Kategoriarkiv: zero waste

10 ZERO WASTE-HACKS PÅ BUDSJETT

Når eg fortel om Zero Waste opplev eg ofte spørsmål som «det må jo koste ein del» eller kommentarar som «eg har ikkje økonomi til å leve ein slik livsstil», men stemmer eigentleg dette?

Nokre ting kostar ekstra å kjøpe, men vil spare seg inn. For eksempel kostar ein menskopp omlag det same som hygieneartiklar for ein syklus kostar. Men i staden for å berre vare ein månad, kan menskoppen brukast i opp til 10 år. Det spara deg for ein del pengar på sikt. Andre avfallsførebyggande tips går på planlegging. Her får du tips til kva du kan gjere for å kutte avfallet på ein budsjettvennleg måte. Eg utfordra deg til å velge ut ein ting av lista. Del gjerne kva du vel og korleis det går!

  1. Bytt frå flytande såpe til såpebar

Det er fleire grunnar til at såpebar til hud, hår og hender er eit økonomisk val. I motsetning til flytande såpe som er veldig lett å overdosere, er det ikkje like lett å overdosere med ein såpebar, rett og slett fordi det ikkje berre er å trykke på ei tube. Pleie du å kjøpe dei store emballasjene med såpe for å spare pengar? Forhandlarane utvida ofte opninga på slike emballasjer, slik at det fort går meir såpe enn du brukte før. Såpebar varer mykje lengre enn ein pakke flytande såpe, og du får kjøpt dette i papiremballasje eller utan emballasje. Du kan også lage di eiga såpe om du vil. Det finnast eit hav av oppskrifter på nettet, eller du kan prøve denne. Du får kjøpt såpebar hos din lokale daglegvarebutikk, Zero Waste-butikk eller helsekost.

Foto: Kristine Ullaland. Lush er ein av fleire aktørar som sel såpe utan emballasje. Du får også kjøpt dette på din lokale helsekostbutikk eller Zero Waste-butikk.

2. Planlegg og kjøp inn ei vekes måltid om gangen

Start planlegginga med å gå gjennom kva du har i kjøleskapet og av tørrvarer, og planlegg ut i frå dette slik at du får brukt det du allereie har. Planlegg mat for ei veke, og gå til innkjøp av varene du mangla når du ikkje er trøtt og svolten. Då er det lett å bli vippa av pinnen og ende opp med heilt andre ting enn du hadde tenkt. Vi nordmenn kastar mykje mat årleg, so her er det pengar å spare. Dersom du finn det motiverande, kan du gå gjennom kva du har brukt på mat tidlegare, og samanlikne med kva du brukar på mat etter de begynte med vekeplanlegging – sett av pengane de sparar til å gjere noko kjekt som du gler deg til.

3. Kjøp mat i sesong

Ynskjer du å kjøpe mat utan emballasje i din lokale matvarebutikk, men synst at det stadig endra seg kva du finn tilgjengeleg? Det er fordi dette endra seg etter kva som er i sesong. For eksempel er hausten tid for rotgrønsaker, gresskar og blomkål som er perfekt for ei næringsrik og god høstgryte saman med linser. Sesongbasert mat er ofte billigare og smakar ekstra godt. Sjekk også ut dine lokale innvandrarbutikkar, dei sel ofte mat utan emballasje og fleire fører sokalla b-varer, som smakar like godt som det ein ellers finn i butikken men som kanskje ikkje hadde riktig fasong for eksempel.

4. Lag dine eigne hygieneprodukt

Visste du at du kan lage tannkrem og deodorant av dei same ingrediensane – kokosolje og natron, men før du hive deg på det vil eg utfordre deg til å tenke over om du faktisk treng å bruke deodorant kvar dag? Er dette noko du brukar fordi du treng det, eller noko du begynte å bruke fordi det var berre eit produkt alle brukte? Dersom du tek ein runde med denne tankegangen og ser over hygieneprodukta dine ser du kanskje at det er fleire ting du faktisk ikkje treng. Dersom du treng ekstra motivasjon til å kutte desse produkta kan du rekne saman kva det kosta det å kjøpe produkt som du ikkje har brukt (men merk at pengane på kontoen går ikkje ned sjølv om du kvittar deg med desse produkta). Gje gjerne vekk produkt du ikkje treng gjennom for eksempel Finn.no.

Sjå postar om olivenolje som ansiktsvask, korleis du kan lage din eigen skrubb, tannkrem eller deodorant her.

Foto: Kristine Ullaland. Om du føle deg klar til å prøve ei oppskrift med fleire ingrediensar enn dei som er referet til over, kan du prøve deg på denne leppepomaden.

5. Menskopp

Gjennom ei livstid vil kvinner i snitt kaste mellom 100 til 140 kg sanitetsprodukt. Dersom du tenke over den økonomiske delen av det er dette ein månadleg utgift som kostar rundt 200-300 kr per syklus. Dersom vi reknar at du brukar 200 kr på sanitetsprodukt i månaden blir det 2400 i året. Dersom vi gangar dette med 10 år blir summen 24.000. Kva om eg fortalde det at du berre treng ein menskopp, som kostar rundt 250-350 kr, og at du kan bruke den i 10 år? Les ein meir om menskopp her.

6. Barberhøvel

Eingongshøvlar skapar unødvendig mykje avfall, men mange vel desse over dei meir kostbare barberhøvlane frå f.eks gillette, der braberblada kosta rundt 140 kr for ein 4-pakning. Ved å gå over til ein gjenbruks-barberhøvel i rein metall kan du faktisk på blad som er tilpassa din hudtype for fem kroner for barberbladet NB! Folk som har dårleg erfaring med safety razor har gjerne kjøpt det «beste barberbladet for salg», dette betyr ofte det skarpaste bladet og passar for ru, gamal mannehud og ikkje sarte kvinneleggar. Du kan få ein god høvel frå 200 kr og barberblada ligg stor sett på 25 kr for 5 blad. Dette er pakka i papir og blada kan resirkulerast på din lokale renovasjon. Du kan lese meir om korleis velje høvel og barberblad her.

Foto: Kristine Ullaland. Kjøpe du ein kvalitetshøvel kan du bruke den i mange år, og når den ein gong blir øydelagt og ikkje kan reparerast, kan den leverast tilbake til renovasjonen for å bli til eit nytt produkt av metall. Blad til ein slik høvel kostar 5 kr stk og kjem ofte i ein fem-pakning.

7. Lag din eigen bokashi-kompost

Det kostar å kaste, og dessverre er det mange kommunar som ikkje tilbyr kompost til sine innbyggarar. Når ein ser over dei tradisjonelle kompostane som varmkompost og kaldkompost, ligg prisane på 5000,- kroner, og startpakke til bokashikompost ligg på rundt 1200,-. Eg vil anbefale bokashikompost, men du treng ikkje kjøpe boksar. Dei beste kompostboksane eg har er tom emballasje eg har fått frå kebab-sjappa i nabolaget, og dei er dei eldste bokashiboksane eg har. Det einaste du treng er ein lufttett boks og bokashistrø. Bokashistrøet kostar rundt 200-250 og varer ca. eit halvt år (dette vil variere etter kor mange de er i hushaldninga og kor mykje komposterbart avfall de har). Les meir om bokashikompost her og korleis du kan lage ditt eige strø (men i dette tilfelle er det lettare å kjøpe:).

8. Sengetøy i lin – som igjen kan bli kjøkkenhandle

Kor mange laken og sengetøy treng du eigentleg? Kan du klare deg med eit? Vi har over år berre hatt eit sett sengetøy, og gjev oss meir oppbevaringsplass. Sengetøyet har dei siste åra vore den same modellen, og vi brukar rundt 3 år på å slite det ut. Då får sengetøyet nytt liv som kjøkkenhandkle og tøyposar til mat. Eg vil anbefale at du kjøpe lin ettersom det er mindre krevjande å dyrke enn bomull, men dersom dette er ein tekstil du ikkje likar vel heller noko du faktisk likar og kjem til å bruke. Det er ikkje so miljøvennleg om det blir liggande i skapet ubrukt.

9. Selg ting du ikkje brukar

Foto: Kristine Ullaland. Har du fine vintagekle som du ynskjer å selje, kan din lokale bruktbutikk vere interessert. Dersom du tenker økonomi er det mest økonomisk å selge det sjølv. Her illustrert med eit bilde frå Kollektivet i Kristiansand.

Sett opp ein eigen konto i banken din som du sette over alle pengane du får på å selge dine gamle ting. Før eg gjorde dette hadde eg lite oversikt over kor mykje eg fekk inn på å selge mine gamle ting. Finn.no og Tise er begge fine plassar å selge. Sosialantropologen Michael Thompson har laga modellar som ser på reisa tinga våre har frå nykjøp til verdilause til verdifulle antikvitetar – ei artig bok om du vil nerde litt, men ein ting eg tok med meg derfra som eg sjølv brukar når eg sel ting eg har kjøpt nye er at ein stort sett kan vente seg 25 % av innkjøpsprisen av klea når du sel vidare. Dette gjeld dog berre dersom du er førstekjøpar, dersom du har kjøpt brukt kan du i stor grad vidareselge for same prisen du kjøpte for. Det er derfor svært økonomisk gunstig å kjøpe brukt. Kleskjøpa mine finansiera seg i stor grad sjølv, nokre plagg stig til og med i pris fordi dei blir trendy eller samleobjekt. Har du gull i skapet eller andre stadar i heimen din? Gje andre gleda av å bruke det, og sett pengane du får inn på ein eigen konto slik at du ser at det faktisk gjev inntekter – kanskje det kan finansiere dine kleskjøp også?

