Kategoriarkiv: Jul

Zero Waste-nyttårsfeiring

Skal du halde nyttårsfest i år, og ynskjer nokre tips til korleis du kan feire meir Zero Waste-vennleg? Her finn du sju tips til korleis du kan oppnå nettopp det.

Førebu deg

Tenk gjennom på førehand kva du treng til festen, og legg ein plan. Når ein tyr til for eksempel ein-gongs-emballasje eller kjøpe pynt som ein veit berre blir brukt ein gong, er det gjerne fordi ein ikkje har hatt tid til å planlegge på førehand og må ta kortsiktige val. Sjølv om det kanskje kan virke litt mykje, får du igjen for å sette deg ned med penn og papir, mobilen eller PCen og lage ei liste over kva du har, kva du treng og kva berekraftige produkt eller løysingar du kan gå for ved eventuelle nye innkjøp.

Dekor til festen

For mange er det å pynte til fest noko som gir mykje glede, og det kan vere lett å hive seg på nyttårspynt som ikkje vil bli brukt til neste år fordi det gjerne står 2022 på eller fordi pynten er av lav kvalitet. Sjå rundt deg heime, og tenk på korleis du kan gjenbruke pynt du allereie har på ein passande måte. LED-lyslenke er eit godt eksempel på noko som kan bidra til å skape fin stemning under nyttårsfeiringa. Putt det gjerne i ei flaske, ei korg eller ein vase du har heime.

Er du fan av vimplar, lag eller kjøp ein vimpel utan tekst, som du kan bruke i fleire anledningar. Dersom du vel å lage vimpel sjølv  av tekstil, kan du for eksempel ha eine sida i fargar som passar til nyttårsfeiring, og andre sida til bursdagsfest, sommarfest eller kva fargespekter du måtte føretrekke. Ved å henge vimpelen inntil ein vegg, vil det ikkje vere synleg at vimpelen er i «to stilar». Lyslenker er også fint å bruke som pynt i taket. Har du kanskje ei utdanka diskokule liggande på loftet? Dersom ikkje nyttårsafta er dagen for å ta den fram, når då?

Tekstilserviettar er både mogeleg å bruke på ny mange gonger, men gjer også ekstra stas på middagsbordet. Dersom du ynskjer å bruke serviettringar, men ikkje har noko liggande, kan du bruke silkeband eller ein fin hyssing, og pynte serviettane med ein kvist gran, fersk rosmarin, thuja eller anna grønt du har rundt deg.

Har de so mange gjestar at de treng bordnummer, kan de bruke ei tom saftflaske med dekor eller lys i, og klippe ut papirbitar som de limer/ teipar rundt glaset.

Lån det du manglar av vener eller familie

Ein utfordring dersom du skal ha mange gjestar, er gjerne å ha nok bestikk, service, koppar, glas med stett, stolar, langbord, gitar, eller kva du måtte trenge til nyttårsfesten din. Spør familie eller vener om du kan låne det du treng av dei. Dersom dei for eksempel sjølv skal vere med på festen din, passar det ekstra fint, for då veit du garantert at dei ikkje brukar det sjølv under nyttårsfesten. Dersom du bur i by, kan du og sjekke hygglo – som er ein slags finn.no for utleige i staden for sal. Her kan du kanskje finne langbord, stolar eller anna du måtte trenge til festen.

Grønne kvistar gjer seg fint som dekorasjon på bordet. Foto: Caroline Hernandez.

Gje gjestane moglegheit til å forsyne seg sjølv

Ved å gje gjestane moglegheit til å forsyne seg sjølv, kan ein redusere matsvinn. Det er ein fordel å servere på mindre middagstallerkenar dersom dette er eit alternativ. Dette er eit vanleg triks blant anna i hotellbransjen, som bidrar til at gjestane heller går fleire gongar å forsyner seg av maten heller enn å ta for mykje mat. Dette handlar ikkje om at gjesten ikkje skal få ete alt ein har lyst på, men at det er lett å overvurdere eigen evne til å ete alt ein tek på tallerkenen når ein ser mykje forskjellig mat ein har lyst på på ein gong. Det er heilt ok å oppfordre gjestane til å forsyne seg over fleire omgangar når ein starta måltidet, med det formålet å hindre matsvinn.

Gjer det enkelt for gjestane å handtere avfall riktig

Har du kompost heime? Ha klar ei skål eller tilsvarande i passe størrelse i vasken på kjøkkenet eller andre stadar du tenker det kan vere passande, slik at det er lett for gjestane å sortere matavfallet riktig. Det er dessverre framleis store forskjellar mellom ulike stadar om det er mogeleg å sortere ut matavfallet, so sjølv om det kan vere sjølvsagt for deg er det ikkje sikkert det er sjølvsagt for gjestane dine. Dersom det er anna sortering eller avfall som vil bli kasta, tilrettelegg for gjestane slik at dei enkelt forstår kva som skal sorterast kor.

Tøyserviettane du brukar heile året, kan «fargars raude» med tørka bær eller eit silkeband. Foto: Getty Image

Pynting av deg sjølv

Vi har i snitt 350 plagg i klesskapet, men føler gjerne at vi ikkje har noko å ha på oss når vi ser i skapet. Dersom dette er noko du kjenner deg att i, vil eg anbefale at du bygge opp ein kapselgarderobe der plagga er gjennomtenkte og tilpassa snitt, stil og fargar som du føretrekke. Det mest miljøvennlege er å bruke festplagg du allereie har i skapet heime. Dersom du ved første tanke avkreftar at du har noko du kan bruke, vil eg oppfordre deg til:

  • Ta ut alle plagg i skapet som er festplagg og legg dei utover senga slik at dei er synlege.
  • Prøv eit og eit antrekk/ kjole/ dress etc. Kanskje ser du noko du hadde gløymt eller plutseleg føler deg vel i kjolen du kjøpte på salg i 2014, men aldri brukt.
  • Finn du eit basisplagg, sjå på tilbehør som kan passe til og prøv det på. Dette er ein fin måte å sjå tinga dine i eit nytt lys.
  • Dersom du ikkje finn noko i skapet – sjekk om du finn noko brukt eller spør ein ven som har eit plagg du likar og er i ca. same størrelse.

Matrestar etter festen

Vi har alle vore der, med matrestar som tek dagevis å fortære. Sjølv din favorittrett kan bli litt i meste laget om du et den ein til to gongar dagleg over fleire dagar. Det er derfor lurt å fryse so mykje av matrestane som du kan, og hugs å merk maten godt slik at det ikkje ender opp som ein U.F.O. i frysaren (Uidentifisert Fryst Objekt). Er det mat som ikkje kan frysast, eller kanskje du er ein svært sosial type, inviter på restefest etter nyttårsfesten og få eit bonus-kalas, som det kallast på fint.

Eg håpa du fant noko inspirasjon her. Hugs å tenk progresjon heller enn perfeksjon. Blir du overvelda av alt du må tenke på, velg deg ut 1-3 ting du vil fokusere på. Som the Zero Waste-chef har sagt so fint, so treng vi ikkje eit knippe mennesker i verda som lev perfekte Zero Waste-liv, men ein haug av folk som lev uperfekte Zero Waste-liv. Eg håpa du får ei riktig fin feiring i år. Takk for året som gjekk og so sjåast vi til neste år!

