Gje opplevingar som julegåve

Kva gjev du ein som har alt? Kva med ei oppleving som gjev minner for livet?

Vi lev i ei tid der vi stadig hastar oss vidare til neste gjeremål. Difor er ein av dei finaste tinga du kan gje dine næraste nettopp tid og opplevingar vi kan dele saman, og mange av desse opplevingane treng vi gjerne ikkje å reise så langt for å hauste. Når vi ferierar i storbyar eller ein eller anna eksotisk destinasjon, har vi gjerne kartlagt alt av museum, teater, konsertar eller utkikkspunkt. Når det gjeld vår eigen heimstad blir gjerne slike tilbod mindre attraktivt. Vi kan jo gjere det når som helst, tenker vi gjerne, og ender med å aldri ta turen med den spennande raftingløypa eller besøke det lokale kunstgalleriet.

Gjenoppdag ditt nærområde og tenk igjennom om noko av dette kan passe som gåver. Ikkje berre er opplevingar ei flott gåve i seg sjølv, det er ofte kortreist, støttar lokal økonomi og fyller ikkje heimen med unødige gjenstandar.

Gåveordning

Mange familiar og venegjengar har ei ordning som går ut på at at alle får ansvar for å kjøpe gåve til ein person som er frå alle, i staden for at alle kjøper til alle. Då får ein meir å rutte med når ein skal velje ei gåve, og ein brukar også mindre tid på gåvehandelen. Om ein ikkje har slik ordning i sin omgangskrets er det likevel mange ting ein kan finne som passar både lommeboka og preferansane til gåvemottakaren. Sjå også tidlegare innlegg om grønare julegåver her.

Opplevingar:
19919529742_d6988cd27b_z
Bergen husar mange dyktige artistar, deriblant Thea Hjelmeland. Kva med å gje vekk ein vakker konsertoppleving i gåve? Foto: Mario Pires.

Sjekk ut dine lokale kulturtilbod: Konsertar, teater og kurs er berre nokre av tilboda som vere nettopp den gåva du leitar etter. Det Norske Teater i Oslo tilbyr gåvekort på ein valfri sum. Du kan også lage gåvekort sjølv. Dersom du ser etter noko unikt, har De Historiske oversikt over ulike tilbod som til dømes matkurs og vinsmakingskurs. Bilettar over ulike kulturtilbod og opplevingar i din nærleik finn du på youwishTicketCo og Billettservice. Gåvekort på kino er og ein klassikar.

Ei perle i Sunnfjord: Snaue to timar frå Bergen finn du Åmot Operagarden i Sunnfjord. Operagarden husar blant anna konsertar, treretters middag, teater og matlagingskurs med fokus på kortreiste råvarer. Åmot Operagarden ei perle, også for dei med liten interesse for opera. For dei som ikkje bur i nærleiken, sjekk ut ditt eige nærområde. Kanskje du vil bli overraska over kva tilbod de har.

Åmot Operagarden_Foto_Mariell Øyrane
Minner for livet i vakre omgjevnadar. Foto: Mariell Øyre/ Åmot Operagarden

Rafting: Det seiast at skumle opplevingar gjer at vi knyt oss tettare til dei vi opplev henginga saman med. Rafting er absolutt ein slik oppleving. Og den passar like godt med familien som med vener. For familiar som ynskjer seg opplevingar i staden for ting tilbyr Voss Vind og Vatn pakkeløysingar for heile familien til litt over 4000 kr (2 vaksne, 2 born).

Laserspel: Treng venane dine eit avbrekk frå lange studiedagar eller ynskjer du å overraske med ei oppleving som din omgangskrets ikkje ville fått elles? Inviter vener på ein kveld med laserspel midt i Bergen sentrum. Det kostar frå 90 kr og oppover, alt etter kva ein ynskjer. Dagspass kostar 299. Det er også mogleg å booke eigne rom for familien eller vennegjengen for rimelege prisar. Dei tilbyr også studentrabatt.

