Søppelfri

I den Emmy-nominerte Futurama-episoden «A Big Piece of Garbage», som tek stad i år 3000, oppdaga dei plutseleg noko med uvanleg sterk lukt som kjem som ein komet rett mot jorda. Lukta er motbydeleg og oppdagarane har vanskeleg for å førestille seg kva dette kan vere for noko. Kometen viser seg å vere ein gigantisk, stinkande og slimete søppelball. Det har seg nemleg slik at søppelproblematikken berre eskalerte frå år 2000, utan at noko tok skikkeleg tak i problemet. Det førte til at Bystyret i New York i 2052 følte seg pressa til å skyte avfallsballen ut i verdsrommet, i mangel på betre løysingar.

The Planet Express, Fry og Leela, som er hovudpersonane i serien, blir sendt ut for å plante ei bombe på ballen for å få den til å endre kurs. Det hadde jo vore svært utriveleg om denne søppelballen kolliderte med jorda. Når dei landar ser Fry, som kjem frå fortida, nemleg år 2000, at søppelballen er fylt med  tinga frå vårt århundre. Det gjer han nostalgisk og han ynskjer å ta med seg ting heim.

Leela, som er frå 3000-talet forstår ikkje korleis dette søppelberget har blitt til i det heile, og Fry som kjem frå 2000-talet prøvar å forklare at det var ting dei ikkje lengre trengte og at dei derfor kasta det. «Men kva meina du med å kaste?» seier Leela. «Kva betyr det?» (fritt referert frå hukommelsen). Omgrepet boss og avfall er ikkje lenger ein del av vokabularet i år 3000 og Leela har ikkje referanserammer til å forstå avfall, fordi det finst ikkje avfall i år 3000.

I år 3000 går alt i sirkel, og til og med roboten Bender kan referere til at han er bygd av resirkulert metall. Å reflektere over levemåte, avfallsgenerering og resurshandtering er ofte lettare når ein sonar ut og ser ting utanfrå. Historia om den store søppelballen reflektera over avfallsproblematikken vi har i vårt moderne samfunn, og viser også kva løysingar det er – nemleg Zero Waste og sirkulær-økonomi. Alt går tilbake til jorda eller tilbake til produksjonssirkelen, som til dømes med roboten Bender, som er bygd av resirkulert metall.

Plastkvalen og strandrydding

Då det stranda ein kval på Sotra, med magen full av plast, fekk vi ei påminning at forureining og forsøpling ikkje kjenner landegrenser, og det angår oss alle. Det blei gjort fleire forsøk på å få den stranda kvalen ut på havet, men kvalen sto ikkje til å redde, av grunnar som var openbart når kvalen vart avliva. Gåsenebbkvalen som fekk namnet Plastkvalen, hadde ikkje mindre enn 40 plastposar, plastsekkar og plastflak i magen. Den svelt i hel, med full mage, rett i vår eiga bakgard. Det skapte engasjement.

Bilde av alle plastposane og plastbitane som var dandert utover. Det gjorde noko med oss. Vi satt ikkje berre heime på sofaen og tenkte at dette var leit. Vi gjekk ut for å ordne opp. Ein fjerdedel av oss gjekk ut for å plukke plast. Vi reduserte også bruk av plastposar, noko som vart merkbart hos dei store kjedene som Coop og Rema 1000. Også i utlandet vekte plastkvalen merksemd. Over 50 land dekka saka. Det var fantastisk å sjå alt engasjementet plastkvalen medførte, og den entusiasmen folk følte når dei bidrog til å fjerne plast frå strender, vegar, stiar, i skogar og byar.

Foto: Sylwia Bartyzel

Det kjenst godt å bidra med noko so konkret som å plukke avfall, men det er og viktig at vi jobbar for å endre at avfallet hamnar i naturen i utgangspunktet. Kvart minutt blir ein lastebil med plast tømd i havet.

Historisk sett har vi tre måtar å hanskast med avfallet vårt på; deponi, brenning av avfall eller sende det til havs. Ingen av desse er eigentleg noko løysing på problemet. Zero Waste tilbyr ei løysing.

Plastrydding er ikkje tilstrekkeleg – vi må tenke nytt

I dag har vi alt generasjonane føre oss berre drøymde om, unntatt berekraft. Uavhengig av korleis vi ser føre oss framtida, er det ein ting som er sikkert. Vi kan ikkje fortsette generere avfall slik vi gjer i dag. Vi lev på jorda som om vi har ein anna plass å reise etterpå. Kvar gong vi kastar, er vi ein del av forbrukssirkelen som ikkje er berekraftig. Slik treng det ikkje å vere. Som innbyggar kan ein stille krav til staden ein bur og politikarane som styrer, og som forbrukar kan ein ta bevisste forbruksval for å motvirke dette, og stille krav til produsentane.

Vi må ikkje la oss fange av dagens diskurs og ordskifte som hevda at endring er umogeleg. Berre sjå på engasjementet Greta Thunberg har skapt på kort tid. Samfunnet vi lev i er skapt av oss, og då kan det også endrast av oss. Zero Waste utfordra til refleksjon rundt forbruk og levesett og stimulera til nye løysingar. Mange stiller spørsmål til kor vidt små endringar, som å kutte plastposen eller drikke vatn frå springen i staden for å kjøpe flaske, faktisk gjer noko forskjell. Då er det viktig å minne kvarandre på at det er dei små tinga som gjer kvardagen vår.

Dei små tinga betyr noko

Det er dei små tinga vi gjer som føre til at vi årleg kastar 417 kilo per person. Du skal ikkje kimse av effekten dine tiltak har.  Berre det å bidra til bevisstgjering er verdifullt. Forskning viser også at vi ofte gjer som naboen, so små tiltak som å bruke handlenett i tøy kan gjere at dine tiltak får ringverknadar.

Foto: Matt Lamers

Kva bygder og byar vil morgondagen bringe? Uansett kva framtida bringer er det klart at den vil bygge på sirkulær økonomi og Zero Waste. Dette fordi vi vil komme til eit tidspunkt der vi rett og slett ikkje har meir råvarer å utvinne, noko som vil tvinge oss mot sirkulær økonomi og ein Zero Waste-metode.

Det har blitt sagt at ein enkelt kan sjå kva verdiar og moral eit samfunn har etter korleis ein behandlar sine minoritetar. Det er ikkje utenkeleg at våre etterkommarar også kjem til å reflektere over vårt samfunn basert på avfallet vi etterlet oss.

Kjelde: Søppel (2012) av Thomas Hylland Erikssen.

Sjå Futurama-episoden: «A Big Piece of Garbage» her.

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

Toppfoto: Aron Visuals

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.