[DIY] Søppelfri salve for klatrehender

Klatring er ein aktivitet som tære på handflata, og du får gjerne raskt ru og tørr hud. Ein feit salve med bivoks kan vere ein god redning, og dersom du har laga nokre av dei andre oppskriftene her på Grønare kvardag, har du kanskje allereie alle ingrediensane i skapet heime. Oppskrifta er grunnleggande, og du kan gjerne prøve deg fram med andre oljer om du ynskjer å bruke det i staden for olivenolje. Jojobaolje, avokadoolje og kokosolje kan vere gode alternativ. Hvetekimsolje, som er rik på E-vitamin, er også eit godt alternativ. Oppskrifta er antiseptisk og held lenge.

Fordelen med å lage sin eigen salve

Det er fleire fordelar med å lage sin eigen salve. Du har full kontroll på kva ingrediensar salven inneheld og kan velge ingrediensar basert på dine haldningar og verdiar. Du kan etter kvar som du blir meir erfaring, justere oppskriftene slik at dei passar dine behov og preferansar. Mange av oppskriftene du finn på Grønare kvardag består av dei same ingrediensane, men med ulike blandingsforhold. Det betyr at du får mange ulike produkt av dei same ingrediensane, noko som også er økonomisk gunstig.

Foto: Kristine Ullaland. Salven blir kvit og er har ein hard konsistens. Den egnar seg derfor også som fuktbar (som eit såpestykke), dersom du føretrekke det.

For å lage din eigen klatresalve treng du:

Shea-smør (shea butter) – 20 gram

Kan kjøpast hos din lokale Zero Waste-butikk eller helsekostbutikk. Kjem vanlegvis i glas med lokk i metall. Kjøp rå og uraffinert sheasmør, dersom du har dette tilgjengeleg. Alternativ to er å bruke raffinert sheasmør.

Olivenolje – 20 gram

Olivenolje (ekstra jomfruolje/ extra virgin oil) får du stort sett i glas eller metall hos din lokale daglegvarebutikk. Hugs at olivenolje bør oppbevarast i farga glas eller lystett behaldar (som tildømes metall). Står valet mellom ei blank flaske og ei brun flaske jomfruolje, velg alltid den brune flaska. Den vil ha betre haldbarheit og innhaldet er stort sett av høgare kvalitet. Nokre Zero Waste-butikkar sel også olivenolje i lausvekt, dersom du ynskjer å kjøpe oljen i eigen behaldar. Internasjonale matbutikkar sel gjerne olivenolje i større dunkar. Dette er kostnadseffektivt dersom du brukar mykje olivenolje. Dunkane er i metall og er lystette. Du kan sortere dei som metall etter bruk eller bruke ein boksopnar til å opne toppen, og bruke behaldaren til ein plante.

Bivoks – 20 gram

Bivoksen eg har brukt (som du ser på bilde) kjøpte eg før det blei kjent at det er mangel på norsk bivoks. Du vil derfor ikkje få tak i bivoks som ser lik ut (med mindre den er importert frå utlandet), ettersom den per i dag er forbeholdt norske birøktarar. Det er likevel mykje god bivoks å få tak i. Dette kan du finne på lokale Zero Waste-butikkar, kosthaldsbutikkar og hobbybutikkar (digitalt alternativ). Kjøper du bivoks fra din lokale hobbybutikk, sjekk at bivoksen kan brukast til kosmetikk.

Foto: Kristine Ullaland. Bivoks før smelting.

Tetreolje (tea tree oil) 1 dråpe

Tetreolje seiast å vere antiseptisk, og har røter til den australske urbefolkninga, Aboriginane. Tetreolje får du kjøpt fleire stadar, frå kosthaldsbutikkar til butikkar som The Body Shop. Merk at tetreoljen er svært sterk og må blandast ut etter anbefalinga på flaska til oljen. Nokre aktørar har allereie blanda ut olja, so sjå på etiketten på flaska før du brukar den, slik at du ikkje risikera at du får for høg konsentrasjon av tretreolje i kremen. Kjøper du den rein, ver merksam på at den er giftig ved små mengder og må derfor handterast med forsiktigheit. Er du ikkje so erfaren med heimelaga oppskrifter til hud og hår, anbefalast det at du kjøper ferdigutblanda løysing først. Eg meina å hugse at The Body Shop sin versjon er ferdigutblanda, men sjekk dette direkte ved eventuelt kjøp. Behaldaren kjem i glas med plastskrukork.

Sitrongras (Lemon gras) – 1 -3 dråpar (kan sløyfast)

Sitrongras blir ofte brukt saman med tetreolje, for å bidra til at den luktar godt. Sitrongras har ein frisk duft og blir brukt i produkt til velvære og vasking. Du treng ikkje sitrongras for denne oppskrifta, men personleg synast eg at den blir endå betre. No er dog sitrongras ein av mine favorittlukter. Behaldaren kjem i glas med plastskrukork, og du får stort sett kjøpt dette på din lokale helsekost.

Slik går du fram

For å smelte bivoksen, treng du eit dampbad – also ei skål som toler varme, som du kan sette i ein kjele med oppvarma vatn. Det er ein fordel å varme opp bivoksen sakte, gjerne på halv varme, saman med sheasmøret. Rør inn olivenoljen, eller den oljen du har valgt, når bivoksen og sheasmøret er smelta. Tilsett so tetreoljen og eventuelt sitrongrasoljen. Rør blandinga godt saman og hell den over i eit glas med tett lokk og sett det kjølig/ i kjøleskapet.

Foto: Kristine Ullaland. Slik vil fuktbar-versjonen sjå ut, dersom du vel å lage salven slik. Oppbevar i ein tett boks for lengre haldbarheit.

Dersom du føretrekke fuktbar – kan du helle blandinga over i ei såpeform i silikon, isbitform i silikon eller eventuell ein tom melkekartong. Dersom du vel sistnevnte, kan du med fordel tredoble oppskrifta, slik at såpebaren får litt fylde og ikkje blir for tynn og brekk med ein gong. Personleg likar eg å prøve produkt før eg lagar større mengder, men dersom du føler deg sikker på at dette er ei oppskrift som passar dine behov kan du fint lage ein større mengde.

Ettersom salven inneheld bivoks og tetreolje, har den vanlegvis svært god haldbarheit og kan fort halde eit år. Men som med alle heimelaga produkt, bruk skjønn. Dersom produktet endra lukt eller farge, kan det bety at den har blitt dårleg.

Bruk

Dersom du lagar denne som fuktbar, kan du gni den i hendene og gje gjerne salva nokre minutt å trekke inn i huda. Har du salven i eit glas, kan du skrape av ein bit og gni i handflata. Salven smeltar når den blir oppvarma av hudflata.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Gregory Hayes

Kommenter innlegget