Kategoriarkiv: skralling

Frå søppel til mat – Spiring av matavfall

Det er lett å drøyme seg vekk i vakre science fiction forteljingar, men få ting er so flott som å følgje naturen tett på, og det treng slett ikkje koste noko tid eller pengar. Lær deg korleis du enkelt kan spire ny mat av ting du tidlegare kasta i søppelet eller som du allereie har på kjøkkenet. Kanskje du ikkje ein gong treng å bruke jord?

Mykje av maten vi et til dagen kan faktisk spirast om att og plantast. Gulrøter, løk, purre, poteter, tomatar og chili er berre nokre av alternativa. Har du ein hjertesalat der du berre har att botnen/ rota? Sett den i vatn i vindauge. Skift vatn kvar dag, og sjå kor røtene spring ut samstundes som nye salatblad veks fram. Dersom du etter kvart vel å plante den om i jord, vil den kunne fôre deg med salat i lang tid. Tenk nytt om maten du tek i huset. Korleis kan du nytte den best mogeleg? Kva er kjekt å prøve ut? Kva kan du få til å vekse og kva får du ikkje til?

ZERO WASTE_Grønare kvardag_Kristine Ullaland_DIY_Paprika.JPG
Foto: Kristine Ullaland. Paprikaplante dyrka fram frå frø fra ein butikk-paprika. Alle dei 16 frøa som blei planta blei flotte plantar. Avokado er også ein fin plante å prøve seg fram med.
Løk

Visste du at spire av gul løk, rød løk og kvitløk kan etast? Det smakar ganske likt vårløk, og dersom du lar spirene vekse så vil det komme ein liten blome med masse frø. Løk kan plantast rett i potter, men kvitløken deler du opp slik at du plantar eit og eit fedd.  er også mulig å sette løken i vatn slik at røtene får vatn. Sjølv om det ikkje er noko røter når du byrjar, vil desse raskt vekse, og innan nokre dagar vil du sjå røtene og toppen av løken strekke seg. Purreløken kan behandlast på same måte. Kutt gjerne av 2/3 av toppen og sett botnen i vatn og la den slå røter. Plant den deretter botnen ut i jord. Hugs at plantane må ha dagslys. Du kan og sette purren i litt vatn og la den stå i kjøkkenvindauget, og forsyn deg med purreløk etter kvart, men purra vil etter kvart døy om den ikkje får jord. Den kan likevel halde det gåande ganske mange veker i vatn, om ein er flink å skifte vatnet dagleg. Løk er ein relativt enkel plante å eksperimentere med, og prøv deg litt fram. Involver gjerne vener, born eller naboar i prosjektet.

Salathovud kan og settast i vatn, same gjeld fennikel, selleri og liknande vekstar. Det fine med å gro ny mat av «gamal» mat, er at den held seg fersk lenge og når maten er i augesyn, er det ikkje so lett å gløyme den. Visste du forresten at asparges held seg lenger om du sett den i vatn? Tenk på den som ein bukett tulipan. Kutt av enden slik at røtene er friske og sett den i vatn, gjerne kjøleg. Kanskje den veks litt også? Sitrongras kan og spirast.

8387289496_0843774286_z
Foto: Jessica Merz. Den grøne spiren på løken kan du fint ete. Kva med å bruke det i ein salat, pai eller omelett?
Spiring

Tørre linser og bønner er frø som du kan spire. Kikerten får ein nøtteliknande smak ved spiring, og kan etast rå etter nokre dagar med spiring. Det seljast mange ulike spireglas, men du treng eigentleg ikkje noko anna en ein heilt vanleg behaldar. Eit syltetøyglas, til dømes, er heilt perfekt. Berekn litt ekstra plass slik at ertene har romsleg plass til å spire. Skyl morgon og kveld, og hell av vatnet. Dette vatnet kan med fordel brukast til å vatne plantane dine med. La kikertane stå i romtemperatur til dei har nådd ynskja størrelse, og sett dei so i kjøleskapet for å bremse prosessen. For å spire raudbetar og gulrot, legg toppen litt vant og skift ut vatnet ein gong for dagen. Du kan ete spiren. Om du har ein makkompost eller liknande, kan du legge toppen av raudbeten på jorda, kanskje det veks fram ein ny raudbete? Sjølv har eg hausta små poteter og raudbetar frå makkomposten, som eg har oppdaga ved ein tilfeldighet.

