Kategoriarkiv: lokal mat

Vårhausting – vakre vekstar med god smak!

Då eg var yngre var eg ofte redd for å smake på ting frå naturen, som eg ikkje kjende frå før. Spesielt ting som eg hadde plassert i kategorien «ikkje-mat». Roseblad frå nyperosa var ein slik ting. Frå naturen sin side er det jo noko som er lurt at barn er forsiktig med, ettersom det finnast giftige plantar vi må passe oss for, men jammen er det mykje spennande og godt vi finn i naturen vi omgjev oss med. Fleire av desse gode smakane finn vi no på våren! Bli inspirert til å ta deg ein tur ut og plukk!

Køyrereglar: Forhøyr deg gjerne med dei som eige området du ynskjer å plukke i, for å sikre det at det er greit at du plukkar der. Då er det lettare å komme igjen seinare, og du kan også bli forsikra om at området ikkje er sprøyta eller på anna måte behandla slik at det ikkje bør plukkast.

Plukkar du i naturen, hugs at det ikkje skal vere mogeleg å sjå at du har vore der. Ta gjerne med ei saks for å lettare kunne klippe det du treng.

Plukk det du treng: Det kan vere lett å bli litt overivrig når ein endeleg har kome i gang med å hauste. Spesielt dersom dette er noko du har tenkt du skulle ha gjort lenge. Då er det lett å ende opp med å plukke meir enn du klare å konsumere på eigenhand. Hugs at maten enten må etast relativt raskt, eller forvellast, og at det ikkje er lov til å plukke meir enn til eige bruk.

Vårlege gleder

Roseblad av Nyperose, og kjend som Rynkerose. Steinnype kan også brukast.

Uvaska nyperoseblad. Den grøne planen med lilla blomstre heiter Gjerdevikke, og er søt på smak. Fin til pynt i salat, smørbrød og dessert. Foto: Kristine Ullaland

Rynkerose er ein invaderande busk med sterk livslyst som ofte er å sjå i parkar og i hagar. Ettersom den er so villig, er dette ein plante som sprer seg, og er i dag å finne på solfylte stadar over heile landet, med unntak av Finnmark. Steinnype veks som namnet tilseie, gjerne på steinete mark, og er å finne frå Nordfjord og sørover til Sørlandet og Østlandet.

Rynkerose luktar svakt av rose, og har ein søtleg smak. Enden på rosebladet kan smake litt beskt, og nokon vel å fjerne denne delen. Personleg synst eg ikkje det øydelegg smaken, og beheld difor bladet som det er.

Roseblada må tørkast for å halde seg, og du kan enten tørke dei på kjøkkenbenken eller tørke dei i ovnen på 50 grader med over og undervarme. Passa på at kvart blad ligg for seg sjølv under tørking. Når blada er tørka hell du dei over på eit lufttett glas. Bør ideelt sett oppbevarast mørkt. Enten inne i eit skap eller i ein lystett behaldar.

Roseblada kan brukast i te eller i drinkar, som pynt på kake eller i heimelaga hudpleieprodukt. Mine favorittar er som ein del av min heimelaga ansiktsspray med blomstervatn og uttrekk av nyperoseblad. Du klare deg fint utan nyperoseblada, men den lukta ekstra godt med.

I mangel på bilete av roseblad brukt som pynt, kan du sjå korleis blå kornblomst brukast på same måte. Søtbakst frå Solros i Bergen. Foto: Kristine Ullaland
Nyperoseblad kan også brukast i ansiktsspray. Gje ein lyd om du ynskjer oppskrift. Foto: Kristine Ullaland

Mjødurt – Nordens vanilje

Har du av og til kjent ein duft av mandel når du er ute å går tur om sommaren? Då er det nok mjødurten du luktar. Mjødurten har lang tradisjon som medisinplante, og du finn den i Østfold og langs kysten til Finnmark, og so høgt som opp mot 800 meter over havet.

Du kan ete skudda fram til blomstring fra juni til september. Skudda kan minne om bitre mandlar, men sjølve blomsten smakar søtt og kan minne om honning. Blomstrane kan brukast til å smakssette eddik, eller la dei trekke i fløyte eller(mandel)melk til sausar og dessertar.

