Kategoriarkiv: Zero Waste butikk

6 tips for ein emballasjefri handel

Ynskjer du å prøve deg på emballasjefri handel? Då er planlegging din beste venn. Her er Grønare kvardag sine 6 tips for korleis du kan gå fram for å få ein søppelfri, Zero Waste handlerute.

  1. Planlegg innkjøp

Ved å planlegge matinnkjøp – og gjere det ein gong for veka vil du spare deg for impulskjøp og lettare unngå å kjøpe for mykje mat. Planlegg måltida for heile veka, og hald deg til planen. Du vil raskt merke at du et sunnare, sparar pengar, sparar tid og kuttar emballasje. Dersom du køyre bil, sparar det og drivstoff. Gå gjennom kjøkkenet og sjå kva du treng. Vi har ein tendens til å stappe skapa fulle av mat og drikke som vi ikkje har sjans til å få unna raskt nok. Kanskje det til dømes er nok å ha ein type svart-te, ein grøn og ein frukt-te, for so å bytte det ut med ein ny smak når det er tomt. Då har du alltid fersk te, og du spara plass og pengar, samtidig som du set meir pris på nyinnkjøpte varer.

6880299318_b0e9ee77e9_z
Foto: Phillip Jeffrey Ved å ha få, gode te-sortar i skapet har du alltid fersk, smaksrik te i skapet.
  1. Sesongmat

Lure du på kva som er sesongmat? Sjå etter det som er utan emballasje. Du vil raskt merke at vår, sommar og tidleg haust er høgsesong for emballasjefrie varer. Då er det lett å velje blant blomkål, brokkoli, salatar, raudbetar og eit stort utval av bær. I starten synst eg det var litt hardt, men no set eg stor pris nye sesongvarer. I ei tid der vi ikkje er vand med å vente på noko, synst eg det er ein fin påminning om alt arbeidet som ligg bak maten, og korleis den har blitt til. Bondens marknad og andre matmarknadar er ein fin plass å kjøpe sesongmat – mange kjøper og direkte frå bonden.

  1. Zero Waste-kit

Skift ut emballasje og plastposar med tøyposar og hard emballasje i glas og metall. Kor mykje posar og behaldarar du treng å ta med deg, er avhengig av kor mange de er i hustanden din. Prøv deg litt fram og sjå kva som passar ditt/ dykkar forbruk. Det vil og variere litt etter sesong, kva du har bruk for. Og hugs at mange av varene, som til dømes banan, fint kan leggast direkte på disken utan pose – plast eller tøy. Ein ting start er å skaffe 2 ulike størrelsar med tøyposar (6-10 av kvar) til å bruke til nøtter, kikertar, kjeks, bollar, brød, ris og andre små varer som er tilgjengeleg i lausvekt (godteri!). Dersom du har ein Zero Waste-butikk i ditt område sel dei posar og gjenbruks-emballasje du kan bruke. Du kan og bruke vaskeposar. Har du ei symaskin heime kan du enkelt lage dei sjølv, eller du kan kjøpe det her. Beeorganic tilbyr til dømes start-kit.

DSCF1635
Foto: Kristine Ullaland. Nettingposar passar godt til større matvarer som salat, rotgrønnsaker, brod og liknande.
  1. Ha tøypose og tørkle i veska

Er du mykje på farten? Ha alltid ein tøypose og eit tørkle i veska eller jakkelomma. Då kan du lett ta det fram dersom du skulle ha behov for det. Tørkle kan brukast til so mangt, og kan raskt steppe inn for serviettar, eller som emballasje til ein bolle, ein kjeks eller ein bagett. Dersom du og har med ei drikkeflaske er du klar for det meste.

  1. I butikken

Nokre tøyposar har vekt notert ned på lappen i sida, men dersom du har laga dei sjølv må du vege posen eller emballasjen i butikken før du tek oppi varen, slik at vekta av emballasjen kan bli trekt i frå. Nokre butikkar som til dømes Etikken i Trondheim, tilbyr også avslag i pris dersom du tek med deg dine eigne behaldarar. Dersom posane dine ikkje er gjennomsiktige, opn dei litt opp når du kjem i kassa, slik at butikkekspeditøren kan sjå kva du har kjøpt.

Våte varer som kjøtt, fisk, oliven, feta og liknande, må kjøpast i tette behaldarar. Mange vel å bruke Norgesglas, Weck-glas, eller glas frå Ikea. Det er og alternativ i metall, som er litt lettare å bære men dyrare i pris. Kanskje du allereie har noko heime du kan bruke? 2-5 glas ein fin plass å starte dersom du et mykje kjøtt og fisk. Ost kan du pakke inn i vokspapir eller glas. Det kan du enten lage sjølv eller kjøpe her.

Råvarene6_Zero Waste_Grønare kvardag_Kristine Ullaland
Foto: Kristine Ullaland. I Zero Waste-butikkar kan er det ofte eit godt utval av tørrvarer tilgjegeleg frå dispensarar.