Frø

Vi hastar gjerne til gartnaren for å kjøpe frø på våren, men vi har faktisk allereie masse frø heile, det er berre det at vi ikkje tenker over det. Å sette ein avokadostein i vatn for å sjå om ein fekk den til å spire, var stor stas når eg var born. Eg hugsar det var veldig spennande å følgje med dag for dag, om det var skjedd noko nytt. Steinen blei etter kvart til eit lite tre med store mørke blader. Du kan og bruke frø frå til dømes paprika. Då tek du ut frøa og legg dei nokre dagar til tørk. Flytt litt på dei medan dei tørkar slik at dei tørkar under og. Det same gjeld tomatar. Tomat har ein slags gele rundt frøa, difor skjer mange tomaten i skiver og plantar dei slik, for so å flytte plantane/ luke vekk plantar etter kvart. Du kan eventuelt la tomatfrøa ligge i vatn ei vekes tid.  Andre frø som kan brukast frå kjøkkenet er til dømes squash, sitron, melon, kiwi, klementin, appelsin og graskar. Det kan og vere lurt å sjå i krydderhylla etter frø.

3966038306_126ef8c6cf_z
Foto: Michael Beart. Koriander kan dyrkast med frø frå krydderhylla. Planten treng gode lysforhald.
Knollar

Knollar som kan plantast er potet, søtpotet, ingefær og jordskokk. Du har kanskje sett poteta spire i kjøleskapet før. Kva med å plante den i ei potte? Søtpotet kan du spire på same måte som avokadoen. Du sett nåler eller tannstikker i sida på poteta slik at enden stikk ned i vatn og resten er over vatn. Poteta vil etter kvart byrje å spire. Plant den då om i jord. Ver obs på at det kan vere reglar mot å plante potet ute. Dette fordi poteta til dømes kan vere berar av sjukdom. Sjekk ut regelverket rundt dette før du plantar ute. Dette kan og gjelde andre plantar.

Butikkurter

Krydderurtene vi kjøper frå butikken har ein tendens til å døy raskt etter dei har kome i hus. Før desse plantane hamnar i butikken, har dei truleg fått mykje lys og liten plass, og akkurat nok næring til å klare seg ei lita stund. Difor har mange av desse plantane vanskeleg for å leve når vi tek dei med oss heim. Det skadar likevel ikkje å prøve å plante dei om i næringsrik jord (gjerne i «svart gull» frå makkompost) og gje dei meir plass. Basilikum til dømes, kan delast slik at kvar stengsel får sin eigen potte. Kvar stengsel er faktisk ein eigen plante som vil vekse seg stor. Når ein tek av urtene, er det viktig å plukke dei underste, nyare blada. Dei store blada er solpanelet til planten.

DSC_0141.JPG
Foto: Kristine Ullaland. Avokadosteinen blir til eit flott lite tre. Til høgre ser du basilikum, der kvar stengsel er planta i si eiga potte, som etterkvart vil vekse seg store.
 Jord

Ein god tommelfingerregel er at næringsrik jord gjev næringsrike plantar. Mykje av jorda vi får kjøpt på butikken i dag er laga av torv. Ikkje berre er dette ein dårleg deal for miljøet, det er og svært lite næring i jorda. Det beste er å kompostere si eiga jord, og kor kult er ikkje det å plante mat av og i matavfall? Alt rett frå kjøkkenet. Gode luktfrie alternativ for leilegheiter utan hage er makkompost og den japanske fermenteringskomposten Bokashi. Det skadar heller ikkje å ta ein kompostmakk eller to i pottene. Planten matar makken og makken matar planten. Vinn-vinn for dei og deg. Sjekk gjerne ut posten om urban dyrking for meir inpirasjon.

