Olivenolje som ansiktsvask

Olivenolje er ikkje berre sunt å ha i salaten, den er også utmerka å bruke som ansiktsvask og fuktkrem. Lær korleis du kan forenkle dine skjønnheitsrutiner.

Vi lev hektiske liv, ofte i forureina byer, drikker gjerne store mengder kaffi og dusjar i alt for varmt vatn. Det er mange ting som kan gjere at huda kjem i ubalanse, og då er det lett å ty til sterke hjelpemiddel for å få huda i balanse. I tillegg omgjev vi oss om lag konstant med reklamer som fortel oss at vi treng både det eine og det andre for å sjå ut som normale, oppegåande menneskjer. Det seiast at den dagen kvinner blir nøgd med sin eigen utsjånad vil økonomien krasje. I 2014 sto kvinner for 70% av omsetninga innan helse, personleg pleie, etc. på nett. 

Eg har sjølv brukt alt for mykje pengar på hudpleieprodukt som lova bot og betring, samt gått regelmessig til hudpleier for å få mi atopiske hud i balanse. Eg hugsar framleis dei dagane det var vondt å smile, fordi huda var så tørr. Kremane blei stadig sterkare og sterkare for at dei skulle ha noko effekt på huda mi, og produkta byrja etter kvart å bli ganske kostbare og tidkrevjande å bruke.

Eg bestemte meg for å prøve noko heilt nytt, noko som eg faktisk allereie hadde heime; Extra Virgin Olivenolje. Huda endra seg totalt. Eg har ikkje lenger tørr hud eller svarte prikkar på nasa. I tillegg fungera olivenolja både som sminkefjernar, ansiktsvask og fuktkrem. Eg sparar tid, pengar og hylleplass på badet. Dette er no alt eg brukar.

Olje løyser olje

Ein av dei mest grunnleggande prinsippa innan kjemi er at likt løyser likt. Det er difor ikkje so rart at olivenolje fungera so godt som ansiktsvask. Dette er ein effektiv måte å reingjere porene for skitt og bakteriar, skånsamt og naturleg. Kva vi definera som rein hud er ikkje nødvendigvis det kroppen definera som rein hud. Mykje av såpene vi brukar i dag til vask av ansiktet er unødvendig sterke og fører til at vi treng ei rekke nye produkt for å oppnå ei balansert hud. Det er også vanskeleg å halde seg oppdater på kva alle dei kunsige kjemikaliane i produkta faktisk er og kva dei gjer med kroppen vår og miljøet. Det enkle er ofte det beste.

6788557287_4972c8f447_z
Mykje av vår identiet er knytt opp til konsum, men for mange eigendelar kan faktisk virke belastande, på trass av reklamar som lovar det motsatte. Rydd vekk det du ikkje treng i baderomsskapet og erstatt det med gode, naturlege produkt som til dømes olivenolje. Foto: Hernàn Piñera

Velg riktig olivenolje

Ei god olivenolje inneheld mykje antioksidantar, samt vitamin A og E. I Norge har vi lite kunnskap om korleis vi kan finne ein god olivenolje, og tek gjerne den billigaste vi finn i butikken. Extra Virgin-nemninga er ingen garanti for at olivenolja har ein god kvalitet, og oljen kan gjerne vere blanda med hasselnøttolje utan at dette kan kjennast på smaken. Det er ikkje sikkert at dette gjer so mykje forskjell for den gjevne forbrukar, men det er viktig å vere oppmerksam på kva varer ein ynskjer å kjøpe og kva varer ein faktisk kjøper. Olivers & Co sel flotte kvalitetsoljer om du ynskjer å vere sikker på at du kjøper ei rein Extra Virgin Olivenolje, eventuelt er full opphavsnemning på flaska eit kvalitetsstempel. Hugs at olivenolje er ei ferskvare med haldbarheit i 18-24 månadar.

Kva du treng

Extra Virgin Olivenolje, gjerne økologisk

Vaskeklutar i bomull

Duftolje (valfritt)

Korleis gå fram

Masser olivenolje i ansiktet som vanleg. Blautgjer ein vaskeklut i varmt vatn og legg over ansiktet. Bruk so kluten til å tørke av oljen med. Pass på å få med områder rundt nase og munn.

Mest truleg vil det vere nok å gjere dette på kvelden, medan du vaskar ansiktet i kun vant på morgonen.

Oppbevaring

Fyll olivenoljen over i ei fin pumpeflaske som du kan ha på badet. Vel gjerne ei lystett behaldar for å halde oljen so frisk som mogleg. Om du allereie har ein behaldar du kan bruke i klart glas, ikkje fyll behaldaren heilt opp og fyll på etter kvart. Olja er svært drøy i bruk.

Behaldaren som er brukt i toppfotografiet er gjennbruk av ei lita glasflaske som rommar 100 ml. Den blir brukt til reise.

Tilsette lukt?

Dersom du føler du luktar litt som ein salat når du brukar olivenolje som ansiktsvask, tilsett nokre dråpar duftolje. Ver merksam på at ikkje alle duftoljene egnar seg til denne bruken. Rådfør deg med butikktilsette før du kjøper noko du ikkje er kjend med. Til dømes er kanelduftolje veldig sterkt for huda. Det finnest også ulike typar duftolje. Rein duftolje av rose kan anbefalast.

Kritikk av olivenolje som ansiktsvask

Eit av argumenta for at olivenolje ikkje bør brukast som sminkefjernar, ansiktsvask eller fuktkrem, er at den ikkje trenger i djupna av huda, men berre går på overflata. Men kvifor er det nødvendig at den går i djupna? Sjølv meina eg at fuktigheit er det mest nødvendige for å vedlikehalde huda, noko som olivenolje gjer for meg. Balansert hud kjem sjølvsagt ikkje berre frå utvendig behandling, men også frå innsida gjennom kva vi et, drikk og gjer i løp av kvardagen.

Andre oljer

Når du skiftar over frå dine kommersielle produkt til olivenolje, kan huda få kviser, men dette vil gå over etter 1-3 veker. Dersom huda ikkje har noko positiv effekt av olivenolje etter 1-3 veker kan du prøve ut andre oljer. Det finnast ei mengde ulike lett tilgjenglege naturlege oljer som kan passe deg, som til dømes avokadoolje. Nokon blandar også ut olivenoljen med eplecidereddik. Eplecidereddik lukkar porar, i likskap med ein natronskrubb.

Lukke til!

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s