Ei grønare jul

Jula nærmar seg med stormskritt, men korleis forene årstida som trona forbruksstatistikken med din berekraftige livsstil? Få tips til korleis du kan feire meir i tråd med Zero Waste, med desse enkle tipsa.

I år er nok mange meir svoltne enn nokon gong på å kunne feire med familie og vener, etter to år med pandemi. Og etter eit eller to år der ein kanskje ikkje har kunne feira som før, gir det jo opning til å kunne etablere nye vaner, som kan bidra til mindre søppel i høgtida. Det er nemleg forska ein del på dette med endring av vaner. I følgje boka «How to Change» av Kathy Milkman (2021) kan ein ny start vere ein katapult for endring. Det kan vere små eller store ting, som for eksempel starten på eit nytt semester, eit nytt år, ei ny veke, ein ny bolig og so vidare. So med andre ord, i år er ein gyllen anledning å få med deg familievener og andre du feirar med, til å gjere små eller større endringar i ein grønare retning. Vel ut ein eller fleire av tipsa under, og hugs at progresjon er viktigare enn perfeksjon!

Berekraftig julepynt

Led-lys som julebelysning

Dersom du har gamle julelys, kan det vere på tide å skifte til led-lys. Desse brukar i snitt 75% mindre energi. Det anbefalast også å bruke ein timer på julelysa, slik at dei ikkje står på meir enn nødvendig. Dette er også i tråd med anbefalingane frå brannvesenet for å førebygge brann. Du får no tak i veldig gode og brukarvennlege timerar, som du kan styre med telefonen. Når du ikkje lenger treng timeren til julepynten, kan du flytte den over til andre gjeremål som er nyttige andre deler av året. Kanskje du vil at kaffetraktaren skal starte å trakte kaffi når du vaknar, eller at ladaren på mobilen skal skru seg av etter 2 timar. Personleg har eg timer knytta til alt av elektrisk utstyr som eg brukar på jobb, for å unngå å sitte lengre enn eg skal. Slit du med det same? Då kan dette vere ei god løysing for deg også.

Heimelaga pynt til treet og anna juledekorasjon

Å samle fleire for å lage julepynt kan vere ein koselig aktivitet, og det er mykje fint ein kan lage av ting ein enten har heime eller har i naturen rundt seg. Har du tatt vare på julepapiret frå i fjor? Lag fin dekorasjon av den!

Andre idear til heimelaga julepynt er julestjerner til tre av pinnar, tørka frukt til treet, pynta pepperkaker med snor i, og kongler. Det er ingen ting i vegen med å kjøpe julepynt, men tenk langsiktig og vel noko du vil bruke over lengre tid. Det er også veldig mykje fint på bruktmarkedet, so sjekk for eksempel ut Finn.no for ditt favorittmerke eller stil.

Innpakning av julegåver

Eg har tidlegare laga fleire postar om kva du kan gje i staden for fysiske gåver, men dersom du skal gje fysiske gåver i år, kan du pakke dei inn gamle sjal, tøyposer og du kan gjenbruke julepapir frå gåver du har fått sjølv. Dersom du skal gje gåver til nokon der det ikkje passar med tøy som emballasje, kan du bruke gråpapir. Aviser kan også fungere som emballasje, og det er mogeleg å gjere det fint og koseleg, sjølv om du kanskje rynkar litt på nasa når du les dette. Eg lovar!

Er du ein som samlar på esker, som du kanskje eigentleg ikkje treng? Då kan dette også fungere som ein fin innpakning. Den japanske innpakningsteknikken furoshiki er populær blant mange som engasjera seg i Zero Waste. Det er ein måte å bruke sjal til å pakke inn gåver, og du kan bruke eit heilt enkelt, vanleg sjal, eller ein formsydd pose. Kanskje gåva kan pakkast inn i seg sjølv? Eg er skamlaus, og ikkje framand for å be om emballasjen tilbake, dersom eg ynskjer det, men det er lettast med personar som du feirar saman med eller når du gjev ein fødselsgåve, barselsgåve etc. og er der når pakken blir pakka opp. Dersom du likar å sy, kan du sy ein tøypose til å bruke for emballasjefri handel og pakke inn gåva med den. Du finn oppskrift på slike posar her.

Det er også lov å stille spørsmål om gåva treng innpakning.

