Vårhausting – vakre vekstar med god smak!

Då eg var yngre var eg ofte redd for å smake på ting frå naturen, som eg ikkje kjende frå før. Spesielt ting som eg hadde plassert i kategorien «ikkje-mat». Roseblad frå nyperosa var ein slik ting. Frå naturen sin side er det jo noko som er lurt at barn er forsiktig med, ettersom det finnast giftige plantar vi må passe oss for, men jammen er det mykje spennande og godt vi finn i naturen vi omgjev oss med. Fleire av desse gode smakane finn vi no på våren! Bli inspirert til å ta deg ein tur ut og plukk!

Køyrereglar: Forhøyr deg gjerne med dei som eige området du ynskjer å plukke i, for å sikre det at det er greit at du plukkar der. Då er det lettare å komme igjen seinare, og du kan også bli forsikra om at området ikkje er sprøyta eller på anna måte behandla slik at det ikkje bør plukkast.

Plukkar du i naturen, hugs at det ikkje skal vere mogeleg å sjå at du har vore der. Ta gjerne med ei saks for å lettare kunne klippe det du treng.

Plukk det du treng: Det kan vere lett å bli litt overivrig når ein endeleg har kome i gang med å hauste. Spesielt dersom dette er noko du har tenkt du skulle ha gjort lenge. Då er det lett å ende opp med å plukke meir enn du klare å konsumere på eigenhand. Hugs at maten enten må etast relativt raskt, eller forvellast, og at det ikkje er lov til å plukke meir enn til eige bruk.

Vårlege gleder

Roseblad av Nyperose, og kjend som Rynkerose. Steinnype kan også brukast.

Uvaska nyperoseblad. Den grøne planen med lilla blomstre heiter Gjerdevikke, og er søt på smak. Fin til pynt i salat, smørbrød og dessert. Foto: Kristine Ullaland

Rynkerose er ein invaderande busk med sterk livslyst som ofte er å sjå i parkar og i hagar. Ettersom den er so villig, er dette ein plante som sprer seg, og er i dag å finne på solfylte stadar over heile landet, med unntak av Finnmark. Steinnype veks som namnet tilseie, gjerne på steinete mark, og er å finne frå Nordfjord og sørover til Sørlandet og Østlandet.

Rynkerose luktar svakt av rose, og har ein søtleg smak. Enden på rosebladet kan smake litt beskt, og nokon vel å fjerne denne delen. Personleg synst eg ikkje det øydelegg smaken, og beheld difor bladet som det er.

Roseblada må tørkast for å halde seg, og du kan enten tørke dei på kjøkkenbenken eller tørke dei i ovnen på 50 grader med over og undervarme. Passa på at kvart blad ligg for seg sjølv under tørking. Når blada er tørka hell du dei over på eit lufttett glas. Bør ideelt sett oppbevarast mørkt. Enten inne i eit skap eller i ein lystett behaldar.

Roseblada kan brukast i te eller i drinkar, som pynt på kake eller i heimelaga hudpleieprodukt. Mine favorittar er som ein del av min heimelaga ansiktsspray med blomstervatn og uttrekk av nyperoseblad. Du klare deg fint utan nyperoseblada, men den lukta ekstra godt med.

I mangel på bilete av roseblad brukt som pynt, kan du sjå korleis blå kornblomst brukast på same måte. Søtbakst frå Solros i Bergen. Foto: Kristine Ullaland
Nyperoseblad kan også brukast i ansiktsspray. Gje ein lyd om du ynskjer oppskrift. Foto: Kristine Ullaland

Mjødurt – Nordens vanilje

Har du av og til kjent ein duft av mandel når du er ute å går tur om sommaren? Då er det nok mjødurten du luktar. Mjødurten har lang tradisjon som medisinplante, og du finn den i Østfold og langs kysten til Finnmark, og so høgt som opp mot 800 meter over havet.

Du kan ete skudda fram til blomstring fra juni til september. Skudda kan minne om bitre mandlar, men sjølve blomsten smakar søtt og kan minne om honning. Blomstrane kan brukast til å smakssette eddik, eller la dei trekke i fløyte eller(mandel)melk til sausar og dessertar.

Tørk blomsten på kjøkkenbenken eller på 50 grader i ovnen, eller frysast om du vil lage saft. Du kan bruke same framgangsmåte med safting av mjødurt som ved svarthyll.

Dersom du lure på om namnet har noko med mjød å gjere, har du heilt rett! Planten har blitt brukt som ølkrydder og til å gni inn trefat og kar som det skulle bryggast mjød i (Rolv.no).

Mjødurtblomster kan tørkast og brukast til å smakssette dessertar. Foto: Kristine Ullaland

Ramsløk – Nordens kvitløk

Eg brukte eit par år på å finne stadar der eg kunne plukke ramsløk. Folk som plukkar ramsløk er nemleg gjerne litt hemmelighetsfulle rundt kvar dei har plukka løken, og det er kanskje ikkje so rart. Ramsløk har nemleg blitt so populært at fleire oppleve at områdene der planten veks blir overplukka. I Sverige er planten freda.

Forvekslande lik den giftige liljekonvallen før blomstring

Planten er dessverre veldig lik liljekonvall, som er svært giftig. Dersom det er første gong du skal plukke ramsløk og ikkje har nokon du kjenner som kan hjelpe deg, vil eg anbefale at du ventar med å plukke til planten har blomstra. Ramsløken har blomstrar i kuleformasjon og liljekonvall har klokker. Det er også ein løklukt av ramsløken som ikkje liljekonvallen har. Likevel er det mogeleg å ta feil. Eg holdt sjølv på å gå på den smellen første gong eg trudde eg hadde funne ramsløk som eg hadde tenkt å bruke til 17. mai-gjestane våre. Heldigvis blei eg sjuk då eg kom heim og fekk ikkje forvella dei i tide.

Smak

Ramsløken har ein karakteristisk kvitløkssmak, og er ekstremt god å blande i supper og gryter. Du treng ikkje mykje ramsløk for å få god smak på det du lagar. Eg har tidlegare forvella den i olje, men prøvar meg i år utan olje, fordi eg ynskjer å ete so lite olje som mogeleg.

Måten eg har forvella ramsløken på i år er 30 sekundar koking i salta vatn, for so å klemme dei saman i ballar og fryse dei på brett. Når ramsløken er frosen samlar eg dei i eit glas i frysaren, slik at eg enkelt kan plukke ut det eg treng.

Dersom du et smør og brød, er det enklaste ramsløkstrikset å smake deg fram med litt ramsløk innrørt i ekte smør. Har du i tillegg noko godt surdeigsbrød av emmer eller liknande, kan det bli vanskeleg å stoppe før det er tomt! Du kan også tørke den, mortre den og enten bruke den som den er eller blande den saman med salt – og vipps har du kryddersalt.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Kommenter innlegget