Ynskjer du å lage verdas mest populære skjønnheitsprodukt heime? Det er lettare enn du trur og mange av ingrediensane har du kanskje allereie? Dersom du ikkje er klar for å lage din eigen leppepomade finn du tre alternative tips nederst i saka.
Då eg gjekk på barneskule brukte vi mykje leppepomade. Vi hadde gjerne ein favoritt som vi sendte rundt i klasserommet, og eg hugsa godt den søte lukta og følelsen av å ha eit tjukt, glinsande lag av leppepomade på leppene. Læraren greip til slutt inn og tok i frå oss leppepomaden. Han hevda at vi ville øydelegge den naturlege fettbalansen i leppene våre om vi fortsette slik. Med den høge respekten for autoritetar som vi hadde, slutta vi (for ein periode).
Då eg i vaksen alder skulle finne heimelaga alternativ til mine gamle favorittar, var det ikkje berre lett å finne ei oppskrift som kunne erstatte desse. Det lettaste var å kutte ned på bruken. Likevel er det i nokon korte periodar greit å ha ein leppomade på lur. Då er sjokolade og peppermyntebalsamen heilt super. Den kan minne litt om Eos sin lib balm sweet mint eller Carmex (denne blei merka som allergiframkallande av Forbrukerrådet i 2015).
Det som er so fint med å lage sine eigne produkt, er at ein kan justere ingrediensane og eventuelt essensielle oljer etter kva ein sjølv ynskjer. Ein veit også kva ein smøre med huda når ein laga deet sjølv. Huda er vårt største organ, og ein god peikefingerrelgel er å velje ingrediensar til huda som du ville ha putta i munnen (eller i hvert fall kunne putta i munnen).

Verdas mest populære skjønnheitsprodukt
Visste du forresten at leppepomade er det mest populære skjønnheitsproduktet på marknaden? Nokon hevda at det ikkje berre er populært fordi det er eit godt produkt, men fordi det er vanedannande. Faktisk har nokon opplevd leppepomade so vanedannande at det i 1995 blei oppretta eit 12-steg-program, inspirert av opplegget til anonyme alkoholikarar. Det kan ved første augekast sjå ut som det er ironisk, men det er eit seriøst tilbod – dersom du skulle ha behov.
Leppepomader kan innehalde uheldige kjemikalier
Forbrukarombodet skapte overskrifter i 2016 då dei publiserte ein artikkel der dei hevda at fire av fem leppepomadar kunne vere farlege. Ein test av 50 leppepomadar viste at heile 40 av desse leppomadane inneheld stoffar som kan vere skadelege.
Desse stoffa ville truleg ikkje gjort noko risiko dersom vi berre fekk dei i oss frå eit produkt. Dessverre finn ein mange av desse stoffa i fleire kosmetikk og hygieneprodukt, som for eksempel deodorantar, hårprodukt og hudkremar, som den jamne nordmann brukar til dagen. I følge The Guardian smøre kvinner i snitt på seg 168 kjemikalier dagleg.
Foto: Joashua Rawson-Harris.
Forbrukarrådet sin app; Hormonsjekk, som gav oversikt deg innhaldet til millionar av kosmetikk- og hudpleieprodukt berre ved å skanne strekkoden er dessverre lagt ned. Det beste alternativet er no å sjå etter svanemerket eller lese seg opp.
Alternativ, gjere det sjølv.
Sjokolade og peppermyntebalsam
Denne leppebalsamen er nærande og gjev matte lepper.
Ingrediensar
3 ss. Bivoks (lett pakka)
3 ss. Mandelolje eller olivenolje
1 ts. Rein kakao
1/2 ts. Honning
12-15 dråpa peppermynteolje (essensiell olje)
1/8 ts. Vitamin E / Hvetekimsolje
1 boks til leppepomaden.

Framgangsmåte
Legg bivoksen i eit glas eller ei skål som du kan sette i vassbad. Det gjer du ved å varme opp vatn i ein kjele og sette oppi skåla slik at varmen frå vatnet varma skåla slik at bivoksen smelta. Dette må gjerast på lav varme. Hugs at bivoksen kan sette merke, so ikkje bruk noko som er vanskeleg å vaske eller som du er redd for.
Når bivoksen har smelta, blanda du inn oljen (mandelolje eller olivenolje) og rører til alt er blanda godt saman.
Fjern blandinga frå vassbadet og rør inn kakaopulveret. La blandinga kjøle seg litt ned (men ikkje vent for lenge, då blir den stiv).
Bland inn honning, essensielle oljer og hvetekimsolje (eventuelt rein vitamin E).

