Søppelfri lærpuss og voks

Ved å ta vare på tinga dine, varer dei mykje lengre. Dette er ikkje noko unntak for lærprodukt. Lær korleis du enkelt kan lage lærfett og voks i vekas innlegg.

Bergen er ein våt by som gjer livet hardt for skoa og veskene våre. Sjølv om ein i utgangspunktet gjerne vel meir vêrharde kle og sko på regntunge dagar, hender det likevel at vêret overrumplar oss. Då er det viktig å ta ekstra godt vare på læret. Heldigvis kan du enkelt lage det du treng med få ingrediensar. Kanskje du allereie har det heime?

Heimelaga lærfett og voks er fri for verstingstoff som ein finn i kommersielle produkt, som til dømes PFOA og organiske løysemiddel som VOC som blir brukt i impregnering. Synst du og det tek for mykje tid å sette seg inn i alle desse uønska kjemikaliane? Lag heller det du treng sjølv. Det er overraskande lett.

Lærfett
Lærfett_Zero Waste_Kristine Ullaland_Grønare kvardag
Finn ein tom boks eller glas som passar som behaldar. Sjølv har eg brukt ein tom teboks. Som pussefille er oppklipte handkle supre. Hugs at oppskrifta også passar for trepolering. Foto: Kristine Ullaland
Oppskrift:

1 del bivoks

4 deler matolje

Framgangsmåte:

Hell ingrediensane over i eit glas eller ein bolle som toler varme og sett det i vassbad. Når bivoksen har smelta, rør godt og hell over i behaldaren din. La den kjølne før bruk. Hugs å reingjer læret før du smørar inn feittet. Noko lær er svært bearbeidd og toler berre syntetisk spray. Prøv difor først på eit lite synleg område.

Tørk av overflødig fett med ei fille. Gamle t-skjorter eller oppklipte handkle er flotte å bruke som skofiller.

Voksing av lær

Etter at læret er satt inn med fett er det klart for voksing. Det lagar du av same ingrediensane som lærfett, men forholda er ulike.

Oppskrift:

2 ss bivoks

2 ½ ts matolje

Framgangsmåte:

Smelt ingrediensane i eit vassbad. Når blandinga er flytande, rør godt om og smør på læret. Voksen vil bli kvitgul når den stivnar. Dette er heilt normalt og forsvinn når du tørkar av læret. Dersom du har ein hårfønar kan du bruke varmlufta til å jobbe voksen inn i læret.

14059599044_45aeb57574_k.jpg
Foto: Tamakin Solo.

Oppskriftene er henta frå Zero Waste pioneren Bea Johnson, som og brukar lærfett til å polere tre, negler, tørre hårtuppar og som lepomade. Sjølv synst eg den fungera best til tre og lær. Dersom du planlegg å både bruke produktet til hud og hår, samt lær og tre, ha produktet i to ulike behaldarar for kvart sitt formål. Tenk hygiene.

Forhandlarar av ingrediensar
Matolje

Matolje kan kjøpast i lausvekt hos Mølleren Sylvia om du bur i Oslo. Du kan også kjøpe større dunkar med matolje i metall eller glas på innvandrarbutikkar eller i glas hos din lokale matvarebutikk.

Bivoks

Har du ein lokal birøkter? Forhøyr deg der om du kan kjøpe bivoks emballasjefritt. Om vedkommande ikkje sel dette sjølv kan dei kanskje vidareformidle ein forhandlar. Bivoks selgast også i mange helsekostbutikkar og hobbybutikkar. Om du ynskjer økologisk bivoks kan du kjøpe det her (emballert). I nokre forum er det diskutert korvidt det er bærekraftig å kjøpe økologisk bivoks då det skal vere vanskelig å få tak i for birøktarar. Samtidig kan det tenkast at høg etterspørsel også gjer det meir attraktivt for birøktarar å drive økologisk. Sjølv har eg ikkje økologisk bivoks, og er særs nøgd med min lokale, emballasjefrie bivoks.

Om du bur i Bergen kan du kontakte Søylands Biegard som sel bivoks for 100 kr kiloen.

Bivoks kan brukast til so mangt, kva med å lage deg eit bivokspapir når du først er i gang?

Lukke til!

Toppfoto: Hugo Chisholm

2 thoughts on “Søppelfri lærpuss og voks”

  1. Nyttige tips, spennende med slikt som man kan lage selv! Ville bare nevne at den nederste lenken til hvordan man kan lage bivokspapir ikke fører til riktig artikkel men direkte til hovedsiden! Ha en fortsatt fin fredag!

    Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s