Kategoriarkiv: Dyr

ZERO WASTE-HUND: EIN GRØNARE GUIDE

Plastfrie tiltak og Zero Waste-vennlege livsstilsval florerer når det kjem til råd relatert til innkjøp av mat og kle, men korleis gjere tiltak for å også ha ein Zero Waste-tilnærming til hundeholdet?

Det er faktisk fleire ting du kan gjere, basert på ting du allereie har heime. Kva karbonfotavtrykk din hund har er avhengig av deg som eigar. I følgje boka «Greening your Pet Care» av Darcy Matheson (2016), har ein mellomstor hund eit dobbelt so stort karbonavtrykk som ein gassbil som køyre 10,000 km i året.

I hundeverda er det ein del parallellar til småbarnsverda, der forbruksting som våtserviettar og porsjonsmat er normalen for mange. Det er lett å tenke at dette er den beste løysinga, men det er fleire tiltak ein kan gjere for å redusere eller kutte plast og søppel i forbindelse med hundehold. Denne teksten vil gje deg nokre tankar og idear om kva slike tiltak kan vere for din hund.

Zero Waste-hundehald – er det noko for meg?

Ikkje bli skremt av Zero Waste-begrepet og tenk at du faktisk må ha null søppel for å ta tak i dette. Zero Waste er eit tankesett, og små og store tiltak for å redusere avfall og svinn hjelper. Velg dei tiltaka som passar deg og din hund, og velg deg ut 1 – 3 tiltak som du legg til vanene dine over tid. Tenk progresjon heller enn perfeksjon! Er det noko du ikkje finn gode Zero Waste-vennlege løysingar på, fokuser då heller på det du kan gjere og som er gjennomførbart for deg og din hund.

Foto: Wade Austin Ellis

Kjøp brukt eller spør ein ven!

Det ligg per no over 8000 annonser med brukt hundeutstyr på finn.no. Sjå gjerne gjennom bruktmarkedet først, før du kjøper nytt. Det gjer du enkelt ved å for eksempel søke etter merket du leitar etter eller det spesifikke produktet. Det gis også mykje hundeutstyr vekk gratis dersom det ikkje er så viktig at det er fint. I tillegg til å vere meir miljøvennleg, er det også meir økonomisk ettersom det ikkje er uvanleg med halv pris eller mindre for ubrukt eller pent brukt hundeutstyr. Vi har sjølv fått mykje fint på finn til ein god penge. Her finn du alt frå transportbur, selar, dekken og skåler. Er det eit spesielt merke eller produkt du ser etter? Lag ei annonse der du etterspør dette eller lagre søk, slik at du får beskjed når nokon legg ut annonse om nettopp det du ser etter.

Spør ein ven!

Det er også godt mogeleg at du har ein eller fleire vener som har eller har hatt hund. Spør om dei har noko hundeutstyr som du treng. Eg har sjølv fått fleire fine ting til min hund på denne måten, og venane mine blir kvitt ting dei ikkje brukar og frigjer dermed plass. Vinn-vinn! Har du noko hundeutstyr du ikkje brukar? Reverser prosessen – legg det ut på finn eller tilsvarande portal eller gje det til ein venn <3.

Kva skal hunden ete?

Då eg først begynte å gjere research for å finne ut korleis eg kunne ha hund på ein måte som var i tråd med mine verdiar, hadde eg tenkt å lage hunden sin mat sjølv. Det er absolutt mogeleg, og den beste måten å ha eit Zero Waste-hundehald på. Det er også svært tidkrevjande, for ikkje å snakke om å finne ut kva denne maten skal bestå av.

Karnivore eller omnivore?

Det er ei heit potet å diskutere foret til hunden, om den bør ete rått kjøtt, insektsprotein eller om den kan leve godt på restematen din eller plantebasert tørrfor. Personleg enda eg opp med å bli svært forsiktig med foret. Vi kjøpe difor for som vår veterinær anbefalte. Det er ikkje emballasjefritt men det kjem i ein plastpose utan aluminium, som kan resirkulerast. Vi kjøper so stor pose som mogeleg. Posen reingjer vi og brukar som emballasje når vi f.eks. skal sende noko. I Zero Waste-miljøet er det fleire som forar hundane sine matrestar, men les deg opp på kva mat dette kan vere og rådfør deg med veterinær.