Alt godt,

Kristine

Toppfoto: Ian Schneider

Ei grønare jul

Jula nærmar seg med stormskritt, men korleis forene årstida som trona forbruksstatistikken med din berekraftige livsstil? Få tips til korleis du kan feire meir i tråd med Zero Waste, med desse enkle tipsa.

I år er nok mange meir svoltne enn nokon gong på å kunne feire med familie og vener, etter to år med pandemi. Og etter eit eller to år der ein kanskje ikkje har kunne feira som før, gir det jo opning til å kunne etablere nye vaner, som kan bidra til mindre søppel i høgtida. Det er nemleg forska ein del på dette med endring av vaner. I følgje boka «How to Change» av Kathy Milkman (2021) kan ein ny start vere ein katapult for endring. Det kan vere små eller store ting, som for eksempel starten på eit nytt semester, eit nytt år, ei ny veke, ein ny bolig og so vidare. So med andre ord, i år er ein gyllen anledning å få med deg familievener og andre du feirar med, til å gjere små eller større endringar i ein grønare retning. Vel ut ein eller fleire av tipsa under, og hugs at progresjon er viktigare enn perfeksjon!

Berekraftig julepynt

Led-lys som julebelysning

Dersom du har gamle julelys, kan det vere på tide å skifte til led-lys. Desse brukar i snitt 75% mindre energi. Det anbefalast også å bruke ein timer på julelysa, slik at dei ikkje står på meir enn nødvendig. Dette er også i tråd med anbefalingane frå brannvesenet for å førebygge brann. Du får no tak i veldig gode og brukarvennlege timerar, som du kan styre med telefonen. Når du ikkje lenger treng timeren til julepynten, kan du flytte den over til andre gjeremål som er nyttige andre deler av året. Kanskje du vil at kaffetraktaren skal starte å trakte kaffi når du vaknar, eller at ladaren på mobilen skal skru seg av etter 2 timar. Personleg har eg timer knytta til alt av elektrisk utstyr som eg brukar på jobb, for å unngå å sitte lengre enn eg skal. Slit du med det same? Då kan dette vere ei god løysing for deg også.

Heimelaga pynt til treet og anna juledekorasjon

Å samle fleire for å lage julepynt kan vere ein koselig aktivitet, og det er mykje fint ein kan lage av ting ein enten har heime eller har i naturen rundt seg. Har du tatt vare på julepapiret frå i fjor? Lag fin dekorasjon av den!

Andre idear til heimelaga julepynt er julestjerner til tre av pinnar, tørka frukt til treet, pynta pepperkaker med snor i, og kongler. Det er ingen ting i vegen med å kjøpe julepynt, men tenk langsiktig og vel noko du vil bruke over lengre tid. Det er også veldig mykje fint på bruktmarkedet, so sjekk for eksempel ut Finn.no for ditt favorittmerke eller stil.

Innpakning av julegåver

Eg har tidlegare laga fleire postar om kva du kan gje i staden for fysiske gåver, men dersom du skal gje fysiske gåver i år, kan du pakke dei inn gamle sjal, tøyposer og du kan gjenbruke julepapir frå gåver du har fått sjølv. Dersom du skal gje gåver til nokon der det ikkje passar med tøy som emballasje, kan du bruke gråpapir. Aviser kan også fungere som emballasje, og det er mogeleg å gjere det fint og koseleg, sjølv om du kanskje rynkar litt på nasa når du les dette. Eg lovar!

Er du ein som samlar på esker, som du kanskje eigentleg ikkje treng? Då kan dette også fungere som ein fin innpakning. Den japanske innpakningsteknikken furoshiki er populær blant mange som engasjera seg i Zero Waste. Det er ein måte å bruke sjal til å pakke inn gåver, og du kan bruke eit heilt enkelt, vanleg sjal, eller ein formsydd pose. Kanskje gåva kan pakkast inn i seg sjølv? Eg er skamlaus, og ikkje framand for å be om emballasjen tilbake, dersom eg ynskjer det, men det er lettast med personar som du feirar saman med eller når du gjev ein fødselsgåve, barselsgåve etc. og er der når pakken blir pakka opp. Dersom du likar å sy, kan du sy ein tøypose til å bruke for emballasjefri handel og pakke inn gåva med den. Du finn oppskrift på slike posar her.

Det er også lov å stille spørsmål om gåva treng innpakning.

Unngå å gje gåve som blir returnert

Det kan opplevast som litt direkte å be eller gje ei ynskjeliste til dei du skal utveksle gåver med, men det er faktisk eit aukande problem med retur av varer, då spesielt varer som er kjøpt på nett. Ein måte å unngå å gje ei gåve som vil bli bytta er rett og slett å få direkte beskjed kva folk ynskjer seg til jul, og gjerne so spesifikt som mogeleg. Eksempel på det er farge, fasong, merke eller anna er viktig. Er ynskje «ein rød sokk» eller eit spesifikt par røde sokkar frå ein spesifikk butikk? Klesbransjen er av dei bransjane som sel mest før jul, etter daglegvarebutikk, og det er venta at dei får ein del returar etter jul, sjølv om vi dessverre ikkje har spesifikke tal. Er du sikker på størrelsen du skal kjøpe? Slike ting kan vere lurt å dobbeltsjekke.

Foto: Getty Image. Det kan fort bli gåvebonanza når ein skal gje gåver til born. Tenk langsiktig når du kjøper noko. Er du på budsjett kan du framleis tenke langsiktig. Er det dyrare gåver som står på ynskjelista, kanskje fleire kan slå seg saman om gåva?

Juletre – plast eller ekte? Kva er mest berekraftig?

Då vi var små og henta juletre i skogen, blei det henta nokre dagar før det skulle i hus, slik at snøen fekk tid til å smelte av før vi tok det inn. Når det først kom inn på lillejulafta for pynting, var det berre å passe på at det fekk nok vatn, slik at det ville vare til over nyttår. I dag begynne folk å pynte juletre tidleg i desember, og nokon allereie i november. Med mindre du har treet ditt i potte, vil ikkje ekte tre klare seg like lenge utan å drysse, samanlikna med eit plasttre. Plasttre har blitt meir og meir natturtru og det er ikkje alltid like lett å sjå om treet er ekte eller ikkje.

Forsking peikar litt i ulik retning når ein samanlikna ekte juletre mot plasttre, men i følgje The American Christmas Tree Association (2010)  tek det minst 10 år med bruk av eit plasttre før det er eit betre val enn eit ekte juletre. Nokre hevdar at treet må brukast i so mykje som 20 år, før det er eit betre val. Dersom du tenker at juletre i plast kan resirkulerast, må eg dessverre skuffe deg. Dei er oftast laga av PVC og kan ikkje bli resirkulert og vil bli restavfall den dagen treet kastast.

Ekte tre er heller ikkje heilt problemfrie. Det blir ofte argumentert for at ekte tre er eit godt val fordi tre tek opp carbon. Det er ueningheiter om tre faktisk tek opp meir karbondioksid enn dei slepp ut dei første 20 åra. Juletre blir kutta tidlegare enn dette, for å unngå at dei blir for store. Dersom du ynskjer å lese meir om dette, sjekk ut denne rapporten; «The comparative Life Cycle Assesment (LCA) of Artificial vs. Natural Christmas Tree».

