Zero Waste-vennleg snop

I motsetning til det mange trur, er faktisk emballasjefri snop noko av det lettaste du kan få tak i når du ynskjer å kjøpe emballasjefritt. Vi snakkar sjølvsagt om smågodt! Heldigvis er det også meir sukkerfrie alternativ. Sjå enkle tips og oppskrifter som kan gjere helga ekstra hyggeleg.

Tørk sesongvarer

Du kan bruke tørrluftsfunksjonen på steikeovnen eller frukttørkar (du kan leige frukttørkar på hygglo) til å lage dei mest smakfulle ting. Tørka epler eller bananer er kjente klassikarar. Skjer frukta i jamne skiver slik at dei tørka so likt som mogeleg. Grønnkålchips er også veldig godt og enkelt å lage.

Både eple, banan og anna frukt får du kjøpt utan emballasje i din lokale nærbutikk. Du kan kjøpe dei utan medbrakt pose eller med medbrakt pose. Tørka eple kan lagrast på tett glas, men grønnkålchips er best å ete same dag.

Sjå oppskrift på eplechips her, og oppskrift på grønnkålchips finn du her.

Foto: Ronit Shaked / Tørka grønnkål

Kjenner du ikkje på motivasjonen til å tørke frukt, finn du også ofte tørka frukt og nøtter i lausvekt i butikk. Sjå etter dispenserar frå Den Lille Nøttefabrikken. Sjølv om det står boksar til å fylle nøtter i, kan du heilt fint bruke din eigen, medbrakte pose. Det er også ganske vanleg at butikkar tilbyr mandlar og dadlar i lausvekt, men min personlege erfaring er at desse ofte er ganske tørre, fordi dei ofte har lav rotasjon og ikkje blir oppbevart lufttett.

Som nevnt i introduksjonen, er smågodt noko av det enklaste å kjøpe i lausvekt. Det er også lågare kilopris på smågodt enn tilsvarande godteri pakka i emballasje. På same måte som med kjøp av nøtter i din daglegvarebutikk, kan du heilt fint bruke din eigen pose til å handle smågodt. Mest truleg vil dei i kassa reagere positivt og spør kvar du har fått tak i den fine posen din.

Ynskjer du å lage din eigen emballasje?

Det er enkelt å lage eigen emballasje som du kan bruke når du handlar mat. Alt du treng er tekstil du kan avsjå og ei symaskin. For mål og framgangsmåte, sjå tidlegare publisert oppskrift på dette her.

Popkorn

Den beste snopen eg veit er heimelaga popkorn. Det får du i lausvekt om du har ein lokal Zero Waste-butikk, alternativ får du den i kilopakke hos din lokale internasjonale matforhandlar, eller i ein mindre pakke hos din lokale daglegvarebutikk. Popkorn kan steikast i både smør, olje eller kokosolje, alt etter dine preferansar. Er det lenge sidan du har stekt popkorn sjølv, hugs å ta fire popkorn i gryta og vent til dei poppar, ta dei ut, og tøm resten av popkornet i gryta. Då veit du at gryta er varm nok til at popkornet kan begynne å poppe. Det mest vanlege er å salte popkornet, men noko som er utruleg godt er å mikse paprikapulver med litt kvitløkspulver og raust med næringsgjer (alt får du på din lokale Zero Waste-butikk, alternativt på butikk for internasjonal mat i større kvantum pakka i rein plast, eller glas med plast fra vanleg daglegvarebutikk). Er din livrett taco, kan du eksperimentere med spisskummen, paprika og salt. Kanskje det berre er meg men eg synst popkorn kler det meste! Best nystekt, men kan oppbevarast på tett glas.

Foto: Eduardo Casajús Gorostiaga

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Lumitar

Kommenter innlegget