Foto: James Lacy

Zero Waste-vennleg hundesnop

I motsetning til hovudforet, som er delte meiningar om, er det atskillig lettare å finne hundesnop som er i tråd med dine avfallsreduserande visjonar og kva ynskjer du har til innhaldet til maten. Dei aller fleste dyrebutikkar som sel hundemat har lausvekt. Dette er alt frå diverse tørka animalske produkt, vegetabilske produkt til kakeliknande snop.

Du kan også lage snop av mat du har heime. Sjå kva matvarer dette gjeld.

Ikkje kjøp råhud

Ein ting du bør styre unna er råhud, ofte referert til som raw hide. Selgarar av produktet framstille ofte dette som eit biprodukt frå slaktebransjen, og frå eit Zero Waste-perspektiv gjer det jo absolutt meining å dra nytte av eit avfallsprodukt på ein slik måte. Men råhud er ikkje eit avfallsprodukt frå slakteribransjen, men frå lærindustrien. Det er lite læreproduksjon i Norge, og mykje av råhuda blir produsert i Kina. Det kan gå lang tid frå dyret blir slakta til læret blir garva, og det blir også brukt sterke kjemikaliar for starte prosessen med å garve lær.

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å anbefale eit alternativ som eg sjølv har kjøpt mykje av, som heiter No hide, som selgast i lausvekt. Dette blir framstilt som eit produkt basert på ris, som er lett fordøyeleg og ikkje inneheldt mykje fett (viktig for kvalp). I forbindelse med research til denne teksten kom eg over ei sak som stiller spørsmål til om selskapet bak No hide verkeleg er «no hide» also ingen råhud. Det pågår no eit klassesøksmål mot bedrifta der det blir hevda at selskapet forleda forbrukarane til å tru at dei kjøper eit produkt fri frå råhud, utan at dette er tilfelle. Eksempelvis har selskapet importert 907 tonn råhud frå Kina i løp av eit år. Det er jo litt rart når selskapet hevda at dei sel produkt fri for råhud. Du kan lese meir om det her.

Dersom du tillet hunden din mjøl/ prosessert mat, er fiskekaker med kveite frå Søstrene Hagelin (Bergen) ein suksess når du treng litt ekstra fokus. Dei kan frysast og tinar raskt.

Foto: Oscar Sutton

Emballasje til handling av hundemat

Når du handlar hundefor emballasjefritt gjer du det på same måte som når du handlar til deg sjølv. Det kan vere lurt å ha eigne lausvektsposar til hundesnopet. Du kan enkelt lage dine eigne sjølv ved å følge denne oppskrifta. Du kan også bruke syltetøyglas eller boksar i metall. Desse posane i silikon er også fine, og gjer det praktisk å transportere fersk snop i lomma. Tørka hundesnop som blir kjøpt i tøypose kan også oppbevarast i tøyposen om du ynskjer det, eventuelt eit glas med lokk dersom du har kjøpt noko som luktar.

Skåler til mat og drikke

Treng du eigne hundeskåler eller kan du bruke noko du har? Dersom du kjøper ei skål i glas eller porselen som er laga til menneskjer, er sansynligheten mykje mindre for at den inneheld uønska kjemikaliar. Kanskje det er noko fint på Finn.no eller din lokale bruktbutikk? Ved å styre unna plastskåler sikrar du deg også for at skåla kan vaskast i oppvaskmaskin.

Hygiene

Stell av pels

Det du treng av hygieneartiklar til hunden er i stor grad enkelt å lage sjølv. Det gjeld alt frå mild såpe til pelsen, balsam til potesalve. Fleire Zero Waste-butikkar sel også sjampo til hund med lite eller ingen emballasje. Desse er også ofte laga lokalt (lenke til såpebar om du ikkje har noko tilbod i ditt område). Dersom du har ein hund som har krøllar eller har litt matt pels, kan du ta kokosolje og gni mellom hendene og ta over pelsen etter hunden er nyvaska. Kokosolje kan gis oralt til hund, so du treng ikkje uroe deg for at hunden skal reagere når den vaskar seg sjølv seinare. Kokosoljen vil gje fett til pelsen og gjere den blank.

Er du uroa for at hunden skal få i seg uønska kjemikaliar etter husvasken? Sjå korleis du kan få ein grønar husvask her.

