Kategoriarkiv: gåver

Ei grønare jul

Jula nærmar seg med stormskritt, men korleis forene årstida som trona forbruksstatistikken med din berekraftige livsstil? Få tips til korleis du kan feire meir i tråd med Zero Waste, med desse enkle tipsa.

I år er nok mange meir svoltne enn nokon gong på å kunne feire med familie og vener, etter to år med pandemi. Og etter eit eller to år der ein kanskje ikkje har kunne feira som før, gir det jo opning til å kunne etablere nye vaner, som kan bidra til mindre søppel i høgtida. Det er nemleg forska ein del på dette med endring av vaner. I følgje boka «How to Change» av Kathy Milkman (2021) kan ein ny start vere ein katapult for endring. Det kan vere små eller store ting, som for eksempel starten på eit nytt semester, eit nytt år, ei ny veke, ein ny bolig og so vidare. So med andre ord, i år er ein gyllen anledning å få med deg familievener og andre du feirar med, til å gjere små eller større endringar i ein grønare retning. Vel ut ein eller fleire av tipsa under, og hugs at progresjon er viktigare enn perfeksjon!

Berekraftig julepynt

Led-lys som julebelysning

Dersom du har gamle julelys, kan det vere på tide å skifte til led-lys. Desse brukar i snitt 75% mindre energi. Det anbefalast også å bruke ein timer på julelysa, slik at dei ikkje står på meir enn nødvendig. Dette er også i tråd med anbefalingane frå brannvesenet for å førebygge brann. Du får no tak i veldig gode og brukarvennlege timerar, som du kan styre med telefonen. Når du ikkje lenger treng timeren til julepynten, kan du flytte den over til andre gjeremål som er nyttige andre deler av året. Kanskje du vil at kaffetraktaren skal starte å trakte kaffi når du vaknar, eller at ladaren på mobilen skal skru seg av etter 2 timar. Personleg har eg timer knytta til alt av elektrisk utstyr som eg brukar på jobb, for å unngå å sitte lengre enn eg skal. Slit du med det same? Då kan dette vere ei god løysing for deg også.

Heimelaga pynt til treet og anna juledekorasjon

Å samle fleire for å lage julepynt kan vere ein koselig aktivitet, og det er mykje fint ein kan lage av ting ein enten har heime eller har i naturen rundt seg. Har du tatt vare på julepapiret frå i fjor? Lag fin dekorasjon av den!

Andre idear til heimelaga julepynt er julestjerner til tre av pinnar, tørka frukt til treet, pynta pepperkaker med snor i, og kongler. Det er ingen ting i vegen med å kjøpe julepynt, men tenk langsiktig og vel noko du vil bruke over lengre tid. Det er også veldig mykje fint på bruktmarkedet, so sjekk for eksempel ut Finn.no for ditt favorittmerke eller stil.

Innpakning av julegåver

Eg har tidlegare laga fleire postar om kva du kan gje i staden for fysiske gåver, men dersom du skal gje fysiske gåver i år, kan du pakke dei inn gamle sjal, tøyposer og du kan gjenbruke julepapir frå gåver du har fått sjølv. Dersom du skal gje gåver til nokon der det ikkje passar med tøy som emballasje, kan du bruke gråpapir. Aviser kan også fungere som emballasje, og det er mogeleg å gjere det fint og koseleg, sjølv om du kanskje rynkar litt på nasa når du les dette. Eg lovar!

Er du ein som samlar på esker, som du kanskje eigentleg ikkje treng? Då kan dette også fungere som ein fin innpakning. Den japanske innpakningsteknikken furoshiki er populær blant mange som engasjera seg i Zero Waste. Det er ein måte å bruke sjal til å pakke inn gåver, og du kan bruke eit heilt enkelt, vanleg sjal, eller ein formsydd pose. Kanskje gåva kan pakkast inn i seg sjølv? Eg er skamlaus, og ikkje framand for å be om emballasjen tilbake, dersom eg ynskjer det, men det er lettast med personar som du feirar saman med eller når du gjev ein fødselsgåve, barselsgåve etc. og er der når pakken blir pakka opp. Dersom du likar å sy, kan du sy ein tøypose til å bruke for emballasjefri handel og pakke inn gåva med den. Du finn oppskrift på slike posar her.

Det er også lov å stille spørsmål om gåva treng innpakning.

Unngå å gje gåve som blir returnert

Det kan opplevast som litt direkte å be eller gje ei ynskjeliste til dei du skal utveksle gåver med, men det er faktisk eit aukande problem med retur av varer, då spesielt varer som er kjøpt på nett. Ein måte å unngå å gje ei gåve som vil bli bytta er rett og slett å få direkte beskjed kva folk ynskjer seg til jul, og gjerne so spesifikt som mogeleg. Eksempel på det er farge, fasong, merke eller anna er viktig. Er ynskje «ein rød sokk» eller eit spesifikt par røde sokkar frå ein spesifikk butikk? Klesbransjen er av dei bransjane som sel mest før jul, etter daglegvarebutikk, og det er venta at dei får ein del returar etter jul, sjølv om vi dessverre ikkje har spesifikke tal. Er du sikker på størrelsen du skal kjøpe? Slike ting kan vere lurt å dobbeltsjekke.

Foto: Getty Image. Det kan fort bli gåvebonanza når ein skal gje gåver til born. Tenk langsiktig når du kjøper noko. Er du på budsjett kan du framleis tenke langsiktig. Er det dyrare gåver som står på ynskjelista, kanskje fleire kan slå seg saman om gåva?

Juletre – plast eller ekte? Kva er mest berekraftig?

Då vi var små og henta juletre i skogen, blei det henta nokre dagar før det skulle i hus, slik at snøen fekk tid til å smelte av før vi tok det inn. Når det først kom inn på lillejulafta for pynting, var det berre å passe på at det fekk nok vatn, slik at det ville vare til over nyttår. I dag begynne folk å pynte juletre tidleg i desember, og nokon allereie i november. Med mindre du har treet ditt i potte, vil ikkje ekte tre klare seg like lenge utan å drysse, samanlikna med eit plasttre. Plasttre har blitt meir og meir natturtru og det er ikkje alltid like lett å sjå om treet er ekte eller ikkje.

Forsking peikar litt i ulik retning når ein samanlikna ekte juletre mot plasttre, men i følgje The American Christmas Tree Association (2010)  tek det minst 10 år med bruk av eit plasttre før det er eit betre val enn eit ekte juletre. Nokre hevdar at treet må brukast i so mykje som 20 år, før det er eit betre val. Dersom du tenker at juletre i plast kan resirkulerast, må eg dessverre skuffe deg. Dei er oftast laga av PVC og kan ikkje bli resirkulert og vil bli restavfall den dagen treet kastast.

Ekte tre er heller ikkje heilt problemfrie. Det blir ofte argumentert for at ekte tre er eit godt val fordi tre tek opp carbon. Det er ueningheiter om tre faktisk tek opp meir karbondioksid enn dei slepp ut dei første 20 åra. Juletre blir kutta tidlegare enn dette, for å unngå at dei blir for store. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, sjekk ut denne rapporten; «The comparative Life Cycle Assesment (LCA) of Artificial vs. Natural Christmas Tree».

Foto: Osman Rana. Fun fact: Grantre får først kongler når den er 20-40 år.

For nokre er ikkje juletre so viktig, så då kan det vere eit alternativ å erstatte det med eit alternativt tree eller eliminere juletre som konsept.

Veiledningsliste for deg som står mellom plast og ekte tre:

  1. Er det viktig for deg å ha juletreet ståande framme i heile desember? – Ja/ Nei
  2. Dersom du kjøper eit juletre i plast, vil du bruke det i mist 10 år før du kastar det? – Ja/ Nei
  3. Har du oppbevaringsplass til eit nedpakka juletre i plast? – Ja/ Nei
  4. Går det fint å ha produkt i heimen som kan bidra til mikroplast? – Ja/ Nei

Dersom du fekk flest ja – passar juletre i plast best for deg. Fekk du flest nei passar ekte juletre best for deg. Dersom du går for ekte tre, kan du vurdere om du skal gå for ei i potte. Det er per i dag berre i mindre størrelsar, og fåast kjøpt hos aktørar som har større utval av planter. Spør gjerne om råd om korleis du best kan ta vare på treet om du får for potte, og hugs å venne treet til utetemperaturer gradvis når du sette det ut etter jul.

Les tidlegare post om juletre her.

Ynskjer deg ei riktig fin og litt meir berekraftig jul!

Alt godt,

Kristine

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og har blitt støtta gjennom Patreon til og med hausten 2022. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Mange av dykk har bidratt over lengre tid og gjort det mogeleg og Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Desse postane blir blant anna brukt i undervisning i skular, både i inn og utland. Takk!

Patreon er ikkje aktiv fra og med desember 2022, på grunn av andre prosjekt.

Toppfoto: Isabelle Kramer

Svolten på ei grønare jul?