Tørk blomsten på kjøkkenbenken eller på 50 grader i ovnen, eller frysast om du vil lage saft. Du kan bruke same framgangsmåte med safting av mjødurt som ved svarthyll.

Dersom du lure på om namnet har noko med mjød å gjere, har du heilt rett! Planten har blitt brukt som ølkrydder og til å gni inn trefat og kar som det skulle bryggast mjød i (Rolv.no).

Mjødurtblomster kan tørkast og brukast til å smakssette dessertar. Foto: Kristine Ullaland

Ramsløk – Nordens kvitløk

Eg brukte eit par år på å finne stadar der eg kunne plukke ramsløk. Folk som plukkar ramsløk er nemleg gjerne litt hemmelighetsfulle rundt kvar dei har plukka løken, og det er kanskje ikkje so rart. Ramsløk har nemleg blitt so populært at fleire oppleve at områdene der planten veks blir overplukka. I Sverige er planten freda.

Forvekslande lik den giftige liljekonvallen før blomstring

Planten er dessverre veldig lik liljekonvall, som er svært giftig. Dersom det er første gong du skal plukke ramsløk og ikkje har nokon du kjenner som kan hjelpe deg, vil eg anbefale at du ventar med å plukke til planten har blomstra. Ramsløken har blomstrar i kuleformasjon og liljekonvall har klokker. Det er også ein løklukt av ramsløken som ikkje liljekonvallen har. Likevel er det mogeleg å ta feil. Eg holdt sjølv på å gå på den smellen første gong eg trudde eg hadde funne ramsløk som eg hadde tenkt å bruke til 17. mai-gjestane våre. Heldigvis blei eg sjuk då eg kom heim og fekk ikkje forvella dei i tide.

Smak

Ramsløken har ein karakteristisk kvitløkssmak, og er ekstremt god å blande i supper og gryter. Du treng ikkje mykje ramsløk for å få god smak på det du lagar. Eg har tidlegare forvella den i olje, men prøvar meg i år utan olje, fordi eg ynskjer å ete so lite olje som mogeleg.

Måten eg har forvella ramsløken på i år er 30 sekundar koking i salta vatn, for so å klemme dei saman i ballar og fryse dei på brett. Når ramsløken er frosen samlar eg dei i eit glas i frysaren, slik at eg enkelt kan plukke ut det eg treng.

Dersom du et smør og brød, er det enklaste ramsløkstrikset å smake deg fram med litt ramsløk innrørt i ekte smør. Har du i tillegg noko godt surdeigsbrød av emmer eller liknande, kan det bli vanskeleg å stoppe før det er tomt! Du kan også tørke den, mortre den og enten bruke den som den er eller blande den saman med salt – og vipps har du kryddersalt.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Inspirasjon til lokal julehandel

Det har aldri vore viktigare å støtte dine frittståande lokalbutikkar enn det er no. Kjøp julemat og julegåver frå dine frittståande, favorittbutikkar som bidrar til ei grønare kvardag.

Eg vil absolutt anbefale å ta turen innom din lokale Zero Waste-butikk no før jul, og finne noko godt til julefeiringa og gåver til deg sjølv eller andre. I Bergen anbefalast Råvarene og semi-Zero Waste-butikken Reindyrka.

Råvarene tilbyr mykje mat i lausvekt og har ein heilheitleg tilnærming til Zero Waste, medan Reindyrka fokusera mykje på lokale råvarer og økologisk mat, men tilbyr også noko i lausvekt, både tørrevare og fersk frukt og grønt.

Råvarene og Reindyrka har ting og matvare i ulike prisklassar, slik at du kan finne ein liten oppmerksomhet til ho på jobben, noko godt til å ha i julesokken, fine julegåver som bidrar til mindre søppel, og bidrar til gode råvarer og forbruksartiklar – enten til deg sjølv eller som gåve.

Begge butikkane levera gratis i Bergen, dersom du ikkje har høve til å komme innom butikken sjølv.

