + 24 timar til herdring. Min. to veker modning.

Kvifor velje såpebar?

Såpebar har fått eit unødig dårleg rykte. Dersom ein tenker miljø er såpebar ein klar vinnar. Den er kompakt og lett å transportere. Den har ofte emballasje i papir, og er også lett å finne utan emballasje hos til dømes Reindyrka. Flytande såpe er mykje tyngre å frakte, noko som krev meir energi. Innpakninga til flytande såpe er også stort sett plast, som berre kan resirkulerast nokre få gonger (sjå tidlegare innlegg om plast). Les meir om såpe her.

anne-nygard-g3Bf4KzPjSQ-unsplash.jpg
Såpebar er dryg i bruk fordi du ikkje kan overdosere på same måte som ved flytande såpe. Spåpebar er derfor eit godt Zero Waste-alternativ. Pass på at den får tørke mellom bruk. Då vare den lenge. Foto: Anne Nygård.

Kva treng du

500 g. Delfiafett

150 g. Vatn

73 g. Kaustisk soda

5-10 ml. Luktolje (alternativt)

For framgangsmåte og informasjon om forhandlarar, sjå her. Det er svært viktig å følgje framgangsmåten nøye. Kaustisk soda er lut.

Kan brukast til: Hud, hår og hender. Lenge var dette einaste såpa vi hadde på badet. Den kan også brukast som barbersåpe. Sjekk gjerne ut tidlegare post om Zero Waste-barberhøvel, og lær korleis ein gjenbrukshøvel er betre for miljøet og lommeboka. Ta vare på såpestumpane og rasp dei opp til å bruke til vaskemiddel for kle.

Deodorant

Forventa tidsbruk: 5 min. + nedkjøling.

Kvifor lage deodorant sjølv?

Å lage deodorant heime er utruleg enkelt. Dei fleste som går over til heimelaga deodorant går sjeldan tilbake til kommersiell deodorant. Dette fordi den er effektiv mot lukt, enkel å lage, samstundes som den ikkje inneheld til dømes aluminium. Aluminium er stoffet som forhindra sveitte. Baksida er at du som forbrukar får dette stoffet i kroppen. Det er til no ikkje mykje kunnskap om korleis aluminium verkar på kroppen, men dyreforsøk viser at høge doser med aluminium kan gje skadar på nervesystemet hos vaksne mus og rotter, samt deira avkom (Vitenskapskomiteen for mattrygghet). Vi lev i ei tid med mange kunstige kjemiske stoff rundt oss og vi har dessverre lite kunnskap om korleis alle desse stoffa verkar saman, kjend som cocktaileffekten. Les meir om deodorant her.

DSC_0210
Eit tidlegare bilde av tannkrem og deodorant på hylla heime, saman med heimelaga mascara. Prøv deg fram og finn ut kva du likar. Foto: Kristine Ullaland

Kva treng du

3 ss. Natron

2 ss. Kokosolje

For framgangsmåte og informasjon om forhandlarar, sjå her. Hugs å la deodoranten tørke før du tek på deg kle.

Ps – treng du eigentleg deodorant? Nokon har behov for deodorant, nokre har ikkje. Det kan vere verdt å tenke over. Det finnast også andre deodorantar på marknaden som er meir naturlege, om du ikkje ynskjer å lage deodoranten sjølv (eller å slutte).

Tannkrem

Forventa tidsbruk: 5 min. + tid til nedkjøling

Eg byrja å lage tannkrem som ein stille protest til forslaget om gruvedrift i Naustdal kommune . Der er det funne store mengder rutil, som blir brukt til bleikjemiddel i tannkrem (NRK). Det finnast eit hav av ulike oppskrifter, og ein treng ikkje mange ingrediensar for å lage ein god tannkrem. Om ein ynskjer det veldig enkelt, kan ein faktisk bruke berre natron. Rådgjev deg gjerne med tannlegen din dersom du er usikker om dette er noko for deg.