10. Kutt unødvendige forbruksartiklar på kjøkkenet

Tørkepapir, bakepapir, aluminiumsfolie og plastfilm er berre nokre av forbruksartiklane mange nordmenn kjøper jamnleg, men kva om du hadde redusert eller kutta bruken av ein eller fleire av desse artiklane? Tenk gjennom kva situasjonar du brukar for eksempel tørkepapir og tenk over kva alternativ er. Er det for eksempel når du blir klissette på hendene under matlaging? Kanskje ein handvask og tøyhanduk kan fungere like so godt? Bakepapir kan erstattast med olje/ smør eller du kan kjøpe ei silikonmatte, som kan brukast i mange år. Folk bruka aluminiumsfolie til mykje forskjelling, blant anna pakke inn mat. Bruk heller ein tallerken til å dekke over maten eller ein boks. Det same gjeld plastfilm. Dersom du treng motivasjon kan du gjere det same her som med fleire av punktene over, sjå over kvitteringar (dersom du har eit medlemskort har du også oversikt over kjøpa dine her), og rekn saman kor mykje du brukar på forbruksartiklar på kjøkkenet i månaden og året.

Foto: Kristine Ullaland. Ein enkel måte å redusere emballasjeavfall på kjøkkenet er å ta med gjenbrukbare tøyposar til lausvektsvarer. Desse posane kan du kjøpe eller sy sjølv. Bruk gjerne tekstil du har liggande heime. Posane på bilde er laga av ei gamal gardin og sengetøy. Dette kan og vere ei fin gåve. Oppskrift finn du her.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Eirik K., Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y. Siri K., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Vegen mot eit søppelfritt samfunn

Samfunnet vårt har blitt snudd på hovudet dei siste månadane, og vi har sett kor fort vi kan snu oss når det verkeleg gjeld. Denne erfaringa kan vi ta med oss vidare i vårt arbeid mot eit meir berekraftig samfunn. I podkasten Zero Waste Nation er det nettopp korleis vi kan bli eit meir berekraftig samfunn som er temaet. Bli inspirert og engasjert av Zero Waste Nations sine kunnskapsrike gjestar.

*Reklame for eigen podcast

6. juli blei podkasten Zero Waste Nation lansert. Gjennom sesongens 10 episodar vil gjestar med ulik tilnærming til berekraft dele sine tankar og ekspertise rundt deira ekspertfelt. Podkasten har no ute fire episodar, og det kjem ny episode kvar mandag. Her kjem ein kort gjennomgang av tema og gjestar:

Episode 1 – Paul Connett om korleis vi kan bevege oss mot eit søppelfritt samfunn

Om du ikkje kjenne til Paul Connett frå før er dette eit namn å merke seg. Paul Connett er ein av dei største namna innan Zero Waste-rørsla og har vore aktiv med aktivistarbeid sidan 60-tallet. Paul har vore, og er ein viktig aktør for Zero Waste-arbeidet som har blitt gjort spesielt i USA og Italia, men hans arbeid spenne vidt. Sjølv om han i år rundar 80 år, reise han framleis på sin årlege tur verda rundt, der han treffe aktivistar og miljøengasjerte aktørar frå heile verda. Han står også bak boka «Zero Waste Solution» der han steg-for-steg tek føre seg korleis vi som samfunn kan bli meir berekraftige.

I episoden tek han oss gjennom ulike utfordringar med dagens samfunn, og gjev deg gode argument for å styrke ditt engasjement for eit Zero Waste-samfunn. Han avsluttar episoden med å minne oss på viktigheita av å ha det morro i vårt arbeid med å fremje Zero Waste. Dette er ei viktig påminning for mange av oss, meg sjølv inkludert. Vi er her for eit maraton, ikkje for ein sprint, og då må vi halde ut i det lange løp.

https://www.buzzsprout.com/1167158/4426334-how-can-we-move-towards-a-waste-free-society.js?container_id=buzzsprout-player-4426334&player=small

2. Episode 2 – Jane Muncke, The Food Packaging Forum

Jane Muncke er toksikolog og direktør for organisasjonen The Food Packaging Forum, som gjer viktig arbeid med å formidle balansert og uavhengig forskning som angår emballasje og miljø. I forbindelse med koronapandemien har deira nettstad vore ein go-to-hub for informasjon, i ei tid der mange manglar god forskning å lene seg på. Episoden tek føre seg koronapandemien og emballasje. Jane avlivar nokre myter om hygiene og forbruksartiklar, og argumentera for at den auka bruken av for eksempel matemballasje, er eit resultat av plast og emballasjebransjens utnytting av folks frykt for å bli sjuke, heller enn at desse emballasjane nødvendigvis bidrar til auka tryggleik mot covid-19.

https://www.buzzsprout.com/1167158/4489739-the-pandemic-and-food-packaging.js?container_id=buzzsprout-player-4489739&player=small

Episode 3 – Anne Bildrup, Sustianaware

Anne Bildrup oppfordra tekstilbransjen til å adressere elefanten i rommet og ta berekraft på alvor. Anne er gründeren bak Sustainaware, og jobbar med å bringe berekraft inn i tekstilbransjen. Ho har jobba med store aktørar som Five Units, BTX Group og JBS Textile Group, for å nemne nokon.

I episoden snakka Anne om korleis tekstilbransjen kan ha ein sirkulær tilnærming til tekstil. Ho legg ikkje skjul på at det er ein lang veg å gå for å få bransjen i ein meir berekraftig retning, og viktigheita av å vere transparent.

https://www.buzzsprout.com/1167158/4490234-a-circular-approach-to-textiles.js?container_id=buzzsprout-player-4490234&player=small

Episode 4 – Finian Makepeace, Kiss the Ground

Finian Makepeace er ekspert på jord og kompost, og er ein av grunnleggarane av organisasjonen Kiss the Soil, som jobbar med å fremje regenerativt jordbruk. Eg kom over arbeidet deira gjennom boka med same namn, som eg absolutt anbefala. Kiss the Ground har satt seg mål om hjelpe 5000 bønder og 25,000 leiarar med å legge om til regenerativt jordbruk. Dersom dette er noko du ynskjer å lære meir om kan du lese om det her.

Episoden handla om kor viktig næringsrik jord er, kva vi kan gjere i det store bilde og kva vi kan gjere som individ for å bli eit meir berekraftig samfunn. I Norge blir dessverre alt for lite av vårt komposterbart avfall kompostert, noko som er svært uheldig for miljøet og gjer at vi tape den viktige resursen som kompostjord faktisk er.

https://www.buzzsprout.com/1167158/4704098-why-a-zero-waste-society-needs-composting.js?container_id=buzzsprout-player-4704098&player=small

Svolten på meir?

https://www.buzzsprout.com/1167158.js?container_id=buzzsprout-large-player-1167158&player=large

Ny episode kvar torsdag, og du finn podcasten der du lastar ned dine favorittpodcastar eller direkte frå nettstaden. Har du innspel til tema eller gjesta du vil anbefale, send ein mail til post@gronarekvardag.no

Alt godt,
Kristine Ullaland

Toppfoto: Nicholas Bartos

Om mat og emballasje

Eg står med bror min i åkeren på garden og grev so fort eg kan med hendene. Den brune, moldrike jorda klemmer seg inn mellom neglene mine i det eg jobbar med å dra opp poteter. Vi knisar og ser lurt rundt oss. Eg er kanskje åtte-ni år, og bror min er sju. Vi tørkar jorda frå potetene på genseren, og tek ein bit. Poteta er sprø og knasande, og eg kan kjenne stein frå jorda gnissande mellom tennene. Vi veit vi ikkje har lov – og medan vi sitt på huk og et på rå poteter er det ikkje so viktig at det ikkje smakar godt. Adrenalinet som pumpar i kroppen i spenning over å bli oppdaga er belønning nok.

