Påska er ei fin høgtid der ein gjerne samlar vener og familie til gode måltid. Kanskje dette kan vere ein god anledning til å prøve ut nokre nye Zero Waste-vaner? Plukk deg ut eit eller fleire tiltak du ynskjer å prøve, og hugs at det er viktigare med progresjon enn perfeksjon.
Kutt emballert godteri – Fyll opp med påskegodt i lausvekt
Som med høgtider elles finnast det mykje varer som er laga spesielt for høgtida. Det er gjerne ikkje anna som skilje varene frå dei tradisjonelle varene enn fargen på emballasjen dei er pakka inn i. Alle daglegvarebutikkar har stort sett eit godt utval av godteri i lausvekt, og mange har også eit utval av nøtter frå Nøttefabrikken. Større matvarebutikkar har også mandlar og dadlar i lausvekt, som du finn ved fruktavdelinga. Ved å ta med din eigen tøypose eliminera du unødvendig emballasje, og spara deg for å gå med resirkuleringa når du kjem heim. Ynskjer du å redusere emballasje i forbindelse med chips er popkorn eit godt alternativ. Dersom du ikkje skulle ha tilgang på ein Zero Waste-butikk som sel dette i lausvekt vil du redusere emballasje ved å kjøpe upopt popkorn frå din lokale daglegvarebutikk (ikkje mikropopp, det blir noko anna).

Påskeegg
Det mest miljøvennlege påskeegget det du allereie har. Dersom du ser etter eit nytt, og ikkje er klar til å gje slepp på tradisjonen kan du finne fine påskeegg brukt eller sjå etter påskeegg i papir, tre eller metall. Alternativt kan du fylle innhaldet i ei skål og binde eit sjal rundt.
Gåver i påskeegget
For nokre er det vanleg å gje gåver i påskeegget eller godteskåla. Eit alternativ til ei fysisk gåve kan vere eit gåvekort på ei oppleving eller ei teneste. Kanskje eit gåvekort på kino, eit museumsbesøk eller liknande kan vere ein ide?
Reduser emballasje – kjøp heller noko godt frå ditt lokale konditori og bakeri
Konditori passar fint å besøke før påske for å kjøpe med noko ekstra godt til dessert eller til kaffien. Ta med ein behaldar som passa til det du har tenkt å kjøpe. Dersom det er vått eller klissete må du bruke eit glas eller liknande. Dersom det er tørt kan ein pose eller eit bivokspapir vere nok. For brød og bakverk er tøyspose supert.

Påskepynt
For nokre er det viktig å pynte til høgtid, medan for andre er det nok at det er reint og ryddig. Dersom du planlegge å kjøpe ny påskepynt vil eg oppfordre deg til å ta ein dags tenkepause før du kjøper den aktuelle pynten. Vi handlar ofte på impuls, og då ender vi opp med ting vi ikkje treng. Ofte er vi også prega av forbigåande trendar, som gjer at vi igjen ynskjer noko nytt året etter. Dersom du svært gjerne ynskjer å kjøpe noko nytt, kan det vere nyttig å stille seg spørsmålet; Kvar kjem denne tingen frå, kva er den laga av, kva vil den vere for meg og kvar vil den ende når eg ikkje lenger treng den. Du kan også pynte med greiner eller blomstre utanfrå, dersom du svært gjerne ynskjer å ha påskepynt.
Kjøp egg i lausvekt
Bondens marknad, Zero Waste-butikkar og gardsutsal sel stort sett egg i lausvekt. Ta med deg ei korg eller emballasjen du sist kjøpte egg i, og fyll på. Dersom du kjenner nokon som har høner eller har ein bonde i nærleiken som du veit har høner, kan du ta kontakt med dei direkte. Egg har svært lang haldbarheitstid, og held seg også på disken.
Påskepynt? Gjer det sjølv
Det er relativt enkelt å farge eggeskal med matrestar frå for eksempel rødkål eller løk. Du kan også bruke krydder som gurkemeie til å sette gulfarge på egga. Kanskje du har fleire ting i kjøkkenskapet som kan brukast til farging, som kaffi eller te? Dette kan vere ei kjekk aktivitet å gjere med vener eller familie i påska.
Det er lett å gløyme det viktige når ein skal samle familie og vener i ferie og høgtid. Det viktigaste er ikkje kva ting ein har eller om ein har «det siste» men at ein har det fint saman. Eg ynskjer deg ei riktig fin påske og håpa du blei inspirert til å gjere eit eller fleire tiltak.
God påske!
Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.
Toppfoto: Victor Larracuente