Hell blandinga over i eit reint glas eller anna passande behaldar for leppebalsamen. Kanskje du kan gjenbruka ein leppepomade som du har frå før? Pass i så fall på at den er reingjort skikkeleg slik at det ikkje blir noko uønskt bakterievekst i leppepomaden. Dette kan du gjere ved å koke glaset/ boksen før du helle over leppepomaden.
La leppepomaden kjøle seg ned, og den vil då stivne. Den er no klar for bruk.
Haldbarheit: 6-9 månadar
Forhandlarar av ingrediensane
Honning – Det finn du på dei fleste butikkar. Det er mange lokale birøktarar, og dette er ofte honning av høg kvalitet, so vel gjerne desse. Då støtta du også lokale aktørar i ditt område. Vel gjerne honning som ikkje er behandla over 45 grader. Desse skal ha høgare nivå av næring, i følgje lokale birøktarar i Bergen og honningsentralen. Kanskje du til og med kan besøke din lokale birøktar og få honning rett i glaset ditt?
Rein kakao – Helsekostbutikkar og fleire Zero Waste-butikkar.
Mandelolje – Innvandrarbutikkar har dette (almond oil), eller på din lokale helsekostbutikk.
Olivenolje – Kan kjøpast i 4-litersdunk i metall på innvandrerbutikkar, dersom du bruka mykje olivenolje. Mange Zero Waste-butikkar sel også olivenolje på tapp, slik at du kan fylle opp din eigen behaldar. Elles sel alle daglegvarebutikkar olivenolje i glas.
Bivoks – Eg har tidlegare oppfordra deg til å kjøpe bivoks hos din lokale birøktar i oppskrifta på bivokspapir (bee’s wrap), men det er for tida mangel på norsk bivoks. Det nest beste alternativet er å kjøpe dette frå din lokale helsekostbutikk. Eventuelt på nett.

Peppermynteolje – Helsekost
E-vitamin/ Hvetekimsolje – Helsekost
Behaldar – Sjå først kva du har heime. Du har heilt sikkert noko i passande størrelse. Sjølv bruka eg eit glas eg fekk ein marmelade i. Reingjer den godt før bruk.
Ynskjer du ikkje å lage din eigen leppebalsam?
– Då kan dette vere alternativ for deg
3 alternative tips
Lanolin – Dette er fett frå ull, som blir brukt til alt frå såre brystvorter for ammande, til rust på bilar. Det er også bra for tørre vinterlepper. Du får kjøpt lanolin på apoteket. Det kjem ofte i plastemballasje i større kvantum (for eksempel 500 g), men er til gjengjeld svært dryg, haldbar og utan tilsetningsstoff. PS. Det luktar litt sau.
Kvar kan det kjøpast: Apoteket
Vaselin – Som eit petroleumsprodukt er dette ein leppepomade det stridast om, men dersom det er viktig for deg å unngå plast kan dette vere produktet for deg. Det er likevel viktig å hugse på at plast er leap med vaselin. Du får kjøpt vaselin på dei fleste daglegvarebutikkar og dei er ikkje forsegla med plast slik som du ser med mange hygieneprodukt. Når boksen er tom kan du fylle den med heimelaga leppepomade om du ynskjer.
Kvar kan det kjøpast: Dei fleste daglegvarebutikkar
Sheasmør – Dette kan brukast reint, og er nærande. Sheasmør, som og er kjend som shea butter er laga av nøtter frå det afrikanske treet Shea. Dette er eit vegansk alternativ som ofte blir seld i glas. Det kan også brukast på kroppen ved behov, og minner litt om ein tjukk, feit bodylotion.
Kvar kan det kjøpast: Helsekostbutikkar, Zero Waste-butikkar

Toppfoto: Kristine Ullaland
Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag.
Ynskjer du å støtte Grønare kvardag, som er fri for betalt reklame? Snart vil dette bli mogeleg gjennom Patreon.com.