Det er små og store ting ein kan gjere for seg sjølv og andre for å få ei grønare jul. Bli inspirert til å finne idear som engasjera deg til å gjere jula litt grønare. Kanskje romjula i år er tida for å planlegge nye vaner for det nye året?

1. Dersom du tek i mot julegåver, lag ei ynskjeliste med ting du faktisk treng og ynskjer deg.

Be dei du skal gje gåver om å gjere det same. Mange kan føle at det er ubehageleg å lage ei ynskjeliste, og at ein skal vere fornøgd med gåva uansett kva ein får. Det er ein veldig fin tanke, men problemet er at vi i dag lev i overflod og dei aller fleste av oss har allereie alt for mykje ting. Personleg opplev eg det stressande å få fysiske gåver som ikkje kan etast eller drikkast, fordi eg har ikkje oppbevaringsplass og må då gje avkall på noko eg allereie har frå før.

Ein nyttig regel å tenke på når ein lagar ynskjeliste er – Kva vil den tingen vere for meg? Kor lenge/ mykje vil den vere i bruk? Kvar vil den ende når eg ikkje lenger treng den/ den blir øydelagt?

Kvalitet over kvantitet?

Tenk gjerne kvalitet over kvantitet. Er gåva du ynskjer det noko du ser føre deg at du vil bruke til den er utslitt? Kanskje gåva kan kjøpast brukt? I følgje Finn.no si eiga undersøking seier 8 av 10 at dei gjerne tek i mot brukte gåver. Har du noko liggande heime som du tenker andre kan ha glede av, er det ingen ting i vegen for å gje denne tingen som ei gåve heller.

Det er mange kodar knytt til gåver. Korleis verdsett du dei rundt deg? Kjenner du dei godt nok til å plukke ut den perfekte gåva? Kjenner dei deg godt nok til å gje deg den perfekte gåva? I følgje den franske sosiologen Marcel Mauss, har gåva ein høg sosial verdi for relasjonen mellom givar og mottakar, samt deira sosiale status. Men på trass det mange gjerne trur, er ikkje gåvas faktiske verdi er ikkje relatert til dette.

Opplevingar som gåve

Dersom du føler at du allereie har for mange ting er opplevelser og tenester ei fin gåve. Då er du også med på å støtte lokalmiljøet ditt. Kanskje du kunne tenke deg nokon til å hjelpe deg med vask av badet eller ein frisørtime, ein god middag eller ein sangtime? Tenk utanfor boksen på ting du kanskje ikkje ellers ville unna deg.

Her finn du enkle tips til gjenbruksgåver til deg sjølv eller personar du vil inspirere til ein grønare kvardag.

Her finn du inspirasjon til gåver i form av opplevingar, tenester eller mat.

Treng du inspirasjon til å handle lokale julegåver? Sjå post om alternativ frå Bergen.

2. Sei nei takk til julegåver

Dette med julegåver handlar like mykje om den som gjev gåver, som den som får, so du får kjenne på om dette er noko for deg. Dersom du gjev beskjed til dine vener og familie om at du ikkje ynskjer gåver, er det fordelaktig at du tek deg tid til å forklare litt i djupna kvifor du ikkje ynskjer å motta julegåver. Som eit kompromi kan du for eksempel be om ein donasjon i ditt navn til saker og aktørar som jobbar i tråd med dine verdiar. Mange av desse aktørane har trangt budsjett og er avhengige av økonomisk bistand.

År etter år kjem det nyheitssaker som seier at vi aldri har handla for meir i jula enn i år. NHO Service og handel estimera at vi vil bruke 118 milliardar kroner på gåver, mat og anna julerelaterte førebuingar i år. Sjølv om dette er eit estimat som er på 5% under estimatet for i fjor er det framleis svimlande høge summar. Reflekter over kva som er viktig for deg. Vil pengane som ellers ville gå til ein julegåve heller gjort seg godt som ein donasjon eller at de rett og slett ikkje gjev gåver i det heile?

Eit godt måltid saman kan vere vel so fin gåve som ein fysisk ting. Foto: Kelsey Chance

Dersom du er nerd og ynskjer å forstå dette med gåver på eit djupare nivå kan du sjekke ut Marcell Mauss si kjende bok The gift (kindle/ e-bok). Eit anna tema som kan vere interessant om du vil dykke ned i dette temaet er teoriar om kjærleiksspråk. I følgje Gary Chapman er gåvegjeving ein av fem kjærleiksspråk ( i tillegg til anarkjennande ord, tid for kvarandre, tenester og fysisk nærheit). Dersom gåvegjeving er kjærleiksspråket til ein eller fleire i din omkrets, vil det i større grad bli oppfatta som ein avvisning at du ikkje vil ta i mot gåver. Det vil vere desto viktigare å kommunisere kvifor dette er viktig for deg. Chapman sine teoriar kan vere eit godt verktøy for å i større grad forstå eventuell motstand blant dine nærmaste som du kan møte ved å takke nei til gåver.

3. Fråtsing av mat og matsvinn

Vi knyt lett minner til mat, og for mange er lukta av ribbe eit sikkert teikn på at jula er her. Det å ha overflod av mat i jula er noko som har følgt oss i mange generasjonar. Då skulle dei beste kakene på bordet og ingen gå svoltne frå bordet. Levestandaren generelt, når det kjem til konsum, er svært mykje høgare i dag enn det var berre for nokre tiår sidan, og dei aller fleste av oss går ikkje svoltne frå bordet, kvardag eller fest. For å halde matsvinn nede, kan det med fordel planleggast kva ein skal ete i jula og kven som skal ta med kva (og kor mykje), på same måte som ein gjerne gjer i kvardagen. Det betyr ikkje at ein treng å kalkulere nøyaktig mengde mat, men at ein har eit meir bevisst forhald til kva og kva mengde mat ein tek med seg inn i feiringa. Kjøp gjerne lokalmat i den grad du kan, for eksempel ved å nytte REKO-ringen, der bøndene sel direkte til sine kundar. Søk opp REKO på facebook og finn din lokale møteplass dersom du ikkje har gjort det allereie. Bondens marked og lokale utsal er også eit godt alternativ.

4. Bruk romjula på læring

Ta på deg noko behageleg, lag ein kopp med noko godt å drikke, og finn fram ei bok, ein film, serie eller podcast som engasjera og gjev deg nye tankar.

Det kjem stadig nye, engasjerande bøker, filmar, dokumentarar, podcastar og so vidare. Finn noko som du tenker er spennande og gjer det klart til jul, enten det er bok eller noko anna. Om du tenke deg om, har du kanskje allereie noko på lista som du kunne tenke deg å brukt tid på i jula.

Sjå tidlegare post med tips til TV-tips her, sjekk gjerne ut min podcast Zero Waste Nation (2020), som tek føre seg ulike Zero Waste-relaterte problemstillngar.

Eller har det kome veldig mange fine bøker som er berekraftsrelaterte, alt i frå korleis ta vare på tekstil, korleis lage kle, korleis leve meir berekraftig, berekraft i det store bilde og meir inspirerande bøker som gjev håp og engasjement. Sjølv har eg kosa meg mykje med bøkene til Anne Sverdrup-Thygeson og hennar artige måte å formidle kor viktige insektene er for oss og verda. Lettleste bøker om eit viktig tema.

For mange er også jula ei tid for refleksjon over året som har vore, og kva vi ynskjer ut av det nye året. Personleg likar eg å sette med ned og lage ein plan over kva eg vil dyrke i det nye året, og få ein oversikt over kva som må dyrkast når og når maten må haustast.

5. Bruk jula på å planlegge eit meir berekraftig år

Kanskje du kunne tenke deg å sykle på jobb i staden for å ta bilen til neste år? Eller ynskjer å utfordre deg sjølv til kjøpestopp, lage dine eigne hygieneprodukt, lære deg å sy, dyrke eller selge vekk ting du har hatt liggande over fleire år som du veit andre kan ha glede av.

Treng du motivasjon og inspirasjon, sjekk gjerne ut denne posten om korleis Zero Waset-livsstilen forenklar dine nyttårsforsett.

Uansett kva du vel, hugs å tenk over kvifor du ynskjer å endre ein eller fleire vanar i ein meir berekraftig retning. Ver ærleg med deg sjølv og skriv det gjerne ned. Det å endre vanar tek tid, og kvalitet er viktigare enn kvantitet <3.

Bruk romjula til å planlegge for eit grønare, nytt år. Foto: Ashlyn Ciara

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Tarynn M., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Markus Spiske

Zero Waste-oppskrifter for newbies

I følgje Framtiden i Våre hender vil vi i løp av vår livstid bruke 890 kilo hud- og hårprodukt. Berre på ein vanleg kvardag estimerast det at den gjennomsnittlege kvinna bruka 515 syntetiske kjemikaliar på kroppen, og at 60 prosent av desse blir absorbert av huda og inn i kroppen. Kva kan ein gjere for å redusere forbruket og eksponering av uynskte kjemikaliar?