Vi dyrka poteter til eige bruk på garden då eg vaks opp, og då vi skulle hente opp potetene fekk vi også køyre traktor. Den hadde to nivå for fart – skjelpadde eller kanin. Kanin gjekk veldig fort. Skilpadde derimot, gjekk svært sakte. Men kven brydde seg om at vi måtte køyre i skilpaddegir. Når vi plukka poteter fekk vi køyre traktor. Potetene vart oppbevart i råkjellaren til besta og bestefar min, som også budde på garden. Nypoteter var det beste, medan dei siste potetene, som blei kokt på våren var skrukkete med tjukt skal.

markus-spiske-h-CGKH94oIs-unsplash

Det er mange år sidan eg har sett skrukkete poteter. Potetene blei hausta på hausten og varte ideelt sett heilt til våren. Dei var ikkje pakka i plast for å bevare haldbarheita, men blei oppbevart uvaska i eit mørkt og kjølig rom – ein jordkjellar. Eg skulle gjerne sett meir skitten mat i butikkhyllene. Og då meina eg ikkje urein, men uvaska med inntørka jord. For eksempel får mange av rotgrønsakene våre kortare levetid når dei blir skrubba og vaska for å klargjere dei sal. Dette fordi jorda beskytta overflata mot for eksempel lys og hjelpe rotgrønsaka med å halde på fukt. Har du sett grøne poteter i hylla på butikken? Dette er ein skade på potetene som kjem på grunn av lys, som kan gje mageknip. Vasking av desse grønsakene før dei faktisk skal etast, kan bidra til kortare haldbarheit.

I dag diskuterast det stort om kva som er mest miljøvennleg – matvarer med eller utan emballasje? Premissane for diskusjonen er i seg sjølv avgrensa, og NRK hadde blant anna ein reportasje der forskarar hadde sett på kva som haldt seg lengst av matvarer med og utan emballasje. Dette testa dei både på kjøkkenbenken og når maten var i kjøleskapet. Dei aller fleste matvarene hadde i følge testen betre haldbarheit med emballasje. Eg sakna fokus på korleis uvaska grønsaker ville gjort det i ein slik test, men uansett er problemstillinga i seg sjølv feil. Vi kan sjølvsagt prøve å tvinge matens haldbarheit inn i våre rammer, eller vi kan lære oss korleis mat held seg best. Og dersom nokre matvarer har høgt svinn, kanskje vi burde la vere å ete desse matvarene? Den norske emballasjenæringa argumentera for at vi treng emballasje, og at vi treng meir forskning som kan gjere emballasjen meir effektiv. Men, dersom vi zoomar ut og ser det større bilde ser vi ingen samanheng mellom nedgang i matsvinn og bruk av emballasje. Faktisk har bruken av plastemballasje auka i takt med mengda matavfall sidan 50-tallet,  I følgje ein forskningsrapport frå Insitute for European Environmental Policy.

shutterstock_99385886-800x450
Foto: Everett Collection/ Shutterstock

Emballasjebransjen har ikkje uventa, hatt stor vekst. Då eg var foredragshaldar for plast og emballasjeindustrien for nokre år sidan, kunne dei fortelje meg at dei var den raskaste veksande bransjen i verda.

Eg vil tørre å påstå at kunnskap om korleis vi skal oppbevare mat riktig, er avgrensa i dagens samfunn, og dersom vi held fram med å lene oss på at emballasje skal ordne opp, blir vi berre meir og meir avhengig av eit forsøplande materiale.

*Utdrag frå lydboka Søppelfri: Mat som blir tilgjengeleg på lydbokappen Fabel i slutten av juni.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, drifte meir berekraftig eller treng de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Toppfoto: Jan Colario.

Grøne aktørar som inspirera

Har du ein grøn gründer i magen, eller ynskjer å lære meir om kva arbeid som blir gjort for å tilby grøne produkt og tenester? Bli inspirert av bedrifter som har tatt steget for å snu miljøfotavtrykket positivt, redusere avfall og tilby eit berekraftig produkt eller tenester. Det er mange spennande aktørar på marknaden. Her kan du lese om 6 av dei.

1.  Ambrosia, Reingjeringsprodukt

Som mange grøne aktørar først får høyre i møte med mogelege investorar, blei Amanda Weeks fortald at henna gründeridé ikkje var attraktiv for investorar. Planen hennar var å ta veske ut av avfall, og gjere det om til reingjeringsprodukt vart sett på som for radikalt for mange i finansmiljøet. Dei lanserte tidlegare i år sitt første produkt, ein reingjeringsspray du kan bruke til «alt», og heile 97 % av ingrediensane er laga av matavfall. Dette er ingrediensar som vatn, alkohol, eddiksyre og melkesyre. Emballasjen er i resirkulerbar aluminium, og kan brukast om att. Ambrosia referera til sitt produkt som resurs-negativt, fordi produktet brukar gjenbruksmaterial i staden for jomfruelege råvarer.

Veles
Foto: Abrosia.

Du kan lese meir om Ambrosia og Veles her.

2. GO Box – Reuse. Eat. Return.

Ei teneste som gjev kafear og restaurantar moglegheita til å tilby gjenbrukbare take-away-emballasje

Matvanane våre har endra seg mykje dei siste åra, og det å ete ute, eller kjøpe med seg middag heim har blitt ein del av kvardagen til mange av oss. Det er fleire aktørar internasjonalt som jobbar for å få gode, avfallsførebyggande løysingar, og Go box er ein av dei. Sidan 2011 har dei etablert seg som den største formidlaren av gjenbrukstenester, som dei kallar det. Gjennom ein app får du informasjon om kvar du kan kjøpe mat i gjenbruksemballasje, og kvar du kan levere dei tilbake, der emballasjen blir henta, reingjort og sanitært, og klargjort for gjenbruk.

Du kan lese meir om GO box her. Dersom du ynskjer å ta kontakt som grunder, kan du gjere det her.

familycrop
Foto: GO box.

3. Kindred black – Sakte hudpleie

Kindred black er inspirert av ein sakte livsstil, og bedrifta blei starta som ein motreaksjon på det høge forbruket og plastsøppel det medføre, sterke kjemikaliar og eit høgt arbeidstempo. Produkta til Kindred black er lokalt hausta, tappa i glasemballasje laga av for hand, av resirkulert glas. Krukkene er forsegla med voks, og gjev eit luksuriøst uttrykk. Dei nyttar også lokalt hausta urter i den grad det er mogeleg, og er kontinuerleg i arbeid med å bli meir berekraftig.

Du kan lese meir om Kindred Black her.

Kindred black
Foto: Kindred black.

4. Vitamin A – Badekle i resirkulert fiber og naturfiber

Vitamin A var tidleg ute med lage badekle av resirkulert tekstil på starten av 2000, og var ein av dei frøste aktørane som tilbydde dette. No kan dei også tilby badekle laga av naturfiber, som eit fossilfritt alternativ til nylon og polyamid. Ettersom mange ynskjer å fase ut tekstil i garderoben som kan frigjer mikroplast, er Vitamin A sine badekle i naturfiber eit godt alternativ.

Du kan lese meir om Vitamin A her. Sjå deira post om korleis du kan ta vare på badekleda dine her.

Vitamin A swimwear
Foto: Vitamin A swimwear.

5. Gruten – Produkt av kaffigrut

Visste du at berre i Oslo aleine kastast det 10 tonn kaffigrut kvar dag? Vi i Norge ligg på verdstoppen i kaffedrikking, og det gjev mykje kaffigrut! Det veit Siri. Ho er drivjarnet bak Gruten, og står for innsamling av økologisk kaffigrut i Oslo. Kaffigruten får nytt liv som skrubb, såpe, makk-kompost eller base til soppdyrking. Gruten tilbyr også undervisning og kurs slik at du kan lære å bruke din eigen kaffigrut, om du skulle ha lyst.

Du kan lese meir om gruten her.

Gruten
Foto: Gruten.

6. Loop – netthandel i gjenbruksemballasje

Aktørane bak konseptet Loop har uttalt at «resirkulering og gjenbruk av resirkulert materiale handlar om å gjere det beste ein kan med avfall, men at det ikkje løyse det grunnleggande problemet vi har med avfall. Vi gjorde ein del refleksjonar rundt dette og kom fram til at kjelda til problemet var [dagens tilnærming til resursar som] bruk og kast.» Formålet med Loop er å tilby tenesta, men fjerne bruk-og-kast-aspektet ved tenesta ved å bruke gjenbruksemballasje. I staden for å kaste emballasjen etter bruk, eller resirkulere den, blir den i staden returnert til avsendar. Du treng ikkje vaske emballasjen eller gjere noko anna i før du sende den. Loop drøyme om at vi i framtida vil få ei «gjenbruksbøtte» på kjøkkenet, på same måte som spann til resirkulering, og at denne på sikt kan inngå i for eksempel renovasjonstenesta. Tenesta er ikkje tilgjengeleg i Norge endå, men planen er at dette skal bli tilgjengeleg over heile verda. Tenesta tilbyr alt mogeleg frå iskrem til hudprodukt.

Du kan lese meir om Loop her.

loopstore
Foto: Loop store

Vi treng grøne aktørar

Vi er i ei spesiell tid no, og vil trenge mange grøne grundera i tida som kjem. Dersom du ynskjer å sjå kva moglegheiter det er for din grøne idé, vil eg tipse om Etablererfond, som er eit lågterskeltilbod for aktørar som fell utanfor Innovasjon Norge sine støtteordningar. Dei gjev opp til 50.000 og her har du lenke til Bergensregionen. Bur du ikkje i Bergensregionen kan du likevel trykke på lenka og finne fram din kommune/ fylke til høgre på sida.

Tilsvarande ordning hos Innovasjon Norge finn du her.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon, og er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, drifte meir berekraftig eller treng de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Toppfoto: Black kindred.