Når du handlar i glas er det ekstra viktig at ein veg glasa før ein legg i varen. Ofte vil forhandlaren ta glaset på vekta og nullstille vekta, for so å legge maten i behaldaren. Det vil so bli printa eit klistremerke som blir klistra på glaset slik at dei i kassa kan sjå inn pris.

Du vil mest truleg få litt spørsmål om kvifor du gjer dette, og om det er tomt for posar ved lausvektshylla. Dette vil gå seg til etter kvart, og det er ein fin måte å få kontakt med personalet på. Personleg opplev eg at eg ofte ender opp i ein spennande diskusjon med engasjerte butikktilsette – som ofte har ergra seg over all emballasjen. Om du kvir deg på å forklare motivasjonen din, eller rett og slett ikkje orkar etter ein lang dag på jobb, kan du sei at du ikkje har bosspann. Handlerutina di vil etter kvart gå raskare.

Brød og bakevarer kan du legge i ein kjøkkenklut, dersom du ikkje har ein pose. Eventuelt legge det i handlenettet. Dersom det ikkje er emballasjefrie bakevarer i din bærbutikk, er dette noko du får hos bakeri. For å kjøpe egg i lausvekt må du ha med eigen behaldar. Bruk gjerne ein gammal eggekartong. Du kan bruke ei korg, men dersom du kjøper mange varer kan det lett skje eit uhell.

7181190399_e8fff2c352_z
Foto: Willow Cottagegarden. Ta med dine eigne eggekartongar og fyll på med egg. Du får kjøpt egg i lausvekt på Zero Waste-butikkar, diverse helsekostbutikkar og Bondens marked. Kanskje du til og med har ein nabo du kan kjøpe av?

Matoljer får du kjøpt i Zero Waste-butikkar, men kan vere noko vanskeleg å finne elles. Drikke generelt er vanskeleg å finne per dags dato, men ein ser ein trend i USA og Europa, og eg antar Norge vil følgje etter.

  1. Heim frå butikken

Når du kjem heim fyller du gryn og andre tørrvarer over i lufttette behaldarar og legge posane tilbake i veska eller i skuffa – klar til neste bruk. Våte varer kan oppbevarast i glasa dersom dei er lufttette, og desse egnar seg også til frysing. Hugs at dersom du frys glasa er det viktig at glasa ikkje er heilt fulle, då er det fare for at dei sprenger når dei blir frose.

Brød kan frysast i tøypose, del det gjerne opp i den størrelsen du eller de et på ein dag, og ta opp ein ny bit kvar kveld. Då har du alltid ferske brød. Brødet kan oppbevarast på kjøkkendisken med skivesida ned mot skjerebrettet, då held skorpa seg fast og fin, og innmaten mjuk. Du kan og bruke bivokspapir. For matinspirasjon, sjekk ut den dyktige Mia Frogner, som står bak Green bonanza. Ho har og ei bok med same namn.

Lukke til!

Toppfoto: David Yttervik Seetiangtham

Grønare kvardag er ei uavhengig heimeside og lenkene i posten er ikkje sponsa. Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag.

Mølleren Sylvia

Emballasjefrie butikkar er på full frammarsj. Grønare kvardag har besøkt Mølleren Sylvia, Oslos andre Zero-Waste butikk. Her får du ikkje berre varer i lausvekt, Mølleren Sylvia er økologisk og er ein tilhengar av kortreist mat. Den vakre butikken held til i Hegdehaugsveien 12, ikkje langt frå Oslos kjerne.

Tanken bak butikken er å gjennskape den gamle kolonialen der alt kan kjøpast i lausvekt. I følgje kvinna bak Mølleren Sylvia, Elisabeth Tollisen, vil fridomen til å kjøpe dei mengdene mat ein treng redusere unødig søppel både i form av matsvinn, men også emballasje. Ho oppfordrar sine kundar til å ta med eigne behaldarar, men sel også små tøyposer og krukker.

Grønare kvardag anbefala på det sterkaste å ta turen innom. Butikken er svært gjennomført og alle varene har blitt handplukka etter nye bakgrunnsjekk. Tollefsen har blant anna tatt reiseavstandar i betraktning når ho har plukka ut varer. Dispenserane er fylt med alt du måtte ynskje til ein fin pris, og vareutvalet er framleis under utvikling. Dei tilbyr også vaskemiddel lausvekt.

Lokal matprodusent i Oslo? Mølleren Sylvia ynskjer å bli kjent med deg.

IMG_8478

IMG_8444

IMG_8413

IMG_8424

IMG_8430

Zero Waste er ikkje berre eit Oslofenomen. Det er mykje søppelfri aktivitet også i Bergen. I februar får vi faktisk vår første Zero Waste butikk i Skostredet. Rå Lab er bedrifta bak butikken og består av ein gjeng engasjerte, idealistiske gründerar. Vi gler oss! Les meir om Rå Lab og Råvarene her.

Rålab

Har du tips om ein emballasjefri butikk eller gode råvarer i lausvekt? Del gjerne enten i kommentarfeltet eller på post@gronarekvardag.no.

Sjekk gjerne ut Grønare kvardag si emballasjefrie guide for Bergen.

Alle foto: David Seetiangtham/ Grønare kvardag