For over ti år sidan fekk eg elveblest som ikkje gjekk over. Det varte i heile seks månadar. Det var fortvilande, sjølv om borna i barnehagen eg jobba i fant det endrande mønsteret i ansiktet mitt underhaldande. Alt eg ville var at det skulle gå over. Eg hugsa at eg sa dette til legen min, og han svarte meg at det det var berre å kartlegge alt eg putta i og på kroppen. Det var omfattande. Brått satt eg med ei lang liste med rare namn eg ikkje forstod. Det lettaste var faktisk å kutte ut produkt eg ikkje trong. Parfymane var det første eg kutta ut. Mange produkt kunne eg også enkelt lage sjølv, som såpe, og i nokre tilfeller berre bruke produkt som dei er – som kokosolje eller olivenolje til ansiktsvask.

Her får du enkle tips til korleis du kan lage såpe, tannkrem og deodorant av få ingrediensar; Kokosolje, kokosfeitt, kaustisk soda og natron.

Såpebar 

Forventa tidsbruk: 40 min. + 24 timar til herdring. Min. to veker modning.

Kvifor velje såpebar?

Såpebar har fått eit unødig dårleg rykte. Dersom ein tenker miljø er såpebar ein klar vinnar. Den er kompakt og lett å transportere. Den har ofte emballasje i papir, og er også lett å finne utan emballasje hos til dømes Reindyrka. Flytande såpe er mykje tyngre å frakte, noko som krev meir energi. Innpakninga til flytande såpe er også stort sett plast, som berre kan resirkulerast nokre få gonger (sjå tidlegare innlegg om plast). Les meir om såpe her.

anne-nygard-g3Bf4KzPjSQ-unsplash.jpg
Såpebar er dryg i bruk fordi du ikkje kan overdosere på same måte som ved flytande såpe. Spåpebar er derfor eit godt Zero Waste-alternativ. Pass på at den får tørke mellom bruk. Då vare den lenge. Foto: Anne Nygård.

Kva treng du

500 g. Delfiafett

150 g. Vatn

73 g. Kaustisk soda

5-10 ml. Luktolje (alternativt)

For framgangsmåte og informasjon om forhandlarar, sjå her. Det er svært viktig å følgje framgangsmåten nøye. Kaustisk soda er lut.

Kan brukast til: Hud, hår og hender. Lenge var dette einaste såpa vi hadde på badet. Den kan også brukast som barbersåpe. Sjekk gjerne ut tidlegare post om Zero Waste-barberhøvel, og lær korleis ein gjenbrukshøvel er betre for miljøet og lommeboka. Ta vare på såpestumpane og rasp dei opp til å bruke til vaskemiddel for kle.

Deodorant

Forventa tidsbruk: 5 min. + nedkjøling.

Kvifor lage deodorant sjølv?

Å lage deodorant heime er utruleg enkelt. Dei fleste som går over til heimelaga deodorant går sjeldan tilbake til kommersiell deodorant. Dette fordi den er effektiv mot lukt, enkel å lage, samstundes som den ikkje inneheld til dømes aluminium. Aluminium er stoffet som forhindra sveitte. Baksida er at du som forbrukar får dette stoffet i kroppen. Det er til no ikkje mykje kunnskap om korleis aluminium verkar på kroppen, men dyreforsøk viser at høge doser med aluminium kan gje skadar på nervesystemet hos vaksne mus og rotter, samt deira avkom (Vitenskapskomiteen for mattrygghet). Vi lev i ei tid med mange kunstige kjemiske stoff rundt oss og vi har dessverre lite kunnskap om korleis alle desse stoffa verkar saman, kjend som cocktaileffekten. Les meir om deodorant her.

DSC_0210
Eit tidlegare bilde av tannkrem og deodorant på hylla heime, saman med heimelaga mascara. Prøv deg fram og finn ut kva du likar. Foto: Kristine Ullaland

Kva treng du

3 ss. Natron

2 ss. Kokosolje

For framgangsmåte og informasjon om forhandlarar, sjå her. Hugs å la deodoranten tørke før du tek på deg kle.

Ps – treng du eigentleg deodorant? Nokon har behov for deodorant, nokre har ikkje. Det kan vere verdt å tenke over. Det finnast også andre deodorantar på marknaden som er meir naturlege, om du ikkje ynskjer å lage deodoranten sjølv (eller å slutte).

Tannkrem

Forventa tidsbruk: 5 min. + tid til nedkjøling

Eg byrja å lage tannkrem som ein stille protest til forslaget om gruvedrift i Naustdal kommune . Der er det funne store mengder rutil, som blir brukt til bleikjemiddel i tannkrem (NRK). Det finnast eit hav av ulike oppskrifter, og ein treng ikkje mange ingrediensar for å lage ein god tannkrem. Om ein ynskjer det veldig enkelt, kan ein faktisk bruke berre natron. Rådgjev deg gjerne med tannlegen din dersom du er usikker om dette er noko for deg.

Kva treng du

8 ss. Kokosolje

3 ss. Natron

20 dropar peparmynteolje, eventuelt appelsinolje for ein mildare smak (valfritt)

Tilsett fluor om du ynskjer

For framgangsmåte og informasjon om forhandlar, sjå her.

Hugs at naturleg ingredienser ikkje betyr at du ikkje kan reagere på det. Vis skjønn. Ynskjer deg masse lukke til!

For meir inspirasjon rundt DIY og hygiene, sjekk gjerne ut postane;  Zero Waste-Ansiktspleie, Zero Waste-fuktbar (feit krem til kroppen), Zero Waste-skrubb, leppepomade og korleis bruke leire til ansiktsmaske.

Heimelaga_hjemmelaget_Diy_leppepomade_lepsyl_Grønare kvardag_1
Leppepomade for såre lepper Foto: Kristine Ullaland

 

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Unwrapped – Zero Waste-butikk i Kristiansand

Zero Waste-butikken Unwrapped har på få år etablert seg i Arendal og i Kristiansand. Butikken tilbyr eit rikt utval av gjenbruksartiklar, forbruksvarer og tørrvarer. Både i Kristiansand og Arendal gar Unwrapped gått saman med andre aktørar, og tilbyr difor meir enn dei tradisjonelle Zero Waste-butikkane. Eit samarbeid med Kollektivet, ein bruktbutikk med røter i Kristiansand, har ført til at du også har moglegheit til å finne deg eit klesplagg som allereie er i produksjonssirkelen. Dette er meir berekraftig val en å kjøpe eit nytt plagg. Kollektivet formidlar også handverk av lokale kunstnarar og handtverkarar.

Kvinna bak dei to Unwrapped-butikkane er Megan Strand, som for 12 år sidan flytta til Norge frå oljehovudstaden Houston i Texas. Ho er no busett i Arendal. Eg deltok som foredragshaldar på TEDx Arendal i 2016, og fekk i etterkant ei hyggeleg melding av Megan, der ho fortalde at ho var ein av publikummet då eg tala om korleis vi som enkeltmenneskjer kan gjere verda meir berekraftig. Ho fortalde vidare at foredraget hadde vore med på å inspirert ho til å ta steget til å starte den første Zero Waste-butikken på Sørlandet, Unwrapped i Arendal. Det er viktig å hugse på at vi alle kan vere til inspirasjon for kvarandre. Eg er imponert over kva Megan har fått til og blir sjølv inspirert av henna arbeid og kva ho har fått til på kort tid.

Zero Waste – frå grasrotrørsle til dei store linjene

Då eg starta med å fremje Zero Waste på fulltid i april 2015, var det ingen Zero Waste-butikkar, og eg var usikker på kor mange som tenkte i same baner som Zero Waste. I dag finn ein slike butikkar i omlag alle dei største byane og fleire er under planlegging.

Grasrot-rørsla har vore i vekst over tid, og det gler meg å sjå at også næringslivet byrja å sjå verdien av å tenke Zero Waste i alle ledd. Eg møtte nyleg den leiande Zero Waste-akademikaren, Paul Connett, som so godt oppsummera Zero Waste som noko som angår alt frå våre eigne hender til dei store linjene som blir dradd av aktørar på kommunalt og nasjonalt plan.

Har du besøkt Unwrapped?

Bur du i Kristiansand eller Arendal, og ynskjer å redusere forbruk og handle berekraftig – då er Unwrapped staden å gå. Hugs å ta med din eigen emballasje. Sjølv om Unwrapped som andre Zero Waste-butikkar tilbyr papirposar, er det best å ta med eigne tøyposar og tom emballasje du har heime. Då spara du deg turar ut med resirkuleringa (og bosset). Papir blir i snitt resirkulert 8-10 gonger før det blir permanent avfall.

Unwrapped i Kristiansand (google maps)

Unwrapped, Kristiansand er ein oversiktleg butikk med eit godt utval av tørrvarer, refill av oljer til matlaging, godt utval av krydder i lausvekt og diverse gjenbruksartiklar til matlaging. I tillegg finn du ei mengde hygieneartiklar, fleire relativt lokale. Det er også noko artiklar til små born, som for eksempel tyggeleige i bomull og tre. Dei har ein avdeling bak i butikken med vintage kle i god stand. Eg fann sjølv eit fint blyantskjørt i rein ull til 300 kr, som eg allereie har brukt mykje. Mange vintagebutikkar har omlag utelukkande kle til kvinner, men her er det også ein grei størrelse på herreavdelinga.