 

 

Digital forureining

Har du nokon gong tenkt på kvar alt vi lagra i skya eigentleg hamnar? På vegen mot ein enklare kvardag blir vi meir og meir digitale, men kva er kostnadane av dette? Lær meir om digital forureining og små tiltak du kan gjere i din eigen kvardag for å kutte unødvendig resursbruk.

Det kjenst eigentleg ikkje so lenge sidan eg måtte be bror min legge på hustelefonen slik at eg kunne kople meg på internett. So fort han hadde lagt på, satt eg i kontakten til modemet og venta tolmodig på at startsida Sol lasta seg opp. Internett var fantastiske greier. På skulen sa dei at dette var framtida, og at kanskje vi til og med ville få endå raskare internett. Det var vanskeleg å førestille seg.

I dag er det meste på nett. Vi les nyheiter på nett, vi held oss oppdatert på kva naboen gjer på, utan å måtte fysisk møtas (eller sjå dei gjennom vindauget). Vi gratulera folk med nye babyar og gifteringar, eller forsvinn ned i kaninhòlet, også kjend som YouTube. Eg har aldri hatt so lite fysiske ting som eg har i dag, men eg har heller aldri vore so avhengig av skybaserte løysingar . Det er eg ikkje aleine om. I Norge strøyme ni av ti musikk, medan to av tre strøymer TV.

Skybasert høyrest svevande ut, og det høyrest utvilsamt finare ut enn realitetane, som er gigantiske datasenter – heimen til vår skybasert data. Behovet for datasenter auka raskt. I 2012 var det rundt 500,000 slike datasenter på verdsbasis, medan i 2019 var det estimert at talet låg på over 8 millionar. Det ser ikkje ut til at talet vil stoppe på 8, og i følgje ein rapport frå Greenpeace frå 2016, kan overgangen til skybaserte løysingar bidra til å auke etterspurnaden etter fossilt brennstoff. Dette på trass av forbetra energiforbruk og forplikting til bruk av fornybar energi. Store aktørar som Google, Facebook og Apple har fremja mål om å drifte med 100 prosent fornybar energi, men Netflix HBO og Spotify ligg etter, i følgje Greenpeace (2016) I følgje Greenpeace sin rapport «ClickClean», står Netflix for ein tredjedel nett-trafikken i Nord-Amerika, og det er kritikkverdig at ein so stor aktør ikkje investera og nyttar seg direkte av fornybar energi og fokusera på smartare løysingar for å få ned forbruket. Men det er ikkje berre strømming og nettsurfing som bidreg til auka digital forureining. Søppelmailen har flytta seg til eposten.

biel-morro-HCha-UHkIg8-unsplash
Illustrasjonsbilde av solcellepanel. Foto: Biel Morro

Forskning viser at den gjennomsnittlege arbeidstakar brukar opp til 28% av arbeidsveka på å besvare mail. Det er over ein dag i veka, berre på å svare på mail. Det har vore mykje fokus på miljø og resursbruk i forbindelse med sending av brev, men kor mykje resursar brukar eigentleg mail?

«Tenk på miljøet før du printar» er ei setning du ofte finn under mail signaturen  til dei miljøbevisste. Dette fordi vi er klar over ressursbruket tilknytt det å printe. Det mange ikkje er klar over er at mail også har ein kostnad. I følgje  Mike Berners-Leeh (2010), som er ekspert på karbonfotavtrykk, har ein gjennomsnittleg mail eit fotavtrykk tilsvarande fire gram karbondioksidutslepp (CO2e). Dersom innhaldet i mailen inneheld mykje data, kan fotavtrykket stige til 50 gram per mail. Berner-Lee estimera at vi i 2010 gjennomsnittleg sendte mail tilsvarande å køyre 320 kilometer med fossilbil. Dette er estimat som er gjort for 10 år sidan. Ein forskningsrapport  frå The Radicati Group har estimert at vi i 2019 sendte 246.5 milliardar mail dagleg på verdsbasis, av dette er 128.8 milliardar bedriftsmailar.

Å vere i skya

Med mindre du har lasta ned mailane dine og lagra dei på pc-en din, er mailane lagra i skya aka. datasenter. Datasentera består av datasystem og tilhøyrande komponentar. Desse sentera krev store mengdemaskinvare som brukar straum i ein skala som kan samanliknast med ein nasjons forbruk, i følgje DataCenter Knowledge. Det er også estimert at datasentera sitt energiforbruk innan 2030 vil krevje 10 prosent av den totale, globale straumtilgangen. Hyperscale datasenter blir presentert som ein mogleg løysing for å få ned straumforbruket, og namna til desse sentera referera til «ein datamaskins arkitektoniske moglegheit» til å skalere etter den auka etterspurnaden.

Slett mail

Medan det blir utvikla meir miljøvennlege løysingar for lagring av data, er det nokre ting vi kan gjere på individnivå for å senke vårt eige avtrykk. Den mest lavthengande frukta er å rydde opp i digitale brev – mailen din. Er du ein av dei som har fleire tusen uleste mailar? Ein haug av nyheitsbrev du abonnera på men aldri les? Eller har fleire ubrukte mailkontoar som du bruka når du må oppgje mail, for å unngå spam i din eigen mail? Her har dei aller leste av oss mykje å ta tak i.

App-hjelp til sletting og avmelding av nyheitsbrev du ikkje opnar?

Det er ulike framgangsmåtar for å redusere uynskte abonnement og nyheitsbrev. Dersom du føler deg komfortabel med å inkludere ein tredjepart i mailen din, kan appar som CleanFox lette prosessen ved å gjere gje deg moglegheitene til å slette og melde deg av nyheitsbrev med eit klikk. Dette gjer CleanFox ved å hente fram for eksempel nyheitsbrev du sjeldan eller aldri opnar. Ved hjelp av eit klikk blir du avmeld. Då får du også opp i hjørnet på mobilen kor mykje CO2 du spara miljøet. Det er nemleg slik at det er kostnadar ved å lagre mailane våre i datasentera. Sidan det er ein gratis app er det naturleg å lure på kva dei tener pengar på. I følgje nettstaden deira tenar dei pengar på å selje data om kva maillister som fungera dårleg, men ta gjerne ein ekstra runde sjølv om dette er noko du er uroa for.

Meld deg av nyheitsbrev du ikkje les

Dersom du ikkje har fått svart på mail som er sendt over 60 dagar er det lite truleg at du vil gjere det i framtida, med unntak av eit få mailar som du sikkert kjem på når du les dette. Luk ut desse mailane og sett dei i ei passande mappe, og slett dei andre. Hugs at det kjem til å halde fram med å komme nye mailar, og dei som har prøvd å få tak i deg og ikkje fått svar dei siste 60 dagane vil mest truleg ha fått kontakt med deg gjennom andre kanalar dersom det var viktig. Ein overfylt mail er som eit overfylt rom og skapar unødvendig stress.

Mail som er eldre enn fem år, er det noko du treng? Det tok meg 15 min. å slette 5000 unødvendige mailar frå gmailen min, og humre litt over gamle au-pair annonser eg hadde heilt gløymt av. Eg må sei at det var nokre sekundar eg tenkte for meg sjølv; «dette er jo veldig artig, eg burde ta vare på dette». Men faktumet er at eg aldri hadde sett på desse mailane dersom eg ikkje hadde gått gjennom dei no. Og hadde eg spart på dei, hadde dei nok vore der til neste gong eg tok ei sletterunde. Det blir litt sånn som med ting i boda. Det er gjerne ting du berre ser på når du skal kvitte deg med ting.

Slett gamle mailkontoar du ikkje brukar

Eg har hatt ein gamal mail eg brukar når eg må gje frå meg mail for å for eksempel registrere meg på ein konto. Eit betre alternativ er å enten lage eit alias tilknytt mailkontoen din, som sender mailen rett i spamfilteret. Då blir mailen sletta automatisk etter 30 dagar, og veks seg ikkje opp til store summar mail i innboksen din. Det beste er sjølvsagt om du melde deg av maillistene. Dersom du har gmail treng du ikkje bruke alias. Du kan rett og slett berre putte eit plussteikn slik; Eksempelnamn+hei@gmail.com, og registrer mailen slik at den går automatisk i spamfilteret (sjå framgangsmåte her).

Har du allereie gått gjennom mailen?

Var mailen rydda i ein fei, og du føler giv til å ta fatt på meir? Gå gjerne også gjennom bilde og dokument du har lagra på skybaserte medium. Spesielt der filer blir lagra automatisk, ende vi gjerne opp med meir filer enn vi treng. Eit godt filsystem gjer det enklare å halde oversikt over kva ein har kor, som igjen gjer mappene lettare å bruke.

Masse lukke til!

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Toppfoto: Taylor Vick

Zero Waste-oppskrifter for newbies

I følgje Framtiden i Våre hender vil vi i løp av vår livstid bruke 890 kilo hud- og hårprodukt. Berre på ein vanleg kvardag estimerast det at den gjennomsnittlege kvinna bruka 515 syntetiske kjemikaliar på kroppen, og at 60 prosent av desse blir absorbert av huda og inn i kroppen. Kva kan ein gjere for å redusere forbruket og eksponering av uynskte kjemikaliar?

