Zero Waste-mobil

Vi skiftar i snitt telefon kvart andre år, og held vi fram dette tempoet vil vi i løp av ei livstid  hatt minst 29 telefonar. Berre i 2018 vart det på verdsbasis seld over 1,5 milliardar smarttelefonar, men kva skjer med dei gamle mobilane, og korleis velje mobil når ein verdset verdiane bak Zero Waste? Med auke merksemd rundt berekraft, får eg jamleg spørsmål om korleis ein kan velje ein berekraftig mobiltelefon. Sjå Grønare kvardag sine tips for korleis ein kan velje ein telefon i tråd med dine verdiar.

Kva er problemet?

Avfall beståande av gamle mobilar, PC-ar og anna elektronisk utsyr er i følgje ein artikkel frå The Telegraph (2017), verdas raskast veksande avfallsproblem, og dessverre blir lite av dette avfallet resirkulert. I tillegg til dette inneheld våre gamle telefonar edelt metall som gull, sølv og grunnstoff som kobolt. Dette er svært krevjande å utvinne og ikkje ein fornybar resurs. I følgje same artikkel frå The Telegraph var det i 2017 fleire mobilabonnement og øyretelefonar (7.7 milliardar) globalt enn det var menneskjer, som då låg på 7,4 milliardar (i dag er vi på 7,7).  Det har vore fleire mediesaker og dokumentarar der ein viser til farlege arbeidsforhold for dei som jobbar med å utvinne desse resursane, og bruk av barnearbeid, som klippet her frå Sky News.

 

Korleis forbetre mobilen du har frå før?

Det mest miljøvennlege er stort sett det du har frå før. Tenk over kva som gjer at du ynskjer ein ny mobil. Er mobilen din begynt å bli treig? Då kan det vere på tide med ein reformatering. Ta sikkerheitskopiering av alle filene dine og gå inn på innstillingane på mobilen. Der finn du informasjon om korleis du kan reformatere telefonen. Då tilbakestille du den til fabrikkinnstillingane og for gjort ein ordentleg opprydjing i unødvendig data som fyller opp telefonen og gjer den treig og kranglevoren. Sjå veiledning om du treng ytterlegare hjelp. Om du skulle finne på å selje telefonen eller levere den inn til resirkulering, er dette noko du også må gjere.

Reperasjon av mobil

Oppsøk utsalsstaden der mobilen blei kjøpt ny, enten dette er på nett eller over disk, og høyr om skaden kan reparerast der. Det finnast også informasjon på nettet om korleis ein kan gjere det sjølv, blant anna på Ifix der du kan søke opp din modell. Merk at dersom du, eller noko du kjenner begynner å skru på mobilen vil det vere svært vanskeleg å få noko att på reklamasjon dersom det framleis er under 5 år. Det er også på eige ansvar. Eg vil oppfordre deg til å oppsøke fagkyndige, men dersom du ynskjer å prøve deg sjølv er det mykje god informasjon på ifix og tilsvarande nettstader.

Ingen håp for den gamle mobilen? Vel ein mobil som passar dine behov.

Først tenk over kva behov du har når du skal bestemme deg for ein ny telefon. Det er lett å la seg blende av det siste nye, men det er ikkje nødvendigvis det som gjer ein telefon super for deg. For eksempel er eg veldig glad i høyre på musikk, og har gode øyretelefonar. Då eg i 2017 fann ein brukt LG G5, som også var ein modultelefon der eg kunne bygge på med ein forsterkar, var valet enkelt. I fjor då telefonen var over 5 veker til reperasjon, og seljaren byrja å spørje meg om eg ikkje skulle finne meg ein ny telefon, vart eg utruleg letta etter å ha gjort litt research etter ein mogeleg arvtakar – det var ingen ting som passa mine behov betre enn det eg hadde frå før.

aaron-burden-xG8IQMqMITM-unsplash
Foto: Aaron Burden

Slik går du fram

Finn ut kva som er dei viktigaste punkta for deg, og skriv det gjerne ned på PC-en, mobilen eller dra fram fyllepennen. Ranger dei ulike punkta. For eksempel kan eit godt kamera vere viktig på ein 8 av 10, medan god lyd kan vere ein 5 av 10 – som vil vere «nice to have» og ikkje ein «must have». Det er litt som å lage seg ei handleliste når du skal handle mat, og kjølnar deg i «heite situasjonar» der ein lett blir revet med og fort kan ende opp med ein mobil «som passar alle», og som gjerne er dobbelt so dyr som det du hadde budsjettert for.