Butikken ligg i eit koseleg området der det er mogeleg å setje seg ned og ta ein kaffi, om ein skulle ha lyst til det. Butikken føre vintage sjal i ulike kvalitetar, som passar ypparleg til å pakke inn gåver dersom du finn noko fint du vil gje vekk til bursdagar eller jul. Sjå Furoshiki for inspirasjon til innpakning ved bruk av sjal.  Om du ikkje allereie har tatt turen, håpa eg denne posten kan inspirere deg til å gjere nettopp det.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Alle foto, inkludert toppfoto: Kristine Ullaland

Kristines grøne julegåvetips

Personleg er eg stor fan av å kjøpe opplevingar som gåver, men det er ikkje alltid det passar. Her er seks enkle tips til julegåver i Zero Waste-ånd.

Tøyposar til lausvektsvarer

Små tøyposar kan brukast til lausvektsvarer når ein for eksempel skal kjøpe mat. Dei fleste daglegvarebutikk har meir lausvektsvarer enn ein skulle tru, og då passar desse posane fint. Dei er med på å eliminere bruken av unødvendig emballasje, samtidig som dei er med på å spare plass i søppla eller resirkuleringa. Du kan også enkelt lage dei sjølv, om du føretrekk det.

Ein god start til nokon som er ferske på Zero Waste er ein liten, tett pose som kan brukast til nøtter, dadlar, løk, ingæfer, godteri eller liknande. Og ein stor pose som kan brukast til frukt og grønt som ein gjerne kjøper større kvantum av, som appelsin eller eple.

Kvifor kjøpe tøypose?

Vi nordmenn kastar i snitt 433 kilo avfall i året. Det er dei små tinga i kvardagens som til saman utgjer dette talet. Det å bruke eigne posar er difor ein av fleire gode tiltak for å redusere sitt eige avfall. Kanskje du eller mottakaren av gåva igjen inspirera andre?

Pris: 35-95 per stk.

Kvar:  Zero Waste-butikkar, utvalde Bunnpris-butikkar, utvalde helsekostbutikkar.

Dersom du ynskjer å kjøpe dei på nett finn du det her.

Dersom du bur i Bergen anbefala eg posane til Reindyrka. Dei er sydd av attføringsbedrifta ALF og posane er laga av resirkulert tekstil. Då støttar du to gode saker i ein.

DSCF1635
Foto: Kristine Ullaland. Tøyposar som dette passa fint til frukt og råvarer som ein kjøper i større kvantum. For eksempel eple og appelsin.

Bakematte i silikon

Bakematte i silikon passar for dei som ynskjer å redusere forbruksartiklar på kjøkkenet. Bakematta kan brukast opp til 220 grader og ned mot -20 grader.

Kvifor bruke bakematte i silikon i staden for bakepapir?

Mat og bakepapir er ofte satt inn med fluorkarbon fordi det fråstøytte veske frå maten. Fluor er giftig både for oss og naturen vi omgjev oss med (sjå svanemerka bakepapir her). I følgje testar gjort av Nordisk råd kan fluoren smitte over frå papiret til maten den er i kontakt med. Myndigheitene kan per dags dato krevje å få sjå bevis på at kjemikaliane dei nyttar i bakepapir og andre forbruksartiklar som take-away-emballasje ikkje inneheld helseskadelege kjemikaliar. Dessverre gjeld denne ordninga berre for europeiske produsentar, og ikkje produsentar utanfor Europa.

Pris: 120,- (Jernia)

Kvar: Butikkar som sel kjøkkenartiklar.

NB. Sjå at matta er laga av silikon før du kjøper den.

Det er per dags dato ingen i Norge som resirkulera silikon. Nokre aktørar, som Agent M, tek i mot retur av silikon og sende det til USA når dei har samla opp stort nok volum. Les meir om korleis aktørar i USA resirkulera silikon her.

Jul_Jernia_Beeorganic.jpg
Foto: Produktillustrasjon frå leverandørane. Til venstre: drikkeflaske til småborn frå Bee Eco. Til høgre: Bakematte frå Jernia.

Drikkeflaske til born

Har du born på gåvelista di kan ei drikkeflaske i stål vere tingen. Clean Kanteen sine to flasker i størrelsar. 148 ml og 266 ml er fine flasker med tut i medisinsk silikon og er fri for uønska kjemikalier som BPA. Denne kan byttast ut etter kvart som barnet veks. Flaska er lett å halde og toler å bli kasta i bakken. Spesielt den minste flaska er lett å halde for små born og den er lett å reingjere.

Pris: Frå 209

Kvar: Bee Organic (nett). Fat og Fe i Oslo (Sagene) føre også denne. Tips gjerne om du veit om andre butikkar som sel denne.

Barberhøvel

I følgje EPA (Environmental Protection Agency) blir det kasta amerikanarane 2 milliardar barberhøvlar kvart år. USA har eit høgare forbruk en oss i Norge, men vi ligg ikkje langt bak, og det er naturleg å forvente at talet barberhøvlar som blir kasta årleg i Norge også er høgt. Ved å gå over til ein Safety Razor redusera du avfallet og dersom du kjøper ein høvel i metall, kan heile barberhøvelen resirkulerast når den ein gong ikkje lenger kan brukast. Barberblada er også svært rimelege samanlikna med vanlege barberblad. Du kan lese meir om Safety Razor her.

Pris: Brukt frå 150. Ny: Rundt 380 og oppover. Pris per blad 5-10 kr.

Kvar: Dei fleste barbersjappene sel barberhøvlar. Fleire butikkar med miljøfokus sel også dette. Om du vil kjøpe det på nett finn du det her.

NB. Hugs å gje beskjed om kva hud mottakaren av gåva har. Det er stor forskjell på blader til ein kvinnelegg, ein ung man som nett har begynt å barbere seg, og ein eldre mann som har barbert seg heile livet.

HFM
Safety Razor til høgre og barberkniv for dei meir avanserte til høgre. Bilde tatt på Bergen Barberstue som føre både Safety Razor og barberblad. Foto: Kristine Ullaland

Emballasjefri sjampo/ dusjsåpe og deodorant

Forbruksartiklar som sjampo, balsam, dusjsåpe og deodorant er klassikarar til folk ein er litt usikker på kva ein skal kjøpe til. Dette kan kjøpast emballasjefritt på fleire kosthaldsbutikkar, Zero Waste-butikkar og butikkar som Lush. Lush finn du i dei fleste storbyar. Dei tilbyr det meste av hygieneartiklar i lausvekt. Dette er produkt som passar personar som i dag brukar vanlege hygieneprodukt og er vande med parfymerte produkt, men ynskjer å redusere emballasje. Dei produkta som kjem i emballasje kan ein ta med tilbake til butikken, og så resirkulera Lush emballasjen. Lush er også ein aktør som er flinke på å bruke resirkulert plast i sin emballasje.

Pris: Frå 50 kr og oppover. Mange av produkta seljast i lausvekt og du kan då få mengde etter budsjett.

matthew-tkocz-422655-unsplash
Foto: Matthew Tkocz.

Kvar: Lush finn du i Oslo, Trondheim og Bergen. Dei har og utsal på nett.

Dersom du uansett må bestille på nett anbefala eg å sjekke ut Margrete. Ho føre milde produkt med fokus på miljø og emballasje.

Bokashikompost

Den urbane fermenteringskomposten bokashi har tatt Norge med storm. Grunnen til det er at den er billig samanlikna med dei tradisjonelle varm- og kaldkompostane vi har hatt i Norge, og fordi dei er lette å bruke. Bokashikompost treng liten plass og luktar lite. Du kan lese meir om kompostmetoden her.

Pris: Frå 999

Kvar: Her får du kjøpt bokashi i ditt nærområde.

Dersom du må kjøpe på nett finn du det her.

NB. Fleire kommunar tilbakebetalar utlegg for kompost med opp til 1000 kr. Dersom du gjev kvitteringa med gåva, kan mottakaren sjølv søke om å få tilbakebetalt for utlegget. 1000 kr og ein ny kompost er jo ei råflott gåve.

Lag Bokashi av kebabemballasje_Grønare kvardag_Zero Waste_
Dersom du ynskjer å gje nokon ein bokashikompost i gåve, men ikkje har budsjett til å kjøpe den, kan du lage det sjølv. Bøttene på bilde har eg fått gratis frå ein kebab-butikk. Dei passar fint under vasken.

Hugs at det mest miljøvennlege er å støtte din lokale butikk heller enn å handle på nett.

Har venene dine alt? Støtt gjerne Grønare kvardag på Vipps nr. 541618 eller folkefinansieringskanalen Patreon. For å få tilsendt ein pdf som du kan sende til den du har donert for, skriv inn mailen din i kommentarfeltet med merknad JULEGÅVE og namn på mottakaren av gåva. Ditt bidrag er viktig for at Grønare kvardag kan vekse i tråd med verdiane sida er bygd på. Grønare kvardag er fri for betalt reklame.

