Om lag kvart år kjem diskusjonen opp att – kva er mest berekraftig av plasttre eller ekte tre? I år var det Englands første «plastfrie» landsby som skapte overskrifter etter at landsbygda blei pynta med 150 juletre i plast. Argumenta frå dei involverte var at juletrea ikkje var forbruksvare, men gjenbruksvarer – altso at dei ville bli brukt over mange år, og plasttrea difor var det mest berekraftige alternativet. Ein internasjonal studie utført av Englands Skogskommisjon (Forestry Commission) hevda at ekte tre nyttar omlag ti gonger færre material og fem gonger mindre energi enn kunstige tre. Treet kan komposterast etter bruk, og dermed gå tilbake til jorda.
Tradisjon og juleminner
Eg vaks opp på Ullaland gard i Naustdal, der ein del av førjulsstria inkluderte å hente juletre frå skogen. Dette gjekk stort sett føre seg med at far min køyrde traktor, saman med meg eller nokre av syskena mine, slik at vi enkelt kunne frakte trea heim på traktorskuffa. Heime måtte dei stå til tining før dei kunne komme inn i kjellaren. Ei mild lukt av gran fylte stova på veslejulafta, i det vi tok inn juletreet til pynting, medan klassikarar som Grevinna og hovmeisteren gjekk i bakgrunnen. For meg er juletre i gran frå skogen heime, det som er ekte jul. Men kva er alternativet om ein ikkje har ein skog ein kan hente tre frå?
Tre frå Danmark og julepynt frå Kina
Symbolikken bak juletreet er «evig liv», og stammar frå Vest-Tyskland på 1500-tallet. Treet byrjar å bli ein del av norske tradisjonar på 1800-tallet, pynta med godsaker som nøtter, epler, kaker og godteri. I dag kjem heile 84 prosent av julepynten vår frå Kina. I følgje Aftenposten blei det i 2013 importert julepynt for heile 166 millionar kroner, noko som er tre gonger verdien samanlikna med tal frå 1988. I følgje same artikkel kom heile 99% av juletrea våre frå Danmark.

Plasttre
I produksjonen av plasttre er det foredlinga av plast frå olje som gjev mest CO2-utepp. I tillegg er ofte trea i plast frakta i container frå Kina. Eig du allereie eit plasttre, er det mest berekraftige er å halde fram med å bruke det so lenge det varer, og forhåpentlegvis varer det i mange år frammover.
Kva skjer når plasttreet ikkje lenger kan brukast?
Plasttre er som oftast samansett av fleire ulike material, som ikkje kan resirkulerast, men sjå kva forpakninga til juletreet seier slik at du er sikker på treet blir sortert riktig. Det vanlegaste er å kaste det i restavfallet. Dersom treet har motor, lys er det el-avfall og skal leverast tilbake der du kjøpte treet eller hos din lokale renovasjonsstasjon.
Ekte tre
I følgje Forskning.no binde norske grantre i løp av ein sommar, like mykje CO2 frå atmosfæren, som all vegtrafikk slepp ut i løp av eit heilt år. Om det er mest miljøvennleg å velje ekte tre er likevel ikkje beintfram ja. Kvar kjem juletreet frå? Er det lokalt eller kjem det for eksempel frå andre stader i Norge, eventuelt utlandet? I følgje Forskning.no estimerast det at vi fell 400.000 tre sjølv og til vener, medan salet ligg på rundt 1,5 millionar juletre (det plantast årleg 25 millionar tre i Norge årleg).

Kva skjer med treet etter jul?
Kvar ende treet når de er ferdig med det? Treet skal ikkje kastast som vanleg avfall. Då blir det sendt til forbrenning, der opp til 25 prosent av det som blir brent ende opp som oske. Denne oska er farleg avfall. For dei aller fleste vil treet måtte leverast til renovasjonen som hageavfall. Nokre kommunar tilbyr henting over ein kort periode etter jul. Kontakt ditt lokale renovasjonsselskap og finn ut kva som gjeld for ditt område.
Ekte tre i potte
Tre i potte er det mest miljøvennlege alternativet, då du kan bruke treet som juletre mange gonger, og når det er dødt kan det komposterast. Den fransk-amerikanske Zero Waste-pioneren, Bea Johnson, sverga til dette. Treet treng ikkje nødvendigvis vere av gran heller. Det finst mange fine eviggrøne busker som kan passe. Når julehøgtida er over kan treet flyttast ut att, eller du kan halde fram med å ha det inne.
Avhengig av kva type tre du vel kan den leve/ vere i ok størrelse til å bruke til juletre i mange år. Vel gjerne ei busk eller tretype som veks sakte, og styr unna rasktveksande tresortar slik at du unngår at treet blir for stort til å flyttast.
Kva skjer med treet om det dør
Om du ikkje har hage eller eit område å kompostere treet, må dette leverast inn som hageavfall på din lokale renovasjonsstasjon.

Ein dråpe i havet?
Når ein diskutera kva som er mest miljøvennleg av ekte juletre og juletre i plast, svingar samtalen ofte til å handle om flyreisene mange av oss har i forbindelse med heimreisa, og det store forbruket som er knytt til julefeiringa. Det er sant at samanlikna med desse punkta er ikkje juletreet det som kjem høgast ut, men det er likevel ein del av reknestykket. Havet består trass alt av mange små dropar, og det er dei små og store vala vi gjer i kvardagen som gjer at vi i snitt kastar 417 kilo per person, per år. Det å reflektere over forbruksmønsteret sitt er også noko som sjeldan berre gjeld ein type forbruk (som kjøp av juletre), og for nokre vil det vere eit alternativ å velje det mest berekraftige juletreet, medan å reise med fly heim til jul ikkje er eit alternativ på grunn av avstand og infrastruktur.
Eg håpa du har ei fin førjulstid og at du også gler deg til jul, enten om du feirar med deg sjølv, med familie eller vener.
Har du lyst på meir juleinspirasjon? Trykk på lenka under tittelen til denne posten, der det står jul.
Om Grønare kvardag
Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.
Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.
Toppfoto: Natan Michielson