Eigar og dagleg leiar Anne-Line Randal delar ansvaret for Reindyrka saman med Anja Eilertsen, som ho starta butikken med i 2010.

REINDYRKA, Strandgaten 21, Bergen

Reindyrka er ein butikk som tilbyr økologiske matvarer, og har fokus på lokale råvarer, og feira i år 10-årsjubileum. Bedrifta blei stifta av Anne-Line Randal og Anja Eilertsen, som begge er kjente fjes og viktige inspiratorar i det «grøne» miljøet i Bergen. Hos Reindyrka finn du både ting du kan ete, drikke og smøre på huda di som er lokale, nokon også i lausvekt. Dei har også eit rikt utval av lausvektsvare i frukt og grønt-avdelinga, og kanskje byens beste eple. Ellers har dei også eit rikt utval av refill av flytande såpe til hud, hår og hender, og alt av flytande vask som du måtte trenge til heimen.

Forslag til gåver til under 100 kr

Det fine med lausvektsvarer er at du kan kjøpe den mengda du treng. Difor kan dei fleste lausvektsvarene komme i denne gåvekategorien. Ta med eit fint glas eller flaske heimanfrå og fyll den med såpe, te eller mat. For eksempel er ei fin gåve å gje ei flaske med velduftande såpe eller saltsåpe til håret. Kanskje du allereie har ein behaldar til dette heime? Såpebar er drygare i bruk, om du vil at såpa skal vare lengre. Ellers kan eg anbefale å fylle eit glas med ein god te, for eksempel kamille. Det kan virke skremmande at det står over 1200 kr kiloen, når du skal helle kamillete over i din eigen behaldar, men hugs at kamille-te er lett. Kamilleteen på bilde kosta 48 kr + glas 16 kr + tesil 29 = 93 kr. Du har kanskje noko hamp eller fine band liggande som du kan bruke til pynt om du vil.

Kamillete pynta med hamp og tørka nype. Du kan også bruke granbar eller andre «julete» vekstar. Foto: Kristine Ullaland. Totalpris for gåva er 93 kr. Dette er den dyraste teen Reindyrka har, so om du vil ha ein rimelegare variant kan du velgje ein anna type te.

Forslag til gåve mellom 300 og 500 kr

Det fine med Reindyrka, er at du kan velgje kvantum etter budsjett og ynskja mengde, so det å kjøpe mat som gåve er supert. Dei sel også yogablokk i kork, frå det norske selskapet The Asanas til 225 kr per stykk. Dette er eit produkt som er utsolgt frå The Asanas sine nettsider. Med so mykje heimekontor som folk har no, kan yogablokker komme god med. Ellers har dei diverse bøker om mat og dyrking, handlaga leikesverd i tre til 499,- og mykje godt å drikke. Dei har diverse fruktdrikke med namnet hyllest, som passa fint å gje som gåve til ein pris frå 140,- og oppover.

Forslag til gåver over 1000 kr

Lag ei digg matkorg som gåve. Du kan bruke ei korg du har, ein ølkasse eller ein pappkasse. Det er heilt ok å sei at du vil ha korga tilbake, og at det berre er innhaldet som er gåva. Fyll det med matvarer som har litt lengde haldbarheit, ettersom ein gjerne har kjøpt inn mykje mat til jula. God drikke er ein slager, og starta på 65 kr og oppover. Reindyrka har ein del eksklusive matvarer som ein gjerne ikkje kjøpe til kvardag, so kvifor ikkje gå for ekstra gode matvarer i jula? For eksempel yoghurt på glas som er so fint at du garantert vil bruke det omatt. Er det ein barnefamilie, so er kanskje ei barnebok om hagen ein fin ting å legge ved, med ein helsing som oppfordra å bruke jula til å planlegge planting til våren. Å smake på gode råvarer samstundes som ein drøyme om kva ein kan plante og hauste i 2021 kan vere ein fin ting å gjere saman. Butikken har mange gode varer, so her er det mange alternativ. Dei tilsette har god kunnskap til å hjelpe deg å sette saman ein matkasse, og denne kan også leverast i Bergen dersom du ikkje kan hente sjølv, eller om mottakaren bur i Bergen og ikkje du.