Slik kjøper du telefon brukt

Det kjem stadig nye tenester og løysingar som gjer det lettare for oss som kundar å velje i tråd med våre verdiar. Selskap som Grønnmobil.no og Greenphone.no er slike bedrifter. Dei vidaresel brukte telefonar. Greenphone sel mobilar rangert frå A-C avhengig av slitasje og tilbyr opp til to års garanti for mobilane. Merk at garanti og reklamasjonsrett ikkje er det same, og at ein har fem års reklamasjonsrett for alle mobilar. Sidan dette er vidaresal er eg usikker på korleis dette blir, men har sendt førespurnad om dette for å få meir informasjon. Grønnmobil.no tilbyr pant for din gamle telefon. Dei er i følgje seg sjølv «Norges leiande og mest erfarne aktør innan gjenvinning av mobiltelefon og nettbrett». Du kan lese meir deira pantesystem her.

Slik kjøper du brukt frå privatpersonar

Det er lett å kjøpe mobil brukt, men mange slurvar med å be om kvitteringa seljaren fekk då vara vart kjøpt. Utan kvitteringa er det vanskeleg å få att på reklamasjon dersom noko skulle skje. Lure du på å kjøpe ein telefon der seljaren ikkje har kvittering, då vil eg anbefale deg å velje ein anna telefon. Møt helst kjøparen i person, slik at du kan sjå på varen før du betalar. På den måten veit du at alt er som det skal. Få gjerne kjøpar til å skrive ei kvittering til deg, slik at du kan vise til at du er den rettmessige eigar ved rapportering av skade eller liknande. Du kan finne brukte telefonar på for eksempel kjøp og sal-grupper på Facebook eller på Finn.no. Dersom du ikkje finn telefonen du ser etter, kan du sette opp varling på for eksempel Finn.no. Då får du melding når telefonen kjem for sal. Når du kjøper brukt slepp du også unødvendig emballasje.

kay-kesmanRToPU-unsplash.jpg
Du vil mest truleg bli overraska over utvalet telefonar du finn på bruktmarknaden. Foto: Kay

Miljøvennlege deksel

Dersom du ser etter ei løysing som kan beskytte mobilen din for slag og skraper, kan Pelacase tilby deksel som du kan sende tilbake den gongen du ikkje lenger treng det, slik at dei kan bruke dei på ny i nyte produkt. Desse deksla er laga av avfall frå linfrø, og sjølv om produktet per dags dato også består av 55% råvarer frå ikkje-fornybare kjelder, er målet at heile dekselet skal kunne bli laga av fornybare kjelder og kunne gå tilbake til jorda eller tilbake til produksjonssirkelen. Alternative deksel kan vere deksel laga av kork ( Nb deler består av plast) eller bambus, dersom du ynskjer noko som i stor grad består av reine naturmaterial. Dessverre desse deksla i liten grad tilgjengeleg for «eldre» telefonar. For eldre telefonar er eit godt alternativ å kjøpe brukt deksel – då brukar ein noko som allereie er i produksjonssirkelen og gjev det eit ekstra liv.

Oppsummering:

  1. Ta vare på mobilen du allereie har slik at den vare so lenge som mogeleg (formater og reparer).
  2. Når du ikkje lenger brukar telefonen – lever den inn til aktørar som GrønnMobil.no, slik at dei kan få den tilbake til loopen.
  3. Når du skal kjøpe ny telefon – lag ei handleliste over kva eigenskapar mobilen bør ha FØR du bestemmer deg for kva mobil du skal kjøpe. På same måte som å unngå å gå på butikken svolten, utan handleliste, held dette forarbeidet deg fokusert på kva du treng og ikkje på kva som er den siste hypen.
  4. Finn ein mobil som passar dine behov og søk den opp gjennom privat eller organisert mobilbruktmarknad – hugs å få med den originale kvitteringa for kjøp dersom mobilen er under fem år.
  5. Vel deksel som kan gå tilbake til produksjonssirkelen eller tilbake til jorda, som eksempelvis PelaCase som du kan sende tilbake til butikken når den ikkje lenger kan brukast. Då blir den til ny råvare i nye produkt.

Passa ingen av forslaga over?

Dersom ingen av forslaga over passa deg og du kjøper ein ny telefon, vel ein du kan ha so lenge som råd og invester i eit godt deksel og skjermbeskyttar. Det kan av og til følast som eit nederlag når ein ikkje finn det ein leitar etter, men hugs at du gjer andre ting i kvardagen som er i tråd med verdiane dine.

Forslag til vidare lesing

Framtiden i Våre Hender har ei fin sak om retningslinjer på etikk og miljø hos Apple, Samsung og Fairphone. Saka er riktig nok frå 2015 og fleire av rangeringane kan vere endra. Likevel kan artikkelen gje deg litt grunnlag for vidare research om du ynskjer å gå lengre i djupna. Del gjerne om du finn noko spennande!

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Astrid, Ida, Kristin, Kristoffer, Mari, Martin, Rakel, Siri K., Siri L., Synnøve og Therese. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer de hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

Toppfoto: Robin Worrall

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.