Foto: Osman Rana. Fun fact: Grantre får først kongler når den er 20-40 år.

For nokre er ikkje juletre so viktig, så då kan det vere eit alternativ å erstatte det med eit alternativt tree eller eliminere juletre som konsept.

Veiledningsliste for deg som står mellom plast og ekte tre:

  1. Er det viktig for deg å ha juletreet ståande framme i heile desember? – Ja/ Nei
  2. Dersom du kjøper eit juletre i plast, vil du bruke det i mist 10 år før du kastar det? – Ja/ Nei
  3. Har du oppbevaringsplass til eit nedpakka juletre i plast? – Ja/ Nei
  4. Går det fint å ha produkt i heimen som kan bidra til mikroplast? – Ja/ Nei

Dersom du fekk flest ja – passar juletre i plast best for deg. Fekk du flest nei passar ekte juletre best for deg. Dersom du går for ekte tre, kan du vurdere om du skal gå for ei i potte. Det er per i dag berre i mindre størrelsar, og fåast kjøpt hos aktørar som har større utval av planter. Spør gjerne om råd om korleis du best kan ta vare på treet om du får for potte, og hugs å venne treet til utetemperaturer gradvis når du sette det ut etter jul.

Les tidlegare post om juletre her.

Ynskjer deg ei riktig fin og litt meir berekraftig jul!

Alt godt,

Kristine

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og har blitt støtta gjennom Patreon til og med hausten 2022. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Frieda N., Mari H., Astrid K., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H. og Synnøve Ø. Takk for dykkar bidrag! Mange av dykk har bidratt over lengre tid og gjort det mogeleg og Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Desse postane blir blant anna brukt i undervisning i skular, både i inn og utland. Takk!

Patreon er ikkje aktiv fra og med desember 2022, på grunn av andre prosjekt.

Toppfoto: Isabelle Kramer

Derfor forenklar Zero Waste-livsstilen nyttårsforsetta dine

I desse dagar er det mange som sette seg forskjellige mål for det nye året. Er du i ein prosess der du vurdera kva endringar du ynskjer i kvardagen din i det kommande året? Sjå korleis ein søppelfri livsstil og dine nyttårsforsett kan forsterke kvarandre.

Drikke og ete sunt

Sjølv om filmen etter kongens nyttårstale gjev viser bilde av vakre naturlandskap og folk som står på ski i bratte fjellskråningar, er det gjerne ikkje i fjella vi oppheld oss i jula, men inne i varmen med god tilgang på det ein måtte ynskje av mat og drikke. Norske juletradisjonar består av feit mat og sukkerhaldig drikke, noko som kan vere med på å bidra til at sunt kosthald står på lista til mange nordmenn, når ein set seg mål for det nye året.

Ein Zero Waste-livsstil vil hjelpe deg å ete sunt fordi du i større grad vil ete meir fersk og «heil» mat. Dette fordi emballasjefri mat trumfar den emballerte maten, som oftare er prosessert.  Ved å velje mat i lausvekt vil kosten bestå meir av ferske råvarer som frukt, grønsaker, som du finn i alle daglegvarebutikkar, og lausvektsvarer som bønner og linser som du finn i lausvekt hos fleire innvandrarbutkkar eller Zero Waste-butikkar. Som ein sideeffekt vil du også ete meir sesongbasert, då sesongvarene ofte er fri for emballasje. Begynn i det små med å velje ein eller to lausvektsvarer neste gong du går i butikken. Etter kvart vil dei emballasjefrie alternativa bli meir synlege for deg når du går i butikken.

Når du laga maten du et frå grunnen av, veit du i mykje større grad kva du et, enn når du kjøper prosesserte matvarer. Personleg har eg også funne stor glede i vente på vårsalaten, bærsesongen eller eplesesongen. I ei tid der ein ikkje må vente på noko, er det faktisk litt fint å vente på noko ein kan glede seg over.

elliot-banks-1178856-unsplash.jpg
Foto: Elliot Banks. Dei ulike eplesortane har noko ulik sesong. Sjå oversikt her.

Ta med eiga flaske

Grønare kvardag oppfordra i juli 2017 lesarane til å kutte plastflaska, og det blei oppmuntra til å bytte ut kjøpevatn med ei gjenbruksflaske som ein fylle på vatn med sjølv. I følgje The Guardian kjøpast det kvart minutt ein million plastflasker globalt. I Norge har dei fleste av oss godt vatn i springen. Ved å ta med eiga flaske drikk du når du er tørst, og blir mindre freista til å kjøpe usunne leskedrikkar.  Det er økonomisk, bra for helsa og bra for miljøet.

Få orden

Forbruk er i stor grad ein del av liva våre, men mykje av det vi kjøper og tek med oss inn i heimen vår er meir i vegen enn til nytte. Ved å bli bevisst på forbruksvanar og gå gjennom heimen din, kan du få eit ordenssystem som du klare å følgje.

Du har kanskje allereie høyrt om KonMari  som er eit konsept utvikla av «rydde-eksperten» Marie Kondo. Ho har ein kjend TV-serie på Netflix. KonMari handla om å forenkle og organisere heimen din, slik at du aldri treng å gjere det igjen. Tankesettet har fleire parallellar til Zero Waste-livsstilen, der ein for eksempel reflektera over livsløpet til alt ein tek med seg inn i heimen. Ved å organisere og redusere forbruksmateriell i heimen, bruka ein mindre tid på å rydde, ein har oversikt over kvar ting er. Det er økonomisk fordi ein kjøper mindre og kanskje det også kan gje deg inntekter ved å selje ting du ikkje treng, eller leige ut ting du brukar sjeldan på f.eks. leieting.no.

For inspirasjon kan du lese meir om korleis du kan redusere forbruksartiklar og spare pengar ved å følgje desse postane; Korleis få eit Zero Waste-kjøkken , Zero Waste-bad   og ein artikkel om dei fem R’ane som Zero Waste bygge på.

Lat deg inspirere av dokumentaren – Minimalism: A Documentary About the Important Things

Få betre økonomi/ spare pengar

Mange trur at det å legge om til ein Zero Waste-livsstil er kostbart, men dette stemmer ikkje. Det å ta avstand frå ting ein ikkje treng er punkt nummer ein når ein snakka om ein Zero Waste-livsstil. Det å for eksempel la vere å kjøpe take-away kaffi, for å heller å drikke ein kopp på jobb. Det å heller kjøpe brukt enn å kjøpe nytt, eller å bytte ut forbruksartiklar med gjenbruksartiklar, vil over tid spare deg for mykje pengar. Nokre kafear gjev også rabatt dersom du tek med eigen emballasje, som for eksempel Godt Brød, Nord Bakeri, Stockfleths, Starbucks og Dromedar Kaffebar.

På same måte som at det er dei små tinga i kvardagen som gjer at kvar og ein av oss i snitt kastar 433 kilo avfall i året, er mykje av det vi bruka pengar på også små ting som vi i liten grad vil sakne om vi reduserte eller kutta det ut.