Korg med innhald av mat og forbruksartiklar til rundt 1000 kr, og består av to typar te, honning, ulike såper, hyllest-drikk, brød, tanntablettar og tannkost, popkorn, kaffi og tøyposar. Denne korga inneheld ein miks frå Råvarene og Reindyrka. Om du ikkje har ei korg, kan du bruke ein kasse eller tøypose. Foto: Kristine Ullaland
Engasjerte Julie byrja som dagleg leiar av Råvarene i år, etter fleire år i servicebransjen. Ho ynskjer gjennom sitt arbeid å gjere det lettare for folk å redusere avfall og leve meir berekraftig.

RÅVARENE, Skostredet 5, 5017 Bergen

Den lille Zero Waste-butikken, Råvarene i Skostredet, er bygd på engasjement for ein meir søppelfri kvardag. Sjølv om den berre er fire år, har den blitt ein viktig inspirasjon for Zero Waste-butikkane som har poppa opp rundt om i landet vårt dei siste åra. Her finn du omlag alt du måtte trenge for å gå frå forbruksartiklar til gjenbruksartiklar. Butikken gjev rabatt til studentar og faste kundar som handlar over ein viss sum, og dei tilsette er alltid klare til å hjelpe om du skulle ha spørsmål.

Forslag til gåver under 100 kr

POPKORN!

Ta med eit fint glas du har heimanfrå og fyll det med popkorn. Dersom du vil gjere ekstra stas på mottakarane av popkornet, kan du lage ei god krydderblanding til popkornet. Min favoritt er 1 del næringsgjer og 1 del paprikakrydder (begge fåast kjøpt på Råvarene). Popkorn kan vere ein fin avveksling til anna julegodt som ofte er ganske mektig. Dersom du ynskjer det, kan du også kjøpe eit glas. Det ligg på rundt 18- 35 kr. Glasa på bilde er eldfaste glas frå Weck, som kostar meir, og er berre brukt til illustrasjon.

Det kan føles rart, men det er faktisk heilt ok å gje ei gåve i ein emballasje som du vil ha tilbake. Sjølv gjev eg sjeldan frå meg emballasjen, men heller innhaldet i gåva. Dersom eg trur mottakaren vil ha glede av emballasjen er sjølvsagt saka noko anna, men som oftast har folk mykje slikt liggande. Glasa over er frå Weck (kjøpt på Råvarene tidlegare) og glaset med gullfarga lokk er eit fetaost-glas. Foto: Kristine Ullaland

Er du ikkje glad i popkorn? Det fine med kjøp i lausvekt er at du kan kjøpe mengda mat du treng, og dermed kjøpe innafor budsjettet. Finn fram eit fint glas og fyll det med gode krydder, te, matvare eller godteri. Spør om hjelp frå dei tilsette om du har eit satt budsjett du skal forhalda deg til.

Forslag til gåver mellom 300 – 500 kr

Råvarene har forskjellige boksar i metall som kan brukast til matboks eller oppbevaring av matrestar. Desse ligg på 250 og oppover, og er av god kvalitet. Dei har også fleire drikkeflasker, med og uten mønster, og sjølv om dei er isolerte vil eg anbefale slike til vatn. Vatnet held seg kaldt i over eit døgn, og om du berre bruka flaska til vatn, vil den trumfe flaskevatn til ein kvar tid.

Er ikkje noko av dette på ynskjelista i år, har Råvarene fine beeswraps i ulike mønster, som du kan bruke f.eks. i staden for matpapir. I øvre sjikte tilbyr dei barberhøvel i metall, som kostar på 400 og opp til 550 dersom du skal ha med stativ. Om du ynskjer ein litt dyrare gåve, kan du slenge med barbersåpe. Den ligg på litt over 100 kr og er dryg i bruk.