Foto: J. Balla Photography

Stell av pels: Børster i naturmaterial

Hugs at det mest naturvennlige du kan bruke, stort sett er det du allereie har. Treng du ein børste, er det no fleire meir miljøvennlege alternativ tilgjengeleg både for deg som med eit raust budsjett og deg som har eit stramt budsjett. Hugs at kva pels hunden din har vil avgjere kva børste som vil fungere for deg. Du treng ikkje nødvendigvis spesifikke hundebørstar, men kan fint bruke børstar som er meint til menneskjer. I budsjettklassen finn du børstar hos Søstrene Grene, som er laga av tre og naturbust. The body shop har også noko utval, i middels prisklasse. Dei er laga av bambus og naturgummi. Vil du gå for kremen har Iris Handtverk fleire fine børstar, som er handlaga av svaksynte personar. Flotte børstar men du klare deg fint med dei andre. Dersom du har ein hund med tett, krøllete pels kan ein kam i metall vere ein langsiktig ven. Når kammen ein gong blir øydelagt og ikkje kan brukast lenger, kan du resirkulere den som metall ved din lokale renovasjonsstasjon.

Styr unna Show Dog Groomin Karde i bambus, som selgast blant anna på Musti. Eg blei sjølv so begeistra då eg såg denne børsten at eg kjøpte den utan å legge merke til at den ikkje har plast på tuppane av karden. Det var først då hunden protesterte under børsting at eg la merke til det. Det er flott at bedriftene ser etter plastfrie alternativ, men det er sjølvsagt viktig at produkta også er funksjonelle (og ikkje vonde som i dette tilfelle).

Innkjøp av utstyr

Dekkenet frå Carhartt er av bomull, med syntetisk fyll.

Det finnast eit hav av utstyr til hund, og det ein finn av sele, halsband, dekken, senger og leikar er stort sett av syntetiske material som til dømes polyester. Dersom du ynskjer å unngå syntetiske material til halsband og sele, er det beste alternativet naturfarga lær eller hamp. Det er dessverre få alternativ på det norske markedet endå, men sjå kva som er tilgjengeleg i ditt nærområde.

På grunn av klimaet her, og mykje nedbør, går mange hundeeigarar til innkjøp av regndekken for å unngå våteksem og andre plager. Det er vanskeleg å få tak i eit godt dekken utan å bruke syntetiske material. Då må det i sofall bli voksa bomull som eksempelvis Carhartt føre (google søk). Polstringa er dog syntetisk og det er krevjande å finne dekken som i sin heilheit er laga av reine material. Det er også ikkje like vanntett når det regnar mykje.

Ein god nr. 2 er dekken som er laga av resirkulert material. Hurtta har til dømes ein eco-serie der dei har fokus på nettopp dette. Eg har ikkje prøvd desse produkta sjølv men dei har fått gode tilbakemeldingar på dekken og er eit merke som generelt sett skal ha god kvalitet. Det kan vere verdt å sjekke ut ditt lokale tilbod. Eit anna alternativ kan vere regndekken av oljehyre. Dette er eit material som er eit plastprodukt, men det toler mykje og du treng ikkje impregnere det.

Finn du ikkje produkt du er fornøgd med, ta gjerne kontakt direkte med produsentane og informer om dette og kva du ynskjer i staden. Eventuelt ta kontakt med din lokale selgar. Slike spørsmål er med på å påverke framtidige produksjonsval og innkjøpsval.

Leikar

Det kjem stadig fleire leikar som i vertfall delvis består av material som kan komposterast og resirkulerast, som til dømes hamp, naturfarga lær, ull og bomull. Slike leikar finn du av og til i din lokale dyrebutikk. Hamp er mindre krevjande å dyrke fram enn bomull og har mange av dei same funksjonane. Du finn dei gjerne som tauleikar. Det er også etterkvart leikar som er laga av resirkulert tekstil av ull eller som består av syntetiske material som er laga av resirkulert plast. Eit selskap som har fokus på dette er Gaia. Dei har fokus på å bruke resirkulert material og naturmaterial. Om du ser etter leikar laga av resirkulert PET (plast) er Resploot eit godt alternativ.

Foto: Caspar Camille Rubin

Brukte bamsar frå Finn eller Fretex, er også eit alternativ. Alternativt kan du lage leikane sjølv. Hundane er ikkje so fine på estetikken, so ein sokk med ein ball i kan vere heilt topp. Om du er fingernæm kan du kanskje sy ein bamse av den gamle dongeribuksa eller lage ein draleike av ei utslitt t-skjorte?

Håpa dette har vore til inspirasjon! Det er mykje meir enn kan gjere for å redusere avfall og svinn i hundehaldet, men bruk gjerne tipsa over som ein start, og bygg vidare på dette. Har du nokre tips du vil dele? Del gjerne i kommentarfeltet under, eller på Grønare kvardag si facebookgruppe.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Tarynn M., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Alvan Nee

Dostovovskis potesalve

Vi har fått hund! Det har vore mykje planlegging for å sjå korleis vi kan ha hund i tråd med våre verdiar. Nokre ting har vore relativt enkelt å finne gode løysingar på, medan andre er litt meir krevjande. Eg kan gjerne snakke litt meir om dette dersom du finn det relevant for deg, men i dag er det potesalve som står på agendaen!