Fem enkle tips for å spare pengar

  1. Kjøp brukt – Psykologisk forelding føre til at nye varer fell i pris om lag det sekundet du tek det med deg inn i heime din. Det betyr at kjøpar nr. 2 kan gjere eit godt kjøp. Prisen frå kjøpar 2 til kjøpar 3 er relativt lik, for eksempel på Finn.no.
  2. Et opp maten – Mykje av pengane våre kastar vi rett i søppla, i form av mat. Til og med Opra Winfrey har uttalt seg om dette. I Norge har vi fleire flinke folk og organisasjonar som frontar dette, som Spis Opp Maten drifta av Mette Havre. Treng du inspirasjon til kva du kan lage av matrestane dine er Fattig student ein kreativ inspiratør på dette feltet.
  3. Kjøpestopp – Mange av tinga vi har i heimen har vi for mykje av. Ha kjøpestopp på det du har for mykje av, til du har brukt opp det du har. Allier deg gjerne med ein venn, kollega eller familie og gjer det til ein konkurranse.
  4. Kjøp nytt når du har seld noko av tilsvarande verdi – Psykologisk sett er det vanskeleg for oss menneske å gje slepp på noko vi allereie har, i bytte med noko nytt. Det kan gje deg ein ekstra tenkepause, og spare deg for spontankjøp.
  5. Lag dine eigne hygieneprodukt – Enkle ingrediensar som natron, kokosolje, olivenolje og bivoks kan bli med å erstatte om lag alle dine vanlege hygieneprodukt. Det er utruleg økonomisk og du har full kontroll på kva du puttar i og på kroppen din. Her finn du oppskrifter på skrubb, såpe til hud og hår, fuktbardeodorantansiktsolje, leppepomade, skjegg og hårpommade og tannkrem. Fleire av desse oppskriftene tek under fem minuttar å lage, og f.eks såpeoppskrifta held deg med såpe opp mot eit år.

Hugs at det er viktigare med progresjon enn perfeksjon! Sett heller små, realistiske mål enn store, ambisiøse mål. Då er det lettare å lukkast, i føgje forskning. Ynskjer deg eit riktig godt nytt år!Takk for at du les Grønare kvardag.

Foto: Sharon Christina Rørvik.

Repost – denne saka var først publisert 03.01.2019 og vart laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin og Ida. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Toppfoto: Florencia Viadana

Svolten på ei grønare jul?

Det er små og store ting ein kan gjere for seg sjølv og andre for å få ei grønare jul. Bli inspirert til å finne idear som engasjera deg til å gjere jula litt grønare. Kanskje romjula i år er tida for å planlegge nye vaner for det nye året?

1. Dersom du tek i mot julegåver, lag ei ynskjeliste med ting du faktisk treng og ynskjer deg.

Be dei du skal gje gåver om å gjere det same. Mange kan føle at det er ubehageleg å lage ei ynskjeliste, og at ein skal vere fornøgd med gåva uansett kva ein får. Det er ein veldig fin tanke, men problemet er at vi i dag lev i overflod og dei aller fleste av oss har allereie alt for mykje ting. Personleg opplev eg det stressande å få fysiske gåver som ikkje kan etast eller drikkast, fordi eg har ikkje oppbevaringsplass og må då gje avkall på noko eg allereie har frå før.

Ein nyttig regel å tenke på når ein lagar ynskjeliste er – Kva vil den tingen vere for meg? Kor lenge/ mykje vil den vere i bruk? Kvar vil den ende når eg ikkje lenger treng den/ den blir øydelagt?

Kvalitet over kvantitet?

Tenk gjerne kvalitet over kvantitet. Er gåva du ynskjer det noko du ser føre deg at du vil bruke til den er utslitt? Kanskje gåva kan kjøpast brukt? I følgje Finn.no si eiga undersøking seier 8 av 10 at dei gjerne tek i mot brukte gåver. Har du noko liggande heime som du tenker andre kan ha glede av, er det ingen ting i vegen for å gje denne tingen som ei gåve heller.

Det er mange kodar knytt til gåver. Korleis verdsett du dei rundt deg? Kjenner du dei godt nok til å plukke ut den perfekte gåva? Kjenner dei deg godt nok til å gje deg den perfekte gåva? I følgje den franske sosiologen Marcel Mauss, har gåva ein høg sosial verdi for relasjonen mellom givar og mottakar, samt deira sosiale status. Men på trass det mange gjerne trur, er ikkje gåvas faktiske verdi er ikkje relatert til dette.

Opplevingar som gåve

Dersom du føler at du allereie har for mange ting er opplevelser og tenester ei fin gåve. Då er du også med på å støtte lokalmiljøet ditt. Kanskje du kunne tenke deg nokon til å hjelpe deg med vask av badet eller ein frisørtime, ein god middag eller ein sangtime? Tenk utanfor boksen på ting du kanskje ikkje ellers ville unna deg.

Her finn du enkle tips til gjenbruksgåver til deg sjølv eller personar du vil inspirere til ein grønare kvardag.

Her finn du inspirasjon til gåver i form av opplevingar, tenester eller mat.

Treng du inspirasjon til å handle lokale julegåver? Sjå post om alternativ frå Bergen.

2. Sei nei takk til julegåver

Dette med julegåver handlar like mykje om den som gjev gåver, som den som får, so du får kjenne på om dette er noko for deg. Dersom du gjev beskjed til dine vener og familie om at du ikkje ynskjer gåver, er det fordelaktig at du tek deg tid til å forklare litt i djupna kvifor du ikkje ynskjer å motta julegåver. Som eit kompromi kan du for eksempel be om ein donasjon i ditt navn til saker og aktørar som jobbar i tråd med dine verdiar. Mange av desse aktørane har trangt budsjett og er avhengige av økonomisk bistand.

År etter år kjem det nyheitssaker som seier at vi aldri har handla for meir i jula enn i år. NHO Service og handel estimera at vi vil bruke 118 milliardar kroner på gåver, mat og anna julerelaterte førebuingar i år. Sjølv om dette er eit estimat som er på 5% under estimatet for i fjor er det framleis svimlande høge summar. Reflekter over kva som er viktig for deg. Vil pengane som ellers ville gå til ein julegåve heller gjort seg godt som ein donasjon eller at de rett og slett ikkje gjev gåver i det heile?

Eit godt måltid saman kan vere vel so fin gåve som ein fysisk ting. Foto: Kelsey Chance

Dersom du er nerd og ynskjer å forstå dette med gåver på eit djupare nivå kan du sjekke ut Marcell Mauss si kjende bok The gift (kindle/ e-bok). Eit anna tema som kan vere interessant om du vil dykke ned i dette temaet er teoriar om kjærleiksspråk. I følgje Gary Chapman er gåvegjeving ein av fem kjærleiksspråk ( i tillegg til anarkjennande ord, tid for kvarandre, tenester og fysisk nærheit). Dersom gåvegjeving er kjærleiksspråket til ein eller fleire i din omkrets, vil det i større grad bli oppfatta som ein avvisning at du ikkje vil ta i mot gåver. Det vil vere desto viktigare å kommunisere kvifor dette er viktig for deg. Chapman sine teoriar kan vere eit godt verktøy for å i større grad forstå eventuell motstand blant dine nærmaste som du kan møte ved å takke nei til gåver.