Toppfoto: Monika Stawowy

Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag, og Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Silje, Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin og Ida. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse.

Ynskjer deg og dine ei riktig god førjulstid!

Les også: Emballasjefrie julegåver og opplevingar som gåve.

 

Zero Waste-skjeggpomade DIY

Visste du at skjeggpomaden din enkelt kan byttast ut med ein heimelaga variant beståande av to ingrediensar? So enkelt kan det gjerast.

Skjeggpomaden er dryg i bruk, og den kan brukast til å temme lett uregjerlege hår på hovudet, so vel som i fjeset.

Som born drøymde eg faktisk om å få skjegg, slik at eg kunne løfte vekter med skjegget og sette verdsrekord. Det var ein av dei bragdene eg synst skilte seg ut då eg bladde gjennom Guinness rekordboka vi hadde heime, og tenkte for meg sjølv at ja, dette er noko for meg. Eg er litt usikker kva denne draumen kom av, då den må seiast å vere ganske ukonvensjonell. Kanskje det var fordi eg berre hadde brør?

Som vaksen kvinne synst eg det er heilt greitt å ikkje ha skjegg, men dersom eg hadde hatt skjegg, hadde eg nok brukt denne skjeggpomaden.

Ingrediensar

8 ss bivoks

8 ss kokosolje

1-8 dråpa eterisk olje (valfritt)

1 boks til pomaden

Alternativt – 1 del bivoks + 1 del kokosolje

Framgangsmåte

På same måte som når ein laga leppepomade, bivokspapir, skopuss eller andre oppskrifter med bivoks, må ein bruke vassbad for å smelte bivoksen. Varm opp ei kjele med vatn. Sett ei skål opp i kjelen slik at varmen frå vatnet varma opp skåla, som igjen føre til at bivoksen smelte. Bivoks kan vere vanskeleg å vaske av. Tenk difor gjennom kva utstyr du brukar når du lagar skjeggpomade, og vask utstyret i varmt vatn med ein gong du er ferdig.

Når bivoksen har smelta, bland inn kokosoljen og eteriske oljer (valfritt). Eteriske oljer av lavendel, furunål, sedertre (ofte merka cedarwood), peparmynte og bergamott er mykje brukt til skjegg. Ein dråpe gjev mykje duft, so ta heller få dråpar først, og rør inn meir dersom det er behov for det.

Spør gjerne din lokale forhandlar om råd dersom du er usikker kva eteriske olje som passa til deg, eller den som skal bruke pomaden.

Skjeggpomade_Grønarekvardag2_ed
Blandinga blir kvit når den stivnar. Her ser du den i eit marmeladeglas (ca. 30 ml). Det kan vere lurt å lage små porsjonar om gangen, slik at du får brukt opp alt før den blir dårleg. Det er også praktisk å porsjonere pomaden i små behaldarar på reise. Foto: Kristine Ullaland

Når du har rørt saman ingrediensane kan du helle over blandinga i boksen du skal oppbevare skjeggpomaden. Pomaden vil bli stiv so med mindre du bur i eit svært varmt klima, skal den ikkje smelte.

Haldbarheit: 6-9 månadar

Korleis bruke skjeggpomaden

Bruk fingeren til å ta ut ein klump på størrelse med ei ert og gni pomaden i hendene, før du stryke det over skjegget. Pomaden har lett hold og kan også brukast til å temme uregjerleg hår for skandinavisk hår. Dersom du ynskjer sterkare hold kan du auke mengda bivoks i oppskrifta.

Forhandlarar av ingrediensane

Bivoks – Kjøp det på din lokale helsekost. Nokre hobbybutikkar har også bivoks.

Kokosolje – Velassorterte daglegvarebutikkar sel kokosolje, so vel som Zero Waste-butikkar og helsekostbutikkar.

Eteriske oljer –  Lavendel, furunål, sedertre, pepermynte og bergamot får ein kjøpt på helsekostbutikkar. Forhøyr deg gjerne med legen din i forkant ang. bruk.

chuttersnap-185061-unsplash
Eteriske oljer av sedertre eller furunål gjev skjeggpomaden ei lukt av skog. Foto: Cuttersnap

Boks til skjeggpomaden – Sjå først kva du har heime. For eksempel passa boksen til Define Molding Clay i metall, fint til gjenbruk. Det same gjeld mange av dei mest vanlege voksbehaldarane for menn. Dersom du ikkje har, eller ikkje ynskjer å bruke ein behaldar du har heime, har fleire hobbybutikkar dette. Om du kjøpe det på nett kan du f.eks. kjøpe det her.

Når du laga produkt sjølv er det ofte lurt å velje lystette behaldarar eller mørke behaldarar, over gjennomsiktige behaldarar. Det forlenge haldbarheita. Eventuelt velgje små behaldarar og oppbevare den i eit skap, for eksempel på badet.

Som med alle hygieneartiklar anbefalast det å vere rein på hendene før bruk.

HFM
Safety razor får du kjøpt på Zero Waste-butikkar og dei fleste barbershops. Der finn du også eit godt utval av barberblad, tilpassa din hudtype. Foto: Kristine Ullaland

November- Movember: Sidan 2003 har menn og kvinner satt søkelys på prostatakreft, testikkelkreft og psykisk helse hos menn, gjennom den årlege kampanjen movember. Nokon spara ut ansiktshår medan andre går eller spring til inntekt for forsking og støtteprogram. Ynskjer du å lære meir om prostata- og testikkelkreft eller om menn si psykiske helse, anbefalast movember si nettside, som har mykje god informasjon.

Tips til vidare skjeggrelatert lesing: For deg som ynskjer ein Zero Waste-barberhøvel, anbefalast safety razor, som er ein barberhøvel som mest truleg vil vare livet ut. Det er også svært billig med nye barberblad, der prisen ligg på 5-10 kr per blad, i motsetning til kommersielle blad der prisen gjerne er 150 for ein pakke med fem blad. Barberhøvelen er ei fin gåve enten til farsdag, bursdag eller jul, og den tek seg godt ut på baderomshylla. Du kan lese meir om safety razor her.

Toppfoto: Allef Vinicius

Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag, og Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Silje og Synnøve. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse.

Ynskjer du å støtte Grønare kvardag, som er fri for betalt reklame? Støtt eller bli medlem gjennom folkefinansieringsportalen Patreon.

 

Lag din eigen skjegg- og hårpomade

Visste du at skjeggpomaden og hårpomaden din enkelt kan byttast ut med ein heimelaga variant beståande av to ingrediensar? So enkelt kan det gjerast.

Skjeggpomaden er dryg i bruk, og den kan brukast til å temme lett uregjerlege hår på hovudet, so vel som i fjeset.

Som born drøymde eg faktisk om å få skjegg, slik at eg kunne løfte vekter med skjegget og sette verdsrekord. Det var ein av dei bragdene eg synst skilte seg ut då eg bladde gjennom Guinness rekordboka vi hadde heime, og tenkte for meg sjølv at ja, dette er noko for meg. Eg er litt usikker kva denne draumen kom av, då den må seiast å vere ganske ukonvensjonell. Kanskje det var fordi eg berre hadde brør?

Som vaksen kvinne synst eg det er heilt greitt å ikkje ha skjegg, men dersom eg hadde hatt skjegg, hadde eg nok brukt denne skjeggpomaden.

Ingrediensar

8 ss bivoks

8 ss kokosolje

1-8 dråpa eterisk olje (valfritt)

1 boks til pomaden

Alternativt – 1 del bivoks + 1 del kokosolje

Framgangsmåte

På same måte som når ein laga leppepomade, bivokspapir, skopuss eller andre oppskrifter med bivoks, må ein bruke vassbad for å smelte bivoksen. Varm opp ei kjele med vatn. Sett ei skål opp i kjelen slik at varmen frå vatnet varma opp skåla, som igjen føre til at bivoksen smelte. Bivoks kan vere vanskeleg å vaske av. Tenk difor gjennom kva utstyr du brukar når du lagar skjeggpomade, og vask utstyret i varmt vatn med ein gong du er ferdig.

Når bivoksen har smelta, bland inn kokosoljen og eteriske oljer (valfritt). Eteriske oljer av lavendel, furunål, sedertre (ofte merka cedarwood), peparmynte og bergamott er mykje brukt til skjegg. Ein dråpe gjev mykje duft, so ta heller få dråpar først, og rør inn meir dersom det er behov for det.

Spør gjerne din lokale forhandlar om råd dersom du er usikker kva eteriske olje som passa til deg, eller den som skal bruke pomaden.

Skjeggpomade_Grønarekvardag2_ed
Blandinga blir kvit når den stivnar. Her ser du den i eit marmeladeglas (ca. 30 ml). Det kan vere lurt å lage små porsjonar om gangen, slik at du får brukt opp alt før den blir dårleg. Det er også praktisk å porsjonere pomaden i små behaldarar på reise. Foto: Kristine Ullaland

Når du har rørt saman ingrediensane kan du helle over blandinga i boksen du skal oppbevare skjeggpomaden. Pomaden vil bli stiv so med mindre du bur i eit svært varmt klima, skal den ikkje smelte.