Lukke til!

Toppfoto: Kristine Ullaland

Prøv deg som søppeldykkar

Daglegvarehandlar med eit godt utval frukt, grønt og ferske brød til stengetid er noko vi no anser som normalen. Likevel skal vi ikkje lenger tilbake en til 80-tallet før utvalet av ferske matvarer var mykje meir sesongbetont. Heile daglegvarekonseptet slik vi har i dag er eit relativt nytt tilbod, og er ein vidareutvikling av landhandelen og kolonialhandelen.

Ordet kolonial kjem frå ordet koloni, og kolonialen var ein butikk for varer som kom frå dei ulike koloniane. I dag har kolonialen ikkje lenger krydder frå India, men geitost frå Voss. Varene er framleis eksklusive, men kva vi ser som eksklusivt har endra seg. I daglegvarebutikkane er det ikkje eksklusivt. Det er billig. Og vi vel gjerne butikk etter kva som er på tilbod.

Den faste handlelista er ikkje lenger norma. Vi veit gjerne ikkje kva vi skal ha i til middag i dag før vi står i butikken. Sjølv om butikkane til ein viss grad kan stimulere oss til å velje visse varer, er eit uberekneleg handlemønster med på å auke matsvinn. Vekas innlegg tek føre seg søppeldykking og matsvinn i norske matbutikkar.

Kven eig søppelet?

Søppelet vårt er ikkje lenger vårt eige eller ansvar når vi legg det i søppelspannet utanfor huset eller butikken. Det er i ein mellomfase mellom deg, avsendar, og renovasjonsanlegga, mottakarane. Søppelet blir på mange måtar allemannseige. Det fekk Bob Dylan smerteleg erfare då eit av hans fan byrja å gå systematisk igjennom Dylan’s søppel. Søppelsøkaren, A. J. Weberman blei til slutt saksøkt av Dylan, men Dylan tapte saken. Søppelet var jo ikkje lenger hans.

Søppeldykking, også kalla dumpster diving og skralling, har for mange blitt ein politisk handling. Søppeldykking er ikkje ei løysing for å bli kvitt matsvinn, men det er ein fin måte å få ein personleg relasjon til den norske kastekulturen. Dei mest dristige søppeldykkarane dykkar også i søppelet til private hushald. I følgje Forskning.no kastar vi i Norge i snitt ¼ av all maten vi kjøper.

Foto: Coupesetique
Alle søppelspann utan hengelås kan dykkast i. Foto: Coupesetique

Prøv deg på Søppeldykking

Ynskjer du å få litt spenning i kvardagen? Er du nyfiken på kva din lokale matbutikk kastar? Er du student på budsjett? Prøv deg som søppeldykkar!

Du treng:
  • Eddik – Til å vaske maten i
  • Hanskar
  • Lommelykt – Dersom de tek turen på kvelden
  • Sekk – Eventuelt ein bag som er god å bære
  • Passande kle
Få med deg ein ven

Det er alltid kjekt å gjere ting med ein ven. Søppeldykking er ingen unntak. Men unngå å samle fleire venner. Dette skaper unødig oppsikt. Sjølv om søppeldykking ikkje er ulovleg, er det mange butikkeigarar som irritera seg over at folk fråtsar i uselde varer. De kan heller møtast etter de har henta mat og lage eit festmåltid!