For over ti år sidan fekk eg elveblest som ikkje gjekk over. Det varte i heile seks månadar. Det var fortvilande, sjølv om borna i barnehagen eg jobba i fant det endrande mønsteret i ansiktet mitt underhaldande. Alt eg ville var at det skulle gå over. Eg hugsa at eg sa dette til legen min, og han svarte meg at det det var berre å kartlegge alt eg putta i og på kroppen. Det var omfattande. Brått satt eg med ei lang liste med rare namn eg ikkje forstod. Det lettaste var faktisk å kutte ut produkt eg ikkje trong. Parfymane var det første eg kutta ut. Mange produkt kunne eg også enkelt lage sjølv, som såpe, og i nokre tilfeller berre bruke produkt som dei er – som kokosolje eller olivenolje til ansiktsvask.

Her får du enkle tips til korleis du kan lage såpe, tannkrem og deodorant av få ingrediensar; Kokosolje, kokosfeitt, kaustisk soda og natron.

Såpebar 

Forventa tidsbruk: 40 min. + 24 timar til herdring. Min. to veker modning.

Kvifor velje såpebar?

Såpebar har fått eit unødig dårleg rykte. Dersom ein tenker miljø er såpebar ein klar vinnar. Den er kompakt og lett å transportere. Den har ofte emballasje i papir, og er også lett å finne utan emballasje hos til dømes Reindyrka. Flytande såpe er mykje tyngre å frakte, noko som krev meir energi. Innpakninga til flytande såpe er også stort sett plast, som berre kan resirkulerast nokre få gonger (sjå tidlegare innlegg om plast). Les meir om såpe her.

anne-nygard-g3Bf4KzPjSQ-unsplash.jpg
Såpebar er dryg i bruk fordi du ikkje kan overdosere på same måte som ved flytande såpe. Spåpebar er derfor eit godt Zero Waste-alternativ. Pass på at den får tørke mellom bruk. Då vare den lenge. Foto: Anne Nygård.

Kva treng du

500 g. Delfiafett

150 g. Vatn

73 g. Kaustisk soda

5-10 ml. Luktolje (alternativt)

For framgangsmåte og informasjon om forhandlarar, sjå her. Det er svært viktig å følgje framgangsmåten nøye. Kaustisk soda er lut.

Kan brukast til: Hud, hår og hender. Lenge var dette einaste såpa vi hadde på badet. Den kan også brukast som barbersåpe. Sjekk gjerne ut tidlegare post om Zero Waste-barberhøvel, og lær korleis ein gjenbrukshøvel er betre for miljøet og lommeboka. Ta vare på såpestumpane og rasp dei opp til å bruke til vaskemiddel for kle.

Deodorant

Forventa tidsbruk: 5 min. + nedkjøling.

Kvifor lage deodorant sjølv?

Å lage deodorant heime er utruleg enkelt. Dei fleste som går over til heimelaga deodorant går sjeldan tilbake til kommersiell deodorant. Dette fordi den er effektiv mot lukt, enkel å lage, samstundes som den ikkje inneheld til dømes aluminium. Aluminium er stoffet som forhindra sveitte. Baksida er at du som forbrukar får dette stoffet i kroppen. Det er til no ikkje mykje kunnskap om korleis aluminium verkar på kroppen, men dyreforsøk viser at høge doser med aluminium kan gje skadar på nervesystemet hos vaksne mus og rotter, samt deira avkom (Vitenskapskomiteen for mattrygghet). Vi lev i ei tid med mange kunstige kjemiske stoff rundt oss og vi har dessverre lite kunnskap om korleis alle desse stoffa verkar saman, kjend som cocktaileffekten. Les meir om deodorant her.

DSC_0210
Eit tidlegare bilde av tannkrem og deodorant på hylla heime, saman med heimelaga mascara. Prøv deg fram og finn ut kva du likar. Foto: Kristine Ullaland

Kva treng du

3 ss. Natron

2 ss. Kokosolje

For framgangsmåte og informasjon om forhandlarar, sjå her. Hugs å la deodoranten tørke før du tek på deg kle.

Ps – treng du eigentleg deodorant? Nokon har behov for deodorant, nokre har ikkje. Det kan vere verdt å tenke over. Det finnast også andre deodorantar på marknaden som er meir naturlege, om du ikkje ynskjer å lage deodoranten sjølv (eller å slutte).

Tannkrem

Forventa tidsbruk: 5 min. + tid til nedkjøling

Eg byrja å lage tannkrem som ein stille protest til forslaget om gruvedrift i Naustdal kommune . Der er det funne store mengder rutil, som blir brukt til bleikjemiddel i tannkrem (NRK). Det finnast eit hav av ulike oppskrifter, og ein treng ikkje mange ingrediensar for å lage ein god tannkrem. Om ein ynskjer det veldig enkelt, kan ein faktisk bruke berre natron. Rådgjev deg gjerne med tannlegen din dersom du er usikker om dette er noko for deg.

Kva treng du

8 ss. Kokosolje

3 ss. Natron

20 dropar peparmynteolje, eventuelt appelsinolje for ein mildare smak (valfritt)

Tilsett fluor om du ynskjer

For framgangsmåte og informasjon om forhandlar, sjå her.

Hugs at naturleg ingredienser ikkje betyr at du ikkje kan reagere på det. Vis skjønn. Ynskjer deg masse lukke til!

For meir inspirasjon rundt DIY og hygiene, sjekk gjerne ut postane;  Zero Waste-Ansiktspleie, Zero Waste-fuktbar (feit krem til kroppen), Zero Waste-skrubb, leppepomade og korleis bruke leire til ansiktsmaske.

Heimelaga_hjemmelaget_Diy_leppepomade_lepsyl_Grønare kvardag_1
Leppepomade for såre lepper Foto: Kristine Ullaland

 

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Unwrapped – Zero Waste-butikk i Kristiansand

Zero Waste-butikken Unwrapped har på få år etablert seg i Arendal og i Kristiansand. Butikken tilbyr eit rikt utval av gjenbruksartiklar, forbruksvarer og tørrvarer. Både i Kristiansand og Arendal gar Unwrapped gått saman med andre aktørar, og tilbyr difor meir enn dei tradisjonelle Zero Waste-butikkane. Eit samarbeid med Kollektivet, ein bruktbutikk med røter i Kristiansand, har ført til at du også har moglegheit til å finne deg eit klesplagg som allereie er i produksjonssirkelen. Dette er meir berekraftig val en å kjøpe eit nytt plagg. Kollektivet formidlar også handverk av lokale kunstnarar og handtverkarar.

Kvinna bak dei to Unwrapped-butikkane er Megan Strand, som for 12 år sidan flytta til Norge frå oljehovudstaden Houston i Texas. Ho er no busett i Arendal. Eg deltok som foredragshaldar på TEDx Arendal i 2016, og fekk i etterkant ei hyggeleg melding av Megan, der ho fortalde at ho var ein av publikummet då eg tala om korleis vi som enkeltmenneskjer kan gjere verda meir berekraftig. Ho fortalde vidare at foredraget hadde vore med på å inspirert ho til å ta steget til å starte den første Zero Waste-butikken på Sørlandet, Unwrapped i Arendal. Det er viktig å hugse på at vi alle kan vere til inspirasjon for kvarandre. Eg er imponert over kva Megan har fått til og blir sjølv inspirert av henna arbeid og kva ho har fått til på kort tid.

Zero Waste – frå grasrotrørsle til dei store linjene

Då eg starta med å fremje Zero Waste på fulltid i april 2015, var det ingen Zero Waste-butikkar, og eg var usikker på kor mange som tenkte i same baner som Zero Waste. I dag finn ein slike butikkar i omlag alle dei største byane og fleire er under planlegging.

Grasrot-rørsla har vore i vekst over tid, og det gler meg å sjå at også næringslivet byrja å sjå verdien av å tenke Zero Waste i alle ledd. Eg møtte nyleg den leiande Zero Waste-akademikaren, Paul Connett, som so godt oppsummera Zero Waste som noko som angår alt frå våre eigne hender til dei store linjene som blir dradd av aktørar på kommunalt og nasjonalt plan.

Har du besøkt Unwrapped?

Bur du i Kristiansand eller Arendal, og ynskjer å redusere forbruk og handle berekraftig – då er Unwrapped staden å gå. Hugs å ta med din eigen emballasje. Sjølv om Unwrapped som andre Zero Waste-butikkar tilbyr papirposar, er det best å ta med eigne tøyposar og tom emballasje du har heime. Då spara du deg turar ut med resirkuleringa (og bosset). Papir blir i snitt resirkulert 8-10 gonger før det blir permanent avfall.

