Zero Waste-linfrøgelé for krøllar

Har du krøllar og engasjera deg for enkle produkt laga av kjente råvarer, er det ikkje utenkeleg at linfrøgelé er din nye favoritt. Til denne oppskrifta på linfrø-gelé treng du berre to ingrediensar – ein favoritt blant tilhengarar av Curly Girl-metoden.

Du har kanskje allereie sett video eller bilde av at nokon lagar linfrøgelé? Den ser ikkje veldig appetittvekkande ut, men det treng den heldigvis ikkje heller for den er jo for håret. Og når du ser kva påverknad den har på å samle fall og krøllar, so er det fort gløymd.

Eg har sjølv eit hår som skiftar mellom krøllar og fall, og eg har etterkvart også fått mykje grått hår. Denne linfrøgeléen har verkeleg hjelpt meg å gjere håret meir samarbeidsvillig utan at eg treng å bruke meir tid. Slit du med å finne naturlege ingrediensar til å temme ditt hår so kanskje linfrøgelé kan vere tingen for deg også.

Foto: Annie Stratt. Linfrø er noko du gjerne allereie har i skapet heime.

Dette treng du

Ein kjele

Linfrø

Vatn

Sil med tette masker

Liten boks/ glas med tett lokk

Noko å fryse geléen i – ideelt sett form til isbitar/ såpeform (alternativt)

Syltetøyglas eller liknande til å oppbevare dei fryste isbitane med gelé (alternativt)

Oppskrift

0,5 dl linfrø

5 dl vatn

Gjev ca. 2,5 dl gelé. Doble gjerne oppskrifta om du har mykje hår.

Slik gjer du

  1. Mål opp dei to ingrediensane og hell dei i ein kjele.
  2. Kok opp på middels varme.
  3. Rør jevnlig til den har fått gelé-konsistens.
  4. Sett kjelen til sides og la geléen kjølne
  5. Sil ut frøa
Foto: Kristine Ullaland. Ved å helle geléen over i ei isbitform og fryse den, er det enkelt å ta opp gelé etter kvart som det passar.

Korleis bruke geléen?

Det er litt forskjellig veiledning til korleis ein får best resultat av linfrøgeléen, og eg trur dette har med at ulike hårtypar kan reagere litt ulikt.

Geléen brukast på nyvaska hår, og fordelast jamnt over heile hovudet. Håret kan følast stivt og flatt til det er tørt, og då klappar ein forsiktig over det til krøllane kjem fram. Dersom du har meir fall og tynt skandinavisk hår, kan det vere nok at du berre dyppar nyvaska fingrar i geléen for so å fordele det utover håret. Du vil då ikkje få stivt hår på same måt, men kan likevel få ein fin effekt av geléen. Prøv deg fram!

Haldbarheit

Som mange heimelaga produkt utan konserveringsmiddel har linfrøgeléen også noko kort haldbarheitstid – nemleg 1 – 2 veker i kjøleskap. Dette løyser du ved å lage meir enn du vil bruke dei neste 1 – 2 vekene, og fryser det i små silikonformer, isbitformer eller tilsvarande som du har heime. Når geléen er fryst kan du ta dei ut av forma og ta dei på eit syltetøyglas og putte dei tilbake i frysen. På den måten kan du hente ut ein eller fleire bitar ved behov.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg, og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. , Rakel Y., Tarynn M., Siri, K. H., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Paul Siewert

Kommenter innlegget