Forslag til gåver over 1000 kr

Eit alternativ er sjølvsagt å samle ulike matvarer og gjenbruksartiklar til ein fin gåve. Her kan dei tilsette ved Råvarene hjelpe deg om du treng litt råd til kva som passar til gåvemottakaren. Dersom du ynskjer ein ting, er startpakken til Bokashi-komposten veldig fin. Då får du to boksar til bokashi-kompost og strø. Dersom mottakaren av gåva bur i Bergen, kan dei også søke om å få opp til 50% tilbake av kjøpesummen av komposten frå BIR. Gåvemottakar treng då kvitteringa, so opp til deg om du føler deg komfortabel med det. Uansett ei fin gåve.

Slik ser bokashi-startsettet ut. To bøtter og bokashistrø. Komposten er svært enkel å bruke. Foto: Kristine Ullaland

Hugs at dine handlingar (og handel) betyr noko, og vi gjer gjerne det naboen gjer. Kvifor ikkje vere den naboen som påvirka til eit meir berekraftig samfunn ved å ta små, enkle berekraftige val?

Råvarene og Reindyrka hjelpe deg på vegen.

Bur du ikkje i Bergen? Kva butikkar har du i ditt nærområde som du ynskjer å støtte spesielt i denne perioden?

GOD JULEHANDEL

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y. Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Om mat og emballasje

Eg står med bror min i åkeren på garden og grev so fort eg kan med hendene. Den brune, moldrike jorda klemmer seg inn mellom neglene mine i det eg jobbar med å dra opp poteter. Vi knisar og ser lurt rundt oss. Eg er kanskje åtte-ni år, og bror min er sju. Vi tørkar jorda frå potetene på genseren, og tek ein bit. Poteta er sprø og knasande, og eg kan kjenne stein frå jorda gnissande mellom tennene. Vi veit vi ikkje har lov – og medan vi sitt på huk og et på rå poteter er det ikkje so viktig at det ikkje smakar godt. Adrenalinet som pumpar i kroppen i spenning over å bli oppdaga er belønning nok.

Vi dyrka poteter til eige bruk på garden då eg vaks opp, og då vi skulle hente opp potetene fekk vi også køyre traktor. Den hadde to nivå for fart – skjelpadde eller kanin. Kanin gjekk veldig fort. Skilpadde derimot, gjekk svært sakte. Men kven brydde seg om at vi måtte køyre i skilpaddegir. Når vi plukka poteter fekk vi køyre traktor. Potetene vart oppbevart i råkjellaren til besta og bestefar min, som også budde på garden. Nypoteter var det beste, medan dei siste potetene, som blei kokt på våren var skrukkete med tjukt skal.

markus-spiske-h-CGKH94oIs-unsplash

Det er mange år sidan eg har sett skrukkete poteter. Potetene blei hausta på hausten og varte ideelt sett heilt til våren. Dei var ikkje pakka i plast for å bevare haldbarheita, men blei oppbevart uvaska i eit mørkt og kjølig rom – ein jordkjellar. Eg skulle gjerne sett meir skitten mat i butikkhyllene. Og då meina eg ikkje urein, men uvaska med inntørka jord. For eksempel får mange av rotgrønsakene våre kortare levetid når dei blir skrubba og vaska for å klargjere dei sal. Dette fordi jorda beskytta overflata mot for eksempel lys og hjelpe rotgrønsaka med å halde på fukt. Har du sett grøne poteter i hylla på butikken? Dette er ein skade på potetene som kjem på grunn av lys, som kan gje mageknip. Vasking av desse grønsakene før dei faktisk skal etast, kan bidra til kortare haldbarheit.

I dag diskuterast det stort om kva som er mest miljøvennleg – matvarer med eller utan emballasje? Premissane for diskusjonen er i seg sjølv avgrensa, og NRK hadde blant anna ein reportasje der forskarar hadde sett på kva som haldt seg lengst av matvarer med og utan emballasje. Dette testa dei både på kjøkkenbenken og når maten var i kjøleskapet. Dei aller fleste matvarene hadde i følge testen betre haldbarheit med emballasje. Eg sakna fokus på korleis uvaska grønsaker ville gjort det i ein slik test, men uansett er problemstillinga i seg sjølv feil. Vi kan sjølvsagt prøve å tvinge matens haldbarheit inn i våre rammer, eller vi kan lære oss korleis mat held seg best. Og dersom nokre matvarer har høgt svinn, kanskje vi burde la vere å ete desse matvarene? Den norske emballasjenæringa argumentera for at vi treng emballasje, og at vi treng meir forskning som kan gjere emballasjen meir effektiv. Men, dersom vi zoomar ut og ser det større bilde ser vi ingen samanheng mellom nedgang i matsvinn og bruk av emballasje. Faktisk har bruken av plastemballasje auka i takt med mengda matavfall sidan 50-tallet,  I følgje ein forskningsrapport frå Insitute for European Environmental Policy.