Søppelfangsten kan lett bli eit festmåltid saman med gode vener. Foto: Kristine Ullaland
Søppelfangsten kan lett bli eit festmåltid saman med gode vener. Foto: Kristine Ullaland
Finn eit bosspann

Sjå etter butikkar som har hyller som bognar av ferske matvarer, som til dømes Meny. Butikkar med bognande fersvarehyller, har ofte og søppelspann som bognar av frukt og grønt. Der er ikkje ulovleg å ta mat frå bosspann, med mindre dei er låst att eller låst inne. Sidan eBay er eit eldorado for universellnøkklar til bosspann, vel nokre butikkar å låse med hengelås.

Bergen har matavfalltilbod for bedrifter. Desse bosspanna har brunt lokk. Det er også mange som kastar matavfall i containerar med svart lokk. Det er ofte lettare å finne tilgjengelege søppelspann i utkantstrøk en i byar. Forhøyr deg med venner og søk på nettet etter tips om bra plassar. Eit godt tips er å melde seg inn i facebookgrupper for søppeldykkarar.

Korleis går du fram:

Sjølv om mange matkjeder i Bergen nyttar seg av matavfallsordninga til BIR, er det få som tek vekk emballasjen på maten før dei kastar den i boss. Det er flott for deg når du skal hente ut mat som du vil ta heim, men som kompost eller bioenergi kan dette virke litt upraktisk. BIR gjev ingen informasjon på sine nettsider om kva dei gjer med matavfallet etter innsamling.

Saml maten i ein sekk. Nokre vel å plukke vekk dårleg mat undervegs, medan andre tek alt med heim, for so å ordne det der.

Bruk sunn fornuft dersom de vel å plukke med deg kjøtt og fisk eller andre matvarer som kan gjere deg sjuk. Er maten i emballasje eller ikkje? Korleis kan du reingjere det du tek med deg? Det er viktig å vere bevisst på dette før du tek med deg maten heim. Tenk sikkerhet og sjå kva du tek i før du tek i matavfallet.

Ikkje ta meir en du kan ete

Det er lett å bli overvelda over all den gode maten, men ikkje bli freista til å ta meir en du kan ete. Det er bortkasta å ta med deg mat du ikkje rekk å ete den før den blir dårleg. Då er det betre å la noko ligge att. Det er ikkje utenkeleg at det er fleire som dykkar der du går.

Rydd opp etter deg
Foto: Flickr/ Jes
Rydd opp dykk. Det er viktig at det ryddig ut når de går. Ellers risikerar de at butikkeigaren sett lås på søppelspanna. Foto: Flickr/ Jes

Sørg for at det ser ryddig og fint ut før du går.

Når maten er i hus

Sjølv om maten er innpakka vil eg anbefale at de vaskar maten i eddikvatn. Fyll ein bolle med vatn og bland inn ½ kopp eddik og legg maten i vatnet i ca. 15 min. Fjern deler av maten som ikkje er etande og komposter. Noko av maten du vil finne, må etast eller forvellast raskt for at dei ikkje skal gå til spille. Det er difor lurt å sette av litt tid etterpå til å forvelle maten. Nokre ting er vanskeleg å forvelle, som til dømes salat medan andre ting er berre å fryse ned, som til dømes sjampinjong. Den kan også skrellast. Ring familiemedlem og vener for råd. Tenk kreativt og bruk gjerne maten på ein anna måte en du pleier. Druer, som er ein vanleg fangst, er for eksempel kjempegode å juice.

Frys er ein god hjelpar om du finn meir mat en du klarer å ete før den blir dårleg. Å hermetisere er også eit godt alternativ. Tomatar er til dømes ein vanleg fangst som er lett å forvelle. Hugs å koke glaskrukkene før du hermetiserer mat i dei. Dersom dei ikkje er heilt bakteriefrie kan det utvikle seg bakteriar i maten. Lokket må også vere heilt tett.

Siste søppelfangst inkluderte blant anna 10 ananasar.
Siste søppelfangst inkluderte blant anna 10 ananasar.

Del gjerne dine tips og erfaringar i kommentarfeltet.

God matjakt!

Headerfoto: Peiyu Liu