3. Fråtsing av mat og matsvinn

Vi knyt lett minner til mat, og for mange er lukta av ribbe eit sikkert teikn på at jula er her. Det å ha overflod av mat i jula er noko som har følgt oss i mange generasjonar. Då skulle dei beste kakene på bordet og ingen gå svoltne frå bordet. Levestandaren generelt, når det kjem til konsum, er svært mykje høgare i dag enn det var berre for nokre tiår sidan, og dei aller fleste av oss går ikkje svoltne frå bordet, kvardag eller fest. For å halde matsvinn nede, kan det med fordel planleggast kva ein skal ete i jula og kven som skal ta med kva (og kor mykje), på same måte som ein gjerne gjer i kvardagen. Det betyr ikkje at ein treng å kalkulere nøyaktig mengde mat, men at ein har eit meir bevisst forhald til kva og kva mengde mat ein tek med seg inn i feiringa. Kjøp gjerne lokalmat i den grad du kan, for eksempel ved å nytte REKO-ringen, der bøndene sel direkte til sine kundar. Søk opp REKO på facebook og finn din lokale møteplass dersom du ikkje har gjort det allereie. Bondens marked og lokale utsal er også eit godt alternativ.

4. Bruk romjula på læring

Ta på deg noko behageleg, lag ein kopp med noko godt å drikke, og finn fram ei bok, ein film, serie eller podcast som engasjera og gjev deg nye tankar.

Det kjem stadig nye, engasjerande bøker, filmar, dokumentarar, podcastar og so vidare. Finn noko som du tenker er spennande og gjer det klart til jul, enten det er bok eller noko anna. Om du tenke deg om, har du kanskje allereie noko på lista som du kunne tenke deg å brukt tid på i jula.

Sjå tidlegare post med tips til TV-tips her, sjekk gjerne ut min podcast Zero Waste Nation (2020), som tek føre seg ulike Zero Waste-relaterte problemstillngar.

Eller har det kome veldig mange fine bøker som er berekraftsrelaterte, alt i frå korleis ta vare på tekstil, korleis lage kle, korleis leve meir berekraftig, berekraft i det store bilde og meir inspirerande bøker som gjev håp og engasjement. Sjølv har eg kosa meg mykje med bøkene til Anne Sverdrup-Thygeson og hennar artige måte å formidle kor viktige insektene er for oss og verda. Lettleste bøker om eit viktig tema.

For mange er også jula ei tid for refleksjon over året som har vore, og kva vi ynskjer ut av det nye året. Personleg likar eg å sette med ned og lage ein plan over kva eg vil dyrke i det nye året, og få ein oversikt over kva som må dyrkast når og når maten må haustast.

5. Bruk jula på å planlegge eit meir berekraftig år

Kanskje du kunne tenke deg å sykle på jobb i staden for å ta bilen til neste år? Eller ynskjer å utfordre deg sjølv til kjøpestopp, lage dine eigne hygieneprodukt, lære deg å sy, dyrke eller selge vekk ting du har hatt liggande over fleire år som du veit andre kan ha glede av.

Treng du motivasjon og inspirasjon, sjekk gjerne ut denne posten om korleis Zero Waset-livsstilen forenklar dine nyttårsforsett.

Uansett kva du vel, hugs å tenk over kvifor du ynskjer å endre ein eller fleire vanar i ein meir berekraftig retning. Ver ærleg med deg sjølv og skriv det gjerne ned. Det å endre vanar tek tid, og kvalitet er viktigare enn kvantitet <3.

Bruk romjula til å planlegge for eit grønare, nytt år. Foto: Ashlyn Ciara

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Tarynn M., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Markus Spiske

Inspirasjon til lokal julehandel

Det har aldri vore viktigare å støtte dine frittståande lokalbutikkar enn det er no. Kjøp julemat og julegåver frå dine frittståande, favorittbutikkar som bidrar til ei grønare kvardag.

Eg vil absolutt anbefale å ta turen innom din lokale Zero Waste-butikk no før jul, og finne noko godt til julefeiringa og gåver til deg sjølv eller andre. I Bergen anbefalast Råvarene og semi-Zero Waste-butikken Reindyrka.

Råvarene tilbyr mykje mat i lausvekt og har ein heilheitleg tilnærming til Zero Waste, medan Reindyrka fokusera mykje på lokale råvarer og økologisk mat, men tilbyr også noko i lausvekt, både tørrevare og fersk frukt og grønt.

Råvarene og Reindyrka har ting og matvare i ulike prisklassar, slik at du kan finne ein liten oppmerksomhet til ho på jobben, noko godt til å ha i julesokken, fine julegåver som bidrar til mindre søppel, og bidrar til gode råvarer og forbruksartiklar – enten til deg sjølv eller som gåve.

Begge butikkane levera gratis i Bergen, dersom du ikkje har høve til å komme innom butikken sjølv.

Eigar og dagleg leiar Anne-Line Randal delar ansvaret for Reindyrka saman med Anja Eilertsen, som ho starta butikken med i 2010.

REINDYRKA, Strandgaten 21, Bergen

Reindyrka er ein butikk som tilbyr økologiske matvarer, og har fokus på lokale råvarer, og feira i år 10-årsjubileum. Bedrifta blei stifta av Anne-Line Randal og Anja Eilertsen, som begge er kjente fjes og viktige inspiratorar i det «grøne» miljøet i Bergen. Hos Reindyrka finn du både ting du kan ete, drikke og smøre på huda di som er lokale, nokon også i lausvekt. Dei har også eit rikt utval av lausvektsvare i frukt og grønt-avdelinga, og kanskje byens beste eple. Ellers har dei også eit rikt utval av refill av flytande såpe til hud, hår og hender, og alt av flytande vask som du måtte trenge til heimen.

Forslag til gåver til under 100 kr

Det fine med lausvektsvarer er at du kan kjøpe den mengda du treng. Difor kan dei fleste lausvektsvarene komme i denne gåvekategorien. Ta med eit fint glas eller flaske heimanfrå og fyll den med såpe, te eller mat. For eksempel er ei fin gåve å gje ei flaske med velduftande såpe eller saltsåpe til håret. Kanskje du allereie har ein behaldar til dette heime? Såpebar er drygare i bruk, om du vil at såpa skal vare lengre. Ellers kan eg anbefale å fylle eit glas med ein god te, for eksempel kamille. Det kan virke skremmande at det står over 1200 kr kiloen, når du skal helle kamillete over i din eigen behaldar, men hugs at kamille-te er lett. Kamilleteen på bilde kosta 48 kr + glas 16 kr + tesil 29 = 93 kr. Du har kanskje noko hamp eller fine band liggande som du kan bruke til pynt om du vil.

Kamillete pynta med hamp og tørka nype. Du kan også bruke granbar eller andre «julete» vekstar. Foto: Kristine Ullaland. Totalpris for gåva er 93 kr. Dette er den dyraste teen Reindyrka har, so om du vil ha ein rimelegare variant kan du velgje ein anna type te.

Forslag til gåve mellom 300 og 500 kr

Det fine med Reindyrka, er at du kan velgje kvantum etter budsjett og ynskja mengde, so det å kjøpe mat som gåve er supert. Dei sel også yogablokk i kork, frå det norske selskapet The Asanas til 225 kr per stykk. Dette er eit produkt som er utsolgt frå The Asanas sine nettsider. Med so mykje heimekontor som folk har no, kan yogablokker komme god med. Ellers har dei diverse bøker om mat og dyrking, handlaga leikesverd i tre til 499,- og mykje godt å drikke. Dei har diverse fruktdrikke med namnet hyllest, som passa fint å gje som gåve til ein pris frå 140,- og oppover.