Tur med hundeslede:  Ein tur med toget frå Bergen fører deg mot Gol og eit vakkert naturlandskap. Perfekt for ein tur med hundeslede. Det er to personar per slede, og det kan bytast på å køyre og å sitte på sleden. Vakker natur, vind i ansiktet og lyden av raske potar over snøen, vil vere eit minne for livet. Prisen ligg på 600-750 per person. Ta gjerne også turen innom Gol Skipark.

14990541547_c6e446553a_z
Illustrasjonsfoto frå Greenland Travel/ Flickr

Escape room: På Bryggen i Bergen har dei spesialisert seg på sokalla Escape rooms der du faktisk betalar for å bli innelåst. Samspel, kløkt og magefølelse er nøkkelen for å komme seg ut. Dette er ein oppleving med høg puls, så det passar ikkje for ein kvar. Prisen ligg på rundt 400 per person. For deg som ikkje er fan av romantiske gåver, kanskje dette er noko for deg og din betre halvdel? Ps. dersom din betre halvdel reknar med å få ei romantisk gåve er det kanskje lurt å hinte frampå at gåva bevegar seg i ei anna retning.

Båltur/ skitur: Har de snakka om å reise til nabobygda for å teste ut det nye skianlegget i årevis, men endå ikkje kome dykk av garde? Kva med å arrangere ein tur og gje det som gåve? Om du ynskjer noko lett, men fint, kva med å invitere vener på ein båltur til Sandviksbatteriet i Bergen. Det tek totalt 40 min frå Bergen sentrum (10 min. buss og 20 min. spasertur). Utsikta over byen er fantastisk, og det er overraskande få som nyttar seg av dette turområdet.

Spa: For dei som held til i Bergen kan eit besøk til Relaxavdelinga på Vannkanten vere verdt eit besøk. For 200 kr får ein fri tilgang til alle fasilitetar symjeanlegget, inkludert terapibasseng som held ein temperatur på 33-34 grader. Perfekt for stive vinterkroppar. Dersom dette er ei gåve som kan passe fleire av venene dine, kva med å gjere det saman? Alle treng ein lat søndag av og til, og få ting er betre en å dele det med gode vener. Det er også mange som tilbyr massasje og ulike typar behandlingar.

Har du tips til noko opplevingar som passar utmerka som gåver? Del gjerne din ide i kommentarfeltet.

Ynskjer deg ei riktig god førjulsstrie!

Toppfoto: Åmot Operagarden / Mariell Øyre

2 thoughts on “Gje opplevingar som julegåve”

  1. Jeg har gitt opplevelser som gaver gjennom flere år, men gjør det ikke så mye nå. Det kan bli litt slitsomt å dele ut barnepass-gavekort e.l. og vite at jeg har det «hengende over meg» som en plikt jeg har lovet bort. Så jeg trår varsomt nå.

    En vellykka gave for noen år sida var kino inkludert kafétur til foreldra mine. Det ble selvsagt to separate gaver da de ikke er interessert i samme type film. Far, som da var 80 år gammal, var ikke i tvil om hvilken film han ville se. «Avatar» – i 3D! Han som pleier å si at han ikke har vært på kino etter at det ble talefilm 😉

    Jeg har gitt bort abonnement på online trening. (Jeg fant noe som ligner denne: https://yogobe.com/se/, men den var norsk.) Er usikker på om det var vellykka.

    Forøvrig ville jeg bli fryktelig glad hvis noen ville hjelpe meg å rydde og vaske, så et slikt gavekort står øverst på ønskelista mi.

    Likar

    1. Hei Sukkerspinnengelen. Eg ser den. Det må sjølvsagt passe også. Men det er også mange opplevingar ein ikkje nødvedigvis treng å ta del i sjølv. So koselig at de såg Avatar! Det høyres ut som ei fin oppleving! Online trening var eit godt tips! Angåande vasking er eg heilt einig. Eg og ei venninde hadde tidlegare ei ordning der vi hjalp kvarandre med dei større vaskeprosjekta (type førjulsvask). Det utruleg kva som kan bli kjekt so fort ein får hyggeleg selskap! 🙂 Ynskjer deg ei fin førjulstrie og kryssar fingrane for at du får gåvekortet du ynskjer deg! Beste helsing Kristine

      Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s