Haldbarheit: 6-9 månadar

Korleis bruke skjeggpomaden

Bruk fingeren til å ta ut ein klump på størrelse med ei ert og gni pomaden i hendene, før du stryke det over skjegget. Pomaden har lett hold og kan også brukast til å temme uregjerleg hår for skandinavisk hår. Dersom du ynskjer sterkare hold kan du auke mengda bivoks i oppskrifta.

Forhandlarar av ingrediensane

Bivoks – Kjøp det på din lokale helsekost. Nokre hobbybutikkar har også bivoks.

Kokosolje – Velassorterte daglegvarebutikkar sel kokosolje, so vel som Zero Waste-butikkar og helsekostbutikkar.

Eteriske oljer –  Lavendel, furunål, sedertre, pepermynte og bergamot får ein kjøpt på helsekostbutikkar. Forhøyr deg gjerne med legen din i forkant ang. bruk.

chuttersnap-185061-unsplash
Eteriske oljer av sedertre eller furunål gjev skjeggpomaden ei lukt av skog. Foto: Cuttersnap

Boks til skjeggpomaden – Sjå først kva du har heime. For eksempel passa boksen til Define Molding Clay i metall, fint til gjenbruk. Det same gjeld mange av dei mest vanlege voksbehaldarane for menn. Dersom du ikkje har, eller ikkje ynskjer å bruke ein behaldar du har heime, har fleire hobbybutikkar dette. Om du kjøpe det på nett kan du f.eks. kjøpe det her.

Når du laga produkt sjølv er det ofte lurt å velje lystette behaldarar eller mørke behaldarar, over gjennomsiktige behaldarar. Det forlenge haldbarheita. Eventuelt velgje små behaldarar og oppbevare den i eit skap, for eksempel på badet.

Som med alle hygieneartiklar anbefalast det å vere rein på hendene før bruk.

HFM
Safety razor får du kjøpt på Zero Waste-butikkar og dei fleste barbershops. Der finn du også eit godt utval av barberblad, tilpassa din hudtype. Foto: Kristine Ullaland

November- Movember: Sidan 2003 har menn og kvinner satt søkelys på prostatakreft, testikkelkreft og psykisk helse hos menn, gjennom den årlege kampanjen movember. Nokon spara ut ansiktshår medan andre går eller spring til inntekt for forsking og støtteprogram. Ynskjer du å lære meir om prostata- og testikkelkreft eller om menn si psykiske helse, anbefalast movember si nettside, som har mykje god informasjon.

Tips til vidare skjeggrelatert lesing: For deg som ynskjer ein Zero Waste-barberhøvel, anbefalast safety razor, som er ein barberhøvel som mest truleg vil vare livet ut. Det er også svært billig med nye barberblad, der prisen ligg på 5-10 kr per blad, i motsetning til kommersielle blad der prisen gjerne er 150 for ein pakke med fem blad. Barberhøvelen er ei fin gåve enten til farsdag, bursdag eller jul, og den tek seg godt ut på baderomshylla. Du kan lese meir om safety razor her.

Toppfoto: Allef Vinicius

Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag, og Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Silje og Synnøve. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse.

Ynskjer du å støtte Grønare kvardag, som er fri for betalt reklame? Støtt eller bli medlem gjennom folkefinansieringsportalen Patreon.

 

Lag din eigen leppepomade

Ynskjer du å lage verdas mest populære skjønnheitsprodukt heime? Det er lettare enn du trur og mange av ingrediensane har du kanskje allereie? Dersom du ikkje er klar for å lage din eigen leppepomade finn du tre alternative tips nederst i saka.

Då eg gjekk på barneskule brukte vi mykje leppepomade. Vi hadde gjerne ein favoritt som vi sendte rundt i klasserommet, og eg hugsa godt den søte lukta og følelsen av å ha eit tjukt, glinsande lag av leppepomade på leppene. Læraren greip til slutt inn og tok i frå oss leppepomaden. Han hevda at vi ville øydelegge den naturlege fettbalansen i leppene våre om vi fortsette slik. Med den høge respekten for autoritetar som vi hadde, slutta vi (for ein periode).

Då eg i vaksen alder skulle finne heimelaga alternativ til mine gamle favorittar, var det ikkje berre lett å finne ei oppskrift som kunne erstatte desse. Det lettaste var å kutte ned på bruken. Likevel er det i nokon korte periodar greit å ha ein leppomade på lur. Då er sjokolade og peppermyntebalsamen heilt super. Den kan minne litt om Eos sin lib balm sweet mint eller Carmex (denne blei merka som allergiframkallande av Forbrukerrådet i 2015).

Det som er so fint med å lage sine eigne produkt, er at ein kan justere ingrediensane og eventuelt essensielle oljer etter kva ein sjølv ynskjer. Ein veit også kva ein smøre med huda når ein laga deet sjølv. Huda er vårt største organ, og ein god peikefingerrelgel er å velje ingrediensar til huda som du ville ha putta i munnen (eller i hvert fall kunne putta i munnen).

juan-gomez-685967-unsplash.jpg
Ingrediensar som olivenolje, kakao, og mandelolje er for mange matvarer ein allereie har på kjøkkenet. Bruk det i leppepommaden også. Foto: Juan Gomez

Verdas mest populære skjønnheitsprodukt

Visste du forresten at leppepomade er det mest populære skjønnheitsproduktet på marknaden? Nokon hevda at det ikkje berre er populært fordi det er eit godt produkt, men fordi det er vanedannande. Faktisk har nokon opplevd leppepomade so vanedannande at det i 1995 blei oppretta eit 12-steg-program, inspirert av opplegget til anonyme alkoholikarar. Det kan ved første augekast sjå ut som det er ironisk, men det er eit seriøst tilbod – dersom du skulle ha behov.

Leppepomader kan innehalde uheldige kjemikalier

Forbrukarombodet skapte overskrifter i 2016 då dei publiserte ein artikkel der dei hevda at fire av fem leppepomadar  kunne vere farlege. Ein test av 50 leppepomadar viste at heile 40 av desse leppomadane inneheld stoffar som kan vere skadelege.

Desse stoffa ville truleg ikkje gjort noko risiko dersom vi berre fekk dei i oss frå eit produkt. Dessverre finn ein mange av desse stoffa i fleire kosmetikk og hygieneprodukt, som for eksempel deodorantar, hårprodukt og hudkremar, som den jamne nordmann brukar til dagen. I følge The Guardian smøre kvinner i snitt på seg 168 kjemikalier  dagleg.

joshua-rawson-harris-602330-unsplash.jpg

Foto: Joashua Rawson-Harris.

Forbrukarrådet sin app; Hormonsjekk, som gav oversikt deg innhaldet til millionar av kosmetikk- og hudpleieprodukt berre ved å skanne strekkoden er dessverre lagt ned. Det beste alternativet er no å sjå etter svanemerket eller lese seg opp.

Alternativ, gjere det sjølv.

Sjokolade og peppermyntebalsam

Denne leppebalsamen er nærande og gjev matte lepper.

Ingrediensar

3 ss. Bivoks (lett pakka)

3 ss. Mandelolje eller olivenolje

1 ts. Rein kakao

1/2  ts. Honning

12-15 dråpa peppermynteolje (essensiell olje)

1/8 ts. Vitamin E / Hvetekimsolje

1 boks til leppepomaden.

Leppepommade_lepsyl_grønare kvardag.JPG
Sjå gjerne heime kva du har som kan brukast som emballasje. Ein tom pastillboks i metall, eit lite glas med lokk eller ein tom leppomadeboks fungera supert. Hugs å kok behaldaren før bruk. Unngå plastemballasje då den som oftast ikkje toler koking. Sjølv har eg brukt eit glas med marmelade som eg kjøpte på Lerøy eller Spar. Foto: Kristine Ullaland

Framgangsmåte

Legg bivoksen i eit glas eller ei skål som du kan sette i vassbad. Det gjer du ved å varme opp vatn i ein kjele og sette oppi skåla slik at varmen frå vatnet varma skåla slik at bivoksen smelta. Dette må gjerast på lav varme. Hugs at bivoksen kan sette merke, so ikkje bruk noko som er vanskeleg å vaske eller som du er redd for.

Når bivoksen har smelta, blanda du inn oljen (mandelolje eller olivenolje) og rører til alt er blanda godt saman.

Fjern blandinga frå vassbadet og rør inn kakaopulveret. La blandinga kjøle seg litt ned (men ikkje vent for lenge, då blir den stiv).

Bland inn honning, essensielle oljer og hvetekimsolje (eventuelt rein vitamin E).

kelly-sikkema-475112-unsplash
Foto: Kelly Sikkema. Essesielle oljer fås på glas hos din lokale kosholdsbutikk.