shutterstock_99385886-800x450
Foto: Everett Collection/ Shutterstock

Emballasjebransjen har ikkje uventa, hatt stor vekst. Då eg var foredragshaldar for plast og emballasjeindustrien for nokre år sidan, kunne dei fortelje meg at dei var den raskaste veksande bransjen i verda.

Eg vil tørre å påstå at kunnskap om korleis vi skal oppbevare mat riktig, er avgrensa i dagens samfunn, og dersom vi held fram med å lene oss på at emballasje skal ordne opp, blir vi berre meir og meir avhengig av eit forsøplande materiale.

*Utdrag frå lydboka Søppelfri: Mat som blir tilgjengeleg på lydbokappen Fabel i slutten av juni.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, drifte meir berekraftig eller treng de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Toppfoto: Jan Colario.

Korleis hauste av våren

Våren byr på mykje spennande mat og urter som ein kan hauste frå naturen. Fleire av plantane vi går forbi dagleg kan faktisk brukast som salat, som ein del av middagen eller som te (uttrekk). Ta ein tur ut og sjå kva som er i ditt nærområde. Kanskje du finn noko spennande som du kan bruke i middagen? Her er fem plantar du mest truleg har i ditt nærområde.

Bjørk

Bjørk er eit av dei vanlegaste trea vi har i landet, og blei i gamle dagar sett på som eit magisk tre. Bjørk blei blant anna brukt til å piske byttingar , som var born som skilte seg sånn ut frå andre born at ein var sikker på at det var eit overnaturleg barn som var bytta ut med menneskebarnet. Dette skulle drive ut onde ånder. Ved å slå i bakken med bjørkeris kunne ein også drive vekk insekter. Kanskje dette er eit av opphavet til pisking med bjørkeris i badstua?

Tapp bjørkesevje

Når det kjem til mat og drikke er bjørka eit spennande tre. Noko av det beste eg veit er saft laga på bjørkesevje, og du kan få opptil 2-3 liter bjørkesevje på nokre timar. Tappesesongen er når telen slepp i jorda, før blada sprette og du kan sjå at greinene har små museøyrer. Tappesesongen er vanlegvis fra mars-mai, avhengig av kvar du held til i landet og kva temperatur de har.

Du treng

Noko å borre hol i stammen med. Ein slange som passar med holet du borrar. Ein dunk sevja kan renne ned i (dersom du bryggar øl, kan denne brukast). Hugs å dekk til eventuelle opningar mellom slange og dunk. Insekt er også svært glade i sevje! Hugs å tett holet etter tapping.

Sevja er lettdrikkeleg og søt, ein god erstattar for brus eller alkoholfri drikke. Sevja har kort haldbarheitstid og bør frysast eller forvellast innan 24 timar.

For meir informasjon om tapping av sevje og oppbevaring, sjekk denne posten eller sjå videoen over.

Haust blad frå bjørk

Blad frå bjørka kan brukast til bjørkete (uttrekk), pesto, salat, supper og dressingar. Blada kan haustast frå dei spring ut til dei ikkje lenger smakar so godt, som ofte er midtsommars.

Smaken er søt, syrleg og litt beisk. Nye blad er midlast på smak, og har ein litt smak av nøtter. Blada kan brukast ferske eller tørkast.

Geitrams

Geitrams er ein av dei plantane der du kan ete alt frå blad, blomster og unge skudd. Dersom du haustar geitrams på våren, kan du ete dei som dei er eller tilbrede dei på same måte som asparges. Blada haustast seinare, gjerne mai-juni. Då er dei mildare på smak. Det er noko som går att med mange vekstar. Dess lenger dei står, dess meir smak får planten. Hausting av blomen er i juli-august.

