Eg står med bror min i åkeren på garden og grev so fort eg kan med hendene. Den brune, moldrike jorda klemmer seg inn mellom neglene mine i det eg jobbar med å dra opp poteter. Vi knisar og ser lurt rundt oss. Eg er kanskje åtte-ni år, og bror min er sju. Vi tørkar jorda frå potetene på genseren, og tek ein bit. Poteta er sprø og knasande, og eg kan kjenne stein frå jorda gnissande mellom tennene. Vi veit vi ikkje har lov – og medan vi sitt på huk og et på rå poteter er det ikkje so viktig at det ikkje smakar godt. Adrenalinet som pumpar i kroppen i spenning over å bli oppdaga er belønning nok.
Vi dyrka poteter til eige bruk på garden då eg vaks opp, og då vi skulle hente opp potetene fekk vi også køyre traktor. Den hadde to nivå for fart – skjelpadde eller kanin. Kanin gjekk veldig fort. Skilpadde derimot, gjekk svært sakte. Men kven brydde seg om at vi måtte køyre i skilpaddegir. Når vi plukka poteter fekk vi køyre traktor. Potetene vart oppbevart i råkjellaren til besta og bestefar min, som også budde på garden. Nypoteter var det beste, medan dei siste potetene, som blei kokt på våren var skrukkete med tjukt skal.
Det er mange år sidan eg har sett skrukkete poteter. Potetene blei hausta på hausten og varte ideelt sett heilt til våren. Dei var ikkje pakka i plast for å bevare haldbarheita, men blei oppbevart uvaska i eit mørkt og kjølig rom – ein jordkjellar. Eg skulle gjerne sett meir skitten mat i butikkhyllene. Og då meina eg ikkje urein, men uvaska med inntørka jord. For eksempel får mange av rotgrønsakene våre kortare levetid når dei blir skrubba og vaska for å klargjere dei sal. Dette fordi jorda beskytta overflata mot for eksempel lys og hjelpe rotgrønsaka med å halde på fukt. Har du sett grøne poteter i hylla på butikken? Dette er ein skade på potetene som kjem på grunn av lys, som kan gje mageknip. Vasking av desse grønsakene før dei faktisk skal etast, kan bidra til kortare haldbarheit.
I dag diskuterast det stort om kva som er mest miljøvennleg – matvarer med eller utan emballasje? Premissane for diskusjonen er i seg sjølv avgrensa, og NRK hadde blant anna ein reportasje der forskarar hadde sett på kva som haldt seg lengst av matvarer med og utan emballasje. Dette testa dei både på kjøkkenbenken og når maten var i kjøleskapet. Dei aller fleste matvarene hadde i følge testen betre haldbarheit med emballasje. Eg sakna fokus på korleis uvaska grønsaker ville gjort det i ein slik test, men uansett er problemstillinga i seg sjølv feil. Vi kan sjølvsagt prøve å tvinge matens haldbarheit inn i våre rammer, eller vi kan lære oss korleis mat held seg best. Og dersom nokre matvarer har høgt svinn, kanskje vi burde la vere å ete desse matvarene? Den norske emballasjenæringa argumentera for at vi treng emballasje, og at vi treng meir forskning som kan gjere emballasjen meir effektiv. Men, dersom vi zoomar ut og ser det større bilde ser vi ingen samanheng mellom nedgang i matsvinn og bruk av emballasje. Faktisk har bruken av plastemballasje auka i takt med mengda matavfall sidan 50-tallet, I følgje ein forskningsrapport frå Insitute for European Environmental Policy.

Emballasjebransjen har ikkje uventa, hatt stor vekst. Då eg var foredragshaldar for plast og emballasjeindustrien for nokre år sidan, kunne dei fortelje meg at dei var den raskaste veksande bransjen i verda.
Eg vil tørre å påstå at kunnskap om korleis vi skal oppbevare mat riktig, er avgrensa i dagens samfunn, og dersom vi held fram med å lene oss på at emballasje skal ordne opp, blir vi berre meir og meir avhengig av eit forsøplande materiale.
*Utdrag frå lydboka Søppelfri: Mat som blir tilgjengeleg på lydbokappen Fabel i slutten av juni.
Om Grønare kvardag
Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.
Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, drifte meir berekraftig eller treng de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.
Toppfoto: Jan Colario.