Hell blandinga over i eit reint glas eller anna passande behaldar for leppebalsamen. Kanskje du kan gjenbruka ein leppepomade som du har frå før? Pass i så fall på at den er reingjort skikkeleg slik at det ikkje blir noko uønskt bakterievekst i leppepomaden. Dette kan du gjere ved å koke glaset/ boksen før du helle over leppepomaden.

La leppepomaden kjøle seg ned, og den vil då stivne. Den er no klar for bruk.

Haldbarheit: 6-9 månadar

Forhandlarar av ingrediensane

Honning – Det finn du på dei fleste butikkar. Det er mange lokale birøktarar, og dette er ofte honning av høg kvalitet, so vel gjerne desse. Då støtta du også lokale aktørar i ditt område. Vel gjerne honning som ikkje er behandla over 45 grader. Desse skal ha høgare nivå av næring, i følgje lokale birøktarar i Bergen og honningsentralen. Kanskje du til og med kan besøke din lokale birøktar og få honning rett i glaset ditt?

Rein kakao – Helsekostbutikkar og fleire Zero Waste-butikkar.

Mandelolje – Innvandrarbutikkar har dette (almond oil), eller på din lokale helsekostbutikk.

Olivenolje – Kan kjøpast i 4-litersdunk i metall på innvandrerbutikkar, dersom du bruka mykje olivenolje. Mange Zero Waste-butikkar sel også olivenolje på tapp, slik at du kan fylle opp din eigen behaldar. Elles sel alle daglegvarebutikkar olivenolje i glas.

Bivoks – Eg har tidlegare oppfordra deg til å kjøpe bivoks hos din lokale birøktar i oppskrifta på bivokspapir (bee’s wrap), men det er for tida mangel på norsk bivoks. Det nest beste alternativet er å kjøpe dette frå din lokale helsekostbutikk. Eventuelt på nett.

jez-timms-46808-unsplash.jpg
Det er for tida mangel på norsk bivoks, og det er difor vanskeleg å få tak i bivoks lokalt. Foto: Jez Timms

Peppermynteolje – Helsekost

E-vitamin/ Hvetekimsolje – Helsekost

Behaldar – Sjå først kva du har heime. Du har heilt sikkert noko i passande størrelse. Sjølv bruka eg eit glas eg fekk ein marmelade i. Reingjer den godt før bruk.

Ynskjer du ikkje å lage din eigen leppebalsam?

– Då kan dette vere alternativ for deg

3 alternative tips

Lanolin – Dette er fett frå ull, som blir brukt til alt frå såre brystvorter for ammande, til rust på bilar. Det er også bra for tørre vinterlepper. Du får kjøpt lanolin på apoteket. Det kjem ofte i plastemballasje i større kvantum (for eksempel 500 g), men er til gjengjeld svært dryg, haldbar og utan tilsetningsstoff. PS. Det luktar litt sau.

Kvar kan det kjøpast: Apoteket

Vaselin – Som eit petroleumsprodukt er dette ein leppepomade det stridast om, men dersom det er viktig for  deg å unngå plast kan dette vere produktet for deg. Det er likevel viktig å hugse på at plast er leap med vaselin. Du får kjøpt vaselin på dei fleste daglegvarebutikkar og dei er ikkje forsegla med plast slik som du ser med mange hygieneprodukt. Når boksen er tom kan du fylle den med heimelaga leppepomade om du ynskjer.

Kvar kan det kjøpast: Dei fleste daglegvarebutikkar

Sheasmør – Dette kan brukast reint, og er nærande. Sheasmør, som og er kjend som shea butter er laga av nøtter frå det afrikanske treet Shea. Dette er eit vegansk alternativ som ofte blir seld i glas. Det kan også brukast på kroppen ved behov, og minner litt om ein tjukk, feit bodylotion.

Kvar kan det kjøpast: Helsekostbutikkar, Zero Waste-butikkar

dmitry-mashkin-288168-unsplash
Planlegg du ei gåve? Kva med å lage ein heimelaga leppepomade, sukkerskrubb eller såpe?

Toppfoto: Kristine Ullaland

Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag.

Ynskjer du å støtte Grønare kvardag, som er fri for betalt reklame? Snart vil dette bli mogeleg gjennom Patreon.com.

 

Ein grønare ferie

Ordet ferie har omlag blitt innforstått med at ein skal reise. Skal du på ferie? Lær korleis du enkelt kan få ein grønare ferie.

Vi lev i ei tid der alt skal vere lettvint, og det gjeld ofte spesielt når vi skal på ferie. I følgje Elisabeth Becker, forfattaren av boka Overbooked, bør vi slutte å sjå på reise og feriar som eit avbrekk frå kvardagens jag og mas, og heller sjå det som ein økonomisk kjempe som kan løfte eller knekke nasjonar.  Dersom turisme hadde vore eit land hadde reise og turisme vore den femte største forureinar, i følgje Becker.

Vi reiser som aldri før, og ikkje berre er reisa i seg sjølv gjerne forureinande, som ferierande tenker vi gjerne lite på det vi etterlet oss på feriestaden i form av søppel og svinn. I Italia er plastflasker frå turistane eit kjempeproblem for naturreservatet Cinque Terre, noko som resulterte i eit forbod mot plastflasker i frykt for at området skulle bli «begravd i plast». Det er lett å tenke at det berre er ei flaske, men dersom alle tenker slik, stige talet med plastflasker og anna søppel raskt. Du kan snu tala, og kanskje du til og med inspirera vener og familie til å henge seg på miljøtiltaka dine?

7992944072_330bb91f0e_z.jpg
Foto: Tony Webster

På ei Zero Waste-reise

Det er eit ordtak som går slik; «Spontaneity is all in the planning», og det er absolutt sant, men når det kjem til Zero Waste-livsstilen handlar det også om vaner og erfaringar ein gjer seg undervegs. Når  nye rutinar har blitt ei vane, går ting fort av seg sjølv. Det same gjeld når ein skal på ferie og ynskjer å ta med seg Zero Waste-livsstilen i bagasjen. Det kan først virke litt upraktisk eller krevje litt meir energi en du hadde tenkt å bruke på planlegging, men med litt trening går det som ein leik. Dersom ein finn tipsa under overveldande, vel deg ut nokre ting du tenker passar deg og din livsstil. Det er betre å gjere nokre ting konsekvent, en å gå høgt ut og ende opp med å miste engasjementet (og livsmotet).

7784667260_64cd074767_z.jpg
Eit syltetøyglas kan fort dekke mange behov på reise. Foto: Cassia Noelle

 Framkomstmiddel

Zero Waste-rørsla har fått har medfart i media fordi det blir hevda at forureining i forbindelse med til dømes flyreise ikkje er med i rekneskapet, men det er det. Så dersom ein har alternativ til fly er det absolutt det beste. Mange blir ofte overraska over kva ferietilbod ein har i sitt eige nærområde, kanskje du finn draumeferien der? I tillegg er det med på støtte lokal økonomi, noko som er flott. Det er mykje spennande på gang i Norge.

Dersom det er utenkeleg å feriere i ditt lokalmiljø, planlegg heller få turar og ta lengre ferie når du først er på reisefot. For deg som er interessert i «grøne» fly, sjekk ut Solar Impulse, som er eit fly som er drevet av solceller. Flyet er eit pilotprosjekt som no jobbar seg rundt jordkloden.

Skal du bu på hotell? Sjå kva som definera grøne hotell og sjekk ut Trip Advisor si liste over grøne alternativ. Sjekk og gjerne lista til Independent Travel.

Kva har du i bagasjen?

Eg stussa ofte over far min då eg var yngre, som kunne ta med seg minimalt med kle og ting på sine jobboppdrag i utlandet. Dette på trass av at han gjerne skulle vere der fleire veker. Den vesle kofferten var så lett at hadde det ikkje vore for lyden av kleda som rasla når eg rista på den, hadde eg ikkje trudd han hadde med seg noko. Sjølv brukte eg å ta med meg alt eg kanskje trudde eg kunne få bruk for, sjølv om eg gjerne enda opp med å bruke 1/5 av det eg hadde med meg.

Ein treng ofte mykje mindre ting en ein trur. Pakk kle, sko og utstyr som kan brukast på fleire måtar. Til dømes, kle som passar til fleire anledningar. Dersom du får med deg alle tinga dine i ein liten sekk, vil du også sjå at bagasjen blir mykje lettare å ta med seg, samt oppbevare når du er på reise. Less is more. Tenk Refuse, Reduce, Reuse. Ta avstand frå det du ikkje treng, reduser det du treng og tenk gjenbruk av det du tek med deg.

