Korleis hauste av våren

Våren byr på mykje spennande mat og urter som ein kan hauste frå naturen. Fleire av plantane vi går forbi dagleg kan faktisk brukast som salat, som ein del av middagen eller som te (uttrekk). Ta ein tur ut og sjå kva som er i ditt nærområde. Kanskje du finn noko spennande som du kan bruke i middagen? Her er fem plantar du mest truleg har i ditt nærområde.

Bjørk

Bjørk er eit av dei vanlegaste trea vi har i landet, og blei i gamle dagar sett på som eit magisk tre. Bjørk blei blant anna brukt til å piske byttingar , som var born som skilte seg sånn ut frå andre born at ein var sikker på at det var eit overnaturleg barn som var bytta ut med menneskebarnet. Dette skulle drive ut onde ånder. Ved å slå i bakken med bjørkeris kunne ein også drive vekk insekter. Kanskje dette er eit av opphavet til pisking med bjørkeris i badstua?

Tapp bjørkesevje

Når det kjem til mat og drikke er bjørka eit spennande tre. Noko av det beste eg veit er saft laga på bjørkesevje, og du kan få opptil 2-3 liter bjørkesevje på nokre timar. Tappesesongen er når telen slepp i jorda, før blada sprette og du kan sjå at greinene har små museøyrer. Tappesesongen er vanlegvis fra mars-mai, avhengig av kvar du held til i landet og kva temperatur de har.

Du treng

Noko å borre hol i stammen med. Ein slange som passar med holet du borrar. Ein dunk sevja kan renne ned i (dersom du bryggar øl, kan denne brukast). Hugs å dekk til eventuelle opningar mellom slange og dunk. Insekt er også svært glade i sevje! Hugs å tett holet etter tapping.

Sevja er lettdrikkeleg og søt, ein god erstattar for brus eller alkoholfri drikke. Sevja har kort haldbarheitstid og bør frysast eller forvellast innan 24 timar.

For meir informasjon om tapping av sevje og oppbevaring, sjekk denne posten eller sjå videoen over.

Haust blad frå bjørk

Blad frå bjørka kan brukast til bjørkete (uttrekk), pesto, salat, supper og dressingar. Blada kan haustast frå dei spring ut til dei ikkje lenger smakar so godt, som ofte er midtsommars.

Smaken er søt, syrleg og litt beisk. Nye blad er midlast på smak, og har ein litt smak av nøtter. Blada kan brukast ferske eller tørkast.

Geitrams

Geitrams er ein av dei plantane der du kan ete alt frå blad, blomster og unge skudd. Dersom du haustar geitrams på våren, kan du ete dei som dei er eller tilbrede dei på same måte som asparges. Blada haustast seinare, gjerne mai-juni. Då er dei mildare på smak. Det er noko som går att med mange vekstar. Dess lenger dei står, dess meir smak får planten. Hausting av blomen er i juli-august.

Gamle kjerringråd er at te av geitrams (uttrekk) kan hjelpe med bakteriebalansen i magen. Dosering er 2 ts. fersk/ 1 ts. tørka urt per desiliter vatn.

olivia-kulbida-PFPzdVLu8BQ-unsplash
Foto: Geitrams veks over heile landet, og du har sikkert sett den langs vegar og i nærområdet ditt. Her er den i blomstring, som skjer på sommaren. Foto: Olivia Kulbida

Nyperose

Nyperose er kjend under mange namn, blant anna rynkerose, og er faktisk ein uønskt plante i Norge. Du finn den likevel mange plassar, og har kanskje ein slik i ditt nærområde. Denne kan du sanke nyskudd av som du kan bruke til salat, pesto, te (uttrekk), suppe eller andre ting du måtte finne på av matrettar. Blomsterblada kan sankast under blomstring, som er i juni-juli. Blada kan etast ferske eller tørkast. Blomsterblada kan tørkast og brukast som tillegg i te eller som pynt i salat eller kake. Nypa er klar til hausting på hausten og kan plukkast til snøen kjem.

DSCF1270
Nyperosene er allereie godt i gang med spiringa i Bergen. Nye, friske spirer frå Nyperose kan blant anna brukast i salat. Foto: Kristine Ullaland

Vassarve

Mitt første minne med vassarve var at undulaten til besteforeldra mine likte det so godt. Det vaks masse vassarve ved inngangen til fjøsen, noko som gjorde at det kosta oss lite å glede ein liten fugl.

Vassarve er ein av vekstane du ofte finn i bedet, eit sokalla ugras. Dersom du likevel skal luke den vekk kan du like so godt lage noko godt av den. I følgje boka Viltvoksende og velsmakande av Nadia Norbom, var vassarve ein del av folkemedisinen og blei brukt mot «skjørbuk, hoste, reumatisme, lindring av brannskade, eksem og kløe, samt styrkande føde på våren og hausten». Planten er næringsrik og du finn den over heile landet. Den nytast best rå. Bruk den på same måte som du brukar spirer på, eller ta den i suppa. Sprø og saftig på smak.

27967540544_a85b9e2542_z
Det er ikkje det flottaste bilde av vassarve, men den er lett gjenkjenneleg. God til salat. Næringsrik. Foto: Anna Gregory

Løvetann

Som fleire av dei andre plantane over her er løvetann også rekna som ugras. Ein uønskt plante i hagen og i bedet. Men det mange ikkje er klar over er at løvetann er ein av dei plantane der heile planten kan etast, inkludert rota. Eg har høyrd folk fantasere om at brunsnigelen, ein anna hagekrigar, skulle bli ein delikatesse. Eg vil tru løvetannen har ein større mogelegheit til å gå den vegen. Kor flott hadde det ikkje vore om du såg ein løvetann på plenen din og tenkte – yes! Den gleda eg meg til å grave opp og lage noko godt av.

Vår og haust er tida for å grave opp rota. I periodar der det har vore trongt økonomisk, og lite tilgang på kaffi, blei røtene til løvetann rista saman med rug. Blada kan etast heile sesongen, men er best på smak om våren og minner litt om ruccola . Dei blir litt beiske på smak etter kvar som vi går mot sommar og haust, noko som kan passe bra i ein pesto. Blomen kjem rundt mai-juni og kan også etast.

Løvetann inneheld i følge den norske urteguruen Rolv Hjelmstad vitamin A, B, C og d og mineraler som kalium, kalsium og jern for å nemne noko.

wolfgang-hasselmann-91rmerYBoM0-unsplash
Løvetann er ein av dei plantane du kan bruke alt av. Løvetann inneheld mykje næring. Wolfgang Hasselman

Hugs at allemannsretten berre gjeld utmark. Dersom du ynskjer å hauste frå innmark, spør eigaren før du haustar om du får lov og om det er sprøyta. Bruk skjønn når du haustar from områder du ikkje sjølv eig.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

 

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s