Gamle kjerringråd er at te av geitrams (uttrekk) kan hjelpe med bakteriebalansen i magen. Dosering er 2 ts. fersk/ 1 ts. tørka urt per desiliter vatn.

olivia-kulbida-PFPzdVLu8BQ-unsplash
Foto: Geitrams veks over heile landet, og du har sikkert sett den langs vegar og i nærområdet ditt. Her er den i blomstring, som skjer på sommaren. Foto: Olivia Kulbida

Nyperose

Nyperose er kjend under mange namn, blant anna rynkerose, og er faktisk ein uønskt plante i Norge. Du finn den likevel mange plassar, og har kanskje ein slik i ditt nærområde. Denne kan du sanke nyskudd av som du kan bruke til salat, pesto, te (uttrekk), suppe eller andre ting du måtte finne på av matrettar. Blomsterblada kan sankast under blomstring, som er i juni-juli. Blada kan etast ferske eller tørkast. Blomsterblada kan tørkast og brukast som tillegg i te eller som pynt i salat eller kake. Nypa er klar til hausting på hausten og kan plukkast til snøen kjem.

DSCF1270
Nyperosene er allereie godt i gang med spiringa i Bergen. Nye, friske spirer frå Nyperose kan blant anna brukast i salat. Foto: Kristine Ullaland

Vassarve

Mitt første minne med vassarve var at undulaten til besteforeldra mine likte det so godt. Det vaks masse vassarve ved inngangen til fjøsen, noko som gjorde at det kosta oss lite å glede ein liten fugl.

Vassarve er ein av vekstane du ofte finn i bedet, eit sokalla ugras. Dersom du likevel skal luke den vekk kan du like so godt lage noko godt av den. I følgje boka Viltvoksende og velsmakande av Nadia Norbom, var vassarve ein del av folkemedisinen og blei brukt mot «skjørbuk, hoste, reumatisme, lindring av brannskade, eksem og kløe, samt styrkande føde på våren og hausten». Planten er næringsrik og du finn den over heile landet. Den nytast best rå. Bruk den på same måte som du brukar spirer på, eller ta den i suppa. Sprø og saftig på smak.

27967540544_a85b9e2542_z
Det er ikkje det flottaste bilde av vassarve, men den er lett gjenkjenneleg. God til salat. Næringsrik. Foto: Anna Gregory

Løvetann

Som fleire av dei andre plantane over her er løvetann også rekna som ugras. Ein uønskt plante i hagen og i bedet. Men det mange ikkje er klar over er at løvetann er ein av dei plantane der heile planten kan etast, inkludert rota. Eg har høyrd folk fantasere om at brunsnigelen, ein anna hagekrigar, skulle bli ein delikatesse. Eg vil tru løvetannen har ein større mogelegheit til å gå den vegen. Kor flott hadde det ikkje vore om du såg ein løvetann på plenen din og tenkte – yes! Den gleda eg meg til å grave opp og lage noko godt av.

Vår og haust er tida for å grave opp rota. I periodar der det har vore trongt økonomisk, og lite tilgang på kaffi, blei røtene til løvetann rista saman med rug. Blada kan etast heile sesongen, men er best på smak om våren og minner litt om ruccola . Dei blir litt beiske på smak etter kvar som vi går mot sommar og haust, noko som kan passe bra i ein pesto. Blomen kjem rundt mai-juni og kan også etast.

Løvetann inneheld i følge den norske urteguruen Rolv Hjelmstad vitamin A, B, C og d og mineraler som kalium, kalsium og jern for å nemne noko.

wolfgang-hasselmann-91rmerYBoM0-unsplash
Løvetann er ein av dei plantane du kan bruke alt av. Løvetann inneheld mykje næring. Wolfgang Hasselman

Hugs at allemannsretten berre gjeld utmark. Dersom du ynskjer å hauste frå innmark, spør eigaren før du haustar om du får lov og om det er sprøyta. Bruk skjønn når du haustar from områder du ikkje sjølv eig.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.