Gjennom litt prøving og feiling har eg funne fram til ei oppskrift på potesalve som eg gjerne vil anbefale deg å prøve. Den er mild på lukt, gjev god fukt og har god konsistens.

Ettersom heimelaga produkt ofte er milde, passa potesalven best til å førebygge heller enn å reparere, rett og slett fordi heimelaga produkt ofte er svært milde og treng lengre tid enn konvensjonelle produkt for å få ein effekt.

Som vanleg har eg tatt utgangspunkt i få, enkle ingrediensar som du ofte finn i skapet, spesielt dersom du har laga nokon av dei andre oppskriftene her på Grønare kvardag.

Kokosolje, mandelolje, sheasmør og bivoks er alt du treng for å lage ein god potesalve til hunden din. Foto: Kristine Ullaland

Oversikt over ingrediensane du treng og kvar du kan kjøpe dei

Mandelolje

Helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Nokre Zero Waste-butikkar kan ha dette. Eg har kjøpt min på Kinsarvik i Bergen.

Alternativt kan du bruke olivenolje eller solsikkeolje.

Kokosolje, helst uraffinert.

Du får kjøpt kokosolje på store daglegvarebutikkar, Zero Waste-butikkar, helsekostbutikkar og internasjonal matbutikk. Flott om den er uraffinert, men om du har raffinert i skapet heime kan du heilt fint bruke den.

Sheasmør

Helsekostbutikkar, nokre internasjonal matbutikk og Zero Waste-butikkar kan ha dette.

Bivoks

Bivoks får du kjøpt på helsekostbutikkar og mange Zero Waste-butikkar. Før anbefalte eg at folk kontakta sin lokale birøktar, men det er per no mangel på bivoks i birøktarbransjen. Det er difor betre å kjøpe bivoks frå din lokale butikk eller eventuelt nettbutikk.

Skål til vanndamp

Du kan bruke ei skål du har frå før av, som toler varme.

Behaldar til potesalven

Eit tett glas eller boks til å ha potesalven i. Gjerne noko med brei opning. Nokre av produkta frå bondens marked har ofte brei opning og lav kant. Bruk gjerne eit slikt glas om du har liggande. Dei er lette å ta ut kremen av. Eventuelt finn noko tilsvarande enten nytt eller brukt.

Ingrediensar

1 ss. mandelolje (du kan også bruke olivenolje eller solsikkeolje)

1 ss. kokosolje

1 ss. sheasmør

2 ss. bivoks

*Du kan gjerne doble ingrediensane dersom du har ein større hund eller har eit høgt forbruk av potesalve.

Foto: Marii Siia

Korleis gå fram?

Fyll ein kjele med vatn og legg ein bolle opp i, som toler varme. Dette kallast eit vannbad. Sett komfyren på lav varme og smelt ingrediensane saman. Rør til alt er godt blanda saman.

Hell blandinga over på behaldaren din, og sett den i kjøleskapet til den er stivna.

Sett på merkelapp og gjerne dato, slik at alle rundt hunden din veit kva som er potesalve.

Om bruk av salven

Ta ut ynskja mengde av behaldaren, gni mellom hendene dine og masser det inn i potane. Potesalven kan også brukast til tørre hender. Dersom du likar salven, kan du lage ein eigen til deg sjølv.

Merk at dette produktet inneheld kokosolje og bivoks, og potesalven vil bli ganske hard dersom du oppheld den kaldt, for eksempel med på tur til hytta. Dersom det skjer, ta ei teskjei med potekrem og varm den mellom hendene, og gni på potane.

Potesalven bør brukast innan eit til to år. Vær obs dersom den skiftar lukt eller farge. Dersom du er usikker om dette passar din hund, forhøyr deg gjerne med din dyrlege.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Nettstaden er utforma av Kristine Ullaland som til dagen jobbar i Zero Waste Norge. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane; Stian, Frieda N., Mari H., Astrid K., Siri T. L., Ida N. Rakel Y., Tarynn M., Synnøve Ø. og Kristoffer U. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å halde fram med arbeidet. Støtt Grønare kvardag på Patreon du også – meld deg på her.

Toppfoto: Kristine Ullaland