Kva treng du

8 ss. Kokosolje

3 ss. Natron

20 dropar peparmynteolje, eventuelt appelsinolje for ein mildare smak (valfritt)

Tilsett fluor om du ynskjer

For framgangsmåte og informasjon om forhandlar, sjå her.

Hugs at naturleg ingredienser ikkje betyr at du ikkje kan reagere på det. Vis skjønn. Ynskjer deg masse lukke til!

For meir inspirasjon rundt DIY og hygiene, sjekk gjerne ut postane;  Zero Waste-Ansiktspleie, Zero Waste-fuktbar (feit krem til kroppen), Zero Waste-skrubb, leppepomade og korleis bruke leire til ansiktsmaske.

Heimelaga_hjemmelaget_Diy_leppepomade_lepsyl_Grønare kvardag_1
Leppepomade for såre lepper Foto: Kristine Ullaland

 

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Zero Waste-Trondheim

Lure du på kvar du kan kjøpe matvarer, vaskemiddel, hudpleieprodukt eller te i lausvekt? Få ein oversikt over ei knippe butikkar i Trondheim som tilbyr emballasjefrie forbruksvarer.

Korleis gå fram? For å handle emballasjefritt må ein først ha behaldarar til det du har tenkt å kjøpe. Til tørre varer kan du bruke tøyposar. Desse kan du enten lage sjølv av gamle laken eller kjøpe dei i butikk. For flytande eller våte varer kan du bruke boksar eller glas med lokk.

Det som er so flott med emballasjefri handel er at du ikkje treng å kjøpe meir enn du treng. Dette sparar miljøet, lommeboka di og helsa di. Ved å ta avstand frå unødvendig emballasje unngår du for eksempel emballasje som i fleire testar viser førekomst av miljøgifter. Som forbrukar kan ein ikkje halde tritt med produsentane. Det enkle er ofte det beste. Kjøp utan emballasje i den grad du kan.

Trondheim er ein by med mykje nytenking, og kanskje dette er noko av grunnen til at det var den første staden eg fann hudpleieprodukt i lausvekt? Vanskeleg å sei, men det er fleire spennande butikkar i Trondheim for dei som ynskjer å redusere emballasje og forbruksvarer. Om du bur i byen eller er ein tur innom, kan desse butikkane vere vel verdt eit besøk.

Etikken
Olav Tryggvasons Gate 20, 7011 Trondheim

Etikken er den første Zero Waste-butikken i Trondheim og var ein av dei første i landet til å legge om til emballasjefrie produkt. I følge ein av dei tilsette var dette også noko dei merka stadig større etterspurnad av frå kundane. Butikken er ein frittståande butikk som originalt starta som ein økologisk butikk. Det er difor også stort fokus på økologiske varer. Her finn du eit variert utval av ulike tørrvarer. Det gjeld alt frå tørka morbær, gummibjørnar, diverse korn, til krydder, te og kaffi. Du finn også alt du måtte trenge av vaskemiddel her, enten det er til kroppen, håret eller golvet.

Etikken har eit stort utval av varer i lausvekt, og tilbyr alt frå frukostblandingar, frø og nøtter, ulike mjøltypar, sjokoladar og anna søtt, til krydder. Vaskemiddel og ulike type såpe fåast kjøpt i lausvekt også.
Hos Etikken, som hos fleire Zero Waste-butikkar i Norge, kan du male opp ditt eige mjøl.

