[Oppskrift] Flekkfri med mild kjemi

Kommersielle flekkfjernarar er nokre av verstingane når det kjem til bruk av sterke kjemikaliar. Her finn du gjerne sterke og det som har blitt uønska kjemikaliar for mange. Det er fleire moglegheiter når du skal lage eigen flekkfjernar, so tilpass gjerne til kva ingrediensar du har tilgjengeleg heime eller i ditt nærområde. Som du sikkert allereie veit, er det viktigaste trikset for å bli kvitt flekkar på tekstil nemleg å behandle flekken so fort som mogeleg. Ein god nummer to er å ha ein god flekkfjernar for hand!

Eg er ein søler. I mange år var det eit mysterium kvifor eg søler so mykje, men ein vennleg sjel informerte meg om grunnen til dette. Eg likar nemleg å ete bakoverlent. Difor får gjerne ikkje tallerkenen den funksjonen den har for andre. Eg har blitt bedre til å lene meg framover når eg et, men eg definera meg framleis som ein søler. Når uhellet er ute er det heldigvis mogeleg å gjere noko (som i dag, då eg søla olje på mi favorittbukse!). Har du ein flekk du må fjerne? Her finn du oppskrift til flekkfjernar.

Slik lagar du din eigen flekkfjernar

Flekkfjernar med glyserin

2 ss. flytande castilsåpe (castilsåpe kan lagast frå grunnen om du ynskjer)

2 ss. flytande plantebasert glyserin

3/4 kopp vatn

5 dråpa eterisk olje av sitron

Foto: Anshu A – Gjenbruk gjerne ei rein flaske med pipette til eterisk olje, dersom de vel å lage den sjølv.

Bland saman ingrediensane godt og hell over i ei sprayflaske av glas.

Bruk direkte på flekk (gjerne på undersida av flekken om det er mogeleg) og la det stå ein time, før du vaskar tekstilen.

Kvar kjøpe ingrediensane og kva emballasje kjem dei i?

Castilsåpe kan i nokre tilfelle kjøpast i medbrakt emballasje på Zero Waste-butikkar, men selgast oftast i resirkulerbar plastemballasje. Dersom du ikkje har Zero Waste-butikk, eller semi-Zero Waste-butikk i ditt nærområde er din lokale helsekost ein stad du mest truleg finn castilsåpe. Dette er ei mild såpe som ofte blir brukt som base i heimelaga reingjeringsprodukt og personleg hygieneprodukt. Eg vil anbefale at du kjøper utan parfyme dersom du har moglegheitene, for eksempel Dr. Bronner’s Baby Unscented Liquid Soap (kjem i plastflaske). Då kan du heller parfymere dei ulike produkta du lagar som du vil, dersom du vil ha lukt.

Plantebasert glyserin

Plantebasert glyserin er også noko du vil få kjøpt hos fleire Zero Waste-butikkar og semi-Zero Waste-butikkar, ettersom dette også er ein ingrediens ein ofte finn i heimelaga produkt. Glyserin er mjukgjerande og fuktigheitsbevarande, og mykje brukt i kosmetikk. Du kan også finne denne ingrediensen i mat og drikke. Har du ikkje eit lokalt Zero Waste-tilbud, sjekk ut din lokale helsekostbutikk, eller butikkar som spesialiserer seg på hobby (for eksempel heimelaga kremar etc.). Glyserin er drøy i bruk, so du kan gjerne begynne med ei mindre mengde og heller kjøpe meir når du er tom. Om du ikkje finn plantebasert glyserin emballasjefri, kan du kjøpe det i emballasje frå SunVita (plast med metallkork) (Kinsarvik helsekost) eller i glas frå Rømer (merk – ikkje spesifisert at dette er plantebasert – so sjekk det ut før kjøp).

Eterisk olje av sitron

Har du laga litt oppskrifter før, kan du kanskje føle inspirasjon til å lage eterisk olje av sitron frå grunnen(anbefaler at du brukar økologisk). Er du ny på å lage eigne produkt anbefala eg at du heller kjøpe eterisk olje av sitron på din lokale helsekostbutikk. Dei kjem vanlegvis pakka i glasbehaldar med plastkork. Sjå video under for inspirasjon til heimelaga eterisk olje av sitron.

Flekkfjernar med hydrogenperoksid

Oppskrifta til denne flekkfjernaren er ganske lik den over, men i staden for plantebasert glyserin, er stjerna her hydrogenperoksid (hydrogen peroxide). Hydrogenperoksid blir brukt til å bleike ull, hår og tenner (for å nemne noko), er antiseptisk og skal vatnast ut. Var du ein av dei som var til tannlegen under pandemien, måtte du truleg skylje munnen i hydrogenperoksid.

1/4 kopp hydrogenperoksid

2 ss. flytande castilsåpe

20 dråpa eterisk olje av sitron

Bland ingrediensane godt saman og hell over på flaske. Bruk behandlinga til flekk, vent ein time og vask tekstilen.

OBS – hugs at sarte tekstil kan vere ømfintlege for flekkfjernar. Hydrogenperoksid blir som nevnt over brukt til å bleike. Bruk skjønn!

Oppbevar flekkfjernaren i ei brun eller blå sprayflaske av glas (viktig for å unngå at hydrogenperoksida oksiderer).

Kvar kjøpe ingrediensane og kva emballasje kjem dei i?

Hydrogenperoksid kjøpast på apoteket, og kjem i glasbehaldar.

Merk flaskene godt!

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Charlotte Harrison

Kommenter innlegget