Forslag til gåver over 1000 kr

Lag ei digg matkorg som gåve. Du kan bruke ei korg du har, ein ølkasse eller ein pappkasse. Det er heilt ok å sei at du vil ha korga tilbake, og at det berre er innhaldet som er gåva. Fyll det med matvarer som har litt lengde haldbarheit, ettersom ein gjerne har kjøpt inn mykje mat til jula. God drikke er ein slager, og starta på 65 kr og oppover. Reindyrka har ein del eksklusive matvarer som ein gjerne ikkje kjøpe til kvardag, so kvifor ikkje gå for ekstra gode matvarer i jula? For eksempel yoghurt på glas som er so fint at du garantert vil bruke det omatt. Er det ein barnefamilie, so er kanskje ei barnebok om hagen ein fin ting å legge ved, med ein helsing som oppfordra å bruke jula til å planlegge planting til våren. Å smake på gode råvarer samstundes som ein drøyme om kva ein kan plante og hauste i 2021 kan vere ein fin ting å gjere saman. Butikken har mange gode varer, so her er det mange alternativ. Dei tilsette har god kunnskap til å hjelpe deg å sette saman ein matkasse, og denne kan også leverast i Bergen dersom du ikkje kan hente sjølv, eller om mottakaren bur i Bergen og ikkje du.

Korg med innhald av mat og forbruksartiklar til rundt 1000 kr, og består av to typar te, honning, ulike såper, hyllest-drikk, brød, tanntablettar og tannkost, popkorn, kaffi og tøyposar. Denne korga inneheld ein miks frå Råvarene og Reindyrka. Om du ikkje har ei korg, kan du bruke ein kasse eller tøypose. Foto: Kristine Ullaland
Engasjerte Julie byrja som dagleg leiar av Råvarene i år, etter fleire år i servicebransjen. Ho ynskjer gjennom sitt arbeid å gjere det lettare for folk å redusere avfall og leve meir berekraftig.

RÅVARENE, Skostredet 5, 5017 Bergen

Den lille Zero Waste-butikken, Råvarene i Skostredet, er bygd på engasjement for ein meir søppelfri kvardag. Sjølv om den berre er fire år, har den blitt ein viktig inspirasjon for Zero Waste-butikkane som har poppa opp rundt om i landet vårt dei siste åra. Her finn du omlag alt du måtte trenge for å gå frå forbruksartiklar til gjenbruksartiklar. Butikken gjev rabatt til studentar og faste kundar som handlar over ein viss sum, og dei tilsette er alltid klare til å hjelpe om du skulle ha spørsmål.

Forslag til gåver under 100 kr

POPKORN!

Ta med eit fint glas du har heimanfrå og fyll det med popkorn. Dersom du vil gjere ekstra stas på mottakarane av popkornet, kan du lage ei god krydderblanding til popkornet. Min favoritt er 1 del næringsgjer og 1 del paprikakrydder (begge fåast kjøpt på Råvarene). Popkorn kan vere ein fin avveksling til anna julegodt som ofte er ganske mektig. Dersom du ynskjer det, kan du også kjøpe eit glas. Det ligg på rundt 18- 35 kr. Glasa på bilde er eldfaste glas frå Weck, som kostar meir, og er berre brukt til illustrasjon.

Det kan føles rart, men det er faktisk heilt ok å gje ei gåve i ein emballasje som du vil ha tilbake. Sjølv gjev eg sjeldan frå meg emballasjen, men heller innhaldet i gåva. Dersom eg trur mottakaren vil ha glede av emballasjen er sjølvsagt saka noko anna, men som oftast har folk mykje slikt liggande. Glasa over er frå Weck (kjøpt på Råvarene tidlegare) og glaset med gullfarga lokk er eit fetaost-glas. Foto: Kristine Ullaland

Er du ikkje glad i popkorn? Det fine med kjøp i lausvekt er at du kan kjøpe mengda mat du treng, og dermed kjøpe innafor budsjettet. Finn fram eit fint glas og fyll det med gode krydder, te, matvare eller godteri. Spør om hjelp frå dei tilsette om du har eit satt budsjett du skal forhalda deg til.

Forslag til gåver mellom 300 – 500 kr

Råvarene har forskjellige boksar i metall som kan brukast til matboks eller oppbevaring av matrestar. Desse ligg på 250 og oppover, og er av god kvalitet. Dei har også fleire drikkeflasker, med og uten mønster, og sjølv om dei er isolerte vil eg anbefale slike til vatn. Vatnet held seg kaldt i over eit døgn, og om du berre bruka flaska til vatn, vil den trumfe flaskevatn til ein kvar tid.

Er ikkje noko av dette på ynskjelista i år, har Råvarene fine beeswraps i ulike mønster, som du kan bruke f.eks. i staden for matpapir. I øvre sjikte tilbyr dei barberhøvel i metall, som kostar på 400 og opp til 550 dersom du skal ha med stativ. Om du ynskjer ein litt dyrare gåve, kan du slenge med barbersåpe. Den ligg på litt over 100 kr og er dryg i bruk.

Forslag til gåver over 1000 kr

Eit alternativ er sjølvsagt å samle ulike matvarer og gjenbruksartiklar til ein fin gåve. Her kan dei tilsette ved Råvarene hjelpe deg om du treng litt råd til kva som passar til gåvemottakaren. Dersom du ynskjer ein ting, er startpakken til Bokashi-komposten veldig fin. Då får du to boksar til bokashi-kompost og strø. Dersom mottakaren av gåva bur i Bergen, kan dei også søke om å få opp til 50% tilbake av kjøpesummen av komposten frå BIR. Gåvemottakar treng då kvitteringa, so opp til deg om du føler deg komfortabel med det. Uansett ei fin gåve.

Slik ser bokashi-startsettet ut. To bøtter og bokashistrø. Komposten er svært enkel å bruke. Foto: Kristine Ullaland

Hugs at dine handlingar (og handel) betyr noko, og vi gjer gjerne det naboen gjer. Kvifor ikkje vere den naboen som påvirka til eit meir berekraftig samfunn ved å ta små, enkle berekraftige val?

Råvarene og Reindyrka hjelpe deg på vegen.

Bur du ikkje i Bergen? Kva butikkar har du i ditt nærområde som du ynskjer å støtte spesielt i denne perioden?

GOD JULEHANDEL

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y. Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Kva er mest berekraftig juletre?

Om lag kvart år kjem diskusjonen opp att – kva er mest berekraftig av plasttre eller ekte tre? I år var det Englands første «plastfrie» landsby som skapte overskrifter etter at landsbygda blei pynta med 150 juletre i plast. Argumenta frå dei involverte var at juletrea ikkje var forbruksvare, men gjenbruksvarer – altso at dei ville bli brukt over mange år, og plasttrea difor var det mest berekraftige alternativet. Ein internasjonal studie utført av Englands Skogskommisjon (Forestry Commission) hevda at ekte tre nyttar omlag ti gonger færre material og fem gonger mindre energi enn kunstige tre. Treet kan komposterast etter bruk, og dermed gå tilbake til jorda.