Miss Organic

Thomas Angells gate 13, 7011 Trondheim

Miss Organic er ein hud og velværebutikk der ein kan kjøpe reine oljer, ulike leirer, emballasjefrie såper eller kosmetikk som med refill. Det som er mest spennande med Miss Organic er at dei lagar hudoljer, massasjeoljer, skrubbar og badesalt til deg, spesialtilpassa di hud medan du er i butikken. Desse fyllast i glaskrukker. Når du har brukt opp produktet, kan du reingjere behaldaren godt, og ta den med deg tilbake til butikken for refill. Dei vurdera å utvide oljebaren, som dei kallar den, til Bystasjonen i Bergen. Dei har også ein nettbutikk dersom du ikkje har eit slikt tilbod i ditt område. Butikken har laga ei oversikt over kjemikalier du ikkje finn i deira produkt, og det inkludera parabena, SLS (Sodium Laureth Sulfate), Mineralolje (frå råolje/ petroleum), siloksan, PEG, Carbomer, Isopropyl Myristate, Isoprpoyl alcohol, Propyleneglycol og silikon.

Dersom du bruka sminke kan Baims vere noko for deg. Der kan du kjøpe refill og sminka er økologisk og vegansk.

LUSH

Dronningens gate 14, 7011 Trondheim

LUSH er ein butikk som sel hygiene og venleiksprodukt, og har butikkar rundt om i landet. Dette er eit alternativ for deg som ynskjer å redusere emballasje, men som set pris på parfymerte produkt og såper som gjev mykje skum. LUSH har fått kritikk for sin bruk av blant anna parfyme og SLS (Sodium Laureth Sulfate), som er kjemikaliet som bidreg til at hygieneprodukta dine skummar. Dei jobba no med å fjerne SLS frå sine produkt. Sjå LUSH sine eigen kommentarar om dette her. Dersom du ynskjer meir tekst om dette, er denne bloggposten fin (frå jan 2018).

Fleire av produkta blir kutta opp etter kva du treng, f.eks såpe til hud, hår og hender. Dei sel også deodorantar, lotion, ansiktsmasker og liknande i lausvekt. Dette er stort sett i fast form (ikkje flytande). Dei sel i tillegg produkt i flytande form, der du kan levere tilbake behaldaren når den er tom. Desse er laga av resirkulert plast, i staden for jomfruelege råvarer som er det mest vanlege. Dei oppfordra også kundane til å pakke inn gåver i sjal, i staden for tradisjonell gåveinnpakning.

Lush sel hennafarge, som du kan bruke til å farge håret. Produktet inneheld fleire ingrediensar i tillegg til henna, blant anna parfyme som kan innehalde pftalatar dersom ikkje anna er spesifisert av forhandlar (les meir om dette her). Dette er einaste emballasjefrie hennaproduktet eg har sett i butikkar i Norge. For informasjon om farging av hår med henna, kan denne posten vere noko for deg.

Te og kaffehuset

Dronningsgate 28, 7011 Trondheim

Eg hugsa første gong eg besøkte Te og kaffehuset i Trondheim. Eg fortalde dei i butikken om Zero Waste og at eg hadde lyst til å lage ein post om butikken på Grønare kvardag. Dette var kanskje i 2015-2016. Då sa dama i kassen at det var veldig artig at eg kom i nett no, fordi ho hadde nett tenkt på korleis dei kunne bidra til å redusere emballasje og oppmuntre kundane til å ta med eigen emballasje. Kjekt!

For kaffi og te-drankarar er dette butikken som gjev deg nett det du måtte ynskje i lausvekt. Du kan nytte din eigen emballasje og fylle på med det som måtte freiste. Personleg er eg stor fan av å ha ein grøn te, ein svart te og ein frukt-te om gongen, for so å kjøpe nytt når det er tomt. Te er i likskap med kaffi, ferskvare.

Prisane kan vere noko dyrare enn det du er vand med etter kva kvalitet du kjøper, men når ein kjøper te i god kvalitet treng ein mindre mengder, og teen blir difor dryg i bruk. Det beste er å bruke tette behaldarar når du handlar te og spesielt kaffi. Dersom du har ein boks du brukar til kaffien heime, kan du bruke den til å kjøpe kaffi i også.

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Alle foto: Kristine Ullaland