14668157512_5309b39117_z.jpg
Foto: Hernán Piñera

Kutt søppel og svinn når du reiser

Lommetørkle, tøyposar og eit glas med lokk kan bringe deg langt, dersom du ynskjer å kutte unødig emballasje og søppel. Både kjøkkenhandkle, tøyposar, bivokspapir og lommetørkle passar til å pakke inn til dømes bagettar eller andre lausvekstsvarer. Ta det du har og trur du vil bruke. Skal du ete mykje ute treng ein gjerne ikkje tenke so mykje på mat og drikke, men mange ynskjer gjerne å styre unna sugerør og serviettar til dømes. Sugerør kan du ta med sjølv dersom du føretrekk å bruke sugerør, dei finnast både i glas og metall, men mange drinkar er vel so gode utan sugerør (og dei er framleis Instagram-vennleg). Lommetørkle fungera utmerka som serviett. Glas med lokk kan både brukast til å drikke av, ha mat i (til dømes restane frå middagen du åt på restaurant), så vel som til å lagre matavfall til du finn ein kompost.

Du kan alltids bruke glaset med lokk til å drikke vatn av, men dersom du synst det er naudsynt kan det vere lurt å ta med ei drikkeflaske til turen.

Oppskrift på små tøyposar finn du her.

8979940712_00c849a01e_z
Eit glas med lokk kan fungere godt som drikkeglaske. Foto: Nan Palmero

Kjøp opplevingar i staden for ting

Er du ein av dei med ei skuff full av suvenirar frå ulike feriar du og dei rundt deg har henta frå land og strand? Ikkje la minna hamne i ei skuff, invester heller i opplevingar saman med dei du reiser med. Det tek ikkje plass i kofferten, plass i skuffer, og sparar deg for rydding i framtida. Ditt sjølv frå framtida vil takke deg! Samstundes gjev ein eit signal til produsentane når ein kjøper desse tinga, du viser at det er etterspurnad, og det blir produsert meir, for so å hamne nye kjøkkenskuffer. Nokre turistdestinasjonar slit med at suvenirbutikkar og turist-relaterte butikkar erstattar dei lokale butikkane og tenestane som lokalbefolkninga nyttar seg av, og det kan gjelde alt frå skular til daglegvarebutikkar.

Toalettsaker

Ein enkel måte å kutte bagasje er å kutte i toalettsaker. Ikkje berre sparar det plass i bagasjen, enkle hygienerutinar kan også spare deg for tid slik at du kan bruke meir tid på å nyte ferien.

Natron fungera supert både som tannpulver og deodorant, og sidan det er pulver treng du ikkje å ta det ut av bagasjen i tryggleikskontrollen, dersom du reiser med fly. Du kan og bruke det som tørrsjampo, og som pudder dersom du er blank i huda. Tannpulveret er salt på smak, så prøv det ut heime før du tek det med på ferie. Du kan og bruke rein kokosolje som tannkrem, samt til ansiktsvask og hudkrem. Såpebar, som du finn oppskrift på her, er også super på ferie, då den fungera både som sjampo/ balsam, kropp- og handsåpe, så vel som til handvask av kle dersom det trengst.

5131427165_9433d323e5_z
Less is more. Kutt tidstjuvar og kos deg med dei vakre omgjevnadane på reisa di. Foto: Eddie Sin

 

Vi er privilegerte

Hugs at vi i dagen samfunn er i ei særstilling, og ingen før oss har reist so mykje som vi gjer i dag. Då kan det vere lett å gløyme at det å reise er eit privilegium. Tenk over kva du tek med deg på reise, korleis du møter dei rundt deg og kva du etterlet deg. Ynskjer deg ein riktig fin Zero Waste-ferie!

Beste helsing Kristine

Toppfoto: Xania George

Følg Grønare kvardag på Facebook

 

 

DIY: Posar til mat i lausvekt

Lei av unødvendig søppel når du handlar mat? Grav fram gamle gardiner, kjøkkenhandkle og dukar du ikkje lenger brukar og lag posar til matvarer i lausvekt.

Ting vi ikkje kan eller har prøvd før virka ofte litt vanskelegare en det er. Lette syprosjekt som til dømes stoffposar er ein av dei. Bruk nokre minuttar med symaskina og bli overraska over kor lett det er å sy sine eigne posar.

Kva pose treng du?

Før ein byrjar å sy kan det vere lurt å tenkte på kva ein har tenkt å bruke posane til, og tilpasse dei litt etter ditt behov. Dersom du skal kjøpe mat med høg pris per hekto, kan ein florlett bomullspose vere tingen. Skal du kjøpe tunge matvarer bør du bruke eit litt meir slitesterkt materiale. Skal du kjøpe mjøl og nymala kaffi, og ikkje ynskjer å bruke glas, kan du bruke eit ubleikt lerret.

Hugs at seljaren må sjå varen i posen når du skal i kassa. Dersom du brukar nokre gamle hekla gardiner eller florlett bomull til å lage posar av, vil matvarene vise gjennom stoffet. Dersom du vel stoff med mykje mønster eller som er vanskelege å sjå igjennom må du opne posane når du skal i kassa.

3952929387_1ca175272b_o.jpg
Foto: Kira Steward-Watkins

Gjenbruk

Finn fram ein gamal duk eller ei gardin du ikkje lenger brukar. Har du noko du har hatt liggande i fleire år utan å ha brukt det, men likevel kvir deg for å lage pose av det? Tenk over kvifor du føler det slik. Om du ikkje vil bruke noko du har liggande, er Fretex ein fin plass å gå.

Val av materiale

Alt vi vaskar i vaskemaskina avgjer små fibrar som er for små for at reinseanlegget kan ta det opp. Samtidig er mykje av det vi vaskar i maskina i dag syntetisk. Desse kunstige fibrane hamnar i havet og blir etne av til dømes plankton, og hopar seg opp i næringskjeda. I følgje ei undersøking gjort av Universitetet i Plymouth i 2014 står Rayon (tidlegare merka bambus) for 56.9% av den totale mengda fibrar funne i og ved havet. Dersom ein ikkje ynskjer å ta del i dette, kan ein velje eit naturleg materiale til posane, spesielt dersom du kjem til å vaske dei ofte. Dette kan sjølvsagt vere lurt å tenke på i forhold til andre tekstilar ein har i heimen.

Reine fibrar som bomull er bra, og i motsetning til polyester og semi-syntetiske stoff som Rayon, kan reine fibrar raskt komposterast når den ikkje lenger kan brukast. Mange tek likevel avstand til bomull blant anna på grunn av forureininga produksjonen medfører. Produksjonen krev også mykje vatn. For å produsere ei t-skjorte brukast det 2700 liter vatn.  Dersom du ynskjer å kjøpe nytt stoff til posane i staden for sy om noko du har frå før, anbefalast det å kjøpe i økologisk bomull. Lin og hamp er også gode alternativ.

6288743600_2664637436_b
Foto: Kimberly Vardeman

Oppskrift
Du treng:

Symaskin

Bomullstråd

Saks

Strykejern/ knappenåler

Snor til å snurpe posen

Rettleiande mal til pose

Måla er medrekna 1 cm på kvar side av posen til saum og 3 cm på toppen av posen til snøre.

Liten pose til nøtter, smågodt

42 cm * 17 cm (eventuelt 2 stk. 28*17 cm)

Medium pose til eple, appelsin, liten potetpose

56 cm * 22 cm (eventuelt 2 stk. 28*22 cm)

Stor pose til poteter, sesongsalat, kål ++

73 cm* 28 cm (eventuelt 2 stk. 36’28 cm

Framgangsmåte:

Typosar framgang_Zero Waste_DIY_Grønare kvardag_Kristine Ullaland
Brett først 1 cm kant som vist øvst. Stryk over for å få det til å ligge. Brett so over enden av posen slik at du får fin kant med snora. Brett til slutt kanten ned ein gong til slik at du har ca. 2 cm kant. Sy fast kanten med rett saum. Foto: Kristine Ullaland

Klipp ut stoffet og brett over slik at stoffet ligg dobbelt. Dersom du har knappenåler, bruk desse til å halde stoffet på plass.

Sy enkelt søm på kvar side, men berre sy heilt opp til kanten på den eine sida. Den andre sida stoppar du sømmen slik at det er 6 cm att. Denne kanten skal brukast til snøret.

Brett ein liten kant på toppen av posen og stryk kanten med strykejern, som på toppen av bilete over. Fold deretter hjørnet på kvar side av posen og stryk over for å få den til å ligge, som på det midtarste bilete. Brett kanten over ein gong til og stryk over. Legg so inn snora, og bruk knappenåler om ynskjeleg for å få saumen til å ligge. Sy enkelsøm langs den nedste kanten på bretten, slik at snora får god plass. Knyt att snora.

Lag di eiga snor

Snor kan syas av tystoffet du lagar pose av, eventuelt kan du strikke eller hekle ei snor. Mange har også silkeband, hyssing eller liknande liggande heime som er kjempefine å bruke.

Alt er kjekkare å gjere saman. Allier deg med ein god ven og lag flotte gjenbruksnett, nett slik du vil ha dei. Posane egnar seg også godt som gåver til den miljøbevisste.

For meir inspirasjon, sjekk ut Grønare kvardag si Pinterestside; DIY Handlenett og posar.

Lukke til!

Toppfoto: Kristine Ullaland (pose laga av ei blondegardin)