Unwrapped i Kristiansand (google maps)

Unwrapped, Kristiansand er ein oversiktleg butikk med eit godt utval av tørrvarer, refill av oljer til matlaging, godt utval av krydder i lausvekt og diverse gjenbruksartiklar til matlaging. I tillegg finn du ei mengde hygieneartiklar, fleire relativt lokale. Det er også noko artiklar til små born, som for eksempel tyggeleige i bomull og tre. Dei har ein avdeling bak i butikken med vintage kle i god stand. Eg fann sjølv eit fint blyantskjørt i rein ull til 300 kr, som eg allereie har brukt mykje. Mange vintagebutikkar har omlag utelukkande kle til kvinner, men her er det også ein grei størrelse på herreavdelinga.

Butikken ligg i eit koseleg området der det er mogeleg å setje seg ned og ta ein kaffi, om ein skulle ha lyst til det. Butikken føre vintage sjal i ulike kvalitetar, som passar ypparleg til å pakke inn gåver dersom du finn noko fint du vil gje vekk til bursdagar eller jul. Sjå Furoshiki for inspirasjon til innpakning ved bruk av sjal.  Om du ikkje allereie har tatt turen, håpa eg denne posten kan inspirere deg til å gjere nettopp det.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge.

Alle foto, inkludert toppfoto: Kristine Ullaland

Zero Waste-mobil

Vi skiftar i snitt telefon kvart andre år, og held vi fram dette tempoet vil vi i løp av ei livstid  hatt minst 29 telefonar. Berre i 2018 vart det på verdsbasis seld over 1,5 milliardar smarttelefonar, men kva skjer med dei gamle mobilane, og korleis velje mobil når ein verdset verdiane bak Zero Waste? Med auke merksemd rundt berekraft, får eg jamleg spørsmål om korleis ein kan velje ein berekraftig mobiltelefon. Sjå Grønare kvardag sine tips for korleis ein kan velje ein telefon i tråd med dine verdiar.

Kva er problemet?

Avfall beståande av gamle mobilar, PC-ar og anna elektronisk utsyr er i følgje ein artikkel frå The Telegraph (2017), verdas raskast veksande avfallsproblem, og dessverre blir lite av dette avfallet resirkulert. I tillegg til dette inneheld våre gamle telefonar edelt metall som gull, sølv og grunnstoff som kobolt. Dette er svært krevjande å utvinne og ikkje ein fornybar resurs. I følgje same artikkel frå The Telegraph var det i 2017 fleire mobilabonnement og øyretelefonar (7.7 milliardar) globalt enn det var menneskjer, som då låg på 7,4 milliardar (i dag er vi på 7,7).  Det har vore fleire mediesaker og dokumentarar der ein viser til farlege arbeidsforhold for dei som jobbar med å utvinne desse resursane, og bruk av barnearbeid, som klippet her frå Sky News.

 

Korleis forbetre mobilen du har frå før?

Det mest miljøvennlege er stort sett det du har frå før. Tenk over kva som gjer at du ynskjer ein ny mobil. Er mobilen din begynt å bli treig? Då kan det vere på tide med ein reformatering. Ta sikkerheitskopiering av alle filene dine og gå inn på innstillingane på mobilen. Der finn du informasjon om korleis du kan reformatere telefonen. Då tilbakestille du den til fabrikkinnstillingane og for gjort ein ordentleg opprydjing i unødvendig data som fyller opp telefonen og gjer den treig og kranglevoren. Sjå veiledning om du treng ytterlegare hjelp. Om du skulle finne på å selje telefonen eller levere den inn til resirkulering, er dette noko du også må gjere.

Reperasjon av mobil

Oppsøk utsalsstaden der mobilen blei kjøpt ny, enten dette er på nett eller over disk, og høyr om skaden kan reparerast der. Det finnast også informasjon på nettet om korleis ein kan gjere det sjølv, blant anna på Ifix der du kan søke opp din modell. Merk at dersom du, eller noko du kjenner begynner å skru på mobilen vil det vere svært vanskeleg å få noko att på reklamasjon dersom det framleis er under 5 år. Det er også på eige ansvar. Eg vil oppfordre deg til å oppsøke fagkyndige, men dersom du ynskjer å prøve deg sjølv er det mykje god informasjon på ifix og tilsvarande nettstader.

Ingen håp for den gamle mobilen? Vel ein mobil som passar dine behov.

Først tenk over kva behov du har når du skal bestemme deg for ein ny telefon. Det er lett å la seg blende av det siste nye, men det er ikkje nødvendigvis det som gjer ein telefon super for deg. For eksempel er eg veldig glad i høyre på musikk, og har gode øyretelefonar. Då eg i 2017 fann ein brukt LG G5, som også var ein modultelefon der eg kunne bygge på med ein forsterkar, var valet enkelt. I fjor då telefonen var over 5 veker til reperasjon, og seljaren byrja å spørje meg om eg ikkje skulle finne meg ein ny telefon, vart eg utruleg letta etter å ha gjort litt research etter ein mogeleg arvtakar – det var ingen ting som passa mine behov betre enn det eg hadde frå før.

aaron-burden-xG8IQMqMITM-unsplash
Foto: Aaron Burden

Slik går du fram

Finn ut kva som er dei viktigaste punkta for deg, og skriv det gjerne ned på PC-en, mobilen eller dra fram fyllepennen. Ranger dei ulike punkta. For eksempel kan eit godt kamera vere viktig på ein 8 av 10, medan god lyd kan vere ein 5 av 10 – som vil vere «nice to have» og ikkje ein «must have». Det er litt som å lage seg ei handleliste når du skal handle mat, og kjølnar deg i «heite situasjonar» der ein lett blir revet med og fort kan ende opp med ein mobil «som passar alle», og som gjerne er dobbelt so dyr som det du hadde budsjettert for.

Slik kjøper du telefon brukt

Det kjem stadig nye tenester og løysingar som gjer det lettare for oss som kundar å velje i tråd med våre verdiar. Selskap som Grønnmobil.no og Greenphone.no er slike bedrifter. Dei vidaresel brukte telefonar. Greenphone sel mobilar rangert frå A-C avhengig av slitasje og tilbyr opp til to års garanti for mobilane. Merk at garanti og reklamasjonsrett ikkje er det same, og at ein har fem års reklamasjonsrett for alle mobilar. Sidan dette er vidaresal er eg usikker på korleis dette blir, men har sendt førespurnad om dette for å få meir informasjon. Grønnmobil.no tilbyr pant for din gamle telefon. Dei er i følgje seg sjølv «Norges leiande og mest erfarne aktør innan gjenvinning av mobiltelefon og nettbrett». Du kan lese meir deira pantesystem her.

Slik kjøper du brukt frå privatpersonar

Det er lett å kjøpe mobil brukt, men mange slurvar med å be om kvitteringa seljaren fekk då vara vart kjøpt. Utan kvitteringa er det vanskeleg å få att på reklamasjon dersom noko skulle skje. Lure du på å kjøpe ein telefon der seljaren ikkje har kvittering, då vil eg anbefale deg å velje ein anna telefon. Møt helst kjøparen i person, slik at du kan sjå på varen før du betalar. På den måten veit du at alt er som det skal. Få gjerne kjøpar til å skrive ei kvittering til deg, slik at du kan vise til at du er den rettmessige eigar ved rapportering av skade eller liknande. Du kan finne brukte telefonar på for eksempel kjøp og sal-grupper på Facebook eller på Finn.no. Dersom du ikkje finn telefonen du ser etter, kan du sette opp varling på for eksempel Finn.no. Då får du melding når telefonen kjem for sal. Når du kjøper brukt slepp du også unødvendig emballasje.

kay-kesmanRToPU-unsplash.jpg
Du vil mest truleg bli overraska over utvalet telefonar du finn på bruktmarknaden. Foto: Kay

Miljøvennlege deksel

Dersom du ser etter ei løysing som kan beskytte mobilen din for slag og skraper, kan Pelacase tilby deksel som du kan sende tilbake den gongen du ikkje lenger treng det, slik at dei kan bruke dei på ny i nyte produkt. Desse deksla er laga av avfall frå linfrø, og sjølv om produktet per dags dato også består av 55% råvarer frå ikkje-fornybare kjelder, er målet at heile dekselet skal kunne bli laga av fornybare kjelder og kunne gå tilbake til jorda eller tilbake til produksjonssirkelen. Alternative deksel kan vere deksel laga av kork ( Nb deler består av plast) eller bambus, dersom du ynskjer noko som i stor grad består av reine naturmaterial. Dessverre desse deksla i liten grad tilgjengeleg for «eldre» telefonar. For eldre telefonar er eit godt alternativ å kjøpe brukt deksel – då brukar ein noko som allereie er i produksjonssirkelen og gjev det eit ekstra liv.

Oppsummering:

  1. Ta vare på mobilen du allereie har slik at den vare so lenge som mogeleg (formater og reparer).
  2. Når du ikkje lenger brukar telefonen – lever den inn til aktørar som GrønnMobil.no, slik at dei kan få den tilbake til loopen.
  3. Når du skal kjøpe ny telefon – lag ei handleliste over kva eigenskapar mobilen bør ha FØR du bestemmer deg for kva mobil du skal kjøpe. På same måte som å unngå å gå på butikken svolten, utan handleliste, held dette forarbeidet deg fokusert på kva du treng og ikkje på kva som er den siste hypen.
  4. Finn ein mobil som passar dine behov og søk den opp gjennom privat eller organisert mobilbruktmarknad – hugs å få med den originale kvitteringa for kjøp dersom mobilen er under fem år.
  5. Vel deksel som kan gå tilbake til produksjonssirkelen eller tilbake til jorda, som eksempelvis PelaCase som du kan sende tilbake til butikken når den ikkje lenger kan brukast. Då blir den til ny råvare i nye produkt.