Unngå å gje gåve som blir returnert

Det kan opplevast som litt direkte å be eller gje ei ynskjeliste til dei du skal utveksle gåver med, men det er faktisk eit aukande problem med retur av varer, då spesielt varer som er kjøpt på nett. Ein måte å unngå å gje ei gåve som vil bli bytta er rett og slett å få direkte beskjed kva folk ynskjer seg til jul, og gjerne so spesifikt som mogeleg. Eksempel på det er farge, fasong, merke eller anna er viktig. Er ynskje «ein rød sokk» eller eit spesifikt par røde sokkar frå ein spesifikk butikk? Klesbransjen er av dei bransjane som sel mest før jul, etter daglegvarebutikk, og det er venta at dei får ein del returar etter jul, sjølv om vi dessverre ikkje har spesifikke tal. Er du sikker på størrelsen du skal kjøpe? Slike ting kan vere lurt å dobbeltsjekke.

Foto: Getty Image. Det kan fort bli gåvebonanza når ein skal gje gåver til born. Tenk langsiktig når du kjøper noko. Er du på budsjett kan du framleis tenke langsiktig. Er det dyrare gåver som står på ynskjelista, kanskje fleire kan slå seg saman om gåva?

Juletre – plast eller ekte? Kva er mest berekraftig?

Då vi var små og henta juletre i skogen, blei det henta nokre dagar før det skulle i hus, slik at snøen fekk tid til å smelte av før vi tok det inn. Når det først kom inn på lillejulafta for pynting, var det berre å passe på at det fekk nok vatn, slik at det ville vare til over nyttår. I dag begynne folk å pynte juletre tidleg i desember, og nokon allereie i november. Med mindre du har treet ditt i potte, vil ikkje ekte tre klare seg like lenge utan å drysse, samanlikna med eit plasttre. Plasttre har blitt meir og meir natturtru og det er ikkje alltid like lett å sjå om treet er ekte eller ikkje.

Forsking peikar litt i ulik retning når ein samanlikna ekte juletre mot plasttre, men i følgje The American Christmas Tree Association (2010)  tek det minst 10 år med bruk av eit plasttre før det er eit betre val enn eit ekte juletre. Nokre hevdar at treet må brukast i so mykje som 20 år, før det er eit betre val. Dersom du tenker at juletre i plast kan resirkulerast, må eg dessverre skuffe deg. Dei er oftast laga av PVC og kan ikkje bli resirkulert og vil bli restavfall den dagen treet kastast.

Ekte tre er heller ikkje heilt problemfrie. Det blir ofte argumentert for at ekte tre er eit godt val fordi tre tek opp carbon. Det er ueningheiter om tre faktisk tek opp meir karbondioksid enn dei slepp ut dei første 20 åra. Juletre blir kutta tidlegare enn dette, for å unngå at dei blir for store. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, sjekk ut denne rapporten; «The comparative Life Cycle Assesment (LCA) of Artificial vs. Natural Christmas Tree».

Foto: Osman Rana. Fun fact: Grantre får først kongler når den er 20-40 år.

For nokre er ikkje juletre so viktig, så då kan det vere eit alternativ å erstatte det med eit alternativt tree eller eliminere juletre som konsept.

Veiledningsliste for deg som står mellom plast og ekte tre:

  1. Er det viktig for deg å ha juletreet ståande framme i heile desember? – Ja/ Nei
  2. Dersom du kjøper eit juletre i plast, vil du bruke det i mist 10 år før du kastar det? – Ja/ Nei
  3. Har du oppbevaringsplass til eit nedpakka juletre i plast? – Ja/ Nei
  4. Går det fint å ha produkt i heimen som kan bidra til mikroplast? – Ja/ Nei

Dersom du fekk flest ja – passar juletre i plast best for deg. Fekk du flest nei passar ekte juletre best for deg. Dersom du går for ekte tre, kan du vurdere om du skal gå for ei i potte. Det er per i dag berre i mindre størrelsar, og fåast kjøpt hos aktørar som har større utval av planter. Spør gjerne om råd om korleis du best kan ta vare på treet om du får for potte, og hugs å venne treet til utetemperaturer gradvis når du sette det ut etter jul.

Les tidlegare post om juletre her.

Ynskjer deg ei riktig fin og litt meir berekraftig jul!

Alt godt,

Kristine

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og har blitt støtta gjennom Patreon til og med hausten 2022. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Mange av dykk har bidratt over lengre tid og gjort det mogeleg og Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Desse postane blir blant anna brukt i undervisning i skular, både i inn og utland. Takk!

Patreon er ikkje aktiv fra og med desember 2022, på grunn av andre prosjekt.

Toppfoto: Isabelle Kramer

Kommenter innlegget