Tradisjon og juleminner

Eg vaks opp på Ullaland gard i Naustdal, der ein del av førjulsstria inkluderte å hente juletre frå skogen.  Dette gjekk stort sett føre seg med at far min køyrde traktor, saman med meg eller nokre av syskena mine, slik at vi enkelt kunne frakte trea heim på traktorskuffa. Heime måtte dei stå til tining før dei kunne komme inn i kjellaren. Ei mild lukt av gran fylte stova på veslejulafta, i det vi tok inn juletreet til pynting, medan klassikarar som Grevinna og hovmeisteren gjekk i bakgrunnen. For meg er juletre i gran frå skogen heime, det som er ekte jul. Men kva er alternativet om ein ikkje har ein skog ein kan hente tre frå?

Tre frå Danmark og julepynt frå Kina

Symbolikken bak juletreet er «evig liv», og stammar frå Vest-Tyskland på 1500-tallet. Treet byrjar å bli ein del av norske tradisjonar på 1800-tallet, pynta med godsaker som nøtter, epler, kaker og godteri. I dag kjem heile 84 prosent av julepynten vår frå Kina. I følgje Aftenposten blei det i 2013 importert julepynt for heile 166 millionar kroner, noko som er tre gonger verdien samanlikna med tal frå 1988. I følgje same artikkel kom heile 99% av juletrea våre frå Danmark.

daniil-silantev-KXTQEvwXdt4-unsplash.jpg
Kvar kjem treet frå? Er det kortreist eller langreist? Foto: Daniil Silantev

Plasttre

I produksjonen av plasttre er det foredlinga av plast frå olje som gjev mest CO2-utepp. I tillegg er ofte trea i plast frakta i container frå Kina. Eig du allereie eit plasttre, er det mest berekraftige er å halde fram med å bruke det so lenge det varer, og forhåpentlegvis varer det i mange år frammover.

Kva skjer når plasttreet ikkje lenger kan brukast?

Plasttre er som oftast samansett av fleire ulike material, som ikkje kan resirkulerast, men sjå kva forpakninga til juletreet seier slik at du er sikker på treet blir sortert riktig. Det vanlegaste er å  kaste det i restavfallet. Dersom treet har motor, lys er det el-avfall og skal leverast tilbake der du kjøpte treet eller hos din lokale renovasjonsstasjon.

Ekte tre

I følgje Forskning.no binde norske grantre i løp av ein sommar, like mykje CO2 frå atmosfæren, som all vegtrafikk slepp ut i løp av eit heilt år. Om det er mest miljøvennleg å velje ekte tre er likevel ikkje beintfram ja. Kvar kjem juletreet frå? Er det lokalt eller kjem det for eksempel frå andre stader i Norge, eventuelt utlandet? I følgje Forskning.no estimerast det at vi fell 400.000 tre sjølv og til vener, medan salet ligg på rundt 1,5 millionar juletre (det plantast årleg 25 millionar tre i Norge årleg).

david-beale-gBn4fLhEYKo-unsplash.jpg
Eg har ikkje juletre heime, men eg pyntar alltid med ein fin krans. Foto: David Beale.

Kva skjer med treet etter jul?

Kvar ende treet når de er ferdig med det? Treet skal ikkje kastast som vanleg avfall. Då blir det sendt til forbrenning, der opp til 25 prosent av det som blir brent ende opp som oske. Denne oska er farleg avfall. For dei aller fleste vil treet måtte leverast til renovasjonen som hageavfall. Nokre kommunar tilbyr henting over ein kort periode etter jul. Kontakt ditt lokale renovasjonsselskap og finn ut kva som gjeld for ditt område.

Ekte tre i potte

Tre i potte er det mest miljøvennlege alternativet, då du kan bruke treet som juletre mange gonger, og når det er dødt kan det komposterast. Den fransk-amerikanske Zero Waste-pioneren, Bea Johnson, sverga til dette. Treet treng ikkje nødvendigvis vere av gran heller. Det finst mange fine eviggrøne busker som kan passe. Når julehøgtida er over kan treet flyttast ut att, eller du kan halde fram med å ha det inne.

Avhengig av kva type tre du vel kan den leve/ vere i ok størrelse til å bruke til juletre i mange år. Vel gjerne ei busk eller tretype som veks sakte, og styr unna rasktveksande tresortar slik at du unngår at treet blir for stort til å flyttast.

Kva skjer med treet om det dør

Om du ikkje har hage eller eit område å kompostere treet, må dette leverast inn som hageavfall på din lokale renovasjonsstasjon.

chelsea-francis-OrgLz7cjFIc-unsplash.jpg
Det er ikkje alltid so mykje som skal til for å få julestemning heime. Litt granbar hjelpe godt på veg. Foto: Chelsea Francis.

Ein dråpe i havet?

Når ein diskutera kva som er mest miljøvennleg av ekte juletre og juletre i plast, svingar samtalen ofte til å handle om flyreisene mange av oss har i forbindelse med heimreisa, og det store forbruket som er knytt til julefeiringa. Det er sant at samanlikna med desse punkta er ikkje juletreet det som kjem høgast ut, men det er likevel ein del av reknestykket. Havet består trass alt av mange små dropar, og det er dei små og store vala vi gjer i kvardagen som gjer at vi i snitt kastar 417 kilo per person, per år. Det å reflektere over forbruksmønsteret sitt er også noko som sjeldan berre gjeld ein type forbruk (som kjøp av juletre), og for nokre vil det vere eit alternativ å velje det mest berekraftige juletreet, medan å reise med fly heim til jul ikkje er eit alternativ på grunn av avstand og infrastruktur.

Eg håpa du har ei fin førjulstid og at du også gler deg til jul, enten om du feirar med deg sjølv, med familie eller vener.

Har du lyst på meir juleinspirasjon? Trykk på lenka under tittelen til denne posten, der det står jul.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Toppfoto: Natan Michielson

Kristines grøne julegåvetips

Personleg er eg stor fan av å kjøpe opplevingar som gåver, men det er ikkje alltid det passar. Her er seks enkle tips til julegåver i Zero Waste-ånd.

Tøyposar til lausvektsvarer

Små tøyposar kan brukast til lausvektsvarer når ein for eksempel skal kjøpe mat. Dei fleste daglegvarebutikk har meir lausvektsvarer enn ein skulle tru, og då passar desse posane fint. Dei er med på å eliminere bruken av unødvendig emballasje, samtidig som dei er med på å spare plass i søppla eller resirkuleringa. Du kan også enkelt lage dei sjølv, om du føretrekk det.

Ein god start til nokon som er ferske på Zero Waste er ein liten, tett pose som kan brukast til nøtter, dadlar, løk, ingæfer, godteri eller liknande. Og ein stor pose som kan brukast til frukt og grønt som ein gjerne kjøper større kvantum av, som appelsin eller eple.

Kvifor kjøpe tøypose?

Vi nordmenn kastar i snitt 433 kilo avfall i året. Det er dei små tinga i kvardagens som til saman utgjer dette talet. Det å bruke eigne posar er difor ein av fleire gode tiltak for å redusere sitt eige avfall. Kanskje du eller mottakaren av gåva igjen inspirera andre?

Pris: 35-95 per stk.