Passa ingen av forslaga over?

Dersom ingen av forslaga over passa deg og du kjøper ein ny telefon, vel ein du kan ha so lenge som råd og invester i eit godt deksel og skjermbeskyttar. Det kan av og til følast som eit nederlag når ein ikkje finn det ein leitar etter, men hugs at du gjer andre ting i kvardagen som er i tråd med verdiane dine.

Forslag til vidare lesing

Framtiden i Våre Hender har ei fin sak om retningslinjer på etikk og miljø hos Apple, Samsung og Fairphone. Saka er riktig nok frå 2015 og fleire av rangeringane kan vere endra. Likevel kan artikkelen gje deg litt grunnlag for vidare research om du ynskjer å gå lengre i djupna. Del gjerne om du finn noko spennande!

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

Toppfoto: Robin Worrall

Slik får sengetøyet nytt liv

Fleire lesarar har etterspurd enkle tips til kva ein kan bruke gamle laken til. Bli inspirert til å gje sengetøyet eit nytt liv etter døden.

Eg hadde hatt ein lang arbeidsdag og gleda meg til å legge meg under den varme dobbeldyna. Eg tok tak i toppen av dyna og skulle til å dra den godt over meg, då eg kjende tøyet gje etter for alle fingrane mine. Det var merkeleg tenkte eg, og  såg litt nærmare på dei 10 hola som brått øydela kveldsidyllen. Etter nermare inspeksjon såg eg at det ikkje var noko rart i det heiletatt. Eg hadde jo dradd dyna over meg, på nøyaktig det same punktet, dagleg over fleire år. Eg låg og såg i taket og lurte på om eg skulle reparere det beige lakenet i lin, før eg raskt slo frå meg tanken. Dagen etter kjøpte eg meg eit nytt laken i lin, men kva skulle eg gjere med alle restane frå det gamle sengetøyet? Men først, kvifor berre eit sett sengetøy?

Derfor har eg berre eit sengetøy

Zero Waste er ein livsstil som er rettleiande, og ikkje ein fasit, slik mange trur. Mange av tiltaka som ein assosiera med minimalisme blir også omfamna av personar som lev ein Zero Waste-livsstil. Personleg betyr det av at eg og sambuaren min berre har eit laken til dyna, madrass og putene i senga. Når vi vaskar det, gjer vi det etter vi står opp, slik at det får tid til å bli tørt til vi legg oss att. Det å berre ha eit sengetøy sparar oss for verdifull skapplass, og sidan vi berre kjøper nytt laken når det gamle blir øydelagt, tenker eg ikkje lenger over at eg treng nye laken før det faktisk må skiftast ut. Det er utruleg befriande.

food-photographer-jennifer-pallian-DfbrRpHTLy0-unsplash.jpg
Sengetøy kan få nytt liv som kjøkkenklutar eller tøyserviettar. Dersom tekstilen er av for eksempel lin, har den god oppsugingsevne og passa godt om du f.eks. må tørke service etter oppvask eller kaffisøl på bordet. Foto: Jennifer Pallian

Reduser slitasjen på sengetøyet

På same måte som med ein minimalistisk garderobe, blir slitasjen på laken og dynetrekk mykje større, fordi det blir brukt i mykje større grad enn om du har fleire dynetrekk å veksle mellom. Dersom du vaskar lakenet ofte eller brukar tørketrommel, vil lakenet ha kortare levetid enn om du kan lufte lakenet og på den måten redusere behov for vask eller lufttørke lakenet etter vask.

I følgje forbruksforskar Ingun G. Klepp er det ingen fasit på kor ofte ein bør bytte sengetøy. Kor ofte det bør vaskast er avhengig av kor fort det blir skittent, om det blir lufta og om senga blir redd opp, seier Klepp i eit intervju til TV 2.

Kva bruke sengetøyet til når det har blitt slitt og øydelagt?

Det er mange ting du kan bruke lakenet til, men før du lagar noko, tenk på kva du treng og kva kvalitet det er att på tekstilen du skal bruke. Dersom sengetøyet er slitt jamt over vil det mest truleg rakne dersom du bestemme deg for å lage ei tøyveske eller ein pysjamasbukse. Dersom du berre har hol etter å ha dradd dyna over deg på same måte over fleire år er saka sjølvsagt noko anna. Det kan og vere lurt å tenke over om det du vurdera å lage er noko du faktisk kjem til å bruke, eller om du berre flyttar problemet frå ein stad til ein anna.

DSCF7051 (1)
Kjøkkenklutar av gamle laken er også supre til å spire frø i. Legg det over ei sil og skyl spirene morgon og kveld. Dersom ditt gamle laken er av ein tilsvarande kvalitet som på bilde her, kan det også brukast til å sile av overskotsveske. Foto: Kristine Ullaland

Lag kjøkkenhandkle og tøyserviettar

Å lage tøyserviettar og kjøkkenhandkle er enkelt og gjev deg ei samling som matchar. Dei aller fleste sengetøy er i bomull eller lin, men dersom du har sengetøy i polyester bør du styre unna dette. Polyester har dårleg oppsugingsevne, i likskap med nokre bomullsstoff. Lin har den beste oppsugingsevna av desse tre.

Det er fleire måtar å lage kjøkkenhandkle av det gamle sengetøyet.

  1. Dersom du likar ein litt røff stil eller ein naturleg stil med frynsete linkant, kan du finne fram eit kjøkkenhandkle og ta mål slik at du veit ca. kor stort du ynskjer det nye kjøkkenhandkleet. Klipp eit lite hakk i kanten og riv til ynskja lengde. Det same kan du gjere med tøyserviettane. Desse kan med fordel vere litt større enn dei serviettane du har dersom du har sengetøy i lin. Dette fordi lin gjerne blir litt skrukkete.
  2. Skal du sy inn kanten på kjøkkenhandklea og serviettane, må du først sjå at stoffet ikkje er so slitt at det vil vere vanskeleg å få ein fin saum. Då er det best å rive det i riktig størrelse og la kanten vere slik. Ser du at stoffet er i ok stand, legg til 2 cm på kvar kant slik at du får lagt ein fin kant. Bruk nåler for å legge det, og stryk det gjerne før du syr det.

Alternativt kan du gjere det slik: https://www.youtube.com/watch?v=sW4k3is4KbI *hugs å sjekke oppsugingsevna først. Dersom det ikkje er god oppsugingsevne passa det betre til noko anna.

Lag tøyposar for lausvektsvarer

Tynnslitte laken som framleis ser fine ut er fine som tøyposar. Klipp vekk tøy som ikkje er i god nok stand til å bruke og doner dette til tekstilmottak som Fretex (les meir om det her). Oppskrift på tøyposar finn du her. 

ignacio-f-vkuNgNf2VNk-unsplash
Lag tøyposar av det gamle lakenet, og få fine posar til å handle lausvektsvarer. Sjå lenke over bilde for oppskrift frå Grønare kvardag. Foto: Ignacio

Dette sengetøyet brukar vi

Vi har brukt den same type sengetøy i fleire år og er vi er godt nøgd. Det er for sal i nærområdet og av lin, som er meir miljøvennleg i produksjon enn bomull. Sengetøyet blir seld i tøypose, som er fin til å fryse bakverk i eller til å bruke til å systematisere kle på reise, ha strikketøyet i eller kva du måtte ha behov for.

Toppfoto: David Mao

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

4709956866_b1f05b8a74_z (1)
Gamle laken eller kjøkkenhandkle kan brukast til å pakke inn gåver. Knytteteknikken er japanks og heiter Furoshiki. Dekorer med band eller trå om du vil, eller blomstre som på bildet. Foto: Marie Anakee

Kapselgarderobe – slik gjer du det

Kvar kjem kleda våre frå? Kva vil dei vere for oss og kvar vil dei ende når vi ikkje lenger treng dei? Og kor mange kle treng vi eigentleg?

