Fleire lesarar har etterspurd enkle tips til kva ein kan bruke gamle laken til. Bli inspirert til å gje sengetøyet eit nytt liv etter døden.
Eg hadde hatt ein lang arbeidsdag og gleda meg til å legge meg under den varme dobbeldyna. Eg tok tak i toppen av dyna og skulle til å dra den godt over meg, då eg kjende tøyet gje etter for alle fingrane mine. Det var merkeleg tenkte eg, og såg litt nærmare på dei 10 hola som brått øydela kveldsidyllen. Etter nermare inspeksjon såg eg at det ikkje var noko rart i det heiletatt. Eg hadde jo dradd dyna over meg, på nøyaktig det same punktet, dagleg over fleire år. Eg låg og såg i taket og lurte på om eg skulle reparere det beige lakenet i lin, før eg raskt slo frå meg tanken. Dagen etter kjøpte eg meg eit nytt laken i lin, men kva skulle eg gjere med alle restane frå det gamle sengetøyet? Men først, kvifor berre eit sett sengetøy?
Derfor har eg berre eit sengetøy
Zero Waste er ein livsstil som er rettleiande, og ikkje ein fasit, slik mange trur. Mange av tiltaka som ein assosiera med minimalisme blir også omfamna av personar som lev ein Zero Waste-livsstil. Personleg betyr det av at eg og sambuaren min berre har eit laken til dyna, madrass og putene i senga. Når vi vaskar det, gjer vi det etter vi står opp, slik at det får tid til å bli tørt til vi legg oss att. Det å berre ha eit sengetøy sparar oss for verdifull skapplass, og sidan vi berre kjøper nytt laken når det gamle blir øydelagt, tenker eg ikkje lenger over at eg treng nye laken før det faktisk må skiftast ut. Det er utruleg befriande.

Reduser slitasjen på sengetøyet
På same måte som med ein minimalistisk garderobe, blir slitasjen på laken og dynetrekk mykje større, fordi det blir brukt i mykje større grad enn om du har fleire dynetrekk å veksle mellom. Dersom du vaskar lakenet ofte eller brukar tørketrommel, vil lakenet ha kortare levetid enn om du kan lufte lakenet og på den måten redusere behov for vask eller lufttørke lakenet etter vask.
I følgje forbruksforskar Ingun G. Klepp er det ingen fasit på kor ofte ein bør bytte sengetøy. Kor ofte det bør vaskast er avhengig av kor fort det blir skittent, om det blir lufta og om senga blir redd opp, seier Klepp i eit intervju til TV 2.
Kva bruke sengetøyet til når det har blitt slitt og øydelagt?
Det er mange ting du kan bruke lakenet til, men før du lagar noko, tenk på kva du treng og kva kvalitet det er att på tekstilen du skal bruke. Dersom sengetøyet er slitt jamt over vil det mest truleg rakne dersom du bestemme deg for å lage ei tøyveske eller ein pysjamasbukse. Dersom du berre har hol etter å ha dradd dyna over deg på same måte over fleire år er saka sjølvsagt noko anna. Det kan og vere lurt å tenke over om det du vurdera å lage er noko du faktisk kjem til å bruke, eller om du berre flyttar problemet frå ein stad til ein anna.

Lag kjøkkenhandkle og tøyserviettar
Å lage tøyserviettar og kjøkkenhandkle er enkelt og gjev deg ei samling som matchar. Dei aller fleste sengetøy er i bomull eller lin, men dersom du har sengetøy i polyester bør du styre unna dette. Polyester har dårleg oppsugingsevne, i likskap med nokre bomullsstoff. Lin har den beste oppsugingsevna av desse tre.
Det er fleire måtar å lage kjøkkenhandkle av det gamle sengetøyet.
- Dersom du likar ein litt røff stil eller ein naturleg stil med frynsete linkant, kan du finne fram eit kjøkkenhandkle og ta mål slik at du veit ca. kor stort du ynskjer det nye kjøkkenhandkleet. Klipp eit lite hakk i kanten og riv til ynskja lengde. Det same kan du gjere med tøyserviettane. Desse kan med fordel vere litt større enn dei serviettane du har dersom du har sengetøy i lin. Dette fordi lin gjerne blir litt skrukkete.
- Skal du sy inn kanten på kjøkkenhandklea og serviettane, må du først sjå at stoffet ikkje er so slitt at det vil vere vanskeleg å få ein fin saum. Då er det best å rive det i riktig størrelse og la kanten vere slik. Ser du at stoffet er i ok stand, legg til 2 cm på kvar kant slik at du får lagt ein fin kant. Bruk nåler for å legge det, og stryk det gjerne før du syr det.
Alternativt kan du gjere det slik: https://www.youtube.com/watch?v=sW4k3is4KbI *hugs å sjekke oppsugingsevna først. Dersom det ikkje er god oppsugingsevne passa det betre til noko anna.
Lag tøyposar for lausvektsvarer
Tynnslitte laken som framleis ser fine ut er fine som tøyposar. Klipp vekk tøy som ikkje er i god nok stand til å bruke og doner dette til tekstilmottak som Fretex (les meir om det her). Oppskrift på tøyposar finn du her.

Dette sengetøyet brukar vi
Vi har brukt den same type sengetøy i fleire år og er vi er godt nøgd. Det er for sal i nærområdet og av lin, som er meir miljøvennleg i produksjon enn bomull. Sengetøyet blir seld i tøypose, som er fin til å fryse bakverk i eller til å bruke til å systematisere kle på reise, ha strikketøyet i eller kva du måtte ha behov for.
Toppfoto: David Mao
Om Grønare kvardag
Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.
Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.