Kvar:  Zero Waste-butikkar, utvalde Bunnpris-butikkar, utvalde helsekostbutikkar.

Dersom du ynskjer å kjøpe dei på nett finn du det her.

Dersom du bur i Bergen anbefala eg posane til Reindyrka. Dei er sydd av attføringsbedrifta ALF og posane er laga av resirkulert tekstil. Då støttar du to gode saker i ein.

DSCF1635
Foto: Kristine Ullaland. Tøyposar som dette passa fint til frukt og råvarer som ein kjøper i større kvantum. For eksempel eple og appelsin.

Bakematte i silikon

Bakematte i silikon passar for dei som ynskjer å redusere forbruksartiklar på kjøkkenet. Bakematta kan brukast opp til 220 grader og ned mot -20 grader.

Kvifor bruke bakematte i silikon i staden for bakepapir?

Mat og bakepapir er ofte satt inn med fluorkarbon fordi det fråstøytte veske frå maten. Fluor er giftig både for oss og naturen vi omgjev oss med (sjå svanemerka bakepapir her). I følgje testar gjort av Nordisk råd kan fluoren smitte over frå papiret til maten den er i kontakt med. Myndigheitene kan per dags dato krevje å få sjå bevis på at kjemikaliane dei nyttar i bakepapir og andre forbruksartiklar som take-away-emballasje ikkje inneheld helseskadelege kjemikaliar. Dessverre gjeld denne ordninga berre for europeiske produsentar, og ikkje produsentar utanfor Europa.

Pris: 120,- (Jernia)

Kvar: Butikkar som sel kjøkkenartiklar.

NB. Sjå at matta er laga av silikon før du kjøper den.

Det er per dags dato ingen i Norge som resirkulera silikon. Nokre aktørar, som Agent M, tek i mot retur av silikon og sende det til USA når dei har samla opp stort nok volum. Les meir om korleis aktørar i USA resirkulera silikon her.

Jul_Jernia_Beeorganic.jpg
Foto: Produktillustrasjon frå leverandørane. Til venstre: drikkeflaske til småborn frå Bee Eco. Til høgre: Bakematte frå Jernia.

Drikkeflaske til born

Har du born på gåvelista di kan ei drikkeflaske i stål vere tingen. Clean Kanteen sine to flasker i størrelsar. 148 ml og 266 ml er fine flasker med tut i medisinsk silikon og er fri for uønska kjemikalier som BPA. Denne kan byttast ut etter kvart som barnet veks. Flaska er lett å halde og toler å bli kasta i bakken. Spesielt den minste flaska er lett å halde for små born og den er lett å reingjere.

Pris: Frå 209

Kvar: Bee Organic (nett). Fat og Fe i Oslo (Sagene) føre også denne. Tips gjerne om du veit om andre butikkar som sel denne.

Barberhøvel

I følgje EPA (Environmental Protection Agency) blir det kasta amerikanarane 2 milliardar barberhøvlar kvart år. USA har eit høgare forbruk en oss i Norge, men vi ligg ikkje langt bak, og det er naturleg å forvente at talet barberhøvlar som blir kasta årleg i Norge også er høgt. Ved å gå over til ein Safety Razor redusera du avfallet og dersom du kjøper ein høvel i metall, kan heile barberhøvelen resirkulerast når den ein gong ikkje lenger kan brukast. Barberblada er også svært rimelege samanlikna med vanlege barberblad. Du kan lese meir om Safety Razor her.

Pris: Brukt frå 150. Ny: Rundt 380 og oppover. Pris per blad 5-10 kr.

Kvar: Dei fleste barbersjappene sel barberhøvlar. Fleire butikkar med miljøfokus sel også dette. Om du vil kjøpe det på nett finn du det her.

NB. Hugs å gje beskjed om kva hud mottakaren av gåva har. Det er stor forskjell på blader til ein kvinnelegg, ein ung man som nett har begynt å barbere seg, og ein eldre mann som har barbert seg heile livet.

HFM
Safety Razor til høgre og barberkniv for dei meir avanserte til høgre. Bilde tatt på Bergen Barberstue som føre både Safety Razor og barberblad. Foto: Kristine Ullaland

Emballasjefri sjampo/ dusjsåpe og deodorant

Forbruksartiklar som sjampo, balsam, dusjsåpe og deodorant er klassikarar til folk ein er litt usikker på kva ein skal kjøpe til. Dette kan kjøpast emballasjefritt på fleire kosthaldsbutikkar, Zero Waste-butikkar og butikkar som Lush. Lush finn du i dei fleste storbyar. Dei tilbyr det meste av hygieneartiklar i lausvekt. Dette er produkt som passar personar som i dag brukar vanlege hygieneprodukt og er vande med parfymerte produkt, men ynskjer å redusere emballasje. Dei produkta som kjem i emballasje kan ein ta med tilbake til butikken, og så resirkulera Lush emballasjen. Lush er også ein aktør som er flinke på å bruke resirkulert plast i sin emballasje.

Pris: Frå 50 kr og oppover. Mange av produkta seljast i lausvekt og du kan då få mengde etter budsjett.

matthew-tkocz-422655-unsplash
Foto: Matthew Tkocz.

Kvar: Lush finn du i Oslo, Trondheim og Bergen. Dei har og utsal på nett.

Dersom du uansett må bestille på nett anbefala eg å sjekke ut Margrete. Ho føre milde produkt med fokus på miljø og emballasje.

Bokashikompost

Den urbane fermenteringskomposten bokashi har tatt Norge med storm. Grunnen til det er at den er billig samanlikna med dei tradisjonelle varm- og kaldkompostane vi har hatt i Norge, og fordi dei er lette å bruke. Bokashikompost treng liten plass og luktar lite. Du kan lese meir om kompostmetoden her.

Pris: Frå 999

Kvar: Her får du kjøpt bokashi i ditt nærområde.

Dersom du må kjøpe på nett finn du det her.

NB. Fleire kommunar tilbakebetalar utlegg for kompost med opp til 1000 kr. Dersom du gjev kvitteringa med gåva, kan mottakaren sjølv søke om å få tilbakebetalt for utlegget. 1000 kr og ein ny kompost er jo ei råflott gåve.

Lag Bokashi av kebabemballasje_Grønare kvardag_Zero Waste_
Dersom du ynskjer å gje nokon ein bokashikompost i gåve, men ikkje har budsjett til å kjøpe den, kan du lage det sjølv. Bøttene på bilde har eg fått gratis frå ein kebab-butikk. Dei passar fint under vasken.

Hugs at det mest miljøvennlege er å støtte din lokale butikk heller enn å handle på nett.

Har venene dine alt? Støtt gjerne Grønare kvardag på Vipps nr. 541618 eller folkefinansieringskanalen Patreon. For å få tilsendt ein pdf som du kan sende til den du har donert for, skriv inn mailen din i kommentarfeltet med merknad JULEGÅVE og namn på mottakaren av gåva. Ditt bidrag er viktig for at Grønare kvardag kan vekse i tråd med verdiane sida er bygd på. Grønare kvardag er fri for betalt reklame.

Toppfoto: Monika Stawowy

Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag, og Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Silje, Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin og Ida. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse.

Ynskjer deg og dine ei riktig god førjulstid!

Les også: Emballasjefrie julegåver og opplevingar som gåve.