Dei færraste kleda våre er dyrka, foredla og seld i vårt nærmiljø. Kva arbeid som ligg i å produsere ein kjole i bomull eller sokkar i viskose er noko dei aller fleste av oss veit lite om. Kleda våre blir også stadig billigare, og i ein travel kvardag blir det gjerne nedprioritert å setje seg inn i kva som er det riktige kjøpet av klede, enten det gjeld ting som passform og materiale, miljørekneskap i produksjon eller etisk produksjon. I snitt har vi 359 plagg kvar. Frå 1995 til 2010 har mengda tekstilavfall frå hushalda auke frå 29.000 tonn til 52.000 tonn, og dette er eit tal som mest truleg har auka ytterlegare dei siste ti åra.

caleb-lucas-sEuLBcbPfRA-unsplash.jpg
«Fashion is a form of ugliness so intolerable that we have to alter it every six months» – Oscar Wilde. Foto: Caleb Lucas

Det er lett å tenke at dagens mentalitet rundt mote er noko som «alltid» har vore slik, men forbruket vi ser i dagens samfunn er av ein skala som ikkje kan samanliknast med noko tidlegare. Dagens produksjon av kle bidreg til miljøforureining ved spreiing av uønska kjemikaliar naturen, krev mykje energi å produsere, og vask av tekstilar er med på å spreie mikroplast gjennom vaskevatnet. Vi veit lite om kva konsekvensar dette har for oss og for naturen. Samstundes er eit auka forbruk av klede og ei auka mengde tekstilavfall med på å legge press på det allereie pressa behovet for nye resursar.

Dersom alle skulle levd som oss i Norge hadde vi trengt 3,4 jordklodar, i følgje FN.  Dette talet er høgt på grunn av mange aspekt ved vårt moderne samfunn, og det finnast difor ikkje berre ei løysing. Likevel er det ikkje grunn til å kimse vårt forbruk av kle, og ein minimalistisk garderobe i form av ein kapselgarderobe kan vere ein fin måte å få ein meir berekraftig garderobe. Men kva er eigentleg ein kapselgarderobe?

Kapselgarderobe
Omgrepet «Kapselgarderobe» blei først nytta på 1970-tallet av Susie Faux som eigde ein butikk i London kalla «Warderobe» (garderobe). Dette var ein garderobe med få, essensielle plagg som var klassiske, og difor ikkje ville gå av moten. Omgrepet har i dei siste åra blitt popularisert, og det er ulike definisjonar på kva som er ein «kapselgarderobe», men det som går att er at ein bygger ein garderobe der plagga er i same fargeskala, og difor enkelt kan kombinerast med kvarandre. At kleda i garderoben passar kroppsfasongen og fargane dine, at den består av klassiske plagg eller plagg du likar uavhengig av kva som bevegar seg på motefronten. Produkt av høg kvalitet som varer og lar seg reparere. Les meir om korleis du forlenga levetida til klea dine her.

fleur-treurniet-475628-unsplash
Tekstilar av høg kvalitet er lettare å reparere. Foto: Fleur Treurniet

Du finn mange artiklar om kapselgarderobar der ein har 33 kle og tilbehøyr, som ein bytar ut kvar 3 månad, men ein kapselgarderobe kan ha mange ulike format. Sjølv har eg ein vintergarderobe og ein sommargarderobe, i staden for fire ulike «kapslar». For å bygge ein kapselgarderobe er steg ein å få oversikt over kva ein allereie har.

Steg 1 – Kva har har eg, kva brukar eg og kva brukar eg ikkje? Garderobe-detox
Har du nokon gong sett på eit fullt klesskap og tenkt at du ikkje har nokon ting å gå i? Du er ikkje aleine. Det betyr gjerne at du har eit skap med kle som du enten ikkje føle deg vel i på grunn av fargen, mønsteret, snittet, materialet eller kanskje plagga rett og slett ikkje passa. I følgje ei sak i New Street Journal blir berre 20% av garderoben vår nytta til dagleg. Kvifor beheld vi kle i skapet som vi ikkje brukar?

Gå gjennom kleda dine og sorter kleda i to bunkar

1. Kle eg brukar

2. Kle eg ikkje har brukt dei siste tre månadane.

Sjå over kleda du ikkje har brukt dei siste tre månadane. Er grunnen at dei ikkje passar skikkeleg? At du synst plagget er fint men at du ikkje føler deg vel i plagget? At plagget må reparerast eller er øydelagt? At du ikkje har noko å bruke plagget saman med? Eller at det aldri er ein passande tid å bruke plagget (har du for eksempel gallakjolar men aldri går på galla)?

keagan-henman-Won79_9oUEk-unsplash.jpg
Nokre ynskjer ein minimalistisk garderobe og går for fleire sett av same plagg. Foto: Keagan Henman

Sorter kleda du ikkje brukar i fire bunkar

1. Doner

2. Reparer sjølv (må gjerast innan dei neste 7 dagane)

3. Send til skreddar

4. Avfall (skal leverast som tekstilavfall, sjå oversikt.

Lag ein oversikt: Kva kle treng du?
Kva kle ein treng i skapet og kva ein faktisk treng er ikkje nødvendigvis det same, og her vil det vere ulike behov etter kva kvardag vi har. Tenk over kva din ideelle garderobe ville vore for at kvardagen din best mogeleg.

Tenk over kva kroppsfasong du har og kva som du trivast i av det du allereie har. Kva material du likar best og kva som er i tråd med dine verdiar. Lag gjerne ei liste over kor mange plagg du treng av kjolar, bukser, skjorter, t-skjorter, undertøy og sokkar.

Kva med å bygge ein garderobe slik at du/ familien din kan redusere klesvask? Eksempelvis krev naturmateriale mindre vask fordi lukt ikkje sette seg på same måte som i syntetiske materialar av polyester, nylon og rayon som er eit oljebaserte fiber. Kle som kan vaskast saman, enten fordi dei er i same fargetone eller i same farge er også med på å redusere klesvasken og spara deg tid på klesvask. Det gjer det også lettare å kombinere plagga du har i garderoben.

matthew-hamilton-tNCH0sKSZbA-unsplash.jpg
Bygg kapselgarderobe etter kva du føle deg vel i, og ikkje det som er på moten. Foto: Matthew Hamilton

Gjer din eigen versjon av kapselgarderoben

Det finnast mange ulike lister som remsar opp mogelege samansetningar for kapselgarderober, og søk deg gjerne fram om du ynskjer noko slikt å bygge på. Det er likevel viktig å hugse på at vi har ulik livsstil og difor vil ha noko ulike behov når vi set saman ein garderobe. Personleg har eg delt garderoben min i to og ikkje fire, ein sommargarderobe som består av lette plagg som eg kan dresse opp eller ned etter anledninga, lette skjorter og nokre få bukser som kan passe i mange ulike anledningar. Vintergarderoben består i stor grad av ull og bomull i jordtonar, slik at eg lett kan legge lag på lag når det er ekstra kaldt.

Moderne og tidlaust
Å velje klassiske plagg eller plagg som er i ein stil du har likt over lengre tid, er med på å bygge ein berekraftig garderobe som du kan bruke over mange år. Når eg ser noko eg likar ventar eg gjerne opp mot eit år før eg kjøper plagget. Dersom eg framleis tenker på plagget veit eg at eg mest truleg kjem til å bruke det mykje over lang tid. Du treng ikkje vente like lenge, men finn din eigen måte å skilje impulskjøp frå kjøp som bidreg til langsiktige investeringar i din garderobe.

Kjøp brukt

Det er eit overskot av brukte kle på marknaden. Det er difor eit svært viktig å kjøpe brukt når du treng noko nytt. Psykologisk forelding gjer også at kleda vi tek med oss heim gjerne fell i pris det sekundet vi har dradd kortet i butikken, og i følgje Thompson, mannen bak boka Rubbish Theory, er det vanleg at vi får rundt 20-25% av varen dersom vi sel den vidare, sjølv om den ikkje er brukt. Det er kjedeleg når ein sel, men som kjøpar betyr det at du kan få kjøpt kle av svært god kvalitet for ein brøkdel av det plagget kosta nytt. I skrivande stund sitt eg i ein silkebluse som eg betalte nettopp 20 prosent av original kjøpesum. Eg hadde mest truleg aldri sett meg råd til å kjøpe plagget med den originale prisen.

Få kleda tilpassa hos ein skreddar.

Har du plagg du likar, men som ikkje passar heilt. Få dei tilpassa hos skreddar. Det er rart kva vi tenker på som luksuriøst. Det å få kle tilpassa hos ein skreddar er gjerne noko vi berre gjer med bunadar, brudekjolar og findressen. Men dersom du byrjar å redusere innkjøp av nye kle, og heller investera i kle av god kvalitet som du likar, i god kvalitet, er det mykje billigare å få plagga tilpassa hos skreddar.

Slik vel du kvalitet over kvantitet

Å lære gjenkjenning av god kvalitet tek tid, men ved å vere merksam på dette blir det lettare og lettare for kvar gong. Sjå gjerne over saumar og kjenn på tekstilen til plagget før du kjøper det. Er det eit godt snitt på plagget? Sitt det godt på kroppen?


Mange kle som kostar meir, har også betre kvalitet. Vel naturlege tekstilar som hamp, lin, bomull, silke, ull, heller enn syntetiske tekstilar som polyester, rayon og akryl (les meir om ulike tekstilar her) .Er det vanskeleg å velje vekk tekstil i syntetisk materiale? Hugs at av plagga i syntetisk materiale, som polyester, har også kort levetid. So sjølv om det på kort sikt er billigare enn å invistere i kvalitet, vil det på sikt ikkje lønne seg dersom klea har kort levetid.

Lukke til med kapselgarderoben din!

Toppfoto: Norwood Themes

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.